Soli kom nedetter Lidarne, daa eg gjekk fraa Kongsvoll nedigjenom Drivdalen, som er den tronge og djupe og bratte Inngang til Thrøndelagen. Det er ein Dal so vill, at her ikki ero mange slike i Landet; men den vesle Jord, som henger inn i Bergi er god, so der er grønt og godt Gjeitebeite. Soli radde seg nedetter og merkte af so svarte Skuggar paa den grønne Grunnen, at det var som Fjølltopparne skulde koma livslivande nedigjenom Lidarne, svarte og glidande paa ein grøn Stol kantad med Gull. «Driva» fyste kvit og rauk i dei smaae Fossar, der var. Bekkirne hingo som kvite Band nedetter Bergi. Morgonvinden kom liksom ifraa Snjohætta og nedigjenom denne Glupen. Det liksom tok og skook i meg:
Her er so vænt, det kann meg grøta,
for det, um eg er vaksen Karl,
for Dal og Fjøll og Sol meg møta
som heime, daa eg liten var.
Eg høyrer som Naturens store
og friske glade Hjarteslag.
Ja, Herre, alt det, som du gjorde
er ungt, som det var skapt idag.
132Det kjærlegt paa os Alle tenker
med Leik i Dansen fraa og til,
og af det gylde Hornet skjenker
det Helsebot til kven, som vil.
Kver Sin og SegiSin = Sene, Segi = Muskel. stram seg spenner;
og løyst eg er af alle Band,
og paa mit Hovud liksom kjenner
eg Livets varme signad Hand.
No i dei siste Aar er Vegen lagd ned med Driva og derfor slett som ei Fjøl, for no hava Folk lært, at Vatnet er den beste Mannen til at finna slettaste Vegaleid fram, medan Folk i gamle Dagar toko etter Ku og Gjeit, som krabba upp og ned i Lid og Bakke. Eg tok den gamle Vegen, eg, for at sjaa den navngjetne Vaarstigen, og eg maa segja, at det var den galnaste og styggaste Aalmanveg, eg enno hever farit paa. Det er reint utruleg, at Folk kunde koma fram der kjøyrande, og at ikki kverannan Mann vardt ihelslegjen af Stein og Skrida elder siglde til Afgrunns i Snjo og Svoll Haust og Vaar og Vetrstider. Og endaa var dette ein sann Godveg mot i gamle Dagar, daa Folk maatte rida, og denne Ridevegen maatte endaa vera ein Postveg mot den eldgamle Gjeitevegen, daa Harald Haarfager og dei gamle Stridsmenn foro der att’ og fram paa sine Hertog. Det er inkje Under, at Folk tala um den gamle sterke og gilde Tid! Det hadde vorit større og betre, um dei hadde gravit seg folkelege Vegir enn 133drepit og brennt kverandre inne, og krabbat upp og ned i desse Fjøll og Afdalar som Gjeitar og Villmenn. Eg stod der paa den styggaste Kleiv svimrande haagt og saag ned paa den nye Vegen, som slengde seg som eit smalt Band ned med Aai. Eg liknade ihop den gamle og denne nye Tid, og ingenstad hever den gamle Tid visat seg i mine Augo so arm og villmannsleg mot den nye som nettupp her. Eg maatte mest læ, naar eg tenkte paa den danske Kongen, som var ein heil Dag med at rida og ganga denne gode Mil og krabba paa alle Fire sumestadar, for han som var van til det flate Danmark, maatte svimra her i denne styggeleg bratte Lid med Urdir og Raasir ikringum seg, som berre ved at troda paa ein Stein kunde ramla lause og fara til Afgrunns med Konge og altsaman. Daa Carl Johan foor her til si Krøning tvo og firti Aar sidan, daa var her alt kjøyrande paa sin Maate; men endaa maatte han setja atter Vogni si under ein af dei kneikande bratte Bakkarne og rida og ganga til Gards. Det var inkje Under, at han greip etter Sværdet sit og glodde fælent uppetter Fjøllsida og sagde, at Noreg var utakande. Dei arme Svenske, som hava gjort so mangt eit Nakkebrots-Verk paa sine eventyrlege Hertog, dei vaagade seg endaa ikki gjenom Drivdalen og fram til Gudbrandsdalen og Austlandet den Gongi, dei hadde tekit Thrøndelagen den korte Stund. Men hadde det vorit Villstyringen Karl den tolvte, so hadde vist han vaagat paa det, og soleides her kunde hava fengit ein Stein, som hadde spart honom for Kula fraa Halden.
