Ferdaminni

av Aasmund Olavsson Vinje

I Sverike og nokot um det.

Der er stor Sanning i den rørande Vermelands Visa; for Vermeland er eit fagert Land og kan ogso verda eit rikt. Der seer ut som i ein norsk Dal her paa Austlandet, og den Aa, som kjem fraa Vingerssjøen gjenom Hovuddalføret renner yver til Sverike, naar Glauma er stor, so denne vaar staute Aa kunde gjerne finna paa ein Dag at gjera Svensk af seg. Men fyrr me saago slikt, maatte me dæmma burt Millioner, for vel elska me vaare svenske Brøder, men lata dei faa Glauma, gjera me ikki med det gode.

Der er soleides ingen Kjøl mellem os og Sverike paa den Kanten, naar Vatnet i Flaum flyter yvir. Dei tri Milir inn igjenom Vingerdalen til den svenske Grensa, er ei frostnæm Skogbygd; men der er mange gode og fagre Gardar inn imillom; og daa Ein kjem inn yvir Grensa, er Landet likeins langt inn etter, alt til Ein kjem langt inn i Eda Sokn og ned mot Arvika, der Landet vidkar sig ut og verdt meir og meir storslegit og fagert liksom vaart Uppland. Og paa Folket og Husstellet er der liten annan Skilnad, enn at Maalet der er nokot meir gamalnorsk enn her; og so er der no mindre og armare paa dei fleste Gardarne enn i vaare betre Bygdar. Det er paa Lag som Vestanfjølls, endaa eg totte, at der var reinslegare i dei smaa svenske Ar18modshus enn i slike Bygdar her. Og so er der store «Brukspatroner» med sine Bruk imillom, so der er mykit meir Kunskap i eit slikt svensk Prestegjeld enn i eit af vaare vestanfjøllske elder upp i Fjølldalar. Det kann vel henda, at den svenske Aalmugamann er mindre boklærd enn vaar, for Skulevæsenet stender paa sama Fot der som her hundrad Aar siden, det vil segja, der er snart ingen annan Skulemeistare i Prestegjeldet enn Klokkaren. Men so var der so der paa den Kanten i Sverike, at kver «hemman» (umpas som vaare sokallade fulle Gardar) maatte sjølv syrgja for, at dei Unge lærde sin Kristendomskunskab, og Presten skulde derfor kvert Aar koma til eit slikt «hemman» og halla Husforhør, som det verdt kallat. Og daa dei fleste «hemman» kunna vera bytte ut i aatte nie Lutir med alle sine Torp (Smaaplassar, Husver), so var det berre liksom i kver Bygd, Presten kom; og so verdt vel fleire «hemman» slegne ihop til eit Husforhør. Det er ein gamal god Skikk dette, og dersom kver Gard var paalagt at læra upp sine Folk, og der var ei so god Aand i Folket som paa sume Stader f. Ex. i mi Heimbygd, so vilde Aalmugen læra meir enn med vaart Skulevæsen. Eg kjenner sume Folk der heime, som aldri hava gjengit i Skule, og dei ero dei beste; og eg gjekk heller ikki meir enn tri fire Vikur um Aaret i Skule, fyrr eg gjekk og las for Presten. Det er Hugen heime og Huslesnaden, som maa læra upp det store Folk. Af Aalmugaskulen kann der aldri verda stort. Det er derfor taapelegt at døma um den svenske Folkeupplysning etter deira daarlege Aalmugaskular.

Dei Svenske synest ellers at taka Lesnaden som eit 19Band og Trugsmaal paa Smaaborni, for der verdt oftast gjort eit Barnebal, naar Skulen er sluttat, for liksom med det at gjeva Ungdomen Skadegjeld nett liksom Saarbøter til den Saarade etter eit Slagsmaal. Det er ein gamal Tanke dette, og her paa Landet tykkjest ogso dei fleste Born, at Skulen er ei Plage, for naar Skulen er sluttat, so dansa dei paa Heimvegen, og allramest gjera dei dette, naar dei hava sloppit fram for Presten; men Foreldri samla ingen Dans for deim af denne Grunn, endaa det vanlege «Konformationslag» er ikki so langt ifraa slikt eit Bal etter Skulen paa det svenske «hemman.»

