Fred

av Arne Garborg

VIII.

Det vart stilt i Huse.

Hans var flutt; ho Marta vilde flytja so snart ho slapp til; alle gjekk og sturde og tagde. Men Treskorne hans Enok klakka og banka Huse rundt snart her og snart der, og det tasla og skraava i Skinnbrøkane hans som Kviskring i Kræane. Det saag ofte ut som han gjekk paa Lur; ein visste aldri rett kor ein hadde han.

Ute song Nordvesten sin tunge Song. Det braut i Novine og blistra i Karmane. Lufti var graa av Snø som dreiv; og Jordi laag frosi og stiv og daud, med svarte Flekkir og skitne Fennar.

Folk var mest aldri aa sjaa. Det var som dei var rædde. Ymse Segnir gjekk vel i Bygdine no um han Enok Ut-Haave. Av Gardsfolk kom det kje andre enn han Per der nord; han hadde nok og fengi som ein Kvekk i seg av det, som hende her i Haust med han Napolon. 73Men det dovna snart av att med Heilagdomen hans Per; og so vart han au burte. Det kunde vera soleis stundom, at ho Anna var glad berre det kom eit Legde-Menneskje til Hus, ja um det so var Fantar; det var daa eit Umskifte. Litegrand Drøs vart det gjerne au, so vidt ein fekk høyre Manna Maal og ikkje stødt sat nedtyngd av denne Stilla.

Gamle Legde-Guri vart til stor Hjelp; ho hadde fengi det godt for seg i seinare Tid og kunde røda med han Enok. Skral var ho, sjukleg og einøygd og halt; men endaa var der Vìt i henne; og mang ei lang Skoming og mang ein seig Kveld fekk ho til aa gange i Samtale med han Enok um Blode og dei fem Saari, eller um Sattan og dei høge Freistingar; stundom antrast dei au. Det kunde vera vent aa høyre paa sùmetider; og Guri sa Enok Ting, som han kunde hava godt av; serleg um det at han «brydde seg med for mange Ting». «Kun ét er fornøden!» – smilte Legde-Guri.

Ein hende Gong kunde det koma ein av dei gamle Hauge-Venine; daa vart det svært gildt. Dei hadde ein mildare Maate enn han Enok, og ho meinte han maatte hava godt av aa røda med deim. Elles kom dei godt til Lags med han. Han var nok vel strid i sùmt, totte dei, helst i Smaating; Gud kravde kje slikt av oss; og det kunde føre til Sjølvrettferd 74og Farisæardom. Men Enok greidde seg. Det hadde vorti hans Hug no, sagde han, aa lata Gud raa i alt; og «derpaa skulle vi vide, at vi kjende Gud, at me holde hans Bud!» Daa sukka dei gamle og sagde: «du er høgt benaada, Enok. Men du maa ikkje vera for trygg!»

Ein Laurdagskveld kom Lars Danielsen fraa Nese. Daa fekk ho Anna slik ei god Von. Kunde den Mannen faa Tak paa han Enok, so vilde visst mangt besne. For Lars var upplyst og klok, attaat han var gudeleg. So var der og slikt eit godt og lindt Lag med han, og han hadde ei serskild Gaave til aa stelle seg med Folk. Han og Enok striddest mykje, og tokst heller hardt um sùme Ting, serleg um den «evangeliske Frihed»; Lars heldt fyri at Enok gjorde Evangelie for mykje til Lov; og det vilde kje Enok høyre. Men i Grunnen samdest dei godt. Det var berre ein Ting som galdt for deim baae: «Jesus Kristus og ham korsfesta.» Og naar ein samdest um det, kunde ein godt bera yvi med kvarandre i mindre Ting; «hvo som æder, foragte ikke den, som ikkje æder,» sagde Paulus. Dei heldt Bøn saman um Sundags Morgonen; og Anna totte det saag reint godt ut.

Men endaa vart dei Uvenir fyrr dei skildest.

Enok vilde kje laane Lars Hus til Uppbyggelsar. At Lars vitna «for sin Bror, naar 75han møttest med han paa Vegen», det var rett nok og godt; men tala Guds Ord i Forsamlingi, det hadde ingin Rett til utan dei som av Gud var innsette til det. Gud var ein Ordens Gud; han hadde sett kvar i sitt Kall og vilde at me skulde tena han der; han brydde seg kje um sjølvbedin Dyrknad. «Om vi have en Tjeneste, daa lad os tage vare paa Tjenesten», skreiv Paulus. Striden vart hard; og det fall djerve Ord. «Du maa kje tru anna», sa Enok, «enn at eg au hev vori freista til aa fara um og halda Uppbyggelsar; Kjøte freista meg sterkt ei Stund; for der var Æra aa vinna med det, og maklege Dagar» (Lars kremta og raudna); «men eg spurde meg fyri i Guds Ord; og der fekk eg tydeleg Upplysning. Naar du uppkastar deg sjølv til Lærar, sa Aandi til meg, so forsømer du for det fysste ditt eigi Kall; men du gjer det som verre er: du lastar Gud. Du segjer liksom til Gud, at han ikkje hev gjevi oss Lærarar nok; eller gode Lærarar nok; at han ikkje hev stelt det godt nok aat oss, so at du tykkjest maatta hjelpa ‘n; men det er aandeleg Hofferdigheit, Lars, og Synd.» Lars forsvara seg baade kvasst og godt; han hadde Kalle av Aandi, um han ikkje hadde det ytre; mange var Leigesveinar, um dei aldri so mykje hadde Kongebrev … Men Enok gav seg ikkje. «De Myndigheder, som ere, er forordna av Gud! 76– Og me skal kje setja oss imot Guds Forordning, um me aldri so mykje tykkjest ha «Kall» til det; det Kalle er kje av Gud; det kann likso godt vera av Kjøte.» Dei skildest med Bønir til Gud um Upplysning for kvarandre, og Lars var heller raud i Andlite daa han gjekk. –

– Dei einaste Dagane ein kunde hava det paa vanleg Folkevis, var naar han Enok var burte.

Ein Dag var han paa Aase i Fatig-Kommissionen; og endaa Kvinnfolki hadde Klædevask, og endaa Gunnar maatte liggje i Kjeldaren og pìla rotne Jordeple, vart det mest som Høgtid i Huse. God Mat vanka der, og Drøs og Laatt; men Gunnar pìla ei halv Bytte Eple i rivande Hast og sette seg so til i Kammerse med Karjolen sin, som han aldri fekk arbeide paa no, sidan han Far vart soleis.

Det var eit raatt, kaldt Vêr; Snøen fall blaut og tung, og Lufti var sur og uhugleg. Ein Kopp Kaffi skulde smaka godt no; og ho Anna hadde att litegrand fraa fyrr; det maatte ho daa ha Lov til aa brùka. Elles kom kje han Enok heim fyrr i Kveld. Og Gjenta var van med ein Kopp Kaffi paa Vaskedagar. Snart stod Huse fullt av frisk, god Kaffidaam, og Kvinnfolki vart so blide og glade, at det baade lyste og lo av deim.

77Men um det var eit Hende eller det var Fanteskap: daa Kjelen koka som best, kom han att, han Enok.

Ho høyrde han i Gangen og kvakk so ho fekk vondt. Kjelen av Kroken og burtunder Benken; Hjarta hamra og Øyro song … so gjekk Døri upp; og Enok stod der.

– – Berre stod der.

Ei fæl Rædsle var det som fylgde han; ho hadde kje gjort noko vondt, og endaa vart ho som lam; Stiringi hans kjende ho i Ryggen. Og det vart svart og stilt ikring henne som fyri eit Uvêr.

«Er det paa den Maaten du er Mannen underdanig … ligesom Herren», kom det seint og kaldt.

Eit innvondt, tungt Sinne koka upp i henne, og ho fann det ho skulde svara –:

«Det var vel kje Meiningi at eg skulde kasta ut den Kaffien som var att?» Ho stod med Ryggen til han og studde seg innaat Benken.

«No skal du kje gjera Hjarta ditt til ei Røvarkula, Anna. Du visste godt at eg vilde kje dette. Det var difor du vilde lura deg til med det naar eg var burte. Men der er ein som ser alt; og han stelte det so, at eg kom yvi deg. No kann du lata det vera deg ein Lærdom til ein annan Gong. Noko Kaffislabberas 78skal der kje vera i mitt Hus; og vil du kje sjølv slaa ut dette Brennvatne, so skal eg gjera det.» Han kom nærare.

«Slaa ut – Guds Gaavur!» ho laut setja seg beint ned. Ho hadde aldri høyrt so fælt. Dei Augo ho sette paa han var so skræmde, at han vart mest uroleg.

«Hadde det endaa vore Brennevin!» heldt ho fram. «Men eg hev daa so mange Gongir havt godt av ein Dròpe Kaffi, helst naar eg hadde denne Verken under Bringa; – og det ser nok ut til, at den skal … faa halda paa …» ho kava med Graaten.

– «Er du sjuk, so skal du beda Gud um Hjelp; det er han som straffar deg for Syndine dine.»

«Eg tenkte me skulde brùka dei Raadine han hev gjevi oss, eg», hiksta ho.

«Beder for kvarandre og bekjender Synderne for kvarandre, at I kunne læges, stend der.»

Men no skulde han ha det; ho var so harm, ho vyrde inginting –:

«Eg visste kje anna enn at eg au skulde ha eit Ord aa seia her i Huse. Eg kom daa kje so naki til Gards. Men» … skræmd av sitt eigi Mod skunda ho seg aa falle av att. «Naar der aldri skal vera Fred aa faa, so … fær du vel truga deg fram i alt; du veit, eg er 79berre eit stakkars Kvinnfolk og … hev ingin til aa … forsvara meg …» Graaten kom; – «og naar det er so … at du ikkje timest til aa … unna meg so mykje ….»

«Der maa vera reint noko Djevelskap i denne Kaffien, naar han kan vera so kjær for Kjøt og Blod. Dess gladare skulde du ofra han, – liksom eg ofra Tòbakkje.»

Han kom fram og tok Kjelen; gjekk so aat Bakdøri.

«Ja spøkjer kje dette for einkvart –!» ropa ho rædd. «Det kann koma den Dagen, daa du vert so fatig at du lyt beda um ein Kopp Kaffi for Guds Skuld!»

– «Eg og alt mitt er i Guds Hand,» sagde han, mest skræmd. So gjekk han ut og slog Kaffien paa Dungen.

Daa han kom inn att, var ho Anna i Seng. Han forstod nok kva det var: ho vilde paa si Kvinnfolkvis skræme seg fram; men han fekk gange Guds Veg han, so gjekk det vel yvi. «Kor er han Gunnar?» spurde han.

«– Eg totte du jaga han aat Kjeldaren i Dag», sukka ho innvondt.

I det same rørde Gunnar paa seg ut i Kammerse. Han munde ha høyrt det. Stakkaren hadde kje tort lìda seg heile Tidi sidan Far hans kom; no fekk vel han og svide. Ho breidde Dyna yvi seg og vilde kje høyre meir.

80Men daa Gunnar fekk Ris uti Kjøken, skreik han so jammerleg at det nytta kje korkje Dyne eller Dott. Ho høyrde alt; og det skar i henne som med Knivar. Ho fekk ei Skjelterid so ho vart mest rædd; krabba upp i Sengeskaape og tok Hoffmannsdropar. Men daa Enok kom inn, fekk ho segja han eit Ord so brennande, at det gjorde henne godt langt inn: «du fær be’ Marta koma upp; eg kann maatta ha Bod etter Jordmori!» –

Og Gudskjelov; ho saag at det gjekk i han Enok. –

– Men Gunnar laag i den svarte Eplekjeldaren og harma seg paa Far sin og grét.

Aldri fekk han den Karjolen ferdig! Men det laut bli ei Raad lel. Han fekk arbeide um Sundagen.

Annan-kvar Sundag var det Preike i Aasekyrkja; daa gjekk han Far dit, og so var Gunnar fri. Det var berre den skarve Leksa; men den fekk han heller lesa paa um Laurdagskvelden.

Men daa næste Preike-Sundagen kom, fortalde Enok, at han vilde slutte med Kyrkjegonga.

Han hadde ingin Vanvyrdnad for Embætte; det var ikkje det. Og han visste at Orde var like godt for di um det vart forkynt av eit Verdensbarn. Men Gud vilde at han skulde 81vera Prest i sitt Hus. Til Kyrkja kunde han kje faa alle med; og naar han gjekk burt, var han rædd det gjekk ymist med Gudstenesta heime; dermed fekk han halde seg til Husar sjølv, so at ingin av hans skulde vante Næring for Sjæli.

Gunnar grein av Sinne; so tok Graaten han. Og han fekk Ris so han mest vilde kikna. Dermed var den Voni sløkt. Og Sundagen vart den verste Dagen i Vìka.

– Men for Enok var det den sælaste.

Daa fekk han forlyste seg i Orde fraa Morgon til Kveld, reint som svire i Orde og Naaden. Gud førde han paa sine grønaste Beite og til dei klaaraste Kjeldur; han fekk feite seg som Øyk i Eng og solke seg som Barn i ein Solbakke.

Fraa Buakammerse vart det grøne Borde flutt inn; det skulde vera aandelegt Matbord, liksom det raude Borde var Matbord for Lìkamen. Leseborde vart sett millom Vindaugo under Spegilen, so der kunde vera ljost; Matborde maatte nedi Myrkekroken ‘med Døri. So stod Enok ved Leseborde og var Prest i sitt Hus, og Andlite smilte med sin himilske Smil; og Munnen svelgde og smatta som i Vellyst.

Aa, kor godt og trygt det var aa vera her saman med Jesus i den søtaste Kjærleiks 82Umgang. So kunde det gjerne storme der ute; og Himilen kunde gjerne vera graa og kald. Og naar dei svarte Tréi der ute susa og skreik um Vinter og Daude og all Tings Faafengd, so kunde me herinne svara med Fagnarop; kva skilde det oss um Verdi var kald, naar me hadde Soli og Ljose midt ibland oss?

Men i Skùmingi, naar han ikkje saag lenger, sette han seg ned og rødde um Gud. Fortalde kor godt han hadde det no, og kor vondt han hadde havt det fyrr; forklaara kva Gud hadde synt han og lært han sidan sist; tok uppatt fraa Tekstine slikt som han hadde merkt seg iser, og gjorde Tilmaatingar av det paa deim som var til Stades. Ho Anna kjende ofte at det var henne det galdt; han Gunnar fekk sitt kvar Gong, han; og var Marta inne, so var der eitkvart aat henne au, mest for di at ho gjekk paa Garden um Sundagen istadenfor aa vera inne aa tena Herren.

Gunnar var reint raadlaus i Fyrstningi. Alltid laut han sitja inne og høyre paa; men so sovna han, og daa fekk han Ris. Sidan laut han staa ved Borde, naar Far hans las, um han daa kunde halde seg vakin. Det hjelpte eitgrand. Men Johan Arndt var uendeleg. Der var «syv væsentlige Stykker, som hørte med til den sande Kristendom,» og um Gunnar stræva aldri so hardt, so klara han 83seg kje lenger enn til midt uti det tridje. Endaa stræva han ei Stund; stræva; stræva; reiv seg i Augo; tenkte paa Rise; «men dette er Troens sande Fundament og Grund … og ingen kan komme til Gud uden en sand Erkjend …» Rise, Rise; «thi der er ikke Salighed i nogen anden, ei heller er der noget Navn …» Gunnar dubba. Dubba og skvatt uppatt; dubba … og skvatt uppatt. Dub–ba … og sov. Aah!! – vakna av ein Smell; det gjekk kvitt for han, Skodd; uf, der var han Far; – Rise; han maatte vakne.

Men han fann ein Utveg tilslutt likevel. Det gjekk betre naar han ikkje høyrde det Slag paa han Far, men berre tenkte paa Karjolen. Korleis Karjolen skulde vera; korleis han vilde gjera det og det; kor han skulde faa Maaling ifraa, og kva Maaling der skulde vera paa kvar Ting. Dette tamde han seg upp i etterkvart, so det stundom mest vart likso gildt som han skulde havt Karjolen for seg. Sidan fann han paa meir, bygde Kvernhus, gjorde seg Baatar, tenkte ut ei Greide som han skulde kunne gange paa Vatn med; tilslutt vart denne Tankeleiken so gild at han dreiv ‘n til andre Tider au, og ikkje berre um Sundagen. Men harmelegt var det aa sjaa, at ho Serina skulde hava det so godt; ho lurde seg berre attum Stolen til Mor si ho, naar han 84Far las; og der sat ho og blunda og sov so mykje ho vilde. –

– Enok skỳna at her vart nok Strid. Men han fekk berre vera glad. Ein Jesu Fylgjesvein skulde hava Strid i Verdi.

Og han skulde nok vinne; for no hadde han Hjelp. Hjarta henner Anna bøygdest nok naar Tidi kom, og Borni var han heller ikkje rædd for. Dertil bar han deim for trutt fram for Gud, og lét Anden verke paa deim gjenom Orde seint og tidleg. Og um Gud kannhende vilde prøve han ei Stund, so skulde han kje tapa Tòlmode. Med Gunnar var det verst; den gamle Adam var svært sterk i honom; men Gud vilde nok hjelpe. Og so hadde han gjevi oss ei herleg Gaave i det mjuke, kvasse Bjørkeris. Aa, for ei sæl Stund det skulde verte, naar han ein Gong kunde segja med Gideon: her er eg, Herre, og alle dei du hev gjevi meg!

Verdi vilde spotte og læ, og Folk vilde tru han var galin; men aa bli hædd og spotta for Jesu Skuld var det sælaste av alt. Og som Arndt sagde: di meir ein vart hædd av Heimsens Born, di vissare kunde ein vera um sin Kristendom. Det kom nok den Dagen, naar han kunde læ og dei laut graate.

Den verste Striden fekk han vel med seg sjølv. Um han fekk vera paa Tabor no, 85so maatte han kje tru at det skulde vara æveleg.

Han visste kor han var veikast, og kor Sattan vilde setja inn; Elsk til Verdi og Sorg for Næring hadde alltid vori hans Kjælesynd. Her var det daa det galdt um aa vera paa Vakt. I sitt Hjarta hadde han sagt Verdi fraa seg; no galdt det aa trengje ho ut or Tankar og Hug, so ho ikkje skulde snikje seg innpaa han att. Vaka og beda; vaka og beda; syvjast han aldri so lite, kunde Fienden snart faa eit Tak.

Han bad til Gud um eit sterkt Ord til aa stengje Verdi fraa seg med; og daa han ein Dag i desse Tankar slog upp Bibelen, fall Augo hans paa det Jessu Ord: «Sørger ikke for den Dag i Morgen.»

Der var Orde. Han lyfte Augo til Himilen og takka Gud. Med det Orde kunde han stengje Verdi fraa seg som med ein Koparmur.

Ikkje tenkje lenger enn han saag; lìva heilt med Gud i den Stundi han aatte; det var Tingen. So snart det kom ein Tanke paa «sidan», ei Sut for Framtidi, ein Draum um komande Ting, – «sørger ikke for den Dag i Morgen!» vilde han segja til seg sjølv, og Sattans Kunstir vilde brotne.

Han vart vaat i Augo av Glede og Takk. Kva hadde det paa seg aa slaast med Satan, 86naar Gud sjølv gav han si fulle Rustning! For ein Rikdom av Styrke og Kraft der laag i kvart minste Guds Ord, berre ein hadde Andens upplatne Augo til aa sjaa med!

– Og Enok vandra i Ljose. Han slog ein Bøne-Ring um dette «her» og «no», og livde med Gud i Augneblinken. Daa var det som alle jordiske Tyngdir og Sutir lyftest av. Han sat gøymd i Gud som inni ei Skjoldborg.

Alt som ikkje tydeleg var Guds Vilje vart uhuglegt. I uklaare Tilfelle gjorde han det som baud mest imot for Kjøt og Blod; daa kom han Guds Vilje nærast. Og Andi vitna daa med han, at han var paa rett Veg. Men var han veik og gjorde etter Kjøte, vart han strakst uklaar i Samvite. Det kom som Skyir for Soli; det kolna og myrkna i Hjarta hans. Anden arbeidde i han all Tid, so at Samvite vart for kvar Dag gløggare.

Han las i Testamente det store Domar-Orde som skal skilja millom vonde og gode paa hin Dagen. «Dei svoltne gav dé Mat; dei tysste gav dé Drykk; dei framande tok dé til dekon; og so mykje som dé hev gjort mot desse minste Brørane mine, det gjorde dé mot meg!» Og han snudde seg til Kona si og sagde: «Høyrer du Anna? Han Far vil, at me aldri skal negte Fatigfolk Mat eller Hus. 87For det me gjer mot deim er som me skulde ha gjort det mot Jesus.»

Ho Anna vreid seg. «Du veit her gjeng mange,» freista ho. «Det skal du kje syte fyri,» sagde han. «Di fleire her kjem, di større vert Løni vaar i Himilen!» –

Ein Dag kom han med eit nyt Paafynster. «No ska du faa eit Jesusbarn i Huse,» sagde han.

Ho saag paa han; kva tru han no meinte.

«Enkja paa Heialand,» heldt han fram, «var her og klaga seg so av Naudi; og so laut eg lova aa taka ei av Døtrane hennar til oss, so det kunde verte litt lettare for henne. Eg veit det er Guds Vilje; og eg kann kje tru at du hev noko imot det?»

Anna sukka tòlmodigt og tungt. «Kor gamal er ho?»

«Ho er paa Lag tolv Aar. So ho kann verte til Hjelp for deg au … no, naar ho Marta flỳt fraa oss.»

«Ja me skal daa vel ha Gjente att?» – ho vart uroleg.

«Kann du finna ei Gjente, som held seg til Frelsaren, so kann du ta henne … men noko Verdensbarn vil eg kje vìta av meir.»

Anna snudde seg ifraa han.

«– – Eg vil kje feste Dreng heller», tok han frami att og gjorde seg fjaag. «Eg veit at Gud er sterk i den veike; og han vil nok hjelpe 88meg. Og kann han hjelpe meg, so hjelper han deg au, naar du bed til han. Ho Serina tek au til aa vitrast.»

Berre ho kunde skyna, korleis det var med Vìte hans – –

«Det er kje anna enn Vantru aa halde Tenarar. Det er som me ikkje trudde Gud kunde hjelpe oss med det Arbeide han sjølv hev lagt paa oss. Me skal berre tru. Hadde me Tru som eit Senapskorn, so kunde me flytja Berg, veit du.»

«Ja … naar du plent vil ha Ende paa meg, so –! Eg er snart so lei av meg», kom det med graatkvævt Maal, «at det mest kann … vera det same.»

«Du skal sjaa det gjeng betre enn du trur!» trøysta Enok. «Han hev all Magt i Himilen og paa Jordi; det vesle Stræve ditt er inginting for han. Gud er sterk i dei veike; du skal berre hugsa det; – og so beda.»

Han trampa i Veg paa sine Tresko og saag blid ud. Anna stod etter modlaus og mødd; Taarir rann, men ho kjende det ikkje.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.