Han og ho

av Kristofer Janson

Femte Stykket

Ny Strid. Hjelpefylkingi dreg i Marki.

Studenten hadde gledt seg i, at han halvt um halvt hadde Yvertaket, og so fekk han røyna, at han hadde teket i Mist. Han hadde halvt um halvt trutt, at Agnes vilde søkja honom, vilde spyrja honom um eit og annat, vilde hava Tiltru til honom. Han leit paa Taarorna, han hadde set, paa det «tilgjev meg,» ho hadde sagt, – men nei. Den, som han aldri meir saag paa Vegen, var Agnes. Gjekk han ut um Morgonen, ho var der inkje; gjekk han ut om Middagen, ho var der inkje; gjekk han ut um Kvelden – ho var der inkje. Og han visste likavel, at ho var heima, han visste likavel, at ho gjekk kvar Dag og reikad. Han skynad strakst, korleides detta hekk i Hop, og han vardt sturen. Hadde ho inkje større Hjarta, enn at ho kunde finna Kvila i Tomleiken, var ho inkje sopass vaksi endaa, at ho kunde sjaa honom ein Gong?

Men kvifyre vardt han sturen? Han kunde fulla berre sleppa henne or Hugen; han kjærte seg inkje vidare um henne, enn at han kunde gjera ein liten 80Freistnad med henne, hadde han skrivet til Vinen sin. Kvifyre let han daa Bøkerna sine atter, fyrr han rett var ferdug, berre av di Klokka stod paa Slaget, daa ho plagad reika? Kvifyre saag han seg ikring, naar han var ute, um ho inkje var der elder snart vilde koma? Skulde den Medhug, som han skreiv, han hadde havt med den friske Barnesaali, sitja fastare enn han sjølv vilde medgjeva? Skulde det vera mogelegt, at Agnes, so som ho no syntest Studenten vera, kunde hava ervt nokot av denne Medhug? Studenten hadde nokre Stader kring um i Bygdi, som han hadde merkt seg, av di han tykte der var so ovlega fagert. Dei laag nokot burtifraa Aalmannvegen, so at han berre gjekk der nokre Gongjer um Aaret. Ei Efta, det var bjart og fint Vedr, tenkte han seg burt til eit av desse Stelli og vilde sjaa det fagre Utsynet fyre Lauvfall. Paa Vegen ditaat smatt han upp aa ein Haug, der han kunde sjaa eit Glytt av Sjoen langt burte. Best som han daa sat der, høyrde han det kvisja nedanfyre i det turre Lauvet, og kven annan var det enn Agnes med Solskjermen sin. Han vardt nokot forfjetrad daa i det same, so reis han upp og gjekk nedetter. Ho saag honom, ho vardt braadlegt stupande raud, ho stadnad og bøygde seg. Studenten vardt var ved det, vardt standande tvihugad eit Bil, men so gjekk han nedtil henne.

«Kvifyre er De rædd meg Frøyken Agnes?» spurde han endeframt og saag henne beint inn i Augo.

«Eg rædd?» svarad ho og freistad smila.

«Ja – De. Elder trur De inkje, eg er vorden var 81ved, at De heve skift Veg? trur De inkje, eg kann sjaa i Dykkar Andlit, at eg no segjer sant? De likar inkje at vera i Selskap med meg, De kjenner Dykker tyngd og kjøvd; De trur, at eg ser ned paa Dykker som paa eit litet Barn, at eg gjeng her som ein Skulemeistr og preikar. Hev eg nokor Tid gjort detta, so vil eg bidja um Tilgjeving, og me kunna daa skiljast. Det verd tungt fyre meg at gjera detta – eg kann liksogodt segja det beint fram – av di eg kjenner meg dreget burt til Dykker som til nokot friskt, som til ei klaar Kjelda ein varm Dag, naar ein er trøytt. Men heretter skal den gamle Vegen vera fri. Eg skal inkje røda til Dykker, inkje stadga Dykker, me kunna berre helsa til kvartannat i all Vinskap. Men det hadde eg med Retto vonat, at De skulde sagt meg detta beint fram, so skulde eg visst inkje hava plaagat Dykker so tidt.»

Agnes saag paa Studenten, han rødde so varmt, Augo vaaro so store og so djupe, det var slik full Klang i Maalet hans.

Det var fyrste Gongen, ho i Grunnen rett saag paa honom, og han var daa inkje stygg. Andlitet var djuptenkt og klaart. Han hadde inkje helder dette ovkloke, dette byrge um Lippa, han saag mest ut likso ung som ho gjorde sjølv, tykte ho, og likavel so, at ho laut hava Age fyre honom. Og so var han fin og vinleg i all si Aatferd og myket meir verdug og truverdug enn desse Byherrarne, som strauk seg kring Munnskjegget. Og ho hadde rødt illa um honom bak Ryggen hans, – ho hadde ogso tenkt paa det desse 82Vikorna, daa ho gjekk einsleg, – men var dette den gamle Studenten? Ja er dette den gamle Studenten, som gjekk myrk og inkje saag til høgre elder vinstre, inkje rødde med nokon? Var det berre av Lengsel etter at faa læra hennar Saal at kjenna, at han vardt so varm? elder trudde han, at ho endaa kunde vera det Lereft, der han skulde faa maala det Kvendebilætet, han drøymde um?

Agnes svarad inkje nokot, og Studenten stod og tvihugad paa, kvat han skulde gjera.

«Ja» – tok han endelega Ordet, «eg hadde etlat meg denne Vegen, men um Frøykni ynskjer at ganga her, so skal eg snu.»

«Nei kvifyre det,» svarad Agnes halvt bljug, «vil inkje De fylgja meg?»

«Gjerna det,» sagde Studenten, undren yver Svaret, «men so maa De inkje skulda meg, um De sidan skulde angra paa Dykkar Godvilje.»

Dei gingo no ei Stund jamsides utan at segja nokot. Sidstpaa spurde Studenten:

«Heve De nyst høyrt fraa Byen, Frøyken Agnes?»

«Ja.»

«Og dei liva vel alle Dykkar Viner?»

«Ja Takk.»

«Det gled meg,» sagde Studenten, «det er alltid godt at høyra vel fraa deim, Ein held utav.»

Skal tru, det hadde gledt honom, um han hadde visst det, ho hadde skrivet sidst, tenkte Agnes ved seg sjølv, og Samvitet slo henne. Det vardt atter ei Togn.

83«Ja – kvarhelst gjeng De no Frøyken?» tok Studenten atter i.

«Eg veit infje, – eit Stykke burtetter tenkjer eg,» svarad Agnes.

«Vil De som eg, so skal me ganga til eit reint makalaust Utsyn. Ja De heve visst set det fyrr, upp ved dei øvste Gardarne.»

«Berre det inkje er for langt,» svarad Agnes.

«Aa nei, De kann stydja Dykker paa meg, verd De trøytt, og so skal De sjaa, at Landet og kann hava fagre Ting at syna. Heve De faret nokot kring i vaart Land Frøyken?»

«Nei inkje det minste.»

«Og det er visst liksomyket som alle dei andre; men er det inkje merkelegt, at Folk, som no hava Raad til at ferdast, fara ut, um det so var til India og Kina, men kjenna litet elder inkje til sitt eiget Land? Og det veit eg likavel, at eg aldri heve funnet nokon Stad so fager som Noreg.»

