Han og ho

av Kristofer Janson

Fyrste Stykket

Han og Ho. Dansen paa Prestegarden.

Han var Student, og ho var Prestedotter. Han var innpaa dei aatta og tjugo, men ho var berre femtan. Han var høg og mager, bar Haaret nokot nedyver Skallen, saag tankefull og stundom lidande ut. Ho var liti, bar det brune Haaret stroket fritt uppifraa Skallen, og synte derunder eit rundt, kvitt Enne, tvau kvike, livande Augo og tvo blømande, raudleitte Kinner. Han var jamt nokot slurvutt klædd, gjekk med ein gamall, sliten Frakk, der Hempa som tidaste stakk fram uppfyre Kragen. Ho var reinsleg og fin, den stutte Kjolen hekk i mjuke, jamne Faldar, og dei kvite Sokkarne sat slett paa den granne Leggen. Han gjekk stødt aaleine. Ein kunde sjaa honom kvar Dag, naar Vedret var bjart, ein Gong fyre Middag og ein Gong ut paa Eftansida reika burtetter Vegen under dei store Trei. Daa hadde han stødt Regnhatten under Armen og saag korkje til høgre elder vinstre. Ho hekk som tidaste i Stakken paa Mari Budeigja 6elder i Armen hans Halvar Gardsgut, naar han gjekk og skulde leida Hesten heim fraa Utmarki.

I Bygdi millom dei fine Folk gjekk han fyre ein Snaaling, for han rødde sjeldan med nokon og gjekk aldri ut, naar han var beden. Men i Studereromet sitt, der sat han baade seint og tidlega, og ein kunde tidt sjaa Ljoset skina ut igjenom dei smaae Rutorna til langt aa Nott, naar ein for framum der. Det gjekk daa det Ordet i Bygdi likavel, at Bønderne søkte han inkje so sjeldan endaa, og visst var det, at han tidt gav seg i Prat med deim, naar dei arbeidde paa Marki, og tok seg stundimillom ei liti Kvild inn ved Aaren deira. Bønderne heldt av honom, for han var alltid snild og vinleg av seg og god mot dei fatige, men dei var nokot bljuge fyre honom og, for han spurde stundom so undarlegt og hadde nokot kvast i Augo sine, naar han rødde med Folk, som var litet hyggelegt.

Til at stella fyre seg hadde han ellest ei gomol Gjenta, som høyrde Huset til liksovel som Bord og Stolar, og som han med alt det andre hadde ervt etter Fader sin.

Staden, der han budde, var ein gamall, graa Gard med store, svale Rom, der Forfeder med puddrade Parykkar og Blomar i Brjostet hekk paa Veggjom, med lange, aude Gonger, der Vinden taut og ylte Vetrakvelden, med ein Hage, der Mose grodde paa dei tjukke, ærverduge Trei, som stod i lange Rader; der Ugras og Rosor kjeppadest um at spretta fram, der aldri Skjera elder Spade kom. Det 7som vilde veksa, det voks, og det som vilde døya, det døydde. Eigaren gjekk der, saag paa det men vyrde inkje nokot og let seg inkje skræma av alle dei Æventyr um Gastar og Draugar, som flaug fraa Grein til Grein, naar det vardt myrkt i den lange Lund, som bar fram til Huset. Og Bygnaden vardt skakkare Aar etter Aar; her og kvar brotnad eit Bord, og Vatsrenna sprakk. Eigaren saag det, men han gjekk berre inn i sitt Studererom, kveikte Lampen sin, drog Bøkerna fram, las og skreiv, og let kvar syta fyre seg. Garden hadde han ervt etter Fader sin, som hadde voret Kaupmann og ein rik Mann. Sjølv var han Einberning, hadde leset ei Tid til Prest i Hovudstaden, men var so braadlegt komen heim atter, og hadde teket Garden no, daa Faderen var daaen.

