Haugtussa

av Arne Garborg

Den store Strid



Haust.

No rullar Have svært mot Land
med Skum um skavlande Ryggjer
og bryt seg sprengt mot Øydestrand,
der berre Vindtroll byggjer.
Og Stormen skrik i ville Gru,
der yver Djup han jagar
med Fok og Rok um Rev og Flu] flatt skjer eller grunne som er under vatn i flo sjø (NO 2, 1581)Flu
i desse haust-myrke Dagar.

192Eg høyrer den villande Skræmesong
av Møy som Brimhesten] stor havbåre som vert slegen attende frå land (NO 1, 924)Brimhesten rider;
ho kvad og galdra so mang ein Gong
mot Naud og Nedgangs Tider.
Det gjeng som Sorg, det gjeng som Spott,
det gjeng um Vaa og Vande] tvil; frykt; uhell, skade (Aasen, 828)Vaa og Vande;
det er den varslande Vildrelaatt,
som jagar Liv av Lande.

Og Jordi skjelv i Havsens Marm,
der bleik ho frys i sitt Snøyde;
det folnar Bø og det kolnar Barm,
det vert i Verdi øyde.
Den siste Graa-Gaas strauk mot Sud;
tungt under Sky ho kava;
alt Liv i Hi og Vinterbu
vil ned og burt seg grava.

Lauvsblokka] eller lauvsblekka: lauvbladet eller kvist med lauv (NO 1, 740 f., 7, 222 f.)Lauvsblokka rustnar i livde Lund
og ryk av sinom Kviste;
det vart so syrgjeleg stutt ei Stund,
til ho sitt Ynde miste.
193Paa Vollen blømde Blomar smaa’,
so sælt mot Soli nøydde;
no er der ingen meir aa sjaa.
Dei folna burt og døydde.

So døyr det burt i den unge Barm,
so folnar Blom og Blide,
naar Saknad sløkkjer Voni varm
med Taarer salte og stride.
So døyr det burt, so døyr det ut,
mit Liv med alt, det drøymde,
naar Elskhug vendest til Harm og Sut,
og Guten burt meg gløymde.

No er her sturt, no er her kaldt,
og Stad og Stund meg møder;
mi svikne Von tok fraa meg alt,
og Hjarta svider og bløder.
Og Have rullar svært mot Land,
og Regne driv mot Rute;
det syng og susar um Øyde-Strand,
at no er alting ute.


194Raadlaus.

Aa gode min Gut,
aa vene min Gut,
nei burte fraa deg held eg aldri ut.
Alt dreg meg og dreg
til deg og til deg,
og kor eg vil gaa,
eg minnast deg maa,
og Taara brenn som den beiske Lut.
— Aa, aldri meir kan eg trivast.

Aa snille min Gut,
aa gjæve min Gut,
for deg so gav eg min siste Klut.
Ja var du meg god,
so gav eg mitt Blod,
og var eg ditt Viv,
so gav eg mitt Liv,
um deg eg fekk fri av den minste Sut.
— Aa du, som eg trudde av Hjarta!

195So trygg og varm
i din gode Arm
eg gløymde Sorg og eg gløymde Harm.
Men aldri meir
eg finna deg maa,
og aldri meir
deg i Augo sjaa,
og Graaten brenn i min kjøvde Barm.
— Aa nei! at du kunde svika.

Kor skal eg meg snu;
kven skal eg vel tru;
eg finn kje Veg og eg finn kje Bru.
Alt vendest til Naud,
eg ynskjer meg daud;
kor skal eg vel av,
utan djupt i Grav;
for alt, eg hadde, so var det du.
— Aa! — aldri ein glad Dag meire.


196Den som fekk gløyma.

Den minste Minning, eg um deg møter,
so tungt det tek meg, so saart det grøter] få til å gråte (NO 4, 964)grøter;
det minste Orde, eg høyra maa, —
med Hjartegraat gjeng eg derifraa.

