Fred

av Arne Garborg

XXV.

Gunnar fekk flytje til Byn.

Enok kom nok i Tankar um at det var gali; – føye Gunnar i hans kjøtelege Lyst; kaste han midt uti Verdi med all Freisting og Daaring, so ung som han enno var; slengje han beint i Gape paa Leviatan. Men han kunde kje brjote sitt Ord. Gunnar vilde tru det var Rangvilje.

Han hadde vori so snild au i denne Tidi, at det hadde vori Uraad aa gjera han imot. Det var nok vondt aa sjaa, at han so gjerne vilde heimanfraa; men det var kje annleis med Borni; dei hadde kje betre Vìt. Mor hans studde uppunder. Ho trudde Gunnar hadde vondt av aa gange heime no. «I mange Maatar», lagde ho til med eit sers Tonelag. Enok saag paa henne; – nei; Anna visste kje noko. Men ymist kunde det vera; slike Gutungar tenkte kje langt; og um den Jaala, ho Maren, kunde 266ha sett seg i Hovude aa bli Kone paa Haave ein Gong – –

Enok tagna. Hugsa sin eigin Ungdom; inginting aa lite paa. Best aa faa Guten av Garde.

Men daa Gunnar vel var burte, fekk Enok ei vond Rid. No hadde han endaa ein Gong synda med Vilje. Gunnar hadde vorti Avguden hans paanytt.

Og i Guds Ord stod det tydeleg: «Thi synde vi med Vilje efter at have annammet Sandhedens Erkjendelse, da er der ikke Offer mere tilbage for Synden» …

Lars Danielsen maatte brùka all si Magt til aa faa han i Logn att. Men rett som det var gjekk han og sturde og stirde att, og det var like ille. –

– Det sette kom; det var Gjente, og Enok saag eit vondt Teikn i det au. «Og so vert me so mange; kor skal der koma Mat ifraa til so mange Munnar?» klynka han. Anna var sjukleg og veik; Slìt for Bringa og vondt i Hovude; rett som det var maatte ho faa Fante-Gunhild hit til aa koppe seg; det au tok Enok tungsamt. «Det er eg, som hev øydelagt deg», sagde han. «Kona mi hev eg drepi; Son min hev eg sendt den Vonde i Vald; so kann me kje undrast paa, at Gud snur meg Ryggen!»

267Jensens Lesebok vart innførd, endaa han røysta imot; der og hadde Gud vanda hans Arbeid. Sjeldnare og sjeldnare vart det hans Meiningar som gjekk igjenom i Heradstyre, totte han. Og det store Verke han hadde drøymt um, dette med Fantane, vende seg meir og meir til Spott og Skam. Tomas bruka Huse sitt berre til Vinterhie; um Sùmaren flakka dei mest som fyrr; men naar dei var heime, var der ein Ulivna med Drykk og Slaasting og Uliklegdom, so det var fælt aa tenkje paa at ein hadde vori med aa draga denne Styggedomen innyvi Bygdi. Det var som det laag Vaabøn yvi alt han tok seg fyri.

Med Garden gjekk det til atters Aar for Aar. Ikkje agta han alt som han skulde lenger, og ikkje var Gud med. Og Anna var sjukleg, so ho kunde kje heller sjaa etter som fyrr. Guds Straff, Guds Straff; det bar paa Kassa med deim; um nokre Aar var dei paa Bygdi …

Han kunde røda slik stundom, at ho Anna beintfram maatte skjelle paa han. Og stundom var det som dette hjelpte.

– Det gjekk eit Par Aar paa denne Maaten, upp og ned, upp og ned. I lange tunge Bylgjedrag som Have der ute.

Naar Enok hadde sine gode Tidir, var han modig; han braut upp Jord; bygde nytt Fjos; kaupte Garden hans Rasmiss Skare til Sùmarstøl; 268fann paa alt og var med paa alt; «yrkjesame og iduge Born vilde Gud hava;» «med Verksemd skulde me døyva Djevelen.» Han hadde Ridir daa han kaupte mest alt han saag. Istadenfor Kòla skulde dei no hava Parafinlampe; ein ny Omn kom han heim med ifraa Byn, ein med tri Høgdir og Dør, og med Ilegge inne; ja han kaupte seg Karjol, og gav seg til aa byte Øykir og Kyr; det var som han ikkje hadde Fred; noko maatte han staake med allstødt.