Staden, der ho budde, var ljos og vinleg, eit kvitmaalat Hus med grøn Dyr og ein Hage ikring med kvitt Traleverk. Blomar voks i Hagen, og kvit Sand var straadd i Vegjerne. Ein Benk stod attmed Dyri, der Presten var van sitja etter Middagen i Slobrok og Hus-Sko og taka seg ei Pipa til Koffien. Dei kjende inkje meir til kvartannat desse tvau, enn at ho som Barn mang ein Gong hadde stadet attanfyre Hagagarden, lagt Munnen til Tralerna og skriket: «tusse Studenten! tusse Studenten!» etter honom, naar han gjekk framum med Broki uppfyre Styvelsbendingen. Ho hadde daa strakst etter gjøymt seg attanfyre Smaatrei, men han hadde snutt seg ikring og hotat etter henne med Staven. Til Prestegardsfolket kom han aldri liksolitet som til nokon av dei 8andre fine Folk i Bygdi, men han rødde daa ein og annan Gong med Presten elder Skrivaren, naar dei tok Fat paa honom paa Vegen, og desse sagde, at Studenten var myket forvitneleg at vera i Hop med, naar dei var god til at faa honom i Snakkelaget, og slett inkje korkje myrk elder tagall, som han saag ut fyre, naar han gjekk einsleg paa Vegen.

Prestegarden laag berre ein Fjordung fraa Kapteinsgarden (soleides nemnde dei Garden aat Studenten, av di Fader hans hadde kaupt honom av ein Kaptein), og fraa Vindaugo i andre Høgdi kunde ein sjaa Ljoset brenna i Studenten sitt Rom.

So var det ein Vetrakveld, at det var Dans paa Prestegarden. Ute fauk Snjoen, og Vinden beit so isande kald, men fraa Glasi i Prestegarden glimad Ljos paa Ljos, og det let Laatt og Gleda paa Troppi, naar Smaavækjorna kravlad seg ut or Sleden, kvite som ei Snjofonn men med raude Nasatippar, og so Vinen deira flaug kring Halsen paa deim, kysste deim og tullad deim rundt, medan dei trappad Snjoen ‘tav seg. Og det var ei Kviskring og Tiskring og Forteljing, glade Augo og glade Hjarto, som Vinden inkje kunde sopa burt, endaa han murrande og sur snikte seg langs etter Steinhella og puste til Ljoset, so det blekte.

Presten sat i Romet sitt og gjorde seg det hyggelegt. Elden sprakad i Omnen, godt og varmt var der, og paa Golvet var breidt eit mjukt, tjukt Klæde. Lampen var kveikt, og Skjermen sett paa, so eit klaart men mildt Skin fall utyver heile Romet. Paa Omnen 9var straatt Roseblaad, Gardini var nedlatne, so alt var baade tett og godt. Presten likad seg og, der han sat i den mjuke Ryggstolen sin, i Slobrok, med Pipa i Munnen, og bladad i nokre Papir, som laag framfyre honom paa Bordet. Alt i eit bøygde han seg attyver liksom han tenkte, saug nokre Drag or Pipa og tok ein Sup Te, som stod og eimde paa ein fin, liten Borddisk. So lydde han eit Vil etter Vinden, som taut utanfyre, og etter Tonarne fraa Musiken, som let fraa Dansarsalen, der dei no svingad seg i Dansen.

Best som han sat der, høyrde han ei Sledebjølla ljoma utanfyre; so var det liksom eit skreik: «holloi der! kom hit Folk!» og ei Stund etter kom Halvar Gardsgut inn og sagde, at det var ein framand Mann ute, som spurde etter Presten. Presten stakk Hovudet utigjenom Dyri, og der stod Studenten, sveipt i Mudden sin, med Skinnhuva paa, Svipa i Hondi og snjoutt fraa Hovud til Fot.

«Orsaka meg Hr. Pastor,» sagde han, «at eg uroar Dykker so seint; men eg hadde den Uheppa at velta herutanfyre i Myrkret. Eg saag slikt sterkt Ljos heruppe, gløymde Taumarne, og so – laag baade eg og Øyken i Veita, og baade Skjækerna brotnad. No vilde eg vera so fri at spyrja Hr. Pastoren, um han kunde laana meg sin Slede heim. Det er inkje alt so langt, og Guten min skal kjøyra Sleden hit atter endaa i Kveld.»

«Ver so god, kom inn, kom inn solenge – jau det skal det alltid verda ei Raad med – ver so god, 10ver so god» – og den gjestmilde Pastoren skauv Studenten inn gjenom Dyri.

«Nei Takk Hr. Pastor! eg kann venta herute solenge; eg er so snjoutt, at eg inkje kann treda inn i nokon Manns Stova soleides, og dessutan so heve eg Braadhast heim.»

«Aa Snakk med Dykker – Braadhast heim? De heve alltid Braadhast heim; men heve eg no voret so heppen at fanga Dykker, so fær De inkje sleppa paa ei liti Stund i minsto. Sjaa Mudden hengja me her – det verd minst ein Time, fyrr Sleden kann vera fyre Dyri, for me hava det nokot annsamt i Kveld skynar De; Dotter mi heve nokre Viner hjaa seg til ein liten Dans, og so er her alltid nokot at stella med. No – ver no so snild» – og Presten smaalog, klappad Studenten paa Oksli, løyste paa Halsplagget og vilde draga av honom Finnmudden.

«Nei kjære Hr Pastor!» – «Jau kjære Hr. Student,» – og av maatte Mudden, og inn maatte Studenten. Han kvakk reint att, daa han stod paa Dyrstokken og kjende den koselege Varmen strøyma innpaa seg og saag det klaare, fredlege Skinet fraa Lampen. Han kom fraa den aude, myrke Vegen, fraa den bitandeVinden; han skulde heim til den kalde, tome Garden sin, og no – eit litet, varmt, tett, godt Rom. Nei kor her var hyggelegt! Studenten saag paa Golvklædet, han saag paa Gardini, han saag paa Skaapi, der alle Smaasakerna stod.

«No – skal det vera ei Pipa?» sagde Presten og rettleidde litet vetta i Stova, – «sjaa her, tak 11denne Stolen – eg heve inkje annat at bjoda enn Petum, men slikt brukad dei det no i mi Tid, og paa Landet fær ein inkje vera for vand um det.»

«Men eg gjerer Dykker Bry.» – «Aa slett inkje, slett inkje! Detta skulde eg lagt aa Sida likavel no, um De inkje var komen. Og so var det fulla mi Skuld, at De valt og.» Presten log godslegt og lagde Papiri og Bøkerna saman. «No – eit Glas Øl? ein Kopp Te?»

«Nei mange Takk! ingen Umak fyre mi Skuld Hr. Pastor.»

«Aa ein Kopp varm Te gjerer godt etter den sure Vinden.» Og Pastoren ringde, og inn kom Teen. Der sat daa Studenten i den gode, mjuke Ryggstolen og med ei Pipa her i Presten sitt Rom nett som heima, og Presten sat beint burtanfyre.

«No – tykjer De inkje her er hyggelegt?» byrjad Pastoren etter eit Bil, daa han saag Studenten kasta Augo sine kringum, «so hyggelegt kunde De og faa det. De skulde gifta Dykker Hr. Student.»

Studenten drog Munnen upp til ein Smil. «So De meiner det Hr. Pastor? kannhenda. Men eg heve alt trulovat meg med ei, og so kann eg inkje festa nokor onnor.»

«Er De trulovad? kven med, um eg torer spyrja.» Og Presten saag paa honom med forbinat Andlit og flutte Stolen sin nærmare innpaa.

«Med mine Bøker, min Vitenskap,» svarad Studenten lognt.

«Aa – inkje verre,» sagde Pastoren, log, tok ein 12Slurk Te og flutte Stolen att igjen, «Bøker hava me meir enn nog av allesaman. Men det er daa Skil paa Bøker og paa Menneskjor likavel.»

«Dei daude Bøker er ofta meir livande tykjer eg enn dei livande Menneskjor, og dei røda djupare og klokare enn dei fleste noumstunder.»

«So? det var myket sagt det. Er De, som er so ung, alt vorden Mannhatar? Nei de lyt faa betre Tru til Verdi min unge Vin.»

«Eg vilde gjerna Hr. Pastor, um eg berre kunde.»

«Kunde? Gakk ut i Livet, so kann De. De sit her og murar Dykker inne og let korkje Sol elder frisk Luft sleppa inn, hadde eg nær sagt. Nei gakk ut i Livet, der er Vigvollen fyre slik ein Mann som De.»

«Eg heve voret ute, Hr. Pastor, men det gjekk som med Snigelen, naar han kjenner, det er Faare i Lufti. Eg drog Horni aat meg og gjøymde meg i Huset, for der visste eg, eg var i Livd.»

«So fær De freista ein Gong til. Det er stor Synd, at all denne Lærdomen og alt dette Arbeidet skal verda spillt fyre Verdi. Trur De inkje, at tvau klaare Augo kunde fanga Dykker? ei raudleitt Kinn? kvat?»

«Nog mogelegt – eg er Kjøt og Blod som alle andre, og eg let aldri Augat atter fyre det, som vænt er. Men so um eit Aar elder tvau, so skjer Bandet, det fagre Eplet er makkstunget, Eva heve etet av Kunnskaps-Treet.»

«Nei fy, fy, korleides er det De spaar? De hugsar nog inkje, at eg sjølv heve ei Dotter?»

13«Det finst Undantak fraa alt Hr. Pastor, og Dykkar Dotter er endaa eit Barn, inkje rettare enn eg veit. Barnesaali er mjuk som Vaks, ho kann verda skapad um til myket. Det gjeld berre um at føra Meitelen rett. Men kor mange gjera detta? Elder kvat kjem ut fraa Verkstaden no til Dags? PsykerForfatternote: Gudinna fyre den reine, ungdomlege Ynde. skal tru? Aa nei, Gud hjelpe oss, dei er det minst av Hr. Pastor. Nei det verd ei Hugsnikja, ei Krambuddokka, elder ei raa og ruggande Borgarkjering.»

«De dømer hardt, og – ja De orsakar meg, at eg segjer det – nokot braadt, nokot ungdomlegt, tykjer eg. Det var inkje vel, um De skulde hava Rett i detta.»

«Eg dømer etter det, eg heve set, Hr. Pastor, og Syni kann inkje svika. Og eg heve set deim, som kunde fylla Ein med Voner, med Elskhug, som kunde varma og kasta Skin utyver heile Livet, friske Barnesaaler Hr. Pastor, der Livet ute i den store Verdi endaa drøymde i dei trugne uvisst lengtande Augo, i dei bljugt rodnande Kinnerna, i den halvopne Munnen og dei lydande Øyro, naar dei Vaksne talad; som vardt rædde, som den skræmde Hjortkolla, naar Ein saag paa deim elder talad til deim, men som gav Ein sitt heile reine Hjarta med Tankar og Kjenslor, naar dei havde fenget Tru til Ein. Og eg heve set desse same etter nokre Aar. Kvat hadde dei lært? Jau dei kunde kinka paa Hovudet og sveiva med Sprikestakken; dei kunde slaa med Vifta og lægja aat gapne Ordsleng; dei kunde skvaldra i eit Telag og fortelja um nye Trulovingar. Aa dei hava gripet Krambudglitret fyre det ægte Gullet, Ljoset i Dansarsalen fyre det varmande, kveikjande Solskinet; det er den glimande Uniformi, som daarar deim, dei ramlande Nataskali, det ytre paahengte; dei hava gripet Livet i denne Verdi fyre Livet i Gud Hr. Pastor.»

Studenten lettad seg upp fraa Stolen og lagde Hondi tungt paa Bordskiva. Andlitet hans var fast og aalvorslegt, og ein turvte infje annat høyra enn Tonen, som laag i Ordi hans, til at skyna, at her logad eit Minne, som inkje framand Hond laut røyva. Presten gaadde det og, han saag det endaa meir i dei heite Augo til Studenten. Han sat difyre kyrr eit Bil, berre bøygde Hovudet som i Tankar.

«Lat oss inkje no ordkastast um detta,» sagde han sidstpaa lognt og lyfte Hovudet, «det er dessverr altfor sant, at det er myket Stas og Fjas med dei unge Vækjorna notildags. Men meiner De inkje, at ei Kona kunde gjera det hyggelegt i Heimen Dykkar, um ho endaa inkje var so rett etter Dykkar Uppskrivt, for det er vandt at finna det fullkomlege, ser De. Og naar De no hadde Ei kringum Dykker, som kunde stella alt vel til, som kunde koka Maten og bøta Klædi og halda alt reint og fjelgt, meiner De inkje, De daa vardt mildare i Hugen og fekk litet meir Tru til Livet og –»

«Eg ottast fyre, det vilde infje muna Hr. Pastor. Skal eg nokor Tid velja meg ei Kona, so skal ho inkje vera Kokka elder Skræddar elder Vaskarkjerring, 15men ho skal vera min Jamning i Ande og Sannleike. Ho maa kunna fylgja meg, kvart eg gjeng, inkje berre til Matmaalet men til Kyrkja, til heile Mannheimen, so vida som Tankarne vanka. Ho maa kunna lesa meg til Botnar, og aldri ynskja annat likavel enn at lesa uppatter. Ho maa kunna lækja alt, som er saart, ho maa kunna strjuka burt alle Skuggar med si linne Hond, ho maa kunna opna Famnen sin til Kvila fyre heile Saali mi, naar ho er trøytt. Ho maa elska meg meir enn alt i Verdi, og ho maa eiga alt i denne Kjærleiken. Ho maa synast liti i sine eigne Augo og likavel vera stor, rik, ja so uendeleg rik, at ho kann vera verdug at faa eit annat Menneskjehjarta til Gaava. – Men kvar er ho at finna Pastor, det er Spursmaalet.»

I det same spratt Dyri upp, og inn flaug ei liti Gjenta, tirøygd og varm etter Dansen, i fin, kvit Kjole med ljosraudt Livbelte og med ein Blomkrans paa det tekke Haaret og ropad: «Far! Far! no skal du –»

Ho braadstadnad, ho fekk Auga paa Studenten, ho vardt stupande raud yver heile Halsen og stod berre som fjettrad, beit seg i Lippa og visste inkje, kvart ho skulde snu Hovudet og so yndefull likavel i all si Blygsel. Studenten fekk helder inkje Augo fraa henne.

«No Barnet mitt, kvat var det?» sagde Presten, smaalog og snudde seg i Stolen.

«Aa – det var inkje nokot,» sagde ho og lagde Hovudet litet vetta paa Skakke men saag inkje upp, – «jau det var» og no flaug ho burtaat Faderen, 16lagde Munnen upp til Øyrat hans og kviskrad nokre Ord, som Studenten inkje kunde høyra. Pastoren tok til at rugga i Stolen sin. «Ha, ha, ha, – dei vil hava meg inn og dansa, Galningarne. Kvat tykjer De Hr. Student?»

«Der slik ein Ærendsvein gjeng i Fyrevegen, kann Ein visst trygt fylgja etter,» svarad Studenten, han hadde riset og stirte paa den væne Bodberaren.

«Ja du kann gjerna koma Fa’r. Eg slo Vedd med Markus um tvo Apelsinar, at eg skulde faa deg til,» sagde ho, tok so Fader sin i Armen og lagde Hovudet ned til.

«Og slikt vaagar du gjera, liti Tossa du er,» sagde Presten, kneip henne i den faste, blømande Kinni og gav henne ein Kyss.

«Veit De Student?» sagde han braadlegt og snudde seg mot Studenten, «skal me tvo Gamle skapa oss galne i Kveld og ganga inn og dansa med Ungdomen? – – Aa Snakk! inkje Ranglæta no, De heve godt av det, skal De sjaa. Og kannhenda De kunde finna Ei derinne, som kunde fanga Dykker,» lagde han gartande til og varad Studenten med Fingren. Studenten stod tvihugad. Han saag paa Prestedotteri, men ho klengde seg fast inntil Armen aat Fader sin, liksom ho inkje var trygg annan Stad.

