Haugtussa

av Arne Garborg

Heime



Veslemøy ved Rokken.

D’er Haust. Det ruskar ute
med Regn og kalde Vind.
Smaafuglen flyg mot Rute
og vilde gjerne inn.
Men under Omnen god,
der ligg paa Sekke-Pute
han gamle Mons i Ro.

6Der ligg han trygg og drøymer
og blinkar stilt og smaatt
og alt i Verdi gløymer
og hev det varmt og godt.
Og seier ingen Ting,
men liksom inn seg gøymer
med Rova sveipt i Kring.

Som Silke-Nøste fine
han ligg i mjuke Skinn
med Svevn i kvar den Mine
og alle Kløer inn.
Og glyrer likesæl
med kloke Augo sine
og murrar smaatt og mêl.

*

Skal vita kor du vankar
i blide Draumar no?
Kann henda dine Tankar
seg svæver linnt til Ro
7i gamal Minne-Krins,
som stilt i Hop seg sankar
fraa den Tid, du var Prins?

Venaste Prins i Verdi
du gjekk i Skogen grøn
med Gullhaar yver Herdi
og ung og keik og kjøn] eit semantisk par der begge lekker tyder «rak» eller «bratt» (i ryggen) – helst som uttrykk for at ein er stolt (NO 6, 417)keik og kjøn
og tenkte paa den Møy,
som gjekk og henta Bæri
so vide under øy] folkeviseformel, t.d. i «Olov Agjesdotter», strofe 5, oppskrift ved Sophus Bugge etter Ragnhild Flatastøyl, Vinje, Telemark. Garborg nyttar uttrykket også i I Helheim. Sannsynleg tyding: på den nedre delen av øya (Aasen, 800). Jf. uttrykk som «plassen (ned)under fjellet, vi tok rast (inn)under bakken».under Øy.

Daa kom den Trollheks blide
med Sving og Sveiv og Svins
fraa Trolleheimen vide
og saag den vene Prins.
Men skræmd han fraa ho skvatt.
Daa las ho Trollbøn stride
og gjorde han til Katt.

Sidan so vidt han flakkar
igjenom Skog og Skar,
8langt yver Berg og Bakkar
og kjem til okkons Gard.
Her kan i Ro han døy.
Her vil han kvila, Stakkar,
og tenkja paa den Møy.

Aa hu! det ruskar ute
med Regnvind sur og graa;
Smaafuglen flyg mot Rute
og liksom bankar paa.
Men under Omnen god
du Mons paa Sekke-Pute
skal drøyma lognt i Ro.


Kvelding.

Snøen fell
i graae Kveld
stilt or mjuke Lufti.
9Stilt og tett,
lint og lett,
legg som Dunseng mjuk og slett
dunkvit yver Tufti.

Veslemøy
vondlar] sammenvikle Hø og Halm i visse Portioner (…) for Køerne (Aasen, 862)vondlar Høy
i den myrka Løa.
Nisselaatt (…) Tuftekall] nemningar som nisse, tuftekall, tusse(folk), underjordsfolk, huldrefolk skiftar frå bygd til bygd. Men alle stader skil dei seg frå trolla ved at dei gjerne held seg tett inn på menneska; nære garden eller stølen. Dei skil seg dessutan frå trolla ved at dei er usynlege til vanleg, men dei kan meir unntaksvis gjøre seg synlege. Ofte er dei også – stadig i motsetnad til trolla – småvaksne. Tussane er gjerne greie i omgang når ein steller rimeleg med dei og følgjer dei uskrivne lovene som gjerne gjeld for samhandling med dei. Ein særleg representant for dei småvaksne vetta som lever ved eller på garden, er nissen, fjøsnissen, tuftekallen, tomten, tunkallen, rudkallen eller gardvorden. Han tar seg gjerne av alle dyra i fjøs og stall. Somme granskarar meiner førestillinga om denne figuren går attende på den aller første rudningsmannen på garden – ein slags evig ættefar, som lever vidare etter døden, og har interesse av å følgje med på korleis etterkommarane steller med garden hans. Nissen i denne samanhengen er ein heilt annan figur en den moderne julenissen; tradisjonen om julenissen er ny i Norge, men går i land som Nederland og Tyskland attende til den årvisse feiringa av den barnekjære biskopen og helgenen Nikolas, som levde i Lilleasia på 300-talet. Nemninga huldrefolk, som ofte blir nytta synonymt med underjordsfolket, gjør skiljet uklårt i høve til huldra og huldrefriaren. Desse skil seg frå underjordsfolket elles ved at dei etter tradisjonen må vere av noenlunde same storleik som mennesket – i og med at dei attrår menneske som livs- og seksualpartnarar, og ikkje så sjeldan maktar å freiste kjærleikshungrige ungdomar over evne. Oftast skil huldra og huldrefriaren seg også ut ved at dei er einsame, og held seg på fråstand frå gardane og stølane (Bø 1987, 48 ff.; Skjelbred 1998).Nisselaatt
kvesar smaatt;
Tuftekall seg likar godt,
naar Buskap fær si Føda.

