Fred

av Arne Garborg

XVI.

Det hadde vorti lite Høy i Aar; dei laut hjelpe seg med ymse Slag til Kreturi. Raunbork var god; dei gamle Raunane i Hagen fall ein for ein, so det tilslutt berre stod att eit Par av dei eldste, den med Skjorereire i, og so ein som mest var utgjengin. Det vart underleg audt og snaudt. Endaa godt, so lengi den gamle Selja fekk staa; Enok vilde helst ha hoggi den au, daa det «fylgde Ovtru med ho;» Far hans hadde haldi ho for eit Lukketre. Men so var det det, at ho livde eit Grand mot Nordvesten.

– Dei sat ein Dag og skava Bork; so kom Salomon Storbrekke køyrande med han Legde-Lars. Anna sukka; no skulde dei ha den Ufysa aa dragast med att. Av alt det Skrape som flakka um paa Legd no, var Lars Rotteholen den verste.

Rein Tulling var han, halvt Barn og halvt Dyr; kunde kje tala reint dessmeir, endaa han 172var firti Aar gamall. Gange kunde han kje heller skikkeleg; stabba seg fram med Stav som ein Gamling, og riste og skalv i sitt slaskutte Hold. Ufysin var han aa sjaa paa au, graafeit i Andlite og sveitt, med eit dauvt, dyriskt Smil og smaae, blakke Faaming-augo. Men det verste var at han var so skamlaus; reint stygt var det aa hava han i Huse, naar der var Born. Ho Anna hadde komi yvi Gunnar og Carolus ein Gong, dei laag i Løo og stelte med han paa ein Maate som –; ho vart harm berre ho tenkte paa det. Og denne Kreksa av eit Menneskje skulde gange her i tri Dagar …

– «Goddag i Huse!» ropa Gamle-Salomon høgmælt; det var mest som dei skulde høyre han Napolon sjølv. Men Salomon var meir pipande i Mæle; for han eldest.

«Ja her kjem eg med han Lars, so eg ventar kje aa vera velkomin! – So! inn med deg, di Ku du er. Uppi Omnskraai med deg ja, so ingin ser deg. Du er so gu kje for fjelg, korkje framme eller bak. So; gøym deg godt; tak Rauvi med deg. Panken din og. So. – Der hev dé han.»

Lars krusla seg inni Omnskraai med Bakenden fyri, grymjande i høg Grisetenor Ting, som ingin forstod: «øh! – øh-øh; øh! eh! – he-he.» Og so lo han. «Hæ–æh! hæ–æh! hæ–æ! hæh!» –

173– «Ja vaagar du deg ut i so ruski Vêr, du au, Salomon,» sa Enok høgt. «Du vert gamall no. Korleis tykkjer du, du fær ha det?»

«Takk skal du ha, Enok! Eg fær segja som han Torkjell Tualand: Sinne aukar og Magti minkar; det er Alderdomen, ser du!» Han pusta ut og sette seg. «Jagu ja, san!»

«Bannar du enno, so gamall du er?»

«Hæh? – Du maa skrika ut naar du snakkar med meg; eg høyrer kje meir enn Veggen.»

– – «Bannar?» Gamle-Salomon glodde kaldt paa han Enok med sine gamle gulnande Rovfugl-Augo.

«Ja bannar litegrand, det gjer eg, og det er gali; plistra og banna er Fanteskikk. Men elles kann du passa deg sjølv du.»

Han støytte Staven i Golve og rette seg upp: «er det sant dei segjer, at du hev vorti galin?»

Det kom so beintfram og sutalaust, at dei mest maatte læ. Han var den same Skøyten enno, han Salomon.

«Det er kje noko aa læ aat,» kvesste han i; «for er det sant alt det Folk fortèl, so skulde du ha vori paa Daarekista for lengi sidan.»

«Aa ja; – Jøderne ein Forargelse og Grækerne en Daarlighed.»

174«Hæ?»

«Jøderne ein Forargelse – –»

«Ja Forargelse, ja! Det kann du segja ein Gong til! Er kje Verdi god nok aat deg kanskje? Hell trur du det at du skal koma so mykje høgare i Rang i Himerig enn me, med di du gjeng og lavar med Øyro so ukristeleg. Jagu totte eg ein Mann som du skulde ha betre Vìt!»

«Verdens Spott … skal me bera med Glede.»

«Hæh? – Det skal du slett ikkje! – naar du fortenar Spott! Høh! Hev du kje høyrt um dei, som les lange Bønir, at dei kann ansees av Mennesken; trur du kanskje Vaarherre bryr seg um all den Bæktingi di? Dei segjer du ligg og remjar og syng heile Sundagen, akkurat hvorso Kjetta, naar ho ræer … Eg tenkjer Vaarherre segjer som eg, han, at jagu kunde han Enok Haave finna paa det, som der var meir Gagn i!»

«Det naturlige Menneske forstaar ikkje dei Ting, som hører Guds Aand til; thi de bedømmes aandeligen.»

«Hæ? – Kom kje med Bibelspraak og Krussifiksar til meg; eg er so gamall eg kunde vera Far din! Eg hev sét meir av Verdi enn du; og at Vaarherre er slik ein Kjeltring som Haugekarane trur, og du endaa verre, det vil 175eg forsvara han imot; ja det vil eg. Me hadde daa Prestar fyrr au; gamle Presten Juel var den beste me hev havt, det segjer eg; men ikkje snakka han um Helvite – for andre enn Kjeltringar og Skarv daa; for der er Betterdø nok av dei som ikkje fortenar det likare; men naar me lìver som ærlege Folk og gjer det beste, me veit og kann –; er me kje Guds Skapningar? Trur du kje han veit kva To der er i oss, – lengi fyrr me kom til? – Skulde han kasta nokon i Helvìte, so maatte det vera slike som trur han so vondt, at dei trur han vil fara aat soleis med Folk; og kjem du kje til Helvìte for denne Bæktingi og Remjingi di, so kjem du Betterdø ikkje til Himilen; no veit du mi Meining!»

Enok sukka. Stakkars gamle Mann.

Ho Anna kom inn med ei Ølkrus og baud Salomon; han takka og drakk. «Takk skal du ha; du hev alltid vore grei, du Anna.»

Snart etter reiste han seg og vilde gange. «Gakk ut og ferd til Merri mi du, din Bankeskalle du er,» grylte han til Carolus; denne gjekk. «Hæ–æh! hæ–æh! hæ–æh!» lo Tullingen uppi Omnskraai.

«Nei men du fær daa drygja og faa deg noko Mat,» meinte ho Anna.

«Nei gu gjer eg ei, Annamor. Slike som han der uppi Omnskraai kann vera høvelegt 176Lag aat Mannen din no; ikkje høyrer eg heime i sovori Barbari, ikkje.»

«Aa, du fær drygja litegrand,» studde Enok under.

«Hæ? – Nei; men er det so at det er noko du vil segja meg kanskje, so kann du koma med det; eg er so gu kje den som rymer for eit Bibelspraak!»

«Du skulde tenkja paa at du er gamall, Salomon. Brudgomen kann koma fyrr du varast.»

«Kva for ein Brudgom?»

«Han, som gjerne vilde vera din Sjæls Brudgom, Salomon.»

Salomon sputta. «Det segjer eg deg, at vil du snakka med meg, so fær du snakka som Folk og ikkje som ein Haugianar.»

«Eg meiner det kann kje vera so lengje, fyrr du skal døy!»

«Det meiner eg og. Ventar du Arv etter meg kanskje?»

«Du skulde sjaa aa faa Fred med Gud, fyrr du døyr!»

«Det hev eg, mykje betre enn du. Han kann koma naar han vil; han skal kje finna meg i noko som eg ikkje kann forsvara.»

«Du maa kje snakka slik. Alle vaare Gjerningar er som et besmittet Klædebon …»

«Nei gu um dei det er,» svara Salomon; 177«eg held mine Gjerningar gjæve, eg; og um Vaarherre er streng, so er han daa kje nokon Skrivar heller. Var det meir?»

«Gud er ein fortærande Eld – –!»

«Gud er som me vil ha han, Farr. Vil du plent ha deg slik ein Skaprettar, so kann det henda han vert deg deretter! – Men Gjerningane dine kann du gjerne skjemmast av; her gjeng du og tek Live av Kona di og dreg Huse fullt av Fant; det er som eg segjer: du skulde ha vori paa Daarekista for lengi sidan; og kanskje du kjem der au. Ja Farvel daa, og Takk for i Dag! Farvel, Anna; du hev alltid vori ei grei Kona du; eg hev vondt av deg.» Salomon gjekk.

– Men dei siste Ordi hans hadde bìti seg fast i han Enok.

Han tok til aa sjaa paa Kona si, der ho gjekk og stræva og stelte, og det var sant: ho saag skral ut. Skulde det vera Raad –; brydde kje Gud seg det Slag um Bønine hans; kunde han i dette au ha misteki seg paa Guds Vilje?

Skulde det vera Mistak og Tøv alt ihop?

Desse «Jesusborni» … brydde kje Gud seg um deim? Kannhende det au var sjølvbedin Dyrknad, som Herren vilde forkaste? Han hadde komi yvi Gunnar og Jorina naar dei var aaleine og skulde arbeide; og kva hadde han kje høyrt? Jorina stod og fortalde Huldresegnir 178for Guten! – planta inn i han gamal Ovtru og Lygn, og lærde han upp i den verste Heidingskap!

Og Carolus, var han betre tru? – Han var nok mjuk og snild og lét svært vel, so lengi han var ein for Augo; men kva var det aa byggje paa; denne lette, falske Fantetunga – –. At Gunnar i seinare Tid gjerne heldt Lag med han spaadde kje godt; Enok hadde endaa høyrt deim øve seg i Fantemaal. Um Herren ikkje brydde seg um dette Offere hans heller, ja vilde vende det til vondt for han? Um det hadde vori Satans Innbilningar og Blendverk alt ihop, alt ihop? – Gjekk kje denne Olsen au og drøymde um, at han hadde «kjent Gud i seg» og høyrt Vitnemaal i sitt Hjarta?

Det kom yvi han stundom, so han vart kald og sveitt, og kjende Folningar og Visningar gjenom heile Kroppen.

Han kom inn ein Kveld i Skùmingi; Vesle-Paulus skreik, og Serina sat og vogga og sulla for han.

«Paa Daarafjedl’e,Forfatternote: Daarafjedl’e er vel Dovrefjell.
paa Daarafjedl’e,
der dansa baade Gjeide og Saue.
Fyre gaar den, so i Pibaa blæs’e,
ittepaa kjem KùssenForfatternote: Kùsse; litin Kalv. den raue.»

179«Kva er det for noko gamalt Tøv du sìt og gnaalar paa,» sa Enok; «kann du kje likso godt syngja noko som er vent? – Kanskje tagnar han Paulus au heller daa. – Syng den som han Carolus lærde dykk her noko sidan; det var slik ein pen litin Song.»

Serina vreid seg; det saag ut som ho skjemdest.

«Naa? Skunda deg no! – Vil du eg skal verta vond paa deg kanskje?»

Serina tvinga seg og song Salmeverse. Men berre med halvt Mæle og halve Vokalar og svært fort; og der var Ord ho liksom løynde:

«Alle Vegne, hvor jeg vanker,
jeg min Mmsum har i Tanker;
hvor jeg ligger, sidder, gaar,
efter hmm min Længsel staar.»

«So ja! Men tydeleg og vent; so skal du nok sjaa han tagnar.»

Serina song andre Verse, noko meir modigt; gav seg liksom yvi og lét det staa til.

Men Paulus ylte heller verre enn fyrr; og so sette ho i att med «Daarafjedl’e.» Og det var forunderlegt so mykje lettare som dette gjekk.

Enok stod og sturde burtmed Vindauga og tokst med tunge Tankar.

Var det kje skræmelegt med denne Uhùgen til Guds Ord, og det endaa hjaa Borni?

180Tilmed Paulus vart rolegare no. Ein kunde tru, at han lika kje heller aa høyre um Jesus. Og endaa var han døypt …

Gunnar vilde han kje tenkje paa dessmeir; det var reine Hate der. Kunde han lure seg fraa Orde berre den minste Stund, sprang han som han skulde hava Eld i Enden.

Og Skulen, som Enok hadde teki til att med –; dei same Borni som hadde høyrt so vel etter, naar dei var for Olsen, – no beit det korkje Ord eller Ris paa deim; ikkje eit skikkelegt Svar var der aa faa; minst av han Gunnar.

Kor kunde det hava seg? «Alt hvad I bede Faderen om i mit Navn, det skal han give eder» … og kor lengi hadde kje han bedi? Og so hjarteleg! meir hjarteleg enn um noko anna? Men heller verre vart det for kvar Tid.

Og dei var daa døypte! Dei hadde i Daapen fengi Anden; var tekne til Naade og løyste og utfridde fraa Sattan og hans Magt; men endaa –! Endaa skulde Gud og alt som Guds var vera deim so hjarteleg imot.

– Tyngre og tyngre vart Tankane hans. Han stana ein Dag paa si eigi Tropp –: skulde det kje vera sant, dette med Daapen?

«Vik bak meg, Satan!» han slog Tanken fraa seg i Rædsle. Men Tanken kom att.

