Haugtussa

av Arne Garborg

Jol



Ungdom.

Det er Joletid; det er Annandag.
Hjaa Gamlemor held dei sitt Danselag.
Dit flokkar seg Gut og Gjente.
Føre er fælt med Snø og med Slaps;
Vegarne er berre Grugg og Graps] eit semantisk par der begge ledda tyder søle, gjørme. Graps er stadig i bruk i jærmålet, og har den generelle tydinga griseri (NO 4, 678, 865)Grugg og Graps;
men alle so er dei plente] punktleg, nøyaktig, presis (NO 8, 1288)plente.

40Me veit kor det er i Ungdomens Tid;
etter all den kvardagsleg’ Sut og Strid
ein Leik so hjarteleg smakar.
Og Gleda er gjæv og Gleda er kjær;
dei hoppar som Folar og Rundkast slær,
og spenner i Golv, so det brakar.

Og Guten drikk seg eit lite Mot;
so sullar dei fram paa dansande Fot
og held seg i varme Hender.
Aa hei!   ropar Guten og svingar sin Arm,
og Gjenta smyg etter so sæl og varm
og lær med dei kvite Tenner.

Og Gleda svell i den unge Barm;
gløymd er baade Strid og Suter og Harm] her: sorg (NO 5, 1)Harm,
og Livet stormar og strøymer.
Hugen leikar og Auga lær,
Elsken gløder, og Hjarta slær;
det er Stunder, ein aldri gløymer.

41Men vert det for mykje med Drykk og Braak,
og vaknar Sinne med Slaasting og Staak,
daa kjem han, den vonde Mannen.
Og sit i Kraai og flirer og glor.
Og daa gjeng det laust med Meinferd] skadeverkMeinferd og Mord,
til dessmeir Hugnad for Fanden.

Daa fer ei Uferd] her mest truleg: daarlig Adfærd (Aasen, 791)Uferd so mang ein Gut,
og Gjenta kjem ut i Skam og i Sut,
og Gleda vendest til Vaade.
Di skal me fagnast paa sømeleg Vis
og all Tid gjeva vaar Herre Pris,
som unner oss Liv og Naade.


Laget] Dei første par sidene av dette diktet er så godt som identiske med det diktet Garborg hadde i det første nummeret av Syn & Segn under tittelen «Dans», jf. Innleiing. Teksta i Syn & Segn går fram til: «Og rundt dei sviv / i laage Rom» (førsteutgåva, s. 43)Laget.

Aa hau deg og hei, no tek Fela i,
og ho lær og læt,
og ho syng og græt;
aa kom, aa kom no, du Gjenta mi,
no skal me sulla saman.
42Aa lengje gjekk me no kvar for seg
og lengta so langt
og tenkte so mangt;
no hev du meg her, og no hev eg deg;
det er so godt eit Gaman.

Aa hugsar du sist paa den grøne Eng;
eg sneidde] preteritum av å sneide: snu (til sida); stundom: å terge (Aasen, 662)sneidde og slo,
du breidde og lo;
so sat me kvilte paa Moseseng;
aa du, det var blide Dagar.
Eg saag paa deg og du saag paa meg,
og me lo so godt
og forstod so godt;
eg tenkte med meg: dette jamnar seg,
og sidan seg alting lagar.

Aa ja, du Gjenta mi,
det er so lang ei Tid;
eg seier fritt,
eg tenkjer tidt:
aa var me no alt paa Veg!
Her er so leidt og kaldt,
og d’er so langsamt alt,
43men hadd’ eg ho,
eg meiner no,
so sytt’ eg kje meir for meg.

Aa hei!   lat oss dansa, med Dansen gjeng!
no Soli ho snur,
og Joli ho snur;
lat gaa det paa Kar] dugeleg; forsvarleg; til gagns (NO 6, 133)paa Kar, lat gaa det paa Spreng!
No gjeng det paa rette Maate.
Til Vaars, kven veit, stend ein annan Dans;
hei! det skal bli Stell,
hei! det skal bli Smell,
ja daa skal me leika forutan Stans,
aa du, so glade og kaate.

