Norske Huldreeventyr og Folkesagn

av Peter Chr. Asbjørnsen

INNLEIING VED OLAV SOLBERG

«Naar Verden gaaer mig imod, og det undlader den sjelden at gjøre, naar dertil gives nogen Leilighed, har jeg stedse befundet mig vel ved at anvende Friluftsvandringer og legemlig Anstrængelse som Dæmper for min Smule Bekymring og Uro.» Slik byrjar «Kværnsagn», ein av klassikarane blant Peter Chr. Asbjørnsens huldreeventyr. Det er i dette huldreeventyret Asbjørnsen – eller for å vere formelt korrekt – forteljaren (som rett nok minner mykje om Asbjørnsen sjølv), vandrar oppetter langs Akerselva til han kjem til Brekkesaga ved Maridalsvannet. Her kjem han i snakk med ein unggut som har levert eit viktig brev til «Fuldmægtigen paa Brække», og med «en gammel graaskjægget Arbeidsmand». Samtalen svingar etter kvart inn på trollskap i sager og kverner, og så kjem historiene om kvernknurr og trollkjerringar som perler på ei snor, der karane sit og vermer seg kring bålet, mens natta står mørk kring dei. Huldreeventyret endar med at Asbjørnsen og ungguten i følgje, den siste temmeleg mørkredd, ruslar nedetter mot byen. Månen skin over Christianiafjorden og åsane ikring, og blomane spreier «en liflig Duft over Engene.» Men det kjem også kalde gufs frå myrar og bekkedrag, og den mørkredde guten likar seg dårleg. Historiene han har høyrt, har fest seg i sinnet, slik at han trur å sjå «en Troldkjærring eller en Kat med gloende Øine i enhver af Vinden bevæget Busk.»

Mange av Asbjørnsens huldreeventyr har eit liknande forløp som «Kværnsagn». Med ein forteljar som kjentmann kjem lesaren i kontakt med fascinerande menneske og miljø. Her er tømmerhoggarar, plankekjørarar, kolbrennarar, fiskarar og jegerar, her er torgkjerringar, budeier og tenestejenter, her er halvkriminelle røvarar, «kloke koner» eller signekjerringar – men også kondisjonerte, som embetsmenn, godseigarar med storgardar og pengar på kistebotnen, og laksefiskande engelskmenn. Her er byfolk og bønder, storfolk og fattigfolk. Handlinga kan foregå i byen, dvs. i Christiania, men oftare i skogstraktene nord for Oslo som Asbjørnsen kjende så godt, Nordmarka, Romeriks- og Ringeriksskogane. I nokre huldreeventyr tar forteljaren lesaren med til trakter lenger unna; til norske høgfjell, til Sognefjorden, til Røst i Nord-Noreg, og jamvel til Middelhavet. Asbjørnsen gjorde 1849–1850 ei reise dit med korvetten «Ørnen» for å studere flora og fauna, og på bakgrunn av inntrykka frå turen skreiv han «Paa Høiden af Alexandria». Men det er knapt nokon tvil om at Asbjørnsen når høgst i dei tekstane der han byggjer på den naturen og det folkelivet han kjende frå barndom og ungdom.

Både formelt og reelt skil Asbjørnsens huldreeventyr seg frå folkeeventyra som han og Jørgen Moe gav ut saman. Sjølve nemninga huldreeventyr er eit omsetjingslån, truleg inspirert av Crofton Crokers samling Fairy Legends and Traditions of the South af Ireland (1825) som Asbjørnsen hadde lese i tysk omsetjing. Huldreeventyret er sett saman av ei rammeforteljing kring ei rad historier av ulike slag. I rammeforteljinga møter vi forteljaren, eller rettare hovudforteljaren, som introduserer lesaren for andre forteljarar. Både hovudforteljaren og særleg dei andre forteljarane gir til beste historier (segner, memorat, visestubbar, kanskje eit eventyr); desse historiene viser seg ofte å ha ein indre likskap i emne og tematikk. I fleire huldreeventyr er det samanfall mellom den ytre situasjonen i rammeforteljinga, og kva som foregår i segner og memorat, som når handlinga i rammeforteljinga i «Kværnsagn» er lagd til Brekkesaga, og dei tre historiene som blir fortalde i hovuddelen («innmaten») i teksten, alle foregår i og ved kverner, dvs. på liknande arbeidsstader. Asbjørnsen nyttar meir eller mindre konsekvent denne dobbelsceneteknikken. Den tener til å understreke kva som er hovudsaka i kvart huldreeventyr og samle trådane, slik at ikkje teksten skal oppfattast som ei tilfeldig samling av laust og fast.

Tittelen Norske Huldreeventyr og Folkesagn treng ein kommentar. Med termen huldreeventyr har Asbjørnsen meint memorat, dvs. personlege minne, som spesielt handlar om huldra – ho er ein av gjennomgangsfigurane i Norske Huldreeventyr og Folkesagn. Men huldra opptrer ikkje i folkeeventyr, og språkbruken kan derfor verke forvirrande. Segner eller folkesegner kan definerast som korte forteljingar som har levd ei tid på folkemunne, og som gir seg ut for å vere sanne. Ei segn kan t.d. handle om underjordiske makter, om djevelen, om gjengangarar – eller om prestar og andre historiske personar som har gjort inntrykk på folk. Segner er nært knytte til folketrua og byggjer på den. Det gjer også memorat, som kan utvikle seg til segner dersom folk finn dei så interessante at dei blir fortalde vidare. Sidan Asbjørnsens tid har det dessutan vore vanleg å nytte nemninga huldreeventyr om kvar av forteljingane hans, dvs. om «Kværnsagn», «Egebergkongen» og alle dei andre.

Det seier seg sjølv at Asbjørnsens huldreeventyr er omhugsamt komponerte slik at kvar einaste tekst utgjer ein litterær heilskap. Det er ikkje slik at Asbjørnsen i «Kværnsagn» gjengir kva som skjedde på ein bestemt tur til Brekkesaga; det er ikkje ein gong sikkert at han nokon gong gjorde ein tur som den han skildrar – jamvel om han nok har vore på staden. Dei tre historiene som blir lagde fram i «Kværnsagn», vart da heller aldri fortalde i Brekkesaga. Ei av dei har Asbjørnsen frå Andreas Fayes Norske Folkesagn (1833), ei anna har han høyrt av ei jente frå Drammen, og den tredje fekk han av Camilla Collett. Men som oftast byggjer huldreeventyra på stoff Asbjørnsen sjølv har høyrt på reisene sine, og han legg forteljingane fram slik dei lyder i allmugens munn, seier han – ingen ting er lagt til eller trekt frå. Han ville heller ikkje ha det sitjande på seg at han skulle ha pynta på framstillinga, slik enkelte hadde vore inne på. Derimot har han medvite brukt dei beste forteljarane som forbilde, skriv han i forordet til andre utgåve av første samling (1859): «I en Bog som Huldreeventyrene maatte naturligvis de bedste Fortællere eller eiendommelige Fremstillere af Sagnene vælges som Mønster for Fortællingsmaaden.» Det går da også fram av Norske Huldreeventyr kor stor pris Asbjørnsen sette på gode forteljarar, og kor sterkt han mislikte dei som etter hans meining fortalde dårleg, kunstig og oppstylta.

Asbjørnsens huldreeventyr åpnar for ulike forståingar, og det spring ingen eintydig moral eller bodskap ut av tekstane. Ulike oppfatningar av folketradisjon og folk gjer seg gjeldande – ikkje bare slik at forteljaren set pris på nokre av dei figurane han introduserer, og tydeleg mislikar andre (som proprietæren i «En Aftenstund i et Proprietairkjøkken»). Ofte ser vi at forteljaren både direkte og indirekte er ute i opplysningsærend; folk bør ikkje lenger tru på underjordiske, og dei bør skaffe seg del i framsteg og moderne kultur, forstår vi. Forteljaren – og forfattaren – er opplysningsmenn og rasjonalistar. I «En Signekjærrings Fortællinger» ironiserer forteljaren såleis over Berthe Tuppenhaugs lækjarkunster; han lærer bort signeformularen ho har brukt for å lækje den hovne foten hans til ungane på garden, og dei «skraalede [signeformularen] hende […] i Øret og spurgte, om hun syntes, en Taar Brændeviin og sligt Sludder kunde hjelpe […].» I nesten alle huldreeventyr kan vi finne kommentarar som går på det same; dei gjer det klart at Asbjørnsen var oppteken av rolla som folkeleg opplysar, og at han tilsynelatande hadde ei svært distansert innstilling til tradisjon og folketru. Jamvel personar som elles ikkje blir framstilte med særleg stor velvilje, som den iltre taterkvinna Steffens-Karen i «Tatere», fungerer som opplysningsapostel når ho kommenterer kva som skjedde med bonden som fekk hovudet sett på skakke, tilsynelatande på grunn av trolldom: «Det har været en fuul Bondemand; han har drukket Pengene op hos Kræmmeren, faldt overende i Fyllen og vredet Nakkebenet af Led, og siden har han løiet sammen den Historien.»

Men samstundes kunne Asbjørnsen vere minst like skeptisk til visse sider ved den moderne kulturen som trengde inn i bygdene. For opplysning og ny kunnskap reiv grunnen vekk under den gamle folkediktinga som Asbjørnsen både var interessert og glad i. Dette kan vi sjå i dei rapportane han skreiv frå innsamlingsreisene sine. Og i det nemnde huldreeventyret der Berthe Tuppenhaug er den sentrale forteljaren, skriv han, trass i at han avslører henne som ein overtruisk bløffmakar, at ho seinare fortalde han «mang en vidunderlig Historie.» I «Huldreæt» er det ikkje folkelivet og folketradisjonen på landet som kjem dårleg ut, men eg-personens urbane bakgrunn og forståingsramme. Fuglesongen vekkjer den vakre Maries huldrenatur, og ho ropar «jeg føler at jeg hører hjemme her, lige saa vist som De tilhører Byen og Bøgerne, og Komediespillet og Lirekasserne!» Desse to heilt motsette holdningane til folketradisjonen set avgjerande preg på huldreeventyra. Det gjeld nok å utrydde den gamle og skadelege folketrua, men likevel blir dei forteljingane som nettopp spring ut av denne folketrua, karakteriserte som vidunderlege.

Det er fleire årsaker til at huldreeventyra har halde eit så fast grep på lesarane. Men det er ikkje på grunn av djuptgåande psykologiske skildringar; Asbjørnsen var truleg ingen psykolog, og ikkje interessert i å vere det. Til gjengjeld er han ein framifrå skildrar av interessante mennesketypar. Det kan vere den gamle gråskjeggen i «Kværnsagn», det kan vere Berthe Tuppenhaug med si urokkelege tru på alle signekunstens knep i «En Signekjærrings Fortællinger». Det kan vere meisterforteljaren Christen Smed i «En Aftenstund i et Proprietairkjøkken», den sure, tverre og tobakkssvoltne gravaren i «Graverens Fortællinger» – eller den trauste reinskyttaren Thor Ulvsvolden i «En Søndagskveld til Sæters». Mennesketypar som desse, og mange andre, er skildra så godt at dei står i minnet for oss – og blir ståande. Fleire av desse typane er verkelege personar og kan sporast opp i historiske kjelder, men det viktigaste er at dei uansett blir verkelege for lesaren.

Når Asbjørnsens typeskildringar fungerer så godt, er det ikkje minst fordi han framstiller figurane sine som på ein scene. På denne scenen finst det både heltar og narrar, i sterk kontrast til kvarandre. I «En Aftenstund i et Proprietairkjøkken» blir såleis smeden stilt opp mot den latterlege proprietæren. Proprietæren har Ole Jacobsen Grinder som modell. Det var han som ikkje ville vite noko av Asbjørnsen som svigerson, og som tvinga dottera, Caroline Marianne, til å gifte seg med ein annan. I «En Søndagskveld til Sæters» møter vi reinskyttaren Thor Ulvsvolden. Han er, skriv Asbjørnsen, «en Mand af Middelstørrelse med mørke Øine og et mørkladent, djærvtskaaret Ansigt, hvori Klogskab og Betænksomhed var udpræget.» Thor Ulvsvolden er med sitt «Præg af Ægthed og Oprindelighed» ein av Asbjørnsens heltar, eit ideal av ein rotnorsk nordmann. Som motspelar opptrer skolemeisteren, alias læraren i Sel – Hans Hansen Pillarviken: «Denne hele Mands Fremtrædelse gjorde et meget ubehageligt Indtryk; yderst ubehagelig var især den affekterede Maade, hvorpaa han sammensnerpede sin Mund, naar han talte.» Denne antitetiske framstillingsteknikken er i slekt med forteljestilen i segner og eventyr, munnleg dikting i det heile, og bidrar til å skape minneverdige figurar.

Det er elles ikkje bare mennesketypane som skaper tiltrekninga, men miljøet, stadene. Med Asbjørnsen som kjentmann blir vi med på reiser i fantasien til dei stadene der dei folkelege forteljarane lever – til skogar og fiskevatn i Nordmarka, til husmannsstover og gardar på Hadeland og Romerike, til fjellsetrer i Rondane. I 1840-åra da Asbjørnsens huldreeventyrsamlingar kom ut, var slike stader ukjende for dei fleste urbane og kondisjonerte lesarar; nettopp det verka tiltrekkjande. I dag er situasjonen heilt annleis, men Asbjørnsens stader – handlingsstadene i huldreeventyra, har behalde tiltrekningskrafta. Om ikkje Nordmarka og Krokskogen er blitt «heilage stader», har dei, og dei andre handlingsstadene i alle høve blitt tilført den litterære fantasiens kraft og tiltrekkingsevne.

Asbjørnsens huldreeventyr kan lesast som kapittel i ei storforteljing om folkeliv, folketru og folketradisjon i 1840-åra. Først og fremst blir denne storforteljinga halden saman av huldrefiguren. Huldra er «dog det Principale i den norske Folkedigtnings Natursymbolik,» skriv Asbjørnsen i forordet til si første huldreeventyrsamling (1845), og han legg til: «Hun boer paa Fjeldet og i Dalen; hun eier al den norske Naturs Rigdom, Pragt og Herlighed, men hun eier ogsaa dens dybe Melankoli.» Karakteristikken av den gåtefulle huldrefiguren peikar mot den sentrale tematikken i mange huldreeventyr. Det var ikkje Asbjørnsen som fann opp huldrefiguren. Huldra – i tydinga overnaturleg, kvinneleg skapnad som lokkar menneske til seg, er like gammal som folkesegnene sjølve. Heller ikkje skapte Asbjørnsen den romantiske huldra; det var det truleg Edvard Storm som gjorde med dølevisene sine («Huldre aa ‘an Eilland»). Storm framstiller huldrefiguren i skjeringspunktet mellom europeisk hyrdedikting og heimleg bygdetradisjon; hos Asbjørnsen er huldra i sterkare grad skildra i samspel med norsk folketru og folkeliv, og blir langt på veg til ein verkeleg person for lesaren.

Den andre gjennomgangsfiguren er hovudforteljaren. Det er han som gjenskaper og organiserer stoffet, presenterer dei andre forteljarane, naturen og miljøet. I eit par huldreeventyr («Plankekjørerne» og «Tatere») kjem forteljaren rett nok i bakgrunnen. Det har sine årsaker, og har avgjort verknad for korleis vi oppfattar teksten. Vidare går nokre av dei andre forteljarane igjen i fleire huldreeventyr, og det tener likeeins til å skape eit inntrykk av heilskap. Det gjeld bl.a. signekjerringa Gubjør Langelaar som er med både i «En Signekjærring» og «Tatere», og den komiske engelskmannen Sir John Tottenbroom, som opptrer i «En Søndagskveld til Sæters» og «Reensdyrjagt ved Ronderne». I desse to stykka møter vi elles den kvikke, venlege og vakre seterjenta Brit Justhole, og ho spelar også ei viktig rolle i «Fra Fjeldet og Sæteren». Endeleg har dei fleste huldreeventyr same grunnstruktur: Ei reise ut til noko ukjent og spennande – og reisa attende til det kjende og trygge. Denne klassiske handlingsstrukturen er velkjend frå mange episke genrar, ikkje minst folkeeventyret. I Asbjørnsens huldreeventyr fungerer reisestrukturen også som bindeledd mellom hovudforteljarens kondisjonerte bymiljø, og det folkelege, stort sett landlege Noreg med si tru på huldra og andre underjordiske skapningar.

Asbjørnsen må karakteriserast som ein romantisk forfattar. Viktige litterære forbilde høyrde heime i romantikken: Crofton Croker, Steen Steensen Blicher, Mauritz Hansen og ikkje minst brørne Grimm. Samstundes er det eit viktig poeng at Asbjønsen som forfattartype ikkje var nokon tilbakeskodande grublar, men utettervend og praktisk orientert. Dessutan kunne han, like lite som andre norske forfattarar i samtida, ofre seg for forfattarskapen aleine, men prøvde seg i mange yrke. Han var huslærar, han var i fleire år fast medarbeidar i Skillingsmagasinet, han skreiv lærebøker i naturfag og dreiv omsetjingsarbeid. Innimellom studerte han medisin og zoologi. Han dreiv med naturforsking og sikta seg inn mot ein karriere som zoolog ved Universitetet, og han skreiv om myrdyrking, grautkoking og skogstell. I 1860 vart han utnemnd til forstmeister i Trøndelag. Den konkrete kvardagen Asbjørnsen stod i, måtte dra i realistisk lei. Det kan nok sporast ein viss skilnad mellom huldreeventyra i den første samlinga og eit par stykke i den andre (1848); dels større grad av replikkrealisme, dels framstilling av tabubelagde miljø i «Plankekjørerne» og «Tatere». Likevel er det misvisande å hevde at det går noka klar utviklingslinje frå romantikk til realisme hos Asbjørnsen (Jæger 1883), med «Plankekjørerne» som høgdepunktet, ei «realistisk perle» midt i all huldreromantikken. Den romantiske Asbjørnsen kjem bl.a. til orde i naturskildringane, og dei finst det rikeleg av i begge samlingar. Det er i «En Søndagskveld til Sæters» frå andre samling Asbjørnsen skildrar fjellskogen i Gudbrandsdalen, opp mot fjellvidda:

Det var en Helligdag i Naturen: mod Aftenen begyndte en enkelt Fugl at kviddre douce i Skoven; Granen og Furuen udaandede sin krydrede Duft i Solskinnet, og mellem Stammerne aabnede der sig af og til Udsigt til Laugen som skummende og tindrende strømmede saa dybt under os, at dens Suus og Bruus ei naaede vort Øre.

Det er elles viktig å gjere seg det klart at Asbjørnsen ikkje bare var forfattar, men folkeminneforskar. Måten han arbeidde med segnstoffet på, var inspirert av brørne Grimm som hadde grunnlagt folkeminnevitskapen, bl.a. med utgåvene sine av tyske eventyr og segner. Men det er kanskje i ordforklaringane til dei to huldreeventyrsamlingane vi mest tydeleg ser fagmannen Asbjørnsen. Her gir han ikkje bare forklaringar om kva ukjende målføreord tyder, men gjer ikkje sjeldan greie for språklege parallelluttrykk på andre språk, særleg norrønt. I samband med oppslagsordet ofysé skriv han såleis: «Adj. uappetitlig, modbydelig. Oldn. fúss, begjærlig, lysten.»

Det kan synast sjølvsagt at Asbjørnsen fann det nødvendig å forklare ord og uttrykk frå ulike målføre, og at han valde den framgangsmåten han gjorde, med opplysning om ordklasse, form – og jamførde med andre språk. Men det er ikkje minst her inspirasjonen frå brørne Grimm viser seg, særleg frå Jacob Grimm. Han hadde gitt ut Deutsche Grammatik, ei språklære som ikkje bare hadde tysk språk, men germanske språk som emne. Det var ein komparativ grammatikk, som viste at germanske ord lyd- og lovmessig svara til ord i latin og gresk (Grimms lov). Den komparative grammatikken og lingvistikken slo raskt gjennom, og ligg tydeleg til grunn for Asbjørnsens kommentarar. Dei hadde han elles fått hjelp til av lektor Carl Unger. Vidare er det tydeleg at Jacob Grimms mytologiske arbeid har gjort inntrykk på Asbjørnsen. Grimm ynskte å skape eit liknande lovmessig system for germansk mytologi som han tidlegare hadde gjort for germansk språkvitskap. I forordet til første huldreeventyrsamling skriv Asbjørnsen at han har planar om å gjere greie for korleis folketradisjonane var utbreidde både i Noreg og andre land: «Disses [tradisjonanes] Udbredelse og Forekomst vil der nærmere blive gjort Rede for i de Anmærkninger og Jevnførelser med lignende Naturdigtninger hos fremmede Folkefærd, der skulle ledsage en følgende Samling.»

Forutan brørne Grimms eventyr- og segnutgåver og vitskaplege arbeid er det liten tvil om at Crofton Crokers utgåve av irske segner hadde påverknad på Asbjørnsen. Croker presenterer tradisjonsstoffet på ein måte som kan minne om Asbjørnsens huldreeventyr, bl.a. inneheld Crokers bok eit par byttinghistorier med liknande innhald som dei forteljingane Asbjørnsen legg fram i «En Signekjærring». Men det er likevel store formelle skilnader mellom Crokers og Asbjørnsens gjenforteljingar. Croker presenterer opplysande kommentarar etter kvar tekst, ikkje ulikt Fayes framgangsmåte – Asbjørnsen gir forklaringane samla, til slutt. Croker går rett på sak, anten det gjeld emne eller personar som han vil fortelje om: «John Mulligan was as fine an old fellow as ever threw a Carlow spur into the sides of a horse» (Croker 1834). Asbjørnsen nyttar i staden rammeforteljingar som introduksjon til dei emne han vil ta opp. Crokers framstilling er livleg, med mange scener og replikkar, men han gjer så å seie aldri bruk av eg-forteljar. Han fortel i 3. person, dels i preteritum, dels i presens. Eg-forteljaren har Asbjørnsen frå anna hald, truleg frå Blichers noveller, som han hadde lese og sette pris på. Naturskildringane til den danske forfattaren har sikkert også verka inspirerande. Blichers novelle «Himmelbjerget» åpnar med ei naturskildring som fører tankane til fleire av Asbjørnsens huldreeventyr: «Formiddagen var klar og varm og lovede os en smuk Aften, men hen paa eftermiddagen dannede sig lidt efter lidt i Sydvest en Række af hvidlige Skyer med ildfarvede Kanter.»

Andre gav Asbjørnsen konkrete råd, skreiv utkast til delar av rammeforteljingar og scener, og gjorde rettingar: Camilla Collett, Peter Jonas Collett, Johan S. Welhaven, Andreas Wulfsberg Grøtting – for å nemne dei viktigaste. Så hadde utan tvil ungdomsvenen Jørgen Moe mykje å seie for Asbjørnsens huldreeventyr. Han gav gode råd og konstruktiv kritikk; i det heile må det nære eventyrsamarbeidet med den stilsikre Jørgen Moe ha gjort den meir ujamne Asbjørnsen tryggare når han på eiga hand skulle gi form til huldreeventyrstoffet. Det var ikkje alltid han lykkast. «Paa Høiden af Alexandria» og «Julebesøget i Præstegaarden» er døme på mindre vellykka forteljingar.

Asbjørnsen byrja å samle segner i 1830-åra. Han leverte nokre bidrag til Andreas Faye, og seinare gav han ut enkeltsegner under eige namn. I 1845 kom første samling av Norske Huldreeventyr og Folkesagn (NH1) og i 1848 var oppfølgjaren klar (NH2). Seinare har dei to huldreeventyrutgåvene blitt utgjevne fleire gonger; NH1 i 1859, med følgjande nye huldreeventyr i høve til 1845-utgåva: «Julebesøget i Præstegaarden», «Makreldorging», «Skarvene fra Udrøst», «Tuftefolket paa Sandflæsen» og «Paa Høiden af Alexandria». Nokre år seinare (1866) følgde ei ny utgåve av NH2 med desse nye stykka: «En Aften i Nabogaarden» og «Fra Sognefjorden».

Så i 1870 kom tredje utgåve av Norske Huldreeventyr og Folkesagn. Dei to samlingane var her slegne saman til ei bok, og det er elles den skilnaden at «Julebesøget i Præstegaarden» er teken ut; likeeins fororda frå dei tidlegare samlingane. «En vestlandsk Skovdal» som hadde stått på trykk i Fra nordiske Digtere. En Antologi (1869) var heller ikkje med; denne forteljinga har derimot fått plass i seinare utgåver. Elles er 1870-utgåva «omhyggelig gjennemseet, og i det Enkelte rettet og forbedret,» skriv Asbjørnsen, men det er ikkje gjort store endringar, seier han. Ein noterer seg likevel bl.a. at det er sett inn eit versmotiv i byrjinga av samlinga; eit finsk ordtak (på svensk), og fire linjer frå ei svensk omsetjing av «Kalevala»: «Bättre uti hemmet smakar/Vatten ur en sko af näfver,/Än i obekanta nejder/Honing, drucken ur en guldskål.» Versa frå «Kalevala» skaper ei oppfatning hos lesaren om at historiene i Norske Huldreeventyr og Folkesagn har ein spesiell verdi fordi dei er folkelege og heimslege; dei står i motsetning til bykultur og skriven dikting. Også enkelttekstar kan vere utstyrte med versmotiv, som «En Sommernat paa Krogskoven» og «Skarvene fra Udrøst». 1870-samlinga vart den siste Asbjørnsen sjølv hadde ansvaret for. Etter at Asbjørnsen var død, fekk Moltke Moe ansvaret for justeringar og språkleg modernisering. Det har vore vanleg å byggje på 1870-utgåva; t.d. gjer Knut Liestøl det i si kommenterte og illustrerte utgåve frå 1949. Same praksis følgjer Trygve Knudsen i sin antologi med folke- og huldreeventyr frå 1964.

Denne boka presenterer dei to samlingane NH1 og NH2 slik dei vart publiserte i 1845 og 1848; det vil seie at i motsetning til vanleg praksis når det gjeld utgåver av Asbjørnsens huldreeventyr, er det førstetrykket som blir lagt til grunn. Asbjørnsens huldreeventyr har aldri vore publiserte i si originale utforming sidan dei kom ut i 1840-åra. Jamvel om det kan argumenterast for at dei endringane som Asbjørnsen sjølv stod bak, har gjort teksten «betre», og at det har vore eit hevdvunne prinsipp å velje forfattarens «Ausgabe letzter Hand» som grunntekst, er det alt i alt meir som talar for å velje førstetrykket som grunnlag for ei kritisk utgåve. Det var reint faktisk slik Asbjørnsen la fram sine huldreeventyr for ålmenta da han stod fram som forfattar; utforminga av huldreeventyrtekstane i 1845- og 1848-utgåvene viser kvar han stod på dette tidspunktet.

Nå er det likevel slik at enkelte huldreeventyr hadde vore trykt tidlegare, særleg i Den Constitutionelle; eit par så tidleg som i 1838. Strengt tatt er altså ikkje alle huldreeventyrtekstane i NH1 og NH2 førstetrykk. Asbjørnsen kunne faktisk gjere relativt store endringar frå første til andre utforming av teksten; det gjeld fleire av dei huldreeventyra som først såg dagens lys i avisspaltene, bl.a. «Egebergkongen» og «En Signekjærrings Fortællinger». Men det er også eit poeng å leggje fram dei to samlingane frå 1840-åra under eitt, slik at lesaren får det rette inntrykket av kvar Asbjørnsen stod på dette tidspunktet som eventyrdiktar.

Sidan det er huldreeventyrtekstane i NH1 og NH2 som blir lagde fram her, fell nokre huldreeventyr som har kome til seinare, utanom: «Julebesøget i Præstegaarden», «Makreldorging», «Skarvene fra Udrøst», «Tuftefolket paa Sandflæsen», «Paa Høiden af Alexandria», «En Aften i Nabogaarden», «Fra Sognefjorden» og «En vestlandsk Skovdal». Huldreeventyra i NH1 og NH2 blir attgjevne i den rekkefølgja dei har i dei to samlingane. Den originale pagineringa blir derimot ikkje følgd, og heller ikkje original avsnittsinndeling. Når det vidare gjeld tekstetableringa, er hovudprinsippet at det bare blir retta og gjort endringar der det er nødvendig av omsyn til meininga, eller når det dreiar seg om klare trykkfeil. Såleis skriv Asbjørnsen i «Kværnsagn» ein stad Taarer i staden for Taarne. I «Egebergkongen» står det ein stad Egeberkongen, og i «En Signekjærrings Fortællinger» heiter det Skindene og ikkje Slindene, som det må stå. Feil av denne typen blir retta stillteiande, og det same gjeld enkelte utegløymde herme- og skiljeteikn.

Asbjørnsen var ikkje konsekvent verken i staving av enkeltord eller bruk av herme- og skiljeteikn og i bruk av liten/stor bokstav i byrjinga av ord. Her har eg late alle inkonsekvensar stå, med desse unntaka: Eg skriv stor forbokstav etter utrops- og spørjeteikn i slutten av heilsetningar, slik Asbjørnsen også sjølv gjer mange stader, og vidare stor bokstav i tiltaleorda De/Dem/Deres – slik Asbjørnsen gjer i ein del tilfelle, men ikkje alltid. Uthevingar av enkeltord i Asbjørnsens tekst er for det meste gjort ved at avstanden mellom bokstavane er større enn normalt. I denne utgåva er det i staden brukt kursiv. Tjukk l blir både hos Asbjørnsen og her gjengitt med feit skrift: l. Både NH1 og NH2 var som nemnt utstyrte med ordforklaringar, og dessutan med ei enkelt noteoppskrift (i NH1). Både noteoppskrift og ordforklaringar blir gjengitt her, og det gjer også listene over trykkfeil. Desse har eg teke omsyn til.

