Studenten hadde inkje møtt elder set Agnes paa lang Tid. Han kunde inkje skyna, kvar ho var avkomi, kannhenda ho var sjuk. Ganga upp aa Prestegarden einkom til at spyrja etter henne, det saag so undarlegt ut, men han kunde inkje neitta, at han saknad henne stundimillom. Ho hadde voret som ein frisk Pust fraa Livet midt innmillom all hans Bokdumba, som Lærkesong um Vaaren. Han gledde seg yver at sjaa hennar Saal vidna og spretta ut i Tankar Dag fyre Dag, liksom Ein gled seg yver Lauvkumarne, som spretta og renna fram til Blaad.
Han laut faa vita, korleides det var voret med henne, og so spurde han ein Dag Tenestegjenta, som gjekk til Elvi med Tvaattetyet.
«Um Frøykni er sjuk?» tok Mari uppatter reint forbinad, «nei det er ho daa vel inkje; ho foor til Byen fyre 14 Dagar sidan og –»
«Til Byen? – foor ho til Byen?» spurde Studenten som toreslegen.
40«Ja var det nokot illt i det daa,» tok Mari atter i og sleppte Klubba, «jamen foor ho stad fyre tvo Vikor sidan, og gret gjorde ho, daa ho foor; det er sant det, og no skal ho vera heimanfraa yver eit Aar.»
Studenten tok seg atter. «Farvel og helsa til Presten fraa meg,» sagde han, snudde seg og gjekk.
Han skulde hava gjenget vidare fram, men korleides det var elder inkje var, daa han saag upp, var han heima. Han gjekk stilt uppgjenom Lunden, inn i Romet sitt, tok Bøkerna fram og sette seg til at lesa. Men det vilde inkje ganga med Lesnaden, han kunde inkje sitja kyrr paa Stolen, han kunde inkje halda Traaden fast. So stod han upp og dreiv paa Golvet. «Ogso ho til Byen,» tenkte han, «det var Vegen, det skulde ganga likavel. Og eg som trudde, eg skulde sjaa henne vakna, veksa, mognast meir og meir til ei varm og rik Kvinna, – nei av med Blomen; han kann anga og vekkja Undring ei Dansarnott og so – ute; Dagen etter folnat Blad, slak Stylk, slengd i ei Kraa. Kor undarleg er inkje Verdi, ho spiller Liv etter Liv, og heve lika stor Dragekraft – – Ja so var det Æventyret til Endes, den Soga ute.
Ho var daa tekkelig likavel – – ho kunde sjaa deg so beint og truget inn i Augo. Og ho hadde Magt i seg, for ho var reine Barnet. Kannhenda ho stod imot, kannhenda ho kom heimatter nett som den same berre med meir Røynsla – – Aa nei! ho var for ung og for veik, ho er vel som hine ho og. So kom no Bibelbok!»
41Ein Dag, som Presten sat aaleine i sitt Studererom, bankar det paa Dyri og inn tred Studenten.
«No det var ein sjeldsynd Mann,» sagde Presten, daa han hadde snutt seg i Stolen og saag, kven det var. «Goddag, goddag, det gled meg at sjaa Dykker, alt vel?» Og Pastoren riste Hondi hans hjertalegt.
«Ja Takk, alt er vel. Eg heve høyrt, at Agnes, Dotter Dykkar, er burtfari, so vilde eg lydast innum og spyrja, korleides ho hadde det.»
«Sjaa det var snildt – set ned, set ned – jau ho er burtfari, men det ser inkje ut til, at ho likar seg der ho er, liti Tossa.» Og Presten log og lagde Henderna i Kross yver Magen.
«So ho likar seg inkje,» spurde Studenten gaumsam.
«Nei ho gjerer inkje det Stakkar, – aa De kann no sjølv tenkja det, fyrste Gong ho er i Byen, denne Mengd med Menneskjor, bu berre millom Framande og so alt dette Nye.»
«Men kvat er so i Vegen? dette Nye trudde eg berre gjorde Augo hennar store.»
«Ja her skal De sjølv sjaa,» sagde Presten og tok fram eit Brev, som laag paa Bordet. «De kann gjerna lesa det, heve De Hug til det, det stend inkje nokot, som tarv løynast, – ja Skrifti fær De inkje sjaa paa.»
«Aa – mange Takk!» og Studenten treiv Brevet og las. Men Brevet let soleides:
42«Kjære Fader!