«Heve De faret myket kringum her i Landet?» spurde Agnes.

«Eg? fraa eg var Smaagut kann eg segja. I Valders, Hallingdal, Gudbrandsdal, Romsdal, Thelemark, Bergensstift, heve eg vankat med Skreppa paa Rygg so mang ein Gong. Og eg veit aldri, eg heve voret so glad, som naar eg gjekk syngjande yver Viddi med alle Sorger lagde etter meg heima, med nye Syn fyre Augo og nye Voner i Brjostet; eg veit aldri, Mat heve smakat meg so godt, som naar eg slengde meg ned hjaa Gjætarguten og Sauderne hans i det 84brune Lynget. I Utlandet kann ein vel faa sjaa myket fagert og hugsamt, men sjeldan nokot so stort, so agande som herheima. Italia kann ala Hugnad og Smil, Dans og sprettande Song; men Noreg kann ala karslege Tankar, djupe Kjenslor og sterk Livsgjerd. Noreg heve Luren og Hallingen, men Italia Tamburin og Saltarella.»

Agnes saag upp aa honom, og Studenten tok atter i:

«De undrar Dykker kannhenda yver, at høyra meg gamle Bokmakk røda soleides, men eg kann segja Dykker med Sanning Frøyken, at stundom um Vaaren, naar Varmen rett kjem i Vedret, kann det brenna i Føterne mine etter at koma stad, og det kann daa draga ei Lengting inn i meg etter at fljuga upp paa Viddi, som eg inkje kann standa imot, – men so er eg gamall vorden, Beini stinne, Kroppen makleg, og so verd eg heima. Er det inkje merkelegt De Frøyken, for ei Magt Naturi heve yver Mannasaali? Er det Vetr, daa Naturi heve dreget det kvite Aaklædet yver seg, dreg ein seg liksom inn i seg sjølv, søkjer Omn og Lampe og eit hyggelegt Rom; er det Vaar, daa alle Kumarne spretta, sprett det nyt Liv i oss med Gleda og ljose Voner, og Stova verd oss for trong; verd det Sumar, daa alt opnar seg i sin fulle Rikdom, daa vidkar og Hjartat seg ut i takksam Hugnad, og verd det so Haust, naar Toka gret, og Trei senda fraa seg sine sidste Voner i dei folnade Blaad, daa verd og Hjartat so undarlegt hugsjukt, ein verd kyrr og tankefull og lengtar etter nokot ein sjølv inkje veit, kvat er.»

85Dei stadnad eit Bil og saag ikring seg, so gjekk dei tagalle frametter.

«No er me her snart,» sagde Studenten, «deruppe paa Haugen er det; heve De aldri voret der?»

«Nei aldri.»

«Der ser De, De spring yver det, De heve, og lengtar til det, De inkje heve. No skal De berre sjaa, at Landet her er fagrare enn De trur.»

Dei gjekk upp aa Haugen, og Studenten breidde Yyverplagget sitt ut, so Agnes kunde sitja.

«Her fær De inkje vera vand um det Frøyken, De lyt taka til Takka med Jordi og eit Klæde til Benk,» sagde han og rettleidde Plagget litetvetta.

Agnes takkad, sette seg og saag ut, Studenten stod ved Sida.

«No kvat synest De?» spurde han um eit Bil.

«Jau fagert – fagert,» sagde ho og kunde inkje venda Augo burt.

«Ja inkje sant, den Fjellknatten, som kastar seg ut derburte, er so raustleg og so ungdomleg sterk og byrg, dei breide Fjellkambar, som kransa Dalen, standa so trauste og so logne som vaksne, tenkjande Menner, Dalsbotnen her med Marker og Gardar ligg so fredleg og trygg uppunder Fjellsida, som han tenkte: det stend inkje paa, solenge desse standa Vakt. Og so denne Elvi! sjaa kor ho spring framum Skorta derburte, sjaa kor ho snur seg millom Steinom, høyr kor ho siklar her nedved Føterne vaare. Et det inkje, som ho fortel oss ei heil Livssaga. – Kann De høyra Forteljingi, Frøyken Agnes?»

86«Eg veit ikke rett, kvat De meiner. Fortel De, so høyrer eg det visst,» sagde Agnes. «Men orsaka –– eg heve slett inkje vordet var ved, at De stod. Og her sit eg paa Dykkar Klæde; vil De inkje sitja.»

Studenten takkad, og no sat dei Sida um Sida paa Duken hans.

«No skal De høyra den Livssaga, som Elvi heve fortalt meg so mang ein Gong,» sagde Studenten. «Deruppe i vide Øydemarki, dar Bridarne liggja med breide, kvite Ryggjer, og svarte Piggar stinga seg fram or Snjohavet, der sjelden Folk koma, men berre Trolli leika og kasta Skriderna som Snjoballar ned i Dalen, der Mannen kjenner seg so liten og laak, at han rædd smyg seg fram som eit litet Fly, og ynskjer han var vel nede i Dalen atter, der er Elvi fødd. Det er sterke Brjost, ho heve soget, det er sterke Syn, ho heve set, det er i sterk Luft, ho heve andat. Naar difyre Vaaren kjem, og Soli steikjer, so dei sveitta dei gamle Snjogubbarne deruppe, og Vatnet dryp nedetter Haar og Skjegg, so verd ho utolug den vesle, ho vil ut og sjaa seg ikring, og so kunna dei inkje lenger halda paa henne. Ein god Dag smett ho undan, luter seg fyrst ned og ser utfyre Stupet, um ho torer vaaga seg, stig so vart Fet fyre Fet ned etter og borar Hælarne inn i Snjoen. Men detta stend ho inkje i alt so lenge, so kastar ho seg braadlegt med kaat Laatt paa Akslerna aat Fossen, og no ryk det til Botnar med Dun og Brak, so Sprøyten stend um Øyro. So lær og skrattar ho, bykser kipi vidare, spenner til Steinarne, som liggja i Vegen, og gartar med Blomarne 87og Buskom, som hanga nedi. Men snart verd Foten trøyttare, og Vegen tyngre, Steinarne riva Klædi hennar, og Buskorna slaa henne i Andlitet. Daa verd ho rædd og byrjar graata, att kann ho inkje koma, ho maa fram, berre fram, og so gjeng det i snøgg Flugt yver Stokk og Stein og Tuva. Men Vegen verd lenger og lenger, Endemaalet alltid og alltid burte, og so verd ho braadlegt aalvorsam og logn. Ho stadnar og kviler seg og tenkjer. Og no spring ho inkje lenger millom Steinom i kaate Sprang, men ho siklar mjukt og tolugt, ho leikar inkje lenger med Buskor og Blaad, men ho flyt lognt og bid um Løyve, til ho endelega ser den breide Fjorden, det uendlege Havet og glad vidkar seg ut, retter Armarne imot det og legg seg inn til Brjostet paa sin trufaste Vin.

