Med laakt Samvit fór Gunnar til Byn att.
Det vart verre no. Han hadde aldri trutt, at det stod so gali til heime.
Men kva skulde han gjera? Kva i F–Pokkers Skinn og Bein skulde han gjera? Det vart kje betre, um han kom heim no.
Denne H–stygge Slarvegjenta, som han hadde vasa med i seinare Tid … Tosken han var; hadde han berre haldi paa med dei andre; men no sat han der. Han hadde freista med baade godt og vondt; hadde endaa bòdi henne Pengar; for ingin kunde vìta kven som var Far til den Ungen; ho hadde no visst tri … Men um ho tenkte at ho skulde bli Gardkjering, eller um det kunde vera sant at ho paa sin Maate heldt av han, – der var inga Raad med henne. Ho vilde gjera Eiden sin paa at ho ikkje hadde havt med andre aa gjera i den Tidi, sagde ho; og Ungen skulde kje ljuge seg Far til … F–anken aa koma uppi slikt Uføre!
340Det fanst daa berre ein Utveg: Amerika. Det vart gali heime; fælt gali vart det, no daa han Far var slik … Mor skulde han endaa faa til aa taka det med Vìt; men han Far –. Men naar han ikkje kunde; naar han ikkje kunde? Og neigu um det vart likare naar han kom heim med ein Lausunge …
Eller med slik ei Fyrkje til Kjering – aa jau!
Det vart verre, vart det. Han Far fekk greide det. Gunnar skulde skrive so vent og rimelegt, lova aa koma heim um eit Par Aar … Han drap seg sgu ikkje. Folk, som gjekk og rødde um det gjorde det aldri.
Det var berre eit Paafynster av han Far, at han so plent vilde ha han heim. Den Kjærleiken stakk nok ikkje djupt. Det var berre noko han fann paa. Sjuke Folk fann paa so mykje. Gunnar hadde daa ikkje fyrr merkt noko til, at det skulde vera so heitt med Kjærleiken.
Nei; han fekk fara. Tala med Gjenta endaa ein Gong; men hjelpte kje det, – so var der kje onnor Raad. Og so kom han daa endeleg ut i Verdi au, som han so lengi hadde drøymt um. –
– – Ein Dag kom han Helge heim fraa Byn med eit Brev til henne Anna. Gunnar var farin til Amerika.
341«Høyrer de noko gali um meg, maa de kje tru det», stod der tilslutt. «Men um det er Lygn aldri so mykje, so heng det ein Mistanke ved ein likevel. Eg kjem att um nokre Aar naar det er gløymt; og daa skal eg forklara dykk det betre.»
Anna vart liggjande.
Det verste vart mest aa faa segja det til han Enok. Og segja det laut ein; elles fekk han vita det andre Stadir. I si Naud raadførde ho seg med han Torkjell; dei vart samde um ein lempeleg Maate aa segja det paa, og Torkjell lova aa bera det fram. –
Dei skulde aat Torvmyri Morgonen etter; daa fortalde Torkjell det.
«Det er sant», sagde han; «eg høvde han Helge der aust i Gaarkveld, og han hadde Helsing med fraa han Gunnar, at dé maatte kje verta vonde paa han; men han hadde havt slik brennande Hug til aa sjaa seg um i Verdi, fyrr han kom heim for godt. Og so laga det seg so vel at han vann nokre Pengar i Lottrie; og no vert han burte ei Tid, til dess han tykkjer han hev lært nok. Han hev store Tankar, han Gunnar; ein Dag kann du gjerne faa sjaa han paa Storthinge!»
Enok stirde. Kor han vilde av? –
Aa, noko kvar Stad, sagde Torkjell. «Han hev alltid havt slik Hug til aa sjaa seg um; 342han vilde nok fysst burt aa sjaa paa nokre forunderleg gilde Maskingreidur dei hev funni paa i Amerika» –
«Amerika! – berre han daa kjem heim att.»
«Du kann daa vita han kjem att. Heh! ein Gard som Haave finn han kje paa Gata nokonstad!»
«Men at han ikkje nemnde noko um dette daa han var heime?»
«Han var kje viss med seg sjølv endaa; og so vilde han kje gjera dykk urolege.»
