Fred

av Arne Garborg

II.

Kald og roleg laag Haustdagen yvi Hav og Land. Det leid imot Kvelden.

Himilen var graaslørd, Soli burte attum Tòkebakken i Vest; her og der laag lange blaae Strimeskyir og kvilte.

Det hadde blaasi i Dag, men var avstilna att, som ofte mot Kvelden. Det var stilt so ein kunde høyre sitt eige Andedrag.

Myrkningi kom sigande blaa og kald. Sus av Æar og Bekkir skar kvast gjenom Lufti. Høgt yvi Heiane siglde tvo store svarte Fuglar mot Vest. Langt inne i Nordaust mekra Røssegauken, kneggjande som ein Helhest.

Det kvakk i han Enok Haave, der han skrangla ned Haalandsbakkane paa Bykjerra si. Denne Djevlelaatten i Kveldstilla høyrdest so fælsleg. «Høh, Brunko!» – best aa drive paa no. Det var enno eit godt Stykke heim.

Han var i djupe Tankar, han Enok, og det solbrune Andlite saag med sine nedslegne 4Augo og eit pint Drag um Munnen urolegt og kvidefullt ut. Naar tru han vilde gjera Aalvor av dette? Kor lengi vilde han gaa her som ein Syndetræl og aldri faa Fred? Han hadde daa kje selt seg til Sattan paa Lìvetidi? – som Lars Danielsen sa i Uppbyggelsen sist. Og dessutan, Lìvetidi …. «Du Daare, i denne Nat kræve de din Sjæl af dig» … kva vilde det daa nytte han, det vesle han kunde ha samla?

Ikkje «samla» han noko heller. Snarare gjekk det den andre Vegen no. Arven hennar Anna var uppøydd paa dette Nybròte, og endaa var kje meir enn halve Aarvollen innlagd. So skrinn som Jordi der var, kunde det drygje lengi, fyrr dei Pengane kom att. Endaa godt so lengi den gamle Sylvstasen var att, og Gullringane; «ein var kje Fant so lengi der var Sylv paa Garden», som han Far jamt hadde sagt. Men no var Enok skuldig baade her og der, hjaa Kaupmannen for Varur, hjaa Simon Ramstad for ei Ku; han Hans, Drengen, skulde ha Pengar til Fiskje; og so var det Skattane som vaks og vaks … Det, ein skulde vende, var der lite aa faa fyri, men det, ein skulde ha att, var vitlaust dyrt; det vart so trongt og stengt paa alle Kantar, at ein kunde bli mest yvigjevin. Og Borni vaks til, og Sko og Klæde skulde dei hava …

5Det var Velsigningi, som vanta. Der var kje Drygsle i nokon Ting, naar Gud ikkje var med. Det lønte seg kje i det timelege heller aa tena Hin-Mannen.

Aa nei, nei.

Den, som kunde vinne seg yvi og bli eit Gudsbarn. So kunde ein vera tryggare i det jordiske au. Ein kunde kaste si Sorg paa Herren, som hadde Umsut endaa for Ravneungar. Og som der stod i Forklaringi: «For hvem sørger Gud allermest? For sine troende Børn.» Og like eins: «Er der nogen Nytte ved at elske Gud? Ja, stor Nytte; thi vi vide, at alting tjener dem til Gode, som elske Gud.» Ja tenk aa hava Gud sjølv aa forlata seg paa. Tenk aa vera fri all Sut; faa Fred for all Otte, all Uro … enno aldri i sitt Liv hadde Enok havt ein fullglad Dag. Det var ein Ufred han sjølv ikkje forstod, ein Knute for Bringa som aldri losna; alltid gjekk han som han skulde ha gjort noko vondt; som han skulde ha noko aa ræddast fyri; aldri var han trygg; aldri kunde han setja seg i Ro, ikkje i si eigi Stogu dessmeir; ja um han kunde tykkjast vera fornøgd au for ei Stund, i godt Lag eller i friskt Sjau – Uroi laag der inne og tærde likegodt; so det vart berre ei Utanpaa-Glede. Og han vart drìvin fraa det eine til det andre i eit Jag utan Stans; alt som var nytt døyvde for ei Stund, men berre for 6ei Stund; so kom Ufreden att, og han var like nære. Aa ja kva vilde han anna vente. Den som ikkje hadde Fred med Gud, han hadde det soleis. Det var kje Under at han var uroleg, so lengi kvar Stund som gjekk berre førde han nærare og nærare til Helvites Avgrunn.