Sjaa soleides er det, og soleides er og Mannalivet Frøyken Agnes. Fyrst byrjar det uppe i det sterke og store, i Æventyrheimen, so vaknar Tanken um nokot annat, nokot ukjent, og so vil ein ut, berre ut. So gjeng det stad i fullt Sprang med Leik og Dans og Gaman, til det kjem ein Dag, daa Motbyren blæs, daa Steinarne riva, og Buskorna slaa. Daa verd ein rædd, men Mo’r er langt burte, daa verd ein beisk og saar og vil traassa paa, men det verd for langt, ein gret og gret ut, til Brjostet verd kyrt, men daa er ein og vaksen, daa gjeng ein si stille Livsferd audmjukt og lognt, gjeng or Vegen fyre Steinom, og berre lengtar etter at kunna faa kvila ut i eitkvart stort, som kann taka oss heilt, som kann 88femna os med sterke Armar. Og daa opnar seg det uendelege, der Ljoset bur, Endemaalet er der, og glad kastar Saali seg inn i Guds Faderfamn, der den einaste Kvila er at finna.»

Studenten rødde med slik Varme, som rødde han ut or sitt inste Hjarta, og Agnes lydde, ho vardt rivi med av det maalande i Skildringi og av dei djupe Augo til Studenten, som brann med slik undarleg Eld. Ho kunde inkje svara, berre laut sitja tagall, som skulde ho venta nokot meir. Studenten byrjad atter:

«Heve inkje De høyrt Naturi tala til Dykker med mange Tungor Frøyken Agnes? De er no fødd millom Skog og Fjell og heve lydt paa deim, fraa De var liti.»

«Eg heve alltid voret glad i Naturi,» svarad Agnes, «helst i Sumarkvelden, naar Soli seig, og Bylgjorna skvalad mot Strondi. Daa kom Æventyri atter fraa Bøkerna og vardt so store og livande. Det var so myket, at dei i Byen kallad meg sentimental,» lagde ho til med Smil.

«Ja so,» svarad Studenten.

«Dernede hadde ein no inkje Tilføre til at sjaa so myket slikt,» tok Agnes atter i, «og so fanst der so mange andre Ting at skoda og tenkja paa. Men no er det, som det vaknar alt det gamle, no daa eg gjeng her so einsleg.»

Det blenkte i Augo til Agnes, daa ho sagde detta, men Studenten vardt inkje var ved det, han 89berre saag mot Marki, reiv upp nokot Mose og lydde etter Ordi hennar.

«Ja det er vel undarlegt av meg at segja detta til Dykker,» sagde ho, «for De kann visst inkje skyna meg. De heve Dykkar Bøker at taka til, men eg heve inkjevetta.»

«Enn Mathilde, Vinen Dykkar, er ho daa inkje?» spurde Studenten men saag inkje upp.

«Nei, ho er og den einaste,» svarad Agnes, «men det er berre fjortande kvar Dag. Daa er det liksom alt fær nytt Liv atter, eg verd den gamle glade, men so varar det berre til Brevet er leset og leset uppatter næste Dag. Det er inkje nokot, eg kann halda fast paa, det er inkje nokot eg kann siga burt i.»

Det gjekk i Studenten, han hadde paa Tunga at segja nokot, men han beit det i seg.

«Men er her daa ingen annan, som De kann hava til Vin her?»

«Det maatte vera Dotter til Skrivaren,» svarad Agnes nokot svivyrdelegt, «men ho kann inkje røda um annat enn at bryggja og baka.»

«Eg trur, eg kann skyna Dykker Frøyken, endaa eg er Mann og De Kvende. De byrjar lengta etter einkvar, som De soleides kann lita paa, at De kann ausa ut i honom alt det, som tyngjer paa Hjartat, viss paa at finna Rom der.»

Agnes sat ei Stund og tenkte etter. «Kannhenda,» sagde ho seinlega og helder laagt.

«De saknar Moder Dykkar, inkje sant?» tok Studenten atter i, «men ho hadde inkje kunnat hjelpa, 90um ho enn hadde livt. Ho hadde kunnat vera nokot, men inkje alt; ho hadde gjort Dykker utolug, naar ho inkje kunde skyna Dykker til Botnar og hadde kallat dei finaste, bljugaste Tankarne Dykkar Svermetankar kannhenda. Nei det De vil hava, er ein Jamning i Varme, i Kjenslor og ein, som likavel kann standa nokot høgare, so han kann leida og styra og klaara Dykkar Tankar.»

«Ja kann De finna slik ein til meg?» spurde Agnes og smilte saart.

«Eg trur inkje slik ein let seg finna av ein annan, De maa velja honom sjølv,» svarad Studenten, «og han kann koma braadlegt, og han kann koma seint, han kann vera Kvende, men skal tru han inkje og funde vera – Mann?»

Agnes rodnad men svarad inkje.

«Og so maa De inkje skjemmast ved at vera glad i Naturi elder tru, De er sentimental av di. I so Maate maa Vaarherre sjølv hava voret sentimental, daa han skapad slik ein Samhug millom Mannen og Naturi. Og Paulus heve voret sentimental, daa han skreiv, at all Skapningen sukkar etter Løysing. –

«Men her verd nokot kaldt, det verd snart dimt, og De sagde, De hadde Hast; kannhenda det var best at koma seg heimetter.»

Agnes svarad med at risa og rista Kjolen, so tok ho endaa eit langt Drag av Utsynet, fyrr ho gjekk ned.

Paa Heimvegen kom dei atter paa Snakk um Fotferder, og Studenten skildrad daa den norske Naturi 91og det norske Folkelivet, og kveikte seg soleides upp ved alle sine gamle Minne, at han inkje gaadde til, han hadde gjenget gjenom Prestegardslidet og no stod utanfyre Prestegarden.

Agnes bad honom inkje treda inn, ho var so uppi det, ho hadde høyrt, og attaat so forbinad yver, at Klokka alt var so mange, at ho inkje hugsad at vera gjestmild. Studenten hadde no vel og svarat nei som vanlegt, um ho hadde bedet honom. Inne i Stova var alt kveikt Ljos, daa Presten hadde fenget nye Blaad, som han strakst maatte lesa. Han lagde deim burt, daa Agnes kom inn.

«No du heve voret ei lang Ferd i Dag,» sagde han og saag vinlegt paa henne.

Agnes sette seg ned i Sofa.

«Ja tenk eg heve voret heilt til øvste Gardarne,» sagde ho.

«Kvat som bilar deg? hadde du Fylgje?»

Kvifyre var det so undarlegt at svara paa detta, kvifyre var det reint umogelegt at faa Ordet fram.

«Du kann tru, der var fagert,» svarad ho berre.

«Ja eg veit der er vænt deruppe, – men gjekk du aaleine?» tok Presten frami lika radt.

«Studenten var med meg,» svarad ho endelega, men hadde Svaret voret lenger, hadde ho skolvet i Maalet. No daa det var sagt, var det inkje nokot undarlegt i det meir.

«So han var med, no – kvat sagde han til godt i Dag?»

«Han rødde um Fotferderna sine og myket annat», 92svarad Agnes, og no var det, som ho gjerna vilde snakka um honom, «det var forvitnelegt at høyra, kann du tru.»

«Ja det er hugnalegt at røda med honom,» tok Presten uppatter, men so vilde han inkje meir um det Emnet, berre sat kyrr i Stolen sin og røykte.

Agnes sat i si Sofakraa, kvilde seg og seig reint burt i Tankar, men so kjende ho braadlegt, at Augo aat Faderen kvilde paa henne.

«Er det nokot Nytt i Bladom?» spurde ho til at leida Augo burt.