Enok forstod det ikkje. Torkjell rødde og rødde og tok det lett. Med ein Gong snudde Enok og gjekk heimatt. Torkjell etter.
Enok beitte den brune Merri for Karjolen; vilde til Byn. Han hadde vorti so uppskaka. Laut hava Greide paa dette.
«Ja no maa du kje tru paa alt det Folkesnakke du kann faa høyra der», lempa han Torkjell; «du veit det vil alltid verta ymist Drøs um slike Ungdomar, som finn paa noko sjølv» … –
– Meir og meir uroleg køyrde Enok av Garde. Han sprengde mest Brunka paa den Ferdi.
Den fysste han raaka i Byn, var Student Olsen. Denne kom stram og strak og helsa og «kondolera». Han var full og tala fint.
«Ja, der var en vild Natur i den Guten; 343det saa jeg alt dengang. Og naar en saadan Fole slippes ud paa Vidaatten …
«Du skal tilgive ham, min Ven Enok. Han faldt for en større Magt end hans; han faldt for den Magt vi alle falder for; han faldt for en Kvinde.»
Enok skvatt upp; spurde; vilde hava Greide; men Olsen var i Preikelage sitt.
«Du taler om Forløsningen; Jehoschua eller Josva, Jesus som du kalder ham, har beseiret Djevelen, Verden og saa videre. Men han glemte ét, min Ven; han glemte ét.
«I Kvindens Blik og Smil lurer endnu den gamle Slange. Og endnu bestandig gjenlyder Syndefaldshistorien i de klassiske Ord: og Kvinden gav ham, og han aad.»
«Er det noko Kvinnfolk, som –»
«Selveste Kong David faldt for en Kvinde, nemlig den skjønne Batseba, som med koket Beregning badede sig saaledes, at den gamle Synder kunde se det fra sit Tag. Og hvorfor gaar jeg, Ole Christian Olsen, omkring her som et Nar for Bauerne og en Rørdrum i Ørkenen; – mon ikke for de djævelske Femininers Skyld, baade de i Vika og hende udenfor Vika, som jeg traf en Dag i Ungdommens Vaar paa hint historiske Punkt, hvor Dyden ender og Drammensveien begynder? Saa skal du da heller ikke forundre dig over din Søn, Enok. 344Thi der staar skrevet: Kvinden er et Rovdyr af Reptiliernes Ætt, men Manden en Tullebuk af Saueslægten. Adjø, Enok! Tag det som en Mand!»
Han svinga stolteleg avstad ut Landvegen. –
– Daa Enok Dagen etter køyrde heimyvi att, visste han alt. Men skỳna det ikkje.
Det hadde vorti so stilt um han. Og slik ei Susing og Tumling. Hovude glødde som ei Kolmile. For Augo saag han heile Tidi ein svart Flekk.
Folk som tala til han kunde kje skỳna at han ikkje svara. Dei fleste kjende kje Mannen. Han maatte vera full. –
– Anna laag heime utmødd av Svevnløyse og Sut; mest uroleg var ho for han Enok. Daa ho seint paa Kvelden høyrde Karjolen utanfor Glasi, vart ho heiltupp glad. I same Stundi sovna ho.
Serina hadde stelt Mat til Far sin og gjekk aat Kammerse. Torkjell sette inn Hesten og fylgde Enok inn. Han totte han tok det baade rolegt og vitugt. Var nok litt still og rar. Men ein kunde kje vente han skulde vera glad heller.
«Det er kje noko aa ta seg Tæring av dette, Enok. Guten kjem att. Det var verre um du hadde misst han.» – «Aa ja.» – «Og no fær du snart Brev fraa han, so du fær vita 345koss det gjeng.» – «Ja.» – «Ja so fær du ha Godnatt daa og sova vel.» – «Ja–a.» –
Enok sette seg i Benken ved Vindauga; her var so varmt. Tikk–tikk; tikk–tikk …
– – Um han tok Øksi og slagta deim; so vart det kje so mange Munnar aa føde. – Reise til Amerika. Det var mange, som reiste til Amerika. – – Var det kje einkvar som hadde sagt, at han Gunnar hadde fengi Lausunge?
