Fred

av Arne Garborg

XXI.

Daa dei skulde paa Slaatten Morgonen etter, var Carolus ingin Stad aa sjaa.

Enok letst ikkje bry seg. «Han kjem nok att.» Men daa dei var heime til Dugurds og sat og slipte Ljæane, kom Kornelius hans Helge, som just den Natti var attkomin fraa Eksisen i Kristianssand; og han fortalde, at Klokka halvtolv i Natt hadde han set Fanten med ein Tull i kvar Hand setja søryvi aat Ramstadheiî.

Endaa vilde kje Enok tru det. Det var kje Raad. Carolus kunde kje vera rømd. Han kom att. I Kveld hadde me han. Med Munnen full av Orsakingar og Bønir.

Han kunde kje vilja takke paa den Maaten for vel gjort. So lengi som Enok no hadde arbeidt med han, og det med slikt Tòlmod, so ettergjevande og vislegt … Og so godt som Carolus hadde havt det her; alltid sitt visse Bord aa gaa til; og aldri eit vondt Ord; og 223Rettleiding og godt Stell i alt; heiltupp som Barn i Huse … Um han aldri so mykje var Fant, kunde han daa kje vilja takke paa den Maaten.

Men um Kvelden kom Fante-Tomas. Han song upp med ein Guds Jammer um «det syrgjefulle som hadde hendt,» og gjorde Avbøn for Carolus med alle dei vridnaste Ordi han kunde finne. Den lede Luksifer var farin i Guten, um han maatte brùka so stygt eit Ord. «Eg og Mor hans gjorde alt som stod i vaar Formuels til aa minna han um hans Uppgave og Skyldigheit; ja eg for mi Ringheit brùka endaa Gud forlate meg Magt mot mit eige Kjøt og Blod; men han var so forherda og obstenasi, at han berre vilde til Sjøs. I Dag er han rømd til Byn og vil hyra seg; og det vil eg beda Dykk um, Enok, i vaar store Sorrig og Benauels, at De ikkje maa bli forarga paa oss au for dette.»

Det var kje Tvil lenger. Enok tagna og vart kald.

Det skulde vera Takken. Og um Guten tok paa Fantestig eller til Sjøs kunde vera slik Slag. Fortapt var han i baae Tilfelle.

Kor dei vilde læ aat Enok Haave no, alle Verdensborni. «Det fekk han for Fantevase sitt!» Alle Motstandarane han hadde havt, baade i og utanfor Fatigkommissjonen, daa han 224stræva med aa hjelpe Fante-Tomas til Hus, – aa kor felltForfatternote: fellt: «tilpas.» dei vilde tykkje dette var aat han. «No kan hann hava det so godt. Kvi skulde han dra innpaa oss alt dette Herke?» Og Presten vilde sjaa paa han: «du har vel ikke behandlet ham ret, min kjære Enok;» men Lars Danielsen og hans Venir vilde sitja i sine Møte og sukke og segja, at han Enok Haave hadde nok kje havt den rette Visdom her.

Han vart tekin av ei kald, hard Kjensle, som han kalla «Nidkjærheit.» Denne Kjensla vende seg serleg mot Presten, som hadde narra han innpaa dette med han Tomas. Hadde kje Tomas havt Hus no, so hadde kje Carolus rømt. Presten var Skuld i heile Ugreida. Han høyrde Verdi til; ikkje av Kjærleik til Gud hadde han gjort dette, men av Lyst til verdsleg Ros; han vilde hava Lov av dei styrande, av dei megtige paa Jordi. Med sløge Ord hadde han narra Enok med seg; ikkje Guds men Prestens Reidskap hadde Enok vori; og no hadde Presten teki Æra, men Enok stod att med Skammi og Straffi. Han arga seg so upp, at han vart verande heime fraa Kyrkja tvo Sundagar etter kvarandre.