Daa eg kom fram i Uppdal, raakade eg paa nokre 134af Storthingets Sendelag til Krøningi, og fortalde at eg hadde gjengit Vaarstigen og lagde daa til:
«Ja de (I) ero gode Gutar til at styra Land og Rike! Der hava de lovat hundrad af Tusind ut til Vegir, som der knapt ferer ein Hest um Dagen paa Aaret ikring, medan de ikki fyrr i desse siste Aar umlagde Vaarstigen, men leto Folk fara paa denne Harestigen her i dette Hovudstrok millom Throndheim og Hovudstaden. «Og du daa,» sagde eg til den eine af deim, «du, som maatte fara her att’ og fram til Storthinget, du sat der og ingenting gjorde for denne Riksvegen og di næraste Bygd! Det er inkje Under, at de vaaro Uppsessions- (Oppositions-)menn og vilde læra Regjeringi, korleides ho skulde stella seg!
Men so maatte eg no i denne liksom skjemtande Tiltale vera ei Lanse til Achilles, som baadi saarade og gjorde heil atter. Derfor lagde eg til: «Aa ja stakkars Smaafyrstar! det er no ikki Rett at vera for hard med dikkor i dette Stykke heller. Vegbygningsvitenskapen trudde vel ikki fyrr i desse siste Aar, at det var mogelegt at faa Vegen lagd ned med Aai, og so var det ikki alt dikkar Skuld, endaa de skulde hava havt den Umtanken og spurt Regjeringi, um det ikki var mogelegt; men de vaaro vel glade for at de paa vanleg Vis i lengste Lag kunde faa spara paa Skillingen og lata Dalaren fara ut or Landets Lomme. Den gamle Armodsdom hava de utruleg lengi fengit haldit paa i Vaarstigen. Det var just ein sann Uppsessionsveg. Du maatte vera sæl du – kver Gong du foor der til Things, og Mossige vilde vist hava slengt eit Hallingkast uppaa den styggaste Kleivi.»
135Denne Skjæmten min gjekk kanskje vel vidt mot slike store Menn, men so bukkade eg og skrapade, so dei maate no sjaa, at eg bar Vyrdnad for denne vesle Plukken af Storthingets Sendelag. Og so sagde eg, at det var ei utruleg Ære soleides at verda send af Storthinget til sin Konges Krøning i det navngjetne mergnorske Throndheim. Navnet paa kver af dikkor vil koma til at standa i Historien. Men daa eg so hadde klappat slikt, maatte eg slaa atter og visa paa det gamle Hærkestell med Livemaate og Jordbruk, segjande: «sjaa der er deim, som etter dikkar Lære er Folket; sjaa der er Landsens Domarar og Styrismenn!»
Tru det ikki var betre at læra Aalmugen upp til at lesa og kjenna sit Modersmaal og dyrka si Jord og hava det vel stelt enn at tøva um Riksstelling (Politik) med honom, som kann brukast til mykit godt, men som ikki hever det mindste Vit paa slikt.
