Fred

av Arne Garborg

IX.

Skulen var ventande; og Anna gledde seg til dette.

Den Vìka kvar Haust og Vaar naar Skulen var i Huse, det var ei gild Tid. Vel fylgde det Uro med Skulen, og ikkje so lite Stræv; men so var der og so mykje som var huglegt. Berre aa sjaa paa alle desse friske Borni –; mang ein tung Tanke kunde det drive burt. Dei tok Verdi lett, dei smaae; dei hadde kje mykje Bry for den Dagen dei ikkje saag, dei. Det kom deira Tid og; men so hadde dei det no godt so lengi det varde. Og so lika ho so godt aa sitja inne med Rokken og høyre paa, naar Skulemeistaren spurde Leksune. Dei Stundine hadde ho reint godt av. Um ho ikkje lærde so mykje nytt, so fekk ho daa friske paa mangt som kunde vera gløymt; og so mintest ho so godt den Tidi daa ho sjølv var lita. Jamenn var det ofte so ho totte ho livde sin eigin Barndom uppatt i desse Timane.

90Og naar det leid til Kvelden og Skulen slutta, og Skulemeistaren sette seg til millom Husens Folk og rødde med deim, so kunde det vera ikkje mindre gildt. Mykje kunde ein faa Greide paa som ein aldri hadde visst; og um dei kom til aa skjemte og læ, so vart det daa aldri noko Heigraskap.Forfatternote: He(i)graskap: Uvitingskap. Dei hadde vorti so kjende med han Tarald Aksdal, at det var mest som han skulde høyre Huse til; og det vart Sorg baade paa store og smaae her i Haust, daa det vart til det at han skulde gjeva upp Skulen.

No skulde dei hava denne unge Son hans Torkjell Tualand, han Tønes; so det kunde vel spyrjast, um det vart fullt so gildt. Dei kjende kje denne Guten; han hadde vaksi upp hjaa ein Farbror sin lenger sør, og dei visste berre at det skulde vera ein Raring. Aldri hadde han haldi Lag med hin Ungdomen, og aldri hadde dei fengi han til aa arbeide; han berre vilde lesa og skrive, han; og dei sa endaa, at han dikta Visur; so hadde daa Farbror hans sendt han av paa denne nye Skulen der sør, «Lærarskulen» dei kalla, so han kunde bli Skulemeistar. No fekk me daa sjaa. Glup til aa skule laut han vel vera, naar han hadde vori av og lært det; og det kunde vera godt det au, helst for han Gunnar. For det gjekk 91smaatt med Gunnar i dei boklege Ting. Han hadde nok Hovud, men det vanta paa Hugen.

Underleg nok høyrdest det elles ut til at Guten sjølv gjerne vilde i Skulen no. Men dette hadde sin serskilde Grunn, som ho Anna ein Dag fekk høyre.

Far hans hadde gjort han ei Skinnbrók; og den skjemdest han so av, at sidan han fekk den, hadde han vori reint som rædd Folk. Mest skydde han sine fyrre Leiksysken, Borni hans Per der nord; men so hadde no og ho Litla-Olina lætt aat han au, daa ho fysste Gongen saag han i Skinnbrok. Tresko hadde han og fengi, som han ikkje var stort gladare i. No visste han at i Skulen fekk han gaa sundagsklædd; og dette gledde Ungen seg so til, at han reint gløymde Uhugen til Boki.

Mor hans laut læ. «So hev daa Skinnbrøkane vori gode for einkvart,» sa ho.

– Men noko leidt skulde det koma her og. Det var reint som det var utgjort.

Det var nokre Dagar etter at «Jesusbarne» fraa Heialand var komi, – ein litin myrkleitt Gjentunge som heitte Jorina.Forfatternote: Jorina, Serina, Maria osfr., i det heile alle tristavde Ord, vert ut-tala med tvo tunge Stavingar og ei lett (– – ᴗ), ikkje Jorina, Maria osfr. Tonefalle for «Anna», «Marta» osfr. er: – –; ikkje – ᴗ. Dei sat kring Kòla ein Kveld; Enok banda Byttur, Anna og 92Marta spann, Gunnar og Serina sat og las, og Jorina karda.

Med ein Gong spruta ho Marta i og lo. Det munde vera so løgi det ho tenkte paa, at ho kunde kje halde seg lenger.

«Eg kann kje anna, eg maa læ», orsaka ho seg; so fortalde ho:

Ho hadde stadi utmed Brunnen i Dag, og der hadde ho set denne halvgalne Student Olsen koma svingande. Han gjekk med lang Frakke og Flosshatt og Stav og var so stram og strak, at det var reint Skìl paa. Men so var det det at Vegen var full av Snø, so han kunde kje faa svinge seg som han vilde. Han var paa Storlùna si reint, gjekk med Hovude i Nakken og Nasen uppi Lufti; men den rette Svingen kunde han kje faa paa seg med alt det han dibba og dabba; aa, det var so løje, at –! «Men – hi-hi! – det munde vera haalt paa Vegen eller kva det var; hi-hi; med ein Gong rauk han baklengjes so lang han var; Rauvi i Snøfonni og Føtane til Vêrs; og Hatten til den eine Kanten og Staven til den andre; og Olsen til aa banne so det lyste um han; hi, hi, hi! eg lo so eg hadde mest vondt av det.»

