Han og ho

av Kristofer Janson

Andre Stykket

Agnes i Kyrkja. Studenten som Uppalar. Gode Voner.

Andre Morgonen sat Studenten med sin Jesaia, andre Middagen gjekk han med Regnhatten under dei store Trei, andre Kvelden sat han og skreiv som vanlegt, og aat sin Kveldsmat eismall som vanlegt. Dagen i Gaar var som ein Draum, som eit Spursmaal um Vegen fyre Ferdamannen. Han svarar, gjeng so vidare og tenkjer inkje stort meir paa Spyrjaren. Men han minntest henne likavel. Naar han saag den vinlege, kvitmaalade Prestegarden liggja derburte millom Treom, tenkte han paa, at det gjekk ei ung, livsglad Vækja der og stullad; men han kunde aldri slaa seg til at lydast innum og spyrja, korleides dei no livde og slikt. Han hadde atter beitt Arbeidshestarne fyre Livskjerra si, og dei gjekk som Vanedyr plaga gjera beine Vegen og i same Fora som fyrr. Kunde han slumpa til at sjaa henne fljuga burtetter Marki elder vatna Blomarne i Hagen, stod han alltid stil og saag paa henne; men aldri gjekk han nokon Stad einkom 25til at raaka paa henne og stadgad henne inkje helder, naar han møtte henne paa Vegen, berre tok til Hatten.

Han hadde raakat paa Presten og sagt Takk fyre sidst, og denne hadde daa spurt, um han inkje snart vilde koma atter. Jau han skulde no hava so mange Takk, det var nog inkje umogelegt det; men – so vardt det aldri, han hadde inkje Framferd nog til at ganga sjølvbeden, og hadde han etlat ein Kveld til di, fekk han alltid eitkvart at gjera nett daa. Soleides gjekk eit Aar.

Agnes skulde verda daupfest fyrste Sunndag kom, det hadde Studenten spurt, og han var i Kyrkja fraa den tidlege Morgon. Folk gjekk ut og inn, for Tenesta var lang, og dei vardt tunge; men Studenten sat stødt paa sitt Stelle og gav Gaum etter kvar Sin i hennar Andlit, daa ho vardt spurd, daa ho song Salmen, daa ho lydde etter Preika, og daa ho sidstpaa bøygde Hovudet ved Altaret og skulde taka mot Velsigningi. Var det dei nye Klæde, som gjorde det, elder kvat kom det seg av, men ho syntest Studenten braadlegt at vera vaksi vordi. Denne Vækja, som stod her i den side, svarte Kjolen, med den kvite Halsen, med det helder bleike og aalvorsfulle Andlit, med den fine Munnen, som alt i eit blikte, og med dei djupe, vaate Augo, var det den same, som flaug mest som ovgali til Fjoset med Mari Budeigja, elder som hadde kvilt i Armom hans i Dansen hin Gongen. Det var ho, men ho var myket meir grannvaksi og væn no enn som daa. Ho stod der audmjuk fyre sin Gud, med Henderna krosslagde kring Salmeboki; ho 26tenkte inkje paa, at nokon bisnad paa henne, elder at ho stod øvst paa Kyrkjegolvet.

Studenten gjekk heim, ho gjekk heim, og alt vardt i gamle Laget atter, men Studenten var endaa meir tagall og einsaman med seg sjølv enn som fyrr.

So var det ein Dag nokre Vikor etter, at Studenten møtte henne paa Vegen. Han gjekk paa eine Sida, og ho kom imot honom paa andre. Han helsad og gjekk framum, men so stadnad han braadt, lagde Hondi upp til Hoka, snudde seg og saag etter henne. So tok han ei snøgg Raad og gjekk burtimot.

Ho kjende paa seg, at han kom etter henne, for braadlegt byrjad Føterne renna, og ho drog seg nærre upptil Veitetromen. Men Studenten tok lengre Stig, og han naadde henne snart.

«God Morgon Frøyken Agnes,» sagde han og lyfte paa Hatten.

