Jau det var Rusk vordet paa Prestegarden.Prestegarden.] rettet fra: Prestegarden (trykkfeil) Gamle Brunen hadde aldri slitet so i si Livstid som no, og Tenararne var aldri sette so i Veg kvar paa si Leid som dette Bilet. For aldri so snart hadde Mathilde haldet seg kyrr dei fyrste Dagarne og berre gjenget ikring til at skoda Fjos og Stabbud og Mjølkebud og alt detta, som no var uvant fyre henne, fyrr ho byrjad stella seg nett som heima. Med Presten var ho gode Viner fyre lengesidan; han gjekk berre og log og riste paa Hovudet yver all Galskapen hennar og tykte, det var nogso trøysamt i Grunnen. For Mathilde visste alltid at taka honom paa rette Maaten, ho hadde inkje faafengt voret Kjælebarnet til Moder si. Og naar ho daa lagde Armen kring Halsen hans og klappad honom paa Kinni og bad so fint «a – faa Lov» – sjaa daa skulde det meir enn eit gamalt Prestehjarta til at svara nei. Og so kunde ho fortelja laust og fast, uppetter Veggjom og nedetter Veggjom, Munnen stod inkje paa henne fraa ho kom 115ned um Morgonen, til ho lagde seg um Kvelden, og detta tykte Presten var morosamt. Han fann seg uppkveikt ved det, det var nokot Nytt fyre honom, no han hadde livt so lang Tid eine elder berre skodat paa si tankefulle, logne Dotter, som sat og las i Boki si. Mathilde merkad, at ho smaatt um Senn fekk yvertaket – so sløg var ho daa – og ho visste og at bruka det til at styra alt paa si Vis. Fyrr hadde ho daa lotet ganga rundt, der ho vilde skoda seg ikring, men no fann ho, at detta tok paa Helsa, og at ho laut vera var um seg, og so var det Øyken fram baade seint og tidlega. So raut Halvar so hardt um Notti i Drengjestova beint under hennar Rom, at det vekkte henne, og jammen maatte Halvar ut i Høyløda og sova. So var ho so kveppi maa vita, at det ruste i henne, naar Mari kløyvde Veden um Morgonen og song til, og so fekk Mari Bod um, at ho anten skulde hogga Veden um Kvelden elder Klokka 10, etter at Mathilde var innkomi. Og so skulde Mathilde og hjelpa Agnes i Kjøket sume Tider, men daa vardt det eit Styr! Desse raae, styvne Bondamenneskjorna kunde no inkje gjera nokon Ting til Lags, og det fekk dei no høyra meir enn ein Gong. Mari var so arg paa dette Byblaaberet, som ho kallad henne, at ho gjerna hadde slengt Vedskida etter henne, kvat Augnablink det skulde vera. I Stova var atter Bordet komet midt paa Golvet, all Stasen framlagd, Yverdraget paa Stolom avteket, alt det dei aatte av utkrotade Putor og Golvklæde utbreidt, so no fekk Presten inkje Løyve at kvila Hovudet der og inkje der, 116og maatte inkje setja Føterne paa det Stellet og paa det Stellet, utan han hadde turkat vel av seg. Presten hadde nog lætt aat detta i Fyrstningi, men no vardt det honom snart for drjugt. Han vardt kjeid av Mathilde og Snakket hennar, det vantad honom den gamle Hyggen. Han merkad det, at ho i Grunnen var den som styrde her. Han saag paa si tagalle Dotter, men ho var lika tagall. Agnes hadde aldri gjort Motlegg mot alt dette Staaket hennar Mathilde; tvertum hadde ho tøygt seg etter henne so langt ho kunde, hadde alltid voret vinleg mot henne, og fylgde henne stødt paa alle hennar Reikeferder. Naar dei var saman med andre, heldt ho seg helst med desse likavel.
Mathilde byrjad og snart klaga seg, at her inkje var nokor Moro, at Folket heruppe var so raatt og bljugt; men so skaut det i henne, at ho endaa inkje hadde gjort Kjennskap med Studenten, og so plaagad ho Presten solenge, til han lovad at senda Bod etter Studenten ein Kveld.
Daa Studenten kom inn i Stova den Kvelden, saag han eit litet Tingeste i ein fin, ljosblaa Kjole standa attmed Bordet. Ho neig djupt fyre honom og ropad so paa Agnes, som var i Sideromet, der Dyri stod opi. Agnes kom inn.
«Vil du vera so god at namngjeva meg fyre Herren der Agnes,» sagde ho myket verdugt.
«Student N. – – Mathilde Ravn.»
«Dykkar Vin fraa Byen?» sagde Studenten.
«Ja,» svarad Agnes men helder laagt.
117«So er me fulla gode Kjenningar,» sagde Studenten, «velkomi hit.»
«Er me det?» svarad ho halvt undri og lagde Hovudet paa Skakke, «eg veit inkje, eg heve havt den Æra.»
«Jau Frøyken Agnes heve fortalt meg myket um Dykker,» svarad Studenten.
«So no» – sagde Mathilde og drog Augnabrunerna upp.
I det same kom Presten inn, og no vardt det daa Haandtaking millom honom og Studenten.
«Nei han er ved Gud landleg,» kviskrad Mathilde til Agnes, – «ser du, han heve inkje teket rein Skyrta paa, berre snutt Lauskragen, og so den Frakken, han er visst fraa det fyrre Aarhundradet. Me maa hava Moro med honom Agnes, han er makalaus.»
«Kvar kauper De Klædi Dykker?» spurde Mathilde ut paa Kvelden, daa dei no sat kring Bordet.
«Kvar eg kauper Klædi mine?»
«Ja eg tykjer Skurden er so framifraa.»
«Jau – det skal eg segja,» svarad Studenten aalvorslegt, «det er hjaa Skræddar Persen.»
«Persen? kvar bur han?»
«Han bur tett attmed Snikkar Paalsen.»
Mathilde skynad, at han dreiv Spott med henne, men ho letst inkje gaa det.
«De skulde ganga til Skræddar Hansen skulde De. Ingen ung Herre kann vedkjennast inkje at hava sine Klæde fraa honom.»
«So – ja eg fær tenkja paa det. Eg tykjer 118som De, det maa vera stor Synd at bera paa andre Klæde enn Skræddar Hansen sine.»
Agnes kunde inkje halda seg fraa at smila, daa ho saag det aalvorslege Andlitet til Studenten, medan han sagde desse Ord; men Mathilde let Kjelken renna.
«Ja Løitnant Karlson kauper alltid hjaa honom, og daa kann De vera viss um, at det er godt.»
«So Løitnant Karlson er Mynstret fyre dei unge Herrarne i Byen noumstunder?» spurde Studenten.
«Kjenner De honom?» tok Mathilde glad i, «er han inkje makalaus. Ja det er just ein fin Herre. So som han kann dansa, og so som han kann snakka, og so som han kann klæda seg, og so for ein Skapnad han heve.»
