Han og ho

av Kristofer Janson

Fjorde Stykket

Strid. Upp og ned.

Agnes heldt Ordet sitt. Ho gjekk aldri ut, naar ho visste, ho laut møta Studenten. Og likavel gjekk Tankarne tidt til honom. Han var daa annorleides, nokot meir enn dei andre – dei andre – ja var her nokon? Faderen, som stelte med Preika og Fattigissionen? Landhandlaren, som selde Koffi og Tobak? Olav paa Vollen, som let Døtterna sine spila Klaver, og som snakkad um den kvite Merri si? Futedøtterna, som berre hadde Tanke fyre Gaaseungarne og Fjoset? – Nei daa var Studenten likare. Naar ho so gjekk eismall paa Vegen elder sat aaleine paa Romet sitt, snudde Tanken seg um myket baade fraa fyrre Dagar og no – alt det Studenten hadde sagt, kor barnski ho hadde voret den Gongen. Ho vardt daa so undarleg um Hjartat – men so hadde han voret so skamlaus – nett som ho inkje var vaksi, nett som ho alltid skulde vera ein Barnsunge til at leika med – jau han skulde vera viss – ho skulde no aldri koma paa hans Veg tidare, ho skulde aldri kjæra 67seg um honom – ho skulde aldri sjaa etter honom. Og so saag ho i det same etter honom, berre av di ho vilde snu, um han kom, forstend seg. Nei den som kunde koma til Byen atter, der var daa annat Liv!

Studenten kunde inkje skyna, kvar ho var avkomi, men han hadde som ei liti Von um, at ho gjerna vilde smetta undan. Ein Dag fangad han henne likavel, det var Bøkerna Skuld i. Han hadde setet og tenkt og tenkt paa nokot, han las, utan at finna Grunn i det, og so bar det langt ut um den Tid, han ellest plagad reika. Agnes vardt inkje litet forbinad, daa ho braadlegt saag Vinen sin breidved seg.

«God Dag Frøyken Agnes,» sagde Studenten og lettad paa Hatten, «kvifyre heve eg inkje set Dykker paa so lenge? Er De endaa tykki paa meg, fyredi eg var helder fri sidst? Eg meinte inkje nokot med det, og vil De, bid eg gjerna um Tilgjeving. – Det er sjeldan eg bid nokon um Tilgjeving,» lagde han til seinlega.

Agnes vardt reint bljug, for han rødde so endeframt og likavel so verdugt og so finslegt. Ho gløymde alle dei Svari, ho hadde lagat til, um han næste Gong kom og var aabrengen. Ho svarad berre, at ho inkje hadde nokot at vera vreid fyre.

«Dessbetre,» svarad Studenten, «so vaagar eg vona, at mitt Selskap inkje er reint uvelkomet.»

Agnes vardt endaa meir undri, ho visste inkje nokot at segja. Studenten byrjad røda um ymse Ting, og alt det, han sagde, var so greidt og so trygt, han 68stod aldri fast, han vardt aldri bljug, og likavel var han inkje kaut og stor paa det, men sette alt fram paa slik undarleg blid og logn Maate, at ho vardt baade rædd honom og inkje rædd. Ho kunde berre svara det, som var mest naudsynlegt, so let ho honom røda, men saag fleire Gongjer paa honom med Age. Studenten snudde sidstpaa Samrøda inn paa Byen og Bylivet, han spurde, korleides ho hadde havt det, og Agnes fortalde daa um Komedi og Konsert og Dansarne derinne.

«Ja er det inkje herlegt at dansa De?» spurde Studenten braadt.

Agnes sette eit undrande Andlit paa honom – han snakka um Dans.

Studenten letst, som han inkje saag Frettnaden i Augnakastet, men heldt fram. «Soleides at verda lyft av Tonarne og fljuga stad, berre kjenna det friske Luftdraget slaa imot Bringa, ei glad Kjensla fylla Brjostet og siga burt i eit Hav av Ljos og smjugande Musik.»

Andlitet til Agnes vardt liksom ljosare, ho vilde til at segja nofot, men Studenten gav henne inkje Ordet. «Og so i Theatret at kunna gløyma all Bokduft og Matstræv og dagleg Sut og Kav og koma heim som fraa ei svalande Laug i nokot reint og friskt og stort.»

Det spratt i Agnes, Augo hennar skjein, han hadde galdrat fram alle hennar kjære Minne.