Alt paa Kongsvoll tok eg til at sjaa, at eg var komen inn i eit annat Land, for der var dei gamaldagse Slaattur af Gjeitebeiti, som ero slike, at Slaattekarlen maa ganga paa Fire og halda seg i Busken med den vinstre Hand, medan han hakkar og slær med den høgre. Eg kjenner det vel fraa mi Fødebygd. So liggja Folk og marka med slik Armodsdom og slita af seg Klædi og vaaga Livet med si vesle Høysbyrd paa Ryggen; men so hevda dei paa Steinbakken og korkje brjota Stein heime paa Jordet og Sæterbøen elder veita upp dei beste Myrarne. So svelta dei Buskapen og sløda ned igjenom Fjøll og Lid det arme Foderstraaet um Vetren. Dei eta upp Maten i slike Slaattur, som ikki ero værde Brynesteinen. «Her er 136mine Dyr,» sagde eg atter med Robin Hood, daa eg saag Stellet her i søndre Thrøndelagen.
Det sama fekk eg ogso segja alt her i Vaarstigen um Sæterstellet. Der var eit Par Uppdalssætrar der tett inn med Vegen. Farvel alt øysterdalske Sæterstell! her sat eg i den svarte Styggedomen liksom heime i Thelemork; det var paa gamal god national Vis altsaman.
Soleides var det ogso med Hus og Jordbruk nordigjenom desse velsignade gode Dalar, der eg saag den vænaste Aaker paa Smaalappar millom Skjer og Røysar. Det er vel mangestadar steinutte, so det ikki er so godt, men Jordi er so god, at det berre er det gamle Slarv, som toler det slikt. Og so var der no ogso ein og annan Mann her og der, som var lenger framme baadi med Hus og Jordbruk, og dette maa vel gjera sit; og dette er ogso det einaste, som kann gjera nokot i Bygdar, der dei fleste ikki lesa stort annat enn gamle Huspostiler og gamle Tavlebekar med Djevelen paa 1ste Sundag i Faste, der han stender og greivar med sine store Horn og lange Klør.
«Her er mine Dyr,» sagde eg i Hus etter Hus og paa Gard etter Gard, der eg var inne og saag paa Stellet og Bokhylla.
Det var snart at sjaa, at det var i Framgang med Stell og Drift paa mange Maatar, for baadi saag eg dette paa Hus og Jord, og so talade eg med ein og annan Mann, som tenkte lenger frametter, enn han saag ut til. Lensmenn og andre Embættesmenn gjera no ogso sit beste ved at tala med Folk og visa deim Gar137darne sine, endaa det siste hjælper ikki stort, for Aalmugamannen segjer altid: «Aa ja, det er snart for honom.» – Men til slike Svar sagde eg altid; «Fader min hadde ikki meir enn sine tvo Hender, men med desse rudde han seg upp ein rett god Plass i Skog og Mark. Det er Dovenskapen og Slusking og Faakunna, som skapar all denne Armod og alt dette Grisehuset. Den, som ikki liver vel etter Maaten sin her og lærer nokot og hever det vel stelt, naar han siter um det er paa ein af desse mindre Gardarne, han burde faa Bank attaat sin Armodsdom. Det skal ingen Mann kunna segja meg annat, for eg kjenner vel til det.
Sjølve Husmannen der burte i Bakken med sine tvo tri Naut og fem seks Tunnur Korn og tjuge Tunnur Jordepli, sjølv han kann liva godt, naar han er frisk og ikki siter med altfor mange Born. Um tjuge Aar kann Plassen hans vera dubbelt so god og vel so det, og her er altid ein Skilling at tena attaat med Arbeid og Fangst af Villt Aannemillom.»
So tok eg daa imillom uppatter for deim eit Vers af mi Song til 17de Mai ifjor.
Me fingo somykit, at kver ein, som vil,
kann liva som Mann utan Harming,
og Rikdom og Æra seg slita kann til,
og takka seg sjølv er han Arming,
naar Herren gav Vitet og Helsa,
for Fridom me fingo og Frelsa.
Paa denne Maaten talade eg med Bonden, og paa sama Maaten skriver eg; liksom han var min beste Ven 138paa Vegen, skal han ogso verda det, um han leser dette, for det er ein Mann med godt Hovud, som kann verda kvat det skal vera, berre han verdt sett paa den rette Leid og ikki feller i Henderne paa sjuke Prestar og æresjuke Riksstellarar med all si Faakunna, sin heile andlege Armodsdom og alle sine uppskruvade og trutne Talemaatar.
