Fred

av Arne Garborg

[XXIX.]

XXIX] rettet fra: XIX (feilnummerering)

Han gjekk heim; sov roleg um Natti og vakna um Morgonen med klaart Hovud.

Han torde kje tru paa det; gjekk heile Dagen og undrast og ræddast; det kom vel snart; det kom vel snart … Men han fekk Fred heile Dagen. Um Kvelden bad han ei hjarteleg Bøn.

«Kjære Frelsar,» sa han stilt, «du hev vori god med meg i Dag og lati meg endaa ein Gong faa sjaa di milde Aasyn. Og kjenna di sterke Frelsarhand. Og du lét meg faa tru, at det er av Naade og ikkje av Vreide, at du tuktar meg so hardt i denne siste Tid … at eg tilgagns skal faa sjaa, kva eg er i meg sjølv, naar ikkje du hjelper. Aa Herre, eg takkar deg; eg takkar deg! Aa, dersom det no var din Vilje – dersom du saag det var Raad … aa sleppa meg ut or denne store Rædsla, som eg med mine Synder og mitt Ovmod so syrgjeleg vel hev fortent. Aa, dersom du kunde 326lata meg faa kvila, Herre, um det so berre var ei Stund, kvila fraa dei store Angestar. Ja Herre, um du i din Naade kunde lata denne Kalk gaa ifraa meg! Um du kunde lata meg faa tru paa din Naade; um du vilde stydja og hjelpa meg i den tunge Strid, at eg ikkje skulde liggja so reint under! Aa, du hev sagt, at du ikkje vil lata oss prøvast yvi vaar Formue. Og du vil ikkje ein Synders Død; du vil at han skal umvenda seg og lìva. Aa kjære naadige Frelsar, eg bed deg av alt mitt forpinte Hjarta for ditt eigi dyrebare Blods Skuld, hjelp meg. Du, som sjølv leid den store Angesten i Getsemane Have, so at du sveita Blod; du, som i Daudens Naud paa det heilage Tre sjølv maatte kjenne at Gud hadde forlati deg … aa du veit mi Naud; og du veit kor veik og hjelpelaus eg er; aa, du vil vera med meg og halda mi Hand gjenom Daudens Skuggedalar.

– «Men,» heldt han fram med ein lang, skjelvande Sukk; – «er det din Vilje, at eg enno ei Tid skal tumla um i denne Forvildelsen … Du ser det, Herre. Du maa forstaa, at det er meg best. Du kjenner meg, og veit kva eg treng … og kva eg tòler. Eg gjev meg i di Hand; eg set mi Lit til deg. Men, Herre … ver barmhjertig …» Mæle brast. Med Taarir heldt han fram: «ver barmhjertig! 327Gakk ikkje reint burt fraa meg; lat meg aldri vera reint aaleine. Hav eit Auga med meg, Herre; hev alltid eit Augo med meg! Spara meg um du kann, for dei fæle Bespottelsar og dei djevelske Tankar! Og før meg so, Herre, endaa naar eg ikkje rett sansar meg eller kann raa meg sjølv, – før meg so, Herre, at Utgangen kann verta god, til di Ære og til Frelse for denne arme Sjæli. Og ein Ting, Herre, vil eg krevja av deg;» – han stilna av i Mæle som han vart rædd. «Du veit, kva Djevelen kviskrar til meg i svarte Stunder; – du veit det, Herre!!» han skreik upp. «Det vil du kje gje han Lov til; det vil du hindra! Gjer med meg som du vil; men fri meg fra det vonde!! – Fader vaar, du som er i Himilen, helliget vorde dit Navn …» –

Etterpaa song han med stilt Mæle:

«Hvo ved, hvor nær mig er min Ende.»

Siste Strofa song han uppatt, og Augo vende seg graatfyllte mot Himilen –:

«Min Gud, gjør dog for Jesu Blod
min siste Afskedstime god!»

Anna grét, so Taarine strøymde.

Men det tok snart til aa verstne att. –

– I Marknaden reiste baade Anna og Enok til Byn; dei vilde freiste aa faa heimatt han Gunnar.

328Og Gunnar lova godt. Han skulde segja upp til Vaaren, lét han. Enok vart so glad som eit Barn. Det kom ei noko-so-nær god Tid utetter no.

I Joli, daa Gunnar var heime, vart det reint som eit lite Gjestebod. Nokre av Skyldfolki var der; og Enok hadde kaupt heim mange Slag godt til Jol, endaatil Vin og Kaffi; sjølv tvinga han seg, so han var som eit anna Menneskje paa Lag. Og Gunnar, som fekk vita av Mor si korleis alt stod til, var snild og lempeleg mot Far sin.