«God Morgon,» svarad ho laagt, men vardt raud, daa ho sagde det og saag inkje paa honom.

«Til Lukka med Daupfesta,» sagde han endeframt og gav henne Hondi.

«Mange Takk,» svarad berre Agnes og byrjad so ganga atter. Studenten slapp henne inkje men gjekk ved Sida.

«No – er det undarlegt at vera vaksi?» spurde Studenten etter ei lang Togn.

«Aa nei, eg kann inkje det segja. Det er nett som fyrr, tykjer eg,» svarad Agnes.

«Er det slett inkje Skil?» spurde Studenten vidare.

27«Inkje annat enn at eg no steller i Huset aaleine,» svarad atter Agnes.

«Og Livet gjeng ellest paa same Maaten, same Tankar, same Draumar? – Heve De aldri lengtat burt, ut?»

«Nei det heve eg inkje,» svarad Agnes.

«Og De tykjer aldri, det er dauvlegt heima paa Prestegarden?»

«Nei.»

«Men kvat gjerer De daa heile den lange Dag?»

«Kvat eg gjerer?» sagde Agnes og no saag ho fyrste Gong paa honom og log, for slikt eit Spursmaal hadde ho no aldri høyrt. «Jau det er myket det. Fyrst so ris eg no um Morgonen, so skal eg stella Koffi til Fader, sidan skal eg fløyta Mjølki, og so skal eg spila litet vetta, og so skal eg laga Maten til Middags, og so um Efta kann det no vera mangt daa og baade med Saum og annat. Eg steller i Hagen, og so hjelper eg Mari, naar ho mjolkar Kyrna, og so er det no Kveldsmaten daa atter.»

«Men dei lange, myrke Vetrakveldarne, daa sit De vel mest og les?»

«Les? nei kor skulde eg faa Tid til at lesa,» spurde Agnes forbinad, rett som detta var det mest umogelige, som til var.

«Inkje Tid at lesa,» tok Studenten uppatter likso forbinad.

«Nei, men Fader les stundom høgt fyre meg etter Bordet.»

«Og det likar De godt.»

28«Aa inkje alt so godt. Det skal stødt vera slike nyttuge Bøker, og det er inkje trøysamt.»

«Men les De daa slett inkje einskild?»

«Jau nokot litet so. Eg heve no leset Robinson og so ei Bok med Fortelnadar, som heiter: «fyre ringe Lesarar», og so eikvart gamalt, som stend i Hylla til Far!»

Studenten kunde inkje hjelpa det, men han laut draga paa Smilen.

«No var eg vist toskutt,» tenkte Agnes, og Blodet for upp i Kinnerna.

Studenten vardt var ved det, han vardt braadt aalvorsleg.

«De maa inkje tru, at eg grin aat Dykker, Frøyken Agnes, til det heve eg ingi Orsak, men det var berre so sjeldan og so godt, tykjer eg, at høyra, at ei ung Vækja med Dykkar Aar kjenner so litet til Verdi, inkje heve glupt Romanar og alt Slag lesande, lenge fyrr ho heve Vit paa deim.»

«Eg heve no og leset nokre gode Bøker, som eg fekk i Daupfesta,» tok Agnes atter i liksom til at gjera godt igjen.

«So – kven heve skrivet deim?» spurde Studenten.

«Kven som heve skrivet deim? – nei det veit eg inkje, men det er slike i svart Bind med Gullkross utanpaa.»

Studenten beit Tennerna i Hop, men han kunde inkje kjøva ein Smil, og Agnes vardt var ved det.

«Aa ja – eg kjenner deim,» svarad han berre,

29men torde inkje sjaa paa henne. «Og det ber rett undarlegt til, at eg her heve i fleire Dagar gjenget med ei Bok i Luma i den Voni, at eg skulde møta Dykker. Ho er og i svart Bind med Gullkross. Eg hadde Hug til at høyra, korleides De likad henne, og soframt De kunde faa Stunder so ein Gong imillom, vilde De daa vera so god at blada litetvetta i henne? Det løner Umaken skal De sjaa.» Og Studenten drog fram or Luma si ei liti Bok, sveipt i Papir.

Agnes takkad og stakk Boki til seg.

«Ja og so maa eg segja Dykker farvel fyre denne Gong,» sagde Studenten og stadnad, «eg skal denne Veg burtigjenom.» Og dermed gjekk han.

«Uf den leide Studenten, at han no inkje kunde lata meg faa ganga i Fred,» tenkte Agnes, daa han vel var burte. «Uf eg rødde vist toskutt gjorde eg,» og dermed skundad ho seg heim.

«Berre leset nokre gamle Bøker og so Robinson» – tenkte Studenten og log med seg sjølv. «Herregud kor skuldlaus og barnski. – – Robinson.»

Daa Agnes var komi upp aa Romet sitt, opnade ho Boki. Der stod paa fyrste Bladet: «Kvinna, hennar Gjerd og hennar Liv i Ljos av Evangilja, av Adolf Monod.»

Daa Studenten næste Gong møtte Agnes, spurde han henne, um ho hadde leset Boki. Jau det hadde ho daa, ja – inkje so rett helder.

«Korleides likad De henne?» spurde Studenten.

«Jau – godt – men eg skynar meg so litet paa slike Ting,» sagde ho helder bljug.

30Studenten saag kvast paa henne.

«De skynar Dykkar so litet paa slike Ting,» tok han uppatter. «Ja det er ei Bok, som inkje er lesi i ein Gong, det er vist. Og De er inkje ferdug med henne helder, sagde De?»

«Det skortar nokre Blaad, men De kann gjerna faa henne atter strakst.»

«Aa nei, det hastar inkje. Ho ligg no og verd duftutt i mi Hylla, so kann ho likso godt liggja i Dykkar, og um De vilde taka Boki som eit Minne fraa meg, ei Gaava i Daupfesta kann De kalla det um De vil, so vilde det vera meg hjartaleg kjært. Men seg meg, heve De leset Saga hans Ørvarodd av Øehlenschläger elder Romanarne av Ingemann?»

«Nei det heve eg inkje? men eig De slikt nokot?»

«Ja og De skal faa laana deim, um De vil.»

«Nei skal eg – men – eg torer visst inkje fyre Fader. Romanar –»

«Seg at eg heve gjevet deim til Dykker, so gjev nog Fader Løyve.»

«Enn Romanar! – det skal vera slike trøysame Bøker, heve eg høyrt. Me hadde ei Gjenta heima, som hadde tent fyrr i Byen, og ho sagde, at Døtterna der i Huset sat uppe til langt langt aa Nott og las Romanar istadenfyre at leggja seg, dei kunde umogelegt sleppa Boki.»

«So? ja skulde det leida til det, var det aldri verdt at lesa deim.»

«Aa – eg trur inkje, det er faarlegt med meg, for sant at segja, so likar eg inkje alt so myket at lesa.

31Eg vil helder springa ute, naar det høver so til. Eg veit inkje nokot betre enn at fljuga stad paa den grøne Marki, elder at kliva uppigjenom Berget, vada i Lynget og byksa fraa Stein til Stein. So bles Vinden so friskt, og Fuglarne syngja, og Soli skin millom Lauvet, og so kjenner eg meg so glad.»

Augo til Studenten var større vordne, og han saag fegen paa henne.

«Ja inkje sant – so kjenner De Dykker nett som heima millom Fuglarne og Lauvet og den blaae Himmelen, og so er det nett som nokot inne i Brjostet vil fljuga ut og syngja ut, so De stundom fær Hug til at hauka ut i lause Lufti.»

«Ja nett soleides – og eg haukar og, naar eg er aaleine, so det ljomar fraa Bergom rundt ikring; men Solskin maa det vera. Heve De det og soleides?»

«Hm,» sagde Studenten hugsjuk, «inkje rett soleides; men eg hadde det soleides ein Gong eg og. Det var i min fyrste Ungdom, men den Tidi er kvorvi fyre longo.»

«So De miste det? Skal tru alle Folk missa det?» spurde Agnes aalvorslegt og saag paa Studenten.

«Eg veit inkje Frøyken Agnes. Det finst visst dei, som halda denne Kjensla, men dei er inkje lukkelege. Dei lukkelegaste er dei, som missa, for dei faa nokot annat og betre i Staden.»

«Nokot annat og betre? Er nokot betre enn Gleda?»

32«Ja, Sorg. De ser so undarlegt paa meg, som det vøre Garting. Men det er djupt Aalvore Frøyken Agnes. Sorg er betre enn Gleda, for fyrst den rette Sorg kann gjeva den rette Gleda. Men detta er for tungt at røda um no, De vil inkje kunna skyna meg endaa, men um nokre Aar so – –»

«Meiner De daa, eg heve Sorg?»

«Det veit eg inkje, men daa vil De skyna meg, for daa haukar De inkje lenger i Berget.»

«Er De viss paa det?»

«Eg er viss. Men her er Vegaskilet, og De er heima. Farvel, og so sender eg Dykker Bøkerna, De veit.»

«Mange Takk.» –

«Kor undarleg han er denne Studenten,» tenkte Agnes, daa ho gjekk aaleine uppigjenom Vegen til Prestegarden, «men han er snild mot meg likavel.» Og eg var inkje so rædd honom helder denne Gongen, daa me no fyrst var komne i Prat. At han soleides vil ganga og svalla med meg? – – og no skal eg faa lesa Romanar.»

«Ho er den same som fyrr,» tenkte Studenten, «reine Barnet. Men dette Andlitet i Kyrkja den Gongen – hm, her liggja Tankar og Draumar og Kjenslor i denne Saal, men dei sova, dei hava inkje opne, klaare Augo. Vengjorna er samanbundne, men dei maa rista Dumba av seg, og slaa Lufti med sterke Slag. No faa me sjaa, um Papa Øehlenschläger kann løysa Bandet, Monod kunde det inkje, det var 33Andlitet i Kyrkja, som narrad meg, – men nei, det narrad infje, berre venta, berre venta.» –

Studenten kom inkje til Prestegarden, og so vardt daa Vegen deira Møtestad atter; men Agnes stokk inkje lenger undan, naar ho saag honom. Tvertum var ho den fyrste, som tok Ordet, etter at Studenten hadde sleget Lag med henne.

«Nei Takk, Takk fyre dei gilde Bøkerna,» sagde ho med det gladaste Andlit, «aa dei var so –» lagde ho til og krostad Henderna upp mot Brjostet, «eg heve leset deim ein Gong, men eg maa faa Løyve til at lesa deim endaa ein Gong. Vil De

«Solenge De heve Hug til det,» svarad Studenten.

«Eg heve leset høgt av deim fyre Mari, og ho tykte, det var grumt.»

«So ho tykte det,» svarad Studenten.

«Nei kor trøysamt maatte det inkje hava voret at hava livt i den Tidi,» tok Agnes atter i reint rødug, «inkje sant? millom alle dei Riddarom i gullsaumade Kaapor og med Fjødrer i Hattarne og set paa Turneringar og dansat – –»

«Ja og so havt slik ein liten gripa Svein som Klaus Skirmen elder Karl av RiseForfatternote: Vaapensveinar i Romanarne av Ingemann. ved Dykkar Sida og rødt med honom istadenfyre ein gamall Student.»

«Ja Mannfolki er inkje meir slike som dei var i hine Dagar,» sagde Agnes.

34«Nei Riddararne no ganga i Livkjole og sjaa sure ut,» svarad Studenten.

«Men hadde eg livt i den Tidi so –»

«So kunde De fenget skoda alt dette fagre og undarlege meiner De? Men det kann De endaa Frøyken Agnes.»

«Kann eg?» spurde Agnes forbinad og saag paa honom.

«Ja berre De vil,» svarad Studenten. «Dernede ved Strondi, veit De, liggja dei gamle Kjempehaugarne. Der er AngantyrForfatternote: Person fraa Saga hans Ørvarodd. og Brøderne hans hauglagde. Naar det no um Notti tyt og bles, dei myrke Skyerna fara lik svarte, frøynande Hestar, naar Bylgjorna frøsa og velta seg inn paa Land med kvite Kambar, daa logar det fraa Haugen, daa stend HervørForfatternote: Person fraa Saga hans Ørvarodd. der og manar den daude Faderen fram. Og det brakar og dunar, og Haugarne rivna, og dei daude tala, og Ordi fara mot deg paa Vengjorna aat Stormen. Det grys i deg, du tek Fæla som fraa ei iskald Hond, let Vindaugat atter, slær Kross fyre Bringa og ser deg vart ifring, um Ingen er inne. – Og naar Maaneskinet legg seg som Sylv utyver den vide Vollen, og alt giddrar i dette bleike Skinet, og Toka fraa Elvi sviv flortunn og lett burtetter, daa er det Alven, som kjem med Skyrta til Ørvarodd, vovi av Maanestraalar. Han dansar leikande fyre honom paa grøne Marki, til alt kverv burt i ei Dimma, og 35du atter ser berre Steinarne og Trei og Vollen og Elvi, som gjeng derimillom med si svævande Tjoting.»

Studenten hadde stadnat, og Agnes lydde paa honom med halvopen Munn. Daa han tagnad, stod ho som ho drøymde, men so sansad ho seg og sagde med Smil:

«No gjerer De godt Nar av meg. De hugsar likso godt som eg, at alt detta gjekk fyre seg i Danmark?»

«Danmark elder Noreg elder Russland elder Tyskland det kjem paa eit ut. I Verdi aat Hugleiken gjeld inkje Namn. Ein segjer berre «eg vil», og so stend det der. Og soleides kann De flytja heim med Dykker Austerlandet med glødande Liter og angande Blomar midt i Vetren, og Sumaren kann De fylla med Snjo og Is fraa Grønlands Fjell.»

«Eg visste nog, eg kunde drøyma slikt men vaki –»

«Kann De det, med’ De drøymer, kann De det og vaki, kvar Gong De let Dykkar Tankar siga burt i Draum.»

«Ja – men at De, som er so klok, kann tenkja paa slikt.»

«De er og klok Frøyken Agnes, difyre kann De og tenkja paa slikt. Det er dei kloke, som sjaa, dei gapne sjaa inkjevetta. Difyre er Barnet tidt klokare enn den Vaksne, for Barnet kann sjaa. Barnet legg Liv og Saal i alt, men den Vaksne dreg tidt Liv og Saal utor alt. Og detta kallar Verdi klokt. Den Vaksne kann taka Blomen og skjera honom sund og 36telja Duftvegjer og Duftberarar; men Barnet tek Blomen i Hondi, gled seg yver den fine Liten og den søte Angen og tenkjer: skal tru han bur der no den Alven, eg las um i Æventyri. Og medan Barnet kann skoda Himmelen full av Englar, so kann den kloke Vaksne inkje skoda annat enn eit Tak, som snart er blaatt og snart er graatt. Og medan Barnet trygt kann leggja seg med Bøni upp i Jesu Fang, so skjelv den Vaksne fyre Eldlaus og Sjukdom elder tenkjer paa dei Vaager med Fisk, som han skal skipa ut i Morgon kjem. Kven er so klokaste, Barnet elder den Vaksne? Skrifti held paa Barnet ho, men Verdi held paa den Vaksne, jo faa dei kjeppast. Men Skrifti heve Lykelen til Himmerike kor som er, og ho segjer: her slepp ingen inn, som inkje er klok som eit Barn!»

«Finst det daa dei, som inkje tru paa Gud?» spurde Agnes aalvorsam.

«Um dei finnast, ja mange, mange; og De vil faa sjaa deim og høyra deim Frøyken Agnes, naar De kjem meir ut millom Folk. Dei leika og spotta med det heilage, og Folk lægja til deim og kalla deim vituge.»