Eg skulde aldri den Suti gøyma,
naar so det var, at eg maatte gløyma;
eg skulde aldri gaa sjuk i Kring,
naar eg fekk gløyma den eine Ting.


Kor hev det seg?

Kor hev det vorte Veslemøy no.
Eg kjenner meg ikkje.   Eg var ikkje so.
Eg gjekk her trygg og tulla og sprang
og visste kje av, at Dagen var lang.

Det er som ein Draum, naar eg tenkjer paa
den Tid, eg kan ikkje meir forstaa.
197Den same gjeng eg, i same Ferd,
men d’er som eg var i ei onnor Verd.

Alt ser eg og hugsar, som daa eg saag;
men stur er eg no, der fyrr eg var fjaag.
Alt er det gamle, i Hus og Gard,
men annleis, annleis en fyrr det var.

Heimen ligg paa den same Flekk;
ho Mor gjeng tuslar, som fyrr ho gjekk.
Men tom stend Heimen forutan Ord,
og framand vart mest mi eigi Mor.

Framand er Hei og framand er Myr;
framand tykjest meg Katt og Kyr.
Framandt glor det sin eigen Veg;
vil meg kje noko.   Kjenner kje meg.

Stova gleiner] skotte, skule (NO 4, 361)gleiner so kald og graa;
audt og stuslegt det er i Kraa.
Som vali] feminin form av valenvali gjeng eg paa Hand og Fot;
alt fell meg so tungt.   Alt er meg imot.

198I Glaskarmen heng eg og stirer stur,
lengtar, lengtar som Fugl i Bur.
Men ingen aa sjaa paa Veg elder Vang. —
Jau no hev eg lært, at Dagen er lang.

Aa, denne Heimen so god og kyrr;
aa, her, som eg treivst so hjarteleg fyrr!
— Nei Mor; eg kan ikkje vera glad.
Hugen min er paa ein annan Stad!


Vinter-Storm.

Aa lat det bura og lat det braka,
lat Huse rista og Tufti skaka!
Lat brotna alting, som brotna kan!
Det døyver Tankarne litegrand.

Um Stormen tok baade Hus og Hytte, —
det vart eit Bél, daa eg mindre sytte;
um Jordi gav seg i djupe Grund, —
daa fekk eg gløyma ei liti Stund.

199Um Sky datt ned, som paa Himlen flakkar,
um Have braut yver alle Bakkar,
ja um all Verdi seg søkkte ned, —
so var det slutt og so vart her Fred.


I Kyrkja.

Eg sit i Kyrkja som Snikjegjest;
eg gløymer Gudsord og gløymer Prest,
— eg arme!
Eg lesser Synd etter Synd paa meg,
for um eg ein Glimt kunde faa av deg.

Og naar eg ser deg, eg veit meg knapt;
det bløder i Barm; eg er som fortapt
— eg arme!
Alt vert for Augo til Glim og Glo,
og Voner vaknar i varme Blod.

Men er du burte, ligg alting audt;
det sloknar i meg og kolnar daudt,
— eg arme!
200Eg dreg meg heim i Modløyse matt,
og Tankar vildrar som Sky i Natt.

Og ser eg henne, som sit so trygg
langt framme der med sin breide Rygg,
— eg arme! —
daa veit eg kje meir, kva eg tenkjer paa . . .
Eg skvett og vaknar, naar Folk vil gaa.
— Aa, frels oss ifraa det vonde!


Ein Bele.

Det kryp ein Haugbukk fram under ein Stein.
Han hev Honn i Skallen og Bukkebein.

Og aldri saag du so langt eit Skjegg;
det rekk midt nedpaa hans magre Legg.

Og aldri saag du slikt Skrukkeskind;
det valkar seg ut og det snurpar seg inn.

201«Her bykste eg rundt i nihundrad Aar;
men aldri veit eg so varm ein Vaar.

Og aldri veit eg so vent eit Viv;
men her gjeng du Gjætar og Sauer driv!

Ja her du gjeng i ditt attande Aar,
og enn maa du bera ditt Gjente-Kaar.

Men daa maatte Verdi seg um ha skift,
um ikkje du skulde snart bli gift.

Og daa maatte Verdi ha skapt seg paa Tull,
um ikkje du fanga Gard og Gull.

Men høyr ikkje paa denne Blaahaug-Kallen;
slik Jypling, som ikkje hev Honn i Skallen!

Og høyr ikkje paa denne Blaahaug-Krok;
slik Arming, som eig knapt si eigi Brok!

Tru kje paa det, den Ljugaren kvad!
Mor hans gjekk haug-imillom og bad.

202Men vil du, so er eg den Guten gilde,
at snart eg skal gjera det helst du vilde.

Gjev meg den Duken, du ber um Barm;
av den dreg eg ut din heitaste Harm.

Av den dreg eg ut ditt tærande Hat;
det fær ho um Kveld til Salt i sin Mat.

Daa ligg ho i Morgo og ille læter,
men tagnar — so væl — um tolv-trettan Næter.»

Veslemøy løyser det lette Plagg;
daa stansar ho braadt; ho kjenner eit Agg.

Skal ho?   Vil ho? — Dette er stygt.
Daa riv ho det laust og gjev han det snøgt.

«Hehe!» mekrar Trolle med Gledefakter;
«men Løn eg tek for dei Natte-Vakter!

Naar Drosi fraa Aas til Kyrkjegard dreg,
daa rid ho Veslemøy Brudferd med meg!

203Men aldri so vere du syrgjefull!
Eg klæd deg upp i det skinande Gull.

Eg vil ikkje skryta; eg er ikkje kaut;
men paa Fjose mitt hev eg tolvhundra Naut.

Griser hev eg som Stein i Strand;
Smalen min aldri eg telja kan.

Land eg eig fraa Hav og til Bræ.
Og er eg rik, er eg fager med.

Horn hev eg framme som drusteleg Dreng,
og bak hev eg og det eg tarv og treng.

Eit betre Gifte du aldri naar:
rik Mann og gild, i dei beste Aar!»

«Eg vil ikkje!   Nei; ho skal ikkje døy!»
ropar angrande Veslemøy.

Til Gud ho bed og slær Kross for seg:
«gjev meg Duken og drag din Veg!» —

204Burte er den byksande Svein;
Duken ligg att ved den graae Stein.

Duken ligg att paa den Tuvebanke.
Veslemøy skjelv for sin vonde Tanke.


Uro.

Kor skal det gaa meg, naar Gud eg gløymer,
og Hjarta sjukt seg i Elskhug drøymer?
Kor skal det gaa meg so sant og visst,
naar burt meg sjølv eg so reint hev misst?

Og aldri kan eg meg atter vinna,
og aldri meir kan eg til meg finna;
so væl er stengd baade Von og Veg; —
eg maatte finna meg sjølv i deg.


205Bøn.

Aa hjelp meg du, som hjelpa kan!
Du ser, kor saart eg strider.
Mitt Hjarta trøytt i tunge Band
forutan Von seg vrider.
Mi Naud eg ei kan ut faa sagt;
det vonde fekk so stor ei Magt;
som Brand i Barm det svider.

Ja hjelp meg du, som hjelpa kan!
Med mi Magt snart det ender.
Du stridde sjølv og yver vann;
du Myrke-Magti kjenner.
Mi Naud er stor, min Strid er fæl;
ver hjaa meg du, som vil meg væl!
Daa veit eg, alt seg vender.


206Paa Vildring.