Du maa lata meg koma heim atter, for her er so fælt i Byen. Eg gret mest kvar Dag, for eg veit no snart inkje, kvar eg skal gjera utav meg. Gjerer eg detta, er det galet, og gjerer eg detta, er det galet. So skal eg gjera so, og so skal eg gjera so. So skal eg niga mest i Jordi, kvar Gong eg møter ein Herre paa Gata, som helsar, og so skal eg sjaa paa honom og smila, segja dei. Og so merkar eg, at eg er so toskutt i alt mogelegt, at eg ingen Ting veit, og ingen Ting kann røda um. Heima der var det so lett at snakka tykte eg, og Studenten svallad um so myket, som eg kunde skyna, og som eg kunde lika. Men hernede røda dei aldri um slike Ting. Dei spyrja um, kor mange Gongjer Posten kom i Vika der heima; um kor lenge eg heve havt sid Kjole, um at Kransen paa Olga Lindstrøm sat skakt, og at Løytnant Karlson dansad tri Dansar med Helene Velsin og fylgde henne lika til Vogndyri. Og slikt nokot skynar inkje eg meg paa, og ser eg aldri etter, og so sit eg der og svarar ja elder nei og verd baade bljug og raud. Eg veit inkje, korleides det er, men Herrarne er inkje her i Byen soleides som heima. Eg hugsar, naar Studenten kom burt til meg paa Vegen, so nikkad han berre og tok med Hondi upp til Hatten; men her bøygja og vrida dei seg mest med kvart eit Ord og segja Frøyken alt i eit og strjuka seg kring Munnskjegget. Detta er infje eg van med, og so verd eg rædd og tegjer stil. Og skal eg freista røda litetvetta, so byrjar Hjartat hamra og Blodet fer upp 43i Kinnerna og so – ja so kunde eg gjerna graata. Heima smila dei aat meg og segja, at so maa eg inkje svara ein annan Gong, men segja det og det; men Mathilde er nogso snild, for ho lær inkje so myket som dei andre og lærer meg upp til eit og annat. Og so er her ein gamall, stygg Ungkarl, som alle kalla Onkel Eirik, og som rek her stødt og stendigt, og han vil alltid kyssa meg og kallar meg si vesle Bonderosa. Og so hava dei gjevet meg Sprikestakk, og sett Haaret mitt upp i ein diger Pung attantil, og so segja dei eg maa ganga meir uttilbeins. Nei du maa lata meg koma heim Fader, eg lengtar so etter at sjaa deg og allesaman og Sylvros og Blaaman. Eg spurde, um eg inkje kunde faa Blaaman herned, for her var godt Rom paa Tunet og Stall hava dei; men daa dei høyrde, det var ei Gjeit, so log dei og sagde, at eg maatte inkje her i Byen snakka um Gjeiter og Kyr og slikt nokot, det var inkje fint, liksom inkje dei og var Skapningar av Vaarherre. Nei du maa lata meg sleppa heim Fader, eg skal vera so snild og stella so godt fyre deg. Lat meg faa Løyve.
Di Agnes.»
Studenten sat med Bladet i Fanget fyre seg, han hadde mest Taaror i Augo, og han saag paa Skrivti, medan Presten ventad, han skulde segja nokot.
«No – kvat tykjer De?» spurde Presten, daa han saag, at Studenten inkje las meir.
«Jau, eg ser, at Leiken alt er byrjad,» svarad Studenten, «dei spila og slaa paa Trumba, men Hunden vil inkje dansa.»
44«Ha – ha – ha – ha,» log Presten, «nei det synest so. Men ho verd vel snart van med det, og so gjev det seg.»
«Ho verd snart van med det» – tok Studenten uppatter og smilte saart, «det kann Ein og svara Mannen, som kavar i Dragsugi, naar han skrik um Hjelp: ligg der, du verd snart van med det. Kann eg tru, at De inkje vil taka henne heim atter etter dette Brevet? vil De at ho skal verda upptamd og upplærd i desse Hundekunster?»
«Um eg vil taka henne heim atter? kor kann De meina slikt. Kvifyre sende eg henne vel ut daa?»
«Ja kvifyre sende De henne ut?»
«Kann De spyrja um det, som sjølv heve kjent baade henne og Bylivet. Ho kunde daa inkje all si Tid ganga her heima som ei Bondetaus. Ho maatte daa ut og sjaa nokot og læra nokot og vera millom Folk og faa litetvetta Skikk paa seg, ho og.»
«Aa det var inkje so faarlegt med det. Eg tykte, ho hadde god Skikk paa seg; og hadde ho fyrst vakset upp og var sann Kvinna vordi, so hadde ho inkje turvt nokot meir. Ei sann Kvinna veit alltid at gjera det som er sømelegt, og det er det fagraste, anten so Moten segjer ja elder nei.»
«Aa eg kjenner desse Talemaatar,» tok Pastoren i. «Dei sjaa godt ut paa Papiret, men naar det leitar paa, er dei ubrukande. Eg heve all Age fyre Kunnskapen og Lærdomen Dykkar Hr. Student, men her trur eg inkje, De er rett praktisk. Eg vil inkje hava 45Dotter mi som nokot slikt utifraa, ho er inkje betre enn dei andre, og so kann ho vera som dei andre.»
«Ja der hava me det,» tok Studenten fiken Ordet, «ho skal vera som dei andre. Alle skal verda kreistade inn i samme Formi, Alle skal skrækja det same Vaset, Mannen skal verda Maskinverk, som Ein kann utanbokes, lenge fyrr han byrjar setja seg i Gong.»
«Ja ja, gode Viner lika godt,» sagde Presten og slo Studenten paa Oksli, «me verda vel aldri samde um det. Eg kann inkje alltid fylgja med alt detta, som dei no preika um Ide og Ide, eg er av den gamle Skulen ser De.»
«Orsaka,» tog Studenten atter i, «at eg vardt nokot varm i Stad. Eg heve fulla inkje nokot her at segja, men sidan Pastoren var so god og let meg faa lesa Brevet, so var eg so fri at segja min Meining beint ut! Og De tek henne soleides inkje heim?»
«Nei det gjerer eg inkje, er ho fyrst komi der, skal ho vera der ei Stund; men eg fær vel fara ned til henne og godsnakka med henne, Smaafjolla ho er.»
«Men um ho no vantrivst dernede, kvat gjerer De so?»
«Ja skulde ho vantrivast, so er det vel ingi onnor Raad daa enn at taka henne heim, men me faa vona det beste.»
«Ja me faa vona det beste,» svarad Studenten aalvorslegt og rette Hondi fram. «Farvel Hr. Pastor og Takk fyre De var so god.»
46«Farvel, farvel og Takk fyre Innstiget.» –
«Ho er daa endaa seg sjølv,» tenkte Studenten paa Heimvegen, «og so barnsket ho skreiv, det kunde fulla kløkkja ein Stein – – Herre Gud haldt henne i di Verja!»
Det kunde vel vera ein Maanad paa Lag etter denne Tid, at Studenten høyrde eitkvart ropa etter seg, som han gjekk paa Vegen. Han snudde seg og saag Prestemannen koma pustande uppetter Bakken og vitta med Hondi. Studenten gjekk honom til Møtes.
«No – kvat sagde eg? meiner De inkje eg fekk Rett?» sagde Presten og gnikad seg i Henderna.
«Kvat meiner De?» spurde Studenten undren.
«Mi Dotter naturlega. Ho skriv til meg i Dag, at no vilde ho inkje fyre alt det som til er koma heimatter.»
«So?» sagde berre Studenten kaldt, «og Orsaki til denne Umbot?»
«Ho er komi upp i det no, som eg sagde, ho er komi upp i det. No er det berre um Dans og Skodespel og Moro fraa Morgon til Kveld. Ja der ser De Hr. Student, kvar vil De no av med Dykkar høge Tankar og fine Ord?»
«Det ser ut, som eg fær halda deim hjaa meg sjølv,» sagde Studenten saart og freistad draga paa Akslom.
«Ja De fær nog det – ha – ha – ha – ha – ja no maa De snart sjaa innum Prestegarden, so skal De gjerna faa høyra litetvetta av Brevet, um De vil. Eg sit mest eine no um Kveldarne.»
47Dei skildest, og daa Presten vel var heimkomen, gav han seg til at rota i nokot Papir, som laag der, og fann fram sidste Brevet fraa Agnes. Det let soleides:
«Kjære Fader!
Kor godt det var, at du var inne hjaa meg og rødde med meg. No er det slett inkje uhuglegt lenger at vera her, tvertum so moroar eg meg godt, og di lenger eg verd her, dess morolegare verd det og, tykjer eg. No byrjar eg koma betre i Lag, ser du, og eg merkar, at det berre er eg, som heve voret styvi. Nei kor litet eg heve visst, og kor litet eg veit endaa! No ser eg det fyrst, sidan eg lærer nokot nytt med kvar Dag. Kor myket her er til at sjaa, og kor myket her er til at læra! Eg verd stundom reint øri av all denne Staak, som eg inkje er van med heimanfraa, men so er det hugnalegt likavel. Eg er paa Dans, og eg er paa Komedi, og eg er paa Landturar rundt ikring, for Mathilde ho er kjend med alle Folk trur eg, og so kann ho snakka fyre seg og hitta paa so myket gamanslegt, at alle gjerna vilja hava henne. So kjem eg med, og eg kann inkje annat segja, enn at dei er snilde mot meg alle i Hop. Du kann tru, eg heve fenget mange Viner hernede, Georgine Almvig og Susanne Gjerstad. Nei kor søt Susanne er! Ho spurde, um eg inkje vilde koma heim til henne og liggja i Lag med henne nokre Næter, so skulde me hava det so hugsamt. Berre ein og annan Gong kann det koma paa meg at lengta heim, og daa veit eg mest inkje, kvat eg skal gjera.
48Soleides var me ein Baattur her ein Dagen. Vedret var ovbjart, Sjoen laag stavstilla, og Soli glitrad burtetter Vatstromen. Ved Solarglad snikte eg meg ned til Strondi aaleine, sette meg paa ein Stein og saag ut. Og daa var det so undarlegt. Daa eg saag denne blodraude Stripen av Soli, og Skyerna som brann, daa alt braadt vardt so kyrt, so kyrt, berre Baarorna skvalad upp mot Fjøra, og den svale Vinden flaug imot meg – daa veit eg inkje, men eg kunde inkje annat enn tenkja paa Heimen og paa deg Fa’r og allesaman, og so fekk eg slik Hug til at graata. Men i det same so kjende eg tvo Armar kring Halsen og eit, som kysste meg paa Kinni, og so var det Mathilde, som log og sagde, at no maatte eg inkje vera sentimental men koma upp og leika Gjøymsla. So kunde inkje eg annat enn lægja eg og, og so lengtad eg inkje meir. Men det er sant Fa’r, veit du det med Studenten? Tenk Susanne fortalde meg her ein Dagen, at Studenten heve voret trulovad med ei, som no er gift med Løitnant Karlson, men at ho sagde honom fraa seg, av di han alltid vilde vera Meistr og preikad fyre henne, korleides ho skulde bera seg aat og slikt nokot, og daa vardt ho kjeid av detta, som ventelegt var. Ho var og slik ein Stakkar som eg, som gjekk der paa Landet, lydde paa Studenten sine Preikor og inkje visste betre. Men so kom ho til Byen, og daa lærte ho at kjenna denne Karlson. Eg skulde visst umakat meg med at graata fyre honom, for tenk – det gjorde eg i dei fyrste Dagarne. Daa ertad dei meg alltid med 49honom og gjorde Narr av honom, og so tykte eg, det var Synd i Studenten, for meg hadde han alltid voret snild imot. Men no skynar eg godt, at han berre heve havt Moro med meg, og Mathilde segjer og, at slike høgtidlege Fyrar maa eg aldri bry meg um, for dei berre gjera seg vigtuge, av di dei tru seg myket betre enn oss og i Grunnen berre gjera Narr av oss. Og so fortalde Susanne og, at Studenten heve lovt aldri meir at trulova seg, og det kann han gjerna gjera, for det finst visst ingi, som vil hava honom. Denne Løitnant Karlson kjenner eg no godt, og du kann tru, han er tekkeleg. Han er so fin, og so er han so morosam, og so spenderar han alltid Is og Limonade og so myket slikt paa meg. Og no er eg inkje rædd og bljug fyre at svalla med Herrarne, som eg var det i fyrsto, og Mathilde er no mest Skuld i det. Ho er so hæv til at læra meg upp i alt Slag, at det er reint utrulegt. Du skulde berre sjaa, kvat Spil me tvo driva um Kveldarne, naar me er komne upp aa Romet vaart. So skal ho vera den fornæme Frui, som tek imot, og eg er Gjesten, som kjem paa Innstig. So sit ho daa og breider seg i Sofa og slær paa Kjolen med det fine Lumeturklædet sitt, og eg kjem nigande inn gjenom Dyri og gjeng imot. So lærer ho meg daa, soleides som du bad henne, korleides eg skal niga, og korleides eg skal ganga, og korleides eg skal segja, og so skratta me baade tvo, so at Moder hennar dunkar i Taket til oss, at me maa vera kyrre. Ja ho Mathilde, ho Mathilde! Men du kann tru, ho heve Stjorn i Huset, 50kor som er, endaa ho er so lentug. Tenestefolki er so rædde so; dei vaaga seg aldri til at mukka, naar ho heve sagt nokot. Det er annat enn heima, naar Mari sette meg til at mala Koffien. Men venta berre, til eg kjem heim atter, so skal det verda paa ei onnor Vis. Det er ‘kje godt, at Tenestefolk er altfor frie, for so gjera dei inkje til Gagns. Ja venta berre Fa’r, so skal du sjaa, du faar Æra av meg, eg kann endaa verda ei fin Dame. Liv no so vel og helsa alle heima, som spyrja etter meg.
Di Agnes.»
Daa Pastoren hadde floget igjenom Brevet endaa ein Gong, log han og gnikad Henderna, so lagde han Brevet atter aa Sida. –
Men den, som aldri gjorde Innstig hjaa gonom, var Studenten. Han gjekk tankefull og eine paa Vegen i sin slitne Frakk. Gjenom Vindaugat skjein Ljoset som vanlegt til langt aa Nott, og der sat han med Hondi upp i Haaret og med mode Augo og starad i sine Bøker. Agnes var fyre honom som ein uppriven Blome, ein gløymd Song. Kom stundom Minnet dragande, so treiv han Boki og rak Minnet burt.
Paa den Visi var yver eit Aar lidet, daa Studenten, som han gjekk paa Marki og skulde sjaa etter Folki sine, ser deim standa i Hop og eit i Midten, mest som det preikad.
Daa han kom attaat, kjende han Mari Budeigja fraa Prestegarden. Ho lagde ut og dei andre skrattad.
51«Kvat er tids her i Dag?» spurde Studenten.
«Aa Husbond, det er berre Mari, som fortel oss um Dotteri paa Prestegarden,» svarad Mats og strauk Huva av.
«Er Dotteri heimkomi?» spurde Studenten.
«Ja ho er nog det.»
«Ho kom no ei Vika sidan,» lagde Mari til.
«No? er De lika gode Viner som fyrr daa Mari?» spurde Studenten.
«Nei eg skulde inkje tru det. Eg hugsad inkje annat, enn at ho var Jomfrui eg, og so tok eg henne i Hondi og sagde velkomi heim. Men daa vardt det eit Laat kann De tru. Ho ropad meg inn til seg um Kvelden og sagde, at no laut eg kalla henne Frøyken og inkje segja du og myket slikt.»
«So? ho er nokot stor paa det?»
«Aa ja – det er stygt at segja det, men det er ‘kje stor Gris, fyrr han slær Krull paa Rova, segjer eit gamalt Ord, og ho heve voret eit Aar i Byen no maavita.»
«Liva dei ellest vel paa Prestegarden?» spurde Studenten og letst, som han inkje brydde seg um at vita meir.
«Dei faa no liva, som dei kunna, for det er eit Staak og ein Styr vorden, sidan denne Dotteri kom heim, som er reint fæleleg. Alt skal umkumlast og umskipast og umsnuast, so det er eit Renn og ei Kommendering fraa Morgon til Kveld.»
«Hm, men ellest so styrer ho Huset no?» spurde atter Studenten.
52«Aa ja, det letst no vel vera so, for me faa snart inkje njosa utan at spyrja henne um Løyve fyrst. Og so var det nett som me inkje hadde annat at gjera enn at standa paa Rad fyre henne, for so skal ho fletta seg, og so skal ho lauga seg og myket slikt, som me aldri høyrde Ordet um fyrr.»
«Og detta var daa Underverket, som kraup ut or Egget,» murrad Studenten med seg sjølv, daa han gjekk heim. «Frons multos decipitForfatternote: Skinet daarar mange. – – – men at det Andlitet og kunde ljuga.»
Daa Studenten kom heim, laag det eit Brev paa Bordet til honom. Det var fraa ein gamall, god Vin, som hadde faret no mange Aar i Utlandet. Millom myket annat stod der og: «Og no – korleides er det med deg gamle Vin? Sit du endaa som ei Moldvarpa og grev deg ned i Bokdumba, og vankar millom Skuggar fraa Forntidi? Eg kann inkje skyna, at du, som er fri Mann og heve Pengar, inkje kastar burt alt detta, flyg Heimen rundt, og ser og nyt Livet, soleides som det yr og sprett den Dag i Dag. Du synest meg ellest nokot uppkveikt i ditt sidste Brev. Du skreiv um ei ung Vækja derheima, som var no baade paa eine og andre Maaten. – No kven veit? kanskje ho kunde – – – ja du skynar nog det eg meiner, og eg vil segja deg det, at inkje skulde gledja meg meir at høyra, enn at du var atter Mann vorden. Naar eg tenkjer paa deg som du var i vaare Studentdagar, kaat, livsglad, og eg no 53ser deg i Tanken, soleides som du var, daa eg foor burt, ein gamall, sturen Einstøding – skulde ein snaudt tru, at detta var same Mannen. Skal daa dette eine altid kuga deg? er du inkje god til at lyfta deg upp yver ei Sorg av dei mange, som Livet byd? Kom ned til Italia! her er Eld, her er Glod, du ser alt, korleides eg er upptidnad, og eg segjer: Gudskjelov, at eg kom burt fraa alt dette Vaset, all denne Nigjing og Skraping derheima og ned millom skaplege Folk. Her skal du sjaa Kvende, som er livande og friske, og makalaust barnskne likavel. Dei er som ville Fuglar av Skogen, dei leika og syngja, men dei hava og kvast Nebb, naar dei det vilja. Sjaa – ris no upp, rist Dumba av deg, og lat meg høyra i næste Brev, at no heve velærverdige Hr. Professor N. N. byrjat leggja ned i Kista si. – – – – – – – – – – – – – – – – – – – – –
Studenten heldt lenge Brevet i Hondi, og ein undarleg Smil lagde seg kring Munnen hans. So tok han fram Pen og Papir og gav seg til at skriva Svar.
«Gode Vin!
Eg heve fenget ditt Brev, og skulde einkvar kunna gjera meg ung atter, maatte det vera du. Du er same Galningen, som i fyrste Studenttidi, daa me flaug saman og gjorde Prettor, og det kjem dragande med deg liksom ei heil Bakkusferd med Puns og Talar og glødande Kvende. Eg ser meg sjølv standa midt imillom, kaat og livsglad som du segjer, og med Mod og Magt til at kunna styra heile Verdi. Men 54– «die schönen Tage in Aranjuez, sind nun zu Ende – – –».Forfatternote: «Dei fagre Dagar i Aranjuez er no til Endes.» (Don Karlos av Schiller.) No er eg gamall, hev inkje Hug til korkje at draga til Italia elder slaast med Verdi og vinna meg eit Namn. Eg sit helst her eg sit, gjeng mi stille Ferd, so leggja dei meg ein Dag i Jordi, Gravi verd nedtrakkat, og eg er gjøymd – gløymd. Soleides vil eg det helst. Du trur, at eg atter kunde binda eit Band millom meg og Livet; men du kjenner meg litet, naar du kann tru det. Eg kjenner det paa meg no meir enn nokor Tid ellest, at eg alt heve livt mitt Liv ute i Verdi. Med Ungdomøstidi er Merkesteinen sett, og eg kann sjaa paa meg sjølv, paa henne, paa alt, som sviv derinne, som paa cit fagert Bilæte. Som eg no er, stend eg sjølv reint utanfyre. Men eg ser tidt paa dette Bilætet, for ho var fager, ho lagde liksom eit Skin utyver all min Tanke og Gjerd. Og endaa trur du nokot Kvende skulde kunna draga meg til seg? Nei det kann eg iminsto segja fyre visst, at ein, som heve elskat soleides, som eg elskad henne, han kann aldri elska meir. Du nemner Prestedotteri her, av di eg skreiv nokre Ord um henne. Eg skal inkje neitta, eg hadde ein viss Medhug med henne, av di ho var so ung og barnefrisk, minte meg so skilet um min fyrste Kjærleike, soleides som ho ein Gong var, – men meiner du inkje denne og gjekk same Leidi? No heve ho og voret ei Tid inne i Byen og skulde læra Folkeskikk, som dei kalla det, og no er ho 55og nett som dei andre, ei Motedokka, som maa gjøyma sine Kjenslor, um ho ellest heve nokre, under Kaapa aat den fine Livemaaten, av di det er Skam at syna deim fram. Du kann soleides vera trygg paa, at ho inkje skal vera faarleg. Nei Kvendet er seg likt all Stad, – veikt, laakt, inkje verdt at spilla mange Ord paa. Korleides er ogso dei fleste Hjonskapar. Anten gjerer ho Mannen ulukkeleg og øydeleggjer honom med Stas og Fjas, elder so verd ho slik ein vesall Ting, som inkje duger til annat enn at laga Maten og bøta Broki hans. Eg heve inkje visst fyrr, kor sant han, som heve skrivet Boki aat Predikaren, segjer, naar han skriv: «ibland tusund heve eg funnet ein Mann, men ingi Kvinna heve eg funnet millom alle desse.» Og du lovar so dei italienske, som dei skulde vera betre. Aa nei! eg kjenner deim eg og, fraa den Tidi eg foor dernede og skulde gløyma og kveikja meg upp, som det sagdest. Og eg saag dei same, som sveiv paa Gata so fine med langt Drags paa Kjolen og Gulldoppar i Øyro, ganga heima i Huset i ei skiti Natttrøya og kjekla med Mannen sin. Aa nei min beste Vin, det er inkje Gull alt som glimar; Kvendet er som hole Noti; ho ser godt ut og lover myket; men opna so Skalet og innei – tomt – tomt.
– – – – – – – – – – – – – – –
Studenten hadde sett seg det inkje at kjæra seg um Agnes meir enn um ho aldri hadde voret til; men Tanken paa, at ho no var her, og alt det han hadde høyrt, vardt soleides sterk i honom, at han fekk Hug til at sjaa, korleides ho saag ut. Det kunde no aldri 56skada. Kannhenda var det berre Drøfor, det Mari kom med, av di ho inkje lenger fekk vera Potta og Panna som fyrr. So gjekk han daa upp ein Dag. Presten var i Daglegstova, vardt det svarat, og han bankad paa.
«Kom inn,» let det innanfraa. Studenten trod inn, men vardt undren standande paa Dyrstokken, for Stova kjende han inkje atter. Det stod eit stort, rundt Bord paa Golvet med Duk paa og tekt med Album og Fotografi og Stereoskop. Rundt ikring var det sett Fotskorer og ein og annan Grindestol var slengd som av eit Tilfelle her og kvar. Burte i Kraai sat Presten aaleine. Han saag nokot sturen ut, rett som han inkje likad seg her. Daa han gaadde Studenten, vardt han blid og vinleg som alltid.
«Nei Goddag, Goddag,» sagde han, reis upp og kom burtimot. «De kjem ventelega og vil helsa paa Dotter mi – aa det hende seg uheppet, ho er nett no utgjengi; men De møter henne visst, naar De skal heimetter. Ho plagar ganga Morgontur no dette Leitet.»
«So ho gjeng Morgontur?»
«Ja Lækjararne i Byen hava talt til det; det skal vera godt fyre Bleiksotti.»
«Heve Dotter Dykkar fenget Bleiksott?» spurde Studenten.
«Nei inkje endaa Gudskjelov,» svarad Presten og smilte, «men Ein kann inkje vita, naar ho kann koma; Ein høyrer mest inkje annat no um dei unge Vækjor. Hennar Vin i Byen, Mathilde, hadde Bleiksotti, so 57gjekk dei isaman um Morgonen, og so heve ho vant seg til.»
«Og De heve fenget alt uppflitt her sidan sidst,» sagde Studenten og saag seg rundt i Romet.
«Ja det er no Dotter mi, som heve Moro av det,» svarad Presten og drog litetvetta paa Akslom, «dei bruka det so i Byen, segjer ho, og so lyt me fylgja med. Men det er nokot uvant fyre oss i Fyrstunne, me som liva her paa Landet og utanfyre Folkeskikki.»
«Aa Ein verd snart van med det,» sagde Studenten lett, han mintest dei fyrre Ord av Presten. «Det var vel hyggelegt at faa Dotter Dykkar heim atter no?» lagde han sidan til.
«Aa ja, det var so,» svarad Presten tankelaust, men Andlitet hans synte, at Hjartat inkje var med i det Svaret.
«Ho byrjad lengta?» spurde Studenten.
«Nei det kann eg inkje segja,» svarad Presten og smaalog, «eg laut taka det med Slag i Bordet. Ho hadde gjerna vordet buande der, hadde ho fenget raada, og ho er inkje rett blid paa meg endaa, men det gjev seg vel. Millom oss sagt,» og her vardt Røsti laagare, «so trur eg, ho heve voret for lenge i Byen. Ho er so uppsett no paa at faa det nett so, som ho hadde det der, og det er inkje alltid so greidt ser De fyre ein gamall Prestemann. Korkje heve eg stor Raad til so myket umfram, og so er det so undarlegt med det. Det ein er van med er ein kjær fyre.»
«Ja det er vonlega so,» svarad Studenten, «men 58so heve ho vel lært so myket nyttugt og godt i Byen, som kann vera til Hygge her heima.»
«Ja det forstend seg, det heve ho,» tok Presten Ordet liksom rædd fyre at hava sagt nokot, som kunde skjemma Dotteri. «No skulde De høyra henne syngja Hr. Student, det er nokot annat enn fyrr. No syng ho baade Lucia av Lammermoor og Trovatore og so alle Visorna av Erik Bøgh.»
«Eg tvilar inkje paa det,» svarad berre Studenten stutt. –
Studenten møtte Agnes paa Heimvegen, sosom Presten hadde sagt. Ho kom burtimot, men daa ho vardt var ved Studenten langt burte, gjorde ho nett som ho hadde gløymt eitkvart, snudde ikring og gjekk tilbaka same Leid, ho var komi. Studenten saag det, tok lengre Stig, og snart hadde han dreget seg innpaa henne. Han hadde Gaman av at sjaa, korleides ho bar seg, og so gjekk han i Breidd med henne ei Stund, men paa motsette Sida av Vegen og mælte inkje eit Ord.
Agnes letst, som ho inkje saag honom og skygde fyre seg med Solskjermen. Sidstpaa helsad han. Agnes gjorde ein Bøyg, som den gildaste Bydame kunde voret byrg av.
«No, so De er heimkomi,» sagde Studenten og kom burt til. «De kjenner meg vel atter Frøyken?»
«Jau, det gjerer eg daa,» svarad Agnes og gjorde atter ein Bøyg.
«Det smakad godt at koma heim, kann eg tru?» sagde atter Studenten.
59«Ja – aa ja,» svarad Agnes og tok liksom i seg atter Jaordet, som fall so snøgt i Munnen.
«At sjaa atter Mari, Halvar, Fagerros og Blaaman, – ja og so fyrst og fremst Fader Dykkar.»
«Jau Fader var det hyggelegt at sjaa,» svarad Agnes, og Studenten trudde at verda var ved eit Blink i Augat og meir Varme i Maalet hennar, «men De maa orsaka meg Hr. Student,» og ho snudde smaatt paa Solskjermen, «eg er inkje lenger Gjætartaus elder Tenestegjenta.»
«Hm,» svarad Studenten og drog litetvetta paa Smilen, «De segjer kannhenda, som Ordtøket gjeng, at ferskaste Fisken smakar best. Og De kjem at lengta til Byen atter, trur De?»
«Ja kann De kanskje segja meg, kvat ein skal gjera herheima?» spurde Agnes og skaut misnøgd Rukka paa Skallen.
«Det same spurde eg Dykker um Frøyken, sidst De var her, og daa fann De, at det var urimelegt spurt. No fær eg svara med Dykkar eigne Ord, De kann stella i Huset.»
«So De trur, at Kjøk og Gruva er rette Stellet fyre oss. Det var Synd at gjera Kokka yrkelaus, tykjer eg.»
«No so kann De kliva i Berget.»
«Ja, ellest Takk, men eg er inkje Smaagut lenger.»
«Ja so, det var Dykkar største Moro likavel i gamle Dagar at hauka. Var det inkje so?»
«Fyrr ja – men inkje no.»
60«Det er sant, eg gløymde, det var so ovlenge sidan, eit heilt Aar! tenk for ei Æva!» Og Studenten sette upp eit speande men aalvorslegt Andlit. «Men kvat var det, eg sagde Frøyken Agnes? um nokre Aar haukar De inkje lenger i Berget. Var eg inkje sann Spaamann?»
«Eg heve all mogeleg Age fyre Dykkar Spaadomar,» svarad Agnes og slo Solskjermen paa halvt; «men De vil daa vel inkje, eg skal leggja meg til at kliva millom Steinom Vetradag.»
«Vetradag nei.»
«Ja og kvat skal eg gjera no heile lange Vetren? her er inkje Dans, her er inkje Komedi, her er inkje Konsert, her er inkje det bidige Slag.» Og Agnes saag reint hugsprengd ut.
«Aa – De heve kannhenda Tid at lesa no, som De inkje hadde fyrr, og so kann De sova og klæda Dykker av og paa, det tek alt si Tid.»
Agnes letst inkje høyra det sidste. «Ja hadde ein berre Bøker,» sagde ho, «men her finst inkje ein Bok-Samling ein Gong.»
«Mi Bok-Samling er til Tenesta, um De ynskjer,» svarad Studenten og bøygde seg tyd.
«Takk – men det er vel berre kloke Bøker det?»
«Det er, som ein tek det til, eg heve Walter Scott.»
«Walter Scott? – ja men han heve slike lange og kjeidsame Innleidingar. Heve De Emilie Carlén?»
Studenten saag paa Agnes eit langt Bil. «Les De Emilie Carlén?» spurde han undren.
61«Ja kvifyre inkje?» svarad Agnes og freistad løyna, at ho var um at verda raud. «Mathilde sagde, at det var gode Bøker.»
«Det er no, som ein tek det til. Mathilde er soleides fyrste Statsraad no, og ho likar deim – ja, ja. No skal De høyra eit Stykke av Emilie Carlén. Eg skreiv upp nokre Rader ein Gong, det var endaa av Kyrkjevigsla i Hamarby; lyd no berre etter.» – Og Studenten drog fram Teikneboki si og las: «Han stod midt framför henne. En askgra blekhet öfvertädte de drag, som nyss lifvades af den innerligaste kärlek. Svartblå ådror svällde i alla riktningar öfver hans panna, och ögonen, de eljest så klara og sköna ögonen, sköto ut såsom brinnande eldkulor ur sina håliga gropar. Tänderna skallrade så häfftigt, at han vid sitt fruktløsa bemødande att tala, bet sönder läpparne, og den ena bloddroppan efter den andra nedföll på hennes hvita klädning, der de lågo og dallrade, tildess brudens tårar nedföllo i deras purpurfamn, och de sedan, sammangjutne, innsögo sig i den äktenskapliga svepningsdrägten.»
«Er det inkje fagert og smakfullt tykjer De? Og naar no alt dette andre kjem til um Eitr og Mord, um Folk, som stupa i Avgrunnar og krasa Hovudet mot Likkistor, so fær ein ovgod Greida paa det svenske Folkelivet. Inkje sant?»
«Eg kjenner inkje det svenske Folkelivet,» svarad Agnes stutt.
«Visst altfor sant svarat,» tok Studenten atter i, «men De hugsar vel fraa Dykkar Skulevisdom, at 62det bur Menneskjor i Sverike og. Og Menneskjor, sanne Menneskjor, er det den sanne Diktaren skal skildra veit De, for Diktarverki skal vera Spegelen aat Mannalivet, og Jordi er inkje full av Djevlar og Englar, men av Menneskjor. Alt usant, som er gjort berre til at vekja dess større Stir, det er fyre tridje Rad og so fyre smaae Ungmøyar, som gjerna vil hava eitkvart, som riv i Halsen.»
Studenten saag med ein speande Smil paa Agnes, men ho svarad inkjevetta, ho gjekk og saug paa Lippa si. So byrjad han atter:
«Ja De kann tru, me liva i ei undarleg Tid i so Maate Frøyken. De maa inkje tenkja, De stend einsleg med Dykkar Meining, nei De heve heile Flokken med. Ned i Danmark skal De soleides faa høyra, at naar ein berre kann slaa i Bordet, og bannar so det knakar, so ropa dei: «sikken en Nordmand!» og naar dei berre stinga kvarandre med Kniven og rulla utfyre Fjell elder hengja etter tvo Negler yver ein Avgrunn og kliva uppetter bratte Bergsida paa Aaretollar og gjera andre umogelege Kunster, so gjeng Stortrumba: «det var da mageløst norskt!»
Agnes log inkje, ho gjekk der tagall og sur og letst inkje høyra. Studenten hadde Moro av at gjeva Gaum etter, kor lenge ho kunde tegja seg, men Agnes var traa. So maatte daa Studenten atter i Elden.
«No – De skal vel rundt paa Innstig til alle Dykkar Ungdomsviner,» sagde han, «so skal De sjaa, De finn Folk, som det er verdt at halda Lag med.»
63«Kann De nemna meg nokon?»nokon?»] rettet fra: nokon? (trykkfeil) svarad Agnes furti.
«Aa – her er no eg,» og Studenten saag fult paa Agnes.
«De – ja – men.» – Agnes saag reint flat ut.
«Men?» tok Studenten uppatter med same Skalken i Augo og saag beint paa henne.
«Dykker» – Agnes trivlad etter Ordi – «Dykker ser eg so sjeldan,» hittad ho endelega paa, men torde inkje sjaa paa honom.
«Det er no, som De vil,» svarad Studenten, «De veit, kvar eg er at finna. Eg gjeng mi vanlege Ferd no som fyrr, og eg høyrer, De og gjeng – Morgontur fyre Helsa.»
Agnes svarad inkje.
«Og so kann De røda med Bønderne her ikring, det er og hugsamt imillom.»
«Bønderne – nei Takk, eg heve nog av deim heima.»
«So? Den store Holberg sagde daa, at han aldri rødde med ein Bonde utan at læra nokot av honom.»
«Det er kannhenda der, han heve lært all Raaskapen sin,» svarad Agnes sjølvvis.
«So Holberg og er raa. Det er vel Mathilde, som segjer det, inkje sant? men «den skjønne Helene», og alle dei franske Vaudeviller, der dei leika me Hjonskap og alt det dyraste Mannen eig, dei er infje raae. – So De er alt komi upp i Byvaset Frøyken, so 64De kann alt utanbokes desse Frasar, so De sigler alt med den breide Straumen. Kvat er det dei gjera desse fine Folk i Byen? eta, drikka, sova, drukna kvar aalvorsleg Tanke i kaate Slengjeord, Dagsens Krav i Drøsor, og inkje setja Æra i nokot større enn at kunna tevla med kvarandre i Matlag. Kvat hava dei utifraa desse, som sleikja Dufti fraa Føterne til Storfolket og selja si Saal og sin Munn berre til dess lettare at kunna sola seg i Naadestraalarne fraa dei styrande, som glupa Morgen- og Aftenbladet som den høgste Livsvisdom og fraa dette Berget sitt skoda ned paa alt hitt, som røyver seg framfyre Føterne deira. Aa eg kjenner deim – men kvar er Gud, kvar er Samvitet i detta? Sjaa no Dykkar Samlagsviner Frøyken.»
Agnes hadde stadnat. Ho beit seg i Lippa, so ein kunde sjaa, ho var ovlega harm. «Naar De inkje kann koma med annat enn Slengjeord, so» – – og ho snudde seg til at svelgja Graaten.
Studenten tok seg atter.
«Tilgjev meg Frøyken Agnes – eg meinte det inkje so – og um eg heve saarat Dykker» – –
«Her maa eg snu,» svarad Agnes stutt, daa dei i det same stod ved ein Beinveg, som bar upp til Prestegarden. «Farvel.» Dermed so bøygde ho seg fyre Studenten og gjekk.
«Hm» sagde Studenten og saag etter henne – «der gjekk ho, og ho var tykki, det var greidt at sjaa. Kannhenda ho inkje er so reint Barn endaa – og eg foor no aat med henne som med ein uskikkeleg 65Unge. Skulde det vera verdt at spilla Tid paa henne lenger? – Ho var daa endaa Barn i myket, lett at setja Beit, lett at gjera flat, ho vardt varm, daa ho minntest Møtet med Faderen. Hm – næste Gong fær eg taka det paa ein annan Maate – ho var no slett inkje so gali, som Mari drøste um» – –
«Den skamlause Studenten,» tenkte Agnes med seg sjølv, daa ho gjekk heimetter og endaa skalv av Harm, «so utoleleg sjølvvis – – men det skal vera sidste Gongen, eg gjeng her dette Leitet. Og no skriv eg til Mathilde i Kveld.» –
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Da Kristofer Jansons Han og ho kom i 1868 var det den første romanen utgitt på landsmål, men først da romanen ble oversatt til dansk ble den populær.
Boken handler om «ho», den unge prestedatteren Agnes, som dras mellom to verdener: bylivets spennende adspredelser eller bygde- og familielivets trygge tilværelse. «Han», den litt snåle «Studenten» som har flyttet hjem og overtatt gården etter farens død, tar på seg oppgaven med å rettlede henne.
Se faksimiler av 1. utgave fra 1868 og 2. utgave fra 1878.
Kristofer Jansson var prest, forfatter og målmann. Han ga ut en rekke litterære verk, men også artikeler og religiøse skrifter.
For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig: