Haugtussa

av Arne Garborg

Føreord ved Idar Stegane og Gudleiv Bø


Arne Garborgs diktforteljing Haugtussa kom ut på Aschehougs forlag tidleg i mai 1895. Boka fekk interessert mottaking, på noko ulike premissar. Kritikken frå bokmålshald la særleg vekt på det lyriske og estetiske, medan nynorske kritikarar framheva boka som politisk innlegg. Med Haugtussa skreiv Garborg seg inn også som ein viktig lyrikar i den norske litteraturen.

Fleire av dikta har blitt klassikarar, framfor alle «Mot Solegla». Særleg har mange Haugtussa-dikt blitt folkekjære som songar, og det har samanheng både med Edvard Griegs melodiar og det folkevisegrunnlaget som finst i boka.

Arbeidet med denne tekstkritiske utgåva av Haugtussa er gjort av professor i nordisk litteratur, Garborg-kjennaren Gudleiv Bø. I tillegg til å stå for tekstetableringa har han skrive innleiing, gjort greie for tekst og kjeldestoff, arbeidt ut ord- og sakkommentarar og variantapparat. Teksten kjem både i bokform og digitalt. Nettutgåva finst på http://www.bokselskap.no/. Teksten er koda av Hilde Bøe. Eivor Finset Spilling og Kari Kinn har hjelpt til med kollasjoneringa. Åshild Haugsland har lese korrektur og kollasjonert.

I 2009 gjorde Det norske språk- og litteraturselskap ein samarbeidsavtale med Norsk kulturråd om å gje ut ei rad «favorittklassikarar», både i bokform og digitalt. Det er ei glede å kunne presentere ei av våre mest sentrale diktbøker, Arne Garborgs Haugtussa, som del av første pulje av desse planlagde utgjevingane.

NSL takkar Norsk kulturråd og Fritt Ord for økonomisk tilskot. Utan desse støttespelarane ville utgjevinga ikkje vore mogleg.

Idar Stegane




Norsk skil seg frå mange andre europeiske språk ved at skriftspråket endrar seg mest like raskt som talespråket. Dei språksamfunna som utvikla det nasjonale skriftspråket sitt allereie med bibelomsettingane frå latin til europeiske morsmål på 1500- og 1600-talet, har bevart skriftspråka sine nokså uendra i alle år, jf. fransk, engelsk og dansk: Ein stavar stort sett orda slik ein gjorde for 500 år sidan. Den gongen da desse skriftspråka vart etablerte, svara dei truleg så noenlunde med talespråket. Men så har talespråket halde fram å endre seg, medan skriftspråket har stått stille. Derfor kan engelske og franske og danske skoleungdommar framleis lese Shakespeare og Moliere og Holberg i original.

Men i Norge er haldningane til morsmålet farga av den spesielle språkhistoria vår. Da fellesmonarkiet med Danmark vart brote i 1814, opplevde mange det som problematisk at skriftspråket i Norge var dansk. Bare talemålet var uomtvisteleg norsk, og derfor fekk dét autoritet som noe av eit nasjonalsymbol. Derfor kunne Ivar Aasen etablere eit nynorsk skriftmål på grunnlag av dialektane, og derfor kunne Knud Knudsen få gjennomslag for ei justering av dansk skriftspråk i Norge etter norsk uttale. Slik fekk talemålet ein særleg status i Norge, medan skriftmåla har sakna noe av det nasjonale symbolverdet som normalt gjeld for eldre europeiske skriftspråk. Der fransk skriftmål er eit kult-objekt – ikkje bare for diktarar, men for gode borgarar, er dei norske skriftmålsformene naudsynte kommunikasjonsreiskapar utan krav på overdriven pietet. Og derfor har ein på 1900-talet med noen tiårs mellomrom justert skriftspråknormene i retning av talespråket.

Rimeleg nok gjør dette at norske ungdommar får problem med norske klassikarar i original språkdrakt – anten dei er på dansk, eldre bokmål eller eldre nynorsk. Ortografi, ordval og setningsbygnad i den klassiske norske diktinga verkar framand og stengande for moderne lesarar. Forlaga våre har freista å bøte på dette ved å modernisere språket i klassikarane – først og fremst ortografien. Men da blir det etter kvart eit behov for at i alle fall fagfolka på det aktuelle området lærer å kjenne originalen. Slik teologar må kjenne latin, gresk og hebraisk, må norskfilologar kunne lese klassikarane våre i alle fall frå 1500-talet og frametter i opprinneleg språkdrakt. Men da må klassikarane vere tilgjengelege, og det er her Det norske språk- og litteraturselskaps serie kjem inn: Vi føreset at forlaga framleis marknadsfører moderniserte tekster for den lesande ålmenta, men at forskarar og studentar i høgare utdanning les studietekster baserte på originaltekstene. I kultursamfunn av vår type krevst det altså parallellutgåver av klassikarane – ei for den alminneleg interesserte lesaren – og ei anna for det akademiske studiet av teksta.

Gudleiv Bø

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Haugtussa

Diktsyklusen Haugtussa ble utgitt i 1895. Diktene har fått en helt særskilt status i den nynorske litteraturhistorien, noe som er blitt forsterket av at Edvard Grieg har komponert musikk til diktene «Det syng», «Veslemøy», «Blåbærli», «Møte», «Elsk», «Kidlingdans», «Vond dag» og «Ved Gjætlebekken».

Hovedpersonen er ungjenta Gislaug, som av familien kalles Veslemøy. Veslemøy er synsk og kan se de underjordiske og menneskenes vardøgre i dyreham. Derfor får hun også tilnavnet «Haugtussa» ute blant folk. Etter å ha fått hjelp av presten til å takle alt hun kan se, blir hun lykkelig forelsket, men gutten hun elsker, svikter henne til sist for å bli rikt gift. Veslemøy kjemper deretter en kamp med seg selv for å håndtere sorgen og sviket, en kamp som også symboliserer striden mellom det gode og det onde i mennesket.

I Haugtussa gjør Garborg bruk av folkedikting, blant annet er det klare referanser til sagn og Welhavens dikt «Det omvendte Bæger». Dette sammen med skildringer av miljø og natur på Jæren bygger opp den riktige, trolske stemningen.

Les Gudleiv Bøs innledning og kommentarer

Les Gudleiv Bø: Veslemøys verden : veiviser i 'Haugtussa', Aschehoug, 2002

Se faksimiler av 2. utgave (NB digital)

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.