Det var mange Auksjonar no utetter; Banken kom og tok Gardane fraa Folk; Lensmannen panta og selde for Skatten; sùme gjorde Auksjon sjølve og reiste til Amerika; – Enok var med allstad. Og kom heim att med alskyns Rap og Skrap, ofte den reine Hendesløysa; «hadde fengi det so billegt». Verst var det den Vaaren daa Møller paa Myre rauk. Daa gjekk Enok paa Auksjonen i tvo Dagar; kom so heimatt med ei heil Langkjerre full av Skrap: Kinnemaskin, Saamaskin, Hakkmaskin, alle Slag rare Greidur til eit «rasjonelt Hagebruk» … Ho Anna gløymde seg og spurde: «nei men kva vil du no med alt dette Enok?» Han stod eit Bìl og stirde paa det; so skjekkte han med Munnen og smikka med Fingrane. «Det er Tull alt ihop, alt ihop, alt ihop!» – Ho laut trøyste han det beste ho kunde.

269Men naar dei vonde Tidine kom, gav han reint upp. Han var fordømd og fortapt og vasa um Helvite og um Fatigkassa. Alle underlege Ting fann han paa, og gali vart alt; den eine Dagen hadde han «kasta Gunnar ut paa Verdens Hav til ei Aate for Hinmannen»; den andre Dagen var det Gud som vilde «frelsa Gunnar fraa Far hans»; «han saag, at eg øydelagde han, baade til Lìkam og Sjæl; og so maatte han ta han ifraa meg.» Stundom var det Gunnar, som hadde vori so vìtug; «vìtug Kar! han saag det gjekk gali med meg, og at Gud hadde forbanna meg; best aa halda seg burte, so kom daa kje han paa Bygdi!»

Eit Folkesnakk som ho Fante-Gunhild kom med ein Gong: at han Gunnar skulde vera komin uppi det med eit Kvinnfolk, gjorde Enok hovdalaus for ei lang Stund. «Vaabøni ligg yvi heile mitt Hus; Gud vil forderva og forkasta heile Ætti … straffa mine Misgjerningar paa Borni i tusund Led»; ofte laut ho Anna berre gjeva seg yvi og tegja.

Alt tok han seg Sutir av. Ho Serina var framsloppi og vaks upp til ei ven Gjente, rak og lett og faktegreid; daa Enok lagde Merke til dette, tok han den Tanken at det maatte gange gali med Serina. Sidan fekk ho mest ikkje koma ut. Han lika kje ein Gong at ho gjekk til Kyrkja.

270Tønes Tualand, Skulemeistaren, hadde teki til aa vanke i Huse i seinare Tid; tillslutt fekk Enok Mistanke um at det var henne Serina, han gjekk etter. Ein Kveld kom han yvi deim attanum Løo, dei stod i slikt eit stillvori Drøs; daa Enok kom, vart dei so raude og rare; og strakst etter sagde Tønes Godnatt og gjekk. Underleg braatt og villt brast det ut av han Enok: «kva er det du løyp og renner etter den Husmannssonen fyri? Kva er det, han vil deg? He? Kva hev du i Løo med han aa gjera? He?!» Han saag so vill ut at ho vart rædd og rømde inn; Enok etter, mullande og fortryllt; i Kjøken tok han paa Anna med same Jamringi. Anna vart harm; «du kunde daa høyra deg fyre, fyrr du tok paa Barne med vìtlaust Snakk», meinte ho; «Gong paa Gong hev ho sagt til han Tønes, og i Kveld med, at det ikkje kann verta noko; og trur du det ikkje, so kann eg fortelja deg det alt Folk veit: at han Tønes er mest som ør for dette; gjeng og driv ned i Heiane um Dagen reint for seg sjølv; og til Serina sender han Brev med halvgalne Visur;– ja du kann faa sjaa sjølv!» ho gjekk aat Bui og kom att med eit Papir som ho gav han Enok aa lesa. Ho Serina hadde gøymt seg.