Paa Gjestgjevargarden Drivstova nærast nordanfor Kongsvoll kom eg ned paa Storvegen atter fraa Vaarstigen. Der raakade eg atter paa Kongen med Fylgje, som sov tvo Timar, etter at eg foor fraa Kongsvoll og endaa naadde meg atter, som gjekk i Krik og Krok den gamle Vaastigen. Eg saag fraa mi Hægd fraa den gamle Vegen dei Kjøyrande rulla som smaae svarte Flekkir ned paa den nye. Soleides, tenkte eg, maa vaare Forfeder fraa Himilen sin sjaa os taka beint fram i Kunst og Vitenskap og Folkeskikk, medan dei gingo i Krokar upp i Berg og Afdalar! og dei læ vist aat seg liksom eg aat meg, som gjekk med Skræppa paa Ryggen upp i all denne Villmannskapen; men ogso glade som eg maa dei vera, for Andre kunna trilla lettare fram. Daa eg saag den kongelege Vogn, tenkte eg meg at vera Carl Johan, som under Bakken maatte setja atter si. Han smilte ned til Godson sin og sagde: «Du styrer eit betre og meir upplyst og framkomit Land enn eg.» Eg saag derfor paa Kongen som Godfaderen paa Godson sin, daa eg kom ned til Drivstova, for eg hadde vorit upp i Bergi med dei gamle Aandirne, og den, som hever vorit i Selskap med deim, elskar altid det friske Liv, som jagar med Vinden og Morgondogg og Morgonsol gjenom Verdi liksom Kongen idag. Eg hel139sade lett paa honom og gjekk inn til Slaattefolket, som sat med Dugursgrauten sin langs med eit svart Bord medan Kongen gjekk inn i den andre Gang paa utbreidt Klæde. Eg lagde meg til at kvila paa denne harde Krakken med Skræppa under Hovudet, medan Kongen saag paa all den uppstelte Mat og dei sundagsklædde Folk og kveikte Cigaren sin og steig i Vogni atter.
Kona, ei stor feit og tykk ei med ein Sylvpening paa Bringa for «Husflid,» som ei onnor Kone skulde hava spunnit for, ho spurde meg, daa Kongen var reist: «er du Skræddarsvein?» «Nei, eg er Skomakarsvein,» svarade eg, for eg minntest, at eg gjekk eit Bil i Skomakarlære, daa eg var Skulemeistare heime.
Daa eg kom lenger ned i Dalen raakar eg paa ein Uppdøl, just ein skjæmtande ein af godt norsk Slag. Me vaaro som gamle Kjenningar med fyrste Ordet.
«Det er ein fager Dal,» sagde eg. «Hu, nei her er fælt stygt,» svarade han. «Korleides vil du daa hava det?»
«Slett og fagert som ned i Skaane og Danmark, der Ein kann sjaa heile sjau Kyrkjur fraa ein liten Haug.»
«Du er ein sann Fjøllmann, for du elskar Slettelandet,» sagde eg. «Snjoen braanar og Bekken renner ned mot Sletti etter den bratte Fjøllveg. Her er mange Slags Gras i denne fagre Dalen.»
«Ja, ein Blomekjennare (Botaniker) sagde, at her finnst Blomar, som berre er i Brasilien og her.»
«Ja det trur eg vel, for eg seer paa Steinen og Skuringar, at her er af eit nyare og rikare Bergslag. Dovre skaut upp i ei nyare Tid som ein Griserygg af 140Havet fraa Innvollen af Jordi, og alle desse Dalar er berre som Smaasprekkir i denne Svorden. Denne Tavlesteinen, som verdt broten her upp i Fjøllet og førd til Throndheim, visar ogso dette. I det eldrekanskje heller i dei yngre, for no taka dei Jordkunnige til at tru, at Graniten er yngre enn Leirsteinen og Steinkollag, som me her ogso vilde finna ned paa Flaten, naar me kunde skrapa og sopa burt alle vaare haage Fjøll. Berg finnst inkje slikt.»
Eg foor framigjenom Dalen og saag Stein og Skuring i Driva og Jordlendi med slike Oreholt paa og annan Trevokster, som alt sagde, at Dalen var ein af dei nyare, og betre, og maa verda rik, naar Folket lærer at vera Folk i Jordbruk og Umtanke og heile Livsstell. Sjølve Uppdal og mykit af Rennebu liggja no so haagt, at Fedrift er det laglegaste for det, um Kornet endaa mognar der paa desse gode Aakerleppirne; men dette er nokot, som kann verda sagt um det heile Land. I gamle Dagar, daa det ikki var so lett at faa Korn fraa andre Riki og ifraa Sjøkanten, daa var der Meining i at saa somykit Korn; men no er det klaart for Alle, som kunna tenkja og hava lesit um England, at Fefodring og Budraatt for os maa vera Hovudsaki, bland annat ogso for det, at ei slik Drift gjever meir og meir Hevd af seg, til vidare Bruket verdt drivit, liksom at trilla Ballen i kramme Snjoen, medan Kornsæde armar Jordi ut, so aldri kann det tøygjast langt ut. Det kan vera Aurbakkar og Sandjord og slikt nokot, som nyttast betre til Kornsæde; men Hovuddrifti maa vera Eng, og so turva ikki Folk bera paa Livet for Frostnætter elder kald Vaar. Naar alle desse My141rar verda skorne turre upp til Engbøar, og Mjolkefeet født paa Baasen heime og berre Ungfe og Gjeldfe og Smale sendt til Fjølls, og so der ellers paa engelsk Vis verra gjødde mange Dyr paa Garden, so skulde her verda Velferd i Landet, og daa vilde det vera Hugnad at fara gjenom alle desse Bygdar og sjaa Upplysning og folkeleg Livemaate, istadenfor at eg no mest allestadar maatte utropa med Engelskmannen Arthur Young, daa han sytti Aar sidan foor igjenom Frankrike:
«Himilen gjeve meg Tolmod til at sjaa paa eit Land, som Herren hever gjort so mykit og Folket so litit for!»
Det er langt ifraa ikki det rike Land, som Frankrike dette; men mykit kann endaa verda gjort.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Aasmund Olavsson Vinje er kjent for sine levende reiseskildringer. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 kom ut i 1861. Boken er en samling reiseskildringer fra hans tur fra Christiania (Oslo) til Trondheim og tilbake, i forbindelse med kroningen av kong Karl 15. i 1860. Nordover gikk han gjennom Østerdalen, sørover gikk han via Kristiansund og Romsdalen før han dro over Dovre og ned Gudbrandsdalen.
Tekstene er små artikler om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. De er kåserende i formen, og han bruker sammenligning mellom motsetninger som litterært grep for å peke på problemer som burde settes under debatt.
Med denne tekstsamlingen bryter Vinje med det nasjonalromantiske synet på bonden, som han beskylder blant andre Bjørnstjerne Bjørnson for å ha skapt. Istedet følger skildringene av sosiale og kulturelle forhold kravene innenfor realismen. Men i tillegg gjør Vinje noe nytt: Han legger inn lyriske innslag i form av dikt som skal bidra til å skape stemninger. Ferdaminni ble ikke bare vel mottatt da den kom ut, blant annet på grunn av den hånlige skildringen av all pomp og prakt omkring selve kroningen. Men i dag regnes Ferdaminni som Vinjes hovedverk.
Se faksimiler av 2. utgave fra 1871 (NB digital)
Les mer om A. O. Vinje og Ferdaminni på nettsidene til Nynorsk kultursentrum, Aasentunet og Allkunne.
A.O. Vinje var en viktig skikkelse i norsk offentlighet på 1800-tallet. Som forfatter og journalist var han en ivrig deltaker i samfunnsdebatten. Vinje var særlig opptatt av samfunnsforhold, litteratur og politikk, og han har hatt stor betydning for utviklingen og etableringen av landsmålet i Norge.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.