Men Enok forstod at Guten sytte med aa koma paa Tvomannshand med han; og dette gjekk so innpaa han, at han gav upp alt. So snart Gjestine var burte viste det seg, at han var midt uppi ei Rid av verste Slage.

Svevnløysa kom; og han vart meir og meir fortryllt. Det gjekk so vidt at han ikkje kunde tvinge seg for framandt Folk heller alltid.

Fleire kom og vilde trøyste han; Presten var der; Lars Danielsen var der; andre Vakte kom au; men det saag helst ut til at han hadde vondt av det.

Ein Dag kom gamle Salomon Storbrekke. Han stabba heller tungt paa Staven sin no; Alderen tok paa han. Han var framlut og stør, Mæle piptande og veikt; Høyrsla hadde 329han mest reint mist, og han var tutlin og tøvin i det heile. Sat og rødde um Mor hans Enok; ho hadde au havt det med slike Gruvle-Ridir, sagde han; «so du skal kje bry deg, Enok; du skal kje bry deg …» Men ingin kunde skỳna kva Trøyst EnokEnok] rettet fra: Envk skulde hava av det at Mor hans au hadde havt Gruvle-Ridir. «No vilde eg berre ynskja, eg hadde di Tru!» ropa Enok inn i Øyra paa Gamlen; – «jagu ja, san!» nikka denne; hadde vel kje høyrt det.

Tilslutt kom Kjistina Ramstad, ho som dei sagde Enok skulde ha tenkt paa ein Gong. Henne tala han lengi med. Men ho kunde kje faa sagt han noko større; ho hadde slikt Kav med Graaten. Ho berre bad Enok at han ikkje maatte gjeva seg yvi. «Du kann tru det er mange som vilde tykkja det var vondt … um ein slik Mann skulde tumla seg burt.» Graaten tok henne. «Det er so vondt … aa sjaa deg att slik, Enok … du skỳnar det ikkje!» Enok vart liksom stillare etter dette; men Svevnløysa heldt paa, og Anna tenkte meir og meir paa Doktaren.

Kornelius hans Helge der aust var klein; dei trudde det var Tæring. Han hadde alltid vori puskin av seg, mager og skrinn og med slikt eit underleg ustødt Gongelag; men no tok det reint Magti. I heile Vinter hadde han haldi seg inne; no laag han; og dei tok til 330aa tru at det vart Enden. Daa det leid til Vaaren, kunde alle sjaa det var den Vegen det bar; Helge reiste til Byn etter Doktaren. Og no fekk Enok nytte Høve, meinte ho Anna. Han stridde imot. Men der var inga Kraft i han lenger. «Gjer som du vil,» sagde han sistpaa. «Men meg hjelper inginting.»

– Ein tjukk, tungfør Mann med stort svart Skjegg, raud og uppusta i Andlit og Augo, kom stampande inn i Reisestyvlar og Pels med Hatten paa Hovude og gjekk beint aat Sengi. «Hva er det som mangler dej da, Far?» sagde han.

Enok hadde raka seg og stelt seg, skift Skjorte og lagt seg ned; det høyrde liksom til aa vera i Seng, naar ein fekk Doktaren i Huse.

«Ja sant aa segja,» svara han, «veit eg det ikkje. Det manglar nok mange Ting … eller kanskje helst berre ein Ting.»

«Lidt rapt naa da, Mann min; je har lite Tid. Fa’n saa seigt som alting gaar for dere Bønder; naada?»

«Det er nok Syndi helst, som plagar meg. Eg hev slik ein Otte, slik Ufred …»

«For Pokker, det skulde ikke være det samme som vi havde der borte?» Han stirde Enok inn i Augo; kjende han paa Livaadri og andre Stadir; «hm … man taler om de landlige 331Sæder; de rene, landlige Sæder; hm; jagu sa jeg Smør. Naa. Hm. Neppe noget særligt. Hva er det da? «Synd»? Hva kommer det mig ved? Du maa snakke med Presten om det; hva? Gaa til Presten og faa dig noe Trøst, saa –.»

Enok kjende seg uhugleg; Doktaren lukta Brennevin. Og so denne Banningi til annakvart Ord.

«Det verste er, at eg fær kje sova», sa han. «Eg hev slik ei Uro i mitt Samvit, slik ein Angest og slik –»; med ein Gong skreik han upp: «eg er i Helvite!» –

«Hyss da Mand; – skulde der være noget i Veien med mens?Forfatternote: mens: Sjæl; Sinn. – – Hm; ikke noe særligt vist … Hm. Det er vel bare denne Gudeligheta igjen. Du gaar vel paa disse Opbyggelserne og tyller dig fuld af Svovelsnakk, kan jeg tro. He-he; Pecus.Forfatternote: pecus: Fe. Som sagt, min Mand, er der noget i Veien med «Samvite», saa faar du gaa til Presten; jeg har ikke noe med de Ting. Men et Sovemiddel kan du faa. Hør du smaa der; fins der Pen og Blæk i Huse?»