«Ja Theatret!» – ropad ho, «og De kann tru, me hadde ein god Sess i fyrste Rad og lengst ned 69paa eine Sida, so me kunde sjaa paa alle Folk, og det var mest likso morosamt som at skoda paa Stykket.»

«So?» svarad berre Studenten.

«Ja og alle dei Dansar eg var paa daa! Tenk, ein Gong var eg i Lag fem Kveldar i Slag, og kom inkje heim, fyrr Klokka var tri nokor Nott. Og so den sidste –» Agnes log ved Tanken.

«No? var den sidste Dansen so merkeleg?» spurde Studenten og drog paa Smilen.

«Aa nei – det var inkje annat, enn at Lise Bøyesen datt so lang ho var, og Marie Petersen vardt furti og gjekk heim, av di ho sat Cotillonen.» Agnes fekk braadlegt ei Togn, for ho kom at kasta Augat paa Studenten, og han saag so aalvorsam ut, som han tenkte paa nokot.

«Men seg meg no Frøyken Agnes,» tok han seinlega Ordet, og han rødde blidlegt og lognt, «naar De no kom heim so Klokka tri um Morgonen, kunde De so med gladt Hjarta takka Gud fyre Kvelden, han hadde gjevet?»

«Gud?» – tok Agnes undrande upp atter.

«Ja – De veit likso godt som eg, at Gud maa vera med baade i det smaae og store. Men eg hadde berre Hug til at høyra, um De endaa kunde dansa som eit Barn. Det er vandt fyre ein vaksen at kunna dansa som eit Barn, ser De. Kjolen maa sitja godt, og Kransen verda røynt fyre Spegelen; kven skal vera der i Kveld, og kven skal ho faa dansa med? So alle dei Augo, som sjaa paa ein fraa Benkjeraderna, so hava Øyro med seg til at fanga eit 70Ord her og eit Ord der, kvat ho hadde paa og ho hadde paa, korleides Maten var, kven som var Fifdame o.s.v., aa det er tusund Maatar og altsaman til at kunna fortelja næste Dag, naar Vinerne koma. Ja er De inkje sams med meg i detta Frøyken Agnes?»

Agnes stod reint tvihugad, halvt smilande, halvt flat. Ho var aldri van med at verda rødt til paa slik ei Vis, og ho kunde inkje svara nei til det helder, daa ho nett no hadde lagt fram Drøsor um tvo av sine Bykjenningar.

«Eg heve inkje so rett tenkt yver det,» svarad ho berre, «men dei rødde inkje soleides um Dansen i Byen.»

«Kannhenda ogso eg er for streng,» tok Studenten atter i, «men tenk no berre desse fem Kveldarne i Rad og til Klokka tri um Morgonen! Er detta Kvila, so som Dansen skulde vera, er detta fagert? Tenk paa, korleides dei unge Gjentor sjaa ut etter ei Balnott so Klokka tri um Morgonen. Den florlette Kjolen sundflengd heng i Lurvor kring deim, Sprikestakken kannhenda broten sund, Blomarne paa Haaret folnade, dei livande Augo saare og sømnuge, det raude, friske Andlitet bleikt og slakt, og detta er Bilætet, Soli fær, naar ho glytter inngjenom Vindaugat um Morgonen og skal vekkja til Arbeid og til nytt Liv. Nei burt, heim, medan Ljoskruna endaa skin i sin fulle Glans, medan Gleda endaa lær i oss, medan Musiken endaa spilar reint, medan alt, ein ser, er friskt 71og fagert, daa tek ein med seg eit fullt og heilt Bilæte om ein kann tenkja paa med Fagnad.

«Men kven kann ganga fraa ein Dans, naar Hugnaden er paa det beste?» sagde Agnes.

«Eg kann det, og De kann det og, um De vil, soframt De inkje skulde ynskja helder at sjaa alt det fagre gløypt upp av Vanen og alt enda i – ein Gjeisp.»

Daa Agnes inkje svarad, heldt Studenten fram.

«No skal eg syna Dykker tvau Bilæte,» sagde han, «som De kannhenda kunde kannast ved. Paa eine Sida ei bleik, fordansad Bydame, som sit og hostar og munsar til eit Glas Vin, og paa andre ei ung, tirøygd, raudleitt Gjenta paa Landet, som sprett upp med Soli og syng som ei Lerka all Dagen. Kvat vil De velja og kvat vil De skriva under?»

Agnes saag ned fyre seg, for ho laut tenkja paa seg sjølv, og ho visste, at Studenten meinte henne. Daa ho tagde seg, laut Studenten atter til.