181Baptistar og Umdøyparar sagde at Barnedaapen var eit Mannapaafunn; det var aa spotte og hæde den heilage Ande, sagde dei; aa taka eit Reivebarn som endaa ikkje kunde skilja Høgre og Vinstre, og spyrja det um det trudde, – det var eit Narrespel, eit Spotteverk. Difor hadde Djevelen slik Magt i Verdi au, for di me ikkje var rett døypte …

«Aa Gud hjelpe og fri meg! Lat kje Djevelen reint faa Magti! at han skal føra meg ut i kraftige Vildringar og riva meg ut or Kyrkja og Frelsens Ark!» – Han bad og ropa av djupaste Naud; men Tankane tumla ustanseleg.

Daa tok han paa seg ein Dag og gjekk til Presten.

Presten Meier var ein snild Mann. Og han hadde Lærdomen. Og Gud hadde innsett han til Sjælehyrding, so me skulde vende oss til honom naar noko stod paa; og Meier vilde like at Enok kom; det var ein folkeleg Mann, Meier.

– Hjaa Presten fekk Enok Hjelp. Ein merkeleg Mann. Var det Raad at Lærdomen aaleine kunde gjera so mykje?

So snart han tok til aa tala, kvarv Sutir og Tvil so burt for Enok, at han mest maatte leite etter deim sjølv. Han skỳna ikkje lenger at Djevelen kunde ha raatt so med han i dette. 182Det var nok som Presten sagde: at det var faarlegt aa skilja seg ut fraa Kyrkjelyden. «Du skulde ikke foragte Menigheden og Menighedslivet, Enok, selv om der voxer megen Klinte blandt Hveden …»

Men serleg formana Presten han til aa øve seg i Tòlmod. Ikkje berre beda um Tòlmod og so vente at det skulde koma av seg sjølv; nei, øve seg i det; for Presten trudde at det just her var ein stor Faare for Enok. «Du hev havt det for godt; no er du som eit forkjælt Barn; so snart du ikkje fær det som du vil, so vert du furtin og tek til aa mistru sjølve Guds Naademidlar.» «Og desse Ting som bèr deg imot, dei skal du taka med Takk som Guds hjelpande Tukt, den du nok vil hava meir godt av enn av alle dei sæle Dagane paa Forklaaringsberge.» «Du kann vera trygg for, at Husfolke ditt gjeng kje fortapt; det er berre Tidi og Timen det spyrst um; og der vil Gud for di eigi Skuld at du skal vente og drygje. Som Abraham venta i mange lange Aar paa Isak, so kann du og faa vente mang ein Dag; ja kannhende du ikkje fær sjaa det sjølv dessmeir, at Borni dine kjem til Frelsaren. Men du skal beda og halde ut, vel vitande at hans Tid kjem; og at hans Tid nettupp er den rette.»

Det ljosna for han Enok. Han vart vaat 183i Augo og tok Presten i Handi. «Takk, Far; Takk …»

Sidan tala Presten med han um ymse Ting. «Selja alt ditt og gjeva det til dei fatige? – Ja, dersom du ikkje paa annan Maate kann rìve deg laus ifraa Verdi. Men kann du det; kann du brùka Guds Gaavur berre som ein Forvaltar, til hans Ære og Næstens Gagn –. Trur du, at Gud plent vil ha Verdensborn til aa stelle med hans gode Ting her paa Jordi? – Det er kje Rikdomen som er faarleg; Spursmaale er, um Hjarta vaart heng fast ved Rikdomen.»

Ja; dette var sant. Gudskjelov. No kunde han slaa seg til Ro; her sat Presten sjølv og tala paa Guds Vegne … Rive seg laus? jauvisst kunde han rive seg laus; han hadde rìvi seg laus … ikkje meir um det no. Desse «indre Røystir» kunde likso godt vera av Satan, som Presten sagde.

Daa Enok gjekk, takka Presten han for han hadde hjelpt han so godt i Fatigkommissjonen sist, i denne Saki hans Fante-Tomas. «No skal det gaa,» sa Meier; «og det kann eg mest takke deg fyri; og ikkje berre eg takkar deg; men eg kann helse deg Takk fraa Eilert Sundt og fraa alle andre Vénir av dette stakkars forkomne Fantefolke; ja Takk fraa heile Samfunde. Og no maa eg segja deg det, at 184anten du likar det eller ikkje, so vil eg no freiste aa faa deg vald inn i Skulekommissjonen; me hev eit stort og vandt Arbeid for oss der no, og eg vilde gjerne hava ein so upplyst og sant kristeleg Mann som deg med meg i det Arbeide.»

Enok gjekk heim letta og sterk, med Hùgen full av nye, friskare Tankar. Og han takka Gud av Hjartans Grunn; «Takk, Takk, kjære Far, – for ditt heilage Lære-Embætte!»

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.