«Ja naar Ein vil bruka Skræddarmaalet, so er han visst No. 1. Men eg trudde han hadde mist sumt av Forgyllingi no, sidan han vardt gift.»
«Nei! han er nett den same, kvik og so hæv til at finna paa. De skulde berre set paa Dansen hjaa Konsulen sidst, han hadde tie Stjernor.»
«Aa ja det er godt, at vaare Hermenner kann fortena Stjernor ein Stad, naar dei inkje kann det paa Vigvollen,» svarad Studenten, «men heve han no Kona med seg paa alle desse Sigersserder?»
«Nei Kona hans sit mest heima, ho skal liksom vera verdug og draga seg burt no,» svarad Mathilde og slo med Nakken, «men han kjærer seg inkje um det, han gjeng der han verd beden, og han verd beden allstad.»
119Mathilde tagnad litetvetta, for Agnes drog henne annan Gong sterkt i Kjolen.
«Kvat vil du?» sagde ho til Agnes, «ja De skulde berre set, kor han gjorde Kur til Agnes derinne,» lagde ho til mot Studenten.
Agnes lagde Munnen upp til Øyret hennar og kviskrad: «men er du gali – hugsar du daa inkje.»
«Aa – det er sant, Kjærasten aat Studenten,» og no tagde daa endelega Mathilde.
«So han gjorde Kur til Dykker Frøyken Agnes?» tok Studenten uppatter og saag skarpt paa Agnes.
«Han kunde gjerna sparat seg Umaken,» svarad Agnes, log vanvyrdelegt og saag harm burt paa Mathilde.
Studenten var fallen i Tankar, ein kunde sjaa paa Andlitet hans, at han var reint burte.
«Kvat tenkjer De paa Hr. Student?» spurde Mathilde.
«Aa eg tenkjer paa, kor lukkeleg og kor nøgd med si Livsgjerd han maa vera, som naar han verd spurd: «kvat heve du gjort i Verdi?» daa kann svara lik Løitnant Karlson: «eg heve gjort Kur,» og kor lukkeleg eit Kvende maa vera ved at eiga slik ein Mann.»
«So De trur, at me unge Vækjor helder vil hava deim, som standa som paa Naalar, naar dei koma inn i Salen, berre smila styvet og tyggja paa Neglom, og so verda heite i Hovudet, naar Ein snakkar til deim, og som trakkar vaare Kjolar isund, naar dei stauka seg fram i Dansen.»
Studenten kunde ei annat enn draga paa Smilen. 120«De heve eit godt Auga til at sjaa, merkar eg, og eg skal lova, De inkje heve sparat desse Syndarar. Skulde det gjelda um at taka fram til Dans, daa trur eg og, eg vilde velja dei andre, men me rødde um at taka fram til heile Livet, og daa trur eg, – ja orsaka meg – daa trur eg, eg i Dykkar Stad vilde velja Neglebitarne, som De kallar deim. Eg heve i Grunnen stor Tru til desse Neglebitarar. Eg heve den Trui til deim, at det er nokot annat enn Leik og Dans, som tek deira Arbeid, at dei, naar det gjeld um at strida med andlege Vaapen, inkje lenger standa paa Naalar men hogga seg Veg med Vit og Styrke. Og so – ja orsaka meg atter, at eg kjem at saara Dykker, – so heve eg og ovliti Tru til desse Dansemeistarar, som inkje eiga annat Livsmaal enn at kunna faa Stjernor i ein Dansarsal og hitta paa i ein Kotillon. Læ De Frøyken Ravn, men eg røder aalvorslegt no. Eg kjenner desse Pomadekrukkor, som vimra kring, bøygja Kne fyre si utvalde og bera fram Røykverk av søte, sleiske, utanbokes lærte Ord, som dei gjeva fraa seg til ei onnor Dansen etter. Eg kjenner desse sidade Folk, som i den fine Stova tala um den norske Raaskapen og so millom sine Felagar sitja og syngja sidlause Visor og som inkje hava annan Meining enn Grosserar P…. og Statsraad L…., der dei koma og faa Middagsmat um Sundagen. Men desse er det, som verda sette upp til Mynstrer, som den fine Verdi søkjer, og som Møder lova seg lukkelege ved at kunna gjeva sine Døtter til. Eg tykte, 121Kvende maatte krevja nokot meir av ein Mann, enn at han kann dansa godt og klæda seg nett.»
Agnes hadde lutt seg framyver, ho saag med store Augo paa Studenten, ho saug i seg kvart hans Ord. Mathilde hadde slengt seg maklegt mot Stolryggen og skaut Rukka paa Skallen.
«De studerar til Prest? inkje sant?» sagde ho med ein spottande Smil.
«Um det kann vera av nokor Merksemd fyre Dykker, so ja – eg trudde ellest inkje Prestlæra laag paa Dykkar Veg,» svarad Studenten og bøygde seg.
«Aa nei – eg kunde berre merka det,» sagde Mathilde og leikad med nokot Papir, som laag paa Bordet. «Men no lyt du ved Gud syngja nokot fyre oss Agnes, annars somna me reint av, og enda med ein Salme og eit Amen.»
Agnes stod upp og gjekk burt aat Klaveret. Ho leitad ei Rid millom Notarne, so fann ho endelega det ho søkte. Det var ein Salme av Ahnfeldt. Ho song den so lognt men so varmt.
«A – – ha –» høyrde ein burt i fraa Sofahyrna, «detta var grøtelegt.» Det var Mathilde, som sette i med ein lang Gjeisp.
«Nei veit du kvat Barnet mitt,» og no sprang ho burt aat Agnes, «no maa me faa nokot med Liv i og inkje detta u–u–u–u– Heve du inkje Songarne til «et enfoldigt Pigebarn»?»
Studenten saag forbinad uppaa Presten. Han hadde teket eit Blad og leset i, medan dei unge rødde 122isaman. Han saag nokot sturen ut, men sagde inkje eit Ord.
Studenten saag paa Agnes. Ho sat paa Krakken derburte, let Mathilde rota i Notom og sagde helder inkje eit Ord. Han saag paa Stova, ho var og umstelt, men ho var inkje so hyggeleg som fyrr. Og her var inkje so hyggelegt at vera som fyrr; her var nokot tungt, som aldri hadde voret i gamle Dagar. Og der laag dette vesle Bytingestet nett som heima, stelte og styrde, som ho vilde, og ingen torde motmæla henne.
Mathilde hadde sidstpaa funnet nokot, ho likad, og sette det fram fyre Agnes; men Agnes tok reint stillferdug og lagde det atter paa sitt Stelle. So drog ho fram sine kjære Folkevisor og byrjad syngja deim.
«Nei heve du set slikt litet Troll,» sagde Mathilde, – «desse Bondevisor er me kjeide av fyre lengesidan, du gjerer inkje annat enn gaular paa deim all Dagen; syng no nokot med Meining i.»
«Eg syng det eg vil, og eg vil inkje syngja annat i Kveld,» svarad Agnes fast.
«Mange Takk Frøyken,» sagde Mathilde og neig fyre henne, «det er at vera finsleg mot sine Gjester,» og dermed sette ho seg burt i Sofakraai og surmulad.
