Haugtussa

av Arne Garborg

Dei vil ta henne

Maaneskinsmøyarne.

Jordi søv i sitt Vinterlin.
Bjørki den unge, rimkvit og fin
stend som i Sylve skôri,
elder som bygd av Stjerneskin.

Jordi søv i sin Vinterblund.
Maanen lyser paa Himmelrund.
80Tusund av Diamantar
glimar um Grein i den frosne Lund.

Braakveikt blenkjande, straalerein
lyner den Glitring um Kvist og Grein.
Det er liksom Lunden livde,
straadd med Perlur og Glimestein.

Stirande inn i den sylvblaa Glans
Veslemøy stend utan Hugs og Sans;
daa ser ho med ein Gong Møyar,
kvite Møyar, som gjeng i Dans.

Kvite Møyar, som gjeng i Ring;
stille sviv dei i stive Sving.
Det er som ein Dans i Draumar
til Takt av lette Sylvklokke-kling.

Bygde er dei av Lufti blaa;
Kjolar av Maaneflor hev dei paa,
sauma med Stjerneglitter,
løynande lett dei Barmar smaa’.

81Haare flyt i vallande] av valla «sammenrulle, vikle sammen» (Aasen, 819)vallande Flaum
ned yver Rygg som ein sylvgraa Straum.
Matt yver bleike Vangar
Stjerne-Augo i stille Draum.

Aldri saag dei den varme Dag;
stilt der er i det Ungdomslag.
Stivt dei i Dansen smiler.
Kalde søv desse Andlits-Drag.

Lengje tryllt maa Veslemøy staa,
drøymd den Dansen stirande paa.
Daa nikkar dei som til Helsing,
og kverv i Luft som ein Frostrøyk graa.


Heilagbrôt.

Ho tuslar stur i Kring
og lite mæler
og frys um tronge Bring
og ymist fæler.

82Skal snart ho av og bu
paa Drauge-Øyar?
Kva vil dei henne tru,
dei bleike Møyar?

Ho gjeng i kalde Vind,
men heit maa brenna.
Den vonde Styngen sin
ho att fær kjenna.

Imillom Ku og Lam
ho gjeng og drøymer
og vimar att og fram
og all Ting gløymer.

Ein Sundag med si Mor
ho gjeng til Kyrkja
og vil med heilagt Ord
sin Vanhug styrkja.

Det heng fraa Have inn
med Musk] her truleg: skodderegn, yr, småregn (NO 8, 48)Musk og Væte.
83Døyvt syng i Skodda stinn
det Klokke-Læte.

Der millom Grefter sein
og hugtung rek ho.
Der ligg eit morkje Bein;
det til seg tek ho.

Ved Barm med vyrdsam Agt
ho vil det líva;
det skal den vonde Magt
fraa henne driva.


Kravsmannen.

Ho ligg um Nott i Benken sin
og lyer paa den tunge Vind,
som læt og græt um Stova.
Og Timar sig so smaatt um Senn.
Ho frys og skjelv og stundom brenn,
og aldri fær ho sova.

84Som so ho ligg der mod og ør,
det bankar hardt paa Ute-Dør,
og henne just det varar] vara «advare, varsle» (Aasen, 823)varar.
Ho upp og ut og kring seg ser.
Er Folk paa Veg i slikt eit Ver?
— Ho spør, men ingen svarar.

Tri Gonger slik ho fara maa;
men inkje Liv der er aa sjaa.
Daa maa ho ottast Faare.
Ho breier seg i Benken ned,
og so med Munnen att ho bed
tri Gonger Fadervaare.

Som der ho ligg i Sveitelaug,
paa Golve blaanar fram ein Draug,
som upp av Jordi skoten.
Han stend og stirer still og kvit.
So hinkar han aat Sengi hit;
tungt dreg han eine Foten.

85Av Rædsla naami ligg ho kald
og kjenner seg i Daudmanns Vald,
og Halsen inn seg snører.
Den daude med sin valne Arm
famlar seg inn aat strøypte Barm
og ved det Beinbrôt rører.

«D’er mitt, d’er mitt,» han mullar haas;
«du braut den sterke Vigsle-Laas
og stal mi Kneskjel-Spilra] splint av kne-skåla (Aasen, 677)Kneskjel-Spilra;
kom att, kom att, legg Beine ned;
fyrr fær eg ei i Jordi Fred,
men maa som Dauding vildra.»

Han kverv, og smaatt ho vaknar or
og graatande hjaa Gamlemor
i Storeseng seg gøymer.
Til henne alt ho seia maa.
Daa finn ho Ro, daa ser ho Raad.
Og snart i Svevn ho drøymer.

Men ute Vinden strøymer.


86I Skodda.

Ho stend for Glase, der Regne dryp.
Ved Barmen hev ho ein Daudingklyp.

Daa vaknar paa nytt det kalde Agg;
ho paa seg riv sine Kyrkjeplagg.

I Linduk legg ho den Beinstubb inn
og hastar til Kyrkja i Skodd og Vind.

Der grev ho aat Beine so trygt eit Reir.
Men daa ho skal sjaa, ho hev det kje meir.

Som klumsa stend ho, leitar og bed;
men burte er Duken, og Beine med.

Daa kolnar ho burt, daa er ho kje glad;
ho grev og leitar paa all den Stad.

Ho grev og leitar med ville Mot;
ho grev, til det blø’r under Neglerot.

87Ho leitar, til Haandi er blaa og stinn;
men burte er burte.   Ho inkje finn.

Daa tuslar det burte i Kyrkjegardskrok.
Der stod ein Graakall, i Laatt seg skok.

«Det skal du ha, du! haa-haa! hi-hi!
— I Gaarkveld gløymde du Mjølki mi!»

Burte er han paa lette Legg.
Vinden yler um Kyrkjevegg.

Einsleg stend ho i raadlaus Gru;
Vinden dundrar i Kyrkjebu.

Det javlar] her truleg: tyggje seint og mødesamt (NO 5, 1463)javlar i Jordi, tonlaust og matt:
«Beine stal du — gjev meg det att . . .»

Ho veit ikkje ut, ho veit ikkje inn;
Skodda myrknar um Kyrkjetind.

Av Grav seg tøygjer ein Arm so lang . . .
Ho skrik av Rædsle og set paa Sprang.


88Veslemøy sjuk.

Ho ligg i Febervilla
Dagar og lange Næter.
Gamlemor steller best ho kan
og stilt for Veslemøy græter.

«Du store Mann der uppe,
du leggje kje dette paa meg!
Du veit ho er det siste eg eig;
du maa kje ta Gislaug fraa meg.

Son min drog yver Sjøen;
han var ikkje Guten hæve.
Eldste Dotter mi kom til Byn;
der gjeng ho no som ei Tæve.

Andre Dotter mi døydde;
det kunde mitt Hjarta brjota.
Arme gode Lisabet mi,
du skulde kje Live njota.

89No hev eg ikkje fleire;
du maa meg i Naade spara!
Lat meg faa sitja med Gislaug i Ro,
til eg or Heimen skal fara!»

Men Veslemøy ligg i Ørska
og saart seg ankar og øyar] å øye seg vil seie å klage, klynke eller skrike (Aasen, 878)øyar.
Ho kavar med Skrymt og Heimgangs-Draug] ein gjengangar som er på veg heimover, eller prøver å finne vegen heimoverHeimgangs-Draug
og mumlar um Maanemøyar.


Snøstorm.

Tungt dónar det ute og bryt og brakar
og myrknar med Tjukkne og Kave.
Det gyv yver Heiar, og Isar knakar,
og Tordøn rullar fraa Have.
Dei løyste Magter um Jord seg trengjer,
og Stormen velter, og Frosten sprengjer,
og Lei og Levil driva ned,og alle Vegar seg stengjer.

90Og Vargarne gøyr i dei høge Urer
med Blodskum um blaanande Tenner;
og Nøkken i Os under Isen lurer;
fraa Grenderne Naalugt] lik-lukt, jf. ordforklaring til Naa-Ham, Naalugt han kjenner.
Og Havdraug bleik gjenom Rôke luvar] bøye seg, lute, sitje eller stå samanbøygd (NO 7, 768)luvar
og skrik i Stormen og hæ’r] presens av å hæda: spotte, håne, gjøre narr av, håne (NO 5, 893 f.)hæ’r og huar
og lær so kaldt;no fær han alt!Med Lik seg Marstrandi] havstranda (NO 7, 1134)Marstrandi bruar.

Og Himmel og Hei og dei graae Knausar
gjeng saman i Gôv og i Skodde.
Det ramlar i Berg og i høge Hausar,
det kokar um Baae og Odde.
Dei løyste Magter vil Verdi øyda
og alting riva og alting snøyda;
og alt, som kryr,seg saman tyr:skal Live slokna og døya?

*

91Ho ligg og vimrar] vandre blindt hen, tumle, gaae vild (…) bære sig taabeligt ad (Aasen, 853)vimrar og illt seg ber
og stirer mot graae Rute;
det er dei fæle Risar (…) Gygr] jf. merknad til Trollheim, Risar, ho ser,
som tumlar i Skoddi ute.
Ho skjelv paa si Sengjepute.

Som Skuggar av Fjell dei ragar ikring
og Hovu i Sky maa sløra.
Dei Himmel og Hav og alle Ting
i Hop vil velta og føra
og saman i Gyrme røra.

Ein stend til Live i Havsens Svelg
og rotar det upp fraa Grunnen;
ein ligg i Nord og blês som ein Belg
med Isgufs or hóle Munnen.
Slik Gaphals vart aldri funnen.

Ein annan stend i ytste Nordvest
og dreg inn Skyerne tunge;
92ei Gygr gufsar som ho kan best
eit Snøfok or fulle Lunge.
So driv ho Vaaren den unge.

Paa Skare-Kula under eit Sva,
der Styggedans gjeng i Joli,
der sit Trollkjeringar tolv paa Rad
og galdrar med Galing hóle,
skal freista aa sløkkja Soli.

Og fær dei Framgang med denne Sak,
so vil desse Risar vinna
og Live slokna med Skjelv og Skak
og siste Dagen sin finna.
Og alt vil daa Isen binda.

Men Soli smiler ovanum Sky;
ho meiner ho kan det bera;
dei naar ikkje upp med sitt Gnaal og Gny;
ho maa vel for høg dei vera.
— Men det kan dei aldri læra.


93Draken] Ei hovudkjelde for førestellingane om drakar er truleg forteljingane i Bibelen om fleire fælslege fabeldyr. I Det gamle testamentet er det m.a. tale om fabeldyret Leviatan; Luther omtala dette vesenet som drake i si bibelomsetting. Det uhyret som blir skildra i Johannes’ openberring har også drakeliknande kjenneteikn. I Bibelen er nok desse fabeldyra symbol for Satan. – I folkelege førestillingar er draken gjerne framstilt med orme-liknande kropp, men ofte med venger og to eller fire føter. Ein meinte gjerne at drakane heldt til i holer i fjella, der dei låg og ruga på digre skattar (Bø 1987, 109 ff.). I vestleg tradisjon representerer draken vondskap; i kinesisk tradisjon representerer han snarare rettferd.Draken.

Han Heilag-Per Aase i Verdi er glad,
og Gardar og Jord eig han noko-kvar Stad,
men nok hev han endaa kje fengje.
Den Haugastadparten, som Gamlemor eig,
det er slik ein lettvinn og nibbeleg Teig;
den lurde han etter so lengje.

Og no kan han rekna det meste for sitt;
han Enkja laut hjelpa med Pengar so tidt,
daa Mannen aat Jordi var bôren.
Med Rentur det vaks, som det var no hans Von,
og no vil han Garden faa sett til Auktion,
so tek han det heile til Vaaren.

Der sit han i Benken so stabben og tett
og krever av Gamlemor heile sin Rett:
«no kan eg kje lenger deg líva!»
Den Gamle ho jamrar og veit seg kje Raad;
«aa arme mi Veslemøy, kor skal det gaa?
No vil dei paa Bygdi oss driva!»

94Men støkkt maa ho stogga med Graat og med Skrik;
paa Sengi ligg Veslemøy stiv som eit Lik,
og fælsleg ho skifter sin Hamlit.
Bleik snur seg den Gamle til Kravsmannen hard:
«ja no kan du faa baade Stova og Gard;
men gakk so — med Liv paa ditt Samvit!»

Han Heilag-Per sit der i Andlite graa:
«Kva er det — kva er det, ho stirer so paa?
Ho ser noko!   Hu, ein kan fæla!» —
«Aa Baane mitt arme, du tak’ det med Ro!
Me skal nok faa Føda vaar lel, baae tvo,
— skal so eg paa Bygderne stela!»

Men Veslemøy kvæser med kavande Munn:
«sjaa Draken — sjaa Draken — med Gap som ein Brunn . . . .
og Eldkam fraa Hovu til Halen . . . .
Aa Fader vaar . . . Jesus . . . som Djevelen batt . . . » —
— Han Bøne-Per triv etter Sylv-Stav og Hatt
og stuper paa Døri som galen.


95Hjelpi.

Det er so vondt um Notti;
daa kjem dei Daudingar kalde
hit av den tome Kyrkjegard
og ringar seg um henne alle.

Og fiktar og slær i Lufti
med Knokar og knytte Hender
og gaper med glisande Kjakebein
og grin med dei grésne Tenner.

«Daudingbeine stal du . . .
Daudingbeine naut du . . .
Kaldt det er paa Kyrkjegard;
Daudefreden braut du . . .»

Ho kavar i kjøvde Rædsla
og vrid seg og vondt seg ankar;
Gamlemor fær kje i Hjarta Fred
for alle dei myrke Tankar.

96Daa sender ho Bo til Presten.
Han kan dei Bandi tvinna,
og med det heilage, sterke Ord
Vondemagterne binda.

Presten i Kappe og Krage,
høg han for Sengi stend;
so væl han kjenner dei vonde Magter,
og Harm i Hjarta hans brenn.

Han les av den vigde Boki
Bøner og Eidar harde:
«eg bed deg ved Gud i Jesu Namn,
av Hold og av Ham du fare!» —

Daa gjeng det eit Brak um Huse,
og fælt det i Skorstein tyt;
Gamlemor græt med Gledetaarer,
no veit ho, det vonde tryt.

Veslemøy slær upp Augo,
dei lyser so vent og blaatt;
daa signer han henne med kvite Hender;
det gjorde i Hjarta godt.

97«Herren signe og vare deg,»
so fagert han for ho bed;
«han late si Aasyn lysa
paa deg og gjeve deg Fred!» —

Presten til Gamlemor talar:
«no trur eg, til Liv det stend.»
So rid han strak paa staute Folen
ut av den stille Grend.

Veslemøy tryggare sidan
ligg med rolege Fakter.
Gud velsigne den Prestemann!
Han batt dei vonde Magter.


Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Haugtussa

Diktsyklusen Haugtussa ble utgitt i 1895. Diktene har fått en helt særskilt status i den nynorske litteraturhistorien, noe som er blitt forsterket av at Edvard Grieg har komponert musikk til diktene «Det syng», «Veslemøy», «Blåbærli», «Møte», «Elsk», «Kidlingdans», «Vond dag» og «Ved Gjætlebekken».

Hovedpersonen er ungjenta Gislaug, som av familien kalles Veslemøy. Veslemøy er synsk og kan se de underjordiske og menneskenes vardøgre i dyreham. Derfor får hun også tilnavnet «Haugtussa» ute blant folk. Etter å ha fått hjelp av presten til å takle alt hun kan se, blir hun lykkelig forelsket, men gutten hun elsker, svikter henne til sist for å bli rikt gift. Veslemøy kjemper deretter en kamp med seg selv for å håndtere sorgen og sviket, en kamp som også symboliserer striden mellom det gode og det onde i mennesket.

I Haugtussa gjør Garborg bruk av folkedikting, blant annet er det klare referanser til sagn og Welhavens dikt «Det omvendte Bæger». Dette sammen med skildringer av miljø og natur på Jæren bygger opp den riktige, trolske stemningen.

Les Gudleiv Bøs innledning og kommentarer

Les Gudleiv Bø: Veslemøys verden : veiviser i 'Haugtussa', Aschehoug, 2002

Se faksimiler av 2. utgave (NB digital)

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.