Olav Solberg

ORD- OG SAKKOMMENTARAR

I kommentarane blir det gitt kortfatta presentasjonar av dei einskilde huldreeventyra, og forklaringar på eldre ord og uttrykk. Det blir gitt opplysningar om modellar for sentrale personar som opptrer, og viktige sider ved trusinnhaldet i memorat og segner blir kommentert. Ordbøker og oppslagsverk som eg har nytta, er nemnde i bibliografien. Særskilt nyttig har Knut Liestøls utgåve av Asbjørnsens huldreeventyr vore (Liestøl 1949 I og II). I nokre høve er det overlapping mellom Asbjørnsens originale ordforklaringar og mine. Eg har likevel funne det rett å kommentere utan omsyn til om ordet eller uttrykket er kommentert av forfattaren eller ikkje; Asbjørnsens og mine forklaringar vil uansett vere noko ulike og ha ulikt fokus. Dessutan kan Asbjørnsens ordforklaringar i dag lesast ikkje først og fremst som tekstkommentarar, men som ein karakteristikk av forfattaren og fagmannen Asbjørnsen og tilhøvet hans til folkedikting og folkekultur.

FORTALE

  • Naturdigtninger] dikting som i tråd med romantisk tankegang er inspirert av og spring ut av naturen, og blir formidla av forteljarar og songarar frå folket.
  • Naturfortoningerne] naturen sjølv, naturfenomena.
  • Hr. Pastor Faye] presten og segnsamlaren Andreas Faye (1802-1869) som i 1833 hadde publisert Norske Sagn (ny utg. i 1844).

KVÆRNSAGN

«Kværnsagn» vart trykt første gong i 1845. Asbjørnsen var ein ivrig fiskar og har sikkert prøvd fiskelykka i Maridalsvannet, men nettopp den turen han skildrar i teksten, har ikkje skjedd i det verkelege livet, jf. innleiinga. Det er elles ikkje utruleg at Asbjørnsen med dei velkjende innleiingsorda «Naar Verden gaaer mig imod […]» siktar til dei økonomiske vanskane han i periodar hadde å stri med.

  • harve med Fløt] makkfiske, makkedrag; ein dreg fiskesnora med fleire meitemarkar på kroken, i rykk over vassflata.
  • Kværnknurrens eller Fossegrimmens Lune] kvernknurren; eit overnaturleg vesen som i eldre folketru heldt til i fossar og elvar, og kunne finne på å stanse kverna. Fossegrimen er også eit vassvette som heldt til i fossetryk. Fossegrimen skulle vere god til å spele og kunne mot betaling – gjerne eit feitt spekelår – lære bort den kunsten.
  • Baghunen] bakhunen; det ytste bordet som blir skore av ein tømmerstokk, og som derfor er rundt på eine sida.
  • Sir Humphry Davy] engelsk kjemikar og ivrig fiskar (1778-1829).
  • Salmonia] Bok om flugefiske skriven av Davy (1827): Salmonia or Days of Flyfishing.
  • Guldhage] hakefisk, hannaure med gullglinsande farge og kraftig underkjeve.
  • Mukkel] rotnande treflis og sagmugg.
  • Kolver] ruskar, ruggar, store fiskar.
  • Nøk] nøkk, vassvette i norsk folketru. Nøkken er alltid ute etter å få menneske i si makt og kan skape seg om, jf. Theodor Kittelsens framstilling av nøkken som kvit hest. Den svenske nemninga for nøkk er da også bäckahäst.
  • Kvæstion] spørsmål, diskusjonsemne.
  • jeg hedder Sjøl] i møte med underjordiske makter er det etter folketrua viktig ikkje å avsløre kva ein heiter, fordi dei underjordiske da lettare vil få makt over ein. Den segna som her blir fortalt, har røter heilt attende til Odysseen.
  • kridtede en stor Ring] i norsk folketru gir den ubrotne ringen vern mot vonde makter.
  • svarte Katte] det var vanleg folketru at trollkjerringar kunne vise seg i katteskapnad. Kattar skulle ha tilknyting til djevelen, og dei vart også assosierte med perverse former for seksualitet.

EGEBERGKONGEN

«Egebergkongen» er eitt av dei eldste huldreeventyra. Asbjørnsen hadde høyrt segnstoffet om huldrekongen i Ekebergsåsen som barn, og han sende segna til Andreas Faye i 1835. Faye var glad for å få ein ny medhjelpar, og utnemnde Asbjørnsen til «Overordentlig Sagn-Ambassadeur» (Liestøl 1947, s. 60-61). I 1838 publiserte så Asbjørnsen sjølv «Egebergkongen» i Nor. Denne forma er temmeleg ulik versjonen i NH1. Innleiinga i NH1 er nok stort sett identisk, men elles er 1838-versjonen mykje knappare og meir referatprega; fotnoteopplysningar bryt dessutan stilen. Alt i alt ber 1838-versjonen preg av Fayes måte å gjengi segntradisjon på; den kunne nok vere både korrekt og informativ, men mangla litterære kvalitetar.

  • Kurvkone] kvinne som går med korg og sel småvarer.
  • kneb Hænderne sammen om sine Knæer] det var vanleg folketru at det ikkje måtte finnast knutar i eit rom der ei kvinne skulle føde. Knuten er eit uttrykk for stengsel, og blir ved analogisk tenking overført til fødselssituasjonen.
  • Den, som trækker til mig] den som gir meg pengar. Dei underjordiske hadde evne til å gjere visse menneske rike; det heitte at dei drog til dei, jf. det overnaturlege vesenet dragdokke, som gjorde eigaren rik.
  • Bernt Ankers Skikkelse] Bernt Anker (1746-1805), kjend forretningsmann og skipsreiar i Christiania.
  • Byttinger] trollungar som dei underjordiske har lagt att i staden for menneskebarn, som dei har stole.
  • Bjerkenbusch’s Krambod] kjøpmann Friderich Bierkenbusk dreiv forretning i dette stroket på 1700-talet (Edvardsen 2007, s. 189)
  • riishye Byttinger tre Thorsdagskvelde] piske, dengje med bjørkeris. Ein tenkte seg at dersom byttingen vart plaga tilstrekkeleg, ville dei underjordiske hente ungen og kome attende med menneskebarnet som dei hadde stole. Denginga fekk større verknad om den vart gjenteken tre gonger og skjedde på torsdagskvelden, som etter folketrua var «ladd» med magisk kraft.
  • Signekjærring] kjerring som driv med signing, magiske hjelperåder mot sjukdom.
  • støbe over Barnet] helle smelta bly i vatn og ut frå dei figurar som kjem fram, stille diagnose og seie kva behandling som skal til.
  • Svek] engelsk sjuke, rakitt.
  • Stine Bredvolden] Stine Olsdatter Bredvolden budde på garden Bredvold i Aker og var kjend som klok kone (Edvardsen 2007, s. 188).
  • Rust- og Bagagevogne] vogner til å frakte krigs- og anna utstyr.

MATHIAS SKYTTERS HISTORIER

Dette huldreeventyret vart trykt første gong i Nor «litt før jul 1837» (Liestøl 1949 I, s. 206). Teksten var da mykje kortare, for fleire av historiene var ikkje med; forteljinga om Mathias og brørne hans som leikar ved ein bergknatt og blir skremte av ei stemme i berget, den dramatiske forteljinga om broren som blir slegen i bakken av dei underjordiske, og forteljinga om far til Mathias som ser nissen. Det er ingen tvil om at den endelege versjonen står langt over utkastet i Nor i kvalitet. Det er ikkje bare det at dei nye historiene er gode i seg sjølve – for det er dei – men dei bidrar dessutan til å gi ein heil karakteristikk av Mathias og miljøet han veks opp i.

  • Proprietairen] godseigaren. I det verkelege livet heitte han Torger Holm og budde på Nordre Holm.
  • Mathias Skytter] Mathias Skytter vart kalla Mattis Bjørneskytter og var fødd i Hakadal i 1778 (Liestøl 1949 I, s. 207).
  • for det er ikke rigtigt her] det spøker her. Mathias oppfattar det slik at hundane er urolege fordi dei har fått ferten av dei underjordiske.
  • Huldren skal holde til her paa disse Tider] når folk og fe hadde reist heim frå setrene om hausten, trudde folk at huldrefolket flytte inn.
  • saa sagde det i Bjerget: «Gaa hjem nu!»] det var vanleg folketru at dei underjordiske ikkje skulle uroast om kvelden. Dette veit Mathias og brørne hans og trur det er dei underjordiske som skrik til dei, men i røynda er det ekkoet etter at dei vaksne har ropa ungane heim.
  • alle Vinduerne stode paa skraa] hos dei underjordiske er hus og all slags husbunad annleis og omvendt, i høve til slik det er i menneskeverda.
  • alle vare de trøieløse, og alle gik de nordefter] dei underjordiske oppfører seg annleis enn menneske. Retninga nord representerer dessutan det vonde og trugande i norsk folketru.
  • til Byen med Planker] mange romerikingar frakta bord og plank til Christiania på 1800-talet.
  • Hækken] krubba, fôr- eller høykassa.

EN SIGNEKJÆRRINGS FORTÆLLINGER

«En Signekjærrings Fortællinger» vart frå og med 1870-utgåva av Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn kalla «Berthe Tuppenhaugs Fortællinger». Grunnen var at 1870-utgåva inneheldt både første og andre samling av huldreeventyra, og i andre samling stod huldreeventyret «En Signekjærring». Dei to stykka måtte ikkje blandast saman. «En Signekjærrings Fortællinger» vart første gong trykt i Den Constitutionelle 1843, nr. 99 og 103, «gjennemseede og corrigerede af Professor Welhaven,» som Asbjørnsen skriv (Liestøl 1949 I, s. 210-211). Sjølv skal ikkje Asbjørnsen ha rekna dette huldreeventyret som blant dei beste, men andre sette stor pris på stykket. Ein av dei var Henrik Ibsen, som lånte fleire trekk frå Asbjørnsens tekst da han skreiv Peer Gynt – bl.a. motivet med garnnøsta, og historia om «Moerbroer Mads» som blir innkvervd av huldra, og seinare møter henne igjen som ei stygg kjerring, med ein unge som han sjølv er far til.

  • Polskpas] polskpass; kortspel med 24 kort, frå essa til og med niarane.
  • Sølvmorskupler] kuplar av sølvmor, silketøy med innvovne sølvtrådar.
  • Finmutkarl] mann med finnmut, pels av reinsdyrskinn.
  • fyrgetyve] førti.
  • det brændte for] fengkruttet brann opp utan å tenne ladninga.
  • Rendekuglerne] rennekulene, kuler som ikkje heilt fyller geværløpet, og som det kan brukast fleire av samstundes.
  • Gaarden, hvor jeg var] Nedre Fjeldstad i Gjerdrum.
  • gamle Berthe Tuppenhaug] Berthe Tuppenhaug (1764-1840) var frå Gran på Hadeland.
  • Graabeen hevner] det var vanleg folketru at ulven hemnde seg dersom den vart jaga eller jakta på.
  • Slindene] tverrstengene mellom langveggane på huset, oppe under taket. Desse vart brukte til å henge klede og andre ting på.
  • koloniserede sig] slo seg ned.
  • Hue med Skru] lue med brem.
  • Nakketufse] silkeband som heng nedover ryggen.
  • maalt en Kjærring for Mosot] å måle ville seie å måle avstanden frå isse til fotsole, og frå fingerspiss til fingerspiss, når mennesket stod med utstrekte armar. Dersom dei to måla ikkje var like – som dei skulle vere – var mennesket sjukt. Den som hadde mosott, kjende seg veik og kraftlaus.
  • gjøre aat] gjere frisk, lækje med magiske kunster.
  • Vred] vriding, forstuing
  • den hele Formular] Berthe nyttar ein variant av eit trolldomsvers som er kjent i fleire land, den såkalla Merseburger-formelen (Liestøl 1949 I, s. 215-216).
  • saa kom der et Garnnøste trillende] det var vanleg folketru at dei underjordiske kunne vise seg som garnnøste.
  • og byd Faer din en Drik Øl] folk trudde at menn kunne få barn med huldrer. Særleg utsette var tømmerhoggarar, kolbrennarar og andre karar som låg på skogen i lang tid.
  • at der bare manglede en Ring paa Lillefingeren] ofte blir menneske berga i siste liten frå å bli innkvervde av dei underjordiske. Her manglar det bare ein ring, og at det er på veslefingeren, den minste fingeren, understrekar kor farleg situasjonen er for henne.
  • vrænge Øinene hendes] dei underjordiske har trollauge og ser det menneske ikkje kan sjå. For at denne eigenskapen skal overførast til jenta, må auga hennes vrengjast, jf. at mykje hos dei underjordiske er omsnudd.
  • saa tog han en Sølvknap og lagde i Riflen] sølv er eit edelt metall, og folk meinte at det gav ekstra kraft om ein ladde børsa med sølv.
  • Isisslør] sløret til den egyptiske gudinna Isis; slør som hindrar uinnvigde i å få innsikt.

EN AFTENSTUND I ET PROPRIETAIRKJØKKEN

Dette huldreeventyret stod første gongen på trykk i 1845 i Norske Huldreeventyr og Folkesagn. Etter alt å døme byggjer Asbjørnsen her på minne frå den tida han var huslærar på garden Nedre Fjeldstad i Gjerdrum i godt og vel eitt år, frå januar 1836. Modellen for proprietæren i huldreeventyret er Ole Jacobsen Grinder (1781-1844). Han blir nådelaust karikert, og jamvel om han langt frå er den einaste Asbjørnsen hengjer ut, hadde Asbjørnsen her ein ekstra grunn. Grinder hadde nemleg ei dotter, Caroline Marianne, og ho og Asbjørnsen vart glade i kvarandre. Men proprietæren ville ikkje vite noko av den fattige huslæraren, og Caroline vart pressa inn i eit fornuftekteskap med den nye lensmannen i bygda. Proprietæren hadde elles ord på seg for å vere vanskeleg og vrien; han «var sei[g] til å supe og grinete og vanskelig å ha med å gjøre» (Ribsskog 1966, s. 22).