Enok saag paa Visa; vilde Tønes gjera Narr au? Tenk han skreiv paa dette flate Maale. Hm!

271«Aa Vinden tyt gjenom Lufti,
og Marki er kald og snaud.
Gud hjelpe meg, arme Syndaren!
– eg vilde helst eg var daud.

«Dei balar og balar og balar
i Strid og endelaust Kav.
Gud berge meg, arme Syndaren!
– eg laag no helst i mi Grav.

«Presten han stend og preikar,
og Skulemeistaren skriv.
Gud trøyste meg, arme Syndaren!
– eg slepte no helst mitt Liv.

»Gjenta ho lær og dansar,
og gjev seg ein Fark i Vald.
Gud naade med, syndige Armingen!
– best var det aa liggje kald.

«Farvel, du staakande Verdi!
eg trur, eg er ferdig no.
Der ute skin Have blankt og blaatt,
og der, paa Botnen er Ro – – –»

Enok stakk Papire i Lomma og gjekk. Hm … Ho Anna hadde Tillit hjaa Borni; til henne gjekk dei med alt; men til honom, – ingin kom til honom. Dei var rædde honom. Han var utanfor, han; utanfor; framand i sitt eigi Hus; – smikk .. smikk – –

– Det kom ein Regnsùmar av dei verste.

I seks Vikur rignde det mest i eit. Himilen hekk heilt ned aat Aasane med si svære 272Skytyngd; Jordi flaut med Vatn; det var som der ikkje skulde vera Skilnad lenger millom Vatne ovantil og Vatne nedantil. Skyir stengde til alle Kantar; Himilen drog seg ihop som ein Sekk. Men ute i den ævelege Regnskodda myrkna Have.

Fæle Torevêr drog laagt yvi Lande med trafsande Regn og heite Ljon; det kunde vara i Dagar. Svære Flaumar førde Sand og Smaastein og Rekstr yvi alt laagt Lende, drog med seg Høy og skamfór Eng; Vegar vart øydelagde og Kloppir rìvne; Høye stod og brann upp i Saatune sine, og Slaatten stana all Stad.

Stundom var det som Herren vilde forbarme seg; Soli rann um Morgonen tirande blank, og Himilen var rein og blaa som eit Vatn. Folk vaaga seg ut; kasta Saatur og breidde Høy; kunde hende det heldt upp ut til Nons um ikkje meir … Men dei gamle riste paa Hovude. Soli var altfor raud, og altfor ufriskt heit; dogglaus Mark spaadde kje heller godt; der var lite aa vone. Og utpaa Morgonen dotta det seg til med Smaaskyir her og der; Skyhagar drog upp i Sudaust og Sør; Smaaskyine vart større og samla seg; det myrkna i Fjelli og svartna til Havs; Soli kava og kava, men døyvdest ned … «Aa Gud! lat di Aasyn lysa for oss!» ropa Enok mot Himilen, der han endaa leita etter ein blaa Flekk.

273Men blækblaae Sky-Hav breidde seg paa alle Kantar. Soli gav upp og gøymde seg. Dei fysste tunge Dropane fall som vonlause Taarir. Folk kasta seg i Høye paa Helse og Liv, reiv det ihop i hivande Hast; halvroti, halvraatt i Saatur med det; yvi Hovudi paa deim ramla det laust med Smell yvi Smell, og Regne sturta og strøymde. Vaate som Kraakur laut dei berre sjaa aa koma i Hus, skifte Klæde og turke seg.

Men Høye vart standande i sine Saatur til det var svart, og Paddur og Frosk bygde seg Reir der, og livde godt og fekk Sønir og Døtrar. Ein sur Snik av rotnande Høy breidde seg yvi Lande som ei Uhyggje; men den Engi som stod, regnde ned og rotna paa Stuven; Aakeren like eins. Dei gildaste Aakerflekkane laut dei slaa og brùka upp til Grønfor.

