Haugtussa

av Arne Garborg

Innleiing ved Gudleiv Bø

Arne Garborg skreiv det meste av manuskriptet til Haugtussa i løpet av vinteren 1894–1895. Truleg var arbeidet i gang alt medan han budde på Kolbotnen i Østerdalen hausten ’94 (Østigard 1993). Men det eldste heilt sikre vitnesbyrdet om at arbeidet var i gang alt denne hausten, får vi i ei brevveksling som gjeld oppstarten av tidsskriftet Syn og Segn. Det første nummeret skulle komme ut i 1895, og det var Garborg sjølv og vennene hans Rasmus Flo og Moltke Moe som var dei sentrale pådrivarane bak prosjektet. Det som har interesse her, er eit brev til Garborg frå Moe og Flo om ikkje han skulle ha noe å bidra med i opningsnummeret, – om ikkje anna, så «et vers eller en anden liden stub». Tingarane ville kjenne seg svikne om dei ikkje fann eitkvart av Garborg i det første nummeret. Garborg sende dei da eit dikt med tittelen «Dans», og han fortalde at dette diktet var tatt frå eit større bokprosjekt han var i gang med. Denne boka skulle bli

paa en noget anden Gjerd end mine andre. (…) Jeg er ellers noksaa kaut over min nye Bog-Ide, hvorved et gammelt Stof, som jeg i min hidtil anvendte Form umulig kunde faa Laat paa, endelig synes at skulle bli ‹forløst›.

Boka det er snakk om, er sjølvsagt Haugtussa, og diktet «Dans» er ein tidleg versjon av det diktet som i den ferdige boka kom til å få tittelen «Laget» (Dale 1969, 73 ff.).

Men om arbeidet tok til på Kolbotnen, så fann Garborg det snart naudsynt å komme til Jæren for å fullføre boka, slik han også hadde gjort da han skreiv Fred. Det er som om han trong å komme nærare både naturen og ikkje minst språket der vest om diktverket skulle bli rikt og levande. 5. januar 1895 er han på plass på Jæren, og han skriv til Hulda at han «haaber at komme i Arbeid». Snart går arbeidet etter måten raskt unna, men dét er i grunnen merkeleg, for heile tida er han aktivt med i den aldri kvilande politiske avispolemikken. I januar månad står det 32 artiklar av han i Den 17. mai, altså i gjennomsnitt meir enn ein i kvart nummer! Samstundes som han arbeider med Haugtussa! I februar har han bare 12 artiklar i bladet, men til gjengjeld kan han 26. februar fortelje at dei fire første delane av boka er ferdige: «Heime», «Veslemøy synsk», «Jol» og «I Gjætlebakken»; nesten tredjeparten av heile boka. Og ein månad seinare er ho så godt som ferdig; 25. mars legg han boka til sides; ho kan gjerast ferdig kvar som helst, seier han. (Dale, n.v. 83.)

Boka kom ut på Aschehoug i mai; ho låg føre i bokhandelen omkring 5. mai. Kritikken var blanda; ikkje særleg overraskande, kan hende, var nynorsk-kritikken positiv, og bokmålskritikken meir kritisk. Særleg var det den satiriske og allegoriske «Skarekula»-bolken som provoserte fleire av bokmålskritikarane (jf. Linneberg 1979a og 1979b). Men Haugtussa vart no likevel ein stor suksess. Harriet Backer skriv at «fine dannede Folk, som ikke er Literater, som ikke tør skrive om Kunst, Folk med gammel Visdom og fin Kultur, lærer Bogen udenad» (Brev til Hulda Garborg, Helgetorsdag 1895, Thesen 1939, 134). Også fleire framståande kunstnarar var oppglødde: Amalie Skram ville ha omsett boka til dansk om ho hadde kunna, og frå Jonas Lie fekk han eit brev med varm takk for Haugtussa. Viktig draghjelp for suksessen var det sjølvsagt at Edvard Grieg sette melodi til Haugtussa-songane: «Det er en helt genial bok, hvor musikken egentlig allerede er komponert. Man behøver kun å skrive den ned», skriv Grieg sjølv (Brev til nederlandske Julius Röntgen 12. juni 1895, Reime 2006, 146). Inkje under at Garborg var tilfreds; da han hadde hørt Eva Nansen og Harriet Backer Grøndahl framføre songane, skreiv han til Grieg: «Nu har jeg endelig fått høre Haugtussasangene ordentlig, (…) og jeg er blitt så glad i dem, mer enn jeg kan si. (…) Ja, jeg er så glad og kry, rent uttillatelig kry, fordi De kunne bruke disse Versene. Takk!» (Reime 2006, 146).

TEKSTUTGREIING

Suksessen gjorde at det vart aktuelt med fleire opplag, og etter kvart fleire utgåver. I denne samanhengen blei det viktig at landsmålet enno ikkje hadde ei fast form, men var under stendig utprøving og omforming; fleire skribentar som nytta landsmålet, hadde valt eit anna normeringsgrunnlag enn det Ivar Aasen gjorde framlegg om i 1850. Garborg hadde skrive nynorsk sidan 1877, og han var av dei som hadde lagt seg nokså tett opp til Aasens framlegg. Somme meiner å kjenne att ein svip av målføret på Jæren i Garborgs skrifter, og dette stemmer nok i ei viss mon når det gjeld ordforrådet (Særheim 2001, 107 ff.). Når det gjeld grammatikken, derimot – særskilt i bøying av verb og substantiv – ligg Garborg frå først av nokså nære Aasen (Dale 1950, 59 ff.).

Men framover på 1880-talet og først på 1890-talet fjernar han seg gradvis frå Aasen-normalen. Dette toppar seg omkring hundreårsskiftet. I 1898 blir Garborg saman med Rasmus Flo og Marius Hægstad oppnemnde til den første rettskrivingskomiteen for landsmålet, nedsett av Kyrkjedepartementet. Da dei la fram innstillinga si året etter, så var ho delt: Hægstad rådde til ei moderat forenkling av Aasen-normalen, medan Flo og Garborg gikk inn for det såkalla midlandsmålet: Dalbygdene midt i landet har ein spesiell posisjon i norsk kultur, meinte dei, fordi folkediktinga stod særleg sterkt i desse bygdene, og denne diktinga viser fram norsk språk utvikla til kunst. Og ettersom vi faktisk har ein ubroten tradisjon for språklege kunstverk i nett desse bygdene, burde målføra i Setesdal, Telemark, Numedal, Hallingdal og Valdres vere eit mønster for norsk målføring.

Konflikten munna ut i at mindretalet si tilråding vart gjort gjeldande som overordna norm, men midlandsmålet vart likevel tillate som sideform. Og Arne Garborg gikk over til å nytte dette målet – frå no av og fram til omkring 1914. Da nærma han seg på ny Aasen-normalen.

I tråd med språksynet sitt retta Garborg bøkene sine i dei utgåvene som kom etter hundreårsskiftet, og som han sjølv tok hand om. Dette gjeld også Haugtussa. Dei viktigaste endringane i høve til førsteutgåva finn vi i 5. opplaget, som kom i 1902; her «omsette» han boka si til midlandsmål. Også seinare gjorde han endringar, men det var helst mindre justeringar. Neste utgåve kom i samband med utgivinga av Skriftir i Samling i 1908. Seinare utgåver som Garborg sjølv tok hand om, var utgåvene frå 1912 og 1917.

Vi skal sjå på noen døme: I diktet «Gnavlehol» frå «Skarekula»-bolken, der han introduserer risen «Gumle», skriv han i førsteutgåva:

Her inne i løyndaste Myrke-Kraa
sit Gumle i Tiderne lange.
Som turre Tre-Rot han er aa sjaa
med Lemerne vredne og vrange.
Um Hausen gror Steinrot og Mose graa.

Noen sider seinare framfører Gumle kvedet sitt, «Gumlemaal», og da heiter det – i den same originalversjonen:

[Jutull] (…) stuvad Is.
Stoggad, stengde
med Mur og Myrker.

I 1902-utgåva har han stroke r-en i Tiderne og Lemerne, og skift ut e-en med i – slik at det blir «Tidine» og «Lemine». Vidare har han stroke d-en i preteritum av verb av «kasta-klassa». Som kjent hadde Aasen konstruert det han meinte ville vere ein fellesnemnar for dei aller fleste norske målføre. Dessutan ville han markere endingane i skrift slik at dei dels signaliserte semantisk tyding i det grammatiske systemet, og dels viste samanhengen bakover til norrønt. Men Garborg stryk altså fleirtals-r-en i bunden form og dental-suffikset d i preteritum fordi ein ikkje hører dei i dei talemåla som han ville bygge midlandsnorma på. Dessutan byter han ut e med i i fleirtal av hokjønnsord, fordi dette er vanleg i midlandsmåla.

Men ikkje alle Garborgs endringar i dei ulike utgåvene var språklege. Han har også gjort redaksjonelle endringar av innhaldet. Særleg har han justert innhaldet i «Skarekula»-bolken. Som nemnt fekk han ein del kritikk for denne bolken – kan hende først og fremst av politiske motstandarar – på grunn av den radikale tendensen her – men også av kritikarar som ikkje såg den tematiske samanhengen mellom denne bolken og resten av verket (Om dette jf. Linneberg 1979 og Bø 2002). I alle høve har Garborg endra «Skarekula»-bolken fleire stader, og korta han noe ned. Dessutan har han endra ordvalet i ein del tilfelle: Mellom anna vart han meir puristisk med åra; han ville unngå ordet heks; i seinare utgåver forsvinn heksene meir og meir. I diktet «Stjernefall» i «Skarekula»-bolken forsvinn «Blid heks» frå 1895 heilt – den strofa som fortel om henne, blir stroken; vidare blir «Finneheks» frå 1895 til «Finnekjering» i 1912; «Gulheks» frå 1895 blir til «Gulklædd Kjering» i 1912; «Blindheks» frå 1895 blir til «Kjering som blinksar» i 1912 osb.

Tekstgrunnlaget for denne boka er førsteutgåva frå 1895 – altså frå perioden før midlandsmålet – da Garborg framleis låg noenlunde nære Aasen-normalen. Ein kan saktens argumentere for at det er sluttproduktet til diktaren som bør leggast til grunn for ei standardutgåve av verket – og ikkje den førsteutgåva som han etter nærare overveging har vilja endre på. Og sant nok – den siste utgåva frå forfattaren si hand har si interesse; ho kan hjelpe oss å forstå den personlege historia til diktaren – kva for utvikling han har gjennomgått etter førsteutgåva. Likevel har altså andre omsyn vore styrande for denne utgåva. Det viktigaste er at det er førsteutgåva som genererer dagskritikken, og det er den som er den første offentlege «aktøren» i resepsjonshistoria. Dei som kjem inn i resepsjonshistoria seinare, vil med ein del av seg sjølv «svare» på dei bokmeldingane og dei litterære omtalane som alt ligg føre – jamvel om dei med ein annan del av seg sjølv vil «svare» på den primærteksta dei har lese, men ofte utan å vite om denne teksta er identisk med originalversjonen eller ikkje – og aller minst kva skilnadene mellom dei måtte vere. Dermed står originalversjonen fram som den mest handfaste «aktøren» i litteraturhistoria; det er oftast svært uvisst kva seinare versjonar får å seie.

Målet med denne utgåva har vore å gjøre førsteutgåva tilgjengeleg. Men førsteutgåva var trykt med gotisk skrift. Ho er derfor blitt skanna og gjengitt her med vanlege latinske bokstavar. Hovudvekta i merknadene ligg på forklaring av sjeldne ord og realkommentarar.

Dei endringane som Garborg seinare kom til å gjøre, er strengt tatt ikkje relevante for prosjektet om å gi ut førsteutgåva på ny. Likevel vil eg gjøre merksam på eit mindre utval av dei tekststadene der diktaren har gjort endringar. Som nemnt gjeld dette først og fremst for «Skarekula»-bolken. Denne bolken er blitt kollasjonert med alle dei relevante utgåvene som Garborg sjølv stod for, heilt frå det handskrivne trykkmanuskriptet over den prenta 1895-utgåva og vidare til dei seinare utgåvene fram til 1917-utgåva. Alle endringane han gjorde, er blitt registrerte, og vil bli viste i den utvida nett-versjonen av denne Haugtussa-utgåva. Men i merknadene blir bare eit utval av Garborgs endringar kommenterte: Typografiske endringar – av overskrifter t.d. – blir ikkje kommenterte. Det same gjeld ortografiske eller grammatiske endringar som følgjer av overgangen til midlandsnormalen frå og med 1902-utgåva. Normalt kommenterer eg heller ikkje endringar av teiknsetting, bindestrek e.l. Eg nemner heller ikkje endringar av konjunksjonar eller andre småord dersom den leksikalske endringa er uvesentleg. Bare der det er klåre endringar i meiningsinnhaldet, gjør eg merksam på dei i kommentarane. Når det gjeld det handskrivne originalmanuskriptet, kommenterer eg bare større skilnader i høve til førsteutgåva, først og fremst i tilfelle der heile dikt eller strofer er blitt strokne eller flytta. Opplagde trykkfeil i 1895-utgåva i høve til trykkmanuskriptet er retta opp og kommentert.

Når det gjeld ordforklaringane, drøftar eg ikkje meiningsinnhaldet i dei mange døma i dette verket på ord med onomatopoetisk funksjon – det som Arild Linneberg har kalla «asemantiske vers» (Linneberg 1979a) – ord som i første rekkje representerer rytme og klang: «hei! kringande deg, / hei! svingande deg (…) Tingel, / Tangel,» (førsteutgåva, 49).


LITTERATUR

  • Bø, Gudleiv 2002. Veslemøys verden. Veiviser til «Haugtussa». Aschehoug, Oslo. Digital utgave, NSL 2010.
  • Bø, Gudleiv 2007. «‹Skarekula› og den kunstneriske helheten i Haugtussa». I 18.06.46. Festskrift til Sveinung Time på 61-årsdagen. Red. Leif Johan Larsen, Per Arne Michelsen og Dag Orseth. Høgskolen i Bergen, Bodoni forlag, Bergen
  • Bø, Olav 1987. Trollmakter og godvette. Overnaturlege vesen i norsk folketru. Samlaget, Oslo
  • Bygstad, Erik 2000. «Heilagbròt og Alveland». I Edda. Nordisk tidsskrift for litteraturforskning (2). Universitetsforlaget
  • Dale, Johs. A. 1950. Studiar i Arne Garborgs språk og stil. Aschehoug, Oslo
  • Dale, Johs. A. 1969. «Garborg i arbeid med ‹Haugtussa›». I Garborg-studiar. Samlaget, Oslo
  • Garborg, Arne 1895. Haugtussa (1. utg.). Aschehoug, Kristiania
  • Garborg, Arne 1902. Haugtussa (5. uppl.). Aschehoug, Kristiania
  • Garborg, Arne 1908. Haugtussa I. I Skriftir i Samling, b. 5. Aschehoug, Kristiania
  • Garborg, Arne 1912. Haugtussa (7. uppl.). Aschehoug, Kristiania
  • Garborg, Arne 1917. Haugtussa (8. uppl.). Aschehoug, Kristiania
  • Garborg, Arne 1975. Haugtussa. Aschehougs fontenebøker, Oslo
  • Garborg, Arne 2006. Haugtussa. Forteljing. Språkrevidert utgåve med ordforklaringar. Red. Sigbjørn Reime. Time kommune, [Bryne]
  • Hodne, Ørnulf 2008. Trolldom i Norge. Hekser og trollmenn i folketro og lokaltradisjon. Cappelen Damm, [Oslo]
  • Larsen, Leif Johan, Per Arne Michelsen og Dag Orseth (red.) 2007. 18.06.46. Festskrift til Sveinung Time på 61-årsdagen. Høgskolen i Bergen, Bodoni forlag, Bergen
  • Linneberg, Arild 1979a. Arne Garborgs Haugtussa – En analyse av kunstverket i kommunikasjonen. Avhandling (magistergrad), Universitetet i Oslo, Oslo
  • Linneberg, Arild 1979b. «Romantikk for borgar – realisme for bonde? Arne Garborgs Haugtussa og litteraturkritikken». I Syn & Segn (2/3). Det norske samlaget, Oslo
  • Linneberg, Arild 2006. «Haugtussa 111 år. En tale for dagen». I Arne Garborg Haugtussa. Forteljing. Språkrevidert utgåve med ordforklaringar. Red. Sigbjørn Reime. Time kommune, [Bryne]
  • Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder fra vikingtid til reformasjonstid 1956–1978. B. I–XXII. Gyldendal, Oslo
  • Midttun, Olav 1975. «Merknader». I Arne Garborg Haugtussa. Aschehougs fontenebøker, Oslo
  • Mundal, Else 1974. Fylgjemotiva i norrøn litteratur. Universitetsforlaget, Oslo
  • NBO Ms. fol. 853. Garborg, Arne [1895]. Haugtussa (Originalmanuskript). Nasjonalbiblioteket, Oslo Ms. fol. 853
  • Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet 1966–2009. B. 1–8. Samlaget, Oslo. I merknadene forkorta til NO
  • Norsk Ordboks setel-arkiv. Universitetet i Oslo. I merknadene forkorta til NOsa. Dette gjeld ord-opplysningar som enno ikkje er tilgjengelege i bok-verket NO
  • Nynorskordboka: definisjons- og rettskrivingsordbok 2006. Ved Marit Hovdenak. Samlaget, Oslo. I merknadene forkorta til Nno
  • Reime, Sigbjørn 2006. «Om Veslemøy og Haugtussa – og litt til». I Arne Garborg Haugtussa. Forteljing. Språkrevidert utgåve med ordforklaringar. Red. Sigbjørn Reime. Time kommune, [Bryne]
  • Skjelbred, Ann Helene Bolstad 1998. Fortellinger om huldra – fortellinger om oss. Tano Aschehoug, [Oslo]
  • Snorri Sturluson 1963. Den yngre Edda. I Norrøne bokverk, b. 42. Samlaget, Oslo
  • Særheim, Inge 2001a. «Aadne Maalstrævar. Målreisaren Arne Garborg». I Jæren. Årbok for Jærmuseet 2001. Jærmuseet, Nærbø
  • Særheim, Inge 2001b. «Kjelvur med Vibur og Heluna. Jærmål og midlandsmål hjå Arne Garborg». Ibid.
  • Thesen, Rolf 1939. Europear og jærbu. I Arne Garborg, b. 3. Aschehoug, Oslo
  • Thiele, J. M. 1968. Danmarks Folkesagn, 1843–60. Utg. ved Per Skar. Rosenkilde og Bagger, København
  • Østigard, Arne Dag 1993. Arne og Hulda på Kolbotnen. Sollia forlag, Atnbrua
  • Aasen, Ivar 2003. Norsk Ordbog; med dansk Forklaring. Samlaget, Oslo. I merknadene forkorta til Aasen

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Haugtussa

Diktsyklusen Haugtussa ble utgitt i 1895. Diktene har fått en helt særskilt status i den nynorske litteraturhistorien, noe som er blitt forsterket av at Edvard Grieg har komponert musikk til diktene «Det syng», «Veslemøy», «Blåbærli», «Møte», «Elsk», «Kidlingdans», «Vond dag» og «Ved Gjætlebekken».

Hovedpersonen er ungjenta Gislaug, som av familien kalles Veslemøy. Veslemøy er synsk og kan se de underjordiske og menneskenes vardøgre i dyreham. Derfor får hun også tilnavnet «Haugtussa» ute blant folk. Etter å ha fått hjelp av presten til å takle alt hun kan se, blir hun lykkelig forelsket, men gutten hun elsker, svikter henne til sist for å bli rikt gift. Veslemøy kjemper deretter en kamp med seg selv for å håndtere sorgen og sviket, en kamp som også symboliserer striden mellom det gode og det onde i mennesket.

I Haugtussa gjør Garborg bruk av folkedikting, blant annet er det klare referanser til sagn og Welhavens dikt «Det omvendte Bæger». Dette sammen med skildringer av miljø og natur på Jæren bygger opp den riktige, trolske stemningen.

Les Gudleiv Bøs innledning og kommentarer

Les Gudleiv Bø: Veslemøys verden : veiviser i 'Haugtussa', Aschehoug, 2002

Se faksimiler av 2. utgave (NB digital)

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.