Ein fekk agte seg for dei store. No hadde Presten teki til med noko nytt: han vilde hava Jensens Lesebok inn i Skulane. Enok saag 225paa Boki og saag seg harm. Dikt og Tøv, ja Eventyr beintfram, og det som verre var: Misbruk av Guds Namn, slikt vilde ein Sjælesyrjar hava inn i Skulen! Daa Saki um Hausten kom fram i Skulekommissjonen vart Presten reint forstøkt; hans trufaste Enok Haave var med ein Gong Førar for Opposisjonen.

Torkjell Tualand hadde Rett; Embættsmennane var spelege. Dei søkte si eigi Ære og Vinning og brydde seg korkje um Gudsord eller um Folke. Enok gjekk so vidt at han tinga det nye Jaabækblade; der hadde me daa eit Blad, som torde segja Sanningi – for fysste Gongen etter Thranes Tid, som Torkjell sagde. Eit heilt halvt Aar heldt Enok «Folketidende.» Daa laut han segja det upp, av di der var so mykje Misbruk av Gudsord i det; men elles hadde Jaabæk Rett; næste Gong det vart Valmannsval vilde Enok ikkje røyste paa korkje Presten eller Lensmannen. –

– Etter den heite Somaren vart det ein tung Haust og ein hard Vinter. Det snødde so Vegane dreiv att; Gong paa Gong maatte dei ut og brøyte. Snøen vart liggjande i maanadsvis.

So vart det Linnvêr og Søyle med Snøslette og Kaldregn. Nordvesten fossa um Nòvine med Buring og Brak, og Himilen hekk blaasvart og stengd, so dei aldri saag 226Soli. Men stilna det um Kveldane fylltest Rome med Havbrak.

Enok kjende sin Harmhug folna; han kom inn i Tankar av eit tungare Slag.

Det var nok ikkje Presten han skulde arge seg yvi. Presten fekk svara for sin eigin Domar; Enok kunde hava nok med aa agte seg sjølv.

Han stod i Løo og treskte; svært so lite som det hadde vorti av alt Slag i Aar. Det var endaa verre enn ifjor; Stadane var kje stort meir enn halvfulle. Kva kunde det vera Gud straffa han so strengt for, i det eine som i det andre?

Han vart strengare i sin Kristendom enn nokon Gong fyrr. Han spækte Sjæli med Orvake og Bøn og Kjøte med Faste og strengt Arbeid; mødde seg meir enn han hadde godt av; me skulde krossfeste vaart Kjøt. Kva hadde kje Jesus lòti lide? Og det han som var syndefri! Kor mykje vondt fortente daa kje me? Han spækte seg sjølv og heile sitt Hus. Me hadde vori for late og for trygge, so Kjøte hadde vorti for sterkt; difor var det at Guds Hand hadde vorti so tung yvi oss. Tilbake, tilbake til den fysste Kjærleiken!

Som David grùna han paa Herrens Lov Dag og Natt. Kva skulde han gjera, so han rett kunde faa hugmykje seg for Herren og 227koma inn i den gamle trygge Barnefred? Han friska uppatt sine gamle Aatferdir, i smaatt som i stort. Men Tankane heldt seg tunge og myrke.

Denne Gongen au hadde Gud forkasta Offere hans. Beint fram og heilt ut forkasta det. Ikkje i minste Maate hadde han signa hans Stræv eller høyrt hans Bøn; kasta burt alt ihop som gagnlaust Skrap og lati han stande att her til Spe og Spott for alt Folk. Det maatte vera noko som var gali.

Ein Kveld utmot Vaaren, han stod i Løo og skar Hakk, blenkte det upp for han som ein Elding: Gud hadde forkasta Offere hans, av di det ikkje hadde vori noko Offer.

Lygn og Sjølvdaaring var det, naar han kalla det so! – for det hadde ikkje vori gjort av Kjærleik. I dei løyndaste Kræane av Hjarta sitt hadde han gjort det til aa faa Løn. Han hadde i Løyndom tenkt, at Gud vilde «signe» han paa andre Kantar, naar han «ofra» til Fatigfolk; men «Signing» var berre eit venare Ord for Løn.

