Fred

av Arne Garborg

XVIII.

Det er Ettermiddag; Skulen hev slutta. Han sluttar alltid so tidleg, han Tønes.

Læraren sìt øvst ved det lange Skuleborde og røykjer; han hev ei Bok framfyri seg. Carolus klengjer seg upptil han med eit Reknestykkje, han vil ha Hjelp i; skal vel paa den Maaten gjera seg gild for Skulemeistaren.

Paa Benken framanfor Borde sit Fante-Tomas. Han er komin i si Stilling og Betydning som Far, for aa sjaa um Son sin, læt han um.

– Men i Grunnen var det den nye Læraren, han vilde freiste seg med. Det skulde vera ein klok Kar, hadde han høyrt, utlærd paa denne nye Lærarskulen; og Tomas hadde kje godt av seg, fyrr han fekk visentere han litegrand. Det skulde vera Beng’enForfatternote: Beng (Fantemaal): Djevelen. til Spikk, um denne unge Spiren her skulde kunne klara seg mot han Fante-Tomas.

Lengi sat Skulemeistaren og vilde kje høyre 196etter. Men Tomas gav seg ikkje. Han lédka og krøkte til han fekk Tak. Skulemeistaren lagde Boki fraa seg.

Daa tok Tomas ei av sine vandaste Aspektir. Ikkje ein Gong Presten Meier hadde kunna klara den.

Det var sagt i det sjuande Bud: «du skal ikke stjæle». Og det hadde Moses skrìvi med sin eigin Finger paa Steintavla paa Sinai Bjerg, og Gud Herren hadde sjølv sett sin Stempil og Innsigill paa, at det skulde vera so som Moses hadde skrìvi. Her hjelpte det inga Betraktningsmaatar eller Umsvævelser; det som var skrìvi, det stod.

«Men no skal du sjaa», sagde Fante-Tomas og slog med Hovude, «kossleissen desse Aspektir og Vitnesbyrd tek seg ut i ein annan Ordning eller Begrep. For her er so mange Begrep eller Betenkningar som me ikkje hev regtige for oss, naar me tek dei i visse Maatar og Undersøkelser; men dei vert regtige, naar me granskar etter i alle dei andre Punktar og Betraktningsmaatar som maa vera med i denne Forstaaelsen.» Tomas sputta brunt.

«Men», heldt han fram, «naar me held paa med vaare Funderingar og Ransakelsar og prøver alle Vitnesbyrd og alle Aspektir mot kvarandre, so at det eine stend imot og vitnar imot det andre, som Apostelen segjer, so vert det 197gali paa ein annan Kant att, og du veit kje kossleis du skal gebærda deg, og kann ikkje utvikla den Floken, du hev lagt deg. Thi vaar naturlege Forstand er ved Synden formyrket, som me alle veit. Men no skal du sjaa, kossleissen dette er aa upplysa.»

Han lagde Hovude paa Skakke og tok med mjuk Handferd og ymis Vridking med Akslir og Kropp eit Stykkje Raudkrit upp or Brok-Lùmma; det gav han seg til aa teikne med paa eit Stolesæte.

«Dette er Verden», sagde Fante-Tomas.

«Ho er her forestilt i Bilæte og Liknelse av noko som skal vera ein Brunn. Men i den Brunnen er ingin Botn; det gjeng beint til Avgrunns med ein Gong; og daa er det ingin, som veit meir.» Han glytte burtpaa Skulemeistaren; undrast paa um denne vilde segja noko; men han berre nikka.

«Upp or denne Brunnen sting det seg ein lang Stake. Paa Toppen av denne Staken ligg ein Planke – soleis; tvers yvi Brunnen. Den Planken er heller smal, og ikkje fullt so lang som Brunnen er breid i Tvermaal. Utanum Planken kann ingin koma. Kjem du berre so mykje som ein Strek eller ein Tøddel utanfor den, so ber det til Hòls med ein Gong, og so er det kje meir.»

«Og no maa du fylgja godt med», sagde Tomas.

198«Her, ser du», han gjorde ein Prikk; «her, paa den eine Enden av Planken, er Kongen. Og her» – han gjorde ein ny Prikk – «er Statsraaden. So kjem Stiftamtmannen;» ny Prikk. «Og so Bispen. Og so Amtmannen. Og so Futen. Og so Skrivaren. Og so Presten. Og so Kaupmannen. Og so Lensmannen.» Ein Prikk for kvar. «Alle etter sin Orden og Stand og Innstiftelse, so som Gud hev sett dei i Verdi. Men etter Lensmannen kjem Bonden. Og etter Bonden, der, paa den ytste Enden av Planken, der er Arbeidsmannen. Han sìt paa den eine Enden, og Kongen paa den andre. Der hev du Verdi.»

Tomas saag paa Skulemeistaren, slog med Nakken og sputta svart. «Ja-ja», sagde Skulemeistaren.

«No maa du hugsa vel paa», heldt Tomas fram, «at ingin kann koma utanfor Planken. Uppe paa den sìt dei alle, kvar paa sin Plass og Stad, etter som Umstændigheitine og Maalestokken er i denne Verdi.

«So sìt dei der og balar og trabellerar, Kongen med sitt og Statsraaden med sitt og Stiftamtmannen med sitt og Bispen med sitt, og so nedetter alt til Arbeidsmannen, som maa bala med sitt; for den eine vil berga Live, og den andre vil berga Live, og det vil dei alle, som rimelegt og rett er. No spỳrst det kven som kann klara seg; for kvar 199maa klara seg sjølv; og der er ingin aa faa Hjelp av.