Og rundt dei sviv
i laage Rom
med Hopp og Hiv
og Fele-Ljom,
og Guten rak
i faste Tak
si staute Gjente svingar.
44Dei stormar paa
med Kast og Spend
fraa Kraa til Kraa
so Duren stend,
og Drengen blid
med Drosi si
um sæle Hjaasvæv’] hjåsvæve er et substantiv for «det å liggja i same seng som ein annan», oftast «det at gut og gjente ligg saman om natta (etter skikken påkledde) t d i eit bryllaup el når ein gut går på friing» (NO 5, 509)Hjaasvæv’ tingar.
Men Gjenta vâr
med Smil og Spott
gjev snøgge Svar
til Glis og Laatt;
og Øle renn,
og Blode brenn,
og Slaatten kved og klingar.

*

Haugtussa ho sit i myrkaste Kraa
og ser paa og myler] presens av å myle: mumla (…) mulla (…) småskjenna (NO 8, 71)myler og mumlar;
ho ser det dei andre ikkje kan sjaa,
som villt seg i Dansen tumlar.
I Stova det kryrmed alle Slags Dyr;dei hoppar som Skuggar og flyg og flyr.

45Kvar ein og kvar ei hev Vardyvle] jf. merknad til Fylgja, Vardyvle sitt,
det fylgjer so trugje sin Herre;
det eine er svart, det andre er kvitt,
eit styggt og det andre verre.
Aa kunde dei sjaa!Dei fælte visst daaog Vondskapens Vegar seg vende fraa.

Han Topp-Ola Leite stroken og stram,
som sviv der med Midja den svange] tom, smal over Maven; især om Dyr som have faaet lidet at æde (Aasen, 714)svange,
han hev til Fylgje ein Haneham
med Sterten og Sporarne lange.
Han Daase-Per Skau,han heve ein Sau,og sløge Jo Bliland hev Reven raud.

Han Late-Knut Aase, Likesæl-Knut,
maa fylgjast med Feitsugga fæle;
han Andrias Haaland, den Gjentefut,
hev Bukken hoppand’ i Hæle;
men søtmælte Svein,som gjeng der so rein,hev Vargen den graa’ med dei lange Bein.

46Med Slurve-Jens fylgjer ein utsvelt Gamp,
han fekk korkje Høy elder Vatten;
og Bjønnen er med han Sterke-Lars Kamp;
men Haale-Jakop] hål tyder sleip, glatt (NO 5, 1020 f.)Haale-Jakop hev Katten.
Han Kristian Skarvil vera slik Kar,men Hare-Pus spring i hans Fotefar.

Ho Skravle-Guri ho hev ei Geit
med Honni som kvast kan rispa;
med Rund-Malli hoppar ein Smaagris feit,
og Flokse-Berit hev Tispa;
ho Mari der nord,ho heve ei Skjor;ho Langskankle-Rakkel] langskankle eller langskank er ein lang og tunn skapning, helst av hokjønn, med lange knoklar, særleg lår (NO 7, 126)Langskankle-Rakkel hev Merri stor.

Ho Maren og Mette og Lisabet
og Stine fraa Storbrekk’-Møne
og Jórina Klopp og Olina Klett,
dei hev berre kvar-si Høne.
Men Meggja fraa Aas,med Sylv under Laasog Garden aaleine, ho hev ei Gaas.

47So leikar dei rundt i lysteleg Dans,
paa tvo Bein og andre paa fire;
det svingar med Arm og sveiver med Svans
og dissar i Stokk og i Spire] semantisk par: «i stokk og i bjelke»; elles tyder spire ofte trestamme (Aasen, 677)i Stokk og i Spire.
Daa høyrest det Traakk.Inn støler] presens av verbet støla, som frå Rogaland og Nordhordland er registrert med tydinga strøyma til, flokka seg i hop, samla seg (NOsa)støler ein Flokk . . .Jau no skal me sjaa, her vert folksamt nok! —