Merri stana so han mest datt framstupes; det bar mot Bakke att, og Brunko vilde hava’n av. Enok steig av Kjerra og gjekk Bakken. Det var ein godt mìdelshøg Mann, akselbreid og velvaksin; han var berleg aa sjaa og førde seg godt. Men Hovude bøygdest som under ei Tyngd, og Augo stirde mot Jordi mødde og fortenkte.

Det hadde vorti so underleg stilt; og det myrkna og myrkna. Audsleg og tom var Verdi no. Ikkje ein Laat og ikkje eit Liv. Berre han og den brune Merri hans midt paa svartaste Heiî. «Aa ja, ja; Gud, ver hjaa oss … naar det lid til Aften og Dagen hælder!»

Dei var komne upp Bakken; han stana og sette seg paa att. Hyss … var det so, tru? – Prrr. Han heldt Merri og lydde. Ja var det kje mest det han hadde tykt. Det hadde legi noko under. Det laag gjerne noko under, naar det vart so kurrt. «Soh! gaa no, Brunko», dreiv han paa; han lika seg ikkje.

Gjenom den daudstille Lufti dura det upp eit Brak, eit tungt, kvævt Brak, som fyllte heile 7Kvelven. Det kom fraa allestad og inginstad, men helst fraa Nordvest, fraa det aude opne Hyrna der ute, der Lande tok Ende og Have stod paa, rullande beint inn or Skoddeheimane uppunder Nord-Isen. Det var som ein Marm i Lufti, ein lang, døyvd, durande Tone; Have koka upp fraa sine djupaste Grunnar og reiste seg som til den siste Strid; Rome skalv i Susing og Angest, i Rædsle for den komande Vreide og store Undergang, daa Verdi skal losne i sine Saumar og Jordi søkkje i Have, og Himilen rullast upp som ein Klædebunad.

Det var Havbrak.

Det maatte ha vori svære Uvêr ute i Have i Natt, freista Enok aa trøyste seg. Men han kunde kje døyve si Uro. «Solen skal slukne og Maanen blive som Blod … og Havet og Vandbølgerne skulle bruse» … Tenk, um Menniskens Søn kom no; um Himilen rivna med Bulder og Brak og den store Basunen glima fram med sin Toreskrell, so Gravine brast og dei Daude stod upp …

«Høh! gaa no, Brunko!» Han peiste paa med Taumen, til han fekk Merri i Dilt. Fælt so smaatt det gjekk; det var myrke Kvelden alt, og her sat han enno og rikka. Og no kom denne stygge Grave-Heiî …

– Aa nei; Domaren kom kje i Kveld. Det var kje 6000 Aar enno etter Verdens Skapelse; 8og det var daa han skulde koma. Men den som ikkje hadde Gud med seg, var alltid rædd. Øh, gaa no …

Men umvende seg maatte han. I Aalvors Tale: han maatte, og han vilde. Det bar kje til lenger aa gange slik. Kvar Dag kunde vera den siste; og det var kje sagt han fekk Stundir til aa tenkje seg um daa. Dessutan, den som stødt og stendigt stod Naaden imot, so kunde Gud sistpaa trøytne, og so vart ein forherda. Forherda. Det var slikt eit tungt Ord at Enok fælte.