Han slepte Arbeide or Hendane og vart standande som naamin.Forfatternote: naamin: lammet. Kor stod det til med han? Var han Guds Barn? I slikt Myrkr, i slikt kjøtelegt Sinn hadde han livt og endaa totst vera i Naaden; skulde det verkeleg vera Tøv og Draum og Ørske alt ihop.

228Rædd og uroleg gav han seg til aa granske sitt Liv, og fann snart det eine verre enn det andre.

Med all Forsaking av Verdi hadde han elska ho like godt. Han saag seg gaa inni Byn og handle, tinge med Bykjeringane og ljuge so smaatt, til aa tena ein halv Skjeling paa Smørmarki eller Mjølspande. Alltid tok han det han kunde faa, um han so visste det var for mykje; og alltidl aut dei ut med mest, som minst kunde tinge, endaa dei ofte hadde minst Raad. Ein Ljugar og ein Snytar og ein Tjuv gjekk han der inne og gledde seg, ja takka Gud, naar Snytingi gjekk godt; Minningar av Guds Aand slog han berre ifraa seg. At han aldri hadde komi til aa tenkje paa dette fyrr!

Eller naar han sat i Fatigkommissjonen og var med aa negte Hjelp til den og den Armingen, «for Konsekvensens Skyld,» som Presten sagde; – hadde kje Jesus sagt at me skulde hjelpe alle som bad oss? Ja, «dersom nogen beder dig om din Kjortel, saa lad ham og beholde Kappen» … Men her laag me og tinga paa kvar Skjeling, lét Folk svelte og frjose, so me sjølve kunde sleppe med mindre Skatt. Kva vilde Jesu segje til det paa hin Dagen? – «Jeg var hungrig, og I gave mig ikke at æde; jeg var tørstig, og I gave mig ikke at 229drikke; gaar bort, I Forbandede, i den evige Ild, som er beredt Djevelen og hans Engle» …

Og i Skulekommissjonen, hadde han kje sìti der aa vori med Presten paa Ting som han i Grunnen var imot, so han kunde faa Ros for aa vera ein upplyst Mann? Hadde han kje søkt Ære hjaa Verdi meir enn hjaa Gud, og gjort Presten til sin Avgud? Men «forbandet er den Mand, som forlader seg paa Menneskje og holder Kjød for sin Arm» …

Og so ofte som han hadde skjemst for aa vedkjennast Jesu Namn, naar han var ute hjaa Folk; men «hvo som skammer sig ved at bekjende mig blandt Menneskene, ham vil jeg og skamme mig ved at bekjende for min himmelske Fader» …

Dom etter Dom rulla inn-yvi han, og Djevelen stod i Kræane og lo. «Du livde som eit Verdensbarn i store Ting; men i Smaating, som du visste han ikkje brydde seg um, der var du snar til aa «ofra»! «Min Sjæl hader eders Nymaaneder og eders bestemte Høitider; jeg er kjed af dem; jeg er træt af at fordrage dem. Om de end faste, vil jeg dog ikke høre deres Skrig; og om de end ofre Madoffer og Brændoffer, har jeg ikke Behagelighed til dem. Og naar I udbrede eders Hænder, da vil jeg skjule mine Øine for eder; thi eders Hænder er fulde af Blod!»

230Enok skjekkte med Munnen; slengde Armen utifraa seg som han vilde kaste seg sjølv burt; smikka i det same hardt med Fingrane. Han kvakk av det sjølv; saag seg ikring, um nokon kunde ha høyrt det … samla seg att og gjekk. –

Soleis som han no bad Morgon og Kveld, hadde han aldri bedi. Anna vart stundom mest rædd; han brùka Ord um sine Syndir og seg sjølv, so det var reint fælslegt. Liksom Boki ikkje lenger var kraftig nok, lagde han ho burt og bad med eigne Ord; og det var som han kasta seg paa Jordi for Gud, kraup for Gud som ein Makk; i Mæle var Rædsle og Naud; Augo steig store og stive fram, og Luggen klinte seg framyvi Panna sveit og vaat, so han kunde sjaa ut mest som han var fraa seg.

Men det var ikkje likt til at han fekk Hjelp. Det heldt paa og heldt paa, noko betre, noko verre; det var Dagar daa han gjekk som i Ørska reint; Anna spurde seg sjølv um det skulde verte no som det hadde vori den Hausten daa han Napolon døydde.

Ein stygg Skikk fekk han med det, at rett som han gjekk, stana han og gløymde seg burt; vart standande paa same Flekken i lange Stundir liksom fastmana. Helst mot Kvelden. Kom ho i Fjose og skulde mjølke, – der stod 231han, stiv og still som ein Stein; kom ho i Kjeldaren, kunde ho kje vita nokon Ting fyrr han skilde seg ut for Augo hennar som ein svart Skugge mot ein Vegg; ho kvakk stundom so ho fekk vondt av det. Ein Gong kom ho yvi han i Kjøken; der stod han og slengde med Armen og smikka med Fingrane … det vart so forunderleg fælt; ho veikna burt i Knéi og maatte setja seg; «aa nei men Herre Gud, Enok, kva er det no?»

«Mh!» kvakk Enok; «var det noko? Kva er det? – Hm; det var kje noko.» Han samla seg att og gjekk; gjekk sin Veg med hastande Stig; og ho høyrde han smikka endaa ein Gong, daa han gjekk gjenom Gangen. –

– Ein Dag stod Enok i Smia og smidde Hestskosaum. Djevelen var etter han med ei hard Freisting.

Det stod for han so klaart som det var skrivi med Eld: han var fallin ut or Naaden. Altfor lengi hadde han vori paa Tabor; der hadde han somna; daa hadde Djevelen snikt seg inn i Hjarta hans og sett seg til der, forklædd som ein Ljosengel, so Enok ikkje skulde merke hans Svik fyrr det var for seint. No hadde han merka det; og no var det for seint. Domen hans stod skrìvin i Hebræarbreve 6: «Thi det er umuligt, at de, som en Gang ere blevne oplyste og have smagt den 232himmelske Gave, og ere blevne delagtige i den Helligaand, – og falde fra, – atter kunne fornyes til Omvendelse.» Det er umuligt!

Og Djevelen sagde til han: «du kann likso godt hengja deg upp, Enok; no kann du likso godt hengja deg upp. Ha – ha; heng deg likso godt upp!» – lo Djevelen.

Enok vart tekin av ei Villrædsle. Han kasta seg paa Kne attfor Smiestéde og skreik: «Herre Gud! Hjelp! Straf meg ikkje i din Vrede, tukt meg ikkje i din Grumhed! Ver meg naadig! thi mine Ben er forfærdede! Hjelp! vend deg, Gud, og redd mi Sjæl; for dine Pile sidde i meg, og din Haand er svar over meg; der er intet sundt paa mit Legem; der er ingen Fred i mine Ben for mine Synder; mine Synder gaa over mit Hoved! de er blevne mig svare som en svar Byrde! Satan er etter meg som ei brølende Løve og vil opsluge meg. Hjelp! hjelp! skunda deg og redd mi Sjæl! at eg ikkje skal vera som dei der fèr ned i Gravi!»

Døri gjekk upp; ho Serina stakk Hovude inn: «han Lars Danielsen er komin –.» Døri small att, og Serina til Sprangs; ho hadde sét Far sin paa Kne attmed Smiestéde, kvit og stygg, med Hendane upp mot Take …

233Men Enok reiste seg og saag mot Himilen, og han fekk Graat i Augo.

Bøni var høyrd. Gud vilde hjelpe. Ein røynd, trufast Broder i Kristo hadde han sendt; den rette Mann i den rette Stund … «Aa Gud og Fader,» sagde han med bivrande Munn,» enno hev du daa kje reint forkasta meg!»

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.