Fred

av Arne Garborg

XXVI.

Lange Tidir var lìdne, og forunderlege og syrgjefulle var Verdens Umvandlingar; baade Fante-Tomas og Carolus var komne paa Fantestigen att.

Det var ei Gjente som hadde forført han Carolus.

Ho heitte Katrine og var Dotter av Finne-Barbro. Denne Gjenta hadde Carolus raaka heime i Ramstadheiî; og ho hadde «forlikt» seg i han. Sidan hadde Kvinnfolki gjevi Guten Elskhugsdrykk, og fraa den Dagen var det ute med Carolus Magnus.

Ho drog han burt fraa Arbeide alt i eitt. Oftare og oftare var han med henne paa Ferdine hennar. Snart viste det seg, at ho bar noko under Belte som nok var hans. Og Enden vart at han kom til aa fylgje henne alltid.

Daa vart Fante-Tomas i Ulag; Carolus Magnus hadde vori hans einaste Trøyst. No 278kunde det mest vera det same med heile Vidtløftigheiti.

Skrap gjekk det med han sjølv au. Jordstykkje sitt hadde han ikkje kunna brùka. Han lìvde paa Fatighjelp med Tigging innimillom og vart meir og meir làt. Stogo hans hadde vorti eit fast Fantebøle. Alle gamle Kjenningar tok inn der; og med deim fylgde Brennevin og Kort, so han Tomas hadde gløymt all Folkeskikk. Og Kjeringi som vart sjuk og forvend av aa liggje so jamt roleg, hadde slegi seg paa Flaska reint; sistpaa laut ho hava Brennevin kvar Dag, skulde ho vera styrande.

Med Borni gjekk det like eins ymist. Den eldste Gjenta tenkte berre paa aa sleppe fram; so «vilde ho faa seg ein Unge i Tarmen» og gjeva seg paa Utferd. Det gjorde ho daa au, so snart ho kunde sleppe til. Slog Lag med Olaves Didriksen og gav seg paa Vidvanken.

Dei tvo yngste, ho Else og han Fredrik, gjekk heime og lærde alt som gali var. Stal Brennevin og drakk; laag i Bakken utanfor Huse og leika Dragsmaal og Kjærleik og alt som til var. So at Tomas stundom flaug ut i sitt faderlege Sinne og slog Ungane mest ihel. Men so kom Mori etter i Fullskap og Vilske og skamslog han Tomas att.

Tilslutt rann den syrgjefulle Dagen, daa 279Fante-Tomas misste Kjeringi si. Etter Guds djupe Raadslagningar døydde ho fraa han i Dilla ein Dag; og alt um dette i visse Maatar kunde vera godt, so skỳna Tomas snart, at utan Kjering var han skorsett.

Og paa Resten saag han seg drìvin av den harde Skjæbnens Nødvendegheit og Inngrimheit til aa taka Else og Fredrik med seg og forlata Hytta si, som no stod der tom og kald og full av sorgsame Minne. Slog so Fylgje med Carolus, som rimelegt var. «Ja Verden er innful,» sa han Fante-Tomas.

Det gjekk elles godt, so lengi ho Finne-Barbro lìvde. Ho kunde i mange Maatar vera som ei Kone for Tomas, ho. Og so hadde ho slikt eit flytendes Talent, at ho kunde føde heile Flokken. Iser forstod ho seg paa Summing.Forfatternote: Summing: Trolling. Naar dei var paa avbakslege Stadir inn-i Fjordane eller tilfjells, kunde ho stundom tena baade Mat og Skjelingar med aa lesa yvi eit Barn eller gjera aat for ei Ku; mang ein god Kjøtknok og mangt eit godt gamalt Plagg fekk ho au for aa spaa i Kort, eller naar ho viste giftegalne Gjentur dei Mennane dei skulde faa, og kva ho elles dreiv for Smaakunstir. Men so vilde Gud i sin urandsakelege Visdom, at ho au skulde døy, og etter den Dagen vart 280det svært ubeint. Ein kunde ikkje koma fram utan Kjering paa Fantestigen heller.

Ho var glup ho Katrine au, Kona hans Carolus. Ho kunde sùme Kunstir etter Mor si som ho brùka naar Høve kunde vera; det var i det heile ei bra Kjering, so lengi ho ikkje var full. Men Flokken var for stor, og Tidine var tronge.

Mannfolki dugde til inginting. Han Tomas var for langt uti Aari; Fingrane var kje so mjuke lenger, og Augo ikkje so gløgge; til Finarbeid var han inkje tess, og det andre gav so lite av seg. Og Carolus hadde lært reint for lite av Fantekunstir. Han gjorde Ferdir til einslege Bygdir stundom og heldt Uypbyggelsar; daa kunde han tena litegrand. Men ein vart so snart kjend.

Fante-Tomas laut selja Plagg etter Plagg baade for seg og Borni, so han kunde faa til Kaffi og Tòbakk; det meste av Arbeidsvelden hans fór same Vegen. Snart gjekk kan rundt i Bygdine og saag verre ut enn ein Svenske. Og tente dei noko ein Gong, so bar det til næraste Byen med deim; og daa livde dei godt med Mat og Brennevin, til dess dei ikkje hadde att anna enn det dei gjekk og stod i.

Dei heldt seg mest nedetter Strilelande og paa Stavangerkanten; lenger aust nytta det mindre med baade Uppbyggelsar og Summing. 281Og allstad minka det med den gamle Trui paa at Fantane kunde trolle; Folk lærde so mykje no. Daa dei vanka so jamt paa dei same Stadine, vart Folk leide av deim au; og der vart stødt mindre aa faa med Tigging. Svært ofte laut dei liggje med Natti i Løur og Uthus; men i kalde Tidir var det ufysi nok aa leggje seg med halvvaate Klæde i Høy eller Halm, og fælt vondt aa rise uppatt, naar der ikkje var so mykje som ein Kaffiskvett aa faa. For dei torde aldri gjera Varme upp i Løo. Og Flaska var tom berre dei var komne ei Dags-Gonge fraa Byn.

Det vart ein sur Vinter med Snøslaps og vondt Føre og isande kald Vind.

Dei drog seg seint og smaatt nedetter Strilelande med den gamle Baaten sin og laag ofte vêrfaste. Langt um lengi naadde dei Stavanger, og ho Katrine fekk selt noko Spøt. Daa hadde dei lìdi vondt so lengi at dei totte dei laut hava seg ei skikkeleg Uppkveikjing. Dei sumla og drakk med gamle Kjenningar, til dei ikkje aatte ein heil Klut paa Kroppen meir.

So drog dei seg utyvi Nese i den isande Vinden og fraus mest ihel. Og so fæle saag dei ut, at Folk var helst rædde deim. Den eine Filla svimeslog den andre; nakne Kroppen kikka ut baade her og der; Haartufsane 282dingla um Hovudi paa deim og fram-yvi dei blaafrosne, svartgaarutte Andlìti; Lusi var nok og leid med deim, kunde ein skỳna. Katrine traakla paa seg alle dei Fillune ho kunde faa fat i, men kunde endaa knapt løyne alt som løynast skulde; Litle-Else tulla dei inn i ei gamall Mannfolkkufte med eit Tòg ikring Live. Med Tomas var det verst. Han gjekk og skugra i ei sundflengd Nattrøye som mest ikkje hekk paa ‘n lenger; og Broki, som lite anna var enn Bot i Bot og Hol i Hol, hekk etter ein Hyssing yvi den eine Aksli. Det einaste paa hans Kropp som var noko-so-nær heilt var den Sydvesten han hadde paa Hovude; den hadde han funni paa ei Fugleskræme i ein Aaker ovanum Haugesund.

Unge Thomassen var den som heldt mest paa Vyrdnaden sin; han hadde Hatt, og um Halsen eit raudrosutt Lùmmaplagg av Bomull. Rar var han aa sjaa paa no. Eit Hovud høgare enn Far sin, lang og smal og slengin og mjuk; gjekk med Nevane i Broki og hivde og duva som ei Baatmast i Sidesjø; øvst uppe paa ein lang brun Hals eit ørlite Hovud som ein Knapp. Andlite var rundt og flatt som ei Klokkeskive, smaafregnutt, vêrbarka, med ei Hud som Pergament; paa Kjakane og ovanum Munnen sprikte eit raudt, stridt Busteskjegg; Augo var smaae, myrke, snare, og Skallen 283litin, rund, rundkvelvd som paa eit Barn; fraa Far sin hadde han dei lause, listige Drag og den braaskiftande Svìpen fraa villt Løgje til heilagt, audmjukt Skalke-Aalvor; paa det eine Kinne var eit stort Er.