Men med alt fann eg paa mi korte Ferd ikki so stor Skilnad paa Aalmugens Bokkunskap der og her: og derfor trur eg heller ikki, at der kann vera stor Skilnad paa vaares og dei svenske Bønders Fridomshug og riksstellande (politiske) Sjølvstøda, for desse Ting veksa, alt ettersom Folk verda upplyste. All denne gamle Stortaling um vaare Odelsbønders Fridomshug og Sjølvstøda gjever eg ikki mange Pengar for, naar det med dette verdt annat meint enn den Fridomshug og Sjølvstøda, som Fuglen og Barnet hava; endaa kanskje me ero nokot betre enn dei Svenske, afdi me hava liksom meir fengit raadt os sjølve og ikki vorit so bøygde under eit Hardstyre; men at tala um ein riksstellande Tanke hjaa den store Armodsmengd og dei smaae Bruksmenn er etter mi Røynsla (Erfaring) berre ei Tale af halvgalne Diktarar og riksstellande Daarar, som anten ikki vita betre elder ogso vilja koma fram ved at høla (carressere) for Smaaborn. Upplysning og det stor Upplysning og Kjenskap til Livet maa til og endaa attaat dette Velstand.

20Dei Svenske læra ellers lettere at lesa enn me, afdi det er deira eiget Maal, dei læra i Boki.

Det er sama Folket me eg dei Svenske imindsto der i Vermeland, ja eg høyrde endaa same Feleslaattir og saag same Dansar der som i vaare Fjøllbygdar, berre med den Skilnaden, at den svenske Flikka skaut upp under Enden paa Guten sin med høgre Handi, for at gjeva honom Fart, daa han gjorde Slengekastet og studde seg paa Gjentas vinstre Hand. Gjenturne vaare reila og slengja berre som til Stas i Dansen med si høgre Hand og lata Guten med si eigi Magt slengja so haagd og godt, han kann. Den svenske Flikka er meir hjelpsam med Guten sin; ho puffade med Loven so etter paa honom, at det var, so det small. Men desse gamle Dansarne og Slaattirne verda meir og meir aflagde der som her, ja endaa Polskdansen verdt aflagd liksom paa vaare Flatbygdar, so det berre er Polka og Francaise og slike fine og fornemme Dansar, som brukast.

Jonsok-Kvelden er ein Haagtidskæld i Sverike. Det er den gamle Midsumarsfest til Baldur, Ljosets Gud, daa Soli stod hægft paa Himilen,Mange tyde Navnet paa Tidi fraa Vaaraanni til Slaataanni, som kallast: Haaballen (Hoballen og Hobballen), med den haage Baldurs Tid. som liver lenger i Sverike enn her, daa her hjaa os snart inkje er atter af Jonsokvaka. Verket, som eg var paa, hadde reist upp ei Jonsok-Stong ikringvundi med Blomefletningar, og so slegit upp ein Dansetramm. Der kom Folk fraa Bygdarne vidt ikring og endaa innantil fraa Noreg inn mot Riksgrensa. Der vardt dansat og drukkit heile 21Notti og langt ut paa andre Dagen, og eg maa segja det, at eg fann Folkemugen og Dansarlyden so fin eg folkeleg og hjartevarm, og so lik os i Tale og Aatferd, at eg der under den sama ljosa Midnottshimelen, med dei kjende norske Feletonar for Øyro mine og i all den godslege og læande Folkemengd ikring maatte finna det eit sannt Brodradraap, naar me og dei førde Krig. Eg kjende paa meg, at det var umogelegt, at slikt Vanvit oftare kunde koma paa desse Skyldfolk, som hava sama Tungemaal, og sama Strid mot den lange Vetren for at faa Livemaaten, og sama fagre Sumars-Land. – Dansen var tett inn med gamle uppkastade Vollar, som baaro Merki um desse gamle Strider og eg drog meg saa langt ifraa desse, som eg kunde, liksom eg kann tenkja, at Cain maatte vera rædd den Staden, der han Hadde slegit Broder sin i Hel. Eg foor der burt i Furuskogen for at faa meg kaldt Vatn og fann – Carl den Tolvtes Kjella. Der hadde han, den Villstyringen, legit og ført sine Smaagutar mot Noreg, og ikki havt Auga og Hjarta for all den Armodsdomen, han med alt dette førde paa sit trugne Folk. Og endaa elska dei Svenske denne Mannen, som med alle sine Sigrar gjorde til inkjes Sverikes stolte Magt fraa Treti-Aars-Krigen! Um Fransmannens Kjærleike til Napoleon segjer Lamartine: «Og endaa elska me honom, denne store Syndaren og Keisaren.» Dette kann likeins verda sagt um dei Svenskes Kjærleike til sin Carl den Tolvte.