Presten tok atter paa og nøydde honom, og Studenten rødde nokot um Reiseklæde og annat slikt, men Enden paa det vardt daa, at han skulde vera der eit Bil iminsto, til Sleden var i Lag gjord. Prestedotteri hadde floget stad og skulde melda, at «tusse Studenten» 17var inne, og skulde vera der um Kvelden, og daa vardt det vel Staak. Dei styrmde i Hop, dei log, dei klappad i Henderna, og fyrr Pastoren med sin nye Vin synte seg paa Dyrstokken, hadde dei lagt upp, at Studenten skulde dansa, dei skulde taka honom fram i ein Blomstertur, og Agnes (so heitte Prestedotteri) skulde vera den fyrste. Studenten nikkad til deim alle i Hop, daa han trod inn i den store Bjelkestova med Bjørkekvisterne fraa i Sumar endaa i Veggsprungorna og med mange Ljos. Der sat dei alle desse fraa Skrivaren og fraa Futen og fraa «Proprietæren» og kvat dei heitte alle i Hop. Framslengingar var dei fleste, slike som korkje er Born elder Vaksne, korkje Fugl elder Fisk, som vel ganga paa Skulen endaa, men som halda seg inne i Frikorteret og røda um Dansar og Stas og nye Løitnantar. Men i Kveld hadde Dansen tidnat deim upp; Kinnerna glødde, Augo glimad, dei gløymde Damen og tok Barnet, dei leikad og sprang, gjorde Turar med Stolsæte og med Nikking og dømde Gutarne til at støyta Pipper. Det vardt liksom ei Togn, daa Studenten steig inn, og sume av dei største Gutarne rette seg upp og treiv i Luma etter dei kvite Handskarne sine, men stakk deim atter ned, daa dei gjekk so trongt paa.

«No det var Rett! lystugt og livande, det er, som det skal vera hjaa Ungdomen,» sagde Pastoren, daa han kom inn med Frakken kneppt yver Magen, med Kollhuva paa og gnikande seg i Henderna. «Skal det so bera i Vegen med oss tvau daa Sanna?» sagde han og fangad ei liti Vækja innum Armarne 18sine, «korleides liva dei heima? – men du er vordi heilt vaksi sidan sidst, ja det er av di du kjem so sjeldan til oss. No ein Galoppade Musikantar, so skal Sanna og eg dansa.» Dei log allesaman, men Sanna smilad, beit seg i Lippa og hengde Hovudet, for det var so blygslegt.

«Ja De dansar med Hr. Student,» sagde Pastostoren atter, «so faa me sjaa, kven som gjerer det best – no maa du berre halda Takti Sanna.»

«Nei Hr. Pastor, eg dansar inkje lenger no,» svarad Studenten og riste paa Hovudet.

«Jau Skam ta’ meg skal De dansa – er her Ingi, som vil bjoda seg til hjaa Studenten?»

Han turvte inkje spyrja, for i det same stod Markus, han som hadde tapat dei tvo Apelsinarne, framfyre Studenten med Agnes og ei onnor liti Gjenta, ei i kvar Hond. «Student elder Kandidat!»Kandidat] rettet fra: Kanditat (trykkfeil) sagde Markus og skrapad med Foten.

«Korkje Student elder Kandidat,» svarad Studenten, log og drog seg undan. «Takk eg dansar inkje.»

«Aa jau De lyt dansa,» bad Agnes etter honom, og ho til at knipa Markus i Hondi, at han skulde fylgja. «Student elder Kandidat,» let det atter, og etter honom kom Kleggen. «Aa jau De lyt dansa,» sagde det same granne Maalet atter, og der stod ho og saag upp aa honom, so skalkutt, so skalkutt.

«Ja med di eg lyt dansa, so er det vel inkje onnor Raad daa,» svarad Studenten og saag paa dei tvau, som stod framfyre honom.

«Student elder Kandidat,» let Røysti atter.

19«Ja – det er vel inkje verdt at stiga høgare upp, enn ein er komen, og so fær det vel vera Student daa.»