Han gjekk i ei blaa Kufte av laust, grovt Vadmaal. Kufta var heil so nær som paa Olbogane, og so var det denne Flengja ho hadde fengi inni Byn no, tvers yvi Magen; det var Olaves Didriksen han hadde vori i Kast med. Og det var just Lage hans Olaves det: flengje med Kniven tvers yvi Magen, og det so nett, at det berre var so vidt Odden rispa Skinne. Katrine hadde traakla Flengja ihop so godt ho kunde med noko brun Ulltraad; men endaa hekk Kuftesnippane og dingla som dei vilde dette av. Mest skralt var det med Broki; den var bøtt baade i Kross og i Krok, og svært upptrafsa nedmed Føtane.

Dei var i Ulag paa alle Maatar. Ungane gjekk og hosta som Sauir; Gamle-Tomas hadde Rygmatisma; Katrine og Carolus var «forkjølte»; Borni skreik for Naglabìt og Svolt; og han Litle-Tomas, som Katrine gjekk med i Ryggbande sitt, vilde stundom mest blaane burt for deim; dei laut ender og daa leggje seg ned med Ungen imillom seg og tine han upp med sin eigin Varme. Det saag raadlaust ut aa klara Vinteren; og ho Katrine tok til aa undrast 284paa, kva Beng’enForfatternote: Beng: Djevel. ein skulde hava tvo lange MorsarForfatternote: Mors: Mannfolk. gangande her etter, naar dei ikkje kunde finne paa Raad! Ho Else, som med sine tolv Aar var nokso rask paa Munnen alt, gnaala med paa sin Maate. Dei tvo Morsane skỳna godt kva Kvinnfolki meinte, og dei glytte til kvarandre fraa Sida med utrygge, granskande Augnekast.

Noko med det verste var, at det var Slutt med Tòbakkje.

Dei hadde kaupt seg ein Rull i Stavanger; men den maatte Olaves Didriksen ha stoli. Han Gamle-Tomas gjekk alt og togg paa Fore i Tòbakks-Lùmma si og banna og sturde og var reint utav Lag; hadde gløymt baade Anskuelsar og Aspektir. Carolus hadde sét seg Kans med aa naske til seg ein Tòbakksstubb einstad der dei var inne; men den gøymde han for Far sin; det var kje noko aa skifte paa, totte han.

Ein Morgon var det reint ille med Gamle-Tomas. Dei hadde legi um Natti i ei Husmannsstogu; Mannen var kje heime, og der fanst i heile Huse ikkje Namne til Tòbakk. Lùmme-Fore var upp-eti, og Tomas gjekk og verkte og grein og var so tòbakkgalen, at han lite sansa seg. Gnaala paa Son sin: «du maa vel ha noko du? Du hev vel aldri-so-lite 285Lùmmerusk, um ikkje anna?» Men Carolus laag der paa Halmdotten sin og vreid seg og fraus: «neigu um eg hev! no banna eg!» Den gamle gjekk og svinsa og snusa og leitte rundt Stogo baade høgt og laagt, og ute i Kjøken, og allstad, um det ikkje skulde finnast nokon Ting; og so inn-til Sonen att, ør og galin: «F. skal partera deg, skaffar du kje Far din eit Skraa, din Skuntfakkar!» «Hald Kjeft no, din gamle Sattan!» skreik Carolus, «annars skal eg læra deg!» – Men i ei Kraa hadde Gamlen funni Broki til Son sin; den handfór han no gjenom alle Saumar; fann tilslutt, paa ein utruleg Stad, den vesle Tòbakksbìten som enno var att; glefste den aat Munnen med ein Bikkjeglefs og vilde paa Dør; Carolus forstod Fantestykkje og treiv Far sin i Foten; denne datt framstupes so lang som han var; so bar det til med eit Staak og ei Banning so det var kje for Folk aa høyre paa; «stèl du og, din Dævel!» – «So du vil gjøyma Tòbakke for Far din, ditt Svin!» – Dei laag og krabba paa Golve og saag ut som dei vilde rive kvarandre sund; Faren fekk Tak paa Sonen paa ein unemneleg Stad og klembde til, so Sonen remja; Katrine og Else lagde seg imillom med Banning og Skrik; Huse stod paa Ende; Husmannskjeringi kom farande inn og spurde um ho skulde hente Lensmannen. Dei vart daa 286tilslutt skilde paa det Vilkaare, at Faren skulde skifte Skraae i tvo og gjeva Son sin Helvti.

Dei var meinte paa aa taka Vegen gjenom Fjellbygdom; i Vaadal skulde dei raake Olaves Didriksen og hans Flokk.

Det var kaldt men klaart den Dagen, og etterkvart som dei rusla burtetter Vegen, Far og Son, i den lette, frostblaae Vinterlufti og med kvar sin Skraastubb i Munnen, kom dei i Godlag og Drøselag.

Gamle-Tomas var som han skulde ha fengi ein halv Pæl, so kry og kveikt vart han av den vesle Tòbakksbiten. Han tala i Høgtidsmaal um Tidines Umstændigheitir og Livets Forargelegheit. Naar han saag att-ende paa dei fordna Dagar og so tenkte paa, kossleissen han no maatte valendera umkring her med Husstand og Famili som ein Proppenrytter, um han maatte brùka so stygt eit Ord, so kunde der nok koma mange Slags Betraktelsar og Fyresvìv for han, baade um Verdens Bestyrelse og um Menniskens Ondskap. Carolus undrast med seg sjølv paa kor Far hans no vilde av. «Ja den som berre visste ein Utveg, so skulde kje eg vera sein,» rettleidde han varleg.

Dei glytte til kvarandre fraa Sida med eit granskande Augnekast.

287Gamle-Tomas heldt fram, og Hovude hans bøygde seg og svinga paa Stylken sin:

«Eg vil ikkje rosa meg sjølv; men det kann eg segja, at eg alltid hev halde min Veg rein og mine Hendar frie for alt som ikkje mitt var. Eg hadde alltid den Aspekten for meg, at du skal ikkje gjera Herren din Gud imot, so lengi du kann sleppa. So at no gjeng eg her for Gud i mit ni og halvtredsindstjugande Aar og kann trygt mana ut kvar Mann, og det finst ikkje ein som kann svara meg eitt til tusund. Ikkje ein er der, som kann staa fram mot Tomas Fredriksen med so mykje som det som kann liggja paa den smale Enden av eit Spadeskaft og segja: dette hev Tomas Fredriksen teki med Uredelegheit!»

Han glytte prøvande paa Son sin. Andlite hadde sitt gamle løynske Lag, og Augo krengde seg skrymtheilage og kvite.

«– So at det maa eg segja,» heldt Tomas fram i sitt mjukaste Tonelag, «at um det skulde passera meg noko sodant no, so vilde eg endaa vera ein betre Mann enn baade Olaves Didriksen og vaare andre Bekjendterar.»

Carolus Magnus sette i med ein høg, laus Laatt, – ein glad Laatt. So sagde han: «Du hev kje stort att for ditt ustraffelege Levnet, 288Far! Dei hev betre Dagar dei som er paa Pagoen,Forfatternote: Pago: Tukthus. enn me hev.»

No lo Gamle-Tomas og; – ein glad Laatt. Og dei glytte til kvarandre fraa Sida med Augo som forstod kvarandre.

«Du maa kje tala so lettsindigt, Carolus,» formana den gamle; «det er sørgjelege og djupe Ting dette, og Herrens Raadslagningar og ubegripelege for oss. Men elles er det kje sagt det vart Pagoen,» lagde han til i Kvardagstone.

«Det er det same,» sagde Carolus fast. «Naar Arbeidsmannen ikkje fær den halve Skjelingen han treng um han skal lìva, so lyt han berga seg som han kann.»

«Hæ-hæ, din Skøyar,» lo Fante-Tomas; «hugsar du det?»

«Eg hev tenkt mykje paa det, maa du tru. Og eit av tvo. Anten gjeng det godt; og so er det so mykje betre. Eller au vert me fakka og førde paa Straff; men daa fær me det au betre enn me no hev det. Eg vil segja deg beint ut, Far: eg kann kje gaa lenger og sjaa paa at ho Katrine skal ha det soleis; og det verste er, at ho snart skal ha smaatt att.»

Han var aalvorsam.

Um ei Stund sat Tomas og Carolus og Katrine saman paa Vegkanten og heldt Husraad; 289og der vart daa heile Saki avtala og avgjord. Det maatte bli ei Raad no; og den einaste Raadi var Spaneba.Forfatternote: Spaneba: Stuld.

Og det vart Glede i Flokken, og Godlag og Blidlaat; Katrine klappa med kjælne Augo Carolus paa Kinne og sagde: «du er RakloenForfatternote: Raklo: Gut. min alltid, du!» – Det var som dei endeleg saag Land. «No ikke noget Kryberi!» knota Carolus; «berre gaa paa med mandelegt Mod; Gjerningen er beslutta!» –

– Ut paa Ettermiddagen skildest Katrine fraa Mennane med alle gode Ynskje; ho og Borni skulde taka Vegen gjenom Fjellbygdine. Tomas og Carolus tok Flatlande fat; dei vilde innum paa Haave. Der var han Carolus so godt kjend.

Lufti var klaar med linn Frost. Store graae, rolege Skyir laag upp yvi Himilen fraa Vest og Sør; Soli var so vidt nede.

Det saag ut til aa bli passeleg myrkt. Snøen var for det meste avgjengin, so dei kunde koma fram allstad. «No kann me segja som ho Finne-Babro sae: «Fandens Hjelp er tryggare enn Guds Hjelp!» – lo Carolus Magnus.

Dei sprang meir enn dei gjekk; det galdt aa koma fort fram, og det galdt aa halde Varmen i seg. So lengi det var ljost av Dagen, 290heldt dei seg paa Avvegar og Markvegar. Mest ikkje eit Ord vart sagt. Det var ikkje Tid til Drøsur no; og det galdt aa spara paa Krafti det ein kunde.

Tvo Gongir kvilte dei; millom elleve og tolv um Natti var dei framme.

Der var ingin Hund paa Haave, og alt var trygt. Attmed Kjerrehusmuren fann Carolus Stigen; den sette dei upp til Buakammersglase. Carolus drog Skorne av seg og gjekk upp. Tok ut det eine Vindauga; lydde ei Stund; gjorde Teikn til Far sin at alt var stilt, og kraup inn.

Døri millom Kammerse og Bui stod uppe. Han stana og lydde etter, um det skulde liggje nokon i Buasengi. Nei. Rolegt allstad. Inn bar det.

Hjarta hans banka litegrand; elles var han med godt Mod. Snarare glad. Kjende seg Eigar av alt som her var; um Natti var det Fanten som var Herre. Hadde han Tjuroen?Forfatternote: Tjuro: Kniv. Javel. Stilt og smaatt stìga han seg fram, eit halvt Fet um Senn, med den eine Handi framfyri seg, um der skulde vera eitkvart i Vegen; snart stod han ved Skatole hennar Anna.

– Læst? Nei. Alt uppe. Snilde Folk her i Huse. Leit paa Gud meir enn paa eit Laas. Dei skulde berre vìta, kva for Gjestir 291dei no hadde! Ned or Skjenken fann han med stille, vare Tak Sylvskeiîne, ei etter ei; der var fem store og tri Theskeiîr. So tok han upp Skatolklaffen; fann fram til det vesle Rome inst inne, der ho Anna hadde Sylvstasen sin; underleg nok var det Rome læst. Men det gjorde kje noko.

Han hugsa den Laasgreida; so mang ein Gong hadde Gunnar og han i gamle Dagar leika seg her. Og av Olaves Didriksen hadde han sidan fengi Rettleiding i den Kunsten aa «brekke» eit Laas. Han prikka med Tolekniven litegrand; knikk, knakk! Der gjekk det. «Det er nok som han Olaves segjer: eg hev Sjenie», mylte han for seg sjølv.

Han tok alt han fann, eit Hodevandshus av Sylv; ein stor gamall Sylvarmring; ein Gullring med ein Stein i; ein stor Spiralring av Gull; ei svær gamalldags Sylvkjede; han kjende det att alt og var mest kløkt; aa dé kjære Barndoms Dagar! Tulla so det han hadde funni inn i Halsduken sin og stakk dei i Kuftelùmma. Paa Buaveggen ved Kammersdøri hekk det Klædningar; han gjorde nokre Tak der upp og tok med seg det han kunde bera.

Og so ut. Kasta Klædi ned til Far sin; sette Glase inn att; kraup ned; fekk Skorne paa seg; so sette dei Stigen burt og gjekk.

Carolus kunde mest ikkje styre seg. Han 292var so glad; hoppa, dansa, lo, stupa Kraake, knipte Far sin i Bakenden; han hadde gjort Meistarstykkje sitt! Gamlen talde for ‘n. Men det nytta kje stort; so sette han til Sprangs. Daa dei var komne langt nok burt fraa Husi, skifte dei Klæde.

Carolus var som galin heile Tidi. Slengde paa Skjemt Far sin i Marki; lo, hoppa, bar seg; spela Lensmannen, som kom og vilde setja deim; tok so denne uppdikta Lensmannen og skamslog han:

«Ja deroForfatternote: dero: du. skal leForfatternote: le: faa. IsingarForfatternote: Ising: eig. Klædning. gule og blaa,
naar TjuroenForfatternote: Tjuro: Kniv. og TjakniaForfatternote: Tjakni: Svipe (Slagsmaalsvaapen). byrjar aa gaa» …

Gamlen banna og gav vondt, men maatte til Slutt berre gjeva seg i Vegen. Det bar uppetter.

Snart var dei ved Brekkestampa. Her kunde ein gange «inn og kjøpa Ty til nye Klæde!» «Er ein fysst ute so skal ein ta for seg!» Carolus tok ut Glase og smaug inn, ledug som ein Orm. «Ha, ha! MoskroenForfatternote: Moskro: Lensmann. søv, og BuroenForfatternote: Buro: Bonde. søv, og Hundane søv; RomanisælenForfatternote: Romanisæl: Tater. er Herre paa Tufti.» Han rette ut gjenom Vindaugsgluggen Vev etter Vev; daa 293han kom med den fjorde meinte Tomas det kunde vera nok; dei vann kje meir, sagde han. Men Carolus dreiv paa. Han lo som ein Fossekall der inne i det myrke Stampehuse: «er ein fysst ute so skal ein ta for seg!» – Endeleg kom han ut. «Du er pinende galin, Gut; kva skal me med meir enn me kann bera?» – «Aat Aai med det!» lo Carolus. Og ut hivde han Vev etter Vev; «Hurra for Buroen! Hurra for Moskroen!» «Ja galin er du, og paa Tukthuse kjem du», jamra Faren. Tok sine Vevir og rusla, arg og harm.

Det bar burtyvi ei Klopp, som var lagd yvi den Renna der Stemmevatne gjekk; Carolus etter. Han var so underleg i Lag i Kveld, so fordansande kaat: skuva Far sin ned av Kloppi og ut i Bekken med Vevir og alt; «haa, haa, haa, haa!» Gamlen pusta og fræste, sputta og banna, sanka Vevine og seg sjølv upp av Vatne og vassa i Veg; «slipe meg, skal du kje faa det att ein Gong, din Utangje du er!» Carolus lo so han stod tvikrokut.

Endeleg tok han si eigi Byrd og labba etter, sullande og fornøgd. Det var Synd for han Far, dette; men – haa, haa, haa, haa! –

«Aa kjæra mine Tjavoar,
aa kjærar inte saa!
Aa kjæra mine Tjavoar,
aa kjærar inte saa!
294For elles kann I avaForfatternote: ava: koma. paa Pagoen
i alle eders Aar.»

Gamlen rusla fyri og skugra og skalv. Og banna av Hjarta denne Helvites Guteslarken, som vilde ha Helsa av han. Snart kjende han at Klædi hans stivna paa Kroppen; det var Frosten som tok til aa kvessast no. Vevine paa Aksli hans vart til Is, og det fraus Joklar paa Stakkane hennar Anna Haave som han gjekk med paa Armen. Det klirra og klingra for kvart Stìg han steig, og knaka og gav seg i den stivfrosne Broki.

Daa smelte Carolus i aa læ paa nytt Lag. Og Tomas lo med, so harm han var; «hæ, hæ», skok han seg, «Dyden er skrøpeleg, sa Fanden; dansa i Glasbukser!» –

– Det vart ei hard Gonge gjenom graae Heiar og nakne Fjelldalar paa smal Kost og i veksande Snø, til dess dei um halvanna Jamndøger raaka Folke sitt i Vaadal, mest halvdaude.

Der skifte dei SpaneForfatternote: Span: Stuld, det stolne. imillom seg og skildest. Det som var av Sylv og Gull tok Olaves Didriksen og sette beinast til Byn med; han kjende ein Mann der som kaupte slikt; Tridjeparten av Pengane skulde han hava for Brye og Faaren. Han sagde Carolus kva ein skulde gjera, naar ein vart fakka: negte plent, so lengi 295Spane ikkje var funni, «og sidan vrida seg fraa det.»

Tomas tok Borni og drog austyvi; Carolus og Katrine gav seg paa Veg nordyvi att. «Og so fær me hoppas det beste, Baani mine!» –

Fysste Natti laag Carolus og Katrine paa ein Fjellgard nordanum Vaadalsbygdi. Morgonen etter, daa dei skulde i Vegen att, kjem Sonen i Huse stupande inn –: «tvo Lensmennar med tolv Mann stend utanfyri og vil snakka med Fanten! dei hev Børsur!»

Carolus og Katrine skifte Lìtir og saag paa kvarandre.

«Stillingen er klar», knota Carolus.

«Dei er der alt», svara Katrine paa Fantemaal. «Kann du sleppa ifraa dei, trur du?»

«Det vil vera meg ei smal Sak, TjeiaForfatternote: Tjeia: Gjente. mi!»

«Og vert du fakka, so nektar du.»

«Det nyttar Fa’n aa nekta; disse Klædi me gjeng i …»

«Til Helvites. Sjaa og kom deg avstad!»

Carolus snudde seg til Kona i Huse, som stod der so kvit som Krit og berre skalv: «Gakk ut, mi snilde Kona, og seg til Lensmannen, at det, han leitar etter, stend innanfor Gangdøri. Og so skal du segja at Kona mi her, ho er utanfor alt; ho veit inginting. Gløym ikkje det, snilde Kona mi!»

296Kona drog seg ut.

Carolus spende Knivbelte um seg og gjekk etter. Daa han kom ut i den ytre Døri, bad Lensmannen han stana der; men Carolus heldt fram. Bøndane kom og vilde taka paa han; i det same gjorde han eit Byks og drog Tòlekniven. «Er det nokon som hev Hug, so kom!»

Dei kvakk og stogga.

I same Rappe sette Carolus paa Sprang burtetter mot Fjell-Urdi vest av Garden; daa Bøndane kom til seg att, var han eit heilt Steinkast burte. Dei etter; men det nytta kje stort; Bøndane var tunge og Fanten lett; snart sat han gøymd uppi ei Holu i Bergurdi mest beint uppyvi Hovude paa Bøndane.

Der stod daa dei i Snøen og glodde med sine Børsur og gamle rustne Sablar og visste kje kva dei skulde finne paa.

Fleire og fleire Bøndar kom til; mest alle hadde Vaapen. Um ei Stund var Flokken so stor, at dei kunde slaa Manngard um Urdi og stengje Fanten inne. Carolus skỳna dette. Og han saag, at daa vilde han vera lurd; for koma til Fjells paa denne Leidi var raadlaust.

Sùmt av det dei sagde kunde han høyre i den stille, frostklaare Morgonen. «Dei hev vel fast Tak paa Kjeringi?» var det ein, som sagde. «Ja», svara det; «ho gjorde no baade ylte og 297beit; men no sìt ho der og fliper.» – «Stakkars Katrinemor.»

Det var nok det beste aa gjeva seg likevel. Drog dei av med Katrine, so vilde han helst vera med; ein greidde seg betre tvo enn ein i slike Tilfelle.

Mildare Straff vart det au, naar ein trast gav seg yvi. Han kraup fram or Gøymsle sitt og ned til Lensmannen. Sette upp sitt audmjuke Andlit og sagde, at han vilde kje skiljast fraa Kona si. «De tarv kje brùka Magt. Eg skal fylgja godviljugt.»

Glad var Lensmannen.

Og Fanten og han fylgdest til Gards, Side um Side. Etter fylgde Bondeflokken med Børsur og Sablar som ei Ærevakt. –

– Um Kvelden sat Carolus og Katrine i Lensmannsarresten.

Dei sat i kvar sitt Kòt under full Vakt. Dei kunde kje so mykje som banke i Veggen til kvarandre.

Carolus vart so underleg sorgmild. Mangt og mykje hadde han aa tenkje paa no. Du Verdi; her sat han fanga og sett og var Tjuv; aldri hadde han daa tenkt, at slikt skulde hende.

Og so var det han Far, Stakkar. Gud veit kvar han vanka no. Kannhende var han og fakka. Gud hjelpe oss alle; det var vondt for 298ein Son aa tenkje paa, at Far hans skulde koma uppi slikt paa sine gamle Dagar.

Men det fekk no vera med alt som det kunde; verst var det aa tenkje paa Katrine.

Han skulde visst gjera det han kunde til aa faa henne fri. Og kor som gjekk, so vart det no for henne ikkje meir enn litt Vatn og Brød for Hæling. Men anten det gjekk so eller so, – skiljast laut dei.

Han kunde visst faa baade eit og tvo Aar. Og kor tok han Katrine att, naar han ein Gong kom ut fraa den Sorgens Bolig?

Ho var eit bra Kvinnfolk; det var ikkje det. Men det vart ikkje greidt for henne aa vanke aaleine ikring i so laake Tidir; og ikkje hadde han Vigjing paa henne heller. Han visste nok den, som vilde vera etter henne med Forførels baade paa den eine og den andre Maaten; og me visste kor veike me alle var, men mest Kvinnfolki.

Han tenkte og tenkte, og Hjarta hans vart tungt og mjukt. Utan Katrine kunde han kje greide seg; det skỳna han no betre enn nokon Gong. Ho var nok eit grand leid naar ho var full; men elles var ho den beste han visste.

Han maatte faa sagt henne sine Tankar og si Sorg. Og daa der inga onnor Raad var no til aa koma i Ramport med henne, so fekk han freiste aa syngje.

299Han sette i med høgt Maal, so Vaktmennane kvakk. Det gjekk paa den gamle Tater-Stevtonen, – ein underleg Lund, vedkjømeleg og einslungin som Vinden, naar han tutar i ein Skorstein.

«Aa heiaForfatternote: Heia: høyr. meg, du TjeiaForfatternote: Tjeia: Gjente. mi,
haa miroForfatternote: miro: eg. sangrarForfatternote: sangra: syngje. deg!
Aa heia meg, du Tjeia mi,
haa miro sangrar deg!
Aa miro asjarForfatternote: asja: vera. raavefullForfatternote: raavefull: sorgfull, ottesam.
sa heiar du det, haa eg sangrar!»

Um ei Stund svara det fraa Siderome; det var ho Katrine, som song:

«Aa asja inkje raavefull,
min Raklo,Forfatternote: Raklo: Gut. for meg!
Aa asja inkje raavefull,
min Raklo, for meg!
For miro kammar latjotForfatternote: kammar latjot: hev det godt.
aa heiar du det, haa eg sangrar!»

So sa han henne si Sorg:

«Aa heia meg, du Tjeia mi,
haa miro sangrar deg!
Aa heia meg, du Tjeia mi,
haa miro sangrar deg!
Du lerForfatternote: ler: faar. deg vel ein MorsForfatternote: Mors: Mann. igjen,
mens miro asjar keiForfatternote: kei: her
kann eg pattja!»

300Det svara fraa Siderome med mjukt Maal:

«Aa deroForfatternote: dero: du. maa kje pattja,Forfatternote: pattja: tru.
at miro fakkarForfatternote: fakka: gjera. so!
Aa dero maa kje pattja,
at miro fakkar so!
For miro kammar LatjoheitForfatternote: Latjoheit: Godhug, Kjærleik.
aa heiar du det, haa eg sangrar!»

– Dei song endaa ei Stund til kvarandre um Kjærleik og Truskap og Tòlmod i gode og vonde Dagar; men so kom Lensmannen og sagde dei maatte forhalde seg rolege.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Fred

Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.

Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.

Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.

Se faksimiler av 2. utgave, 1905

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.