Fred

av Arne Garborg

XIX.

Det vart ein god Vaar og ein fin Fyrisùmar; Folk gjekk og smilte til kvarandre og var snilde mot kvarandre; vilde han halde seg som han no saag ut, kunde me vente eit Krunaar.

Men ut-mot Jonsoktidir versna det. Væta minka av og Hìten tok til; og det kom som ein Stur yvi Eng og Aaker.

Folk gjekk og skygnde etter Teikni paa Himilen; kvar Kveld saag dei ut-i Have etter ein Regnbakke, og kvar Morgon mot Fjellgarden etter ei Sky. Men Skyine kvarv, og Bakkane i Have var Skodd; men Soli steikte og brende som ein gloande Eldomn.

Vonine seig og seig; Folk ræddast og tagna. Lufti stod som ein Moe, ein Eim, ein tett, brennande Dis; der var kje eit Pust og ikkje eit Drag; alt livande laag og geispa og tyrste og maatte forkomast.

204Eng og Aaker raudna og kvitna. Myri vart til Voll og Tjønnir og Votn til Fæn. Bekkir og Æar turka burt. Smaafisken vart liggjande etter i Sanden og kovna. Um det daa ikkje var Myrgrunn, so han kunde faa grava seg ned.

Enok øvde seg i Tòlmod med Guds Hjelp. Han visste det var ei Røyning, og han visste at me skulde kje røynast yvi vaar Magt. Gud fekk syte for Morgodagen. Det var kje so spelegt med desse jordiske Ting, naar ein hadde sitt Liggjandefe i Himilen.

Og han fekk Naade til aa stande, endaa Djevelen ofte var leid med han.

Mange høyrde etter, naar han paa Kyrkjevegen lagde ut um denne Røyningi, som Gud sende oss for vaare Syndir. Me skulde umvende oss, men ikkje fæle; han, som mata Ravneungane og klædde Lilja paa Marki so ho var gildare enn Kong Salomon, skulde kje han og kunne syte for oss? Dei sukka no, dei som hadde gjort Narr av han fyrr, og ynskte dei kunde hava det likso godt og trygt som han Enok Haave.

Ja soleis var det med Verdensborni. Naar det gjekk godt, brauta dei og lo; men bar det imot, so sutra og jamra dei og misste Mote. Men Gudsborni stod i Livsens Hav som Fjell, like trygge i godt Vêr som i vondt; – berre me kunde halde fast paa Naaden. Berre ikkje 205sleppe Frelsarhandi. «Ja hald du meg fast, Herre! – for i meg sjølv er eg kraftlaus.»

Hugen til Orde og Bøni var komin att, so han visste at han lìvde. Og sjeldan var han utan Rettleiding i det han gjorde; han kjende seg dømd i seg sjølv med Samtykke eller Tukt. Striden mot Satan var strengare enn fyrr; var han lat berre ein Augneblink, visste han kje kvar han kunde finne seg att, kannhende midt inni dei grovaste verdslege Tankane. Han maatte stundom spyrja seg sjølv, um Guds Aand kunde bu i eit Hjarta som var so uppfyllt av Synd og jordisk Sut. Men Aanden trøysta han, so han endaa i sine myrke Stundir fekk kjenne Vitnemaale i seg, at han var Guds Barn.

Til stor Hjelp og Trustyrkjing var det for han naar han saag at Gud kunde brùka han til Reidskap i nokon Ting; soleis saag han med Glede paa det Huse som reiste seg no der ned i Ramstadheiî, og som han hadde fengi hjelpt til med aa byggje: Huse hans Tomas. Kven veit um det ikkje var som Presten sagde: at Tidi var komi for Fantane no, og at Gud i sin Naade her vilde fullføre eit stort Verk? Eit Naadeteikn var det og, at Gud hadde sett han inn i Skulestyre; naar han det hadde gjort, laut han hava som ei Tiltru til han, ein Vilje til aa brùka han i Vingarden sin. «Aa Gud! gjev 206meg Visdoms upplatne Augo, at eg kann forvalta so høgt eit Kall retteleg!» –

So hadde og Gud hjelpt han til Rettes med noko i Huse som stundom hadde pint han; og han tottest paa ein sers tydeleg Maate sjaa Guds Finger her.

Det var i dette Tvilsmaale um Tenestgjente. Han saag at ho Anna hadde det stridt og ikkje var sterk; men so var det Spursmaale um det ikkje var Vantru aa søkje Menneskehjelp, og um det ikkje kunde vera Meiningi at ho Anna skulde under Tukt ei Tid, um ho paa den Maaten kunde koma til Umvending.

Men so hende det tvo Ting.

Fysst tok Gud Jorina ifraa deim. Mor hennar vilde hava henne heim; eldste Dotteri hadde fengi Teneste. Nokre Dagar seinare kom han Rasmiss Skare, Halvbror hennar Anna, ein utarma Gardmann som hadde fengi Hjelp av Enok stundom, og mest bad deim um aa taka Dotter hans til Tenestgjente. Ho Maren gjekk berre i Vegen heime, sagde han. Daa forstod Enok Guds Vilje; og han tok imot Gjenta med Takk. So varmt priste han Gud for denne Styringi hans, denne forunderleg tydelege Styringi, – at ho Anna snudde seg burt; ho kjende at ho raudna.

Dette Aare bad han um «godt og tjenligt Veir». Som Presten sagde: Gud vilde me 207skulde koma til honom med alle Sutine vaare. Liksom gode Born: dei røder med Far sin um alt, endaa um det minste og styvnaste. Daa det leid yvi Jonsok fekk dei litegrand Regn, so vidt Engi retta seg nokorlunde; so fekk me elles trøyste oss med, at Gud kunde faa lite til aa rekkja likso langt som mykje. –

– Dei stod i Aarvollbakken og gnog og slo millom Bærtuvur og mosegrodde Steinar.

Det var ein straalande fin, frisk Morgon; Klokka kunde vera som fem. Og Ljæane beit godt i den tette Doggi.

Men der var lite aa slaa. Dei kunde so vidt skilja millom det som slegi var og det som ikkje var slegi.

«Det betalar kje Kvassteinen!» skvatra Torkjell Tualand, Slaattaren; han stod og brynte Ljaaen sin. «Berre Jonsokblom og Smaastein; skulde aldri ha set slikt. Heh!»

Enok stod og skar ifraa ei Steinrøys; so var det aa kvetja for honom med. Klingande friskt song Bryningi ut i Morgonlufti med sin glade Laatt. Og Fuglane song med. Lerka tirla av sprengfullt Bryst; og det anga sterkt og søtt av nyslegi Vallhøy.

«Me skal kje finna aat Vaarherre, Torkjell; det er han som sender baade Sol og Regn.»

«Ja men Hævd maa me skaffa sjølve», meinte Tualand’en. «Hadde du dyrka upp dette 208Bròte som du hev gjort med det andre, so hadde du fengi Høy her au.» Ljaaen tok til aa suse i Bakken med stutte, snare Hogg; «me skulde brùka Stutt-Orv paa slik Skarve-Eng», knurra Torkjell.

Enok høyrde kje større paa han. Han stod og heldt Auga med Gunnar og Carolus, som skulde fylgjast med dei vaksne i Aar; det gjekk best med han Gunnar, totte Enok.

Carolus tok det so maklegt at det var leidt aa sjaa. Han stod og brynte i Einingi; so fann han paa Ærend hit eller dit, so han kunde faa kvile; og um han létst arbeide au vart det inginting av; han stod berre og dabba paa same Flekken.

Øve seg i Tòlmod, øve seg i Tòlmod …

Gunnar kom til Far sin, skulde kvetja; han hadde fengi slikt eit stygt Steinhogg i Ljaaen sin.

«Naa?» spurde Enok; «gjeng det kje godt? – Eg tykkjer du er glupare du enn … den som større skulde vera.» Gunnar vart raud. «Ja der kann du sjaa», sagde Enok. «Du totte nok det var stridt aa staa upp; men du ser Han hjelper deg.» Guten vreid seg fraa Far sin med ei arg Geiping.

– «Ja ikkje skulde det vera eg som jaga Ungen upp Klokka tri um Morgonen!» sagde Torkjell; «slike Karar treng Svevn, skal det verta noko av dei.»

209«Daa Jesus var tolv Aar gamall, sat han millom dei skriftkloke i Temple», svara Enok stutt. «Berre hald deg til Gud du, so vert du nok sterk; Morgonstund hev Gull i Munn, veit du.»

Det vart arbeidt i eit Par Timar utan eit Ord. So kom ho Maren, Gjenta, ruslande med Riva og Spøte og skulde breide.

«Godmòr’n, sa Bruri um Kvelden!» skjemta Torkjell.

«Aa ja», svara Maren, «eg er noko sein i Dag, men ikkje for di eg hev havt nokor Brurenott ikkje!» Ho var eit lite rundt Jaaleting paa nokre og tjuge Aar.

«Ja Pigerne skal me kje tru!» – Torkjell skjekkte paa Hovude og smaablinksa.

«Aa du skulde skjemmast, Torkjell!» skjemde Maren; ein saag ho var gjøld. «Du maa kje tru eg gjeng aat Sengi med nokon, fyrr eg hev vori hjaa Presten!»

«Heh! – He-heh! – Ja no maa du driva paa som du var paa eit Dansegolv, Maren; for no hev me stadi her fire Karar i fire Timar, og eg tenkjer det vert so mykje at du fær vel full Stakkebreiddi di. Sjaa deg fyri, so du ikkje breider andre Stadir enn der me hev slegi!»

– Soli vart heit og Doggi gjekk av; det vart hardt og seigt aa slaa i den turre Vollbakken. Dei var burte og bytte Ljæar.

210– «Ja det er mange som fær svelta til Vinteren i Aar, san!»

«Um so er … so hev me visst fortent det.» Enok var myrk.

«Ja naar det raama dei som hadde fortent det! Heh; hjaa Lensmann Aase stend Aakeren so ven at det er ei Syn!»

Enok tagde. Um det likevel kunde vera dei nye Arbeidsgreidune; og Beinmjøle … Vik bak meg, Sattan! –

– Rundt um paa Slaattune sanka Folk seg no um Matspandi sine og heldt Fyridugurd; Gunnar grét mest daa han saag det; han var so svoltin han kunde gange tvers av. Men Guds Vilje var at me skulde eta fire Gongir um Dagen, meinte Enok; og daa skulde me kje skjote inn noko Millommaal etter vaar eigin Lyst; – dei laut i Arbeid att utan Fyridugurd. Gud vilde nok ikkje lata oss hava vondt av at me drygde, til hans Tid kom. Men Carolus hadde stoli med seg ei halv Kake heimanfraa; den lurde han seg no burtum eit Gjerde og aat upp; kom so att knappande paa Broki si, som han skulde ha vori av i eit anna Ærend.

Torkjell slepte seg laus med Drøs; det vart lang Ykt; ein fekk drive Tidi. Fantestykki hans Lensmann Aase vart fortalde; so tok Torkjell aat med Embættsmennane, dette Storherke, som livde av Stræve vaart og brùka 211Magti si til aa snyte seg rike, og det so grovt mang ein Gong, at me andre vilde koma paa Tukthuse um me vaaga slike Varp. Og so gjekk Prestane, som ikkje var likare sjølve, og tøvde um, at desse Kjeltringane var innsette av Gud; neimenn um dei det var; heh! – Etter 1814, daa Storkarane gjorde Uppreist og reiv seg lause fraa den rette Kongen vaar i Kaupenhamn, av di at han var etter dei stundom og tukta deim, – etter den Tidi hadde me kje havt lovleg Regjering i Lande. For at me skulde vera under Sverig hadde aldri vori Guds Meining; men av Svenskekongen fekk Storkarane Brev paa at dei skulde faa raade seg sjølve; og so selde dei Lande til Sverig for dette; so at no var det Svensken som innsette Raadsmagti vaar. Og me Smaafolk hadde ingin lenger til aa forsvara oss; for Svenskekongen fekk 100 000 Dalar um Aare for aa halde Kjeft; og Storthinge fekk likso mykje for aa halde Kjeft; den som gjekk til Storthinge og klaga si Naud, han fekk ein Lort med eit langt Band i. Og vilde me reise oss og krevja Retten vaar, som dei hadde gjort under Thrane, so var Storthinge det fysste til aa sende Syldatrar imot oss og setja oss paa Tukthuse. Heh! Nei; sidan me kom under Sverig – –

Enok stod og saag seg leid paa Carolus, som no laag i Bærtuva og aat Skinntrytekart. 212Skulde Gud vilja lata han staa til Narr denne Gongen au; skulde det kje bli Folk av denne Fanten heller. Tøygt seg hadde han i det lengste; vori so rimeleg mot Carolus som det berre var Raad; tenkt at han skulde faa Magt yvi han med det gode. Men Takken han fekk var den, at Fanten vart latare og latare, og gjorde meir og meir som han vilde. Og endaa tok Far hans no til aa tala um Løn aat han. So at um Enok vilde segja noko til han, so kunde han faa det Svare, at kva vilde han krevja, naar han ikkje gav Løn …

«No maa du kje la Solreven ta deg, Gunnar!» ropa Enok; han saag paa Carolus, daa han sagde det. Carolus forstod Meiningi.

«De maa orsaka meg», sagde han; «men eg er kje so svært helsesterk; og naar eg ikkje fær Mat, so vert eg so arm og klein, at eg kann lite røra meg.»

«Kjenn!» skvatra Torkjell; «det var nok ikkje i fyrre Vìka at han Carolus kom til!»

«Naar han Gunnar held ut –,» byrja Enok; men han tagna att. Denne Fanten hadde ein Maate aa svara paa –. Noko etter heldt han fram:

«Er det so at du vil ha Løn, Carolus, so fær du nok ta likare i. – Stor og lang som du no vert, so ventar vel … Far din au, at der skulde vera … Ære i deg!»

213«Det var godt at De nemnde han Far. Han ventar visst minst av alt, at eg skulde svelta paa Haave!» –

Carolus var raud; det blinka heller kvasst i Augo hans.

Enok tagna; han var graa i Andlite.

Gud var imot han her au. Carolus var Fant som han hadde vori.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.