«Nei inkje det minste. Prussarne skrøyta som vanlegt,» svarad Presten og bles ein Røykfloke ut.

Det vardt atter ei Togn, Agnes seig atter burt i sine Tankar, og Augo aat Presten kom atter paa henne.

«Vil du eg skal syngja fyre deg?» spurde ho braadlegt, reis upp og gjekk burttil Klaveret.

«Ja er du inkje trøytt so» – svarad Presten.

Agnes hadde alt spelat nokre Samljodar og no byrjad ho syngja sin gamle Vin: «aa Ola, Ola, min eigen Unge.» Det var lengesidan, denne Songen var komen paa Tunga hennar, men no kom han som av seg sjølv, og ho tykte, det laag slik Lette i at syngja honom. Men snaudt nog hadde ho byrjat, fyrr Presten gav seg til at ropa:

«Nei, nei kjære, lat oss inkje faa denne gamle, lat oss helder faa nokot av det nye du kann, nokre av Visorna fraa Orfeus, dei er løglege og kvike.»

Agnes stod lydug upp, tok Orfeus ut or Notehylla 93og gav seg til at syngja: «da jeg var Prins blandt de Arkadier.» Ho byrjad i ein nokot snullande Tone, so som ho hadde høyrt det paa Komedien, ho song fyrste Upptaket, men so slengde ho Boki i Golvet.

«Nei eg kann inkje syngja detta no Fader, ein annan Gong skal eg syngja deim fyre deg, men no kann eg inkje.»

Og so tok ho i atter med sin «Ola», etter honom fylgde «sjaa Soli paa Anaripigg» og alle dei andre Folkevisorna, det var som dei no fekk dubbelt Liv, ho song med slik Hugnad, og Tanken gjekk med Songen yver Fjell, yver Dal, der som Studenten hadde vankat so tidt med Skreppa si.

Det var Ein, som stod utanfyre og lydde den Kvelden, og det var ingen annan, enn Studenten sjølv. Daa Agnes var gjengi inn, hadde han stadet still ei Stund og set seg ikring, so hadde han kvilt seg eit Bil paa Benken. So slang han seinlega nedetter Vegen, men fyrr han hadde naatt Grindi, høyrde han Tonar deruppefraa, og han tilbaka atter, for det maatte vera Agnes, som song. Han sette seg paa Benken. Og no byrjad derinne eit halvt kvellande, halvt snullande Maal: «da jeg var Prins blandt de Arkadier.» Studenten foor upp. «Er det mogelegt, at ho kann syngja slikt etter slik ein Dag og slike Ord – ho syng det no inkje godt helder og» – «Aa Ola, Ola min eigen Unge», let derinnanfraa, so fullt, so sorgfullt, Tonarne flaut ut til Studenten so klagande, so varme. «Ja der er ho,» ropad han 94glad, «der er ho sjølv med Saal og Hjarta, og Gudskjelov, ho kann endaa syngja.» Han stod lenge og lydde, han saug Tonarne i seg. Alle dei gamle Visorna, som ho hadde sunget fyre honom som Barn hin fyrste Kvelden, dei steig no fram andre Gongen fullare, rikare og – no var ho vaksi Kvinna. Sidstpaa steig han upppaa Benken, lagde Augat upp til Glaset og kjeik inn, for Gardini var inkje dregne fyre. Jau der sat ho ved Klaveret, og no song ho mot honom:

«Eg ser deg utfyr’ Gluggen
kjær søte Vinen min,
eg kjenner deg paa Skuggen,
du slepper inkje inn.»

Studenten ned ifraa Benken atter. «Skal tru ho kunde sjaa meg?» sagde han ved seg sjølv, – – – «hm – eg er vel inkje «søte Vinen» hennar, men sleppa inn – jau det skal eg.» Med desse Ordi dreiv han heimetter, men daa han gjekk gjenom Lidet, sende han endaa eit langt Augnakast upp, der Ljoset skjein og murrad ved seg sjølv: «Gudskjelov, ho kann endaa syngja.»

Agnes var no inkje lenger skygg fyre Studenten, tvertum gjekk ho alltid den gamle Vegen, der som ho visste, han plagad koma. Og likavel hamrad Hjartat i henne, kvar Gong ho saag honom langt burte. Ho ynskte mest, han var burte atter; men so var ho hjartaleg glad likavel, naar han fyrst hadde rødt til henne og sleget Lag med henne. Ho hadde ingen annan enn honom, for Faderen – nei ho tykte, ho 95kunde inkje røda til honom um annat enn daglege Ting, ho visste inkje kvifyre, men ho kjende det paa seg, at han inkje kunde skyna henne so godt, inkje lyfta Tankarne soleides upp som Studenten. Men Studenten kunde. Det var alltid slikt Liv i det han sagde, og so var det sett fram nett so som ho kunde helst tenkja det, og so visste han no alt Slag og. Snart var han lentug, snart var han aalvorsam men alltid forvitneleg. Ho gjekk tidt upp aa Romet sitt, naar det var myrkt vordet, og gav seg til at sjaa utyver Postvegen, der ho kunde øygna Ljoset, som blaffrad fraa Studenten sitt Rom som ei vinleg Stjerna millom Treom. Ho tenkte daa paa, at no sat han der millom Bøkerna sine, med Hondi uppi Haaret, gløymde alt ikring seg, og tenkte minst paa henne, som sat her paa sitt einslege Rom og lengtad og tenkte paa honom. Ho kunde inkje skyna, at ho nokor Tid kunde hava trutt honom storlaaten, ho kunde inkje skyna, at ho kunde hava skrivet um honom slikt, som ho hadde gjort og det til – Mathilde. Mathilde var i seinaste Tidi komi langt ned i Skuggen. Ho skreiv til henne endaa, ho torde inkje annat, men skulde ho segja Sannleiken, so ynskte ho mest at halda upp. Hennar Brev var helder inkje so lange, og ho sende inkje so tidt som fyrr, ho sat ofta og beit i Pennen og var reint ulukkeleg, av di ho inkje visste, kvat ho skulde skriva. Um Studenten og sine Samrødor med honom vilde ho inkje segja nokot, for det vilde Mathilde berre lægja aat, og so maatte ho øsa seg sjølv upp til at laatast vera kvik og nett slik som i fyrre 96Dagar, so Mathilde inkje skulde merka nokot. Ein Gong kunde ho daa inkje halda seg fraa at røda um Studenten. Mathilde hadde gjort Narr av honom og peikat burt paa det, Agnes sjølv hadde skrivet hin Gongen. Agnes vardt so harmfull, at ho nær hadde graatet, og so sette ho seg ned og skreiv:

«Eg lyt segja deg det Mathilde, at du inkje meir maa skriva so um Studenten, som du gjerer, for det er eg, som heve teket i Mist av honom. Naar du berre fær læra honom at kjenna skal du sjaa, at han korkje er stinn elder styven. Han er likso fin i all si Aatferd, som nokon av Byherrarne, og so kann han røda myket betre fyre seg enn dei. Var du heruppe, skulde du sjaa, du kom at lika honom.» – – – – – – – – – – – – – – – – –

Agnes var glad, at ho ein Gong hadde fenget skriva detta, for dei fyrre Ordi hennar hadde lenge tyngt fyre Bringa. No hadde ho daa liksom gjort godt atter, og no kunde Mathilde drøsa, so myket ho vilde.

Det vardt inkje med det, at Agnes og Studenten møttest paa Vegen, han kom ogso stundimillom upp aa Prestegarden, men detta var inkje tidt. Jolkvelden var han deruppe, og han tykte, han hadde inkje havt slik hyggeleg Jolkveld paa lenge. Fyrr hadde han setet eismall heima, no sat han millom Agnes og Fader hennar i ei koseleg Stova. Agnes var og so væn den Kvelden, med den simple Kjolen og den reine, kvite Kragen i Halsen, og so gjekk ho stillferdug der, breidde den kvite Duken paa Bordet og skjenkte Te 97fyre Studenten. Studenten tykte aldri, Te hadde smakat so godt. Og so var Stova og umsnudd sidan sidst. Alt var meir komet i det gamle Laget, Bordet framfyre Sofa, og all den Stasen lagd ned i Skuffa. Presten hadde nett voret ute i Kjøket og leset høgt fyre heile Huslyden sin den velsignade Jolabodi, som ein kann lesa hjaa Lukas og hadde rødt nokre Ord til deim, fyrr dei no toko til med sin Jolagaman. No sat han nøgd yver Dagsverket sitt i sin kjære Stol, med si kjære Pipa og sin kjære Te.

Samrøda kom inn paa det merkelegt barnskne i Bibelstilen, og Studenten kom daa til at snakka um for ei merkeleg Bok Bibelen var. Han rødde um det gamle Testamentet med si Historia, sine Dikt, sine Spaadomar, sine sterke og store Syn, som kann lyfta Tanken inn i inste Himlar, paa same Tid som den heilage Ande sviv yver Ordi, og fyller Hjartat med heilag Rædsla.

Kvelden etter sat Agnes med ei tjukk Bok framfyre seg og las so onnugt, at ho reint gløymde at setja paa Bordet.

«Kvat er det for ei Bok, du heve fenget det so annsamt med?» spurde Presten.

«Det er det gamle Testamentet,» svarad Agnes.

Og det var inkje berre denne Kvelden, Agnes las i Bibelboki, ho vardt snart hennar kjæraste Lestr. Ho tykte, eit heilt nytt Liv vardt opnat fyre henne, eit Liv, som kravde alle hennar Tankar. Og Studenten fylgde so trufast med; til honom kunde ho so trygt ganga med sine Spursmaal, og kvart Stykke 98ho hadde leset, det vardt atter teket fram paa deira Ferder. Han visste alltid at peika paa nokot nytt, som ho inkje hadde gjevet Gaum etter, og som kastad eit Ljos paa det heile. Han visste alltid at knyta det eine i Hop med det andre, so ho fekk eit Syn yver det som fraa Fjellet yver Sletta. Han synte henne, korleides den rande Traaden snudde seg gjenom alt, fraa det fyrste Upphavet til den undarlege Jolanotti, daa Ordet vardt Kjøt og Blod. Og Agnes lydde.lydde.] rettet fra: lydde (trykkfeil) Det var so stort, so aalvorslegt, det stod i Samanhenge med heile Mannaætti, og likavel gjorde det Spursmaal, som fekk dei inste Strengjerne i Hjartat hennar til at darra. Livet var i ein Gong vordet henne so stort, ho kjende seg sjølv lyft upp med sitt Livsmaal, og alt det som ho fyrr hadde sekkt sine Tankar i, var no siget so djupt, so djupt. Ho kunde inkje skyna, at ho hadde voret god til at finna Kvila i slikt, ho kunde inkje skyna, at detta var nokot fagert i. Nei Gudskelov, Mannen var daa ingi Dokka, som hadde det til Maal, at standa paa ein Pinne og syna feg fram so gild som mogelegt utanpaa, – nei han hadde nokot at strida fyre og at lida fyre, ein udaudleg Ande, som han skulde gjeva Magt til at kunna lyfta seg ein Gong til høge Himmelsheimen, der han kom ifraa. Og det var inkje berre dei store Andar med dei sterke Emne, som hadde dette Maalet, nei det var den ringaste Tiggaren, det minste Barnet, det var ho sjølv, ei liti ring Kvinna, som Gud hadde gjevet denne Naadegaava. Og med denne store Tanken 99kunde ho fylla alle dei smaae, lyfta all si Gjerd upp til nokot stort og heilagt.

Og kven var det, som hadde opnat hennar Augo og gjevet henne Syn paa detta? Kven var det, som smaug med inn i Tankarne hennar, kvart ho gjekk? Studenten sagde henne so mange andfulle Ord, som vekkte so mange Tankar til Liv i henne, som gjorde henne so rik og glad, tykte ho. Ho kunde uppmoda seg ved desse Ordi, kvar Gong Dagsens Stræv tyktest henne tungt og kjøvande, men ho kunde inkje hjelpa, at Talaren alltid smaug seg inn ved Sida aat Talen, at ho stødt saag honom standa hjaa med sitt varme Auga og sitt livfulle, kloke Andlit og kviskra desse Ord i Øyrat hennar.

Agnes var vordi reint umskift. Ho foor inkje lenger og smelde i Dyrom og skjemde paa Tenarom. Ho gjekk til den vanlege Gjerdi si stillferdug og logn, ho rødde inkje myket, men naar ho rødde var det vinlegt og med Blidskap. Song gjorde ho sjeldan, ho hadde inkje Hug til det lenger men dess meir til at lesa. Ho las alt det ho kunde koma yver, og Presten maatte tidt driva henne ut til at suga litetvetta frisk Luft. Og ei Bok var det, som ho hadde fyre seg mest liksotidt som Bibelen, det var den Boki, som ho hadde fenget av Studenten: «Kvinna, hennar Gjerd og hennar Liv i Ljos av Evangilja». Kvat var vel hennar Livsmaal som Kvinna? Sjaa det kunde ho nog hava Hug til at røda meir um med einkvar, men med Studenten – nei det torde ho inkje. Stundom tok ho berre Boki fram, snudde henne 100millom Fingrom og saag paa Bindet som i Tankar. Denne Boki var det einaste, ho nokot Sinn hadde fenget av Studenten, og daa hadde ho ynskt, at ho vel var kvitt henne; men no, kor undarlegt alt kunde snu seg i Verdi! Ho kunde stundom lengta so saart elter at fara burt, og likavel kjende ho paa seg, at um nokon baud henne fara, vilde ho verda rædd og lengta heimetter. Naar ho hadde møtt Studenten, og han hadde voret uppkveikt og glad, so var det som all Hugverk var stroken fraa henne, ho kunde smaasulla med seg sjølv paa Heimvegen og tenkja, at Heimen hennar var daa det beste paa Jordi. Men naar dei so kom dei lange Kveldarne, daa ein laut kveikja Ljos, vatskalde Dagar, Regn og Skodda, so ho inkje kunde sleppa utanfyre Huset, naar ho daa gjekk der aaleine og atter aaleine, inkje eit Liv til at røda med, daa kunde ho lengta so saart etter nokot, ho visste inkje rett kvat var, daa kunde ho setja seg upp aa Romet sitt, leggja Hovudet ned paa Armarne og graata og graata, til ho atter kjende seg lett um Bringa. Og daa var det og, at dei Ordi av Studenten kom so klaart fram fyre henne, som han hadde sagt den Gongen, han synte henne Utsynet fraa øvste Gardom. «De saknar ein Jamning i Varme, i Kjenslor og ein, som likavel kann standa nokot høgre, so han kann leida og styra og klaara Dykkar Tankar,» hadde han sagt. Kor sant var inkje detta! Og so hadde han sagt meir. «Detta kann vera eit Kvende,» hadde han sagt, «men skal tru, det inkje og kunde vera – ein Mann?» Denne Mannen? – ja kvar var 101han at finna? Her var fulla ingen – – jau her var daa ein, men han kjærde seg inkje um annat enn sine Bøker. At han stundimillom rødde med henne, det kom seg av di han var so god og snild, av di han saag, at ho gjekk so einsleg.

Agnes vardt meir og meir tagall Dag fyre Dag. Ho hadde inkje meir det livande Augnalag, som foor fraa Stad til Stad og vilde sjaa paa alt. Augo hennar var vordne helder starande, og der laag nokot uklaart, nokot hugsjukt og lengtande i deim.

Faderen vardt var ved det og vardt sturen yver det; han fylgde henne med Augo sine, kvar ho gjekk, han trudde det kunde gjeva seg, at det var nokot leidt, ho hadde høyrt fraa Byen kannhenda, men som ho helst vilde bera aaleine. Agnes kvakk og tidt upp fraa sine Tankar ved at kjenna desse trufaste, vakande Augo paa seg, og ho var so rædd fyre, at Faderen skulde røda til henne um det. Ho kjende paa seg, at han meinte eitkvart, naar han stundimillom kom burt aat henne og strauk Hondi nedetter Haaret elder gav henne ein Kyss, men det var henne umogelegt at faa eit Ord fram. Ho visste helder inkje, kvat ho skulde segja, ho berre fekk Taaror i Augo, og hadde Hug til at fljuga honom kring Halsen og kyssa honom mange, mange Gongjer. Men sidstpaa maatte det slitna, og so var det ein Kveld, dei sat baade tvau eine i Stova. Agnes sat i Sofa og saag meir trøytt ut enn vanlegt; Faderen sat i Stolen sin og lagad seg til at segja nokot, for han saug fleire Gongjer sterkt paa Pipa. Sidstpaa kom det.

102«Agnes!»

«Ja,» og det strøymde so varmt upp til Hjartat hennar i det same.

«Kom hit til meg kjære Barn.»

Agnes kom, og han sette henne paa Fanget sitt og slo Armarne kring Midja hennar.

«Kvat er, som bilar deg no desse Vikorna,» byrjad han, «er du sjuk?»

«Eg? – nei – kor kann du tru det,» svarad Agnes, men ein Blodstraum foor i det same upp i Kinnerna hennar.

«Kor eg kann tru det? ein tarv inkje store Augo til at sjaa, at du verd baade bleik og mager fyre meg. Eitkvart er det, som vantar.»

«Nei, det vantar meg inkjevetta,» svarad Agnes, snudde Andlitet inn mod Brjostet hans og vilde løyna dei Taaror, som alt byrjad tippa fram.

Presten klappad henne paa Haaret.

«Vil du fara aat Byen?» kviskrad han til henne som til eit Barn, «eg sagde ein Gong, eg inkje hadde Raad til det; no trur eg nog, eg kann gjera det, um du heve Hug. Vil du fara aat Byen Agnes?»

Agnes svarad med at slaa i og graata so stridt, at Presten vardt reint rædd og tagnad, til ho raadde seg litetvetta.

«Du skal inkje blygjast fyre at svara ja,» tok han atter i, daa Agnes hadde stadgat Graaten, og berre puste tungt; «det kann kveikja deg upp litetvetta ser du, og her gjeng no alt dessutan i det gamle Stellet, kor som er.»

103«Eg kann aldri ynskja at hava det betre enn heima hjaa deg Fader,» svarad Agnes og lagde seg endaa tettare upp mot honom.

«Ja men eg kann inkje tola at sjaa paa detta lenger søte Barnet mitt,» svarad Faderen og kysste henne paa Kinni, «du sjuknar reint av fyre meg og nokot maa det vera i Vegen. Kann du no inkje segja din Fader det, din gamle Fader, – kvat?» – – og han bøygde Øyrat ned til Munnen hennar og vilde høyra etter Svaret.

«Nei sannelega som eg veit det sjølv,» svarad Agnes, rette seg upp, strauk dei sidste Taarorna burt, som endaa blenkte i Augnaloki, og no log ho – «det vantar meg inkjevetta ser du. Det er berre eg, som er so uvitug sume Tider, men no skal eg vera snild, og so maa du halda utav meg, inkje sant?» Og Agnes kysste honom og strauk Haaret uppifraa Skallen.

«Ja – men det var no inkje detta, eg skulde hava Svar paa,» tok Presten i, men kunde inkje lata vera at smila; «det var um du – – –»

«Nei – nei – søte Fa’r,» sagde Agnes braadt og lagde Fingren paa Munnen hans, «aldri eit einaste Ord um nokor Byferd meir, høyrer du. No skal du vera frisk og glad, for det vantar meg inkje nokot, det kann du tru meg paa, og so skal eg laga slik god Te til deg.» Og dermed kysste Agnes honom ein Gong til og sprang so ut i Kjøket.

«Hm – hm –» sagde Presten med seg sjølv, riste paa Hovudet og skreid att og fram paa Golvet.

104«Nokot er det no, kvat ho so segjer, men ho er ei ful liti Taska, som inkje vil ut med det.»

Det vardt no so, at Agnes kom til Byen likavel. Ho kjende paa seg, at det var eitkvart, som gnog henne, og at ho kannhenda hadde godt av at koma litetvetta burt; men ho kvidde seg saart til det, og det verste av alt var, at ho skulde bu i Lag med Mathilde atter. No kunde ho inkje løyna lenger, korleides det var voret med Hjartat hennar, og Mathilde – ho vilde berre lægja. At taka henne med inn i sitt Hjarta, kjende ho var umogelegt no lenger. Men so bad hennar Fader henne so hjertalegt um at fara burt og lovad henne, at ho skulde faa koma heim atter strakst, ho inkje likad seg – og so, so fekk Studenten høyra ein god Dag, at Agnes atter var stroki til Byen. Han vardt som klumsa, han vilde inkje tru det. Skulde denne Ungmøyi alltid vera honom ei Gaata? No var han so viss paa, at han kjende henne til inste Hjartadjup, og ho narrad honom likavel Gong etter Gong. Korleides kunde ho no hava Hug til at sekkja seg ned atter i Staaket og Selskapslivet, no daa heile hennar Tankeliv var flutt høgre upp, og ho med Gleda som eit Barn og med djup Kjensla som ei vaksi Kvinna hadde gripet etter detta ho saag. Han hadde inkje Ro paa seg, han kunde inkje lesa, og so treiv han Hatten sin og strauk beint upptil Prestegarden.

Presten sat og studerad Preika si til Sundags, daa det bankad paa Dyri, og inn kom Studenten varm og uppøst.

105«Er det sant, De heve sendt Dotter Dykkar til Byen Hr. Pastor?» byrjad han og gløymde reint at segja goddag.