  • snørklet] snirklet, med sirkelform.
  • de baade sure og søde Statsborgere] avisa Statsborgeren. En Tidende for Norges Vel (1831-1837) var kontroversiell. Avisa vart grunnlagd av Peder Soelvold (1799-1847), og han redigerte den til 1835, da han gjekk av. Henrik Wergeland overtok da redaksjonen.
  • Tyrtæus] Tyrtaios, gresk diktar frå Sparta som levde i det 7. hundreåret f. Kr. Etter tradisjonen skal han ha vore lam i eine foten.
  • Høiesteretspræjudikater] rettsavgjerder i Høgsterett.
  • Overformynderikranglerier] usemje og krangel i tilknytning til overformynderiet. Overformynderiet skal føre tilsyn med verjene som er oppnemnde for å ivareta dei økonomiske og rettslege interessene til personar som ikkje kan greie dette sjølve.
  • Tømmerbrøtning] tømmerfløyting.
  • Cirkulationsmidlets Utilstrækkelighed] pengane som er i omlaup, og som ikkje er tilstrekkelege.
  • Christen Smed] Christen Smed heitte eigentlig Christian Hansen. Han var smed og såkalla innerst, dvs. han budde til leige. Han heldt til på garden Sørum i Gjerdrum og var 44 år da Asbjørnsen kom til bygda (Gjefsen 2001, s. 66).
  • Praas] talglys som gir dårleg lys.
  • Skorsteensstøtten] peisstøtta; ei jernstong som stør opp under steinane fremst i peisen, og som med påsett skjerding kan fungere som hengekrok for gryter og kokekar.
  • Proprietairens Madamme] kona til proprietæren, Karen Henrikke Grinder (1787-1866).
  • de skrabende Karder] allusjon til Mauritz Hansens dikt «Lodsen» i Den norske Husven 3. okt. 1829.
  • Mælkeringe] trekar til å ha mjølk i.
  • Christian] Christiania; kortform.
  • ved Soleglads Leite] i 1870-utgåva har Asbjørnsen retta denne feilen til «i Graalysingen».
  • Han skulde vel have seet gjennem Hulaget] han skulle ha sett gjennom hovudlaget, nakkebandet på bekslet, eller gjennom bekselringen. Da ville han sett kven det var som heldt hesten.
  • Jaaling] tulling, ein ikkje tilrekneleg person.
  • Lægd] eldre tiders fattig- og sosialomsorg. Fattige, sjuke og arbeidsuføre fekk bu på ein gard i bygda eller området ei viss tid, for så å flytte vidare til neste gard.
  • krikkla paa] gjort krossteikn over.
  • vi sloge op en Skrassel] vi sette i å skrattle.
  • Sognebud] vitjing av presten hos folk som er alvorleg sjuke eller ligg for døden.
  • Husbondskarl] gardskar som fører tilsyn med gardsarbeidet og er i husbonden sin stad som dagleg leiar.
  • Bygloen] byggavlinga, kornavlinga.
  • Dild dat i Eld] dette er ei svært vanleg segn. Det er blitt hevda at den går attende til den greske forfattaren Plutark (om lag 46-120 etter Kristus) og forteljinga hans «Den store Pans død.»
  • tilsidst faldt Hatten af hende] i fleire huldresegner heiter det at huldra har ein hatt eller eit anna klesplagg som gjer henne usynleg. Det hender også at slike hattar kjem i hendene på menneske, som her.
  • Sølvkaupe] ause, skål av sølv.
  • paa en Pidsk] på ein snurr, drukken.
  • Kjona] eldhuset, tørkestove for korn.
  • fragere] betre, meir tess; av frak = dugande, flink.
  • Dragon] ryttarsoldat, kavallerist.
  • Mosefarene] méddraga, uthogne renner på undersida av stokkane i ein tømmervegg. Det var ikkje alltid stokkane i tømmerhus var heilt tette, og for å sikre seg mot trekk vart det lagt mose mellom stokkane.
  • skjød Pistolen af lige over Hovedet paa Jenten] stål og eld er verksame hjelpemiddel mot trollskap; i nyare tid har eldkraft frå skytevåpen hatt same effekt.
  • Størhuset] eldhuset, bryggjarhuset.
  • for at ikke Nogen skulde see Rumpen falde af] når presten les velsigninga over huldrekvinna framfor altaret, kverv huldrenaturen i henne, og rova fell av.
  • Du er nok stiv i Fingrene, du!] jamvel om huldra formelt er blitt teken opp i den kristne kyrkja, har ho framleis nokre huldreeigenskapar att, bl.a. styrken. Dette motivet finst i fleire huldresegner.
  • slaaet ham overende i Asmyrbakken] ved å fortelje at smeden har drukke brennevin, gir Asbjørnsen eit tydeleg signal om kva som er den verkelege forklaringa på at han har gått over ende i Asmyrbakken.

HULDREÆT

Dette huldreeventyret vart første gong trykt i Den Constitutionelle 1843, nr. 85, med tittelen «Fuglesang og Huldreæt.» I NH1 vart tittelen endra til «Huldreæt.» Som «En Signekjærrings Fortællinger» var stykket gjennomsett og korrigert av Welhaven (Liestøl 1949 I, s. 227). Det er ingen store skilnader mellom versjonen i Den Constitutionelle og den endelege forma i NH1. I dette huldreeventyret er det tydeleg samsvar mellom hovudforteljaren og Asbjørnsen sjølv, og den «Jomfru Marie» det er tale om, er dotter til proprietæren på Grinder, Caroline Marianne (1817-1873), som Asbjørnsen var hemmeleg forlova med ei tid.

  • Præceptoren] privatlæraren.
  • Makinationer] listige knep.
  • Kongeveien] dei første kjørevegane i Noreg knytte ulike landsdelar saman og vart gjerne kalla kongevegar. Her må det truleg vere tale om den såkalla Throndhjemske Kongevei, den gamle hovudvegen mellom Oslo og Nidaros.
  • Hjemmegifte] medgift, utstyr og pengar som ei kvinne får med seg frå foreldre og slekt når ho gifter seg.
  • de rige Arabesker] dei rike, fantasifulle mønstra [i lauvverket].
  • Lichener] lav, mose.
  • den gamle Eg] dette eiketreet, den såkalla Asbjørnsens eik, skal visstnok stå på Fjeldstad den dag i dag.
  • den guldbrystede Sanger] bastardnattergalen.
  • Sidskenen] sisiken.
  • alle Sylviers Toner] tonane til alle lauvsongarar.

EN HALLING MED KVANNEROD

I fleire huldreeventyr gjer Asbjørnsen bruk av norske målføre, men knapt nokon stad blir målførebruken gjennomført så konsekvent og korrekt som i «En Halling med Kvannerod.» Jamvel om Asbjørnsen hadde vore i Hallingdal og ikkje var ukjend med målføret i dalen, ville han ikkje sjølv greidd å la den gamle hallingdølen uttrykke seg på så velklingande hallingmål. Det er da også ungdomsvenen Andreas Wulfsberg Grøtting (1816-1870), presteson frå Hallingdal, som har hovudæra for den fine bruken av målføre. «En Halling med Kvannerod» vart trykt første gong i NH1. Stykket skil seg elles ut ved at det er Asbjørnsen som blir oppsøkt av den folkelege forteljaren, og ikkje omvendt.

  • Markedet i Vinter] Christiania Marked, som vart halde kvar vinter i februar.
  • Angelikarod] kvannrot; medisinplante.
  • den tautologiske Udtryksmaade] den repeterande, gjentakande utrykksmåten.
  • dæ æ Kar faa se ejn Dram fastand] det er ingen ting som å få seg ein dram på fastande hjarte.
  • dæ æ no inkji mejr paakosta dæ] det følgjer ikkje store kostnadene med det.
  • burti Grové] borti bekken.
  • dæ bli Troll i turre Sumra] det blir vanskeleg i tørre somrar.
  • lill] lell, likevel.
  • Magarev] magesmerter.
  • smorde aav] banka opp, gav rundjuling.
  • ho tvelte se] ho vart redd.
  • dæ tuste kring alle Røna i Buen] det rasla kring alle hjørne i seterbua.
  • leto paa Lu aa Prillahodn] spela på lur og bukkehorn.
  • buføre] reise til eller frå setra med buskapen.
  • styrde kringum se] stirde, såg kring seg.
  • sa taa ve hine ko ho hadde fornaamé] fortalde dei andre kva ho hadde lagt merke til.
  • paa Hejmsæteren] på heimesetra; den setra som ligg nærmast bygda.
  • paa Langstølé] på den fjernaste setra; den som ligg lengst innpå fjellet.
  • Bufargrauten] rømmegrauten som blir koka når folk dreg heim frå setra om hausten.
  • sigla framm aa attende] vimsa omkring.
  • Fjeldfras] jerv.

LUNDEÆTTEN

«Lundeætten» vart første gong trykt i NH1. Her følgjer vi Asbjørnsen på reise nordetter på vestsida av Mjøsa. Ofte gjer Asbjørnsen eit poeng av at det er vanskeleg å få forteljarane sine på glid, men her er det nærmast omvendt. Skysskaren er så altfor mykje prega av si «uendelige Snakkelyst.» Han er dessutan lett karikert, slik mange av Asbjørnsens forteljarar er. Dei segnene vi får del i, knyter seg alle til ein gard og ei ætt – ætta på Lunde i Biri. Dette er uvanleg, men i Lundeætta har det tydelegvis vore fleire menneske som skilde seg så sterkt ut at det voks fram segner om dei. Segnene «har levd i tradisjonen til det siste,» skriv Knut Liestøl (Liestøl 1949 I, s. 235).

  • kaustiske Fortællinger] bitande, sarkastiske forteljingar.
  • Olderkubbe] orekubbe. Det heitte seg at dei underjordiske var ute etter kvinner som skulle føde, og når dei hadde greidd å få med seg ei barselkvinne, la dei gjerne att noko med liknande form i staden.
  • trække Lykken fra Gaarden] ein tenkte seg lykka som noko ein kunne vinne eller miste, og som gjerne var knytt til konkrete ting. Her er tankegangen at verdifulle hestar som ein avhender, må ein behalde noko av på garden; elles kan den «lykka» som hestane representerer, bli borte.
  • uheglet Liin] uhekla lin, lin som ikkje er gjort reint for treaktige delar, med den tradisjonelle reiskapen hekle.
  • Fodertap] fôrtapp, høydott, høyvisk.
  • Fouragerlue] furasjer- eller furerlue; av fouragere, å skaffe hestefôr. Ein furer var ein underoffiser som hadde ansvar for proviant og innkvartering.
  • Domstenene] ring av steinar, truleg kring med ein gammal gravhaug.
  • ringet lidt til med Kirkeklokkerne] å ringje med kyrkjeklokkene var ei viktig råd for å frelse folk som dei underjordiske hadde fått makt over. Klokkeringinga kunne lykkast, men det er eit vanleg segnmotiv at ringinga ikkje varer lenge nok. Da må den bergtekne bli verande i berget eller under jorda.
  • Hafældet] hafellet, hafella; enkelt gjerde av skråttliggjande tre og buskar, særleg kring utmark.

EN GAMMELDAGS JULEAFTEN

Dette huldreeventyret stod første gongen på trykk i Den Constitutionelle 1843, nr. 358. Etter alt å døme byggjer Asbjørnsen på minne frå barndomen; Liestøl meiner at figuren Kari Gusdal var ei kvinne som Asbjørnsen hadde møtt da (Liestøl 1949 I, s. 236-237). I hovudsak er versjonen i NH1 identisk med forma som først vart trykt i Den Constitutionelle, men med nokre språklege og stilistiske endringar.

  • Nervefeber] smittsam febersjukdom, tyfus.
  • Hansen] forfattaren Mauritz Hansen (1794-1842). Forteljinga «Den Gamle med Kysen» vart utgitt i 1828.
  • Apotheket] det såkalla Svaneapoteket, på hjørnet mellom Tollbugata og Kongens gate, oppført i 1662.
  • trankvil] roleg, fredeleg.
  • Ryslæder] russelær, lær som er behandla på russisk måte og innsett med bjørketjøre.
  • Kanappeer] kanapé er ein sofa med form som av samanstilte stolar.
  • Fiskebeensskjørter] skjørt med korsett laga av fiskebein; slike skjørt tar stor plass.
  • Storksnabelstilling] storksnabel eller pantograf er ein eldre og plasskrevjande teiknemaskin, som vart brukt til å gjengi teikningar i større eller mindre målestokk. Sidan kanapéen har plass til fiskebeinsskjørt og storksnabel, er den svært romsam.
  • Koiffurer] frisyrar, håroppsetningar.
  • Oldenborgere] fyrsteslekt som stammar frå Nord-Tyskland. Det danske kongehuset høyrer til denne slekta.
  • Skræddertimen] skumringstimen, da det var for tidleg å kveikje lyset.
  • mine Fata] min lagnad, kva som hadde skjedd meg.
  • give Nissen Julegrød] å gi nissen graut julekvelden, er ein gammal skikk. Den har truleg samanheng med trua på at nissen gjennom året hadde drege rikdom til huset, og derfor skulle ha løn for arbeidet.
  • Waisenhuset] Christiania Waisenhus, grunnlagt i 1778. Det fanst vaisenhus, oppfostringshus for fattige barn, i fleire norske byar.
  • lægge paa Rosten] roste er knust, vassblanda malt til å lage vørter av. Å legge på rosten vil seie å legge maltet «på det gildreverk av pinner med halm over, som vørteren siles igjennom i rostekaret» (Liestøl 1949 I, s. 238).
  • jeg har faaet sju Sjæler her i Gaarden] nissen blir her blanda saman med djevelen; dette skjedde gjerne når folk ikkje lenger trudde fullt ut på overnaturlege makter.
  • Nissen, som dandsede Halling med Jenten] dette er ei kjend norsk segn. At dans blir brukt som straff mot kvinner som har brote eit forbod eller oppført seg uklokt, er eit utbreidd folkediktingsmotiv.
  • mine Vices] min innsats, mi rolle.
  • intimerede] byrja, sette i gang.
  • Folkene saae saa blege og underlige ud] segna om dei døde som held gudsteneste, finst i fleire norske former, og er elles utbreidd over heile Europa. Den eldste oppteikninga er gjort av krønikeskrivaren Gregor av Tours, kring 600 e. Kr.
  • Drømmebilledets Kontrafei] portrettet, den verkelege personen bak draumebildet.

EN NAT I NORDMARKEN

«En Nat i Nordmarken» har ein struktur som minner om «Kværnsagn.» Vi følgjer forteljaren frå hovudstaden ut i naturen på jakt etter fisk og ikkje minst forteljingar, og attende – som forteljaren skriv – «med min Kurv fuld af Ørret og mit Hoved fuldt af Historier.» Men «En Nat i Nordmarken» er meir innhaldsrik, med fleire segner og memorat; vi blir også betre kjende med dei forteljarane fiskaren frå byen møter. Dessutan fungerer huldreeventyret nærmast som ein presentasjon av elvar og vatn i Nordmarka. Med kartet framfor oss kan vi i detalj sjå korleis turen går frå det eine fiskevatnet til det andre. «En Nat i Nordmarken» vart første gong trykt i NH1.

  • denne kvalme By] ståande vending, ofte brukt under romantikken for å framheve motsetnaden mellom byen og naturen, det landlege.
  • Schlucht] trong kløft.
  • Graatrøie] grå vadmålstrøye, trøye som bøndene ofte brukte.
  • Skovfinnerne] skogfinnane, finske innvandrarar som kom til austnorske grensetrakter så langt vest som til området kring Drammen, særleg på 1500- og 1600-talet.
  • Kartovernes Drøn] kanonbrak. Kartove er ei nemning for ein kanontype som særleg var i bruk på 1500- og 1600-talet.
  • for Gøtheborg 1788] i 1788 braut det ut krig mellom Sverige og Russland, framprovosert av Gustav III. Dansk-norske styrkar gjekk til åtak på Sverige og prøvde å ta Göteborg, men England og Preussen la press på Danmark-Norge, som drog seg ut av krigen.
  • Midshipsgast paa Prøvesteen] matros på skipet Prøvesteen.
  • 2den April 1801] det såkalla Slaget på Københavns Red stod 2. april 1801, mellom den dansk-norske og den engelske flåten.
  • Kommandørkapitain Lassen] sjef og øvstkommanderande på blokkskipet Prøvesteen Lorentz Fjeldstrup Lassen (1756-1837). Eit blokkskip er eit skip som ikkje fører rigg.
  • hans fire og firsindstyvende Aar] hans åttifjerde år.
  • den nordiske Lethe] Lethe er i gresk mytologi ei av elvane i dødsriket. Den som smakar på vatnet i denne elva, drikk seg til gløymsle.
  • Østa Glætte /Gier vaad Hætte] klarning i aust gir regn; vanleg vermerke.
  • Jesu Navn, siig ikke det da] vonde makter som nøkken bør ikkje nemnast ved namn. Når det likevel alt er gjort, kan eit gudsord hindre at det skjer nokon skade.
  • Har jeg trøitet Alnen, saa trøiter jeg vel Kvartet ogsaa] har eg greidd å kome så langt som hit, greier eg vel det vesle som står att (har eg fullført alnen – gammalt lengdemål på 0.6 m – så greier eg vel ein fjerdedels alen også).
  • Kulter], ruskar, ruggar, digre fiskar.
  • det var et Huldrekjærn] i folketrua heiter det at huldrer og underjordiske har eigne fiskevatn med stor og feit fisk, slik dei også har store og fine buskapar.
  • Reverunge] reivunge; spebarn i reiv, tøybleier
  • der laa det to vakkre Fiske og den tredie i Kors over dem] Elias trur det er huldra og dei underjordiske som er ute. Men ved å fortelje at han legg på fisketur med to flasker brennevin i lomma, antydar Asbjørnsen at det er Elias sjølv som har fått fisken og lagt den frå seg men gløymt det – trøytt og tummelumsk som han må vere.
  • Fiskesniken] fiskekassa, fiskekorga.
  • blaae Lys] vanleg eld lyser raudt. Det blå lyset skal derimot vere lys av overnaturleg art som markerer at det ligg ein huldreskatt nedgraven.
  • Haalken] isen, svollen. Bestefaren vil ikkje at andre skal få vite om sølvfunnet, og snakkar derfor jenta etter munnen. Han høgg dessutan øksa i sølvet for at stålet skal binde sølvet slik at det ikkje søkk ned og blir borte.
  • Pengekjedlen sank ende ned] skatten tilhøyrer dei underjordiske, eller kanskje djevelen. Det stillest visse krav til skattegravaren om han skal få tak i skatten, og dersom dei ikkje blir oppfylte, søkk skatten attende i jorda.
  • løst sig fra Katechismen og sin Frelser] gjeve opp si kristne tru og gjort avtale med djevelen. Ein slik avtale ville gi rikdom i denne verda, men til gjengjeld tok djevelen sjela.
  • da Krigsfolkene laae ude i Holsteen] i 1760-åra var det fare for krig med Russland, og mange norske og danske soldatar vart utkommanderte til Holstein for å møte fienden. Krigen vart det ikkje noko av.
  • «God Dag Grande,» sagde Manden] huldregardar kan finnast i nærleiken av stader der folk bur. I dette tilfellet har telemarksbonden slege seg ned i utmarka, og da er sjansane enda større for å møte dei underjordiske.

EN AFTEN VED ANDELVEN

«En Aften ved Andelven» knyter seg til neste huldreeventyr, «Graverens Fortællinger», ved at handlinga foregår kring Eidsvoll, og ved at gravaren sjølv – Per Graver – blir introdusert i slutten av huldreeventyret. Vidare opptrer her for første gong ein figur som også er med i «Høifjeldsbilleder», Robert Meason Laing, «en ung Britte», som det heiter. Dessutan møter vi Peter Jonas Collett (1813-1851) og ikkje minst den kjende eventyrforteljaren Lisbeth Maria eller Anne Marie, som hadde vore barnejente i prestegarden på Eidsvoll. Alt i alt er dette eit stykke der det biografiske ligg tett under tekstoverflata, jf. at eg-forteljaren blir kalla A[sbjørnsen]. Huldreeventyret vart første gong trykt i NH1.

  • den beau Ideal af en skotske Urretelv] mønsterbildet av ei skotsk aureelv. Den britiske fiskaren blir framstilt som langtfrå stø i norsk, og han har heller ikkje skjøn på kva for fisk som går i elva; han spelar ei komisk rolle i huldreeventyret.
  • en ung Britte] Robert Meason Laing, som Asbjørnsen hadde blitt kjend med i Christiania. I slutten av stykket blir han kalla Master R. og i «Høifjeldsbilleder» heiter han Sir John Tottenbroom.
  • Eidsvoldbakken] Eidsvold Bad, som vart anlagt i 1841, etter at Henrik Wergeland hadde funne ei kjelde med jernhaldig vatn i området.
  • en anonym Forfatters fine Skildringer] forfattaren er Camilla Collett. I Den Constitutionelle 1843 nr. 134 og 135, hadde ho publisert skissa «Badeliv og Fjeldliv.» Formuleringa den «alfeagtige, drømmeriske Duft, som hviler derover» er ei omskriving av ei tilsvarande vending hos Collett (Liestøl 1949 I, s. 247).
  • den halv somnanbule Tilstand] den halvt søvngjengaraktige tilstanden.
  • Anne Marie] bondekona heitte eigentleg Lisbeth Maria og hadde vore barnejente i prestegarden på Eidsvoll for Camilla og Henrik Wergeland. Ho var ein god eventyrforteljar, og det var likeeins mor hennes, Sara Sandmark, som Camilla Collett har gitt ei skildring av i I de lange Nætter (1862).
  • et sort Lam eller en sort Katte] dyra skal tydelegvis vere offerdyr. Den svarte fargen markerer at dei skal gjevast til dei overnaturlege maktene. Særleg katten assosierer i folketrua til trollskap og djevelsmakter.
  • saa usigelig bange] så forferdeleg redd. Den skriftlitterære vendinga viser at Anne Marie fortel ulikt dei fleste forteljarar; ho er prega av at ho har levd i prestegarden på Eidsvoll og fått del i kondisjonert kultur, jf. Asbjørnsens karakteristikk av henne.
  • fyre over Sengen med Svovl] svovelrøyken hadde kraft til å halde dei underjordiske på avstand. Same kraft hadde tysbast og marihand.
  • at Sundmanden skulde komme og lukke op] at ferjemannen skulle kome og late opp [bruporten]. Det dreiar seg om ei bru over Vorma som bare var open om vinteren ved låg vasstand. Elles låg brua under vatnet.
  • saa maatte han sidde paa en Stol] det er eit nattefrieri tussefriaren prøver seg på, og da er senga den tradisjonelle samværsstaden. Men det har svovelrøyken sett ein stoppar for.
  • kom en Mand henad Stien] mannen er Peter Jonas Collett.

GRAVERENS FORTÆLLINGER

Både «En Aften ved Andelven» og «Graverens Fortællinger» er knytte til Eidsvoll og til ekteparet Camilla og Peter Jonas Collett. I forordet til andre utgåve av NH1 (1859) skriv Asbjørnsen dessutan at dei begge «have gjennemlæst samtlige Huldreeventyr» og kome med merknader og idéar som han har hatt god nytte av. Når det gjeld «Graverens Fortællinger», seier han at Camilla Collett «har endog skrevet den største Del af Indledningen» (Asbjørnsen 1859, s. xxix). Hovudemnet for «Graverens Fortællinger» er trollkjerring- eller heksehistorier. Det kan verke som om hovudskallescenen er inspirert av Shakespeares Hamlet, og stemningar frå Bellmans epistel «Aldrig en Iris» synest dessutan å klinge med.

  • en Dram Finkel] ein dram fuselbrennevin, dårleg, ureinsa brennevin.
  • simple Minder] enkle gravstøtter.
  • Klokkerens store prægtige Gjedebuk] geitebukken spelar ei viktig rolle i huldreeventyret, ikkje bare som tobakksglad konkurrent til gravaren, men som bindeledd til trollkjerringhistoriene. Djevelen blir ikkje sjeldan framstilt i bukkeskapnad.
  • Der var Broen afkastet] der var det slutt med forsøket på å få klokkaren i tale på denne måten.
  • Botaniseerkasse] plantekasse, skrin til å samle planter i.
  • Guldværket] gruvedriftsområde frå 1700-talet, seinare bustadområde.
  • Retzius] den svenske antropologen Anders Adolph Retzius (1796-1860). Han var den første som skilde mellom kortskalla og langskalla hovudformer, og hadde bl.a. halde foredrag om dette emnet på ein forskarkongress i Christiania sommaren 1844. Dette kan forklare at Retzius er nemnd i teksten.
  • Troldkjærringerne skulde have saadan Leg] folk trudde at trollkjerringane og djevelen, som var herren deira, møttest ved dei store årshøgtidene, gjerne på fjelltoppar som Lyderhorn ved Bergen, og Dovrefjell. Den mest kjende møtestaden for slike heksesabbatar er Bloksberg – Brocken – i Tyskland.
  • foran dem gik en stor sort Hund] djevelen viser seg ofte i hundeskapnad.
  • de gjorde alle de bespottelige Ting] det kunne t.d. vere å vrengje på og parodiere den kristne gudstenesta, og å ha samleie med djevelen.
  • først vendte de hende] trollkjerringa har såkalla vondt auga, evne til å skade den eller det ho kastar blikket på.
  • Smurningshornet] i smurningshornet er det heksesalve. Slik salve har faktisk vore i bruk; det var ei salve som inneheldt narkotiske stoff, og som kunne føre til draumar med erotisk innhald.
  • en opskaaren Græstørv] grastorva uttrykker symbolsk skiljet mellom menneske på den eine sida, og underjordiske og døde på den andre. Den som står med ei grastorv i veret, har plassert seg i dei underjordiske sin stad, og kan derfor sjå dei.
  • rangsølis] mot sola. Magien ligg i det omsnudde; den normale rørsla går med sola. Salmeboka vernar også mot vonde makter, særleg når den er plassert nær hjarta.
  • reist saa langt for den Fillesjælen] når mannen ropar på djevelen, er det å oppfatte som ei påkalling. Til gjengjeld for at djevelen bergar livet til mannen, skal han få sjela.
  • holdt over Ryggen paa en Jente] djevelen har maktstole jenta slik at ho er i ferd med å ta livet av barnet sitt. Dermed vil det udøypte barnet etter eldre folketru ikkje kunne kome til himmelen, og ho sjølv set si eiga sjel på spel. Djevelen opptrer her som ein slags fødselshjelpar i og med at han gjer bruk av velkjende jordmorgrep som handspålegging (Reichborn-Kjennerud II 1933, s. 64), jf. elles «Egebergkongen».
  • Theilmann] presten Christian Teilman (1743-1821) som var kapellan og sokneprest på Modum.
  • Dovning] dugnad.
  • vaxerte] dreiv omkring.
  • fra den Tid var han synen] frå da av var han synsk, kunne sjå løynde ting.

JUTULEN OG JOHANNES BLESSOM

Med undertittelen «Et Folkesagn fra Gudbrandsdalen» stod dette huldreeventyret på prent i Den Constitutionelle i 1844, nr. 32. Noko tidlegare same året hadde ekteparet Camilla og Peter Jonas Collett i Den Constitutionelle (nr. 17 og 18) publisert eit langt avisstykke med tittelen «En Vandring og et Eventyr» der dei legg fram ei form av det kjende undereventyret «Kvitebjørn kong Valemon». Poenget for ekteparet Collett var å vise korleis norske folkeeventyr etter deira meining burde formast ut – ikkje slik Asbjørnsen og Moe gjorde det, men meir elegant og sofistikert. Både Jørgen Moe og Asbjørnsen tok til motmæle, og «Jutulen og Johannes Blessom» kan oppfattast som Asbjørnsens svar på tiltale.

  • Jutulsbjerget, som Storm har viet en Sang] Edvard Storm (1749-1794) var presteson frå Vågå og skreiv bl.a. «Ode til Jutulsbjerget». Storms mest kjende dikt er truleg visa om korleis Gudbrandsdals-bøndene slo den skotske leigehæren ved Kringen i 1612, «Zinklarvisa».
  • mere Samkvem mellem Guder og Mennesker] uttrykket illustrerer den romantiske oppfatninga som bl.a. brørne Grimm var talsmenn for, at dei gamle gudane var blitt til troll og andre vette. I 1870-utgåva endra Asbjørnsen formuleringa til mere Samkvem mellem Mennesker og Trold.
  • skulde have Ret paa en Proces] på slutten av dansketida var det ikkje uvanleg at bønder som var misnøgde med lokale rettsavgjerder og som hadde råd og framtak til det, reiste til København for å leggje fram saka si for kongen.
  • Taskelaag] lommeklaffar.
  • en Hest, som træder tolv Trin i Milen] det finst mange raske hestar i folkediktinga, jf. t.d. eventyrhesten Grimsborken.
  • et Dødninghoved paa en Stage] dei er tydelegvis nede på ein rettarstad; dette trekket skal illustrere at Blessomen er ute og reiser med ein farleg kar.

FRA FJELDET OG SÆTEREN

Dette huldreeventyret skil seg ut ved å ha dobbel ramme. Eg-forteljaren introduserer ei namnlaus kvinne som han bare kallar Jomfru; ho høyrer tydelegvis heime i borgarskapet, og det er opplevingane hennes på ein tidlegare setertur som utgjer hovudinnhaldet i stykket. På denne seterturen har jomfrua følgje av to kvinner. Den eine av dei er seterjenta Brit, og det er ho som legg fram folketradisjon; Brit «vidste Meget at fortælle om de Underjordiske eller Haugefolket, og Huldren.» Asbjørnsen opplyser at Camilla Collett har skrive «de indledende Ord» til dette huldreeventyret (Asbjørnsen 1859, s. xxix). Det vart første gong trykt i NH1. «Fra Fjeldet og Sæteren» fungerer som ein naturleg overgang til NH2, som nettopp byrjar med to huldreeventyr frå fjell og setervidder: «En Søndagskveld til Sæters» og «Reensdyrjagt ved Ronderne.»

  • Jomfru] ein fiktiv kvinneleg forteljar som saman med den like fiktive Trine formidlar historiene til seterjenta Brit.
  • Musikrecension] melding, omtale av ein konsert.
  • Brit] dette er seterjenta Brit Justhole som Asbjørnsen også presenterer i «En Søndagskveld til Sæters».
  • Karduspapiir] kardus; grovt innpakningspapir, papir til røyketobakk eller krutladning.
  • saa deilig en Leg paa Fele] dei underjordiske har ord på seg for å kunne spele vakkert på fele. Om fleire hardingfeleslåttar heiter det at dei opphavleg er huldreslåttar.
  • hullede] song tonane utan ord.
  • gaaet og læst] gått for presten, stått til konfirmasjon.
  • en stor Frigge] ei storvaksen kvinne.
  • Sommerløv og Sale] huldrelokk; kunamna kjem som allittererande rekker eller ramser.
  • Stat op Spillevika] dette er ei såkalla vekkjarstrofe; huldra vekkjer budeia som har forsove seg (Blom 1977, s. 80-82).

HØIFJELDSBILLEDER I. EN SØNDAGSKVELD TIL SÆTERS

«En Søndagskveld til Sæters» byggjer på notat og minne frå ei reise Asbjørnsen gjorde til Gudbrandsdalen i 1842, men svært fritt gjengitt. Minst like viktig for utforminga av huldreeventyret er den tradisjonen Asbjørnsen stør seg til; seterbesøket som emne for litterær behandling. Henrik Anker Bjerregaard hadde så tidleg som i 1824 skrive syngespelet Fjeldeventyret med musikk av Waldemar Thrane; i 1850 gjorde Claus Pavel Riis’ syngespel Til Sæters stor lykke da det vart oppført på Christiania Theater. Også Bjerregaards stykke vart spela offentleg dette året (Hauge 1974, s. 363). Jørgen Moes skildring «Besøg i et Bondebryllup» (1847) knyter seg til same genre. Asbjørnsen kunne sjølvsagt ikkje kjenne Riis’ syngespel, men han har vore vel kjend med den interessa som i samtida knytte seg til seterbesøket som litterært emne. Før huldreeventyret kom på prent, las han det opp for gode vener. Halvdan Kjerulf skriv i 1846 at han har høyrt Asbjørnsen lese «en fortræffelig Historie om et Besøg i en Gudbrandsdalsk Sæterstue» (Liestøl 1947, s. 104).

  • Kaudervelsk] underleg og uskjønleg språk; eigentleg «kremmaritaliensk».
  • Reenskytten Thor Ulvsvolden] reinskyttaren Thor Ulvsvolden. Han heitte eigentleg Thor Øygarden. I 1837 hadde han følgt engelskmannen William Bilton på ei liknande reinsdyrjakt i Rondane. Liestøl meiner at det var Biltons skildring av denne turen som sette Asbjørnsen på tanken å gjere same turen opp att (Liestøl 1949 II, s. 300).
  • peber- og saltfarvede Beenklæder] bukser av grått ulltøy med svarte og lysegrå prikkar.
  • Kjole] frakk.
  • Kistepibe] firkanta børsepipe.
  • douce] mildt og fint.
  • Skolemesteren] modellen for den sterkt karikerte skolemeisterfiguren er læraren i Sel, Hans Hansen Pillarviken (1798-1863). I stykket blir han elles kalla Halsteen Røen. Pillarviken var truleg den viktigaste kjelda for gudbrandsdalstradisjonar som Asbjørnsen hadde (Liestøl 1949 II, s. 301-302).
  • Skolefrist] undervisningsfri.
  • rød Bul] raud vest.
  • gjemente Karé] likeframme, folkelege karar.
  • det var Von, om du kommer til at skyde den] det er tvilsamt om du kjem til å skyte den.
  • opgjæv] trøtt, lei.
  • Fadermordere] svært høge snippar.
  • Ægger, et Slags udsyede Guirlander] eggar, påsydde spissar som heng i boge.
  • Gevæxt] utvekst, svulst.
  • Vaages usæbede Ungdom] den ukultiverte og ulærde ungdomen i Vågå.
  • gravitetisk] høgtideleg, med alvor.
  • Regula-de-tri-Stykke] av lat. regula de tribus; reknestykke der ein ut frå tre kjende tal kan finne det fjerde.
  • Geddikes Læsebog] Friedrich Gedicke (1754-1803) var ein tysk opplysningspedagog som gav ut fleire lesebøker.
  • Hübners Geografi] den tyske vitskapsmannen Johannes Hübner (1668-1731) gav bl.a. ut Vollständige Geographie; denne boka vart mykje lesen (Liestøl 1949 II, s. 303).
  • det euxinske Hav] Svartehavet.
  • Keiser Octavianus] ei såkalla folkebok; som andre folkebøker inneheld den bearbeidingar av populære forteljingar frå mellomalderen.
  • den mandhaftige Ridder Tistram og den dydefulde Prindsesse Indiana] dette er også ei populær folkebok. Den mannlege hovudpersonen Tistram er tydelegvis ein fjern etterkomar av mellomalderhelten Tristan frå forteljinga om Tristan og Isolde.
  • har svøré til Constitution] har avlagt eid til Grunnloven. Etter valloven av 1828 måtte ein på by- eller skatteting sverje eid til konstitusjonen for å få røysterett og vere valbar.
  • sunget Pigernes Aftenbøn] her blir det truleg sikta til at Hans Pillarviken i ungdomen hadde late seg leige til å dikte kjærleiksviser for vonbrotne jenter (Liestøl 1949 II, s. 304).
  • Skulen] Skulin, fjell ved vegen til Jønndalen mellom Vågå og Lesja.
  • Jutulsbjerget] bergvegg i lia ovanfor Vågåmo med ei bergflate som minner om ein port med rund boge; jf. «Jutulen og Johannes Blessom».
  • den paviske Tid] den katolske tida.
  • før] kraftig, storvaksen.
  • Dyrstraakjé] reinsdyrsrutene; der reinen går.
  • Blindskytter] figur med velbrukte og gjennomsveitte menneskeklede som blir stilt opp for at reinen skal få teft av menneske og drivast i ei anna lei.
  • befængt med Eismalsot] plaga av tungsinn.
  • den baatandeste Jagtled] den beste jaktleia.
  • aadjærve] djerve til å vasse over elvar.
  • afhænds] frå seg, med knivbladet vendt utetter.
  • Saa kjytede han, at han vilde korte sig] så briska han seg med at han ville ta livet av seg.
  • Elven var landstegen] elva fløymde over breiddene sine.
  • da satte Bjørn Ug] da reiste Bjørn bust; vart sint og protesterte.
  • Diskours] disputt, livleg diskusjon.
  • Dobbel] spel, kortspel.
  • Skolemestertremulanter] skjelvetonar i skolemeisterstil.
  • Dosmere] dumrian, tosk.
  • udlader Fornermelser mod] talar fornærmande om.
  • Præsten Grønbech] dette er ein fiktiv person. Den såkalla «Vågåpresten» Hans Peter Schnitler Krag (1794-1855) som var prest i Vågå 1830-1842, fekk mykje å seie for modellen for skolemeisterfiguren, Hans Hansen Pillarviken.
  • Skjelsmand] meklar.
  • beinksom] hjelpsam.
  • Vigt og Vavl] snakk og tullprat.
  • han havde Bø af Jens] han minte om Jens.
  • Bondklubba] bondeopprøret; klubba vart rekna som eit typisk bondevåpen.
  • med skjellongske Slag] på ein avgjerande måte.
  • naar Vota er Landets lov] når det er allmenn røysterett i landet.
  • Skrabud] skraput, bukk med ei skrapande rørsle med føtene, baketter.
  • greske Karle] gilde karar.
  • Ræksælen] gangstigen; krøttertråkket.
  • Kviendom] ungfeet; kalvar og kviger.
  • Bolken] mellomveggen, skiljeveggen.
  • slik ‘n Tur] slik ein sjau.

REENSDYRJAGT VED RONDERNE

Det er nøye samanheng mellom «En Søndagskveld til Sæters» og «Reensdyrjagt ved Ronderne»; dei er da også plasserte under fellesoverskrifta «Høifjeldsbilleder». Denne tittelen gir signal om at det vil vere eit viktig poeng for forfattaren å presentere og portrettere menneske og ikkje minst landskap i tråd med den romantiske målarkunstens krav. Genrenemningar som bilde, idyll og skisse var elles ganske vanlege i samtida, jf. Mauritz Hansens «Norsk Idyllekrands» (1831) og Welhavens Skizzer fra Frankrig (1836). Oppteikningar frå Asbjørnsens Gudbrandsdals-reise i 1842 ligg til grunn for både «En Søndagskveld til Sæters» og «Reensdyrjagt ved Ronderne». Men som skildringa av seterbesøket er «En Reensdyrjagt ved Ronderne» fritt utforma og på ingen måte noko referat av kva som skjedde på jaktturen. Ikkje minst er det grunn til å notere seg at det var ungguten Engebret Hougen (1826-1891) som fortalde segnene om Peer Gynt, etter at jaktturen var unnagjort. Til gjengjeld finst det vel ingen andre segner frå norsk folketradisjon som har sett slike merke etter seg i litteraturen. Bøygen kom til å bli eit hovudsymbol i Ibsens drama Peer Gynt, og har dessutan levd vidare i språket som uttrykk for vanskelege utfordringar.

  • Welhaven] strofe frå Welhavens dikt «Høifjeldet» i Halvhundrede Digte (1848). Asbjørnsen skriv at Welhaven fekk låne manuskriptet til «Reensdyrjagt ved Ronderne», og da manuskriptet kom attende, «stod dette Motto skrevet paa Omslaget med hans Haandskrift» (Liestøl 1949 II, s. 310-311).
  • Skavgræstuen] bunt av skavgras, gras med hard og ru stengel til å skure mjølkeringer og andre trekar med.
  • brække Hals og Been] det heiter i folketradisjonen at ein ikkje skal ynskje godt for fiskaren og jegeren, men tvert imot ynskje uhell; da er det von om god fangst.
  • Fjernvuer] fjerne synsinntrykk.
  • nøné] ete nonsmåltid, ved tre-tida om ettermiddagen.
  • Riumte reis ‘n up] av og til reiste han seg opp.
  • Takomte] nå og da.
  • sjaakede] vakla, trødde ustøtt.
  • ræggede ikuld] fall overende.
  • Hirschfængeren] hirschfenger; lang jaktkniv eller bajonett.
  • Blicher] Steen Steensen Blicher (1782-1848), dansk forfattar som Asbjørnsen var inspirert av. Asbjørnsen siktar til forteljinga «Røverstuen» (1827).
  • Skiager] Skjåk.
  • en Capitain, en Landmaaler] det dreiar seg om Theodor Christian Broch (1796-1863). Han arbeidde som landmålar i Gudbrandsdalen i 1820-åra.
  • faae Knevelen løs] få tunga på glid.
  • begger to totter de havder en dilig Reeddeer for sig] begge to trudde at dei hadde ein vakker [«deilig»] hjort framfor seg.
  • and stilleder fram] og lista seg framover.
  • sture grinede Horn] store horn med greiner.
  • holdt lige i Bringkøil’n eller Bogen] sikt midt i brystbeinet eller bogen; øvste del av framfoten.
  • Sir Biltton] engelskmannen William Bilton. I 1837 hadde han teke ein tur i Rondane saman med Thor Ødegaarden og bror hans. Tre år seinare gav han ut boka Two Summers in Norway, der han skildrar turen (Liestøl 1949 II, s. 312-313).
  • afhandlede] gjorde greie for.
  • Ølrøk] varmedis.
  • Dotskrig] jegerens jaktskrik når dyret er felt.
  • Ridderen af den bedrøvelige Skikkelse] allusjon til Don Quijote, hovudpersonen i Miguel de Cervantes’ (1547-1616) kjende roman.
  • Peer Fugleskjelle] Peer Fugleskjelle er truleg ein historisk person; Fugleskjelle er ein gard i Sel kommune (Liestøl 1949 II, s. 313-314).
  • Tagets Rygning] mønet på taket.
  • Lapidarskrift] skrift med enkle og rette linjer.
  • et af en Vidiestamme extemporeret Stegespid] eit steikespidd laga der og da av ein vidjekvist.
  • Kristiansmarked] marknaden i Christiania som vart halden tidleg i februar kvart år.
  • Branæs] Bragernes dvs. Drammen. Her vart det halde marknad veka etter marknaden i Christiania. Marknader vart det også halde på Kongsberg og på Grundset i Elverum.
  • Fjeldlegene] fjellstemne som på 1800-talet vart haldne på setrane. Her vart det skipa til dans og fest, og folk kom saman frå ulike bygdelag.
  • kveldvaret] fått seg kveldsmat.
  • Fænter] fantekvinnfolk, bykvinner.
  • Hun var lodden] dei underjordiske blir ikkje sjeldan skildra som lodne, dvs. dyriske, jf. omtalen av nissen i «En Aftenstund i et Proprietairkjøkken.»
  • Elsdyr] elg.
  • slige Ofryskjé] slike udyr.
  • Aa det er han Bøig] namnet Bøig heng saman med verbet bøye. Bøygen viser seg å vere eit troll i slangeham.
  • skjæpe paa] få orden på, setje på plass.
  • Braafang] hastverksarbeid, rask handling.
  • skjød tre Skud] både elden som står frå børsepipa, blykula og smellen har kraft til å drepe trollet, særleg når Peer skyt tre skot. Men alt hadde vore til fånyttes om han hadde skote ein gong til, slik trollet oppmodar han om å gjere.
  • Førkje] kvinne; nedsetjande nemning.
  • Svandsen] svansen, halen; omskriving for børsa. Trolla vil nødig nemne det farlege våpnet direkte.
  • Snytehøin] nase, snyteskaft.
  • Supekøin] suppekorn, gryn.
  • de vælede op Stortroldet] dei skar stortrollet i stykke.
  • om der var Tona i slige Karle] om det var tak i slike karar.
  • Bøssetrumfen] geværkolben.
  • en Bustsleiv] eit stykke bektråd med svinebust i enden.
  • bennede til] snørte til, stramma til.
  • vekja Snarer og Reensgrave] føre tilsyn med snarer og reinsdyrgraver.
  • ved Natmaal] ved leggjetid om kvelden.
  • fjorten grønklædte Jomfruer] dei fjorten jomfruene er huldrer. Ibsens grønkledde hulder i Peer Gynt er inspirert av skildringa hos Asbjørnsen.
  • Langespél] langeleik, folkemusikkinstrument med resonanskasse og fleire strenger.
  • kytede haardt] brukte harde ord.
  • Stavved] emne til tønnestavar.
  • Staburrøstet] stabbursgavlen.