Nei; i Morgo den Dag. Fyrr Naadetidi var til Ende. Gud, riv meg kje burt midt i mine Syndir; Gud! ver meg barmhjertig etter din store Miskundhed …

Det dura og braka tungt og svært; Enok kraup ihop paa Kjerra si og smaakulsa. Tenk um Herren kom likevel! Ingin visste Tid og Time. Og me hadde høyrt Krig og Rygte um Krig. Og Syndi var so stor, at Gud visst snart kunde vera trøytt av oss. Tenk, um det alt skulde vera for seint i Morgo. Saah, Brunko … – Aa Gud, riv meg kje burt … aa Gud! ver langmodig. Tru det ikkje snart skulde stilne av att med dette fæle Brake?

No var han paa Grave-Heiî. Her lika han aldri aa fara so seint. Her var audt og svart og langt til Folk; baade Fant og anna stygt 9kunde fara, eller liggje og lure uppunder dei store Steinane. Det var her han Far hadde set Dvergar inni ein Haug … gamall Ovtru og Tøv; men likevel; noko hadde det vel vori. Ingin kunde vita kva ein kunde faa sjaa; Djevelen var sterk; og naar ein ikkje hadde Gud med seg –. Berre det vilde koma einkvar, so han kunde faa Fylgje!

Der nede laag Tjønni svart og still, mest like inn under Grave-Nuten; der hadde han blìvi, Son til gamle Presten Juel. Og det var dei som vilde ha høyrt Rop –. Og attum den store Steinen her uppe var det dei fann henne Berta Aalvestad, ho, som fraus ihel. Alltid kom det for han, at Like maatte sitja der uppe enno …

– Kva tru han Gunnar staaka med i Kveld? Han heldt seg vel uppe i lengste Lage. Venta paa han Far med By-Gotter. Aa ja; du skal nok faa Gotter, Gunnarmann. I Morgo, naar du stend upp, so …

Høyrde han kje noko? – Høh; gakk no …

Ja i Morgo skulde det bli Høgtid. Ny Luve skulde han faa; og ny Kakjesbok med Pave i; og det beste av alt: Søteple! – Ja, ja; dei skulde faa, Gjenteborni au. – Tenk, tri Gjenteborn etter kvarandre. Den Guten, som kom etter henne Serina, han skulde døy. Inga 10Velsigning i dette heller. Men Gudskelov at han Gunnar tok seg so godt upp … og fekk vera frisk. – Tenk, tie Aar alt; det vart snart Hjelp i han. – Berre ikkje hava’n til Avgud. Tukta han; – «den, som hader sitt Ris, elsker sin Søn» – nei …

Aa nei; han kunde kje halde Tankane samla. Desse jordiske Ting, som elles so altfor mykje fyllte hans Hug, no var der kje noko Hjelp i deim heller. Nei, nei. Utan Gud ingin Fred. I Morgo, so snart han kom i Ro –; berre til i Morgo vilde nok Vaarherre vente. – Gud skje Lov; det tok til aa blakre og smaablaase; so dovna Havbrake. Og so vart her ikkje so hustre og fælt, til han skulde framum Kyrkja. Saah, Brunko!

– Han kjende seg modigare. Det vart ingin Domedag i Kveld. Kvi skulde det bli i Kveld meir enn andre Gongir? Havbrak hadde han daa høyrt so tidt.

Kva var det!? – Han kvakk, so det gjekk Lysning for Augo hans. Burt i Bakken, burt-imot Kyrkja, hadde han høyrt som eit Rop.

Han heldt Merri og lydde. Hjarta hans hamra i Bringa so han høyrde det. Aa Gudskjelov. Det var Folk. Det høyrdest Kjerre-Rammel. Han drog Anden djupt og kjende seg so letta og fegin …

11Men kva kunde det vera for Slag; var det fulle Folk? – for det song. Han vart rædd att. Ingin visste kva ein Fyllefant kunde finne paa.

