Han og ho

av Kristofer Janson

Sjaunde Stykket

Siger.

Nokre Dagar etter detta møtte atter Agnes Studenten paa Vegen. Han saag undren, at ho gjekk eismall.

«Kvar heve De gjort av Vinen Dykkar Frøyken Agnes?» spurde han.

«Kven meiner De?»

«Frøyken Ravn sjølvsagt.»

«Mathilde er inkje min Vin.»

«Er ho inkje Dykkar Vin?»

«Ho var det ein Gong,» svarad Agnes, «men det er Gudskelov lengesidan.»

Studenten saag paa henne, ho stod der so logn, so aalvorsam, so sjølvstød, han hadde aldri set henne som slik ei fullvaksi Kvinna fyrr.

«Men ho bur daa fulla hjaa Dykker?» spurde han endaa meir forbinad.

«Inkje no lenger,» svarad Agnes lognt.

«Men kvat er, som heve støkkt henne burt? Ho skulde daa vera her heile Sumaren?»

149«Eg heve støkkt henne burt,» svarad Agnes og det laag slik fast Vilje i Maalet hennar, ho kvilte so trygt i si Sak. «Eg stod inkje i med dette Halvlivet lenger.»

Studenten stod still, han stirte handfallen paa Agnes, men so gjekk det eit Skin yver Andlitet hans, han treiv hennar Hond med baade sine.

«Nei segjer De sant Agnes, – heve De brotet med alt dette andre, Gud velsigne Dykker, De veit inkje, kor glad De gjerer meg. So maa eg og segja – – nei, nei – eg kann det inkje no, men i Morgon kjem, er De heima i Morgon Frøyken Agnes? daa vil eg fortelja Dykker nokot. Farvel, farvel.»

Studenten foor av stad, og Agnes stod atter einsleg paa Vegen. Ho visste inkje, kvat ho skulde tenkja, men likavel hadde ho eit Fyresviv um kvat det var, og Hjartat slo so undarlegt ved Tanken. Ho gjekk heimetter, upp aa Romet sitt, men ho kunde inkje sitja kyrr, ho maatte ut atter, ho saag og saag paa Klokka, men aldri hadde ho gjenget so seint. All Notti laag ho og tenkte og tenkte, det var henne umogelegt at lata atter eit Auga, fyrst ut paa Morgonsida ormintest ho nokot litet, men so leikad Draum etter Draum kring henne, og Studenten var i deim alle. Han saag so glad ut, han lyfte Fingren mot henne og sagde: «i Morgon kjem eg, daa skal eg fortelja nokot.» Kvat var det vel, han vilde fortelja?

Studenten kom farande heim som ein Stormvind og skræmde reint Livet av Reiddeigja si, som alltid var van at sjaa honom koma Stig fyre Stig inngjenom 150Lidet med Hovudet bøygt og Henderna paa Ryggen i djupe Tankar. Ei Stund etter ringde han paa Klokka, som det kunde vera Lauseld. Inn foor ho med Grautsleivi i eine og Silen i andre Hondi.

«Kvat er tids?» skreik ho og saag seg ikring, kvat ho fyrst skulde berga.

«Er Mats heima?» spurde Studenten snøgt, «bed honom koma inn – strakst.»

«Her er eit Plagg til deg Mats,» sagde han, daa Mats smaug seg inn med Huva i Hondi, og so kom Studenten dragande med Husfrakken sin, som hadde forargat Mathilde so hin Gongen. «Kann du bruka denne Broki og desse Skoerne, kann du taka deim og. Og – pst – du Mariane! i Morgon skal du leggja inn dei svarte, nye Klædi, men byst deim vel!»

Mats saag paa Mariane, og Mariane paa Mats, og baade saag dei paa Studenten. So byrjad daa Mats takka.

«Inkje nokot at takka fyre – ja no vil eg helst vera eine,» lagde han til, daa han saag Mariane laga seg til eit Prat.

Studenten sette seg paa Sengjarstokken og strauk seg yver Augo med baade Hender. So spratt han upp og dreiv med store Fet att og fram paa Golvet.

Daa vardt han var ved eit Brev, som laag paa Bordet. Det var fraa hans gamle Vin. Han reiv det upp og flaug med Augo nedetter Sida. Men i Brevet stod:

151«Gode Vin!

Du maa orsaka meg, at eg denne Gongen tek Bladet fraa Munnen og inkje syner meg som den lystuge Galningen lenger. Men detta er daa for galet. Etter at du fyrst heve sagt, du er vorden uppkveikt ved Skrivet mitt, og etter at no so lang Tid er gjengi sidan hine ulukkelege Dagar, kann du endaa skriva soleides, som du skreiv sidst. Ser du daa inkje, kvat detta vil føra til? Du sveiper deg soleides inn i di eigi Synkverving, at du sidstpaa kjem til at standa reint som ein Pave motsett all hi Verdi, kjem at styrdna fast til ein gamall, sur, traassug, kjeideleg Sveinkall, som ingen kjærer seg um, og som daa harm let Dyri atter og byrg segjer til Verdi: «ja no kann du hava det so godt!» Men kvat gagnar du deg, og kvat gagnar du andre med at halda Preikor fyre tome Benkjer, for Verdi, tru meg, ho berre lær aat Illskapen din. Saki er, at du treng meir um Verdi, enn Verdi treng um deg. Er detta at gjeva Gud Leiga av dei tio Peningar, du heve fenget, at sveipa deg som Silkemakken inn i ditt eiget Vev og so døya? Var det endaa so, at du hadde fenget eit ubatnelegt Saar, at du endaa sat i Hugsprengja, daa vilde eg visst inkje leggja Steinen til. Men du skriv sjølv, at du no kann sjaa baade paa henne og all Ungdomstidi som paa eit fagert Bilæte, der du sjølv, so som du no er, stend reint utanfyre. Eg kunde og tenkja, at du var for sterk og frisk ei Natur til at sekkja deg ned i Maaneskinsdraumar all di Tid og andvarpa som ein hugsaar Diktar. Men eg skal segja deg nokot, og eg 152gjerer det med beine Ord, av di eg er din Vin: det er inkje lenger Sorgi yver at hava mist henne, som gjerer deg til Mannhatar, men det er din eigen Byrgskap, som kjenner seg tykkjen og difyre vil traassa som eit ulydugt Barn. Du visste, du hadde store Emne og stod yver dei fleste andre i Givnad, og so tykte ho betre um ein annan, som du syntest stod langt under deg. Detta var Saaret, og fraa den Tidi slengde du Stridsvotten til heile Kvendekyndi. Det gode, som der var, det vilde du inkje sjaa, det vonde og veike lyfte du fram og mettad ditt Auga. Eg kann slett inkje tru, at Kvendi heima er slike Udyr, elder at Hjonskaparne er so ulukkelege, som du skriv, eg heve sjølv røynt det modsette. Men var det no enn so, kven heve Skuldi? du heve Skuldi og alle hine Menner, som anten vanvyrda Kvinna og sjaa ned paa henne, elder gjera seg til Leikor fyre hennar Loner. Kvinna er skapt fyre Mannen, og naar inkje Mannen vil vera rett Mann, korleides kann daa Kvende vera rett Kvende? Difyre gakk i deg sjølv du min gode Vin, og sjaa, um du inkje skulde sinna nokot at bøta paa derinne. Det ser fulla audmjukt ut detta, at du vil ganga di stille Ferd og so verda gjøymd, gløymd; men tru det er so faarlegt med denne Audmykja? Du heve inkje Løyve at ganga di stille Ferd du, du skal nettupp fram i Dagen, leggja ditt Ord med i Laget, lyfta Merket upp fyre det, som stort er. Ja – eg er inkje hugad paa at skriva nokot um Ferdi mi denne Gongen, for sant at segja vardt eg so uppøst av Brevet ditt, at eg sagde til meg sjølv: «til honom skriv 153du inkje meir.» Sidan heve eg tenkt meg um, og no skriv eg desse Raderna. Dei koma nokot seint, men betre seint enn aldri. Eg ventar med Lengsel ditt næste Brev, for skriv du daa inkje onnorleides, trur eg deg ubøtande.

Din lystuge Vin

N. N.

Studenten sat med Brevet i Hondi. «Store Gud, kunde eg hava vordet slik ein – men Gudskelov no er det ute. Ja Gudskelov no er det ute. Eg duger inkje til at vera Einbu, og i Morgon – i Morgon – –»

Det same meinte og han Mats og ho Mariane, dei sat ute i Peisen og hadde seg ei lengre Røda um Teikni i desse Tider og gissad baade vitugt og uvitugt.

Morgonen etter bankad Studenten paa Dyri til Prestegardstova. Ingen svarad, og so trod han inn. Agnes stod midt paa Golvet, ho var gjengi og skulde lata upp Dyri. Ellest var det ingen i Stova. Agnes hadde klædt seg i svart Kjole med ein kvit, bljug Krage i Halsen. Ho saag nokot bleik ut, av di ho hadde sovet so litet um Notti, men Studenten tykte, han aldri hadde set henne so væn nokor Tid. Studenten var og so fin i Dag, i svarte Klæde med utkrotad Krage i Brjostet og med Halsplagget knytt i ein fin Knute, Halsplagget som ellest hekk so slurvutt paa honom. Og so hadde aldri Agnes fyrr set Augo hans so milde og likavel so djupe som idag.

Han kom fram og gav henne Hondi. Agnes gav og si, men Studenten kjende, kor Hondi hennar skalv, 154og det var inkje so fritt, at hans gjorde det same. «Eg lovad, eg vilde fortelja Dykker nokot,» sagde Studenten, «vil De taka Sess og høyra tolug paa, so skal eg byrja. Det er inkje annat enn mitt eiget Livnadslaup.»

Agnes tok Sess i Sofa, Studenten i Breidd med henne soleides, at han snudde seg mot henne so myket,» at han kunde sjaa Andlitet hennar.

«De trur kannhenda Frøyken Agnes,» byrjad Studenten, «at eg alltid heve voret den myrke, strenge Mannen, som helst gjekk aaleine sin Veg, men eg var og ein Gong ein kaat, livsglad Student.»

«Eg veit det,» svarad Agnes laagt.

«Veit De det?» tok Studenten undren uppatter. «So veit De kannhenda ogso, at eg ein Gong heve voret trulovad?» Det sidste sagde Studenten halvt laagt, det var som Ordi inkje kunde vinna seg fram.

«Eg veit det og,» sagde Agnes men saag inkje paa honom.

Studenten vardt endaa meir undersam og so treiv han Hondi hennar.

«Men eit er det vel, som De inkje veit,» sagte han varmt, og no brann Ordi paa Tunga hans, «det er kor myket ilt eg heve gjort mot Dykker, kor eg heve misteket Dykker, kor myket De heve at tilgjeva meg.»

Agnes snudde Andlitet upp mot honom, Augo var so store og blanke.

«Ja De trur det inkje, men eg heve dømt um Dykker, som um alle hine, eg heve trutt De var utan 155store Kjenslor, som ei Leika, forvitneleg til at moroa seg med ei Stund, men so atter slengja burt i næste.» Studenten tok etter Pusten, so saag han Agnes beint inn i Augo og sagde lognt og varmt:

«Og so, so stend eg ein Dag og maa segja til meg sjølv, at eg heve teket i Mist, maa segja til meg sjølv, at eg er fangad i mi eigi Snara. De heve voret sterkare enn eg Frøyken Agnes, De heve sprengt isund mi Syn paa Livet, De heve dreget heile mi Saal til Dykker, utan at eg visste det, og no fyrst ser eg, at De er ho, som eg drøymde um, som mi Saal heve lengtat etter so saart heile mitt Liv.»

Agnes hadde lutt Hovudet ned, Augnaloki hennar blikte, ho var inkje god til at segja nokot, men hennar Hond skalv endaa i Studenten si. Han saag med Elskhug paa henne.

«No er det De, som lyt svara Frøyken Agnes,» sagde han blidlegt etter eit Bil, «De skynar kvat eg meiner. De heve set Heimen min, han er aud og kald, men De kann spreida Sol og Varme derinne. De veit, eg er inkje so ung lenger, eg kann inkje bjoda eit Hjarta, som er fullt av Laatt og Song, som i Elskhug vil skapa Livet um til eit fagert Dikt; men vil De hava ei Hond, som alltid vil krosta lika fast, eit Auga, som ser seg rikt paa Dykker, ein aalvorsleg Mann, som likavel inkje veit større Lukka enn at arbeida fyre Dykker, og som kjenner alle sine Emne veksa, av di De stend ved Sida – so – so er eg her. – – – Vil De Frøyken Agnes? Kann De elska meg?»

Agnes svarad inkje, men hennar Hond tryste Studenten 156si, og yver hennar Andlit var det komet ei uendeleg Sæla, som synte, at no var Løysingi funni, Soningi komi, heile hennar Livsmaal inkje lenger Skylda men berre endelaus Lukka.

Um Kvelden sat alle try, Presten, Studenten og Agnes i Daglegstova, Lampen skjein so klaart, men klaarare skjein deira glade Andlit.

«Du Agnes, skal me so fara til Byen og sjaa paa all Stasen derinne?» spurde Studenten.

Agnes sat ei Stund. «Det kunde vera til at bidja Mathilde um Orsaking fyre sidst,» sagde ho, – «men skal me so inkje snart snu heimetter?»

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Han og ho

Da Kristofer Jansons Han og ho kom i 1868 var det den første romanen utgitt på landsmål, men først da romanen ble oversatt til dansk ble den populær.

Boken handler om «ho», den unge prestedatteren Agnes, som dras mellom to verdener: bylivets spennende adspredelser eller bygde- og familielivets trygge tilværelse. «Han», den litt snåle «Studenten» som har flyttet hjem og overtatt gården etter farens død, tar på seg oppgaven med å rettlede henne.

Les mer..

Om Kristofer Janson

Kristofer Jansson var prest, forfatter og målmann. Han ga ut en rekke litterære verk, men også artikeler og religiøse skrifter.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Vil du ha varsel når nye bøker publiseres?