«Og detta er dei Vaksne? De fortel meg so myket ilt um det at vera vaksen, at eg ottast fyre at verda vaksi sjølv.»

«De tarv inkje ræddast Frøyken Agnes, vaksen lyt ein verda; det skil seg berre, um De kann sjaa som i fyrre Dagar, og vera nøgd med Barnevaset og med den støde Tanken, at Gud vil segja: du er min kloke, fyre deg er Dyri opi.»

37«Det trur eg inkje skal vera so vandt,» svarad Agnes, «for eg tykjer, det er so klaart, at det inkje kann vera onnorleides.»

«Ver inkje for viss. Naar ein er ung, heve ein gode Augo, naar ein verd eldre, verd ein dimsynt og stuttsynt, og daa gjeld det at faa Augnaglas av rette Slaget. Men ottast helder inkje, for det er eit Ord i Skrifti, som segjer: naar Gud er med oss, kven kann daa vera imot os?»

Daa dei skildest den Dagen, stod Studenten lenge og saag etter henne.

«Ho er moti og sterk,» tenkte han, «og no lyfter ho Vengjorna. No verd det vel ei Flugt, fraa Himmel til Jord, fraa Luft til Hav, Kast paa Kast, aldri Ro, aldri Metta, og likavel lukkeleg og hugheil. Men so verd Foten trøytt, og Vengja slak, og Brjostet saarat kannhenda, og ho lengtar etter Livsmaal og etter Fred. Kvart vil ho so fljuga? –

Etter denne Tid gav Studenten seg tidt i Lag med Agnes. Kvar Gong han møtte henne paa Vegen, rødde han til henne. Han fortalde henne um dei gamle Sogorna, um Livet heruppe i dei Dagarne, um Vikingferderna og dei raustlege Kapparne. Han fortalde um dei framande Lond, korleides Folk saag ut der, og korleides dei foor aat. Agnes saug det i seg med Fysna alt i Hop, det opnad seg eit nytt Liv fyre henne, som ho inkje hadde drøymt um, og ho byrjad tenkja yver alt det ho saag kringum seg. Ho kunde inkje lenger som fyrr sorglaus springa ikring, tenkja paa alt og paa inkjevetta; ho hadde inkje Hug 38lenger til at hauka, so det ljomad i Berget og lægja og gledja seg yver Dvergmaalet, som kom atter. No vilde ho helder, naar ho gjekk i Fjellet, setja seg ned paa ei Tuva og sjaa paa Utsynet og tenkja paa, um det kannhenda var denne Vegen Sverre foor, daa han drog nord til Trondheim; kannhenda hadde han slengt seg ned til Kvild, der ho nett no sat. Elder so vilde ho setja Kveldsmaten tidlega fram, for at faa ei litet vetta lengre Stund etter Bordet til Boki.

Studenten var ho inkje skygg fyre no lenger. Tvertum tykte ho, det var trøysamt at høyra honom fortelja, for han hadde set og kjende til so myket, og so fortalde han so livande, at ho liksom saag det fyre seg. «Han er visst myket klokare enn Fader,» tenkte ho, og Fader saag upp fraa Boki og spurde, um ho hadde hugsat at leggja Fisken i Vatn og persa Prestekragen til i Morgon, og um ho likad denne Skikki hjaa Hottentottarne, – men daa var Agnes burte i ein annan Heim.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Han og ho

Da Kristofer Jansons Han og ho kom i 1868 var det den første romanen utgitt på landsmål, men først da romanen ble oversatt til dansk ble den populær.

Boken handler om «ho», den unge prestedatteren Agnes, som dras mellom to verdener: bylivets spennende adspredelser eller bygde- og familielivets trygge tilværelse. «Han», den litt snåle «Studenten» som har flyttet hjem og overtatt gården etter farens død, tar på seg oppgaven med å rettlede henne.

Les mer..

Om Kristofer Janson

Kristofer Jansson var prest, forfatter og målmann. Han ga ut en rekke litterære verk, men også artikeler og religiøse skrifter.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Vil du ha varsel når nye bøker publiseres?