«Klippens Top, som Granen bær,
munter Sjælens Tilflugt ær,» –

song det, og Kjerra kom ramlande beint imot han i fullt Traav. Berre stille seg til Sides og koma fort framum …

– «Kva-slag Fa’n, er det Folk?» ropa eit høgt, djervt Maal. Jamenn var det han Napolon Storbrekke.

Det kulsa i Enok av den fæle Banningi; tenk ropa paa den Vonde i Kveld. «Er det du som er ute so seint?» spurde han spakmælt.

«Jagu er det eg!» skreik Napolon; «i Myrkno trivst Trolli best. Kjem du fraa Byn, Enok?»

«Ja–a. Eg hev vore der inne so snaraste.»

«Og eg skal der inn so snaraste; no kann du fortelja meg um der er noko aa gjera. Det er vel Skit som det plar vera, veit eg?»

Enok fortalde; Napolon sat og banna. «Nei so pinedø!» «Nei no skin det av!» «Nei men hev du høyrt slik Sattan?» – Daa Enok slutta med det vanlege: «det ser smaatt 12ut», sette Napolon i so det small, at han vilde til Amerika.

Ja det vilde han. Fara fraa Garden og heile Smelta og beint Fa’n i Vald til Amerika. For neigu um her snart var lìvande for skikkelegt Folk! «Det sa eg til Lensmannen paa Aase au; – eg var innum der i Kveld; han skjenkte meg endaa ein Dram eller tvo; grei Kar, Lensmann Aase! – prrr, vil du staa! – Ja det sa eg. Men veit du kva han svara? Skulde slike Folk fara til Amerika, sa han, kven skulde verta verande heime daa? Me fær heller sjaa, sa han, um me kann kje faa skìpa ut noko av all Fanten, Napolon, sa han; – men skal det halde paa paa denne Maaten, so vert det peinadø Fant altihop; ja det vert det; no banna Napolon Salomonsen Storbrekke!» –

«Ja eg tykkjer du skulde kje banna so mykje, Napolon», tok Enok stilt i. Men den andre høyrde det ikkje.

«Prrr! vil du staa! – Ja, det er som eg seier – statt din Sattan! – kann du gissa, kva eg betalar i Skatt no? Gissa, Enok! – Ja dei snakkar alltid um den stakkars Stampo eg hev sett upp … liksom det var anna enn den Stampo! Hadde eg kje den, so var det kje anna enn klinkande Fant med meg; neigu var det ei! – Fem Dalar, min Far! Ja du trur 13det kje du; men eg skal banna paa det so dyrt du vil; – fem blanke Speisidalar, Far, og endaa tvo Skjeling! So kann du kje undrast paa at det ber til Fant. No laante eg i Banken ifjor; so no hev eg Rentur og Avdrag attpaa; og betalar eg kje paa Dagen, so kjem Sakføraren som ein Skrubb … Nei eg held med han Torkjell Tutling eg, han Torkjell Tualand skulde eg seia; me fær peinadø berre ta Børsa og jaga dei! heile Smelta! Hell au ét dei oss levande upp! Ja det gjer dei. Dersom me ikkje vil gjera som han Per Rudlevig daa! – han stel seg fram, han, og greier det paa den Maaten; ja-ja, det er ein Maate, det au! – prrrr! – Men det er kje min Maate, ser du. Ja no kann du gaa daa, ditt Braffebeist; – trur du eg kann faa denne Merri til aa staa still daa! – Godkvelden, Enok!» – Han ramla i Veg att.

«Klippens Top …

Prrr! Enok!!»

«Ja!»

«Du skal vel i Bryllaupe hjaa han Helge?»

– – «Ja … eg fær vel det.»

«So treffest me der daa. Godnatt!»

«Klippens Top, som Granen ….» –

– Enok rusla i Veg paa sin Kant.

14Ja sjaa der, sjaa der! Var det kje Merakkel med den Djevelen. Alltid fann han paa noko. Alltid fekk han det so til, at der kom noko i Vegen.

No kunde kje Enok umvende seg, fyrr han hadde vore i det Bryllaupe.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.