Lange Tiderne sig og skrid;
det gjeng paa Trôt og paa Tjon] jf. ordforklaring til leika paa Trôt, . tjon tyder «Skade, Fordærvelse, Ødelæggelse» (Aasen, 751). Ordet har samanheng med verbet å tyne i tydinga drepe (NOsa). Tydinga her blir da truleg «det går til det (alt? Livet?) tryt og tynest», dvs. det går mot slutten, på livet laust.paa Trôt og paa Tjon.
Gud hjelpe den, som i Sjælestrid
slepper si gode Von!

Vinter ligg yver Verdi aud;
han vil seg full’ aldri snu.
Gud hjelpe den, som i Sjælenaud
slepper si gode Tru!

Veslemøy trøytnar i tunge Kav;
so stor henne Sorgi veks;
ho misser sitt Mod, ho vildrar seg av
og gjeng til den blide Heks.

Den blide Heks ho um Notti finn:
«Du Heks!   No kjem eg til dykk.
Eg skal meg skriva i Boki inn;
men gjev meg ein Elskhugsdrykk] Det fanst fleire okkulte hjelperåder til å mane folk til å forelske seg – m.a. elskhugsdrykkar etter ulike oppskrifter; i eit ættesamfunn der valet av livspartnar for ungdomen var opp til foreldra, var sjølvsagt slik maning forbode ved lov (Kulturhistorisk leksikon, b. 8, 444 f.).Elskhugsdrykk!

207Ein Drykk, som Hugen kan venda braadt
for min Gut til hans rette Møy!
Eg vil han eiga ei einaste Nott
og so i Djup-Hølen døy.»

Blidheks myler] jf. ordforklaring til myler, myler og hengjer paa
Seidkjelen svidd og svart:
«he-he, den Vegen det lett vil gaa;
men slikt gjer eg aat full’ snart.»

Ho drøyper] av å drøype: la ei væske falle som dropar (NO 2, 195)drøyper av Horn, ho blandar av Glas
med Mumling og mange Læte;
ho mengjer Røter og Løyndegras
i nordan-rennande Væte.

Kjelen sjoar] I diktet «Paa Vildring» opnar strofe 9 med at heksa «galdrar og syng»: «Eg syt det kjætande varme Blod». I strofe 8 og seinare i strofe 9 syng ho «syd». Manuskriptet har «Eg syt …» i opninga av strofe 9. Men i 1902-utgåva har Garborg retta det til «Eg syd …» I vår utgåve skriv vi «syd». «syd» er presens av inf. sjoa eller sjoda, som tyder koke eller syde. Alt etter kva rytmen krev, bøyjer Garborg det som a-verb i den første verselina i strofe 8, og som sterkt verb seinare – etter mønster av skjotaskytskautskote.sjoar med Kvink og Klukk,
Heksi galdrar og syng:
«no syd eg Taarer, no syd eg Sukk,
no syd eg den Hjarte-Styng.

Eg syd det kjætande varme Blod,
som brenn etter kjælne Gut;
208eg syd med Galder, eg syd med Glo,
eg syd med Eiter og Krut.»

Ho vekkjer Blod av Veslemøys Barm
og droplar] same som drøyper, (NO 2, 154)droplar Droparne tri.
Ho tek sin Trollkatt paa hærde] dekt med hår (NO 5, 907)hærde Arm
og blandar av hans upp-i.

«Eg manar for Svik, eg manar for Mein;
eg manar med Maatt og Magne] semantisk par: når begge orda står saman, tyder dei styrke, makt (NO 8, 205)Maatt og Magne;
tri Gonger tri!   I Blod og Bein
dei falske Hugar tagne!

Eg galdrar for Jon i Skarebrôt,
eg galdrar med Sô og Søy] semantisk par; begge orda tyder suppe(-kraft) (Aasen, 669, 728)Sô og Søy;
du Drykk!   du vende den Hugen kaat
til Gislaug, hans rette Møy!»

Kjelen sprutar med Os og Fræs,
Eimen stend gul i Tak;
Heksi sputtar og blæs og les;
det gjeng um Nôverne Brak.

209«Tri Gonger tri!   I Namn av den,
som eig det svarte Velde!
Satanas! Satanas! — Hui! Det brenn!
— No er de baae selde.» —

Heksi lyfter den svidde Hand,
og alt er stilt som Grav.
Daa kjende Gislaug, at Rædsla vann;
det var som ho svimra av.

Alt vingla og vippa og rangt seg vreid;
det dansa Golv og Gruve . . .
Ho fann seg kje att fyrr langt ut i Hei,
paa Sprang yver Stein og Tuve.


Ho vaknar.

Daa vart det sagt eit lite Ord;
ho høyrde grant, det kviskra Mor.
Daa vart det stilt i Bringa.
210Kva hev ho tenkt?   Kor vil ho gaa?
Ho aldri meir kan Mor si sjaa.
Her er kje langt aa tinga.
Ho maa i Hølen springa.

Ho stend som sprengd av Synd og Skam.
Daa stiger stilt ein Skapnad fram,
meir kvit en alle Fenner.
Rik fell den ljose Kaapa ned.
Veslemøy sig med Rop i Kne.
Fram gjev ho rædde Hender; —
si Syster att ho kjenner.

«Aa kjære Syster, sæle Møy!
aa hjelp! no maa eg Dauden døy;
eg gav det vonde Magti!
Eg ligg i Synd og Satans Vald.
Han hev paa meg so fast eit Hald.
Eg somna av paa Vakti;
eg svor den vonde Pakti!»

211«Vend deg til den, som Sol hev skapt.
Enn er du ikkje reint fortapt,
du arme Syster kjære!
Reis deg med Magt og ut deg rykk!
Gjev att, gjev att den Synde-Drykk!
Det store Taal] tolmod (Aasen, 754)Taal du lære!
— Du ut er vald til Ære.»

Burt sloknar Syn og stille Kvad.
Men Gislaug stend i Hjarta glad
med Von og Vigsels Taare.
I svære Strid ho yver vinn.
Det vaknar Mot i mødde Sinn.
Ut, ut av Fall og Faare! —
Høgt bed ho Fadervaare.

Dei trøytte Føter Vegen snur.
Ho finn det svarte Heksebur,
og Døri upp ho river.
«Eg vil kje eiga Hjelp av deg!
Eg vender um fraa denne Veg!» —
212Og Flaska inn ho hiver,
so Glo og Gneistar driver.


Ei svær Stund.

Den lange Vinter lakkar;
han syng paa sin siste Sull.
Det brunkar i kvite Bakkar,
og Aai fløymer full.
Med Hjul maa bytast Meiar
paa Veg og Køyrefar.
Det driv med Regn i Heiar
og yver den graae Gard.

Der inne i gamle Stova
paa Sengi høg og mjuk
maa Gislaug ørski sova;
so braadt ho lagdest sjuk.
Ho søv til Syrgjelundar] jf. ordforklaring til Lund, Syrgjelundar,
som døyvt gjenom Huse smyg;
so læt det med mange Munnar,
naar Vestanvinden syg.

213Ho søv til Syrgjetonar
av Vestan-Sôg og Tôt] Susen, Brusen som af Vind eller Bølger (Aasen, 758)Tôt.
Ho trur og visseleg vonar,
det er hennar Likferds-Laat.
Naar Guten, ho sorgfull misste,
rid Brudgom med falske Viv,
han møter den svarte Kiste,
der Gislaug ligg kald og stiv.

Men Svevn vil Ungdom styrkja
som Notti den spede Knupp.
Daa Guten rid til Kyrkja,
daa stend ho Gislaug upp.
Ho sit ved grøne Rute
og ser yver Vegen nord; —
det glytte med Sol der ute,
daa Brudferdi framum fór.

Aat Sengi att ho vender;
ho vart so arm og veik.
Og heite Taarerne brenner
ned yver Kinni bleik.
214Ho vrid seg Næter og Dagar
og inkje Kvild kan faa;
so saart ho kvider og klagar,
at lenger ho liva maa.

Med Hagl og Holke-Splinter
og Isvind og Drivesnø
den sture Ettervinter
seg klengjer til Bygd og Bø.
Det er so vonde Tider
med Skifting att og inn; —
det er dei siste Strider,
fyrr Vaaren kjem og vinn.


I Blaahaug.

Vaat heng den tunge Lufti.
Det dryp av Kvistar og Runnar.
Myrkeskodd velter ollande inn
or Hav og Himmel-Grunnar
som Skuggen lett og som Notti stinn.

215Burt kvervest Taarn og Tufter
og Haugar og alle Bøar.
Som gløypt og gøymt av dei store Votn
ligg Land under Taakesjøar.
Alt er som laag det paa Havsens Botn.

I lyngsvarte Markjer inne
Veslemøy Smalen sankar.
Eit Havbrak susar fraa Vestansjø
med Tôt og tunge Tankar.
Ho glett i Holke og Flekkesnø.

I Skodda inn ho hildrast
og um paa Villheii tumlar;
dregst av Rop og flakkande Ljom
og Gulp, som or Aai mumlar.
Det vaknar og liver med Tussedom.

Upp or dei djupe Hyljar
stig som glidande Skuggar
Nøkken blaa paa sin halve Hest
og Vasstroll med vaate Luggar.
Dei okar seg fram som dei orkar best.

216Or Haug og blaae Heller
rid lange Rader og Reider
fram yver flekkutt Grôvemyr] myr med mange vasshol (NO 4, 848)Grôvemyr
og inn dei lange Leider
med Om av Ringling og Rop og Styr.

Som der ho gjeng i Draumar
og slitst av dei saare Minne,
so stend ho uppi ein Alvedans-Ring
og er der som mana inne
med Skodda tett som ein Vegg i Kring.

*

Vâr ho lyfter si Augne-Brun;
daa er ho innpaa eit Kongsgards-Tun.

Still ligg Garden i stengde Trygd,
maaneskinsljos, i ein Firkant bygd.

Tune er som ei Mose-Eng;
Svalgangar breide ikringum gjeng.

217Rausti] (ytter)taket på eit hus med møneRausti er blaae med gylte Flak;
Sular] Stolpe (eventuelt med ei kløft ovantil) (Aasen, 710)Sular av Sylv ber det høge Tak.

Bogar svære Sularne bind;
d’er Orm og Drake, i Bugt seg vind.

Slotte lyser, i Høgdi strekt,
med berre skinande Kopar tekt.

Taarn seg lyfter med Glim og Tir] Glans, herlighet (Aasen, 749)Tir;
Gullhanar glor paa dei høge Spir.

Som der ho stend, fortenkt og fortryllt,
er heile Tune av Hoffmenn fyllt.

Det lyser av Gull, det glitrar av Stein;
det ringlar med Perlur og Elfenbein.

Fagre Møyar i kvite Lin
av Sylgjur og Lad] her truleg: prydband for ugifte kvinner, gjerne for handledd eller hovud, ofte sett med sølv (NO 7, 8)Lad og Gulldobbar skin.

218Daa tinklar det stilt som Bjøllur smaa’,
so vent, at Veslemøy graata maa.

Og upp det stryk med so vill ein Slaatt;
Veslemøy er millom Graat og Laatt.

Sist kjem det ein Lund so sæl og so blid;
ho var kje so glad i si heile Tid.

Fram dansar dei Møyar i ljose Rad:
«her kan du altid faa vera glad.

Der ser du Kongen; vil her du vera,
skal Dronning-Krune og Krans du bera.»

Veslemøy ser den Haugkallen blaa
Konge staut i Svalgangen staa.

Kruna lyser som raude Glo;
Purpure er som det heite Blod.

219Kongsstaven skin av brennande Stein,
som Elden gul og som Logen rein.

Herleg er Kongen, fager og gild; —
all denne Stordom ho eiga vil.

Dansen gjeng yver Tune kaat;
Tonarne lokkar som Felelaat.

Aldri var ho so ør og glad; —
daa Møyarne spurde, so svara ho Ja.

Det er dei Møyar i kvite Lin;
dei flir henne Staupe, breddfullt med Vin.

«Drikk, so opnar seg Kongens Borg!
Drikk, so gløymer du all di Sorg.

Drikk av Staupe, og drikk det ut!
Daa gløymest den hardaste Hjartesut.

220Tenk deg kje um, men gjer som me song!
No bydst deg …] Veslemøy blir boden ein gløymsle-drykk, og alvane naudbed henne tre gonger om å drikke (Jf. t.d. folkevisa «Liti Kjersti»). Men den tredje oppmodinga er blitt uforståeleg i førsteutgåva; der står det: «bod Nyst deg dette for siste Gong!» Dette er ei misprenting; i manuskriptet står det: «No bydst deg dette for siste Gong!» Garborg har retta feilen i 1902-utgåva. I vår utgåve skriv vi «No bydst deg …»No bydst deg dette for siste Gong!»

*

Veslemøy bleiknar um brune Kinn;
det gjekk henne kaldt gjenom Hug og Sinn.

Veslemøy bleiknar um brune Vangar;
Tanken vaknar, og Minne fangar.

«Skal burt eg gløyma mi Hjartesut?»
— «All di Sorg den sløkkjer me ut.»

«Sløkkjer de Elden, som heitast brenner?»
— «Naar Staupe er tømt, du inkje kjenner.»

«Ja vil de sløkkja den Suti heit,
— den kan eg kje missa for alt eg veit.

221Og fyrr eg vil sleppa den Suti hard,
fyrr gjeng eg og bed meg i kvar Manns Gard.

Og fyrr eg vil gløyma den Sorg, som brenn,
fyrr gjeng eg som Narr i mi heile Grend.

Ja fyrr eg vil gløyma Guten, eg fann,
fyrr gjeng eg Fanteferd Land og Strand!

Ingen annan fær meg i Famn; —
no riv eg meg laus i Jesu Namn.»

— Alt er burte.   I Skodda sansar
ho just som ein Skimt av kvervande Svansar.


Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Haugtussa

Diktsyklusen Haugtussa ble utgitt i 1895. Diktene har fått en helt særskilt status i den nynorske litteraturhistorien, noe som er blitt forsterket av at Edvard Grieg har komponert musikk til diktene «Det syng», «Veslemøy», «Blåbærli», «Møte», «Elsk», «Kidlingdans», «Vond dag» og «Ved Gjætlebekken».

Hovedpersonen er ungjenta Gislaug, som av familien kalles Veslemøy. Veslemøy er synsk og kan se de underjordiske og menneskenes vardøgre i dyreham. Derfor får hun også tilnavnet «Haugtussa» ute blant folk. Etter å ha fått hjelp av presten til å takle alt hun kan se, blir hun lykkelig forelsket, men gutten hun elsker, svikter henne til sist for å bli rikt gift. Veslemøy kjemper deretter en kamp med seg selv for å håndtere sorgen og sviket, en kamp som også symboliserer striden mellom det gode og det onde i mennesket.

I Haugtussa gjør Garborg bruk av folkedikting, blant annet er det klare referanser til sagn og Welhavens dikt «Det omvendte Bæger». Dette sammen med skildringer av miljø og natur på Jæren bygger opp den riktige, trolske stemningen.

Les Gudleiv Bøs innledning og kommentarer

Les Gudleiv Bø: Veslemøys verden : veiviser i 'Haugtussa', Aschehoug, 2002

Se faksimiler av 2. utgave (NB digital)

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på X
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.