PLANKEKJØRERNE

«Plankekjørerne» har tradisjonelt blitt oppfatta som ei sosialrealistisk skildring av ei gruppe menneske i utkanten av samfunnet – skriven fleire år før Eilert Sundt skulle ta opp slike emne i større breidd – og eit vitnemål om at Asbjørnsen nå melde overgang frå huldreromantikk til realisme. Men det er tvilsamt om det ligg noka djuptgripande endring i synet på litteratur og samfunn til grunn for at «Plankekjørerne» vart til, slik Henrik Jæger i si tid hevda (Jæger 1883, s. 73-78; jf. elles Aarseth 1981, s. 43-55). Derimot er det meir av journalisten og sosialreporteren Asbjørnsen i «Plankekjørerne» enn i dei fleste andre huldreeventyr. Asbjørnsen har nok vurdert emnet som nytt og tiltrekkjande, men også som problematisk. Eit tydeleg teikn på det er at forteljaren ikkje er til stades i teksten anna enn som fluge på veggen: «Vi ville engang besøge et af disse Steder [brennevinssjapper],» heiter det, og så er forteljaren ute av soga. Gjennom fokuseringa på djevelen og djevlehistorier knyter «Plankekjørerne» seg til «Graverens Fortællinger». Men stykket er også i slekt med «En Halling med Kvannerod»; begge stader har Asbjørnsens ungdomsven Andreas Wulfsberg Grøtting levert viktige bidrag. I «Plankekjørerne» har han «udført den fortrinlige Kortspilscene,» skriv Asbjønsen (Asbjørnsen 1866, s. vi). «Plankekjørerne» vart skrive våren 1846.

  • Trælastkommers] handel med trelast.
  • Bord- eller Plankekjørerne] fraktefolk som kjørte bord og plank frå romeriksbygdene til Christiania. Det vart frakta trelast og andre varer for store summar.
  • Støb] staup; søkk, hol.
  • depraverede] moralsk forfalne, forderva.
  • Kipper] primitive serveringsstader, buler.
  • Kalkegutter] arbeidskarar som driv med kalking og måling.
  • der give Fifkavailleren] som framstår som fiffkavaleren; den fint kledde herren.
  • Trindserudsalen] simpelt danselokale i Maridalsvegen, nedanfor Beierbrua.
  • Toskillingsviser] folkelege viser trykt på grovt papir, med tema som ulykkeleg kjærleik, drap og vald.
  • de hvide Mærker] krittstrekar som mottakaren av lasset skreiv på ryggen til fraktekaren, som kvittering for leveransen.
  • Borrebækken] skjenkestad i Østre Aker i krysset mellom Trondheimsvegen og Økernvegen (Liestøl 1949 II, s. 324).
  • Varskielæs] lass om er bundne saman med ei ramme av smale fjøler.
  • Klunkeflaske] timeglasforma brennevinsflaske som gir ein klukkande lyd når det blir skjenkt av henne.
  • Bordskrivere] bordskrivarar, dei som kvitterer for plankelass-leveringane.
  • Kværsild] kversill, infeksjonssjukdom i halsen på hestar.
  • Kværke] kverke, ei anna nemning for kversill.
  • Knippa] leddbetennelse; hestesjukdom.
  • Skukestol] skakestol; fjøl med to bein under som vart brukt til å skake lin, slå på linplantene slik at vedinnhaldet vart fjerna.
  • Meyer] trelastgrosseraren Jacob Meyer (1781-1856) var svært interessert i hestar og deltok i tråvkjøring på isen i Bjørvika.
  • Garnisonskarl] soldat ved garnisonen, den faste troppestyrken ved Akershus festning i Christiania.
  • den Feterede] den feterte, den som det vart gjort stas på.
  • et i det Hele determineret Ydre] ein på alle vis myndig utsjånad.
  • Labola] femkort med trumf.
  • Beis] trumf.
  • Spil] siste stikk.
  • inte kommet ud] ikkje kome ut; ikkje fått leggje kort ut som førstemann og styre spelet.
  • afreid] avreidd, øydelagt.
  • halv Trumfemarias] når kongen ligg på kortstokken og nokon har dame i trumf. Omgrepet marias kjem av fransk mariage; dvs. ekteskap (mellom konge og dronning) i same farge.
  • saa fik jeg Labola atpaa] så fekk eg alle fem stikka i tillegg.
  • tre Streger] tre poeng. Den som først får fem strekar, har vunne.
  • Baasnaut] ku som har stått lenge på båsen og er stiv i føtene.
  • stikke Halvpæglmaalet ud] drikke heile halvpelen.
  • Tollerist] artillerist.
  • Lastehandlerfuldmagtene] lastehandlarfullmektigane, representantar for trelasthandelen. Fullmektigane kunne gjere avtalar med bøndene på vegner av trelasthandlarane.
  • Flisefutene] oppsynsmenn ved tømmerdrift og tømmerfløyting.
  • Svarteboka] trolldomsbok som inneheldt magiske råder til å mane etter. Det heitte at mange prestar skulle eige svarteboka, særleg dei som hadde studert i Wittenberg.
  • Røkenpræsten] Røykenpresten er Christian Holst (1743-1824). Han var prest i Røyken i meir enn 50 år, og hadde stor tillit i bygda. Folk trudde at han åtte svarteboka og kunne mane djevelen.
  • Skjekte] kastepil.
  • solgt Sjælen sin] det var vanleg folketru at ein kunne gjere avtale med djevelen om å ha framgang i dette livet. Til gjengjeld skulle djevelen ha sjela når ein døydde.
  • Lovvanter] bladvottar, vottar med eitt rom for tommelfingeren og eit sams rom for dei andre fingrane.
  • Dørspeilet] dørspegelen, dørfyllinga.

EN TIURLEG I HOLLEIA

Den første versjonen av «En Tiurleg i Holleia» gjekk som føljetong i Den Constitutionelle i 1846 – 6., 7. og 8. september. Redaksjonen opplyser at stykket er henta frå andre samling av Asbjørnsens huldreeventyr, «der inden kort forlader Pressen.» Det kan såleis verke som om bladet har hatt reintrykk eller korrektur av NH2, for trykkfeil i boka går igjen i bladet (Liestøl 1949 II, s. 328). Likevel er det noko skilnad på utformingane i 1846 og 1848; det må bety at det er gjort endringar i trykksatsen etter september 1846. Her er eit døme frå omtalen av ein trollhare; først 1846-versjonen: «men Herren forsyne mig,» sagde han, «blødede han ikke som den største Stud, jeg har slagtet» – for han var Slagter maavide –». I NH2 heiter det: «men Herren forsyne mig,» sagde han, «blødede han ikke som en liden Kvie.» Så skriv Asbjørnsen i lista over trykkfeil og rettingar i NH2 at siste del av omtalen skal rettast til: «som den største Oxe, jeg har slagtet.» Det dreiar seg altså om tre forskjellige utformingar av denne spesielle omtalen. Asbjørnsen sa sjølv at dette huldreeventyret var eit av dei beste han nokon gong hadde skrive, og det same meinte Peter Jonas Collett. I alle høve var Asbjørnsen på heimebane, for han var svært godt kjend i Holleia og var god ven med «Kapitainen» som styrte garden Ask.

  • Jagtloven] jaktlova vart vedtatt i 1845. Lova sette forbod mot jakt på storfugl frå 1. april til 15. august.
  • min Ven Kapitainen] kapitainen er Johan Georg Boll Gram (1809-1873) som var general og hoffmarskalk hos kong Karl XV. Han styrte garden Ask og var stor skoghandlar og skogeigar (Liestøl 1949 II, s. 328-329).
  • Peer Sandaker] Peder Hansen Sandaker (1767-1842) var ein kjend bjørneskyttar.
  • Dækker] dekker, søkk.
  • kjeikes med] slåst med, ha med å gjere.
  • Troldfugle] fuglar som det hefter noko overnaturleg ved, eller som tilhøyrer dei underjordiske. Trollfuglar nyttar det ikkje å skyte på.
  • Udsendinger] ting eller vesen som den trolldomskunnige sender ut for å skade andre og gjere folk sjuke. Ordet utsending blir også brukt i tydinga plageånd, forfølgjar.
  • kneppe] klikke, smelle med nebbet.
  • klunke] klukke, lage klukkelydar.
  • sauge] sage, skjerpe; lage ein skurrande lyd.
  • baade med Salt og med Sølv] å lade geværet med salt og sølv er tradisjonelle jegerknep for å få has på trollfuglar og trolldyr.
  • kjø’en og spansk] byrg og kry.
  • Styven] velet, stjerten.
  • gjort sig haard] gjort seg usårleg ved trolldom.
  • stød i Laaggen] stø, sikker.
  • Donatbommert] elementær feil.
  • Troldhare] hare som er forheksa; hare som tilhøyrer dei underjordiske.
  • faae rigtig Rede paa Foden] få skikkeleg greie på kvar haren spring.
  • Ramler] hanhare.
  • Færdene efter Truerne hans] spora etter trugane hans.
  • til Fuglen har støet ordentlig Leg] til fuglen spelar støtt og sikkert på leiken.
  • en Kullebund] ein kolbotn; stad der det har vore kolmile.
  • Svandsskruen] skruen som fester enden av børsepipa til skjeftet.
  • Loddet] loet; geværkula.
  • Flaurogn] flogrogn, snylterogn som veks i andre tre. Det heiter at flogrogn skal verne mot forheksing.
  • tre Fliser af Veslefingneglen] neglar hadde vernande verknad mot trolldom, men kunne også nyttast som trolldomsmiddel av trollkunnige. Derfor vart det tryggast å brenne avklipte neglar. Når det nettopp skal vere tre fliser av veslefingerneglenvenstre hand, heng det saman med det psykologiske behovet i folkemedisinen for å gjere noko særmerkt ut av hjelperådene; talet tre er elles eit magisk tal i folketrua.
  • Doot] jaktskrik når dyret er felt.
  • veie ham ud] åpne haren og ta ut innvollane.
  • Alunsjøen] Alnsjøen, vatn i Lillomarka.
  • Solspillet] tiurspelet som går føre seg når sola sprett.
  • knorter og trækker] kaklar og flytter på seg.
  • Frø] frosk.
  • Pereant Souverainerne] død over sjølvherskarane. Samanstillinga vivant – pereant er bl.a. kjend frå studentsongen «Gaudeamus Igitur»: «Vivat academia/vivant professores […] pereat tristitia/pereant osores».

EN SIGNEKJÆRRING

«En Signekjærring» vart utgitt første gong i Hjemmet og Vandringen. En Aarbog for 1847. Men det ser likevel ut til at NH2 har vore trykt først, og så har satsen vore nytta som grunnlag for teksten i Hjemmet og Vandringen (Liestøl 1949 II, s. 334). Stykket knyter seg emnemessig til «En Signekjærrings Fortællinger» i NH1, og når det gjeld det formelle, til huldreeventyr som «Plankekjørerne» og «Tatere». I desse tre stykka er avstanden mellom forteljaren og det folkelege miljøet så stor når det gjeld sosial plassering og opplysningsnivå og kultur, at forteljaren må nøye seg med å vere fluge på veggen. Samtalen mellom den fattige husmannskona og signekjerringa ville da også vore utenkjeleg med ein framand tilhøyrar til stades. Den siste delen av huldreeventyret der vi får vite at mannen kjem heim og får mistanke om at Gubjør Langelaar har vore på besøk, vart tatt ut i 1870-versjonen. Men at Truls på Rognehaugen gjer alvor av trugsmålet om å gjere sitt for få signekjerringa i arresten og melder henne til lensmannen, får vi vite i «Tatere».

  • Spærrestue] sperrestove, stove utan loft med bjelkane mellom mønsås og langvegger synlege.
  • Støbningen] støypinga; dvs. å helle smelta bly i vatn og stille sjukdomsdiagnose på grunnlag av dei figurane som dannar seg.
  • Koklementer] trolldomsknep.
  • Kokkeras] koking av medisin.
  • til Dagverd] ved dugurdsleite, dvs. på formiddagen, ved 10-11-tida.
  • pidske den med et dueligt Birkeriis] å denge byttingen med bjørkeris vart oppfatta som eit verksamt knep for å få den underjordiske mora til å kome attende med menneskebarnet.
  • Bævergjæl] bevergjel, stoff frå bever-testiklar. I tørka form vart bevergjel brukt som medisin.
  • Kniv har det staaet over Døren] knivstålet skal hindre vonde makter i å trengje inn i huset. Også elden, krossteiknet og sølvet skal etter folketrua ha vernande verknad.
  • tomlet] gjort krossteikn.
  • havde Barneondt] hadde fødselssmerter.
  • Spølkum] spilkum, kopp, bolle.
  • Vinduesbly] bly vart mykje brukt som magisk verkemiddel av signekjerringane. Blyet fekk særleg kraft dersom det kom frå ein heilag bygning, og ikkje minst om det var sanka inn om natta. Det gav dessutan effekt at det var funne i sju kyrkjesokn, for sju-talet er eit magisk tal.
  • nordrindendes Vand] vatn som renn nordetter. Slikt vatn skulle etter folketrua ha særleg kraft; dei vonde maktene heldt til i nord.
  • naar den daarer et Spædbarn] etter folketrua kunne visse fuglar som gauken, kråka og lommen gjere skade på folk når ein høyrde dei om våren første gong, på fastande hjarta. Slike fuglar vart kalla dårefuglar (Liestøl 1949 II, s. 338).
  • Læddik] leddik; lite rom med lokk, plassert på sideveggen inne i ei kiste.
  • see dig i Øiestenen paa Barnet] det er ei vanleg oppfatning at auga er ein spegel for sjela og likeeins for livet.
  • Kjaak] tjåk; bry, kav.
  • Maalstangen] målestonga; ei stong som er seks alen lang (3.6 m).
  • syv Vedfald] sju vedfall; dvs. levealderen til sju generasjonar skogstre når dei ikkje blir hogne, men står til dei fell av seg sjølve.
  • Pallen] benken, krakken

EN SOMMERNAT PAA KROGSKOVEN

«En Sommernat paa Krogskoven» er utan tvil eit av Asbjørnsens mest kjende huldreeventyr; ikkje minst har det gjort lykke som opplesingsnummer. Dei satiriske portretta av den gamle kjerringa lengst inne i Sørkedalen og den bakvendtsnakkande vedhoggaren ved Storflåtan kallar på den store latteren. Sjølve handlinga foregår i eit terreng Asbjørnsen var fortruleg med frå barndomen, som han kjende ut og inn. Sjølv kom han mange gonger til å vandre frå Christiania til Ringerike både langs «den slagne Landevei» og skogleies. Men langt frå alt i huldreeventyret er sjølvopplevd. Skogangsten er eit vanleg tema i romantisk dikting, bl.a. i Geijers dikt «Den lilla kolargossen» som Asbjørnsen har teke utgangspunkt i. I Geijers dikt er noko av poenget at den vesle kolbrennarsonen er mørkredd, men han får vite av faren at den som «rätt kan läsa sitt Fader vår,/ han rädes varken fan eller trollen.» Nettopp troll og djevlar er det som prøver å skremme fleire av aktørane i huldreeventyret; Thor Lerberg grip da også til gudsord og salmevers for å halde dei vonde maktene på avstand. Forteljinga om huldrefolket på Kilebaken og reisa til Bra[ger]nes fekk Asbjørnsen tilsendt så seint som hausten 1847 av lærar J. M. Kristofersen i Ådal (Liestøl 1949 II, s. 340-341).

  • Geijer] den svenske romantiske forfattaren Erik Gustaf Geijer (1783-1847). Diktstrofa er frå diktet «Den lilla kolargossen» (1814). Saman med A.A. Afzelius gav Geijer ut Svenska folkvisor från forntiden (1814-1818).
  • Kehrraden i «Aasa»] kjerraten i Åsa; eit fraktesystem der vasskraft i kombinasjon med eit kjettingverk gjorde det mogleg å løfte tømmeret frå Tyrifjorden opp på Krokskogsnivået. Derifrå vart tømmeret fløytt til Christiania. Det var godseigaren og forretningsmannen Peder Anker (1749-1824) som bygde kjerraten, som var i drift frå 1807 til 1849.
  • i Præstlære hos Ringerikspræsten] Asbjørnsen studerte ikkje teologi på Ringerike, men gjekk i 1826 og 1827 på Christopher Størens artiumskurs. Det var her han vart kjend med Jørgen Moe og Andreas Wulfsberg Grøtting.
  • stykkomtil] stykkevis.
  • duftig] tåkeaktig, disig.
  • tælle efter, hvormange Dage hiin havde igjen at leve] gauken var etter folketrua «varselsfugl». Når ein høyrde gauken første gongen om våren og spurde kor mange år ein hadde att å leve, ville gauken svare ved å gale så mange gonger som ein hadde leveår att.
  • Krogskovens gamle Røverhistorier] Krokskogen skulle i gamle dagar vere eit utrygt område å ferdast i, særleg om ein hadde med seg pengar og verdisaker.
  • rødt Haar og Furuskog, de trives ikke paa god Jord] raudt hår og skjegg vart i folketradisjonen oppfatta som teikn på at den som bar det, var falsk til sinns. På god jord har furua vanskeleg for å konkurrere med gran og visse lauvtre.
  • Thor Leerberg] den gamle mannen skal eigentleg ha heitt Tore Lerberg og ha vore frå Norderhov (Liestøl 1949 II, s. 346).
  • have Bod at kvare sig] trenge å kvile seg.
  • skaare] lage skar, hogge.
  • Tidlig kom du og seint gaaer du] som i fleire andre huldreeventyr dreiar det seg her om kva som kan skje når ein uroar dei underjordiske om kvelden og natta.
  • Vaarfjøset] vårfjøset; eit fjøs som vart brukt når kyrne gjekk på beite så langt unna heimegarden at dei ikkje rakk heim til kvelds, og ein ennå ikkje hadde flytt til seters.
  • syntes han det var Tørfuru alt han saa] far til forteljaren blir synkvervd; det forklarer dei opplevingane han har.
  • musede] grå. Det er ei vanleg oppfatning i folketradisjonen at huldrefolket har grå husdyr.
  • Kulmile] kolmile; kjegleforma stabel av ved som blir dekt med grastorv og påtend slik at veden brenn til trekol.
  • gjule fast Rebene] gjurde fast, stramme til reipa.
  • Hælerhalsene] av hegd, bøyle av tre som er festa i enden av eit reip til bruk når ein skal stramme reipet. Halsen på hegda er den staden bøyleendane møtest.
  • Barskuten] barskuret; enkel hytte med skråtak.
  • Slagfærdene] spora.
  • det var ikke Udkomme med ham] det var ikkje råd med han; det nytta ikkje å snakke til han.
  • efter overstaaede Fata] etter det eg hadde vore gjennom.
  • Konfusionsmageri] forvirring, uorden.
  • debitere Relationer] føre tvilsame forhold i marka; seie tvilsame ting.
  • halvfemsindstyve Skippunds Tyngde] 90 skippunds tyngde, dvs. mellom 14 og 15 tonn!
  • Koppen] hovudet.
  • saa gjorde jeg som Fanten] fanten følgjer ikkje folkeskikken, men legg av garde så snart han har fått metta.

TATERE

Dette huldreeventyret vart utgitt første gong i NH2. Stykket viser at Asbjørnsen ikkje bare interesserte seg for tradisjonen etter bønder, husmenn og arbeidsfolk – men også for det dei som fall utanfor samfunnet, kunne fortelje. I nokon grad låg emnet i tida; Eilert Sundt arbeidde med eit verk om fantane, som kom ut i 1852: Beretning om Fante- eller Landstrygerfolket i Norge. I forordet til 2. utgåve av NH2 nemner Asbjørnsen at han hadde vore i kontakt med Sundt; Sundt har gitt han «Anslag paa flere Tatere i de herværende Straffe- og Forbedringsanstalter» og har dessutan kome med «flere oplysninger, som […] ere brugte» (Asbjørnsen 1866, s.vi). Dessutan hadde Asbjørnsen sjølv møtt eit taterfølgje i Hemsedal som han nemner særskilt. Desse taterane lærte han nokre ord av språket deira, og dei fortalte «Et og Andet om sit Friluftsliv og sang Tatervisen, Grisiljavisen m. fl.» Lensmannen og vaktkaren står ikkje langt framom taterane; den førstnemnde avslører seg sjølv som ein kunnskapslaus skrythals, og om vaktmannen heiter det at han er «en Person af et taabeligt Udseende.»

  • Barakke eller Hjæld] brakke eller hjell; her over- og underkøyer.
  • den lave Pande] det er eit gjennomgåande trekk i fanteskildringarar frå denne tida at fantane har låg panne og dermed står tilbake i intelligens og moral.
  • Hesteskjærer] hestegjeldar, hestekastrerar.
  • lysere Komplexion] lysare hudfarge.
  • Gjørtler] metallsmed, messingsmed.
  • gamle Isak Waltons «guddommelige Medekunst»] forfattaren Izaac Walton (1593-1683) gav i 1653 ut boka The Compleat Angler; or the Contemplative Man’s Recreation (Liestøl 1949 II, s. 350-351).
  • Permissioner] permisjoner, bukser.
  • Præliminærexamen] preliminæreksamen; førebuande eksamen. Lågare universitetseksamen for studentar som ikkje hadde gått gjennom artiumspensumet i latin og gresk, og som gav høve til å ta norsk juridisk eksamen. Ordninga galdt frå 1815 til 1849.
  • in flaxanti] på fersk gjerning; eigentleg in flagranti (crimine).
  • efter 6 Bogs 7-8] lensmannen viser til paragrafar i Christian Vs Norske lov.
  • Basiliskblik] øgleblikk, ormeblikk.
  • gjøre ham troskyldig] gjere han tillitsfull.
  • konsternere] forvirre.
  • Onde Naboer har udsendt en Trolddomsmaskan] vonde grannar har sendt ein trollkatt. Når det kom sjukdom på buskapen tilsynelatande utan grunn, var det nærliggjande å tenkje seg at vonde grannar stod bak.
  • før Næ] før månen er i ne. Det var vanleg folketru at månefasane ny og ne verka inn på forskjellige slags tiltak. Skulle eit arbeid lykkast, burde ein ta til ved veksande måne. Her er tankegangen at trolldomkrafta som er konkretisert til dei tre kalvehovuda, vil slå til ved minkande måne.
  • for jeg har Veiret og Veien i Skindhiten] for eg har vret og vinden i skinnsekken. Samane skulle etter folketrua ha makt til å skape vind og storm.
  • Dølen rende i mig] djevelen renne i meg.
  • traadte han vel paa Vildgræs] gjekk seg vill; etter folketrua skulle det vekse villgras i skogen, og dersom ein trødde på det, kunne ein gå seg vill.
  • abrængslig] urimeleg, heilt gale.
  • Vævskeer] vevskeier, skytlar; reiskap til å «skyte» eller føre innslagstråden mellom trådane i renninga på ein vev.
  • Slagtekrav] slaktekrav; bonden har kravd betaling for slakt han har levert.
  • jeg er nu i Nygterheden] eg er måtehaldsmann. Dei første måtehaldsforeiningane vart skipa i 1830-åra.
  • Vindvædsking] frost som kjem saman med vind og væte.
  • Søren Svartsærk] djevelen vil unngå å bruke prestenemninga, som er knytt til kyrkje og kristendom, og nyttar i staden ei omskriving.
  • Dragedukken] dragdokka. Overnaturleg vesen som etter folketrua dreg rikdom til hus og heim for eigaren.
  • værpe] verpe; her vere årsak til, skape.
  • en Sæk, som det ingen Bund var i] det var ei vanleg oppfatning blant bøndene at presten aldri fekk nok av skatt og avgifter. Motivet med den botnlause sekken finst i fleire prestehistorier.
  • Tølerne] gøymestadene, oppbevaringsstadene.
  • Bott] botn, sidedal.
  • et Kobbersnuushorn, fyldt med smaaskaaret Bly] signekjerringa brukte blyet som magisk verkemiddel, og tok vare på det i snushornet.
  • Venus] venusmusling; muslingslekt.
  • Ragerier] rask, skrammel.
  • Fluidum] væske.

BIBLIOGRAFI

  • Asbjørnsen, Peter Chr. 1845: Norske Huldreeventyr og Folkesagn. Første Samling (NH1). Christiania.
  • Asbjørnsen, Peter Chr. 1848: Norske Huldreeventyr og Folkesagn. Anden Samling (NH2). Christiania.
  • Asbjørnsen, Peter Chr. 1859: Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn I. Anden forøgede Udgave. Christiania.
  • Asbjørnsen, Peter Chr. 1866: Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn II. Anden forøgede Udgave. Christiania.
  • Asbjørnsen, Peter Chr. 1870: Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn. Christiania.
  • Blicher, Steen Steensen 1982: Samlede noveller og skitser I. København.
  • Blom, Ådel Gjøstein 1977: Folkeviser i arbeidslivet. Oslo.
  • Bø, Olav 1987: Trollmakter og godvette. Overnaturlege vesen i norsk folketru. Oslo.
  • Bø, Olav et. al. (red.) 1981: Norske segner. Oslo.
  • Croker, Crofton 1834: Fairy Legends and Traditions of the South of Ireland. London.
  • Darnton, Robert 1985: The Great Cat Massacre and other Episodes in French Cultural History. New York.
  • Edvardsen, Erik Henning 2007: Kvitebjørn Kong Valemon 2. Gerhard August Schneider – den illustrerte eventyrutgaven som aldri utkom. Oslo.
  • Faye, Andreas 1844 (1833): Norske Folke-Sagn. Christiania.
  • Gjefsen, Truls 2001: Peter Christen Asbjørnsen – diger og folkesæl. Oslo.
  • Hauge, Ingard 1974: «Poetisk realisme og nasjonalromantikk», i Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie II. Oslo.
  • Hult, Marte Hvam 2003: Framing a National Narrative. The Legend Collections of Peter Christen Asbjørnsen. Detroit. Wayne State University Press.
  • Imsen, Steinar og Harald Winge (red.) 1999: Norsk historisk leksikon. Oslo.
  • Jæger, Henrik 1896: Illustreret norsk literaturhistorie II. Kristiania.
  • Jæger, Henrik 1883: Norske Forfattere. Literaturbilleder. Kjøbenhavn.
  • Kvideland, Reimund og Henning K. Sehmsdorf (red.) 1991: Scandinavian Folk Belief and Legend. Oslo.
  • Latinsk-norsk ordbok 1988. Oslo.
  • Liestøl, Knut 1949: Norske huldreeventyr og folkesagn I og II. Oslo.
  • Liestøl, Knut 1947: P. Chr. Asbjørnsen. Mannen og livsverket. Oslo.
  • Norsk riksmålsordbok (NRO) I-IV 1983. Oslo.
  • Nynorskordboka, 1986. Oslo.
  • Reichborn-Kjennerud, Ingjald II 1933: Vår gamle trolldomsmedisin. Skrifter utgitt av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo. Oslo.
  • Ribsskog, Øyvin 1966: Eventyrkongen og Romerike. Oslo.
  • Shippey, Tom 2005: «A Revolution Reconsidered: Mythography and Mythology in the Nineteenth Century», i Tom Shippey (red.): The Shadow-Walkers: Jacob Grimm’s Mythology of the Monstrous. Arizona. Center for Medieval and Renaissance Studies.
  • Øyslebø, Olaf 1969: «Stilviljen bak Asbjørnsens endringer i huldreeventyrene», i Stilstudier. Oslo.
  • Aarseth, Asbjørn 1981: Realismen som myte. Oslo.
  • Aasen, Ivar 1918: Norsk Ordbog. Kristiania.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Last ned som lydbok:
En Gammeldags Juleaften (.mp3 format)
Jutulen og Johannes Blessom (.mp3 format)
En Sommernat paa Krogskoven (.mp3 format)
Kværnsagn (.mp3 format)

Om Norske Huldreeventyr og Folkesagn

Med Norske Huldreeventyr og Folkesagn fra 1845 skapte Asbjørnsen noe nytt. Sagnene settes inn i en rammefortelling som skildrer typiske omgivelser hvor en fortellerfigur forteller et sagn for leseren.

Asbjørnsens skille mellom huldreeventyr og folkesagn har skapt en del forvirring, for huldreeventyrene dreier seg ikke om eventyr om huldra. Huldreeventyr er derimot fortellinger om selvopplevde møter med de underjordiske, og dermed en undersjanger av sagntradisjonen.

Les Olav Solbergs innledning og kommentarer

Se faksimiler av 3. utgave fra 1870 (NB digital)

Les mer..

Om Peter Chr. Asbjørnsen

«Asbjørnsen og Moe» er et velkjent begrep i norsk litteraturhistorie. Peter Chr. Asbjørnsen og Jørgen Moes innsamling og gjenfortelling av folkeventyr og sagn ble en viktig brikke i utforskningen og etableringen av en norsk identitet på 1800-tallet.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.