Agnes neig fyre honom, og no skulde det bera til med desse tvau. Studenten hadde inkje dansat, hadde inkje tenkt paa Dans i mange Aar, men fyrr, i dei fyrste Studentaari, hadde han voret reint i Vinden, ein Dansar av fyrste Slaget. No var det nett som Beini var bljuge fyre at fylgja med, for Musiken spilad strjukande. Dei staukad og starvad seg fram i Byrjingi stinne og verduge, men Takti laut Ein halda, og stad bar det snøggare og snøggare, Golv upp og Golv ned. Studenten gløymde seg, han saag paa Agnes, som laag der i Armom hans frisk som ein doggvaat Roseknupp. Ho hadde bøygt Hovudet attyver, latet Augo halvt atter og let seg no bera av Tonarne og Dansen. Og det gjekk! Det var som ei Flugt gjenom Himmel, gjenom Luft, svivande, sæl, utan Ende. Ho var so lett, ho studde seg so trugi til honom; den kvite Kjolen flaug kring henne som ei Sky, og dei lange Endarne av Livbeltet flaumad ut paa baade Sidorna. Studenten hugsad seg fyrst, daa han høyrde Agnes segja: «nei no lyt eg pusta!» – Han sette henne fraa seg, han merkad og, at han var varm og andsloppen; men det var, som det var komet nytt Liv i honom. All Ungdomen med Minne, med Kjenslor, med Lukka, var atter vekkt, og han kjende, at han var inkje gamall og styrdnad endaa. Dansen hadde Magt yver honom, Dansen, som han hadde rist paa Hovudet aat.

20«So De vilde hava Studenten De Agnes?» spurde han skjemtelegt, der han stod atmed henne.

«Eg vil inkje hava nokon eg,» svarad ho med Laatt, og dermed so flaug ho atter burt i Dansen, daa ein kom og tok henne.

Studenten saag etter henne, og gaadde inkje til ei liti ei, som no alt stod og neig fyre honom tridje Gongen. «Kvat skal du?» spurde han og tok henne under Hoka. Jau ho skulde daa dansa med honom, for det var «Inklinationstur». Ja so kunde han inkje svara nei, og Studenten laut atter til. «Korleides var han at dansa med Agnes?» spurde Vinerne og stakk Hovudi saman. «Aa han var so god – so god, og han heldt so fast.» «Nei er det sant, ja so maa eg freista,» – «og eg» – «og eg.» Studenten var reint illa komen, for der trippad dei fram ei etter ei og neig fyre honom, og dansa maatte han, for han hadde sagt ja til henne og ja til henne, og so kunde han inkje svara nei no.

«Naar De lyster, er Sleden ferdug,» kviskrad Presten honom i Øyrat, daa han gjekk framum.

«Takk Hr. Pastor! men eg kann drygja ei Stund endaa.» Og han drygde eit Bil, og han drygde eit annat Bil, han vardt gjort til «Kammerherre», fekk Bond og Sylgjor, og so stod Kveldsmaten paa Bordet. Studenten bar fram ei Skaal fyre Presten og hans Hus, og Presten takkad Studenten og tømde eit Glas paa betre Kjennskap. Og so talad Studenten fyre Ungdomen, han talad varmt og hjartalegt, og Borni stod kyrre som i ei Kyrkja.

21«Fyrr de no byrja dansa atter, kann du syngja litetvetta fyre oss du Agnes,» sagde Faderen, daa dei dukad Bordet av.

«Syng Dykkar Dotter?» spurde Studenten og kom til.

«Aa ja, slikt Smaatteri, som er godt nog her millom oss,» svarad Presten. Agnes var komi burtaat. «Kann eg inkje faa sleppa Fader,» kviskrad ho sutrande, «eg kann inkje nokot, og so er det so blygslegt no, Studenten er her.»

«Inkje nokot Tøv, Agnes, du veit eg likar inkje det,» svarad Faderen aalvorslegt, og burt til Klaveret laut ho. «Ho blygjest fyre Dykker,» kviskrad han i Øyrat paa Studenten.

«Ja so,» svarad han tankelaust, han hadde gjevet Gaum etter, kor tvert ho drog seg burt etter Golvet.

No sat han i Sofa og skulde lyda etter. Agnes song nokre Folketonar, fyrst: «ifjor gjætt’ eg Gjeiti», so «Aa Ola, Ola min eigen Unge», so: «Eg rodde meg ut paa Seiegrunnen» og sidst paa «Vesle Kari». Maalet skalv nokot i Byrjingi, og Røysti høyrdest nokot kvellande, men sidan vardt det betre og betre, etter kvart som ho song. Det var so naturlegt, so likatil og med slik ei Saal og slikt eit Liv likavel, at det var som Hjartat hennar slo med i kvar Tone. Studenten sat reint tankefull.

«Kvat tykjer De um desse ringe Visorna?» spurde Pastoren og flutte seg inntil honom.

– «Kvat sagde De? – aa jau makalaust godt;

22eg tykjer det mest kjem eit heilt Liv figande fram fyre meg, naar eg høyrer deim.»

«Ja inkje sant? lat deim lenge nog halda paa alle desse Laup og Rullingar og Gurglingar; naar eg fær mine Folkevisor, so byter eg inkje.»

«Og so kunde ho syngja. Ho skynad Ordi, ho saag Bilæti fyre seg, ho livde i deim, daa ho song. Ho kann syngja Dykkar Dotter.»

«Aa ja fyre den, som vil tekkjast so – –»

«Mange Takk fyre Songen,» sagde Studenten i det same til Agnes, som gjekk framum.

«Inkje nokot at takka fyre; det var so stygt,» svarad ho, vardt raud og skundad seg burt; men ho likad ovlega godt likavel, at Studenten hadde sagt detta.

Daa Studenten kom heim den Kvelden, var det lidet um Midnott. Han gjekk til Romet sitt og kveikte Lampen. Der var kaldt, og Bøkerna stod i lange Rader, hans Liv, hans trulovade. Han slengde seg ned paa ein Stol og lagde Hovudet ned i Henderna. Han var for heit til at leggja seg, so dreiv han att og fram paa Golvet med Henderna paa Ryggen. «Kor undarlegt! eg heve voret Barn atter, nett som i hine gamle Dagar. Og det var fagert, det var lysande og lokkande, og ho var tekkeleg, so barneglad og frisk og med ei varm Saal, det høyrde eg paa Songen. – Og so, at all denne Vænleiken og Barnegleda og Skuldløysa skal kverva burt um nokre Aar, – kokast sunder og saman i den store Gryta til Verdi og verda lagt paa Bleikjevollen aat Moten og Selskapstonen. Det er til at verda galen yver!»

23«A – ha» sagde han etter eit Bil og gjeispad – «det var godt at koma heim, her er so kyrt og svalt. Og i Morgon skal me daa taka i Hop med Casparis Jesaia.» – – Han stod ei Stund paa Golvet i Tankar med Lippa framskoti, so gjekk han burt aat Skrivebordet og opnad ei Skuffa. Han drog fram eit Bilæte av ei ung Vækja, han heldt det upp mot Ljoset og starad paa det lenge, lenge. «Ho likjest nokot, inkje fullt so ljos likavel,» murrad han, «men det gjeng snart – ja det gjeng snart.» Han lagde Bilætet nedatter, læste Skuffa, klædde so av seg, bad si Kveldsbøn og somnad.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Han og ho

Da Kristofer Jansons Han og ho kom i 1868 var det den første romanen utgitt på landsmål, men først da romanen ble oversatt til dansk ble den populær.

Boken handler om «ho», den unge prestedatteren Agnes, som dras mellom to verdener: bylivets spennende adspredelser eller bygde- og familielivets trygge tilværelse. «Han», den litt snåle «Studenten» som har flyttet hjem og overtatt gården etter farens død, tar på seg oppgaven med å rettlede henne.

Les mer..

Om Kristofer Janson

Kristofer Jansson var prest, forfatter og målmann. Han ga ut en rekke litterære verk, men også artikeler og religiøse skrifter.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Vil du ha varsel når nye bøker publiseres?