Gamal Kar
han er i Gard;
strengt han all Ting agtar.
Fylgde blid
fraa fyrste Tid
med i baade Stræv og Strid,
og helst han Fjose vaktar.

Difor og
veit han fjaag
10kva han hev i Vente.
Graae-Kropp,
Raue-Topp
kvar den Kveld sin Mjølke-Kopp
fær av snilde Gjente.

Mat ho ber
til Kui kjær,
og kvar og ei ho kjæler.
Gjerne ho
stullar so;
altid var ho dyregod
og aldri Nissen fæler.

Varme Brunn] oppvermt drikkevatn (el lòg) til kyrne (NO 1, 977)Brunn
til tyrste Munn
hit fraa Eldhus ber ho.
Fær so snøgt
Ljos i Lykt,
mjolkar Kui lognt og trygt,
og breddfull Bytta fær ho.

11Stelt og god
Kui so
roar seg til Natten’.
Jortar smaatt,
legg seg godt;
Tuften kjem med enn ein Dott;
dansar so med Katten.


I Omnskraai.

Dei hev gjort fraa seg i Kjøk og Fjose,
men d’er for tidleg aa kveikja Ljose.
Lars Dreng maa stulla i Stall ei Stund
Ho Mor, ho tek seg sin Skómingsblund.

Daa inn dei tuslar fraa andre Garden,
han litle Per og ho snilde Maren.
Det er so varmt i den logne Kraa,
og no dei Sogur vil høyra paa.

Det er den Moro, dei helst vil velja;
og Veslemøy kann so godt fortelja.
12Det gjeng med Segner og Æventyr
og løgne Rispur um Troll og Dyr.

«Han Helge Haaland so vide jagtad;
ein Gong i Byen han laag og slagtad.
Men daa han kom seg til Holmesylt
paa Vegen heimatt, daa vart han tryllt.

Det var som Fjelli dei hadde flutt seg;
det var som Leiderne hadde snutt seg;
og Jord var Vatn, og Vatn var Jord,
og Hav var Fjellgard, og Sud var Nord.

Han hadde gløymt, kor han heime budde;
i Ring han tullad, og so han snudde.
Attende bar det so snøgt som Eld;
det leid paa Tidi; det var alt Kveld.

Han kjende plent som det saug og drog ’en.
Med ein Gong stod han i Vatneskogen.
Daa vart han fælen, det maa de tru,
og andre Gongen so laut han snu.

13Og berre Søyla han gjekk og glatt] preteritum av verbet glette: skli, gli (så ein misser fotfestet) (NO 4, 371)glatt i,
og meir og meir vart det svarte Natti.
Og Leidi burte var so for han,
som han skuld’ vera i framandt Land.

Og langt og lengje han gjeng og flakkar;
sist stend han ør millom bratte Bakkar.
Her aldri fyrr han i Verdi var.
Men so med ein Gong han finn ein Gard.

Og glad vart han, der han stod forlegen,
og inn han gjeng og vil spyrja Vegen.
Men aldri Ordet so fær han frett] perfektum partisipp av å frette: spørje ut, høre nytt om (NO 3, 761 f.)frett.
For slik ein Gard hev vel ingen set.

Det berre glimar og glor og blenkjer
fraa Krakk og Kraa og fraa Bord og Benkjer;
og Perlur hev dei um Hals og Haar,
og Sylvstas singlar, kvar Gong dei traar.

Han gløymer reint, kva det var han vilde,
og alle her er so hjarte-snille.
14Dei stullar um han i Rad og Krins
med Drykk og Mat som han var ein Prins.

Han gløymer heime og alt der ute;
snart er han sessa paa Silkepute.
Der sit han stirer og er som ør;
d’er nett han svarar, naar nokon spør.

So tidt han tyrster, so kjem med Krusi
den vene Dotteri der i Huse.
Slik Dros i Verdi han aldri saag;
reint som ei Hildring det um ho laag.

Han ser paa Gjenta som vil han daana;
ho smiler til han, so han kann braana.
Den Gamle nikkar og seier daa:
«um du ho likar, du kann ho faa.»

«Ja fær eg henne og dertil Garden,
so kund’ eg aldri bi betre faren.»
«Ja Garden fær du, naar fraa eg fell,
og Bryllaup held de i denne Kveld!»

15Og alt gjekk godt til um Notti seine,
daa dei i Brudkôven vart aaleine.
Daa alt med ein Gong han skyna maa;
for Huldrerova so fær han sjaa.

Daa baade fæla han maa og flira,
og upp han Kniven sin dreg or Slira; —
i same Stundi det gjekk eit Rop,
og svart og burte var alt ihop.

Han fann seg att under Haalandsaasen
med vondt i Hovde og vaat og frosen.
Daa alt forstod han: i heile Gaar
han hadde gløymt lesa Fadervaar.

Men sidan tidt, naar han einsleg staaka,
han denne Huldremøy atter raaka,
og daa med Taarer ho klaga seg:
«du kunde frelst baade meg og deg.»

Det er nok mange i Haug og Hamrar,
som gjeng og lengtar og stilt seg jamrar;
16dei saknar saart baade Sol og Dag;
men talmast] av talma: plage, altså her: plagast, «hentæres af Sygdom» (Aasen, 733)talmast maa dei i Tusselag.»


Sporven.

Smaa-Sporven gjeng i Tune
og tippar Konn og ribbar Straa
og hev so god ein Une] Tilfredshed, Fornøielse (Aasen, 802)Une
og lær aat Katten graa.
Pip, pip, det so seg lagar
alle Dagar,
at Monsemann meg jagar,
men kann meg aldri faa.

Eg er so lett paa Vengen,
og Mons maa sleikja seg um Trut;
kvitt, kvitt, den gamle Drengen,
han fekk so mang ei Sut.
Og um i vide Ringar
Hauken svingar,
eg burt meg kverv og kringar
og slepp av Leiken ut.

17Eg liver Dagar lette
og er fornøgd, aa ja, aa ja!
Kvar Dag eg fær min Mette
som eg det best vil ha.
Pytt, pytt, tarv aldri røa!
Nok i Løa!
Der ligg den rike Grøda;
der kan eg berre ta.

Og tidt eg fær i Joli
ein Godbit fin av Veslemøy;
og frys det, hev eg Skjol i
det gode varme Høy.
Og so — kvitt-kvitt, Gomaar’n!
so kjem Vaaren;
daa fri paa Vengen bôren
eg byggjer Reir paa Øy.


18Det syng.

Linnver og Sus og skodde-vaatt.
Maaneglyttar i sprengde Nott.

Skodde maaneljos, mjølkekvit
skuggelett velter hit og dit.

Skuggar vaknar og driver av.
Susing syng fraa det stille Hav.

Livet drøymer i Trolldoms Bann] forbanning (NO 1, 413)Bann.
Tung ligg Svevn yver Land og Strand.

*

Veslemøy søv i sin Omnskraabenk.
Linnt henne vekkjer ein Maaneblenk.

Dvaledøyvd, magtlaus, or Svevnen raadd
Skuggar ho skimtar i Maaneskodd.

Lett under Glas trippar Bukketraav.
Vinden susar med Sukk um Nôv.

19Veks og voggar som Tonebrus.
Inn skjelv Song so linn og so fus.

*

Aa veit du den Draum og veit du den Song,
so vil du Tonarne gøyma;
og gilja] lokke, forføre, dåre (NO 4, 15 f.)gilja det for deg so mang ein Gong,
rett aldri so kan du det gløyma.
Aa hildrande du!Med meg skal du bu,i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu.

Du skal ikkje fæla den svale Nott,
daa Røterne gror ned i Jordi;
du saag i Draumen det Maane-Slott
og høyrde dei Leikar-Ordi.
Det frævest] frø seg, setje frø (NO 3, 895)frævest i Blund,det grønkar i Lund,og Dagen ei kjenner den Sæle-Stund.

Du skal ikkje fæla den mjuke Nott,
daa Draumen slær ut sine Vengjer
i linnare Ljos en Dagen hev aatt,
og Tonar paa mjukare Strengjer.
20Det voggar um Li,det svævest] av å svæve: få til å sove (Aasen, 721)svævest av Strid,og Dagen ei kjenner den Sæle-Tid.

Du skal ikkje fæla den djupe Nott,
som søv under svivande Eimar
og ser gjenom Gru og ser gjenom graatt
langt inn i dei draumhulde] huld er perfektum partisipp av hylja, dvs. (inn-)hylle, slik at det blir usynleg – og ordet heim tyder her verd. Songen som Veslemøy hører, går altså ut på at der finst fleire enn ei verd, og at natta ser «gjennom Gru» osv. og «langt inn i» dei verdene som vi ikkje ser om dagen – fordi dei er løynde (hulde) i draumane våre (NO 5, 721 f. og Aasen, 292). Substantivet hulder tyder da eigentleg «den som til vanleg er eller som kan gjøre seg usynleg».draumhulde Heimar
og voggar deg linnog lullar deg innfraa Dagen den trøytte, av Soli blind.

Du skal ikkje ræddast den Elskhug vill,
som syndar og græt og gløymer;
hans Famn er heit og hans Hug er mild,
og Bjønnen arge han tøymer.
Aa hildrande du!Med meg skal du bu,i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu.


21Fyrevarsel.

Veslemøy ligg og drøymer
i Morgonstundi graa
og ser si sæle Syster
for Sengebenken staa.
Mjukt fløymer det kvite Lakan
ikring den Skapnad fin;
so vent det skimrar og lyser
med underlegt Bivreskin.

Eit Staup av Sylve klaare
i magre Hand ho ber.
Dei store stille Augo
med Sorg paa Veslemøy ser.
«Du arme, unge Syster!»
ho kved med kjærleg Sut,
«her er den Kalken djupe,
som du skal tøma ut.

Du hev den tyngste Lagnad,
som nokon her kan faa.
22Det som i Nott seg løyner,
det skal du skilja og sjaa.
Di legg det svikefulle
Snaarur i Vegen din
og lillar lint og lokkar
og tryller ditt unge Sinn.

Aa sjaa deg, sjaa deg fyre!
Du hev so myrk ein Veg.
Men naar du ut vil glida,
eg er ikkje langt fraa deg.
Aa sjaa, aa sjaa deg fyre!
Vegen er myrk og glatt.
Men ljuv er ljosnande Morgon
alt etter den tunge Natt.»

Veslemøy vak med Glede
vil helsa si Syster god.
Daa lyste gjenom Rute
den fyrste Morgon-Glo.
Den sæle, kjære Syster
gleid burt i Ljosken linn.
23Det drogst ein Sukk, som døydde
i vaknande Morgonvind.


Sundagsro.

Frosten knakar
i Nov og Vegg;
Soli gløser] lyser veikt, gløder (NO 4, 455)gløser
og søv og legg
sit Eldskin raudt yver Snøen.

Frostskodda heng
som svivande Bru
yver Isar og Hei
i Upp og i Sud] mest truleg er tydinga her: «i nord og i sør» eller altså «alle stader». Jf. uttrykket i lægste Sud i diktet «Det vaknar» (førsteutgåva, s. 139): Det er tydeleg at himmelretninga sør for Garborgs kjensle ligg «nede» eller «lågt»; da skulle nord vere «oppe» – eller «i Upp».i Upp og i Sud;
men fri ligg vinterstill Bøen.

Inne ho Gamlemor
brille-klok
ved Bordkanten uppe
24lês i si Bok
og tenkjer paa siste Ferdi.

Ved Omnen jønnraud
Ungdomen sit
og steikjer Skivur
og knaskar og ét;
det er det beste i Verdi.

*

«Kva er det, som tyt og aldri tegjer
i villande Hei?»«Bekken han tyt og aldri tegjer
paa langande Lei.»

«Kva er det, som høgger heile Dagen,
og Flis ikkje fell?»«Klokka ho tikkar heile Dagen
og lange Kveld.»

25«Stova full av den graae Ull,
som ingen kan taka?»«Røyken er denne lette Ull,
som ingen kan maka.»

«Det kjennest paa mjuke Kattesnute
baade varmt og kaldt;d’er ikkje inne og ikkje ute,
men tekt yver alt?»

«Og ikkje inne og inkje ute,
baade varmt og kaldt,det er i Glaset den klaare Rute
med Tak yver alt.»

«Rundt som eit Egg og langande langt
som ein Kyrkjeveg?»«Garn-Nyste er baade rundt og langt,
kan eg seia deg.»

«Fire heng og fire gjeng,
naar Lauvet det spretter;26tvo stend i Sky, tvo finn Vegen til By,
og ein diltar etter?»

«Kui med Jure paa fire gjeng,
naar Lauve det spretter;Honn stend i Sky, Augo ser imot By,
men Rova sleng etter.»

«Brunt i Roti det lær til deg,
men kvitt uppi Toppen;under eit Aaklæ det spelar seg
og gjer godt i Kroppen?»

«Ny-Ølet æser og brunt seg dreg
med Skumhatt paa Toppen;i aaklæ-tekt Kjer so spelar det seg,
og gjer godt i Kroppen.»

«Um Vinteren veks eit underlegt Tre,
men minkar um Vaaren.Roti snur upp og Toppen ned,
og smal er han skoren?»

27«Jokulen] eller jøkul, jøkel. Svaret på denne gåta er tydelegvis «istapp», men ordet jokul kan òg tyde «isbre» eller «arm av isbre» (NO 5, 1593)Jokulen er dette Vinter-Tre,
som minkar um Vaaren;han heng under Take med Toppen ned,
og smal er han skoren.»

«Vaar Herre han fær det aldri sjaa,
men me ser det kvar Dag?»«Sin Jamlike er det, han ei fær sjaa,
men som me ser kvar Dag.»

«Rotlaust veks det av lange Røter.
Um Dagen det skridpaa tvo, men til Morgons paa fire Føter,
um Kvelden paa tri?»

«Mannen veks rotlaus av lange Røter
fraa Adam av.Og fyrst han kryp; so gjeng han paa Føter,
men sist med Stav.»


Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Haugtussa

Diktsyklusen Haugtussa ble utgitt i 1895. Diktene har fått en helt særskilt status i den nynorske litteraturhistorien, noe som er blitt forsterket av at Edvard Grieg har komponert musikk til diktene «Det syng», «Veslemøy», «Blåbærli», «Møte», «Elsk», «Kidlingdans», «Vond dag» og «Ved Gjætlebekken».

Hovedpersonen er ungjenta Gislaug, som av familien kalles Veslemøy. Veslemøy er synsk og kan se de underjordiske og menneskenes vardøgre i dyreham. Derfor får hun også tilnavnet «Haugtussa» ute blant folk. Etter å ha fått hjelp av presten til å takle alt hun kan se, blir hun lykkelig forelsket, men gutten hun elsker, svikter henne til sist for å bli rikt gift. Veslemøy kjemper deretter en kamp med seg selv for å håndtere sorgen og sviket, en kamp som også symboliserer striden mellom det gode og det onde i mennesket.

I Haugtussa gjør Garborg bruk av folkedikting, blant annet er det klare referanser til sagn og Welhavens dikt «Det omvendte Bæger». Dette sammen med skildringer av miljø og natur på Jæren bygger opp den riktige, trolske stemningen.

Les Gudleiv Bøs innledning og kommentarer

Les Gudleiv Bø: Veslemøys verden : veiviser i 'Haugtussa', Aschehoug, 2002

Se faksimiler av 2. utgave (NB digital)

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.