Det vil tvillaust reisa seg stor Uvilje mot denne Boki inkje somyket fyre Ihaldet si Skuld som fyre Formi. Difyre lyt eg senda nokre Ord med henne. Til dessa heve Landsmaalet voret brukat mest i Skildringar fraa Bondelivet elder fraa den gamle Soga, men her er det Byfolk, som snakka Landsmaal. Detta verd soleides ein Freistnad, som inkje er botnad paa nokot endaa verande, nett det umsnudde av det, som vaare Diktarar ellest plaga gjera, naar dei lata Bønder tala Bymaal. Dei setja Bokmaalet i Høgsætet, eg set Landsmaalet i Høgsætet. Kvifyre gjerer eg detta? Fyrst av di Kjærleiken til dette Maalet driv meg til at skriva i det, dinæst av di eg trur, at dette Maalet duger til at bera dei aalmenne Kulturtankarne og helst skulde vera Grunnvollen fyre vaar verdande Bokavl, og endelega av di eg gjerna vilde gjera Landsmaalet kjent og kjært fyre Byfolket, som denne Boki mest er etlad til. Fyre deim, som inkje tru so høgt um Landsmaalet, men berre visa det burt til «Idyllen», maa denne Boki vera Fullmaalet av all Tilskaping (Affektation). Fyre deim, som no drøyma um og tru paa ei Tid, daa det norske Maalet og skal verda rødt i Byom, fær Boki annan Lit. Eg vil bidja deim, som no vilja umaka seg med at skriva um Boki, at tenkja paa detta. At mangt og myket her vil laata reint 4som Umskriving fraa Dansk kjem seg av di det er Kulturfolk, som styra Samrøda, og ein inkje er van med at høyra deira Tankar og Maate paa Landsmaal. Hermed sender eg Boki ut. Kannhenda ho endaa kunde finna eit og annat Hjarta, der ho kunde faa smetta inn og bera litetvetta Velsigning med seg.
Gausdal i September 1877.
Kristofer Janson.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Da Kristofer Jansons Han og ho kom i 1868 var det den første romanen utgitt på landsmål, men først da romanen ble oversatt til dansk ble den populær.
Boken handler om «ho», den unge prestedatteren Agnes, som dras mellom to verdener: bylivets spennende adspredelser eller bygde- og familielivets trygge tilværelse. «Han», den litt snåle «Studenten» som har flyttet hjem og overtatt gården etter farens død, tar på seg oppgaven med å rettlede henne.
Se faksimiler av 1. utgave fra 1868 og 2. utgave fra 1878.
Kristofer Jansson var prest, forfatter og målmann. Han ga ut en rekke litterære verk, men også artikeler og religiøse skrifter.
For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig: