Fred

av Arne Garborg

[IV.]

IV.] rettet fra: VI. (feilnummerering)

Nei; hadde Djevelen fysst fengi Tak, so tarv du kje tru, han slepte! – det kunde kje verte noko av i Dag heller.

Det var «Graudadagen». Bryllaupsfolke skulde «paa Garden»; so laut Enok au taka imot. No, daa han hadde tenkt aa halde seg fraa Syndi, kom Syndi til honom. Og i Dag vart det verre; for i Dag skulde han sjølv vera Bryllaupsvert. Djevelens Kjømeistar skulde han vera; synde sjølv og forføre til Synd; han fekk anna aa gjera enn tenkje paa si Sjæl; Vaarherre laut drygje til i Morgo som vanleg.

Tusundkunstnar, Tusundkunstnar. Alltid «i Morgo», aldri «i Dag»; Vaarherre sist, alt anna fysst …

Brjote Skikken? Enok sat i Underbroki og stirde paa den eine Sokken sin i fem Minuttar: brjote Skikken?

Men det kunde han kje heller. Dei vilde taka det gali upp. Dei vilde tru han gjorde 28det av Knipeskap. Gjekk i Bryllaupe og livde godt sjølv, men drog seg unna, naar det var hans Børt … Ha-ha, umvende seg midt i Bryllaupe til aa faa spart ei Maaltid Mat; aa nei, han sat der no; det fekk gange som det kunde.

Han skjekkte med Munnen og tok seg paa Tak, drog Sokken paa seg og sidan Broki, døyvde Samvite og lét det staa til; ho Anna hadde aldri set han so rar som denne Morgonen.

– Det vart ein leid Dag. I Bryllaupsgarden fekk Folk sin fysste Rus; so drog dei med Spelemannen i Fyri-Enden fysst til han Enok og sidan til han Per; fyllte paa og fyllte paa, til dei var saggne nok; so bar det attende aat Bryllaupsgarden att; og daa dei langt um lengi var ferdige med «Grauten», var dei so fulle at dei song, mest alle.

Der vart eit Staak og eit Styr utan Maate og Maal. Folk tumla rundt i ein ør Sveim, hua og skreik, tralla og song; kvar hadde sin Tone og kvar si Vise, so det vart i eit Rør alt; Kvinneskrik skar inn og Gjentelaatt; den som vilde segja noko laut skrike. I Bui staaka Dansen med tungt Brak, og Spenning i Golve so Huse skalv, og Ho! og Hei! og ulande Rop; Fela kvein og peip som ho kunde best, men vart lite høyrd; Spelemannen var so full han sat berre og dubba.

29Alle Dørir hekk paa vid Vegg, og endaa stod det som ein Eim gjenom Stovune av Sveitte og Tobaksrøyk. Talgljos i Stakar og paa Veggine i gamle Messingskjold gløste i den tette Lufti liksom dei sov. Alt tumla seg i Halvmyrkr og Halvørske. Og det var ei Stiming ut og inn og att og fram, Sjangling og Tvinting og hotande Hendar; gamle Uvenir laag um Halsen paa kvarandre, og gamle Venir rauk ihop og slogst; Laatt og Rop og djerve Ord skar haasmælte gjenom Staake; no var det Bryllaup, no var det Høgtid; alle var glade og alle kaate; kvardags Sorgir var burte og gløymde; Folke kjende seg for ein Dag fritt.

Men ute paa Tune laag Napolon Storbrekke og spydde. –

– Enok og Anna gjekk heim, so snart dei hadde drukki Brurskaali. Det hadde vori Uraad aa halde seg fraa Drikka i Dag; Enok var tung i Kroppen og ufysin i Samvite. Men Gudskjelov; no var det slutt.

No fekk Gud gjeva’n den rette Angeren. Han prøvde alt i Kveld; men det vart kje noko av det. Djevelen laag heile Tidi og kviskra um, at han var daa kje verre enn andre. Ja han var betre enn baade den og den. Men det var det det galdt: aa vera den verste av alle Syndarar. So lengi ein ikkje var det, men vilde mæle sig med andre og finne ut noko aa 30orsaka seg med, ja kannhende aa gjera seg til av, so lengi var ein ubotferdig, og so lengi var Vegen til Naaden stengd.

Han sukka so tungt, at ho Anna var aat og vilde spyrja kva som vanta; men ho heldt seg. Det var nok ikkje noko som ho kunde hjelpe’n med dette, var ho rædd.

– Dei var kje i Bryllaupe sidan. Men Sturingi hans Enok heldt paa.

Det var nokre Dagar etter; dei sat med Borde og aat Nonsmaten.

Det var Mort og Flòt. Men endaa var det stilt ved Borde.

Han Hans, Drengen, og ho Marta, Gjenta, hadde haldi Drøse uppe ei Stund, og ho Anna hadde hjelpt til; der var nok aa røda um no, like etter Bryllaupe. Den og den hadde vori so og so full; han Napolon Storbrekke hadde vorti attfunnin um Tridjedags Morgonen i Fjose hans Enok, i Kalvebaasen; dei og dei hadde slegist; den og den Guten hadde haldi seg so mykje ihop med den og den Gjenta, at me vel snart kunde vente eit Bryllaup til; – «daa visst eit Barsøl». Men dei kunde røda um kva dei vilde, so sat Enok og tagde som han var dauv. Dei andre hadde daa og etterkvart tagna.

Ute gnog det og blés; Himilen var graa og haust-tung. Trêi i Hagen burtanum Vegen 31stod nakne og vaate og svinga og song. Av Fuglar var det kje att anna enn ei Skjor her og kvar, eller ei tungt flaksande Kraake.

Daa høyrdest det Treskostìg i Gangen, og Døri gjekk upp stilt og smaatt. Det var han Per der nord, Grannen. «Velbekòme Spissen», sa han stilt, og sette seg.

Det var ein litin raudhærd, blidsleg Mann, smaaøygd og smaaleitt, med Sydvest paa Hovude. Den strauk han av seg i Dag; der var i det heile noko høgtidsamt med han. Han kunde sjaa ut som han kom med ei Illsegn. Liksom til Ærend hadde han eit Par Avisblad under Armen.

Dei hadde sagt det som segjast skulde um Vêre og Aarsavlen; so gav han Per Bladi fraa seg med høvelege Orsakingar for han ikkje hadde sendt deim hit fyrr. So vart det ei Togn. Per sat aa sukka; dei andre venta. Det saag nok ut til at dei skulde faa høyre Nytt.

– – «Dé ha vel kanskje ikkje høyrt gjete dette vonde, som hende i Dag, dé,» – kom det endeleg.

«Er der hendt noko?» – «Her i Bygdi?»

«Ja, Gud bær’ oss, der er nok det. Ikkje lenger burte enn paa Storbrekke.»

«Gud hjelpe oss,» sukka Enok; det var som det kvakk i han.

32«Nei kva er tids der?» «Er der nokon sjuk kanskje?»

«Aa,» sukka Per; «det er nok endaa verre. Det er han Napolon, som –; ja det er so at det er mest vondt aa fortelja det.»

«Naa?» –

«Du veit, han som gjekk her aa gruste so svært i dette Bryllaupe.»

«Ja??»

«Ja no er han … farin herifraa.»

Det gjekk som ein Skugge gjenom Stova.

«Nei men i Jøssu Nam!» – «Han Napolon?!»

«Ja. Han vart burtrìvin ved ein hastig Dø i Dag Klokka halv elleve.»

«Aa Herre Jesus.» – «Kva er det du seier.» – «Kors i Jessu Namn.» –

Stive og stille sat dei der med kvitnande Aasyn og skræmde Augo; det kom so tungt yvi deim at dei mest ikkje torde draga Pusten.

«Nei men kann det vera sant.» – «Nei men korleis kann daa det vera tilgjengi.»

«Aa jau dessverre; det er nok sant. Eg veit kje korleis det er; men eg hev det liksom paa meg, at han Napolon var … lite budd til aa døy no. – Eg hev aldri høyrt noko som hev gjengi so innpaa meg som dette.»

«Men korleis bar det til?» –

33«Aa, det gjekk svært fort. Han Lars, Drengjen min, kom derifraa nettupp no; – han skulde upp med noko Eple som eg hadde laant av han Napolon i Vaar; – og just daa han kom der upp, heldt dei paa aa bu Like.»

Det tok til aa skómast. Vinden ute susa og saug, taut i Skorsteinen og slog i Dørine; dei fælte der dei sat, og drog seg ihop.

«– – Herre, lær oss at tælle vaare Dagar, at me maa bekoma Visdom i Hjertet,» mulla Enok; han hadde vorte graa i Andlite.

«Gjekk det til med noko Uhende,» spurde han Hans; «slog han seg til Meins, eller –?»

«Nei, slettikkje. Det var berre noko som kom yvi han. Og so reint braatt som det kom. Han gjekk og var liksom noko utidug etter dette Bryllaupe; men i Dag hadde han funni paa det at han vilde til Byn. Anten han kjende seg sjuk og vilde til Doktaren eller kva det var; nok av det: han tok Drengjen med seg og vilde sko Merri. Men som dei stod utanfor Stalldøri og bala med dette … Merri var endaa noko uroleg av seg og vilde kje staa still … so visste dei kje Ord av, fyrr han datt aalveltes. Og Live var nok slokna med ein Gong. Dei høyrde berre som det rikta eller lét i han litegrand; men han rørde seg kje meir; og daa dei skulde sjaa etter 34kva som tids var, – daa var der kje meir aa gjera.»

«Aa Jøssu Namn.»

«So skræmeleg braadt.»

«Aa nei, aa nei.»

Ei ny Togn gjekk gjenom Stova. Vesle Gunnar klengde seg inn til Far sin og jamra; han var rædd. Ho Serina gøymde seg i Fange til Mor si.

«Gud fri oss fraa ein hastig, uforvarende og bratt Død!» bad Enok; «Gud straff oss ikkje i din Vrede, og tukt oss ikkje i din Hastighed!»

Det svara med Sukk rundt ikring.

Per sat bøygd med Aalbogane mot Knéi og Hendane ihoplagde. «Det er vel Ein, som hev ei Meining med det,» sa han. «Men jamenn var dette eit tungt Hende.»

«Meiningi ser me,» svara Enok. «’Han bruger snart Lidelser, snart Velgjerninger, og snart andres Exempel, som kan føre Mennesket til Eftertanke’ … maatte me no agta aalvorlegt paa dette Kalle. Me veit kje naar Timen kann slaa, nokon av oss.»

«Det var nok sant,» mulla det rundt Stogo i den kaldgraae Kvelden.

– Vinden der ute taut og braut, ylte i Skorsteinen og reiv i Dørine. Myrkre auka paa; Verdi stengdest. Dauden stod paa Lur 35i kvar Kraa; ingin kunde vita kven han næste Gong tok ut; snart kunde der vera eit Lik aa bu her i Huse med … «Eg er rædd, Far,» sutra han Gunnar.

«I Kveld gjekk eg kje aat Fjose aaleine, um det galdt Live mitt!» sa ho Marta kulsande.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.