«No maa du passa paa.

«Der uppe sìt Kongen; han hev tie Dalar um Dagen. So kjem Statsraaden; han hev fem. Meir kann kje han ha mot Kongen. So kjem Stiftamtmannen; han hev tri; so Bispen; han hev tvo; og so nedetter, mindre og mindre. Lensmannen hev fire Skjeling Dagen, Bonden berre tvo Skjeling. Han freistar Live so vidt. Men so kjem Arbeidaren; og han hev ein Skjeling. Han kann kje berga Live. Han maa svelta ihel.

«Men no er det Underfundigheiti: han vil ikkje svelta ihel. Kvi skal han det, han meir enn dei andre? Er kje eg skapt i Guds Bilæte liksom dei, og hev kje Guds Son utløyst og frikjøpt meg liksom dei; og gjeng kje eg tilslutt i same Holken eller Gelænderen som Kongen og Bispen og heile Vidtløftegheiti? – tenkjer Arbeidsmannen. So kjem han tilslutt til den Betenkning og Avgjørelse, at han vil lìva, han som dei andre.

«Han gjeng til Bonden og segjer: eg vil ha halvannan Skjeling um Dagen; for eg kann kje lìva med ein. Bonden svarar som so: far til Helvite! du fær ingin halvannan Skjeling.

«Arbeidsmannen gjeng til Lensmannen. Lensmannen tek Sabelen sin og segjer umentrent 200som so: gakk til ditt Arbeid, din Hund! eller kanskje du vil i Hullet for Løsgjængeri?

«So gjeng Arbeidsmannen til Kaupmannen. Men Kaupmannen tek Alnemaale og viser han Døri. Vi har nok med oss sjølve, segjer Kaupmannen.

«Arbeidsmannen til Presten. Presten er baade blid og snild, men segjer at me maa alle vera fornøgde i den Stand og Innstiftelse Gud hev sett oss.

«So til Futen. Og so til Skrivaren. Og so til Amtmannen. Og so til Bispen. Og so til Stiftamtmannen. Og tilslutt til Statsraaden. Men alle segjer: vi har nok med oss sjølve; vi kann kje hjelpe nokon.

«Daa gjeng Arbeidsmannen beint rakt ende fram for sjølve Kongen. So bøygjer han seg for Kongen og gebærder seg; og so segjer han som so: Stormegtigaste Konge i eders høie Naades Majestæt og Herlegheit! segjer han; so og so er det; eg kann kje lìva med ein Skjeling; eg maa ha halvannan, og det er endaa det minste; Bonden hev tvo, og det er kje meir enn sovidt han bergar seg. Hjelp meg, Konge, i din Majestæts høge Naade! for eg vil kje svelta ihel, eg meir enn dei andre.

«Men Kongen svarar: Skulde jeg hjelpe deg, maatte eg ta fraa dei andre, og det kann eg ikkje. Du lyt berge deg sjølv. So maa me alle.

201«No er det Funderingi kva Arbeidsmannen daa skal ta seg til. Lìva kann han ikkje; svelta vil han ikkje; utanfor Planken kann han kje koma; og inginstad fær han Hjelp. So tenkjer han som so: skal eg berga meg sjølv, fær eg berga meg som eg kann; Livsens Innretning og Væsens Maate er slik her paa denne Planken. Dermed gjeng han i si Uppriktigheit av og tek den halve Skjelingen, som han maa ha; og daa er det so vidt at han slìt Live og bergar Magen og Naturen i den største Simpelheit.»

Fante-Tomas saag listig ut.

«So lìver dei alle ihop», heldt han fram; «kvar paa sin Maate. Dei paa den eine Enden lìver godt liksom fyrr, og dei paa den andre Enden maa la seg det gefalla.

«Men legg no Merke til, at Planken ligg ute under Himilens Friheit og rotnar i Sol og Regn og Aartidernes Umvandlingar; og so veit me, kossleissen det gjeng. Etter Tingenes Orden og Innstiftelse vil Planken tilslutt vera rotin. Gjenom trafsande rotin. Ikkje frisk Flis att. So ryk Planken sund yvi Midten, og beint til Hols bèr det med heile Vidtløftegheiti; til Hols med Arbeidsmannen og Bonden og Lensmannen og Kaupmannen og Presten og Futen og Skrivaren og Amtmannen og Bispen og Statsraaden og Kongen og Kruna og alt som finst; og so er der kje meir. Hem. Kann du klara meg den Undersøkelsen?»

202Andlite paa Tomas hadde fengi sin rette Tatersvìp, med dei lause snedige Drag og dei glyrande, glidande Augo. Skulemeistaren svara kje større; sagde at Saki var kje so greid. Han brydde seg kje um aa antrast med han Fante-Tomas.

«Nei, ho er kje greid!» sagde Tomas og slog med Nakken. «Ikkje ein Gong Presten Meier visste noko aa svara paa desse Aspektine. Han berre bad meg, at eg ikkje maatte grublisera altfor mykje paa so vanskelege Umstendigheitir; ‘det er større Folk enn du som hev teke Skade av slikt’, – sagde Presten Meier.»

«Det er vel so», svara Skulemeistaren. «Hæ, hæ, hæ», lo Carolus; «du er ein god ein, du Far!»

Fante-Tomas mylte, og det vesle Hovude svinga stolteleg paa sin magre Stylk; ein ny Kloking hadde han i Dag maalbundi.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.