Dei andre lo med; berre Enok sat streng og aalvorleg og banka paa sine Bytteband. So saag han upp; glodde paa deim.

93Det vart stilt. Kvar tok til att med sitt; ho Marta vart raud og lét Rokken snurre.

– «Me skulde nok ikkje læ», sagde han Enok. «Jesus lo aldri.»

«– – Ja tru det nyttar for oss aa mæla oss med honom …» Anna hadde stogga Rokken sin og stelte med Snella noko.

«Me skal no fylgja hans Eksempel. – Og so skulde me hugsa paa, at me skal gjera Rekneskap paa Domedag for kvart unyttigt Ord, som me heve tala.»

Rokkane kapp-surra.

– «Det stend kje so i mi Forklaring», vaaga ho Jorina seg til, med Kremting og Raudning.

«Kva stend det der daa?» spurde Enok fjaagt; han lika nok dette «Jesusbarne.»

«Det stend: ‘hvert utilbørligt Ord, som I have talet,’ hm»; ho var raud som ei Glo.

«Aa; hev du fengi fat paa den galne Forklaringi du au. Ja, den skal du brenna, Jorina. Eg fær heller kjøpa deg ei ny, naar eg kjem til Byn att.»

Anna og Marta sat og glodde.

«Kva seier du; er ho ikkje rett, den nye Forklaringi?»

«Der er tvo nye Forklaringar; ei kann vera rett nok, men den andre er vrang.»

94«Ja men … kann dei ha Lov til aa gje ut slikt daa?»

«– – Dé veit, der skal koma falske Kristi og falske Profetar i dei siste Tidine. Og dei skal vera so fine og sløge at dei skal forføra dei utvalde au, um det var mulegt. Denne Presten Wexels er nok slik ein falsk Profet. Gud hev gjevi han yvi i kraftige Vildringar, at han skal tru Lygni.»

«Det var fælt.» Rokkane tok til aa svive att.

– – «Aa ja», sukka Enok; «det er fælt. Ein maa berre beda Gud vara seg … og fri oss fraa det vonde. – Ja tenk, han er komin so langt at han trur der er Naade for deim, som er i Helvite.»

«Nei men –! kann han vera so forblinda?» Rokkane stana …

«Og dette hev han endaa sett inn i Forklaringi si, so dei einfaldige skal tru det er det reine Gudsord.»

«Kann det vera Raad.»

«Ja ein skulde kje tru det.»

Det var reint stilt i Stogo. Ho Jorina som sat lengst bak drog seg nærare inn aat Ljose.

«Og han skal vera Prest, – totte eg du sae?» spurde ho Marta.

«Ja Prest er han.»

«Ja men han er daa kje Prest no,» 95meinte Anna; «han kann kje forretta i Kyrkja, veit eg?»

«Me fær vona det. Men han fær gje ut Bøkar, og det er verre. Han kann forføra fleire med det.»

«Eg kann kje forstaa sovore.» Rokkane surra, smaatt og fortenkt.

«– – Han fær vel si Straff … paa den store Dagen,» sagde Enok; han banka og slog som han skulde havt Presten under Hamaren sin. «Det stend, at ‘hvo som forarger en av disse smaa … ham var det bedre, at der vart hengd en Møllestein om hans Hals og han blev nedsænket i Havet’.» –

«Men at Presten vaar kunde vilja innføra ei slik Bok … det forstend eg ikkje.»

«Det var det at ho var autorisera; og so meinte vel han at han kunde vera trygg. – Det er nok ei Straff, Gud læt gaa yvi oss, for me ikkje vyrder Sanningi som me skulde. No læt han oss faa Lygn, av di han ser at me elskar Lygni.»

«Ja–ja.»

«Men ikkje skal mine Born gaa paa Skulen; og ikkje du Jorina heller. Me er rædde for aa gje Borni vaare Forgift; men er kje dette mykje verre Forgift, – som drep baade Sjæl og Lìkam tillike i Helvite! – Eg fær til aa skula dykk sjølv. – Gud vil gje meg 96Stundir til det au, naar han ser at det er so naudsynt.»

Anna glytte burt til han Gunnar, Stakkar; – aa nei, slike stygge Augo han sette paa Far sin.

– Og no fekk kje ho heller nokon Hugnad av Skulen. Ikkje vilde ho sitja og høyre paa, at Skulemeistaren gjekk og prenta falsk Lære inn i dei stakkars Borni.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.