Her var so stilt. – Han skulde ha vori ein annan Stad no, men kunde kje hugse –. – Tikk–tikk, tikk–tikk … Øksi. – Det var igaar det. Det var igaar det.
– Tidi gjekk. Enok sat der.
Han var so heit; det stod som ein Strjukebolt gjenom Heilen hans. Han vilde ut. Men kom han utanfor Døri so var det einkvar som vilde taka paa han. Der høyrde han deim. Dei rødde; dei var sinna. Ikkje ut; ikkje ut.
Men han lika kje dei tvo graae Mennane, som var komne inn her. Kva vilde dei? – gjekk og tusla og tasla med slike stille, vare Kattestìg. Tett inntil han. Nappa etter han; – nappa. Tuslande og graae. Og stirde paa han. Kjende dei han? – slike tome rædde Augo. Der var komin ein uppi Benken. Inni Kroken; ovanfor der han sat. Det var ein leid ein, det; sat og lurde og glodde. Lurde og glodde; tenkte paa vondt. Stygge Augo; kalde, rædde. 346Glodde. Kva tenkte han paa? – og liksom dei skulde kjenne han …
Utrygt her. Stilt, stilt reiste Enok seg av Benken. Lurde seg framum Borde; so Stìg for Stìg nedetter mot Døri. Dei nappa etter han; nappa etter han, men rømde, naar han saag kvast paa deim. Hyss. Stilt lét han upp Døri. Smaug ut; lét att.
Stiltra seg ut i Kjøken. So ut Bakdøri. Daa den var att, tottest han vera trygg. «No sit dei der. No sit dei der; hæh, hæh –.»
Men der var graae Mennar her au. Han sprang attum Kjerrehusveggen og gøymde seg. Stod og kikka; jau, der kom dei. Fleire og fleire. Stille og lette som Skuggar. Han tok Foten fat. Yvi Gjerde; ned gjenom Vest-Ækra. Lenger og lenger ut; heilt til Aarvollen. Men endaa fylgde dei.
Fleire og fleire. Ein heil Flokk rædde graae Tuslingar. Naar han stana, so stod dei; naar han gjekk, gjekk dei. Han lika kje denne Luringi. Kva vilde dei han? – sette til Sprangs. Ned gjenom Marki; heilt ned aat Aai, fylgde Aakanten nedyvi og nedyvi. Kvar Gong han saag att-ende, var dei komne nærare. Styggety. Og fleire og fleire vart dei; ein heil Ring av graae Mennar. Dei vilde kringsetja han. Han sprang og sprang.
Eit stort Vatn stansa han. Og no kom dei 347fraa alle Leidir; hit etter Strendane; hit ifraa Heiane. Og dei kom nærare og nærare. Tett inntil ‘n. Og nappa, nappa. Han fikta og sparka. Med ein Gong saag han ein fælt høg ein som hadde Horn.
Augo sveiv rundt i Hausen hans; ein stygg Laat braut seg fram som fraa eit innklemt Bryst; han gjorde eit unaturleg høgt Hopp – beint ut i Vatne.
Eit svært, tungt Plask. Tvo, tri sterke Baaredrag slog inn mot Strandsteinane med sukkande Skvaling. Han kom kje uppatt meir. Evja maatte hava sogi ‘n i seg. –
– Sunnanvinden strauk yvi Vatne med sin linde Sus. Og det sutla og skvala, koseleg og smaatt; sutla, skvala … sutla, skvala …
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Den naturalistiske romanen Fred kom ut i 1892 og regnes av mange som Arne Garborgs beste roman.
Romanen er lagt til Garborgs hjemtrakter på Jæren på 1860-tallet og handler om Enok Hove som sliter med religiøse grublerier. Han strever også med å finne sin plass i et bondesamfunn som må legge om fra tradisjonelt til et mer pengebasert jordbruk og hvor den pietistiske vekkelsesbevegelsen er på full fremmarsj.
Det er vanlig å lese i hvertfall deler av boka selvbiografisk. Som Enoks sønn i boka lot Garborg odel være odel og reiste tidlig bort fra gård og familie, og faren begikk selvmord da Garborg var bare 19 år.
Se faksimiler av 2. utgave, 1905
Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.
For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.