Daa Studenten kom heim den Kvelden, gjekk han lenge og dreiv paa Golvet, fyrr han lagde seg ned. Han tok fram det gamle Bilætet sitt fraa Skuffa og saag atter paa det.
«Merkelegt at dei tvo skulde ganga so nett i same Faret. Og han kom som Freistaren til denne andre 123og, men ho – – – ja den som kunde skyna henne. At ho kann liva i Hop med denne Mathilde, kalla henne sin Vin – – – – nei Kvende er ein uskynande Skapning.» –
Mathilde byrjad kjeida seg paa Prestegarden, og Prestegarden byrjad leidast aat Mathilde. Ho kunde aldri vera i Ro elder sitja heima ein Dag, alltid laut ho renna rundt, og vilde inkje Folk koma til henne, so kom ho til deim. Kvar Gong sagde ho, at dei var raae og kjeidsame Folk heruppe, og kvar Gong, naar ho kom heim atter, hadde ho Posen full med alle deira Fel og Veilor; men gjekk til deim gjorde ho likavel.
So vilde ho plent ein Dag burt paa Innstig til Studenten. Agnes sagde, at det høvde inkje deim, som Kvende var; men hadde Mathilde fyrst fenget nokot inn i Hovudet, so gjekk det inkje lett ut atter, og so masad ho solenge, til ho og Agnes ei Efta reikad burt etter Vegen, som bar til Kapteinsgarden. Agnes hadde inkje lovat visst at vera med inn, men dei kunde no driva burtetter eit Stykke og sjaa, korleides det lagad seg. Og so lagad det seg so, at dei møtte Studenten.
«Er Damerna ute paa Reiking,» sagde Studenten og kom burtaat.
«Ja somen,» svarad Mathilde, «og veit De, kvar me hadde etlat oss? Til Dykker paa Innstig.»
Studenten sette eit undrande og halvt tvilande Andlit upp.
«Er det sant?» spurde han, «det maa eg segja 124var snildt. Er det sant Frøyken Agnes? kvifyre drog De so Dykkar Vin i Kjolen? De heve no butt her solenge, og endaa heve De aldri lydt inn til meg. Vil De inkje no fylgja med?»
Agnes visste inkje rett, kvat ho skulde svara, og so svarad ho ein bljug Takk. Dei sette seg i Mars, og Studenten byrjad røda med Agnes, nett som Mathilde aldri hadde voret til.
«Orsaka,» sagde Mathilde og kom burt aat Studenten, «De heve fenget ein stor Flekk paa Olbogen.» Og dermed lyfte ho Hondi og vilde kosta honom burt. «Aa – orsaka meg, eg tok nog i Mist» – lagde ho til, smilte og snudde Andlitet halvt burt liksom bljug.
Studenten saag ned. Der hadde han eit stort Hol paa Olbogen, som Skyrta stakk utigjenom. Han vardt nokot flat daa i det same, men so tok han seg atter og bøygde seg mot Mathilde.
«De ser, at eg inkje er klædd til at taka mot slike fine Gjester; men hadde eg drøymt um denne Æra, so skulde De ingen Flekk hava set. Og her paa Landet ser De» – –
«Ja her paa Landet ser ein myket snodigt, men det er Skikki her kannhenda?» sagde Mathilde nasevist.
«Paa Landet gjeld iminsto det gamle Ordtøket, at Kaapa gjerer inkje Mannen,» svarad Studenten, «og det er eit godt Ordtøke, inkje sant Frøyken Agnes?»
«Det er det vist,» svarad Agnes, «men eit godt inre skulde og setja ei Æra i at hava eit godt ytre.»
Studenten saag paa henne, ho tok inkje mot Augat hans.
125«Det er so,» svarad han berre stutt.
Dei var no komne til Lidet, som bar upp til Hagen hans. Hjartat hennar Agnes slo so undarlegt, daa Grindi slo atter etter henne, og ho skreid uppigjenom den lange Lunden, med dei gamle Trei, som bøygde seg saman yver henne. Det var som dei sagde: «no fanga me deg, no slepp du aldri herifraa.» Ho hadde slik Hug til at fara ikring, skoda paa kvar Grasvoll, kvar Blomareit, kvar liten Stig inngjenom Rusti. Hadde ho voret einsleg, hadde ho gjort det; men no var Studenten her og – Mathilde. Ho kastad berre eit stolet Auga ikring, men kor undarlegt her var likavel. Den gamle, mosevaksne Steinbenken derburte, Havmannen, som stod og bles i eit Sniglehus utan at nokot Vatn rann, Solskiva med den rustne Pinnen, det store graae Huset, som stod der bøygt lik ein gamall, krokutt Kall, alt laag som eit Minne um ei Tid som var, ei Tid med Liv og Leik og Stas og Solskin, daa inkje lenger berre Katten sat paa den breide Troppi og sleikte paa Labben sin, men Song og Laatt klang derifraa, medan Tenararne vimrad kring millom alle dei silkeklædde fagre og baud fram Bikaren med Vin. Og inne i dei store, svale Romi og i dei aude, lange Svalerna der stod gamle Feder i kvite Parykkar med Pisk i Nakken og Sverd ved Sida og baud henne liksom velkomi, og dei ærverduge Møder med Tyrkeskoer og Rosor i Hondom, dei neig liksom fyre henne. Det var som ho skulde ganga i ei gomol Kyrkja tykte ho, her millom alle desse gamle Minni. Ho gjekk tagall og saag og saag; men Mathilde skrækte 126som ei Kraaka og rende i Hælarne paa Studenten, som synte deim kring fraa Kjøk og til Kjellar. Endelega stadnad dei i Daglegstova, og Studenten bad deim taka Sess.
«No kvat tykja Damerna um Garden min?» spurde han.
«Jau Huset var myket bra,» svarad Mathilde, «men ein Ting var det som vantad.»
«Og det var?»
«De skulde faa Dykker ei Kona.»
«So De meiner det,» svarad Studenten. «Kvifyre var det so naudsynlegt?»
«Jau ser De, her er audt, og her er myrkt, og her er tomt; men so skulde ho stella og fjelga upp og faa nokot nytt, og so kunde De halda Selskapar og hava det kvikt og huglegt, og inkje sitja her aaleine og lesa all Dagen. Og so – ja sjaa der stend den Stolen skjeivt, og dette Bordet, det skulde no standa derburte. Vil De hjelpa meg at flytja, so skal De sjaa. – No? er det inkje myket meir skaplegt? Sjaa alt detta kunde ei Kona gjera.»
«Eg bøygjer meg under Dykkar Visdom,» svarad Studenten skjemtefullt, «og eg veit inkje betre, enn at De fær hjelpa meg til ei daa.»
«Aa – ho kann vera nærmare enn De trur,» svarad Mathilde, skaut Rukka paa Skallen og saag med eit skalkutt Auga burt paa Agnes.
Agnes hadde snutt seg, letst som ho inkje høyrde og stod og saag paa nokre Fotografi, som hekk paa 127Veggjen. Det var sjaaande, at Studenten helder inkje likad detta.
«Mine Damer orsaka meg eit litet Bil,» byrjad han etter ei Togn, «eg skal strakst vera her atter.» Og dermed gjekk han ut or Stova.
Han var snaudt nog utkomen, fyrr Agnes braadt snur seg ikring og triv Mathilde kring Armen.
«Du skulde skjemmast,» sagde ho reint varm i Andlitet, «at bruka slike Ord her og» – –
«Kvat som bilar deg? skjemmast? – kann du neita, at du ovgjerna vil verda Kona hans?»
«Mathilde, um du» – – –
Meir fekk inkje Agnes sagt, for i det same kom Studenten inn atter i ein ny, fin Frakk og med ei gomol Gjenta etter seg, som bar paa ein Borddisk nokot Syltety med Smaakakor og Vin.
«Ja her er alt eg heve at bjoda,» sagde Studenten, skjenkte i Glasi og baud fram. «Velkomi her! velkomi her Frøyken Agnes!» tok han uppatter og klinkad med henne.
«Ja og skulde me inkje so med det same ynskja, Agnes, at næste Gong me koma her, maa me møta ei fager, ung Husmoder?» sagde Mathilde.
«Takk fyre den gode Viljen Frøyken Ravn,» svarad Studenten og bøygde seg, men Agnes berre drakk ut or Glaset sitt stilt og sette det fraa seg.
«No korleides tykjer De um Landlivet?» spurde Studenten Mathilde, han vilde leida Samrøda burt paa nokot annat.
«Aa jau – eit Bil so – men eg kunde inkje 128tenkja paa at bu her stendigt. Her er aldri nokot nytt korkje at skoda elder høyra, og so møter ein so sjeldan Folk, som ein kann vedkjennast.»
«Nett det same sagde Frøyken Agnes ein Gong og, eg veit inkje, um ho endaa er av same Meining. Men vil Damerna som eg, so skal me taka ei liti Ferd kring um, so skal eg syna baade Ting, som er forvitnelege at sjaa, og Folk, som ein kann vedkjennast.»
«Ja lat oss det,» sagde Mathilde, «det skal verda trøysamt, og me hava so inkje nokot at gjera i Dag likavel.»
«Men berre det inkje verd for seint fyre Fader,» svarad Agnes, «fyre Myrkningi maa me vera heima.»
«Aa han spyr somen inkje etter oss,» svarad Mathilde og sette Naalen i Duken sin, «me kunna ganga no strakst.»
«De gjerer alltid Motlegg, Frøyken Agnes,» sagde Studenten.
«Gjerer eg det?» svarad Agnes, og so fylgde ho.
Dei gjekk burtetter eit Stykke, so krøkte dei fraa Vegen og utyver Markerna. Der stod ein Karl og spadde i ein Potetereit. Studenten stadnad framfyre honom.
«Til Lukka med Arbeidet Hans,» sagde han og helsad, «no – korleides liver Mo’r di?»
«Takk som spyr, ho er med Helsa,» svarad Hans og saag upp fraa Arbeidet sitt. «Du kjem mange i Dag,» lagde han til.
«Ja er det inkje fint Lag, eg er komen i, tykjer du?»
129«Jau det var vel so det. Finleike fer ein nog av i Verdi.» Han stod og studde seg til Spaden sin. «Sjaa her Student, kvat eg fann i Dag,» sagde han etter eit Bil halvt laagt til Studenten og tok upp av Luma si ein gamall Sylvskilling, han hadde funnet i Aakren, «han var og fin og skinande ein Gong, men meiner du inkje, han maatte i Jordi lel.»
Det gjekk nokot undarlegt yver Andlitet hans, daa han nemnde detta.
«Aa ja, Jordi tek dei største Rikdomarne vaare,» svarad Studenten, «men dei skal ein Gong finnast fram likavel og gjevast atter Hans.»
«Dei segja so ja,» svarad Hans og sette Spaden i Moldi so hardt, at han seig ned i til langt paa Skaftet.
«Saag De honom?» spurde Studenten Agnes, daa dei var komne framum.
«Ja,» svarad Agnes.
«Kunde De skyna honom?»
«Nei, men eg saag, det var nokot, som tok honom sterkt.»
«Han der var trulovad med den fagraste Gjenta i Bygdi. So vardt ho sjuk og andadest strakst fyre Brudlaupet. Det er Moder hans me skal sjaa innum til.»
Mathilde hadde fenget lang Undanmun, for ho hadde gjenget vidare, daa dei andre stadnad. Studenten og Agnes skundad seg etter.
«No fekk du høyra nokot uppbyggelegt?» sagde Mathilde til Agnes. «Skal De faa Tid til at syna 130oss alle desse merkelege Ting, De rødde um Hr. Student,» sagde ho i same Blinket til Studenten, «so maa De inkje stogga framfyre kvar Bondegut.»
«Ja men han var den eine merkelege Tingen,» svarad Studenten og log, «og der ser De den andre.»
Han peikad paa ei liti Bondestova, som laag tett attmed.
«Vil De me skal ganga inn der?» spurde Mathilde reint forbinad.
«Ja kvat skulde vera til Hinder?» spurde Studenten.
«I denne ufjelge Stova, der det tvillaust er so kvamt, at ingen kann pusta?»
«Aa eg heve pustat der so mang ein Gong, og det er slett inkje so faarlegt, som det ser ut til,» svarad Studenten. «Tru meg, De skal inkje trega paa det.»
Mathilde stod nokot tvihugad og saag paa den svarte Dyrstokken, men sidstpaa so sveipte ho Kjolen tett kring Føterne sine, lyfte upp og tiltad paa Taai burtigjenom det hellelagde Eldhus-Golvet. Studenten bankad paa, og dei gjekk inn. Det var ei aalmenn Bondestova med Aaren inne og Taket svartrøykt av Sot, men ellest var der nogso reinslegt og friskt. Mathilde saag ut, som ho skulde vera dotti i ei Veita. Det sat ei Bondekona i Stova, som kunde vera innpaa 70 Aar, med eit so lognt og klaart Andlit, at det saag ut, som heile Livet laag fyre henne i Fred. Ho reis upp og kom burtimot. Studenten rette Hondi mot henne.
131«Takk fyre sidst,» sagde han.
«Takk sjølv fyre sidst,» svarad ho vinlegt. «Du heve Framandfolk med deg i Dag?»
«Det er Dotteri til Presten, og denne er hennar Vin fraa Byen. Dei vilde gjerna lydast innum og sjaa, korleides du hadde det.»
«So – velkomi til,» sagde Bondekona og rette Hondi mot Mathilde, som laut taka mot, so naudlega ho vilde. «Velkomi til,» sagde ho til Agnes og gav henne Hondi, «eg skulde no kjenna deg, men dei veksa so snart upp, at dei verda ukjennande. Eg var i Kyrkja, daa du vardt bori til Daupen. – Men no maa De sitja innpaa og kvila litetvetta.»
