Juvikingar

av Olav Duun

Tuftene skyt ham


I.

122Juvik-garen ligg ned imot fjorden i aust, med brattreinar og bakkar; på nordsida er det bratte furuhaugen, og så marka; sørover, på andre sida bekken, er det bjørkskog og utslått, myreng og hamrar om einannan, og så fjelle; myrane i vest, heilt til plassgrenda og sjøen. Kringom husa er det fint og flatt, framfor nokon annan gar i bygda. Fjorden ligg open austover, han blikkar i godvêre og er til hugnad, og i stormen kan ein stå i livda oppi Juvika og høre på han og sjå kor kvit og vill han går. – Kjem ein sjøveges til Juvika, ligg garen og ikkje ansar på ein, ligg og har sitt for seg sjøl. Han har som ein tone ikring seg, det syntes Juvikfolke støtt, ein djup og god tone, han kom ifrå skoglunnane og han kom ifrå gjorde og han kom ifrå husa sjøl; Gammelstua var låg og grå, med berre eitt auge imot ein, ein gammal heim, han var for gammal til å døy; Ny-stua var høg og sterk og hadde mange vindauga, rettelig ein juviking, som frammand-folk hadde lite mot til å gå oppunder 123ausyna; og dei andre husa store og stødige og enig med henne i alt og eitt: Dette her er Juvika, og har du erend så får du leite til gars.

Slik var det for Valborg, den gongen ho kom flyttande, og ho glømte det aldri. Det bar henne opp, all tida, det kjølte på henne og logna ikring henne etter som det høvde. Og slik vilde ho dei skulde kjenne det, same kven det var.

Ein fekk no legge øre til og høre etter, sa ho til Per ein dagen.

Pøh! Han bles berre. Slikt skulde ein ikkje legge på seg. Dei laug reint og beint. Dei hadde ikkje hørt det slag – verken i Svarthammaren eller nokon stad!

Ho måtte sjå på han: Han såg mest ut som ein utvaken og klein ein. – Svarthammaren ja, det var no for seg det.

Trudde ho på det da?

Trudde på det? Nei, det gjorde ho ikkje, det var ikkje sant, for ho hørte dei fortalte det allstads borti garane. Nei, men det var Juvika ho tenkte på. At det var der dei var, og der dei skulde vera. «Og det høyri du ò, Per, ikkj sant?»

Og Per hørte det. Han hørte det kor han så gjekk og stod. Ja, sa han framfor seg. Det var no som det var, med den tingen. Men no tykte han mest det hadde gått sundt? Kolven hadde dotte utor bjølla, merka ho ikkje det? Rettno kunde det visst vera det same kor ein gjorde av seg.

124Valborg hadde merka det. Og ho hadde vore frimodig imot Per i det siste, ho beit seg ikkje i leppa for å seie hanhan] rettet fra: hån (trykkfeil i 1. utg.) både eitt og anna; ho var nøyd til det. – Ja, sa ho. Men det er du som skal få det i gang att, Per; du og ingen annan. Javisst, det var dette med han Jens; men det òg fekk ein ta og gjera eitkvart med.

«Han Jens, sei du. Vi va no vel lik go om det, bå to.»

«He? Å, med han tjyv-neglin som sprang på sjøn? Men du veit da vel det som verr’ e: at ‘n tenkji på å gift sæg med a?»

«Ja vel,» sa Per, og no vilde han gå sin veg.

«Ja, men – du mein no vel ikkj det?»

«Ka for noko?»

«Æt han ska få tak a Dåret?»

Valborg måtte for resten sjå på Per. Så utsliten hadde ho ikkje set han. Slik hadde ho ønskt seg han skulde bli, nokon gong, så skulde ho vera god med han. Men no sa ho berre:

«Du e no vel ikkj styrlaus, Per? Du må no vel vattaForfatternote: vatta ɔ: veta. hut?»

Han blinka, og stod og kjente med tunga innetter tanngaren, liksom han hadde svare der ein staden.

«He?» Valborg vart mållaus mest, kva skulde ein trive til? Ho vart mørkraud heilt opp i panna. «Det e så mykje du veit det Per, at da bli ikkj æg her ein dag lenger!»

«Nei?» Det hørtes som han levna til. «Nei, 125du veit – – vi kund så gjern fløtt herifrå? Ja, for – e – Juvikja e ikkj stort meir hell for ein.»

«Jaså. Det e slik no. Ja da så …»

Han stod med ein liten hammar i handa, hadde stått og sett på han lenge. No såg han opp på henne, med eit nytt andlet; det var vake og kvikt, og Valborg vart opprådd framfor det, slik som før; det var no så si såk å stå her og legge opp med han Per!

«Juvikja – her e ikkj meir å tak sæg te her i Juvikja. Dem hi gjort det i stand alt i hop, føri oss, jorda og husa og kvart eit grand, her e ikkj det slag meir.»

«Nei men. Det e no Juvikja da!» Valborg visste ikkje meir å seie, og så gjekk ho.

Men det arbeidde i henne. Ho ansa ikkje på litle-guten, som hang etter henne og bad om ein matbete, og ho glømte å svara når dei snakka til henne, ho opna berre munnen og var på vegen med svare.

Valborg var av Engdalsfolke, og dei var vaksne, – ho vilde ikkje eingong syne Per kor sterk ho var. Det var så mangt ho ikkje vørte å syne han, for det var ikkje sagt kor mykje han likte det. Men i dag tok ho etter både det eine og det andre, og flytta på det, ho lingsa fulle vass-stampen over kjøkengolve, så tausene vart ståande og glåme reint tannlause etter henne. Det kom for henne, at vart han uvislig, han Per, og vilde løype av frå heimen, så fekk ho i gudsnamn ta 126og halde han! – Ja, han var ein juviking, men bi no ur-lite!

«Så trur du vel det va berre for gårn her æg villa hit,» sa ho for seg sjøl. «Du får tru det du vil om det. Du får tru det du vil, Per, men det ska æg no fertæl dæg – »

Valborg går framom Jens utpå garen, han står og sprettar ifrå hesten. Ho såg ikkje på han, det let ho helst vera, men ho syntes han flirte etter henne. Dagen etter kjem han tett framom henne, med ho er utpå vollen og legg klæa på bleik. Kva du mein han der går og loverer etter? tenkte ho.

Han stanar; han ser på henne så hjartans opprådd: Ho stod her åleine og stræva? Var ikkje ho Dåret med og hjelpte til? Å nei, ho var vel ikkje til det, kanskje. Valborg gir på med sitt, og så ler han: He he, ho byner og bli så tjukk, ho Dåret, har du ikkje vorte vâr det? Det ser ut som det stundar til bryllop her i garen – kanskje du alt har forstått det? Men du Valborg du? He he, du får no hjelpe denne kjerring-såla mi urlite; no i førstninga slik. Du får gjera som ei skamlig husmor av henne. Ettersom de to skal komma til å gå på gnage i lag.

Valborg rettar seg bein, kjenner på ryggen sin, han er vond, og så tek ho korga si og går. Jens såg at ho var raudflekkut i andlete, der ho gjekk. – Der gjekk ho, sa han med seg sjøl. – No kan du stå der no, tenkte ho. – Men forresten så må eg no snakke med han, sa ho, 127og sette ned korga att. Ho såg både opp og ned over han.

Han meinte no vel ikkje dette? At han vilde gifte seg med tausa?

Nå, han meinte det no vel òg. For når ein hadde fiska i vass-stampen, så.

«Ditt utskuv.» Ho vart så harm ho fekk tårane i auga.

«Ho Dåret e ikkj for katten, ska du tru. Ho gjer alt ein bed a om. Og mykji, mykji meir! Og vakker nok – ho e ikkj stort styggar ho enn anna folk.»

«Ja mykje e det: Da reisi vi vår veig!»

«Hm-hm-hm! Nei-nei-nei!»

Han gjølte som med barne, han var så rar ho måtte mest le. Ho gjorde med nakken, og gjekk.

Ho snøste, hørte Jens, ho bles han ifrå seg som vond lukt. Å det var skrôt ikkje han Per var vaksen kar, så han kunde ha tukta henne, det hadde vore stas! For ho var eit helgeplagg til kvinnfolk!

Valborg tykte ho måtte snart trampe i garen til dem alle i hop: Er de tullut, eller tenker de på og skal bli det? – Juvika, var det ingen ting det da? Hadde ikkje garen ein einaste ein utan henne å lite på?

Ho sa det til Per om kvelden etter dei hadde lagt seg, for ho fekk ikkje blund på auga: Det er det raraste eg har hørt. At ein skal rømme beint ifrå farsgaren sin, og late han ligge 128for fefot å kalle – er det folk som har gjort det nokon gong da? Springe og kaste og vera like glad.

Per svara ikkje, og ho treiv til det sterkaste ho visste:

«Enn om ‘n far dokkes ha levd, ka du mein han ha sagt da, åt slik åtfar? Hi du tenkt på det, Per?»

Ho hadde så vidt teke etter sømnen, der spratt Per opp og sat i senga.

«Svarthammarn!» seier han.

«Å kyss katta!»

Ho snudde seg tvert ifrå han, og han la seg att, låg og lest som han sov.

Ein vaksen kar som låg og ikkje sov, det var det argaste ho visste. No reiste han på seg att, og så mumla han med seg sjøl:

«Det finnst da ikkj hund her i nerheita?»

«Ja, så får det vara ka i søtten det vil da!» Litt etter la ho til, og no var ho linn i måle: «Det e da ein sau oppi markja, høyri du ikkj det da?»


II.

I hundedagane flotnar det opp, det sjøen har teke. Da flotna Morten Aune opp òg. Dei fann han i fjæra sørom Svarthammaren, to gutungar som var ute og rodde etter seien ein natta. Der låg han i tangbeden, ein daumann, eit sjølik; dei kjente han på klæane, for han 129hadde blå støypkofte og eit raudt ullbinn kring halsen; dei vart ille ved og hadde seg vekk. Dei fortalte det i Juvika, til kvinnfolka, og dei sa det med karane. – Det var no mangt slags tøv òg, sa Jens. Per sa ikkje noko.

Etter kveldsmaten rodde Jens på seisjøen; det hendte seg han gjorde det. Valborg vakta på Per. Jau, ved midnatts-leite stal han seg ut, og vart borte. Lukka på reisa, tenkte ho. – Dei kom att i same tida, på morgoparten. No må det da bli fred å få, sa ho med seg sjøl.

Dagen etter var folk ute og leita, dei fór heile lande sør-ett’med, men dei såg ikkje til noko uvanlig. Gutungane hadde vel tulla og skræmt seg sjøl. Han Morten hadde gått seg ned i flya han.

Den dagen rodde Per over fjorden og til Håberg, vilde snakke med ho Ane.

På Håberg gjekk det sin vante gang, og han var skjeiv. Garen var stor; og drifta lita; det såg ut som det venta på dauen all ting der. Ætta var no òg mest utdød, berre gammalt og barnlaust det litle som att var, så ho Ane fekk sitte i fred.

Per gjekk og såg seg om, før han leita inn. Der stod no husa, han måtte le til dem, så forkomne var dei; og garen imillom dem berre botnlause dya. Der hadde ein jorda: sur, sur; stein og myrsik all stads, krungelbyskje og brakland og allslags sål-dom. Men så uendes med vidd, 130og skogslått med ein lysta, og skog; og god jord, visst, når sant skulde seiast.

Han gjorde seg enda ein sving; han gjekk med ei grop millom augnebrunene, levna til meir og meir, og fekk den sterkblå blenken i auga, som juvikingane hadde når dei tok seg for med eitkvart.

Å jau, sa han medkvart. Å jau; med guds og godmanns hjelp så. Og skog ja, og hamning – han stod på Stallhaugen og såg bortover – her måtte ein da vel vera bra usørgandes for det. Og ingen lang sjøveg. Og såså] rettet fra: sa (trykkfeil i 1. utg.) brenntorv, brenntorv alt med ein såg bortover. Og nyland å ta opp, nøgda for heile live:

«Bevare dæg for ei vidd og for ei megtiheit!»

Ane var det tufsi med. Ein måtte komma i hug eit surt tre på ein sur voll. Det var berre sautr og syt, all ting så var det bågt for henne, gar og folk og kva som for auga kom. Gammal tok ho òg til og vart – gammal men ikkje stygg.

Kvifor gifta ho seg ikkje? sa han. Ho vart raudlett, ho skvatt mest, men det var rart kor det yngde opp henne. – Ja, skulde ho det? Ho, ei gammal enke, å kalle, kor vilde han henn?

Hø! den som sat med gar og grunn, og medel, ho måtte da ikkje snakke synda!

Garen? Nei, ban, den skræmte berre folk, den; skræmte folk frå huse, slik var det med det. For folk var dumme, skulde ho seie han.

Ja-a, dei var langt komne, i den tingen. 131Men enn ein enkemann da? På eit fint lite rom – det var mange slike.

He! sa ho, – han snakka tull, men det var gildt å høre, ho måtte smile. Ho tok til og sette fram mat.

«Ja, høyr mæg no her og sjå mæg no der, Ane: No kan æg kjøp tå dæg garen, æg?» Han sa det med han sat ved borde.

Det vart ho berre lang i andlete av, og flat i auga.

Jau, verkelig, han skulde fortele det slik det var, at han hadde komme hit eins erend for det. For Juvika var ingen gar for to, ho skulde vel ikkje byttast sund? Kva?

Nei, var det likt, men.

Han snakka henne rundt og rundt, han var så lettliva og så sterk til mote, ho hadde aldri hørt han Per slik, ho hadde ikkje hørt nokon slik, i langsamlig tid; han snakka om ætta og han snakka om seg og sitt, til ho syntes det var ikkje anna til enn det: han skulde ha havt denne garen her. Han snakka beint ut, fortalte om Jens og Dåret, og om Valborg, om pris og pengar og alt han hadde tenkt på, og før ho visste orde av, var han midt inne i hennar ting, ho såg det for seg kor det bar att og ned med garen, og åra tok henne sjøl, ho skulde sele no og få litt peng på kistebotnen, det var ingen småskilling han baud henne, 400 daler radt og rundt! og slegtningane etter mannen hennar dem skulde han snakke med, han skulde gå dikt på dem, sa han, 132by dem proces og full hyre, var så dei lysta på det.

Dikt på dem! – det var eit ord som tok henne. Han Per fekk dei agte seg eit grand for.

Ja, eller kanskje han skulde godsnakke med dem? Kanskje så flyttar du til Pålsnese du, til han Andrias?

Ho vart både raud og heit, for han Per sat visst her og las i tankane hennar. Han Andrias var enkemann, og ein trivelig mann, og vaksne born, og ein god liten gar og peng attåt; og så var han nærmaste arvingen etter mannen hennar.

Så får han pengane for Håberg, og kva skal dei andre seie da? For dem er det mest ikkje lyd i lenger; – så har dei vunne, og så har du vunne, det bli utgangen og endlyktelsa, sa Per, og takka både for mat og drikk.

Tingen var godt som avgjort da han fór. Det var einast om Ane skulde ha kår, det vart ikkje avsnakka, men det hasta det no heller ikkje med, før ein såg kva ein trong.

Det var ein lyslett og urolig dag, skuggar og sol kappsprang med ein annan innover lande, over bergskoltar og myrar og mjuke grønne lauvskogen, garar med små grå hus steig fram og smilte her og der; Juviklande kom roande imot ein somtid, med gras-strender og furuhaugar frammed sjøen.

Per kom heim til Valborg med lyst andlet, kom ovanfrå som i gamle dagar og snakka til henne, fortake kva han hadde vore i veg og 133gjort. Ho vart litt tankefattig, kom det for han, ho var ikkje lett å tine opp.

Nei, sa han, det var vel gjerne litt stridt det her. At han ikkje nemnte det til henne før han fór.

Å det! nei det kom ikkje for henne, tøv og tull! Men ho blunka litt sårøygd ut i vêre, såg han, ho stod der som ei småveikje framfor han. Ho såg seg rundt, på alt som var, det var der ho skulde finne att magta si. No snudde ho seg til han, reint som ho var i nød:

«E Juvikja berre som eit gammelt kle-plag da, Per?» Ho skyndte seg å legge til: «Ja, for mæg, veit du det kan bli slikt slag – men enn visst ‘n far dokkes ha levd?»

Ho snudde seg fort, ho var på vegen til bure etter grautmjøl og måtte springe, gryta stod visst i kok, sa ho.

Ja, berre ho ikkje saud over, så var det bra … Per stod og såg etter Valborg og glømte å ta inn auga att. – Men den som har teke Styggmannen på nakken, han lyt bera ‘n fram, mumla han. Og no fekk han avstad og sjå etter ‘n Jens.

Jens var nedi Skare, ein plass nedmed sjøen, på nordsida, det var berre nokre stig dit. Dei nedi Skare var berre så midt i lage til folk, og Per vilde helst kalle dei ratpakk, late og svoltne, og ureinslige i kjeften; men der var Jens, og der var han ofte.

Per larka nedover sjøvegen. Han tykte han 134hadde aldri set så fin ein sommarkveld, det dogga blåkvitt innetter dalane og myra, og enge stod i blomster all veg, dagrabben nådde ein mest opp i nevane; no rann kveldskuggen over bakkane her, over syre og soløy og kvite barbroekra, over vondt og godt; det er slikt sellskap i fôre, enten det står på vollen eller ligg i lasse, Per hadde hjarte for det. – Fôr vart her bra med i Juvika, og korne såg heller ikkje kleint ut i år; rettno stod bygge i skottstaen, og da skulde ein gå med ljåen, det var eit visst ord.

Å ja, sa Per, det var så det. Ein var ein fri skapning, ein gjekk dit ein vilde. Han såg aust i himmelen, det var så vakkert der over fjellakslene, store gulkvite skyer låg der og skjein for ein, og måsen han lokka innpå fjorden. Fjella, dei står der dei står, dei veit kor dei hører til. Skya ho gjer ikkje det, ho er på ferdafot støtt, ho reiser dit ho lystar, og forandrar seg etter som hjarte er til.

Men kor vart det tå han Jens! Kom han ikkje heim og åt til kvelds heller, som anna folk?

Endelig kom han, og Per gav seg til å gå borti enge og skjønna på det.

«Ja no, Jens, no hi æg vøri i veig og kjøft mæg går. Kan du gjess-på?»

Det kunde ikkje Jens, men han levna til og vart utålmodig, han vilde vita det straks. Håberg? Javel. Jaså. – Men du veit: det skulde no eg ha gjort da. For eg er no meir som ein vinglar og ein skinglar; og noko overlag i kjerringvegen 135vart det no ikkje heller, kan eg tru. Så det der det var toskut av deg.

Det var no han som var eldst da, sa Per.

Det likte aldri Jens dei sa. – Ja, eg hører du seier det, sa han. Men det er no ho Valborg som er basen, det er slik ein nakke på henne, ja, du veit, ho er eit guldæble udi din hånd imot ho Dåret; for ho Dåret, stakar, det er no visst berre ei dultr, det, og eit jaakl for Vårherre.

«Nei ti-still med dæg! Du går no vel ikkj og sett ned kånnå di lel, veit æg?» Per var skjeiv i andlete.

«Det gjer æg no vel som æg vil med, for den del.»

«Gjord dem det, mein du, han – ja, han farfar og – anna skikkeli folk?»

«No må du bynn igjen! – Nei dem nei, dem levd no i gammel-ti ‘n dem; den tida da menniskene formeredes på jorden, som du veit.» Han snudde seg om til Per og lo stilt og godt: Jaså, han måtte flytte, han, for det at Juvikgaren var for liten? Å nei du, san, det hadde vel vorte ein annan ein som måtte flytte da. «Bi no ur-liti, så ska æg fertæl dæg det æg: Det e Svarthammar-kusinn som skremi dæg herifrå. Visst at æg ha vøri retteli god ti mæg, så skuld æg ha skitskræmt dæg ifrå heile stelle. Men æg – meint no mest vi kund ha gått her bå to og stomla.»

Per gjekk og tagde ei stund, og la over med seg sjøl. Så tykte han, han fekk seie det som det var til:

136«Du kan gjern sei det at æg e skræmt. For æg e det. Men det e ikkj berre det, Jens. Æg vekk. Det e liksom dem vil ha mæg vekk, over fjorden.»

«Kem da?»

«Nei, det veit æg ikkj. Men æg merka dem vil det slik.»

Han hadde slett ikkje fått sagt det. Han hadde det så klårt for seg, men det kom bort imillom fingrane når det skulde fram. Men det gjorde ingen ting, om dei trudde han var forfæld. Han hadde som eit fotfeste, tykte han: Han skulde gjera det ingen juviking hadde gjort føre han. Det hadde vakse seg så stilt opp i han, med han gjekk her og var tynn og nedforkommen. Dei snakka med han.

«Sjøl veit,» flirte Jens, «kanskji så fløtta vi herifrå samma da’n, du og æg, Per.»


III.

Per tok det for skøy, og tenkte ikkje meir på det. Jens meinte vel heller ikkje stort med det, men det skulde snart bli ålvor av det.

For det første vart det høyonna, og ho vart langsam, det fanns ikkje tørk i år heller, berre røyt og trollvêr; og enda fekk ein vera glad, for det spåka for verre tider, det hørtes fortalt om både krig og nødår, himmelen var full av spådom om det som gale var. Juvik-karane bles berre til det, og kjona med høye sitt det beste 137dei kunde, og endelig hadde dei det i hus, slikt det var.

Du er no vel ikkje så blåferdig til å flytte enno? spurte Jens ein dagen, dei hadde just ete slåttonn-grauten. –Å, det var no visst best å byne så smått, no heretter. Ho Ane vilde det helst. – Det var no denne bryllops-greina. Jens prøvde å flire, men kom ikkje skikkelig ifrå det. Det kunde vera – triveligare, om dei vart her til så lenge. – Ja, men lat det så bli snart da, sa Per. For det var underlig med Jens, når han stod og var opprådd. – Det er eg nøydd til, sjå. «Ei sål te mann, ei bonnåt brur» du kan da vel den?

Per gjekk stilt ifrå han. Det kom for han noko som aldri hadde komme for han før: at slik var han Jens, og ansles kunde han ikkje bli; han var knapt lukkeligare han enn anna folk.

Så vart det bryllopp i Juvika, og dans og liv, og om ein tre fire dagar var det overstått. Lenger kunde ikkje Per dryge med flyttinga; og det vigtigaste for ungdommen var snart ikkje dansen men maten, dei tok til og vart bra uvant med å eta seg mett på skikkelig mat. Det var tynnt om, borti garane.

Så bar det i flyttinga. Det vart no inge langt arbeid, for dei hadde ikkj stort pøre å dragse med seg. Dei skulde gå ifrå det som det stod i Juvika, og gå inn i det slik det stod på Håberg. Garen heime hadde gutane fått som han var, imot at gjentene fekk lausmedelen 138og kvar si ku av båsen; no løyste Jens broren ut med 200 sølvdaler, og dem var Per aust i Engdalen og lånte halvparten av; han skulde ha dem med seg til Håbergs, og Jens trudde seg ikkje i veg sjøl.

«Æ mein vi vart fattifolk attmed det her,» sa Jens. Han sa det slik at Valborg hørte det, og han hadde den hugnaden at ho tok det åt seg, ho vart hard i andlete, stod og skjelvoks over heile plata, denne høgtida hans Per, slikt gjorde godt for ein å sjå. Men Per voks i vêre og smilte ned til han: Slik er no han Jens, og ikkje ansles; vond som dørtrekken, stakar, og elles ei godmenne all igjenom, det hadde vore mang ein trøysam dag i lag med han, san.

Dei fekk godvêre da dei flytta, svartstilla og solskin. Jens var med og rodde over. Det vart elles ikkje noko rettelig avskil med Juvika og folke der, for dei hadde eitt og anna dei måtte bortover etter, Per etter unghesten ein dagen, for den vart det så han kjøpte med seg, Valborg kom i hug ho hadde glømt både renn-stolane sine og ei atten-passen vevskjei og anna smått.

Men Valborg stal seg til og såg seg attende. Ho burde ikkje gjera det, det skulde ikkje vera noko godt merke just, men ho sat no slik med dei rodde, ho hadde ikkje annan stad å gjera av auga sine.

Juvika snudde seg ifrå henne og let seg att.

«No sjer vi ikkj heimen vår meir,» sa Anders; han òg stirde attende, og han var dygtig langlet.

139«Ja, men det e arti å vara med og ro, e det ikkj det?» sa Valborg.

Det var elles fleire merke som ikkje varsla for noko godt. Valborg såg dem og Per såg dem, men slikt brydde ein seg ikkje om lenger, det var slutt med den tida.

«Du får ha takk da, for hjolpa,» sa Per med Jens.

«Legg ‘n på stein der, du. Osså kjem du bortover ette hesten føri helgja da?»

«Ja, ka dag e det i dag?»

«I dag e det onsdan, og i morrå bli det torsdan» – Jens skuva ut færingen og stod i båten. «Det e sant: Tvi han voli rett!» det skulde ikkj vera av vegen å seie, hadde han hørt.

Per var bortover eit par vendingar, men berre som snarast, Valborg ikkje, for han utretta det for henne.

Og så var det ikkje stor tida til å tenke meir på den tingen. På Håberg var det tusen ting som venta på dem. Først måtte Per på take, for det rann som sålden, så til å skjera bord og legge inn stallgolv, og i småstundene, med han kvilte kroppen sin, som han sa, var det å bryte ut stein i stallhaugen og fylle på uti garen, så dei ikkje sokk kvik ned. Valborg gav seg til å vaske, og det var eit trøysamt arbeid, for her synte det da etter, der ein fór.

Per vart hengande ved steinen og vatne nedpå jordene, først han retta seg bein, auga var vakne og strie i han: Her måtte det bli gar med tida!

140– Valborg sette hendene i sida og la litt på hovude: Når ein fekk inn skikkelig golv, og avdelt til kjøkken derborte; og eit vindauge til, og ein omn – – –

Ho såg etter Per somtid, og da fekk ho smilehol i kinne: Eg meiner kallen er som spilder ny eg!

Han ansa ikkje på henne, elles hadde han vel sagt det same om henne.

Ane gjekk der ut og inn. Ho skulde ha kår, eit forsvarlig eit, og ytterstua dei kalla, skulde istandsettast til henne når tid vart til det. Ho var litt stutt og trau, og såg det ulikt med all ting. Men Per kunde få eit merkelig liv i henne, når han snakka frampå om gifting.

Han gjorde seg verkelig erend aust i Pålsnese, både ein og to gonger. Han måtte låne pengar, lét han, og der var dei å finne. Og ein dagen kom Andrias til Håberg. Det var Per han spurte etter, men Ane han råkte, og Ane han snakka med. Det var ein lettliva kall, han var nær på å ville danse, tykte Ane, og ung, tykte ho. Ane såg heller ikkje kleint ut, når ho berre vilde. Og no vilde ho. – Da Andrias fann Per, kunde han fortele, at no var dei einige, han og ho: dei kom til å ro skiparlag saman, og kven som skulde sitte att-i båten, det fekk dei no bitast om når dei kom for seg sjøl. Berre det ikkje er tredveårs-krigen som bryt laus, sa han.

Det tok si tid, men føre jul flytta Ane austover, og dei heldt eit dugelig bryllopp.

141Jens Juvika drakk seg full, men det gjorde ikkje noko, for han gjorde det som verre var: Han gav seg til å synge for folk; den eine visa etter den andre, og det verste var at han hadde gjort dem sjøl! Eg er ikkje glad oftare eg enn anna folk, sa han, men da syng eg! Han hadde godt mål, og dei gjekk med slike fine tonar; same kor hardt dei skjemdest på hans part, så måtte dei lye på. For det verste var, at han var ikkje reint full heller.

I fylla utpå natta kom han vasande bort til Per, midt i folkfjøllden, la handa på aksla hans og sa som så, at dette var siste gongen han gjorde han heit, siste gongen dei to var brør og kammeratar og kunde gi einannan eit skarvord. Og no skulde Per drikke, når han bad om det, for gammalt brorskaps skyld – drikk, hører du, din følunge, kva det er du står og lyar etter? Er du rædd? er du bange, Per bror min?

Per hadde det i seg kva som vilde komma no, og bad han med seg, så skulde dei to drikke eit aug’grand for seg sjøl. – Jens mjukna ved dei orda, og kom, men det skvalpa utor han på vegen: Vi to – vi er ikkje skuggrædd vi. Svarthammaren er svart, men vi er svartare, kjem du i hug her i vår, Per, kor vi sprang, som to kåte kalvar, og han føre, han føre, deven smette meg kor han sula i veg, hæhæhæ!

Per kom seg om nova med han, og inn på bure til friskt øl. Men der skapte han seg uvis, 142drakk eit par supar og gav seg til å tvistirre på Per; han var bleik og skjeiv i andlete.

«Ka du står og górta ti du? E ikkj mi kjerring lik bra som di? For di om ikkj ‘n far tok a ut åt mæg? Liti om vette, sei du – pøh!» Han såg ned, leita ei stund før han fekk tak i det; så mumla han med seg sjøl: Har eg drømt det, eller har eg hørt det: at det som skal stø ein når det knip, det er det vette ein ikkje har; og ikkje saknar. Du har da vist vett nok, he he. Han retta seg opp att: «Ja, det gjør mig lige meget, sa veikja – tvi fan kor motbydeli du e, Per! Ein hædersmann! Bi det leng før ongjin kjem, spør du? Æg står lik bein æg, samma kor æg ligg! Samma når ‘n kjem.»

Per gjekk ifrå han.


IV.

Jens var snild både med tenarfolke og med kona. Likevel sa den andre tausa opp da Dåret vart matmor, for henne vilde ho ikkje gå under. Og ingen vart det å få i staden. Åsel måtte ut og skaffe dem tauser. Jens tok seg ikkje til med nokon ting, – her finns ikkje meir å gjera i Juvika, sa han, og så tok han hagla og strauk til skyttarskogen, vart borte til kvelds dag for dag. Utover nættene sat han nedi Skare og spela trekort om peng, eller han fór enda lenger. Vart han full, så song han, den eine visa verre enn den andre; dei kunde dem snart all bygda bortgjenom.

143Nett føre jul, det var Thomasmess-dagen, fekk han ei dotter.

«Amen!» sa Jens, da dei fortake han det. – Ei lita vakker veikje, sa dei. – «Amen!» – Om han vilde sjå henne? så kunde han berre komma. – Nei da, nei da, trongs ikkje. Han snudde seg beint til kona som var der og stelte: «Ho e vel så lik far sin som ho vara kan, ikkj sant?»

Kona vart litt ille ved, og snudde seg unna. Det kunde no vera tidlig å sjå det enno, sa ho.

Jens hadde vore inne til dugurd, og no tenkte han seg ut att. Men så er han over kona att: Kva du står og reknar etter, mein du? Januar, februar, mars, seier du. Ja, du har ein stor ein lang ein rett i det. Ungen er litt gammal alt, vel så 11 månar. Men skit, det gjer ingen ting. Han såg oppunder take og kaldflirte, og så gjek han ut. Dåret snakka han ikkje orde med.

Og dei undrast nokon kvar: Enten var barne 11 månar da det kom til, eller så visste ikkje dei. Men da hadde ho narra fleir enn han Jens. Og kvifor var han Jens nedi Skare støtt, i det siste?

Den kvelden som ein annan kveld sat Jens nedi Skare. Best han sit, tek han over neven til Hågen, den eldste av gutane, gjømmer han reint inni den svære handlóven sin, klemmer kanskje til det han vinn, for guten bit i hop tennene, og avletast; Jens ser på han og er skinande blid: Bli med opp i garen, Hågen, så skal vi sjå på veikjungen min. Det er berre ein førkjetrave, 144men ein velgjort skapning, og 11 månar gammal. Kva? Og så lik meg da! Han hadde halvt reist seg. Så set han seg ned og spelar som før. Dei hadde stelt seg på bå begge, såg han, til å legge på døra eller ta etter kniven, om det bar i einherdinga. – Ja, sa han og såg rundt på dem: det kunde eg ha havt mot på, å fli om dykk litt; men det lønner seg ikkje – trur de eg er ei husmanns-lus for det om eg sit her i lag med dykk?

Dei spela til svarte natta, og Jens stumla heim i mørkre. Han stod ein augblink utom Gammelstu, såg på Sjustjerna og tenkte seg om: Kanskje eg skulde tende opp varme og legge meg her? Så kunde husmanns-lusa ha stua for seg sjøl. Men han aksla seg berre, og gjekk på lofte og fann seg ei seng der.

– – – Juledagane var ikkje folk ute og rak. Dei var einast til kirka, og elles heime kvar hoss seg og heldt helg. Den skikken braut ingen utan han Jens. Han fór frå kirka til Håberg, høgste juledagen, og der gav han seg for. Per og Valborg var litt opprådd, det såg han, men han gjorde seg berre godt av det. Han såg det med, kor det beit Valborg at Dåret hadde narra henne. Han fortalte dem gong for gong at han hadde fått seg ei dotter, og at det var om Thomasmess-dagen. Det vart no ikkje så ho gjorde ålvor av det og kom før, sa han.

Andre dagen bar det aust i Pålsnese med 145både Per og Jens, og sea var dei fleire stader; dei hadde moro for mange pengar.

Endelig ein morgonen var Jens på heimveg, og Per var med han nedåt sjøen. Dei vart litt ut-tura båe to.

Da Jens står i båten og stikk seg utover grunna, seier han:

«I vinter ska æg på Lofoten. Så du val lava så vel da, Per.»

Dei kom til å stirre på einannan, og Per vart bleik.

«Nei men, du e no vel ikkj gælin, Jens?»

«Å jau. Det e rett slik. Æg vil ut og lea på mæg, skjønna du ikkj det da, din fåni?»

Han sette seg i årane, tversnudde båten, men gjorde ingen ror enno. – Du får leva da, Per, all din dag! Eg er no glad lel, at eg er såpass til kar som eg er. At eg ikkje er same sauskinne som du. Eg ét no grauten min om det så er uty i han, eg. Og er det ikkje merkelig du, kor eg kan stikke nevane i lomma, så dei ikkje fer i veg og gjer det som gale er. Båten hadde reke innåt steinane att, og no måtte han i roinga:

«Takk for lagje da, Per.»

Åretaka gnaura etter han all fjorden bortetter, lenger og lenger unna, det var måle til ein harsk ein.

Per nemnte ingen ting til Valborg om dette. Og Jens fortake ikkje kona si om kor han 146skulde, før han var på ferda å kalle. Han hadde tinga lag med ein utafollning som var der og kjøpte ved, og gjorde seg ferdig fortaste han kunde, han skulde ikkje vera høgare enn leigekar, for han hadde ikkje Lofot-børnskap. Dåret torde ikkje sjå opp; ho såg ut som ho aldri hadde venta seg anna.

Og så hadde han tinga han Hågen nedi Skare til å vera her og stå for i vinter, kva ho sa om det?

Sål-tinge bøyde seg i golve etter eitkvart, og ho vart verande der og famle og leite. Det går vel an det, sa ho.

Jens stod litt enno, han prøvde stå still midt på golve og vera utanom all ting, slik som Per pla gjera. Pannehuda skaut han opp og ned som ein forarga bjønn. Dåret var på vakt, ferdig til å legge på dør. – Ja ja da, sa han berre. Ho fekk stelle bra med han Hågen, hugs på han var herjen etter mat den karen. Og forresten, vart det gale på noko vis, så måtte ho sende bud etter ho Åsel, ho var den vissaste å ta til, slik.

Gudskjelov, så var det over, og glade var dei båe to. Han var alt ute, så kom han innatt, han skræmte mest vette av henne; ho gjekk attom vogga og stod; men så var det ikkje anna han vilde, enn å seie henne farvel og ta henne i handa. Dåret skjønna ingen ting av det.


V.

Vinteren gjekk, men han gjekk tungt, ein blåsande og vond vinter.

147Han var tunghendt nok i Juvika, når landvindsrokke sette til, det var inga søtmjølk for den som skulde vera ute, vart det sagt.

Mykje verre var han på Håberg. Der tok han frå alle kantar, så sugande langvarig, og så innbitande brennsk; han åt folk, som dei sa. Per påstod det bles tvert igjenom han, same kor han gjorde av seg, det var ein fiende som vilde jaga han derifrå.

Det var elles velsigna slik, at han hadde nok å gjera, og Valborg såg etter han og kjente seg lettare enn ho hadde gjort på lang tid: Javisst stod han og glømte seg bort enno gong og annan, bortom veggen einkvar staden; men aldri lenge om gongen, og større mørkrædd var han ikkje heller, det ho kunde merke, ikkje noko som tok på han. Han var den ho hadde halde han for.

Endelig kom våren det åre òg. Han kom enda tidlig på Håberg, det låg slik til. Stallhaugen kom fram først, steingråe andlete vann seg opp og såg ut i vêre, sea kom dei ein etter ein, gamle gråe karar, stod og sola seg, utan tanke og utan trass; og vollen kom etter, flekk for flekk i gulgrå armod; og no vart myra berr, heile skrinne brune andlete var berrt, fuglen tok til og song over det. Gråsteinen skaut seg opp utor molda si, han vilde sjå kor han var. Groteven reiv ein i nasen, reiv ein både i kropp og sjæl. – Lufta var full av vår og blåna. Og vårblått vart alt ein såg å.

148Allting skifta ham, som skifte kunde.

Per og Valborg var ute om kvelden stundom, stod og samsnakka om eitt og anna, stod og lya og såg seg i kring. Somtid var Per åleine. Da hørte ein meir. Da kom det sugande ein nattlyd utanfrå sjøen, det gjekk og spurte og spurte frammed lande; det var sjøborden. Og det svara aust frå marka, vårnatta svara med eit einslig mål; det var bekkeduren inni skogen.

Og våren skreid fram, over Håberg og heile grenda. Vårvatne sprang og klukka og lo, vinden sprang i susande elingar. Per pløygde, og han sådde, i solrunna var han på åkeren, og midt på dagen og seint på kvelden, Håbergjorda hadde ikkje vorte uroa slik før; han tykte ho snudde seg og glåmte på han, som ørtande kua, gav eit lite godslig støn ifrå seg imillom. Enno fekk storsteinen kvile eit år, og enno fekk vatne ha si tid; men han tok til og budde seg så smått, og hadde auga etter det.

I Juvika var det kleinare. Jens kom ikkje heim. Skiparlage hans sendte bud, at han hadde stryke enda lenger nord, med ein handelskar, og dei skulde helse så flittig. Det var ei nød og ein tilstand, og Per måtte bortover og greine med både eitt og anna.

Men da hadde alt Åsel komme dit. – Ja, no får du ta garen, sa han til henne. – Ho? – Just nettopp ja. – Men enn han da? – Nei. Slik fór ein ikkje og rak. Og du, han snudde seg til Dåret, du får få eit lite kår, ei ku og 149litt korn og kva det no kan bli; så vidt du lever. – Kår? – Jaha, kår ja. For det bli ikkje så du får komma dragande hit med han der huskallen din nedant Skare, det klikka det, sa vi. Veikjungen snakkar vi ikkje om – har du forstått meg rett? – Ja ja da, sa Dåret, og no seig ho i hop og vart både blå og bleik; ho torde ikkje møte auga hans.

Per var heller ikkje å møte i dag. Om det så hadde vore kongen, så skulde han ha gått utor vegen for han, kom det for dem.

«Det bli likast du fløtta hit no straks da,» han tok Åsel for seg att. «Han Mikkal e no hælv vori som ein kobbi, men du skal ha gåren lik-vel. Hus-på det va slik han far villa det, han såg det vel for sæg. Prisen og det – snakka vi om sia. Ho der – snakka vi ikkj om.»

Enno ein gong kom han og fekk Åsel for seg. Han hadde komme slik oppi det, ho kjente han mest ikkje att. – Eg? seier du. Nei. Eg er der eg skal vera, eg. For eg måtte vekk! Dei vilde det slik. Og desutan så må ein lea på seg litegrand. Ja, og så var det ho Valborg. Ho gjekk her og harma opp seg og vart både vond og stygg. Ho vilde ikkje herifrå, nei, men ho skulde! Så det er gjort gjerning det. Og no er det du som rår i Juvika. «Du val batta tak, Åsel!»

Og slik vart det. Dåret fekk Gammel-stu til kårstue, og elles alt ho skulde berge seg med, og Mikkal og Åsel tok garen.

150Per og Valborg var hoss dem ei sundagshelg. ÅselÅsel] rettet fra: Asel (trykkfeil i 1. utg.) gjekk med djupe smilehol, slik juvikkvinnfolka gjerne hadde når dei lika seg. Mikkal såg nyfiken og ålvorsam frå det eine til det andre, og spurte Per til råds om mange ting. Ungane deira var alle stader, ein heil skroll med avkom som kravla og sprang og gjorde sjau: det var så ubergelig trøysamt her. Og Per nikka, at slik skulde det vera, slik vilde Juvika ha det, hadde så villa all sin dag, – No får vi sjå å komma heim, sa Valborg; det var så mangt som venta på ein der.

«Det kjem an på,» sa Per da dei rodde heimover, «det kjem an på om det ikkj e slik at de gammel tomtin skjøt hamen somtid. Dem ha det for det, gammel-karan.»

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Juvikingar

I seksbindsverket Juvikfolke følger Duun en slekt, Juvik-ætta, fra begynnelsen av 1800-tallet til slutten av 1. verdenskrig, men også med tilbakeblikk på slektens historie og sterke skikkelser i århundrene før 1800. Duun skildrer både den sosiale utviklingen fra gammel til ny tid og de menneskelige forandringene. Gamle tradisjoner og tenkemåter forandres langsomt, og det er stadig konflikter mellom gammel og ny moral.

Juvikingar er første bind i serien og handler om Per Anders, et familieoverhode av den gamle sorten, og barna hans. Når Per Anders dør, prøver sønnene Per og Jens sammen å drive slektsgården videre, men etterhvert viser det seg at ingen av dem lykkes, og det blir opp til den neste generasjonen og Per Anders' barnebarn Anders å løfte Juvik-slekta opp igjen.

Les mer..

Om Olav Duun

Olav Duun er en av de viktigste nynorskforfatterne fra første halvdel av 1900-tallet. Med en bakgrunn som fisker i Namdalen i Nord-Trøndelag kunne han skildre tilværelsen langs kysten friskt og livaktig, i et språk som var preget av dialekten hans.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.