Presten snudde seg forbinad i Stolen. «Ja det er sant,» svarad han og saag undren paa Studenten.

«Er det mogelegt detta? kann De soleides slengja Ein ut i Havet, som alt er komen paa Kvelvet av Baaten? kann De soleides drepa ei Mannasaal, som er aat at vakna til Liv? kann De utan at ræddast øydeleggja det Guds Verk, som De ein Gong skal svara fyre?»

Presten rettleidde paa Brillorna sine og saag paa Studenten med gapande Munn.

«Men kjære – – kvat er som bilar Dykker?» – – sagde han og reiste seg upp fraa Stolen.

Studenten tok seg atter.

«Eg bed um Orsaking Hr. Pastor,» sagde han logn og bøygde seg, «det kann gjerna so vera, at det inkje er sømelegt detta, at treda inn i annan Manns Stova paa slik Vis, og eg veit vel, at De er hennar Fader; men hadde De fylgt henne fraa Barn soleides som eg, hadde De lagt alle Dykkar Tankar kring henne soleides som eg, hadde De set henne veksa fram under Dykkar Auga soleides som eg, so vilde De skyna» – – –

«Nei eg skynar sannelega inkje eit Ord,» tok Presten i, «kvat er detta for nokot alt i Hop?»

«Er De daa inkje vorden var ved, at Dykkar Dotter er vordi reint onnorleides paa det sidste?»

106«Jau det skal Gud vita eg heve fet, ho er vordi baade sjuk og bleik og tagall.»

«Ja og so sender De henne til Byen?»

«Ja kvarhelst skulde eg senda henne ellest? nett difyr var det eg sende henne til Byen.»

«Hm – ja Eitr er god Helsebot fyre sjuke Mannen,» sagde Studenten og log saart.

Presten ruggad paa Hovudet.

«Eg meiner, De er sjuk eg,» sagde han endelega, «De røder som i Ørska.»

«Nei Hr. Pastor,» tok Studenten atter i lognt og verdugt, «eg er inkje sjuk, men ho var det. Og Sjukdomen hennar var ein Strid, ein Strid, som Gud hadde med hennar Hjarta til at faa Sess derinne, ein Strid, som skulde voret stridt til Endes under Bøn og Graat i det stille Romet.»

Presten lydde aalvorsam paa Studenten.

«Kjære, tak Sess og seg meg nærre Dykkar Meining. Var ho daa inkje ein Kristen Dotter mi?»

«Eg kann svara baade ja og nei Hr. Pastor. Ho var ein Kristen soleides som desse mange Tusund er det, som med Munnen segja fram sitt Fadervaar nokre Gongjer paa Dagen og ganga i Kyrkja kvar Sundag og soleides halda eit Slag Minning um og paa ei Vis eit Band millom seg og Gud. Men ho var inkje av deim, der Kristendomen er vorden eit Liv, som lata Trui vigja inn baade den store og den vesle Gjerdi, som bera seg sjølve fram som heile Offre til Gud.»

«Ja» – svarad Presten og drog paa det, «men 107de nye Theologar unna ein aldri Fred og Kvila, det skal vera Uro paa Uro. Skal ein daa inkje no lenger faa kunna liva hyggelegt og godt og kunna gledja seg i alle dei Gaavor Vaarherre heve gjevet oss?»

«Jau i Sanning, det heve eg helder aldri neitat. Men hugsa det Hr. Pastor, at i det kristelege maa Uro til, der det skal vera Liv til. Uroi er som Pendelen i Urverket, stend han, so stend Urverket med. Og den Mann, som aldri heve Uro, han søv, og ein kann kvila ut i Svevnen, det forstend seg, men til at vera Kristen krevst det at vera vaken. Dykkar Dotter heve fyrr set Kristendomen som i Dimma, som i Draum, no er ho vekkt upp or Svednen, og so vil De atter svæva henne inn med den daarande Voggesongen, vil syna henne Bilæte, som skal kverva Syni, vil leida henne ut paa Myri, der Vetteljos dansa kring.»

«Men kjære Mann, det var verre enn Byen skulde vera eit Sodoma, og ho vera send til reine Heidningar. Det er daa snilde, skikkelege Folk, ho er komi til.»

«De mistek mine Ord Hr. Pastor. De maa inkje tru, at eg er nokon Mannhatar elder Byhatar elder Preikehest. Eg veit vel, at det i Byen finst myket vænt og godt, myket baade av Kunst og annat, som kann kveikja og styrkja Anden; eg veit og, at det finst mange kristelege Folk, som ein hadde godt av at liva millom og røda med. Men dei, eg meiner, er dei, som gjera Tomleiken og Staaket og Drøsorna og Selskapslivet til eit og alt, til Gud, slike Folk som 108denne Mathilde og Moder hennar, Krambuddokkor, som inkje eiga ein aalvorsleg Tanke og likavel vil gjelda som dei fyrste og leggja sitt Maal paa alle andre. Millom deim er det no Dotter Dykkar skal ganga, ho som i denne Tid lengtar etter Fred og Kvila og Aalvore, millom deim er det, ho skal kovna elder verda nøydd til at drepa det Hjartaliv, som var aat at spretta. Sannelega, det er som at bjoda ei syrgjande Ekkja ein skrattande Dans til Trøyst.»

Presten hadde lagt Hovudet ned paa Bordet og tok med baade Hender kring Ennet. Han saag inkje upp, svarad inkje helder. Studenten reiste seg.

«Eg bed um Tilgjeving Hr. Pastor, fyre di eg heve boret meg aat paa denne Maaten, men ein raader inkje alltid med seg sjølv, og eg skal inkje neita, at det gjorde meg hardla vondt, daa eg høyrde detta um Byferdi. So undarlegt det kann synast, so trur eg likavel, eg kjenner henne betre enn De, som er hennar Fader. De er so myket eldre enn ho, gjeng i det daglege Strævet mest all Dagen, heve set henne daglega kring Dykker, fraa ho var litet Barn, og berre samrødt um kvardagslege Ting kannhenda, so Augat er ved Vanen vordet mindre skarpt til at skilja. Men eg heve raakat paa henne so einkvar Gongen, til meg heve ho rødt um Ting, som laag hennar Hjarta nært, av di ho fann, at eg meir var ein Jamning i Alder og soleides betre kunde skyna henne, og eg heve funnet, at ho er ei rik, varm Kvinna, som kunde verda endaa større og rikare, og som er for god til at øydast i Tomleike. Og so Farvel, Hr. Pastor, 109mine Ord her i Dag maa vera millom oss, det bed eg um, og so bed eg atter tilgjev meg, at eg heve voret so fri.»

Presten sagde inkje nokot, han berre fylgde honom til Dyri og gav honom Hondi til Velfar.

Studenten feste sine Augo paa Andlitet hans, og daa gjekk det upp fyre honom braadlegt, at han saag ut som ein einsleg, gamall, ulukkeleg Mann. Han visste inkje, um han skulde verda verande og røda meir med honom, men han var alt yver Dyrstokken, og Presten hadde sagt Farvel. So gjekk han.

Daa Presten var vorden eine, sette han seg ned i Stolen sin og kvilde atter Hovudet paa Bordskiva. Soleides laag han ei lang Rid; daa reis han upp og dreiv att og fram paa Golvet.