Ei av Smaagjentune sprang aat Bui og skulde finne.

Doktaren stod med Ryggen til Enok og stelte med eitkvart; fann fram Papir; drog upp av Lomma ei Medisinflaske; drakk; kremta, 332korka Flaska og gøymde ho att; gav seg so til aa gange att og fram og smaadrøse. «Hm; Folk maa jo bli gal. Saanne smaa, lave Rum; mørkt; og tung Luft; og saa Helvede. – Men Helvede vil dere nok ikke undvære?» snudde han seg til Enok; «det er vel den eneste Trøst, dere har det; hvah? – Den forkomne og fortrykte maa jo ha et Sted, hvor han kan sende sine Fortrykkere hen; det er hans Maade at tage Revanche paa. Evangeliet for de fattige, he-he … Men nu ser du at det kan vende sig imod dere selv, det der; hva? Du vilde naturligvis være med at stene mig, hvis jeg sa, at der ikke er mere Helvede end bag paa min Haand … Hvor Fanden blir der af Ungen? – – Naa; rap dig lidt, Smaaen; vi har ikke saa mye Tid i Byn som her paa Lande, ser du … Du kunde forresten gjerne ha vasket dig lidt; Takk.»

Han sette seg og skreiv. «Gjer det sterkt!» ropa Enok.

«He? sterkt? – Fa’n ikke sikker, han der. Faar passe dig, Far! Det kan gaa galt med Hue! Vette! Hvah? Skjønner du det? – Ja.»

Anna kom inn or Kjøken. Um ho maatte bjode Doktaren litegrand Mat kanskje –?

«Tak, Mor; «Mat» har jeg sjæl. – – Værsaagod. – En Spiseske om Aftenen. – – To Specier.» – – –

333– «Du hev nok Hast med aa koma paa Bygdi, du», sagde Enok til Kona si, daa Doktaren var gjengin.

«Eg hadde daa aldri tenkt slikt!» jamra Anna fortustra. «Men du veit dei gjer som dei vil, slike!» –

– Dropane vilde kje Enok hava. Han torde kje, sagde han. Tenk um han ikkje skulde kunne vakne att daa, naar Draumane kom. Men daa han sistpaa tok Dropane likevel, hjelpte dei ikkje.

Det verstna fort. Han leid visst ikkje so vondt som fyrr; men han vart so underleg tutlin.

Og so mykje meiningslaust fann han paa, at det var kje stort Raad aa tala med han.

Han kunde kje lìva; han kunde kje lìva; Gunnar skulde heim, og han burt … So lengi høyrde Anna paa dette, at ho svara kje lenger. Brydde seg kje um det. Det var berre Snakk. Men ho gjekk med ein Otte for Bryste likevel; og ho kjende at det vart laakare og laakare med henne. Det verste var Nætane; daa laag ho og skalv og ræddast meir enn ho sov. Enn um han vart reint galin; kva kunde han kje daa finne paa?

Ein Dag kom ho yvi han burt i Løo; han laag og stupa Kraake i Høye som ein Gutunge. «Aa nei men Enok!» jamra ho; rædd og raadlaus tok ho til aa graate.

334«Græt du au no», busa han ut. «Ja no skal du snart vera kvitt meg. – Berre seg, at eg skal gjera det!» klynka han; «eg hev kje Kraft sjølv; berre eg hadde Kraft!»

Ho torde kje vera aaleine i Huse. Paa eigi Andsvar leigde ho Torkjell Tualand til aa vera der jamt. Berre Laurdagsnatti og Sundagen skulde han faa vera heime.

Skrinn som ein Skugge drog ho seg ikring; venta kvar Dag aa bli liggjande. Ein Kveld ho saag Enok gaa aat Løo med eit Reip, kvakk ho so ho laut i Seng. Serina og Smaagjentune vart sende etter aat Løo; Vesle-Paulus krabba graatande uppi Sengi til Mor si, rædd av di dei andre var rædde … Anna kjende at dette stod ho kje lenger i. Det vart sent Bod til han Gunnar; han fekk rive seg laus og koma no.

Sundagen etter kom han. Enok vart som glad med det same; «nei e’ de’ ke han Dunnalmann», klissa han, liksom han skulde røde til eit Barn.