«Takk, Takk,» svarad Studenten og sette seg paa Benken. Agnes sette seg attmed. Mathilde saag seg ikring, um det inkje skulde finnast ein Stol, men daa ho ingen fann, breidde ho Lumeturklædet under og sette seg uppaa. Kari var gjengi burtaat Hylla og slo nokot Mjølk i ein Trekopp. Ho smakad fyrst paa Mjølki, um ho var surnad, so kom ho burt til Mathilde og baud fram.
«Du kann vera tyrst,» sagde ho og rette Skaali mot henne.
Mathilde saag reint hugsprengd ut. «Nei mange Takk,» svarad ho, so snøgt ho kunde.
«Koppen er rein,» sagde Kari vinlegt.
«Nei mange Takk,» sagde Mathilde atter, og so tok Agnes Koppen og drakk, Studenten etter.
«No korleides heve du det Kari?» spurde Studenten, daa han hadde takkat fyre Mjølki.
132«Jau Takk, eg heve det vel og med Helsa Gudskelov,» svarad ho.
«Eg kann helsa fraa Hans.»
«De heve møtt honom.»
«Korleides er det med honom no um Dagarne? byrjar Saaret batna?»
«Aa nei, djupt Saar gjev og djupt Ær, og det er inkje greidt at faa Laat i Fela, naar Strengjerne er sprungne,» svarad Kari lognt. Ho snudde seg og strauk seg yver Augo med Handarbaket.
«Men Vaarherre kann binda ihop, der ein annan inkje naar,» sagde Studenten.
«Han kann so, og han vil det og, naar hans Tid kjem,» svarad Kari.
Ho rødde so lognt og so blidlegt og so trygt, det var inkje nokot saart korkje i Ord elder Andlit. Agnes saag undrande paa henne. Studenten rødde lenge med henne, men Mathilde sat og snudde seg paa Benken og saag lengtande burtpaa Studenten, um han inkje snart vilde tagna. Endelega reis han daa upp. Kari gav deim atter Hondi, takkad fyre Innstiget, og Agnes bad ho snart koma atter.
Snaudt nog var dei komne utanfyre, fyrr Mathilde byrjad gjeva seg yver og rista Kjolen sin.
«Heve du set slikt, bjoda Mjølk i ei svart Skaal, som ho sjølv drikk av. Og kvar var so det, me skulde faa sjaa?» spurde ho Studenten.
«De heve set det,» svarad Studenten.
«Var det denne gamle Bondekjering, som var so merkeleg?»
133«Ja saag De inkje, at denne gamle Bondekjering hadde eit Andlit og ein Maate at bera seg paa, som ei Drotning kunde ovunda henne. Saag De inkje, ho hadde eit Storvyrde yver alt det, ho sagde og gjorde, endaa detta var dei ringaste Ting?»
«Ja ellest Takk, maa me vera fri,» svarad Mathilde og slo med Nakken, «De er no so inngrodd i Bondesid og Bondeskikk, at De gjerna ein Dag vilde segja, at no var det finaste, ein kunde gjera, inkje at tvetta Golv elder lufta ut og so eta Graut til kvart Maal.» Studenten laut lægja.
«Ja dei andre merkelege Ting, eg heve at syna, er inkje ein Grand betre,» sagde han og drog paa Akslom, «so um – – –»
«Takk eg heve meir enn nog,» svarad Mathilde, «og no vil eg ganga heim. Vil du vera med Agnes?»
«Nei De fylgjer, inkje sant?» sagde Studenten snøgt og snudde seg mot henne.
«Nei naar Mathilde» – –
«Aa du skal aldri vera bljug fyre det, eg finn nog Vegen heim aaleine, og heve du Hug paa meir Bondetev, so ver so god.»
«De heve no so mang ein Gong reikat med meg aaleine, eg er daa vel inkje verr no enn daa,» sagde Studenten.
«Nei – men –» sagde Agnes og drog paa det.
«Nei men det er berre Traass av deg Agnes, inkje annat,» tok Mathilde i, «sjaa no gjeng eg.»
Agnes stod endaa tvihugad.
Studenten kom burtaat henne. «Eg heve sjeldan 134bedet Dykker um nokot,» sagde han aalvorslegt, «no bed eg Dykker um, at De vil fylgja meg i Dag.»
«Men er det inkje leidt?»
«Farvel, Farvel,» sagde Mathilde og sprang lægjande burt etter Marki, «no maa De hava det hyggelegt,» lagde ho til paa Spe, «og so maa du inkje lengta formyket etter meg Agnes.»
Studenten og Agnes saag paa kvartannat, dei tvo gamle Viner stod eine, Plaageaandi var burte, og alt var vordet so kyrt, daa ho gjekk. Dei gjekk eit Bil tagalle ved Sida aat kvartannat, men dei kjende seg baade tvau glade yver, at Mathilde med sitt Skratt og Skrækjing var burte.
«Saag De nokot annat i hi Kona, enn ei gomol Bondekjering Frøyken Agnes?» spurde Studenten. «De kunde daa aldri saara nokon soleides, som Dykkar Vin heve saarat denne Kona i Dag.»
«Mathilde kjenner inkje til Bondeskikki her,» svarad Agnes.
«Nei men ein kann krevja av Folk, som kalla seg sidade, at dei skal tru det finst andre sidade Folk enn dei sjølve, um desse Folk inkje nett er etter deira Uppskrivt. Og naar eg tenkjer paa desse tvau Andlit, Bydamen og Bondekjeringi, so veit iminsto eg, kvat eg vil velja.»
«Ja ho hadde eit undarlegt Andlit, ho heve visst lidet myket denne Kona?»
«Ja ho heve lidet myket. Ho hadde seks Søner, alle staute og gilde Gutar, dei er signe ned kringum henne, medan ho stod. Tvo bleiv med Faderen 135paa Sjoen ei Haustnott, ein av deim skamslo seg, daa han vilde berga ein annan og døydde snart etter, og tvo sjuknad burt, daa Smaapoka kom. No skulde den sidste byggja Ætti upp atter, so døyr Kjærasten hans, og han verd baade mod- og magtlaus. Og alt detta maa Moderi sjaa paa, ho skal hugga og trøysta og freista lyfta Sonen upp, endaa ho er um at siga i Jordi av Sorg. Men aldri heve ein høyrt eit Klageord, aldri heve ein set annat Andlit enn dette same blide, logne, som er viljug til at hjelpa alle. Folk skriva no so mange Bøker, og dei rita av, og dei reisa Minnesmerke fyre baade den eine og den andre, men den Storleike, som det er at lida med Tolmøde, og som eit Kvende eig i so fullt Maal, han fær sjeldan eit Ord. Og naar Diktararne vil skildra stor Sorg, so taka dei gjerna henne, som riv seg i Haaret og hugsprengd skrik ut i lause Lufti, elder som gjøymer Likkista aat Mannen og inkje kann sleppa det kjære Andlitet. Eg tykjer, dei helder skulde velja henne, som av Sorg verd tagall og stilferdug og alltid likavel kann syna det same blide og takksame Andlit. Ho er fulla fagrare og større, so sant som det er fagrare og større at gjeva burt enn at halda fast.»
Medan Studenten talad detta, var han komen burt til ei onnor liti Stova, som laag ved Vegen. «Her skal me inn,» sagde han til Agnes, so skal De faa sjaa ei onnor Kvinna, som og er stor, utan at ho sjølv veit det.» Dei drog paa Klinka og trod inn. I ein Kubbestol sat ein gamall Mann med kvitt 136Haar. Han reis inkje upp, daa dei kom, men berre smilte og nikkad med Hovudet mot Studenten. Studenten gjekk burttil Stolen hans.
«Her kjem eg med Dotteri til Presten,» sagde han, «ho vilde no lydast innum ho og.»
«Ja so, Dotteri til Presten,» tok gamle Mannen uppatter, og ein saag, kor uppkveikt han vardt, «aa ja, det er ein snild Mann Presten, og han var god paa Stolen, daa eg høyrde honom sidst, jamen var han so, og eg kjende honom, fraa han var slik ein liten Gut – aa nei, aa nei, so det er Dotter til Presten denne.»
Gamle Mannen sat og ruggad med Hovudet og saag paa Agnes.
«Kvar er Ingrid i Dag?» spurde Studenten.
«Ingrid? – jau ho kjem strakst» – svarad gamle Mannen, «enn segja meg Dotteri til Presten – ja og Farfader hennar, – eg kjende deim alle ihop, – aa nei, aa nei – kor Tidi gjeng; eg er 90 Aar maavita – 90 Aar.»
Medan han sat so og smaasnakkad med seg sjølv, kom Ingrid inn. Ho saag gomol ut, so ikring dei 50, var liti og mager, men so lett, so lett. Ho vardt standande forbinad, daa ho saag Gjesterne.
«Nei kvat ser eg, er det inkje Studenten, og er det inkje ho Agnes og, – nei at du no vilde lydast innum her som det er so bljugt; nei her er daa so stygt og i Dag, – sit innpaa – –» Og Ingrid kostad av Benken med Stakken sin, rettleidde og stullad og rødde alt i eit.
137«Du – det er Dotteri til Presten denne,» sagde gamle Mannen til Ingrid og vaknad likasom uppatter.
«Ja meiner du inkje eg kjenner henne Agnes daa? Eg heve no set henne so tidt paa Kyrkjebakken, eg lyt fulla kjenna henne, men at du no vilde lydast innum – –»
Og so vardt det dette same uppatter; gamle Mannen rødde um Farfader hennar og alle sine gamle Minne og endad stødt med dei Ord: «nei so det er Dotteri aat Presten denne»; og Ingrid kunde inkje gløyma, at ho no vilde lydast innum, der som det var so bljugt.
Daa dei var komne ut, sagde Studenten til Agnes: «no heve De gjort ei god Gjerd i Dag Frøyken Agnes. Saag De, kor glade dei vardt, berre av di De kom. Tru De meg, at denne gamle Mannen, som no nær gjeng i Barndomen, han vil inkje gløyma detta so snart, han vil taka det fram og sitja og smaasnakka um det med seg sjølv. Og Ingrid – naar De ser henne, kven skulde tru, at det budde nokot stort der. Ho ser daa so liti og so ring ut. Men ho heve gjort det, som inkje so mange vilde hava gjort. Ho sat der aaleine med den gamle Fader sin, som var naamen og inkje kunde arbeida. So fær ho eit Tilbod av ein rik Gardmann, men paa det Vilkoret, at Faderen inkje skulde vera med. Han skulde bitala nokot visst fyre honom, og so skulde han verda leigt inn einkvarstad i Bygdi. Ho hadde huglagt denne Mannen, men so valde ho Faderen. I 138mange, mange Aar heve ho no stelt fyre honom, boret honom kvar Kveld burt i Sengi og kvar Morgon atter burt i Stolen hans, arbeidt med sine Hender som den sterkaste Karl til at upphalda Livet og likavel er ho alltid nøgd og glad. Kor mang ein Ferdamann heve vel inkje set henne standa utanfyre Stova i Siregn med Skinnkufta og brun Hatt paa Hovudet og grava i Jordi. So heve han kannhenda lætt og peikat paa henne, dei framande Damer hava glant paa henne med Augnaglaset, og ho er vordi avteiknat som eit Spotterit til at moroa Gjesterne med i Selskapssalen. Ingen heve drøymt um, at her var gjøymt eit Ihald i denne vesolle Kvinna, som var Gull verdt.»
Agnes hadde lydt gaumsam etter honom. Ho saag so undarleg tankefull ut.
«Kor undarlegt, at eg inkje heve høyrt nokot um detta fyrr,» sagde ho, «og eg heve daa livt her so mange Aar. Men kor lukkeleg maa ho og vera, som heve eit fast Livsmaal, som heve ein einaste, ho kann gjeva seg burt fyre, ein einaste, ho kann liva fyre.»
Studenten saag paa Agnes. Det braut fram dette sidste med slik ein Varme, at ein kunde sjaa, det lenge hadde leget innstengt i Hjartat, Augnaloki blikte, men ho saag inkje burt paa honom, ho saag ut i Lufti, rett som ho øygnde eitkvart.
«Heve inkje De Livsmaal, Frøyken Agnes?» sagde han laagt men so hjartalegt. «Det finst inkje ei Menneskja utan Livsmaal, og all Stad, som der er Kjærleike, der er ogso Livsmaal. Det gjeld berre at faa 139den rette Syn paa det. Sjaa no berre her i Bygdi, kor myket kunde inkje De gjera her. For tru meg, alt er inkje so ljost og stort som det eg heve synt Dykker i Dag. Her er Born, som ganga lurvutte og skitne, um Dagen berre tumla seg ute, slaast og gjera Ugagn, av di Moderi inkje heve nokot at setja deim til, um Kvelden ofta maa skoda Faderen koma drukken heim og banna og koma i Slagsmaal med Moder deira. Her er dei, som ganga Dag ut og Dag inn, træla og slæpa, og so inkje hava Tanke fyre annat enn Maten til kvart Maal. Her er Raaskap og Vankunna, som De snaudt nog kann drøyma um. Her heve De myket at gjera Frøyken Agnes, for ei Kvendehond kann rekka langt vidare, enn ei Mannshond nokor Tid kann. Og De kunde faa nokre av desse Born upp aa Prestegarden, setja deim til eit litet Arbeid i Hagen elder med Sauming, De kunde røda eitkvart vinlegt Ordet med Folket her stundom, og De vilde gjera ei velsignad Gjerd. De vil daa samna Velsigning og Fyrebøn kring Dykker, og slik ei einfaldug Barnesaal som Ingrid, ho kann bidja.»
Studenten tagde og saag paa Agnes, men ho berre saag fram fyre seg og gjekk vidare.