«Skulde det vera eitkvart sant i alt detta,» sagde han med seg sjølv, «skulde eg inkje skyna mitt eiget Barn, skulde eg hava selt hennar Saal i mi Vitløysa – – store Gud, det var eit forfælande Ord. – Eg vil venta likavel og sjaa, kvat ho skriv fyrst, og so – so fær Gud leida meg vidare.»

Det fyrste Brevet fraa Agnes let soleides:

«Kjære Fader!

Du maa orsaka meg, at eg inkje heve skrivet fyrr, men eg heve drygt solenge, av di eg so gjerna vilde skriva nokot godt til deg. No kann eg inkje bida lenger, og so fær det ganga, endaa eg veit, at desse Raderna vil gjera deg meir ilt enn godt. Men ljuga fyre deg kann og vil eg inkje. Eg maa daa segja deg, at eg lengtar saart heim, at eg veit, eg aldri vil verda 110heil utan heima, at eg kjenner meg so uluffeleg og eine her millom alle desse Folk, at eg mest kunde springa min Veg burt, langt burt og berre graata. Men no heve eg og sett meg fyre at vera deg lydug, og so skal eg verda verande her, solenge du vil. Men kjem det ein Gong og det snart ei Bod heimanfraa, som segjer, at eg fær Løyve til at fara heim, daa – ja daa – aa kor lukkeleg eg skal vera.vera.] rettet fra: vera (trykkfeil) Eg veit inkje, kvat som gjerer det, men eg kann inkje vera med i detta no lenger. Dei draga meg med paa Koncert, i Theatret, paa Dansarstemnor, men det er inkje som fyrr, at Musiken kunde opna eit heilt nytt Liv fyre meg, og Hjartat kunde springa av Gleda ved Dansen, – no berre lengtar eg etter at koma burt, eg kann inkje kjenna nokot, inkje verda uppkveikt ved nokot. Eg veit det, og eg ser det og, at her er myket fagert, som skulde gjera meg godt at sjaa, men eg heve ingen Hug til at sjaa det, ingi Ro til at njota det. Er eg ute, so lengtar eg heim; er eg heima, so lengtar eg ut. Eg skynar inkje meg sjølv, men det veit eg, at den einaste Ting, som kann løysa upp fyre meg og gjera meg sæl, det er, naar eg kann faa bidja hjartalegt til Gud, og daa fær eg ogso alltid graata. Eg kann inkje annat segja, enn dei er snilde med meg her, og dei gjera visst alt det, dei kunna, til at kveikja meg upp; men nettupp dette Kavet deira er det, som er meg so motbursamt. Eg vilde allerhelst, at dei inkje skulde lætst gaa meg og lata meg faa stulla med meg sjølv; men detta er inkje til at tenkja paa. Stundom verda dei og utoluge og kalla meg sur og tver og 111kjeidsam, som berre er komi til spilla deira Gleda, og det gjerer meg so ilt at høyra paa, for eg vilde so naudlega spilla Gleda fyre nokon. No i dei sidste Dagarne hava dei hølt so reint fyre meg, at det ingen Maate heve voret paa, so eg ottast fyre, det ligg nokot under. Og eg trur alt eg heve gissat rett. Doktaren heve sagt, at Mathilde vilde hava godt av Landluft, og no vil dei visst setja fram, at ho skal fylgja meg heim. Dei hava og spurt meg ut, um der er helsesamt derheima, um det er myket kaldt, um det er Tilføre til at faa lauga seg der o.s.v. Gud fri oss fraa at faa slike Gjester. Eg er inkje god til at skriva meir kjære Fader, men var eg hjaa deg no, vilde eg taka deg kring Halsen og kyssa deg.

Di Agnes.»

Presten sagde hm, daa han hadde leset Brevet fyrste Gong, og hm, daa han hadde leset det andre Gongen, og so reis han upp og ringde.

«Du Halvar, – du fær taka store Giggen i Morgon du og fara til Byen etter Frøykni,» sagde han til Guten, som kom inn.

«Skal ho alt heim atter?» spurde Halvar og log fult.

«Ja ho skal det,» svarad Presten stutt, og dermed maatte Halvar ganga.

Inkje ein Maanad etter ho var burtfari, stod Agnes atter i den kjære Prestegardsstova og flaug sin Fader kring Halsen. Ho saag godt ut, anten det var, av di den friske Vinden hadde blaaset Rosor i Kinnerna, elder av di at Gleda yver at vera heima atter lyste or Augo hennar. Men det glade Augnalaget 112kvarv alt burt, daa ho laut ut med eit Skriv, ho hadde med seg i Posen.

«Det er fraa Moder til Mathilde,» sagde ho, «ho bad meg gjeva deg det.»

Presten las det, og Agnes sat og stirte paa hans Andlit, etter som han las.

«Er det som eg trur Fader?» spurde ho halvt rædd, «er det det eg skreiv um?»

«Ja det er so,» svarad Presten seint og skaut Underlippa fram.

«Fader du maa segja nei,» tok Agnes i so sterkt, som han aldri hadde set henne taka i fyrr.

«Nei men kjære Agnes mi, du ser daa, at det er umogelegt. No heve du butt tvo Gongjer hjaa deim, utan at eg heve fenget Løyve at bitala nokot, av di ho var ein gamall Vin av Moder di, og no skulde me neita hennar Dotter at koma til oss eit litet Bil?»

«Ja men eg likar henne inkje Fader, eg stend inkje i at vera i Lag med henne.»

«Det var daa undarlegt. Fyrr var det so heitt med Vinskapen, at det var Mathilde upp og Mathilde ned. Og stod du i det ein Maanad med henne dernede, so kann du vel standa i det nokre Vikor her veit eg. Det er vaar Skylda at vera finslege mot deim no, dei hava synt oss so myket godt.»

«Du heve visst Rett, det maa visst so vera,» svarad Agnes stillferdug, men ho rødde inkje stort meir den Kvelden, gjekk tidlega upp aa Romet sitt og laag med Hovudet gjøymt i Hondom, til Klokka minnte henne um, at ho nog laut hava seg i Seng. Men 113fyrr ho lagde seg, kastad ho endaa eit langt Auga burtetter Vegen til at sjaa, um Ljoset endaa skjein derburte hjaa hennar trufaste Vin, han som hadde lovat aldri meir at trulova seg.

Ei Vika etter ramlad ei stor Kjerra uppetter Vegen til Prestegarden med nokre digre Kistor paa. Presten kom sjølv ut berrhovda, skrapad med Foten og hjelpte ein liten Skapnad ned, som var tullad inn i Kaapor fraa Hovud til Fot.

So var daa Mathilde endelega komi.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Han og ho

Da Kristofer Jansons Han og ho kom i 1868 var det den første romanen utgitt på landsmål, men først da romanen ble oversatt til dansk ble den populær.

Boken handler om «ho», den unge prestedatteren Agnes, som dras mellom to verdener: bylivets spennende adspredelser eller bygde- og familielivets trygge tilværelse. «Han», den litt snåle «Studenten» som har flyttet hjem og overtatt gården etter farens død, tar på seg oppgaven med å rettlede henne.

Les mer..

Om Kristofer Janson

Kristofer Jansson var prest, forfatter og målmann. Han ga ut en rekke litterære verk, men også artikeler og religiøse skrifter.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Vil du ha varsel når nye bøker publiseres?