«De maa inkje tru, at eg vil døma nokon Frøyken Agnes, men naar De ser paa Landet med Augo fraa Byen, so maa De gjeva meg Løyve til at sjaa paa Byen med Augo fraa Landet. Det er endaa nokot, eg gjerna vilde hava Fingrar i, og er eg komen inn paa at halda Fyrelesingar, so fær eg halda fram – kvat rødde no De um derinne i Byen Frøyken?»

«Nei det er sannelega inkje so greidt at hugsa,» svarad Agnes med ein Smil.

«Var det so myket?» – og Studenten log fult — «ja, ja, naar De inkje vil segja det, so fær eg 72gissa. Fyrst daa De kom, var De bljug, og svarad inkje annat enn ja og nei, inkje sant?»

Agnes lyfte undrande Hovudet mot honom.

«Inkje sant?» tok Studenten uppatter, «eg er ein Spaamann veit De, og ein god Spaamann, eg kann segja meir. De heve rødt um Heimen Dykkar, um Landsstellet her og – De heve rødt um meg Frøyken Agnes.» Studenten saag henne kvast i Augo, og Agnes vardt stupande raud.

«Korleides kann De vita det?» stotad ho øri.

«Gudskelov, ho er Barnet endaa,» tenkte Studenten med seg sjølv, og Andlitet hans vardt ljosare. «Jau Spaamannen ser De, Spaamanen. Eg veit endaa meir Frøyken Agnes, eg veit kvat De heve sagt um meg.»

Agnes slo Augo ned og saag i Jordi.

«De heve sagt paa Lag soleides: «De kann tru, det er mange snodige Kultar derheima. Me hava ein Ølbryggjar, som er so tjukk som ei Tunna, det er fyrste Kavaler, og so hava me ein, som kallar seg Studenten, han ser ut som ei Bønebok med stor Stil» –

«Det heve eg aldri sagt,» tok Agnes braadlegt i og saag honom fast inn i Augo.

«Um inkje nett i same Ord so med same Meining,» svarad Studenten og log. «No – so heve De rødt um Klokkaren, naar han segjer Amen i Kordyri, og so um Fader Dykkar i dei store forade Styvlarne. De kjenner nog den gamle Visa um Landsprestarne, ho verd no sungi tidt og trutt inne i Byen, og De heve voret med Frøyken Agnes, inkje sant?

73De heve og lætt aat deim og fortalt Drøsor herifraa kannhenda, og lydt etter gapne Ord fraa Sprettarne, og imedan sat Fader Dykkar kannhenda, han Landspresten, og tenkte paa si kjære Dotter og bad Gud halda si Hond yver henne.»

Agnes lyfte inkje Hovudet, men ho kunde inkje løyna tvo Taaror, som draup til Marki.Marki.] rettet fra: Marki (trykkfeil)

«Tilgjev meg,» kviskrad ho.

«Meg heve De inkje nokot at bidja um Tilgjeving fyre,» svarad Studenten. «Det høver meg helder at takka fyre di, at De heve teket mine Ord aalvorslegt og inkje er vreid paa meg. No maa De av detta, som eg heve sagt, helder inkje tru, at eg paa nokon Maate vanvyrder sovori Moro; men det er Skil paa Bruk og Misbruk, og eg held alltid det fagre burtimot som ein Spegel. Ja no skal eg inkje plaaga Dykker lenger, no kann De hava Løyve til at segja, at eg heve haldet Fyrelesing i Dag. Kvat Tid skal me so hava den næste? Ja ja, Farvel, Farvel og Takk fyre Ferdi!»