Gunnar vart forfæld daa han saag Far sin. Uvaska og uraka, med det vaate Haare klint inn til Hovude, umvrìdin i Andlìte, blaa og bleik, reint naadæmd, Augo raudsprengde, stive og store, – saag han soleis ut at Son hans knapt kunde kjenne han att.

Enok stirde paa Gunnar, myrkna; lika kje Guten. Byklædd og fin; strak og kaut; Bymannsfaktir; 335smal, bleik, Skjegg under Nosi; jau det skulde vera noko og setja paa ein Gard. Juks; berre Juks …

«Kjem du for godt no?» braadde han i; han stana paa Golve midt framfor Son sin.

Denne raudna. «Eg kann kje koma laus fyrr det lid lenger utpaa», svara han.

Anna sukka, der ho laag i den store Umhengssengi utmødd og klar. Enok smikka med Fingrane; «det er Viljen; det er Viljen …» So sette han paa Døri.

«Du maa fylgja han og snakka vel med han», bad Anna; «du ser korleis det er.»

Gunnar gjekk; fann Far sin i Kjerrehuse. Der stod Enok og smikka og grein yvi alle dei gilde Arbeidsgreidom, han hadde kaupt; no laag dei der og gjorde Narr av han. «Kva vil du med oss, du Kalvehovud, som ikkje kann brùka oss?»

«Hm», kremta Gunnar.

Enok snudde seg; fór med ein Gong beint paa han: «Du skal kje gaa med Skjegg under Nasane, Gunnar! Det er Djevelens Væsen, Djevelens Væsen, Djevelens Væsen – smikk … smikk … det er gali nok at Far din gjeng til Helvite.»

«Korleis er det du snakkar, Far?»

Like innpaa Son sin, kvæsande hardt og villt, heldt Enok fram:

336«Og so skal du kje dansa. Veit du kva? daa eg var ung, vilde eg au læra aa dansa; men eg kunde kje. Bad so smaatt til Gud; men nei. So bad eg til Fenden. ‘Du, Fenden, kann kje du læra meg aa dansa?’ – daa lærde eg litegrand. Men no tek Fenden Løni. Du skal kje dansa, Gunnar! lova meg det.»

Gunnar var bleik; han sagde Ja, men visste knapt av det. Verre Ting hadde han paa Samvite sitt …

«Ser du at Gud hev forlati meg, Gunnar? Ser du det? ser du det? Alle kann sjaa det. Men naar du kjem heim, skal eg klara meg like godt. Du skal faa Garden med ein Gong; og er det nokon du vil gifta deg med, so berre gift deg. Ein skal gifta seg; for elles fær den ureine Aand Magti. Hev du vore standhaftig mot den ureine Aand, Gunnar?»

«Ja –.» Guten vart svært raud.

«– – Du tykkjer vel eg ser rar ut? he?» – Tett inn i Andlite paa Son sin kviskra og kvæste han: «det er Fenden. Det er Fenden. Denne Angesten for Bryste, ser du. Angesten; he? den hev kje du kjent. Is; Natt; Is og Natt; langt inn i Sjæli.»

«Far, du maa – –»

«Hyss. No skal eg segja deg noko. Djevelen er etter meg; han vil eg skal gjera Ende paa meg. Kvar Dag, kvar Kveld …»

337«Det … gjer du kje, Far! Det – aa, det gjer du kje. Der skal Viljekraft til det; og det hev du visst ikkje.»

Enok grét. «Det er det eg au trøystar meg med. Eg kann kje; eg kann kje. Eg hev kje Kraft» …

– Stakkars Far.

Jau her saag ut. Og han Far som hadde haldi seg so trutt til Gud; hjelpte det kje meir aa halde seg til Gud? – Og eg, som – –; Gunnar kjende seg raadlaus. Gjeng det no gali med meg og … – «Det er vel ein, som vil hjelpa deg», sagde han raudnande.

«Dersom du kunde faa meg til aa tru at der ikkje er nokon Gud!» kviskra Enok. «Lensmannen trur kje paa Gud, og han hev det godt; Doktoren trur kje paa Gud, og han er feit som ei Ku; Fantane trur kje heller paa Gud; – aa nei, den som hadde det so godt som Fantane.»

«Er det kje best me gjeng inn no, Far; her er kaldt …»

«Men du maa lova at du vil koma heim», bad Enok. «Du maa koma heim og passa paa Far din. Eg tor kje gaa her aaleine; kvar Gong eg ser eit Tog eller eit Reip …»

338«Kom no, Far.» Gunnar tok Far sin i Armen og drog han halvt med Magt innetter aat Stogo.

«Han er sterk likevel», murra Enok; han fylgde viljelaus som eit Barn. Sutrande lagde han til: «ja naar eg hadde din sterke Arm til aa stydja meg!» –

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.