Huldri or Haug,
Tuft og Dverg] Førestellingar om dvergar som ein særskilt type småvaksne vette går attende til norrøn mytologi. Ifølgje Snorre-Edda skal dei ha vortne til i kroppen til jotnen Ymir, og dei budde seinare helst i berg og steinar. Dei var uslåelege meistrar i smiekunst (Bø 1987, 33, 71 ff.).Dverg og Draug,
Bøyg og Bustetroll
bykser inn I Koll] over ende, på hovudet (NO 6, 777)i Koll;
lufsar i Kring
lett som ingenting,
kravlar upp paa Kant og Kiste;
lempar seg Rom
midt i Staak og Ljom,
dansar der i Kraa,
ingen kan det sjaa;
Gryte og Kjel,
Honn og Tussespél
læt ein Laatt, som ingen visste:
48Vatsdrope-Klunk, Bekkje-Surl i Jord,
Vindgraat av Vest, Baaresus av Nord,
Kviskring i Kraa, Dun] drønn (NO 2, 241)Dun av døyvde Ord,
Kvasl av Lauv, som fell fraa Kviste . . .

Sulle no, tulle no,
Graakall og Graakulle] kall og kulle svarar til kar og kjerring (NO 6, 66, 1251). Når dei her blir kalla grå-, er det tale om underjordsfolk av begge kjønn.Graakall og Graakulle,
tulle no, sulle no,
svævd er Sol;
humpe no, hoppe no,
Graatopp og Graatoppe,
hoppe no, humpe no,
hau! d’er Jol.

Bummel,
Bammel,
Rokkedans og Rammel,
myrkt fraa Berg til Blaane.
Bammel,
Bummel,
Rangedans og Rummel,
sløkt er Sol og Maane.

*

49Og villt og villare, hei! det gjeng,
hei! kringande deg,
hei! svingande deg;
no gjeng det paa Kar, no gjeng det paa Spreng,
no gjeng det forutan Maate.
Og aldri saag du slik Hurlumhei
med Sveim] en liden Ruus (Aasen, 715)Sveim og med Staak,
med Bræl] bråk (NO 1, 1016 f.)Bræl og med Braak;
det durer i Notti paa langan Lei,
og dei er fulle og kaate.

Tingel,Tangel,Rumledans og Rangel,Brak i Bjønnekjole . . .

Og her er Guten, aa hei og haa!
gjenom Berg og Fjell,
gjenom Os og Eld;
aa vil du meg ha, so kan du meg faa;
eg fær naar eg berre peikar.
Aa kom med Truten, aa haa og hei!
50Slik drusteleg Dreng
kan du faa i Seng;
det finst kje slik Kar, um til Rom du rei;
aa ser du, kor lett han leikar.

Tangel,Tingel,Vavredans] vavra vil seie å «svæve, være i Bevægelse, fare frem og tilbage» (Aasen, 828)Vavredans og Vingel;godt og myrkt i Joli . . .

*

— Veslemøy sit som tryllt og glor,
og tungt av Barm ho andar.
No gjeng det baade ned og nord;
for Troll og Folk seg blandar.
Og Ljoset dovnar.   Myrkret meir
og meir seg saman ringar.
Tussar tumlar seg fleir og fleir.
— So stryk det upp med Springar:

Aa gjævaste deg,eg giljar for deg,aa sulla med megi sudeli-dudelidei.

51Venaste deg,aa venta paa meg,no kjem eg til degi dudelidei.

Aa hildrande (…) Gildrande] hildra kan tyde å vise seg større og gildare enn det er eller å lokke, å dåre (NO 5, 415), gildre tyder oftast å setje opp snare eller felle (NO 4, 11 ff.)hildrande du,no vil eg meg snuog byggja og bui Haukeli-Haukeli-hei.

Gildrande du,med meg skal du buog Rokken din snui Haukeli-hei.

Ragg skal du spinna,Traad skal du tvinna,Sokk skal du binda,surelilei;eg skal deg sulla,stella og stulla,hyggja og hu--delideia!

52Vev skal me renna,Rev] vindebom i vevstol (Aasen, 563)Rev skal me venda,Brisk skal me brenna,surelilei;Vogga skal knaka,Reinkrok skal smaka,Braud skal me bak--elibeia!