«Men rædd maa De inkje vera,» tok daa Studenten atter i. «Det skal ofta Mod til at ganga inn i Fatigmanns ringe Stova elder sitja attmed ei Sotteseng; men det løner seg kann De tru. Med Dauden fyre Augo gløymer Mannen alle dei fine og kaate Ord, som han ellest kann tekkja sine Tankar med, daa fær De sjaa Rettsida. Og kor sæl ein Tanke er inkje 140det, at ein heve fenget gjort nokot litet av alt det, ein er sett til at gjera. Eg kann inkje tenkja meg nokot, som kann gjera Mannen meir ulukkeleg enn med Enden av Livslaupet sitt at ljota sjaa utyver eit Liv, der han berre ser eit fargat Andlit av seg sjølv i Spegelen, at ljota ganga ved, at hans Liv heve voret utan Ihald, paa same Tid som han veit, at det inkje spyrst um annat en: ditt Livs Ihald. Det er forfælande. Og likavel byrja flestalle med at setja Livet framfyre seg og segja: «me hava eit langt Liv», og so gløyma dei at liva, istadenfyre at ein alltid skulde byrja med Dauden, og framfyre denne ubønhøyrande Læremeistren spyrja seg sjølv: «kvat er det no at liva?» Skynar De meg Frøyken Agnes? og vil De no segja, at De inkje heve Livsmaal?»
Studenten tagnad eit Bil, han saag atter paa Agnes, men ho hadde lutt Andlitet ned, og han kunde berre sjaa paa Brjostet, som svall, at Ordi hadde naatt Hjartabotnen.
«Det er det store med den kristelege Kjærleike,» sagde Studenten atter, «at han inkje vel ein einaste, som han dyrkar som eit Avgudsbilæte og so let Augat atter fyre alle hine, men at han gjeng til alle. Og den eine som ein heve valt, det vere seg Mann, Kona elder Foreldre, han skal verda elskad soleides, at han gjerer Hjartat so myket meir mjukt og varmt imot alle.» Studenten saag paa Agnes, so sagde han nokot seinlega: «eg veit inkje, um eg fær Løyve til at segja det eg no tenkjer.»
«Jau seg det, seg det», bad Agnes helder laagt.
141«De heve og ein einaste, Frøyken Agnes, som sit heima og ventar paa Dykkar Kjærleike, og det er Dykkar Fader. Trur De, han er so rett lukkeleg? elder skulde eg kannhenda hava leset galet i hans Andlitslag? Men eg synest sjaa, at han saknar eitkvart, ei vinleg Hond, som inkje veit betre enn at gjera det hyggelegt fyre honom, eit kjærlegt Auga, som fylgjer honom og kann lesa hans Tankar, eit Hjarta, som kann gløyma sitt eiget fyre hans, um det enn kom at kosta ein liten Strid. Han heve aldri rødt um det, han veit det inkje rett sjølv kannhenda, men – trur De inkje, De kunde vera nokot meir fyre honom, Frøyken Agnes?»
Agnes svarad inkje, men det draup ned paa Vegen nokre Taaror, som ho freistad løyna. Dei gjekk tagalle ved Sida aat kvartannat lika til Prestegardsgrindi. Der gav Studenten Hondi til Agnes.
«Farvel Frøyken Agnes,» sagde han, «og Takk fyre i Dag.»
Agnes tok Hondi, ho vilde segja nokot, men ho kunde inkje faa det fram, og so sleppte inkje Studenten Hondi.
«Takk – Takk fyre alt De heve sagt i Dag, og alt De heve voret fyre meg,» braut det endelega fram, men so reiv ho seg braadt laus og skundad seg uppigjenom Vegen. Studenten fylgde henne med Augat, han kjende hennar varme Hond endaa i si, for ho hadde tryst so fast, daa ho rødde. Han vilde sjaa, um ho snudde seg, – nei ho snudde seg inkje, der 142kvarv ho burt, og berre Skinet fraa Lampen i Prestegardsstova fall utigjenem Glaset.
Hjartat brann i Agnes, ho trong so hardt um at faa letta seg, so sprang ho uppigjenom Troppi, flaug inn paa Romet sitt, kastad seg yver Sengi og slo i og gret sterkt.
«Herre Gud tilgjev meg,» sukkad ho, «tilgjev meg Herre Gud! – – – gjer meg sterk, lat meg kunna elska Fader min som eg skal – tilgjev meg Herre Gud – kasta meg inkje fraa deg, men gjer meg sterk og lat meg elska Fader min.»
Ho gret, og ho gret, og ho bad innmillom, men sidstpaa vardt Graaten mildare, berre ender og daa braut han fram atter. So laag ho reint kyrr, Hovudet ned i Puta. Inkje ein Ljod vardt høyrt, Stormen hadde rasat ut. So stod ho upp, gjekk burt til Bokskaapi og tok fram si gamle Bok, Studenten si Bok. Ho kveikte Ljos og sette seg til at lesa; ho las ei Sida, men so kom Tankarne; ho lagde Armarne ned paa Boki, og Hovudet paa Armarne, og soleides laag ho eit langt Bil.
Det kom eit uppigjenom Troppi og stod paa Dyrstokken. Det var Mathilde. Ho saag Agnes liggja der.
«No, er du komi?» sagde ho og kom burt. Agnes røyvde seg inkje. Mathilde trudde, ho var somnad, gjekk vart paa Taai attum Stolen og kjeik yver Hovudet hennar ned i Boki. Og so las ho høgt med Herming: «Kvar finst det Kvendet, som kjenner si Usjølvstøda og inkje iminsto ein Gong i sitt Liv heve 143ynskt ein Manns Arm til at stydja seg mot og ein Manns Namn til at tekkja seg med? Men kvar finst og det Kvendet, som inkje bljug heve haldet denne løynlege Tanken duld i seg sjølv, og ventat stilferdugt paa, um ho vardt søkt, skulde ho so enn venta inn i Dauden, som verd framdriven kannhenda ved Logen i hennar Hjarta, men som ho helder vil skal tæra henne upp, enn at ho skulde lata honom brjota fram i Dagen.»
«Ha – ha – ha! nei det er makalaust!» – og Mathilde slo i og log. «Agnes! Agnes!» ropad ho og ruskad i henne, «aa kjære! lat meg faa lesa vidare du.» Og dermed drog ho Boki fram under Armarne hennar. Agnes foor upp, ho reiv Boki fraa henne. «Røyv inkje Boki segjer eg deg, ho er for god til at verda flekkt ved dine Augo.» Mathilde foor eit Stig att, ho starad handfalli paa Agnes som stod uppøst lik eit ertat Dyr i Bur.
«Kvat som bilar deg?» sagde ho, «han heve vel inkje alt friat til deg?»
«Nemn inkje Namnet hans høyrer du,» skreik Agnes, og no braut det laust detta, som hadde leget so lenge uppdæmt derinne.