Enok gjekk som innestengd millom mange Vatn, elt av ein Otte han ikkje raadde med. Det bar mot dei siste Tidir. Det myrkna og svartna; Lufti fyltest med Vatn og Eld; Himilen stengdest; Soli fekk kje gjeva sitt Skin; Heimsens Orden snudde seg og vildrast. Gud hadde gløymt Pakti med Noa og vilde drukne Verdi endaa ein Gong. Det var kje for inginting det hadde vori so mykje Havbrak i Vinter, og so mange rædde, rapande Stjernur.

274Han laag i svarte Nætar og skalv, naar Tora skangra yvi Mønsaasane og Regne fossa. Flaumen steig og steig. Snart naadde han Husmurane; so steig han endaa meir og reiv oss alle burt; ut i sin skavlande gule Foss, ut, ut i det brusande Have.

Ei Natt skræmdest han reint.

Det skimta og glødde upp fraa alle Himilens Hyrno med Eld; Eld som Svaavel, og Eld som Blod, og Eld som svingande kvite Kerubsverd; og Tora rulla og ramla som Domedagar. Braut ut i Brak og Skòt og mest som Skrik, himlende ville Angestskrik, – at no brast Kvelven! Men stundom var det som ho velte seg etter sjølve Jordi, i Skak og Hopp som eit rullande Fjell, eller vassande, svassande som gjenom vide Sjøar. Og Skimt i Skimt, Skrell i Skrell; og Regne sturta og trafsa med eit Brak som av Hestetraav; Lufti eit hyljande Hav av Regn. Himil og Jord grét seg saman i Angest yvi dei Rædslur som koma skulde.

«Kors i Jesu Namn!» «Kors i Jesu Namn!» stunde Anna og Enok innunder Dyna si; tilslutt kom der eit Brak so Jordi sokk – «Herre Jesus!!» Enok skreik, famla seg upp or Sengi som etter Hjelp, kvit som eit Lik; det lukta Svaavel; Verdi forgjekst … «Fyrstikkur er i Skaape!» ropa Anna; han fekk i Ljos; fann Johan Arndt; kasta seg paa sine berre Kne; 275las Bøni «mod Frygt for den yderste Dag»; og det ramla og rumla rundt alle Himlar som Verdi var i Uppløysning.

Han dirra i Mæle; Ljose blekkte i dei brennkvasse Ljonglim. Og Enok kjende Golve gjeva seg under Knéi sine naar dei sværaste Slagi kom, harde og tunge som Sprengsmellar.

Det gav seg noko, men kveiktest uppatt; fysst ut mot Morgonen vart det meir rolegt. Men endaa brumla og brulta det rundt ikring. Som eit jamt, døyvt, alltid paa nytt vaknande og framveltande Mummel av Guds svære Vreide.

Daa Enok kom ut om Morgonen saag han ei fæl Syn.

Haare reiste seg paa Hovude hans; han vart standande som naamin, miste Magti yvi seg sjølv: so nær hadde Gud vori oss i Natt. Fotefar etter den Herre Sebaot like utanfor Døri.

Tora hadde slegi ned. Den gamle Selja stod svidd og svart med brotin Topp; Greinine var avrivne nedetter heile den eine Sida.

Ødelæggelsens Vederstyggelighed, Ødelæggelsens Vederstyggelighed …

So hadde Ljone gjort eit Hopp fraa Trée ned i Marki; kasta ned Gjerde; bora Hol i Jordi; fari lenger burt og gjort eit nytt Hol; og slik burtigjenom, Hol etter Hol, mindre og 276mindre; Jordi upprìvi og upprota som av eit skræmelegt, rasande Kjempe-Villsvin.

Han var so stygg daa han kom farande inn att, so graagrøn i Andlite og so forvend i Augo, at ho Anna reint skreik upp: «kva er det, Enok?!»

– «Domen, Domen,» sagde han haast; «Domen» …

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.