Her er enno stor Villmannskap i Folks Tankar med all den Heider eg Ære for Krigens raae Magt. Det kunde aldri falla meg inn at hava Napoleons Bil22læte paa Veggen min likesolitit som Billæti af Attilla og Tamerlan. Det er hugillt at maatte minnast, at vaar Ætt var so raa og vill, at ho trengde til slike Folk; og fraa slike Tankar rømer eg liksom fraa Minnet um, at eg sjølv som Smaagut var var so vill, at eg vilde skjota alle Smaafuglar og drepa til Unyttes alt mogelegt. Det er den sama Øydeleggelseslyst hjaa Smaaguten som hjaa Folkeslag i Barndomen sin, og denne sama Hugen finna me i all Lyst til Jagt, som gjenger vidare enn til Livsens Upphald og Tyning af skadelege Dyr. Denne Jagt for Gaman er ein raa Leik, og at denne Leik er «gentlemann-lik» vil liksom Vyrdnaden for sokallade Heltar vera eit Merke paa vaar Tids Raaskap med all Tala um vaar Tids Upplysing og Mannavyrda (Humanitas). Det vil vera, som naar me finna ein Knok i Jordi af eit uttdøyt Dyreslag. Me segja: «Det maatte vera ei fæl Tid, daa slike Dyr livde.» Men Folk, som livde saman med Mammuth-Dyret, sagde vel liksom me no: «her er nokso godt.»

Lesaren vil af dette kunna sjaa, at eg ikki sat med nokon rørande Vyrnad inn med Carl den Tolvtes Kjella likesolitit som inn med alle dei Vollar, som der er alt ifraa Lider ved Kongsvinger og aust igjenom til Eda Skanse og lenger til. Sjølve Plassen etter det for os gagnlege Slag ved Matrand kjøyrde eg fort framikring, og daa Skytskarlen sagde:«Der og der stodo dei Svenske og der og der dei Norske, og der liggja Mange nedgravne,» sjølv daa kjende eg berre Uhugnad og Leidt og slog paa Hesten for at koma ifraa denne Slagtarstaden. Dei Franske syngja um sine Vigvollar og dei 23Svenske med, og me hava ogso gjort det, etter det Vesle som er. Vaare Forfeder visste no ingen Ting so gjævt som Ulvemettaren og Ravnefødaren, som dei i sit Diktarmaal kallade Stridsmannen; ja ei Jarledotter fraa Sverike kvad endaa til vaar Egil Skallagrimson, daa desse tvo Ungfolk saato saman ved Bordet: «Du unge Mann hever vist ikki gjevit Ulvar og Ravnar mange Lik.» «Jau» meinte Egil, «eg hever vorit ein god Ulvemettare.» Det var den Tids Tale millom unge Folk, som me vilde lata tala um Kjærleike og Comedispil! Der er soleides nokot Skilnad millom no og i gamle Dagar. Men Krigen er enno gild, og Sigerherren er ein stor Mann. Vaar Tids Upplysning og Tenkemaate er som eit velskapt men rangøygt (skeløiet) Andlit: Franskmannen teker no Krigen som eit reint Handverk, og Diktaren Beranger kveder mest liksom vaare gamle Skaldar. Det skulde vera Gaman at kunna skriva Fransk og rett driva Spott med denne «gloire» (Ære). Tegnér, den Tullen, hever ogso skrivit varmt um «Kung Carl den unga hjelte», og dei Svenske syngja denne Song med Taarir i Augom. Men eg gjekk ut, daa dei sungo denne Song, for eg trudde at vera bland vaare gamle Forfeder og det endaa upp hjaa gamle Odin i Valhalla, og det var den siste Staden, eg vilde vera paa.

Lesaren maa med alt dette ikki tru, at eg vilde sjaa os tekne korkje af Ryssen elder sjølve Svensken, langtifraa; eg vilde møta eit slikt Innfall, liksom eg møter Eld elder Vatn elder kvat det maatte vera, som vilde øydeleggja os. Det kan vel henda, at eg ikki vilde vera med sjølv men senda yngre og sterkare Folk, som ogso 24kunde vera mindre dyr Kanonføde; men eg vilde skriva Slagvisur for deim og skjenka i ein Dram liksom til Brannfolk, for so lengi me hava ville elder halvville Folk ikring os, so maa me møta deim liksom Bjørnen og andre Udyr med alt dette Verje, som finnast kann, for det er no berre Villmenn, som brjota inn i Andres Land liksom Gaupa og Graabeinen; og eg ser derfor ein Vigvoll millom tvo slike Folk mest med sama Tankar, som eg seer Slagsmaals Pladsen millom Hunden vaar og Ulven, som kom heim i Garden.

Daa eg etter Dansen og ellers sidan kom inn til «Bruks-Patronen» her ved dette Bruket og ellers hjaa andre folkelege Svenske, so fann eg Broderskapen endaa betre. Der var eit fint og godt Madstell – i mange Stykki betre enn her i Noreg. Den aalkjende «Smørgås» er tykt Smør paa ein liten Mole Knekkebraud fyre Maaltidet med ein Sup attaat. Og dette er ei god Innleiding til eit godt Maaltid. Det er sagt, at dei Svenske supa meir enn me; men det kann eg aldri tru, endaa det maa hava gjort sit, at slike Flogvit (Geni) som Bellman og Vadman hava diktat sine beste Songir til Vinens Pris; men me hava ogso havt vaare Visur um «Gud Evan» af Zetlitz o. fl. Det var den snart hundrad Aar gamle Drikkevise-Poesien, som foor som ei Farsott rund ikring Europa i den Tid. Kver Djevel styrer sin Maanad er det sagt, og det gjelder ogso i Dikting.

I Vetr, daa all denne Daarestriden var millom os og dei Svenske, skulde der ogso vera ein Kappstrid millom ein Norsk og ein Svensk, og daa endeleg Svensken sagde: «Ja men me Svenske er ta meg tusand, 25betre til at supa», daa svarade Norsken: «Nei F. g. meg um De er!»

«Naar ein rett svensk Rumlare,» sagde eg i eit godt svensk Lag, «vaknar um Morgonen etter ein god og rik Kveld, daa kann han liksom ikki faa Augo upp, fyrr han fær seg ein Dram, og denne heiter derfor «Uppvekkjaren»; men endaa gjenger det rundt for honom, og so maa han taka seg ein til, og denne heiter derfor «Tankesetjaren»; men endaa er han klen i Underlivet, og so lyt han taka seg ein tridje, og denne heiter derfor «Magastellaren». Daa er han komen sovidt, at han kann koma i Klædom og tvaa og pynta seg; men so lyt han taka seg den fjorde, og denne heiter «Øpnaren». Fyrst daa er han lagat til at setja seg innaat Morgonmaten og drikka dei Drammar, som til det høyra, liksom i det heile taka paa med sit Dagværk. Er det sannt dette, ærade Herrar og Svenske Menn?»

«Nei ta meg tusand!» svarade Alle med ein skakande Laatt.

«Ja der kunna de (I) sjaa» sagde eg, «kor urimelege me ero i Noreg mod dikkor Svenske; det er inkje Under, at her er Strid imillom os.»

I den Stilen tok eg det for det meste, for eg hever alltid trutt, vaar heile Strid ikki var værd at tala med kloke Folk um paa ein annan Maate, imindsto ikki naar han som eg var Gjæst og naut somykit godt. – Den andre gode Maten, som dei Svenske hava fram um os, er «Knekkebraudet», som eg rødde um var Grunnlaget til «Smørgaasi.» Dette Knekkebraud er berre mindre og mykit tykkare Leivar enn vaart Flat26braud. Det er eit Hol midt i Leiven, som det verdt trædt etter paa ein Stav og upphengt og spiknat hardt og turt, so det knasar under Tonni. Det er ikki nok med det, at det er ein frisk Mat, men det gjever Tennerne myket at gjera og slipar deim, so her vilde vera mindre Tanneverk og kvitare Tenner, dersom det vardt brukat istadenfor dette mjuke Ovnsbraud. Me sjaa berre med vaart Flatbraud, at det helder Tennerne betre. Her i Landet hever eg ikki seet stort meir af dette Knekkebraud enn hjaa ein og annan Bakare, som ikki fær selja stort af det, for Folk vita ikki kor godt og gagnlegt det er.

Ein tridje ny Rett, som paa sin Maate var likso god, fann eg ogso i Sverike, og det var eit Slags Sildesalat, som var blandat ihop af smaahakkat Sild, rørd saman med Rjome (Fløde) og Eggjeplome, og alt steikt som ei tykk Eggjekake. Daa eg ikki kann gjeva upp, kormyket der i denne Blanding skulde vera af kvert Slag til Javning, so maa kver prøva seg fram sjølv, um han skulde taka til Ettertanke denne mi Rettleiding i Matvitenskapen.

Eg vilde ikki hava vaagat paa at koma med slikt, dersom ikke ein Mann, som var ein stor Matkrok og altso ein Mann af Vigt (Autoritet) i dette Stykke, hadde sagt: «ja den Sildesalaten er værd at taka til Ettertanke.»

Dei Svenske ero reint utmerkte som Vertar og hava for det meste eit stort Framspring fyri os i selskapeleg Snuning. Dei ero liksom eit eldre Folk i denne nyare Tid og hava meir enn me vorit ute i Verdi, liksom ogso det svenske Adelskap maa hava bildat 27ut ein finare Liveskikk i sine straalande Selskap, og dette heve smittat ned etter paa dei andre Stand. Me ero liksom meir eit Bondefolk, me; men me skulle vel koma etter, so ikki det skal gjera os modlause. Det gjenger godt frametter, og alle Lag i Trondheim, som eg sidan skal tala um, gaavo, sagde kunnige Folk, dei svenske inkje etter.

«Men,» segja mange av os: «dei Svenske meina ikki stort med all sin Fagnad.»

«Kan vera det sama,» svarar eg altid: «det er ikki vaar Sak at rannsaka Hjartat, berre me sjaa eit venlegt Andlit og høyra fagre Ord, so er det nok. Det er ei lett Sak at vera grov og raa. Hunden meinar det vist vel, og er open, naar han gjøyr, men det er like leidt for det. Og kven kann segja, at dei ikki meina det vel»?

Liksom der er Blomar i Ord og Minur hjaa den svenske Værten, soleides er der ogso um Sumaren meir Blomar paa Bordet ikring Maten enn her; kvert Fat og liten Disk var innkransat med Blomar og Grønvokster i høveleg Smak etter Matens Farge, og alt stelt etter kvarandre med Flaskur og slikt nokot, so Bordet seer so fagert ut, at Mannen kunde verda mett af at sjaa paa det, naar han ikki var meir solten enn under slik Vitjing.

Dei svenske Damer, eg raakade paa, vaaro godlidande og frie paa den Maaten, som eit mentat (dannet) Menniske altid er; sume af deim hadde gjengit igjenom «Instituter» i Stokholm og soleides seet og høyrt og lært mykit, og so deira klingande fagre Tala i det greide og ljodande Maal, som liknar somyket vaart eiget 28gamle. Det var so den norske Mannen kunde graata af Kjærleike og Glede.

So gingo «Damerne» til Fortepianoet og spilade og song, og Herrarne sungo med. Det svenske Folk er, som heile Verdi veit, eit Songarfolk. Naar eg daa sat der i det hugsame Hus og høyrde bland mange andre den rørande Visa af Vadman, som Kongen ogso gjerne synger: «Jag vil ha rus, et rus hvar enda dag,» daa sat eg liksom bergtekjen og boren burt af Samljodets (Harmoniens) Bylgjur.

Det samer seg for ein fri norsk Mann at rosa Adelsmenn, naar han finner, at det er rett, for han er liksom ikki nøydd til at vera urettvis mot slike Storfolk han, soleides som tidt kan vera Tilfellet i Riki, der Adelen er heime. Og det maa eg segja, at dei Prøvur af svenske Adelsmenn vaaro gode, som eg var so heppen at sjaa i Sverike og Trondheim under Krøningi. Dei visste so godt at gjera seg til Likemenn utan liksom stolte at stiga ned, og dei hadde so god Lagnad i sin heile Selskapskikk, at det var ein sann Hugnad at vera saman med deim. Der maa vera mange staute Karlar af desse store svenske Ættirne, som baaro Riket uppe, daa me, som ingen Adel hadde, vorde eit underlagt Land. Derfor er der ogso heimelegt Maal i Sverike, medan den eine Halvdeil af vort Bokmaal er eit utskjemt Norsk og den andre Halvdeil er Dansk. Daa eg saag desse staute svenske Herrar og den straalande Hoffrøken, daa sukkade eg med meg sjølv: «Soleides vilde eit Dikt i vaart Maal hava set ut no, dersom ogso me hadde aatt slike Folk.»

«Den borgarlege Mann, som skal vara ein Poli29tikus i Sverike,» sagde eg til ein svensk Mann, «han maa aldri koma i adelege Hus og Selskap, for det maa eg segja um meg sjølv, at det vilde falla meg tungt for ikki at segja umogelegt at føra Krig mot so fager og yndefull Skapnad, og Klædebunad og Tale og Aatferd. Det kann vel henda, at der er mykit holt og tomt og mange Misbruk i alt dette gamaldagse Stell, men det maa veksa burt af seg sjølv, liksom naar du hever slegit deg blaa paa Naglen, dersom der ikki skal verda snutt upp og ned paa alt som i den franske Umstøyten.»

Sidan eg no er inne paa denne Adelstale, vaagar eg meg til at ganga eit Stykke vidare, endaa eg fulla veit, at Mange i dette frie Land, som me segja, vilja mistyda meg; og det var dette eg vilde segja, at eg i det store tekit hever funnit betre og betre Folk, til lenger eg er komen uppetter i Rikslivet. Rikdom og eit stort gamalt Navn og god Upplysning og Umgang vilde ogso vera ein Spott, dersom det ikki var slikt, at Folk ved dette kom liksom upp i eit reinare Luftlag fraa alt dette Slit og Stræv, som grever ned i Gruset etter denne arme Matbiten.

«Kann du (De) segja os, spurde nokre fine Folk meg, som ogso vaaro vane med Umgang af slik Adel, «kann du segja os, kvifyr Folk ero so harde i sine Domar i Christiania og mindre hugsame at umganga?»

«Ja,» svarade eg, «er det so, som ikki eg kjenner stort til i Selskapslivet, so er det lett at tyda seg. Sjølve Christiania er ein for liten og arm By til at eiga eit utvalt Selskap. Hovudstaden er berre ei Afspegling af vaart Land, og dette krever, at me Alle 30meir elder mindre maa slita for Føda, og dette gjerer os atter kvasse og sure; og er her nokon, som slepper for dette Slitet, so hever han for det meste lært for litet til at vera god og andfull og hugsam; og finnst her Folk, som hava Kunskap og Gaava, so hava dei ikki havt Raad og Tilføre til at vera bland utbladde Folk. Eit maa for det meste vanta i eit so litit Land, som der er so faae at taka af. Med all Galskap imillom vil der altid vera fleire fullgode Folk at velja millom i eit stort Land, og derfor kann eg godt setja meg inn i den Pine, De maa lida her, som ero so godt vane i større Byar og rikare Riki.»

Men med alt dette ero me sæle, at me ikki for Rikslivets Skuld turva ligja i Strid med staute og snille Folk. Det gjorde meg vondt, daa eg var inn i Sverike og nord i Throndheim, at dei Svenske ikki skulde hava det likso godt i dette Stykket som me. Derfor lida me kver paa vaar Kant og skulle i denne Samsaknaden ikki liggja i Strid, men læra og letta kverandre og vera Brøder, som Skapnaden af vaar Ætt og Landet hever gjort os til; og dyrka desse Riki, so at Sverike um hundrad Aar kann føda tie og me fem Millioner. Sjaa daa ero me alt ei Stormagt; og det er eit stort og fagert Maal for Kongen og os baade Folk at føra det dit og ikki liggja og klandra kverandre, som endaa er verst med det, at det er eit Spotteverk for slike Smaafolk. For det um me ero Naabuar kunna me gjerne liggja i Ufred med kverandre, daa det gamle Ord segjer: «Skal nokon trætta, so maa det vera Grannar.»


Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Ferdaminni

Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.

Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.

Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.

Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)

Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.

Les mer..

Om Aasmund Olavsson Vinje

A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.