«Du snakka um honom du,» sagde ho, «som inkje fortener at kyssa Skosolen hans ein Gong. Han heve Aand og Hjarta han du, men kvat heve du? han kann segja nokot med Vit og Tanke i han du, men kvat kann du segja? han kann gjera nokot, som er Gagn i han, men kvat kann du gjera? Du heve stolet deg inn her til at stela Freden or Huset vaart, 144det heve du gjort. Du heve fangat meg og tenkt at gjera meg til den same utfjongade Paafugl, som du er, du heve viljat læra meg upp i den same Tomleiken og Tankaløysa, som du liver i, du heve tenkt, eg var slik ein liten Vott, som let seg draga paa og kasta etter ditt Godtykke. Eg heve og voret det, eg heve voret som ein vesall Hund, lydug og viljelaus, men no er eg det inkje meir ser du. No er eg vaknad upp, og han er det, som heve vekkt meg, nettupp han du, og no ser eg deg, som du er, og no vil eg inkje liva i Hus med deg lenger, nei eg vil inkje. Du heve skilt meg fraa Fader min, det heve du, du heve skilt meg fraa Folk her, som er langt betre enn du, du heve skilt Gud ifraa meg, ja det heve du; men no toler eg det inkje lenger. Ut skal du, burt paa Timen, eg vil inkje hava deg her.»
Mathilde var reint bleik vordi, ho kneip Munnen ihop, ho vilde til at svara, men Agnes foor ut, nedigjenom Troppi og inn i Stova til Faderen.
Presten sat og skreiv ved Lampen sin, daa Dyri verd upprivi, og inn kjem Agnes, raud i Augo og uppøst. Ho seig ned framfyre honom, ho krosslagde Henderna yver Kneet hans, ho saag so bønlegt upp aa honom.
«Tilgjev meg Fader! tilgjev meg alt det, eg heve gjort imot deg,» bad ho. Graaten kom atter yver henne, og ho lagde Hovudet ned paa Kneet hans.
Presten tok undren Brillorna av og lagde deim paa Bordet. So reiv han seg i Augo og saag forbinad paa Agnes.
«Men kjære Barnet mitt, kvat er no detta for 145nokot,» sagde han og vilde reisa henne upp, «kom set deg, kvat er det du heve gjort meg?»
«Nei, nei Fader!» stotad Agnes, «lat med liggja her, til du segjer, du heve tilgjevet meg. Jau eg heve gjort deg ilt, eg heve inkje voret, som eg skulde mot deg, eg heve no i fleire Aar berre gjenget her og tenkt paa meg sjølv og inkje paa deg. Eg heve inkje stelt fyre deg, som eg skulde og gjort det hyggelegt, eg heve inkje rødt med deg, inkje gjort nokot fyre deg.»
Det blenkte i Augat til Presten. Han tok henne upp og sette henne paa Fanget sitt. Han strauk det vaate Haaret burtifraa Ennet og kysste paa dei graatfulle Augo.
«Gud signe deg kjære Barn!» sagde han mildt, «heve inkje du voret nokot fyre meg? du heve daa voret den einaste eg heve havt.»
Agnes hadde lutt Hovudet inn mot Brjostet hans, ho saag so lukkeleg ut.
«Du er so snild og god imot meg Fader, eg fortener det inkje; men no lovar eg, at det skal verda betre; ja eg lovar det, og so skal me hava det hyggelegt her som i gamle Dagar.»
Presten smilte, strauk henne paa Kinni og tryste henne fast upp til seg, og Agnes kvilde her so trygt og godt som eit Barn hjaa Moder si.
Det ramlad nokot upp aa Loftet. Dei drog paa Kistor og Korger, smelde i Dyrer og snart høyrde dei eit kvellande Kvendemaal, som beljad paa: «Halvor! Mari! Nils!» Folk flaug upp og ned Troppi, 146og det var ein Styr og Staak utan Ende. «Kjære kvat er detta?» spurde Presten og lydde.
«Aa – det er berre Mathilde!» svarad Agnes hugrædd og lagde Hovudet enn tettare upp til Faderen.
Inkje so lenge etter stod Mathilde i Dyri. Ho var heilt reiseklædd, med Kaapa og Hatt.
«No mange Takk fyre meg,» sagde ho paa Spe, og neig i Dyri, «og mange Takk fyre Gjestvinskapen.»
«Kjære! kvat skal detta tyda,» sagde Presten og vilde til at risa, men Agnes slo baade Armarne kring Halsen hans, og so laut han sitja. «Vil De fara stad?»
«Ja ein lyt nog burt, naar ein verd reken paa Dyr,» sagde Mathilde og log saart, «og eg skal visst inkje uroa nokon her meir.»
«Men – –» byrjad Presten atter.
«Aa, spyr Frøykni der, so fær De nog Greida,» svarad Mathilde og vilde til at ganga.
«Men kjære, det er myrkt ute,» og Presten freistad atter risa, men til Unyttes; «det heve daa vel inkje slik Braadhast, og i Nott vil De no vel vera her iminsto.»
Agnes sagde inkjevetta, men ho klengde seg berre tett inn til Faderen, som vilde ho segja: «nei bed henne inkje vera Fa’r.»
«Nei, Gud fri meg fraa at vera her lenger,» svarad Mathilde, «det vilde vera Synd, um dei inkje skulde faa vita i Byen so snart som mogelegt, 147korleides ein verd medfaren heruppe, og til næfte Skiftet kann eg vel alltid finna fram i Kveld.»
«Men Giggen min maa De daa – –»
«Nei mange Takk, eg skal visst inkje skjemma nokot av Stasen heruppe, og ei Bondekjerra stend alt utanfyre. So maa De hava mange Takk fyre meg.» Mathilde neig atter naadugt, og snart høyrde dei Halvar koma dragande med Kista hennar, Svipa small, og burte var Mathilde.
Kor tagalt alt var vordet i det same. Ein kunde høyra det store Urverket pikka ute i Kjøket, ellest ingen Ljod. Inne i Stova brann Lampen so klaart og ljost og breidde sitt hyggelege Skin utyver heile Romet og yver dei tvau, som sat der, Presten og Dotter hans. Han hadde lagt so trufast Armarne kring henne, saag paa henne med kjærlege Augo og strauk stundimillom eit og annat Haar burt, som fall ned i Augo hennar. Og ho laag kyrr, med ihoplatne Augo som eit Marmorbilæte, og kvilte ut i Fred, i Freden, som ho hadde søkt solenge.
Men ute paa Vegen, der taut Snoen millom Lauvet paa Treom, og der skranglad Mathilde paa Kjerra si og kjeklad med Skydsguten.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Da Kristofer Jansons Han og ho kom i 1868 var det den første romanen utgitt på landsmål, men først da romanen ble oversatt til dansk ble den populær.
Boken handler om «ho», den unge prestedatteren Agnes, som dras mellom to verdener: bylivets spennende adspredelser eller bygde- og familielivets trygge tilværelse. «Han», den litt snåle «Studenten» som har flyttet hjem og overtatt gården etter farens død, tar på seg oppgaven med å rettlede henne.
Se faksimiler av 1. utgave fra 1868 og 2. utgave fra 1878.
Kristofer Jansson var prest, forfatter og målmann. Han ga ut en rekke litterære verk, men også artikeler og religiøse skrifter.
For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig: