Jomfrue Pecunia

av Johan Nordahl Brun

Føreord

ved Jan Ragnar Hagland


Det vesle skodespelet Jomfrue Pecunia. En Comoedie i Tre Acter fekk trykkeløyve (Imprimatur) ein gong i tida mellom 13. juni og 28. august 1768 av stiftsprost Jacob Thode i Trondheim. Han var i den perioden konstituert biskop. Det var biskopen som gav løyve til å trykkja bøker, og Thode gav det «absente Episcopo J. E. Gunnero» (i biskop J. E. Gunnerus’ fråvere) som det heiter på tittelbladet til skodespelet. Gunnerus var frå juni til august på visitasreis i «Fosens, Nordmørs, Romsdalens og Dalernes Provstier» veit vi frå bispearkivets kopibøker (jf. Hagland 1980, 165). Etter å ha fått trykkeløyve har stykket så vorte trykt i løpet av hausten 1768 og vart annonsert til sals første gong i Tronhiems Adresse-Comptoirs Efterretninger den 4. november same år. Det må etter alt dette å dømma ha vore skrive i løpet av vinteren 1767/våren 1768.

Men kven var det som skreiv det? Det har lenge herska ein viss tvil om nett dét, og strid om det har dukka opp heilt fram til våre dagar – i alle fall fram til 2011, då det vart tematisert i samband med eit fjernsynsprogram NRK produserte og sende i februar det året (for eit grundig oversyn over dette, sjå Ellen Alm 2011). Heilt sidan 1784 har det funnest ei offentleg oppfatning om at det var Martinus Nissen, grunnleggjaren av Tronhiems Adresse-Comptoirs Efterretninger, som hadde skrive stykket. Dansken Jens Worm skreiv då i sitt «Forsøg til et Lexikon over danske, norske og islandske Mænd som ved trykte Skrivter have giort sig bekiendte» at «Comoedien Jomfrue Pecunia meenes og af ham [i.e. Nissen] at være forfattet.» (Worm 1784, 567). Denne oppfatninga har altså i høg grad overlevd fram til vår tid – jf. at Christina Friberg Hagen i tittelen til eit arbeid frå så seint som i 1999 gir Martinus Nissen forfattarskap til stykket (jf. litteraturlista). Heilt frå byrjinga av 1800-talet har det likevel funnest opplysingar om at det var Johan Nordahl Brun som skreiv Jomfrue Pecunia. I dagbøkene etter biskop Pavels i Bergen er nemleg stykket nemnt i ei notis dagsett 20.7. 1818. Pavels gir her ein kommentar til noko presten Chr. Brun hadde skrive i Bergens Adressecontoirs Efterretninger No 30 for 25.7. 1818 i samband med at ein anonym innsendar hadde reist spørsmålet om nyutgjeving av faren Johan Nordahl Bruns dramatiske arbeid i No 29 for 18.7. s.å. (Det ser ut til at Pavels her har ført dagbok på etterskott og surra med datoane). I alle fall nemner Chr. Brun dei åtte skodespela han veit at faren hadde skrive. I dagboksnotatet sitt gir Pavels uttrykk for undring over at spørsmål om nyutgjeving av Nordahl Bruns dramatiske arbeid i det heile er reist. «Zarine og Einer Tambeskiælver er nok det eneste af Værd, han har skrevet i det Fag», skriv Pavels og held fram med å gi syrlege og nedlatande kommentarar til dei andre stykka Chr. Brun hadde nemnt i avisinnlegget sitt. Men i tillegg til dei åtte stykka Chr. Brun hadde nemnt, føyer Pavels til eit niande: «For at giøre Tallet paa Muserne fuldt, burde medtages Jomfrue Pecunia trykt i Trondhjem […], et ægte Skoledrengsproduct». Dette notatet om Nordahl Bruns dramatiske dikting vart ikkje atgådd i biografisk og litteraturhistorisk samanheng før Hagland (1980) tok det fram i litteraturtidsskriftet Edda. Opplysinga om forfattarskapen til Jomfrue Pecunia hos Pavels må seiast å vera vél så pålitande som den heller svakt underbygde oppfatninga frå 1784 om at Martinius Nissen er forfattaren. Pavels var m.a. ein kjend litteraturkritikar i si samtid og ein teaterinteressert mann. Dagbøkene hans har ofte vore nytta som kjelde til norsk personalhistorie. Han hadde kjent Nordahl Brun personleg frå 1812, og det synest som Nordahl Brun har rekna Pavels som ein fortruleg venn «til hvem han riktig kunde tale fra leveren», som Bull (1938, 68) formulerer det. Vi må såleis kunna rekna med at Pavels har hatt første hands informasjon om kven som stod bak det anonyme skodespelet frå 1768. I dagboksnotata elles ser det ut til at Pavels etter kvart har kjent det som om han levde i skuggen av minnet om den namngjetne føremannen i embetet, seier Bull (loc. cit.). Difor vert han meir oppteken av å visa til alt som kunne vera å utsetja på Nordahl Brun i desse dagboksnotata. Dei syrlege kommentarane frå 1818 må då helst sjåast i den samanhengen, og notisen om Jomfrue Pecunia som ei lita «avsløring» eller ein indiskresjon om Nordahl Bruns litterære fortid.

Opplysinga om at det er Nordahl Brun som har skrive Jomfrue Pecunia, høver elles svært godt med det vi veit om biografien hans ved dei tider då stykket kom ut. Nordahl Brun hadde prøvd seg som skjønnlitterær forfattar før dette og fått prenta eit bryllaupsdikt i 1766 (Winsnes 1919, 15). Same året drog han for andre gong til København. I all hast fullførte han sin teologiske embetseksamen og var attende i Trondheim ved juletider i 1767. Under dette opphaldet i København vart han kjend med Claus Fasting. «Samværet med den kundskapsrike, interesserte, fint dannede Fasting, som nettop havde vundet sine første laurbær, har sikkert egget hans poetiske ærgjerrighet», seier Winsnes (1919, 17). Og i 1767 hadde Fasting fått utgjeve omsetjinga si av Gessners dramatiske arbeid Evander og Alcimna. I minnetalen over Fasting uttrykkjer Nordahl Brun seg på ein måte som godt kan tolkast slik at også han på den tida gjerne ville prøva seg i ein liknande litterær sjanger (Brun 1792).

Jomfrue Pecunia må, som mange har påpeika, kunna kallast ei Holberg-etterlikning, eller i alle fall seiast å vera sterkt påverka av Holberg. Det er enkel og lite komplisert underhaldning med eit visst underliggjande moralsk alvor. Noko særleg til litterær resepsjon fekk det ikkje, men det er så vidt omtala i teaterhistorisk samanheng. I andre halvdel av 1800-talet, i 1876, karakteriserer Huitfeldt-Kaas stykket som ei Holberg-etterlikning og seier at samanlikna med Holberg er det «et temmelig svagt Arbeide, dog er Dialogen ikke uden en vis Kvikhed, og blandt Fælleslitteraturens Efterligninger af Holberg fra førre Aarhundrede hører stykket alligevel til de heldigere» (Huitfeldt-Kaas 1876, 87). Ut over det er det ikkje stort å finna.

Kvifor komedien frå 1768 vart utgjeven anonymt, veit vi ikkje sikkert. Det kan sjølvsagt vera fleire grunnar til det. Men når det må reknast som temmeleg sikkert at det er Johan Nordahl Brun som har skrive dette stykket, kan det vera verdt også å sjå på føreordet til Zarine. Det er stila til biskop Gunnerus og vi ser at forfattaren synest han må trø svært varsamt når det gjeld dette med å skriva for teateret – å gjera det var ikkje sett på som høveleg for «den der har tilegnet sig til Lære-Embedet», heiter det i dette føreordet. Nordahl Brun seier seg vidare lei for at «Skuepladsen er misbrugt, at den er bleven Forfængeligheds Skole, hvor den uforsigtige Ungdom opvækkes til Vellyst ved lætsindige Tvetydigheder». Så difor må han godta at nidkjære folk «have udraabt alt hvad som henhører til Skuespil for Djævelens Væsen», og han finn det såleis nødvendig å gi eit langt forsvar for at han som prest har gjeve seg til å skriva for scenen, jamvel om det i tilfellet Zarine er tale om eit «Sørgespil» med solid moral.

Det må då òg tilføyast at to av dei tre komediane Nordahl Brun skreiv seinare, er utgjevne anonymt. Berre Republiken paa Øen frå 1793 er utgjeven med forfattarnamn. Også slik sett er det då ein samanheng mellom Jomfrue Pecunia og dei komediane vi sikkert veit at Nordahl Brun har skrive.

Vi veit at Jomfrue Pecunia vart framført på scenen i samtida. Kor og kor ofte veit vi ikkje. Men det er i alle fall sikkert at det vart framført av Martin Nürenbachs teaterensemble i Christiania den 17. desember 1771 (jf. Hagland 1980, 169). Det viser då at Johan Nordahl Brun hadde debutert som dramatikar på scenen før den litteraturhistorisk berømmelege framføringa av tragedien Zarine i februar 1772 – det som for ettertida skulle bli ståande som det litterære hovudverket hans.

Om ikkje av dei mest sentrale verk i litteraturhistoria vår, må Jomfrue Pecunia likevel kunna kallast ein liten godbit, ikkje minst av lokalhistoriske grunnar i Trøndelag, ettersom det både går føre seg og er skrive i «Tronhiem». Det toler ganske sikkert å oppførast endå i dag, t. d. av eit godt amatørteater.

Utgåva her er prenta på grunnlag av NTNU–UB, Gunnerusbibliotekets eksemplar. Overleverte manuskript er ikkje kjende.


Litteraturtilvisingar

Alm, Ellen 2011. «Hvem skrev Jomfrue Pecunia?» I: Heimen, bd. 48, 355–358.

Bull, Theodor 1938. Biskop Johan Nordahl Brun og hans slekt. Oslo: Cammermeyers Boghandel.

Hagen, Christina Friberg 1999. «Fra Roma til Trondhjem. En studie av Martinus Nissens komedie Jomfrue Pecunia». I: Gaasland, Rolf og Hans Erik Aarseth (red.) Mellom europeisk tradisjon og nasjonal selvbevissthet. Det norsk-klassiske drama 1750–1814. Oslo: Spartacus forlag AS, 92–101.

Hagland, Jan Ragnar 1980. «Kva tid debuterte Johan Nordahl Brun som dramtikar?» I: Edda, hefte 3, 165–169.

Huitfeldt-Kaas, Henrik Jørgen 1876. Christiania Theaterhistorie. Kjøbenhavn: Gyldendalske Boghandel.

ODS = Ordbog over det danske sprog. Kbhn. 1919–1956.

Winsnes, Andreas Hofgaard 1919. Johan Nordahl Brun. En monografi. Kristiania – København: Gyldendalske Boghandel.

Worm, Jens 1784. Forsøg til et Lexicon over danske, norske og islandske lærde Mænd. Tredie Deel. Kiøbenhavn: August Frieder. Stein.



Annan nyare litteratur om Nordahl Bruns forfattarskap

Andersen, Britt 1999. «Johan Nordahl Bruns Zarine: Kjærlighetsdrama eller fordekt norsk-patriotisme?» I: Gaasland, Rolf og Hans Erik Aarseth (red.) Mellom europeisk tradisjon og nasjonal selvbevissthet. Det norsk-klassiske drama 1750–1814. Oslo: Spartacus forlag AS, 102–114.

Jakobsen, Rolv Nøtvik 1996. Den firfoldige fader. Dr. avhandling. Oslo.

Jakobsen, Rolv Nøtvik 1999. «’…først som Tragedie, deretter som Komedie’ – om skodespela Einer Tambeskielver (1772) og Republikken paa Øen (1793) av Johan Nordahl Brun». I: Gaasland, Rolf og Hans Erik Aarseth (red.) Mellom europeisk tradisjon og nasjonal selvbevissthet. Det norsk-klassiske drama 1750–1814. Oslo: Spartacus forlag AS, 115–135.

Wiger, Ellen Nessheim 2002. «Innledning». I: Brun, Johan Nordahl. Einer Tambeskielver. Utgave ved Ellen Nessheim Wiger. Oslo: Det norske språk- og litteraturselskap/Aschehoug, 9–19.

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Jomfrue Pecunia

Den lille komedien Jomfrue Pecunia ble utgitt anonymt i Trondheim i 1768. Lenge trodde man at det var Martinus Nissen, grunnleggeren av Tronhiems Adresse-Comptoirs Efterretninger, som hadde skrevet stykket, men det er Johan Nordahl Brun som er forfatteren.

Jomfrue Pecunia kan kalles en Holberg-etterlikning, eller må i alle fall sies å være sterkt påvirket av Holberg. Det er enkel og lite komplisert underholdning med et visst underliggende moralsk alvor.

Les mer..

Om Johan Nordahl Brun

Johan Nordahl Brun utga verk innenfor ulike sjangere (skuespill, dikt, salmer og viser). Mest kjent er han for påskesalmen «Jesus lever, Graven brast», for den patriotiske drikkevisen «For Norge, Kiempers Fødeland» og Bergens bysang «Udsigter fra Ulriken» (bedre kjent som «Jeg tog min nystemte...»).

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på X
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.