Aa gjævaste deg!aa gilja] lokke, forføre, dåre (NO 4, 15 f.)gilja til meg,og sulla med megi sudeli-dudeli-dei;venaste deg,aa venta paa meg,no kjem eg til degi dudeli-dei . . .. . . . . . . . . . . . . . .

*

. . . Mjukt som i Graat
tonar Harpelaat,
lokkar lett og lind
53liksom Sumarvind;
voggar seg blid,
strøymer sterk og fri,
svævest av i Draum og Stille;
vaknar so spakt,
velter fram med Magt,
brusar upp i Brand
liksom Marm ved Strand;
søtt som i Blund
stig ein fager Lund,
elskhugsvarm, med sorgblid Trille . . .

Fram dansar ein Haugkall fager og blaa
med Gullring um Haaret, som fløymer;
han giljar for Veslemøy til og fraa,
og Tonar ikring honom strøymer.
Aa hildrande du!Med meg skal du bu;i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu.

Um Dagen er eg den brune Bjønn,
som bykser i Skogen vide
54og laugar mitt Ragg i djupaste Tjønn
og vassar i Straumarne stride
og leikar i Strandog raar yver Land,so langt som ditt Auga det timja kan.

Men naar det lid til Midnattes Bél,
og Dagen i Haug er gjengen,
daa høyrer du Klunk og yndelegt Spel
som lindaste Lokking fraa Strengen;
daa kjem eg til degfraa villande Vegog søv i din Arm, til det vekkjer meg.

Men du skal sitja i Blaahaug Brur
i Silke og Sylv, so det bragar
og aldri kjennast saar elder stur
i alle dei Levedagar.
Aa hildrande du!Med meg skal du bu,i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu.

55Han rettar ut si bleike blaa Hand;
ho skjelv av Uro og Otte.
Men daa den Møy skuld’ kyssa den Mann,
daa hadde han Munn som ei Rotte.
«Aa Jesus!» — Ho bedum Frelse og Fredog sig i Uvit av Benken ned.


Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Haugtussa

Diktsyklusen Haugtussa ble utgitt i 1895. Diktene har fått en helt særskilt status i den nynorske litteraturhistorien, noe som er blitt forsterket av at Edvard Grieg har komponert musikk til diktene «Det syng», «Veslemøy», «Blåbærli», «Møte», «Elsk», «Kidlingdans», «Vond dag» og «Ved Gjætlebekken».

Hovedpersonen er ungjenta Gislaug, som av familien kalles Veslemøy. Veslemøy er synsk og kan se de underjordiske og menneskenes vardøgre i dyreham. Derfor får hun også tilnavnet «Haugtussa» ute blant folk. Etter å ha fått hjelp av presten til å takle alt hun kan se, blir hun lykkelig forelsket, men gutten hun elsker, svikter henne til sist for å bli rikt gift. Veslemøy kjemper deretter en kamp med seg selv for å håndtere sorgen og sviket, en kamp som også symboliserer striden mellom det gode og det onde i mennesket.

I Haugtussa gjør Garborg bruk av folkedikting, blant annet er det klare referanser til sagn og Welhavens dikt «Det omvendte Bæger». Dette sammen med skildringer av miljø og natur på Jæren bygger opp den riktige, trolske stemningen.

Les Gudleiv Bøs innledning og kommentarer

Les Gudleiv Bø: Veslemøys verden : veiviser i 'Haugtussa', Aschehoug, 2002

Se faksimiler av 2. utgave (NB digital)

Les mer..

Om Arne Garborg

Arne Garborg regnes som en av de viktigste nynorskforfatterene i norsk litteraturhistorie. Garborg var interessert i å kartlegge hva som er grunnlaget for selvstendighet, både for individet og nasjonen. Det var først og fremst forholdet mellom språk og kommunikasjon, kulturell styrke og velferd som interesserte ham. Som journalist startet han i 1876 debatten: «Hva er norsk språk og nasjonalitet?» Garborgs skjønnlitterære gjennombrudd kom med den kritiske romanen Bondestudentar i 1883.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på X
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.