Fred

av Arne Garborg

XVII.

Sundagen etter hende det ein underleg Ting. Enok klædde seg og vilde aat Kyrkja.

Anna torde kje tru det med same; «det er daa kje i Dag, me skal til Alters?» Han svara: «skulde me kje søka ein god Vén utan kvar Gong han held Gjestebod?» Og han vedgjekk at han hadde mistydt Guds Vilje i denne Saki.

Anna kjende som ei Letning i Lufti. For fysste Gongen paa alle desse Aari hadde ho no høyrt det Orde av han Enok: eg hev misteki meg. Det maatte tyde noko. Kannhende det verste var yvi-stridt no.

Gunnar og Carolus vart so glade dei kunde mest ikkje styre seg: no fekk dei fritt! Men Gleda vende seg til Sorg. Dei laut med aat Kyrkja.

Gunnar vreid seg jammerleg. Han vart so sur og vond i Andlite at det var stygt aa sjaa. Far hans vart arg. «Sjaa; sjaa kor han 186trutnar!» sagde han. «Hev du set slikt eit Uliøyra? Er det nokon som vil vìta kor stygg Syndi er, so kann han berre sjaa paa han Gunnar no. Og det berre av di han skal faa vera med i Guds Tempel!» – Han sukka.

So kvesste han i med sitt harde Maal: «no skundar du deg!» – Gunnar kjende det Mæle. Han drog seg i Veg. Men so motstrævande seint, at det var som han skulde «dra eit Haartôg etter ei saar Rauv», som Far hans sagde.

Men Serina fekk vera heime; Huse kunde kje staa tomt. Kann vìta det; alltid skulde det laga seg godt for henne Serina!

Det var graakaldt og ein bitande sur Snøvind; Anna rugga seg so inn, at ho tilslutt sat i Kjerresæte som ein stor svart Klædetull. Gunnar skulde stande attanpaa. Han kom i sine blaae Vadmaalsklæde med raudstriput Verkensvest og Halskrage og kjende seg svært fin; i Dag kunde ho Olina hans Per gjerne sjaa han! – «Men du kann daa kje gaa so tunnklædd», sagde Enok; «du frys forderva»; han sprang inni Gangen og kom ut att med ei av dei store gamle Trøyune sine. «Sjaa her; tak paa deg den.» Gunnar vilde ikkje. «No? kva er det no?» – «Uff … ho er so stygg.» – «Stygg? Høh. Hev du høyrt slikt! Er kje Ungen alt so full av Verdens Faafengd 187… Soh! – Eller vil du plent ha Stryk idag?» – «Du kann daa vìta du maa ha Klæde paa deg», jamna Mor hans. Gunnar kjende seg svikin paa alle Kantar. Han banna for seg sjølv, men gav seg; kraup so uppi Kjerra sur og harm. «Dægerens Far … Alltid skal eg sjaa ut som Inkje-Folk!»

«So i Guds Namn», sagde Enok; «gakk no Brunka!» Han gav henne av Taumen, og ho trilta i Veg som ein Ball, med mange smaae lystige Salutar gjenom Bakporten. –

– Etter den Tid var Enok so viss i Kyrkja som Presten.

Han vandra paa Kyrkjevegen tagall og tankefull; me skulde «forvara vaar Fot, naar me gjekk til Guds Hus.» Var det einkvar som helsa og gav seg i Samtale med han, strøymde Gudsord fraa hans Munn, so at dei som kom berre av Forvitnad, dei tagna og drog seg undan.

Men stundom raaka han Nikodemus’ar, slike som heldt seg til Herren i Stilla, men ikkje torde segja Verdi fraa seg heilt; dei freista han aa styrkje og rettleide. Men Gruvlarane som gjekk og vilde skỳna Guds Løyndomar, og dermed ofte kom inn i baade Hugsott og range Meiningar, dei viste han fraa seg heller stutt. «Skỳna du ikkje at Gud kann vera tri i ein?» sagde han til Tobias Traadal; «bed til Gud at 188han gjev deg Trui; og naar du hev lært aa tru, so vil du og læra aa skỳna; ’dersom I tro,’ stend det, ’da skulle I se Guds Herlighed’!»

Men naar han saag paa alt det nye som trengde seg inn i Bygdom, Stas og Fjas og Faafengd av alle Slag, daa vart han tekin av heilag Uppgløding og tala um Straffedomar og Guds Vreide. Her gjekk Kvinnfolki og fiffa med Silkeplògg og Orliangskjolar, og Karane med nymotens Hattar og Klokkekjedur av Sylv; og rundt um paa Gardane sette Folk upp store gilde Hus og maala dei kvite so dei skein yvi Land, og køyrde med Karjolar og SkeisurForfatternote: Skjeise (Chaise): finare Stolkjerre. som smaae Storkarar. Og den eine etter den andre raadde seg til av desse nye Plogane som Møller paa Myre hadde ført inn; liksom det ikkje var Guds Signing, det galdt um, men gilde Greidur; ja der var dei som fekk seg Hakkmaskinar og Treskjemaskinar. Det kunde koma den Dagen daa dei fekk graate yvi Faafengdi si, og daa Gud vilde vise deim at han lét seg ikkje spotte. –

Gunnar laut fylgje han Fot og Fet; og han gjekk og skjemdest for Far hans ikkje var som anna Folk. Tilmed i Klædebunad skilde han seg ut; dette Vadmaale av svart Ull skar so stygt av i det brune. Sine eigne Klæde var kje Gunnar heller fornøgd med. Dei var stygge dei au, det saag han no; for smaae og for 189stutte var dei baade i Ermane og med Føtane; Skorne var kje rødande um; for deim hadde han Far sjølv gjort. Alltid skulde det vera so stygt det han Far gjorde.

Naar han Carolus var med, greidde det seg endaa; men Carolus lagde seg heime stundom. Han hadde slikt eit Lag med aa gjera seg sjuk. Kneip det, spydde han so det holka or han. Og naar han Far kom og sagde at han «maatte beda», so kunde han svara so godt: «Ja det skal eg; og De maa beda for meg De og Far; for dette er nok Vaarherre som vil straffa meg.» Gunnar kunde kje gjera seg sjuk. Og um han var sjuk, stod han upp likevel; det var so ufysi naar han Far kom og saag paa han og stod og stirde og spurde kva vondt han no hadde gjort. «For Vaarherre straffar deg kje for inginting, maa du tru, Gunnar!» –

– Ein annan forunderleg Ting hende: Borni skulde faa gange i Skulen att.

Den galne Forklaringi var kje i Bruk lenger. Og det var kje rett aa skilja seg ut. Det kunde løyne seg Faafengd i det au, sagde han Enok. Den nye Læraren var ein aalvorleg og sætande Mann, og Borni hadde kje godt av aa gange her Heimfødingar.

Anna var so glad som ho skulde ha fengi Gull.

Gunnar lika seg au. Men endaa gladare 190vart han, daa han fekk høyre at Far hans var innvald i Skulekommissjonen. So fekk han fleire Dagar frie.

– Skulen kom. Det viste seg at Tønes Tualand paa sin stilslege Maate var ein glup Skulemeistar.

Han var svært ung og ikkje stor; dei lange Kniktane fraa Storbrekke og Heialand kunde snart ha gjort uppum han, hadde dei vilja. Men det gjekk so stilt og vent at det var ei Syn. Og endaa brùka Tønes korkje Linjal eller Ris; og ikkje noko vidare Munn heller. Den han var mest etter var han Gunnar, som alltid vart so reint urimeleg vill, naar han kom saman med andre Born.

Men Tønes innførde ymse nye Skikkar i Skulen; serleg var det ein Ting, ho Anna hadde imot han fyri.

Han bytte Skulen sund i «Klassur»; kvar Klasse skulde fylgjast aat baade i Leksur og alt, og det vart daa mykje strengare med Skulegonga. Den som var burte ein Dag vart kje lenger høyrt serskilt; han maatte fylgje Klassa like godt. Dei Borni som laut vera mykje heime fekk paa den Maaten lite Gagn av Skulen; men Vondord fekk dei, og «Anmerkningar» i Prottekolen og i desse «Karaterbøkerne» dei no skulde hava; og det kunde koma svært ille med naar dei sidan skulde for Presten. Anna 191tala med Skulemeistaren um dette; men han sagde berre at det var «Lovi». Det var komi ei ny Skulelov no, lét han; og den laut me til aa gjenomføre her au; men etter den Lovi var Borni pligtige til aa gange i Skule. Foreldri kunde endaa faa Bot, um dei heldt Borni heime utan i Sjukdoms Tilfelle.

Dette totte Anna var urimelegt. Skulde me kje raade for vaare eigne Born heller no?

Um ho skulde vera nøydd til aa sende deim av Garde kvar Dag i altslag Vêr og Føre, og dei daa skulde sitja i Skulen heile Dagen vaate paa Føtane og kalde um Knéi, so kunde ho kje vita Ord av fyrr dei var helselause. Helst ho Serina stakkar, som slettikkje var sterk. «Lovlegt Forfall» var det kje fyrr dei var sjuke; men daa kunde det vera for seint daa. Ho Anna totte Skulen vart reint som umskapt for henne etter dette.

Fyrr hadde han vori ei Hjelp, no vart han ei Tvang; han kom med Lensmann og Lovmagt og gjorde oss umyndige i vaare eigne Hus; um ho aldri so mykje kunde turve henne Serina heime ein Dag, so skulde denne Husmannssonen fraa Ramstadheiî kunne koma og segja «versogod»! og taka Borni fraa henne! Ho kjende seg avsett, ærekrenkt; og ho lika kje Skulen lenger. Berre sjeldan sat ho inne og høyrde paa no; det kunde vera stundom naar dei 192hadde Song; for han Tønes var so brennande god til aa syngje.

Det var rart med den som hadde lært. Han hadde ein annan Sving i sjølve Mæle enn dei gamle hadde havt, og so kunde han syngje piriano. Daa song han so smaatt daa. Men naar han sette i, so var der eit Maal i den vesle Skrotten so ein kunde høyre han lang Veg. Han song med Borni mest kvar Dag, og lærde deim mykje nytt og rart; noko heitte Skala eller Triklang og var berre upp og ned, so ein kunde mest læ; men so lærde han deim og noko som hadde Namn av Nasjonalsongar, – slike som «Aftensolen smiler», «Bækken gaar i Engen» o. s. b.; Enok striddest med han um desse Songane, som han ikkje lika. Men Tønes sagde at dei var songne i alle Skular no, og at upplyste Folk ikkje saag noko vondt i deim.

– Anna skulde faa høyre verre Ting enn det um Skulepligti au.

Me skulde faa fast Skule! høyrdest det ut til ein Kveld. Dei vilde tvinge oss til aa sende Borni reint ifraa oss. Sende deim av til ein framand Mann, som skulde hava deim for seg sjølv i eit serskilt Hus, der inkje anna Folk skulde gange. Der kunde han prente inn i deim kva han vilde daa.

Og Enok, som elles var so imot alt nytt, han var med paa dette! Vart Folk forvandla naar dei kom i Skulekommissjonen?

193Tønes var so forhippa paa denne Fastskulen at det var ulidande. Og han gjølte for han Enok so det vart mest leidt. «Ein so upplyst Mann;» «den likaste, me hev i Skulekommissjonen» … Enok varde seg nok; men det var vel kje fritt anna han lika det. Og alt det Vase som Tønes kom med til Grunnar; det var so urolegt for Skulen i Stogur der Folk budde; der var ofte ikkje god Luft heller … ho Anna hadde so nær spurt korleis Lufti var hjaa han Torkjell nedpaa Ramstadheiî. Og Enok sat som ein Dott og sagde Ha og Ja – –

«Men naar det no ein Gong», tok ho Anna i, «er so stelt at me hev Umgangsskule, – so er det vel Ein som vil ha det so daa, veit eg?»

Den unge Skulemeistaren berre vreid paa seg.

– «Etter den nye Skulelovi», svara Enok, «skal det helst vera fast Skule allestadir no. So han hev vel set at det turvtest ei Forandring.»

Aa, var det denne nye Lovi her au. Kven kunde ha Rett til aa gjeva slike Lovir?

«Men um det no var ein Skulemeistar som var so vond i seg, at han vilde innføra galne Lærdomar eller finna paa anna gali» …

Skulemeistaren mylte.

«Me hev baade Presten og ein Tilsynsmann som skal sjaa etter det. Elles kan Foreldri sjølve koma og høyra paa Undervisningi naar dei so synest.»

194«Aa, – me skal daa ha Rett til det? Eg trudde mest me skulde vera for simple til det au eg.»

«Og so er der no Ein der uppe som vil sjaa etter at Orde vert forkynt purt og reint iblant oss … naar me bed han um det. –

No skal me venda oss til honom og takka for alt godt i Dag;» Enok gjekk aat Hylla og tok Salmebøkane.

«Og kanskje Læraren vaar vil vera so gild aa vera Forsangar for oss, sidan me hev deg her?»

Tønes raudna litegrand og svara Ja.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.