Agnes var inkje so lett paa Foten, daa ho gjekk heimetter den Dagen. Ho visste inkje, kvat det var, men det song nokot inne i henne, som ho inkje kunde skyna, inkje døyva; ho kunde inkje tenkja klaart tykte ho. Og naar ho saag paa Trei, paa det kvite, vinlege Traleverket kring Hagen, paa Prestegardshuset med den grøne Dyri si, var det nett som dei stod so aalvorsame, som dei hotad aat henne. Og i Augo til Faderen, laag det inkje nokot i deim, som neiste henne? og det endaa han var so snild og so vinleg, 74tok henne kring Kinnerna og kysste henne, daa ho kom inn. Agnes gjekk upp aa Romet sitt, ho hadde slik Hug til at graata, men ho kunde inkje. So sette ho seg ned paa ein Stol uppmed Vindaugat, lagde Olbogen upp mot Glaskvarmen, studde Hovudet mot Hondi og saag ut. Ho saag inkje nokot, endaa Augo kvilde stødt paa eit Stelle. Hadde du spurt henne, kvat ho tenkte paa, hadde ho svarat: «eg veit inkje.» Kannhenda ho inkje helder visste, kvifyre Foten styrde burt til Bokskaapi, og kvifyre ho vardt standande der og saag paa Bøkerna. Ho saag paa dei gilde Bøkerna i glimande Bind, som ho hadde havt med seg fraa Byen, Hondi foor burt yver deim, men ho tok inkje nokon av deim ut. Det, som ho sidstpaa fann, var ei duftutt liti Bok i svart Bind med Gullkross. Denne tok ho ut, og gjekk med henne burt aat Bordet. Augo kvilde paa fyrste Bladet, der det stod: «Kvinna, hennar Gjerd og hennar Liv i Ljos av Evangilja.» Ho kom inkje lenger, ho var inkje god til at lesa, ho seig atter burt i Tankar og tok laagt uppatter fyre seg sjølv: «Kvinna, hennar Gjerd og hennar Liv i Ljos av Evangilja.» Kor lenge ho hadde setet her, visste ho inkje, men so bankar det paa Dyri, og inn kjem hennar gode Vin fraa fyrre Dagar, Halvar, med eit Brev i Hondi.

«Her var nog eit Brev til Frøykni,» sagde han og vardt standande audmjuk, med Huva i Hondi, attmed Dyri.

«Eit Brev!» ropad Agnes liksom vekkt or Svevne, spratt upp og foor burt. «Og fraa Mathilde!» tok 75ho i atter glad. Ho sprang burt til Stolen med Eignaluten sin, ho reiv Brevet upp, det var mange, mange Ark, ho breidde deim ut, Boki laag i Vegen, ho skumpad henne aa Sida og las:

«Kjære Kjælebarnet mitt!

Du kann tru, dei spyrja etter deg. Fader, Moder, Fredrik, Onkel Eirik og allesaman, – ja inkje minst han du veit. Fy Agnes! at du kunde vera so stygg og so hardhjartad at fara burt, nett no daa du saag, han var so reint blotnad. Han ser so flat og so laagøyrt ut stakkars Krok. Han gjeng inkje meir kjøn og kjeik framum Vindaugo vaare og helsar upp, blid som ei Smyrøskja og lyfter seg paa Taai, nett som han hadde Gummi i Iljom, nei no heve han somen teket den gamle Slengen sin, og heve endaa byrjat tyggja Tobak. Der kann du sjaa, kor du heve gjort Rusk inne i Byen. Og han er so traa til at spyrja, um eg heve høyrt nokot fraa deg, at det mest er utan Maate. Eg fær meg no stødt ein Dans med honom fyre det same eg. So spyr han daa etter deg, verd heit forstend seg, og skrik ut i lause Lufti, at ingi Vækja i Dansarsalen kann likna seg i Hop med deg, og naar daa eg segjer Takk fyre Lovordet, so bøygjer han Hovudet daa og smiler og svarar: «Dykker undanteki Frøyken.» Men etterpaa kjem tunt Øl, som dei segja der paa Landet, som du er fraa. Det er sant, kjenner du Doktor N.? Han kann du tru er makalaus. Han skulde dansa her i Gaar var, men han kunde umogeleg koma i Takt, og so foor han og sparkad og slo med Beini – aa han var guddomleg.

76Og tenk so skamlaust, so trakkar han Hol i min nye Kjole. Ja den skulde du sjaa Agnes! sjogrøn med Kvare av finaste Lin. Mor gav ogso ein halv Daler Alni, og dei kom alle burt og spurde meg, kvar han var kaupt. Musiken spilar endaa kvar Sunndag paa Torget. Der skulde du vera Agnes, der er fullt av deim som sjaa etter deg, og no er det komet 5 nye Løitnanter, og ein som heiter Løitnant Paulsen, kann du tru er spræk. Student Hansen er trulovad med Susanne Stephens, og no gjera inkje dei annat enn sjaa paa kvarandre og freista koma i Takt, naar dei ganga under Armen. Og hyss Agnes – du maa inkje røda um det, for eg lovad, eg inkje skulde segja det; men eg høyrde fraa Mine, som hadde det fraa Systeri aat Kona til Kaupmann Johansen, at Fedrik er aat med at trulova seg. Han hadde teket Lotte Sylvius upp tri Gongjer i ein Kotillon, og Torsdag gjekk han etter henne, daa ho kom fraa Skræddarskulen. Korleides er det med deg Agnes? Gjerer Studenten endaa Hanebein til deg som i gamle Dagar? og laanar deg sidsame og kjeidsame Bøker? Eg synest eg ser deg ganga so kjøn og kjeik som ei gomol Jomfru vid Sida hans og lyda etter dei Visdomsord, som strøyma fraa hans ærverduge Lippor. Du verd vel ei heil Bønebok, naar du no kjem til Byen atter. Aa nei, eg meiner det inkje, skynar du, eg berre gartar med deg, for du er no mitt vesle Kjælelamb er du. Og du maa koma til Byen atter Agnes, eg kann inkje skyna, du kann standa i det der heima paa Landet. Og no skal me faa eit Songarselskab 77og Ridemeistarar og danske Skodespelarar og myket annat. Det var no vel og, dei danske kom ein Gong, for dei andre spilad berre slike aalvorsame og kjeidsame Stykke, som ein kunde somna av; men no faa me Orfeus og Erik Bøgh sine Smaastykke. Tenk Orfeus! var det inkje morosamt den Kvelden Agnes, og det var same Kvelden Student Krebs fylgde oss heim, hugjar du.» – – – – – – – – – – – – – – – – – – – – – – – – –

Det var myket meir, og Agnes las det med store Augo. Byen med alle Minne, med all Leik og Gaman, med alle smjugande og daarande Ord drog framum og stod liksom og gartad framfyre henne. Ho reis upp fraa Stolen, ho log, ho song. So sprang ho inn etter Skrivepulten sin, drog Papir fram og sette seg strakst til at skriva Svar. Ho var uppglødd av Brevet, ho hadde fenget, Hondi gjekk snøgt, og Ordi kom av seg sjølv. Men i det Brevet stod der:

«Kjære Mathilde!

Du kann inkje tru, kor godt Skrivet ditt gjorde meg. Eg gjekk her so hugsjuk og tung, eg veit inkje rett kvifyre, men eg turvte so vel eit uppkveikjande Ord, og so kom du. Og du var hugheil og kjærleg som alltid, og du skræmde burt alle sjuke Tankar, og no er eg so lett og glad atter. Tyngsla er som burtkvorvi, og eg maa skriva til deg og takka deg. Eg trur det er denne Studenten, som gjerer meg øri. Han reint forfylgjer meg, og eg kann aldri ganga i Fred fyre honom. Og inkje er det so helder, at eg 78kann jaga honom av, soleides som du heve lært meg, for han tek det alt paa slik undarleg Maate, at eg inkje kann koma meg til. Og nasefim og nasevis er han og. Han vil leggja seg uppi alt. Og so lyfter han paa Fingren og held Preikor, so du mest kunde ganga baade fraa Vit og Sans. Uf Mathilde, her er so kjeidsamt, eg kvider meg fyre Vetren. Her er inkje ei Menneskja til at røda med, inkje Gator, inkje Folk at sjaa, berre ein Mole grøn Mark. Eg held ogso paa med Fader, at han skal lata meg faa fara inn atter, men han segjer berre: «eg kann inkje søte Barn,» nett som det var nokon Meining i. Men eg skal no gnaga paa honom, so gjev han seg vel.» – – – – – – – – – – – – – – – –

Daa Agnes var ferdug, hadde lagt Brevet saman, og var komi til Dyri med det, stod ho litetvetta, snudde det nokre Gongjer i Hondi, men so tok ho ei snøgg Avgjerd, sprang ned og skulde bidja Halvar ganga paa Poststova med det.

Studenten hadde tapat.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Han og ho

Da Kristofer Jansons Han og ho kom i 1868 var det den første romanen utgitt på landsmål, men først da romanen ble oversatt til dansk ble den populær.

Boken handler om «ho», den unge prestedatteren Agnes, som dras mellom to verdener: bylivets spennende adspredelser eller bygde- og familielivets trygge tilværelse. «Han», den litt snåle «Studenten» som har flyttet hjem og overtatt gården etter farens død, tar på seg oppgaven med å rettlede henne.

Les mer..

Om Kristofer Janson

Kristofer Jansson var prest, forfatter og målmann. Han ga ut en rekke litterære verk, men også artikeler og religiøse skrifter.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Vil du ha varsel når nye bøker publiseres?