NORSKE MELLOMALDERBALLADAR
TSB E
TEKSTAR
Vitskapleg utgåve
Nasjonalbiblioteket/bokselskap.no
Oslo 2016
Redaksjon:
Velle Espeland, Liv Kreken, Maren Dahle Lauten,
Børge Nordbø, Elin Prøysen, Astrid Nora Ressem,
Olav Solberg, Ellen Nessheim Wiger
ISBN: 978-82-7965-286-1 (digital, bokselskap.no), 978-82-7965-287-8 (epub), 978-82-7965-288-5 (mobi)
Publisert juni 2016, sist oppdatert august 2019
Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Kjempe- og trollballadane skildrar meir enn andre balladar kamp og strid. Nokre er relativt realistiske og skildrar dramatiske konfliktar mellom sterke menn. Ære, makt og rikdom er sentrale verdiar, og helten går bokstavleg tala over lik for å leve opp til forventningane som blir stilte til han. Kvinnene står på sidelina i desse visene.
Trolla dukkar rimelegvis opp i dei eigentlege trollballadane. Slike viser minner ein heil del om undereventyr, både når det gjeld handling og tematikk, gjerne ved at ei kongsdotter er teken i berg. Så blir det heltens oppgåve å drepe trollet og fri ut kongsdottera, noko han alltid greier med glans.
Fleire av kjempe- og trollballadane byggjer på motiv i den norrøne litteraturen, ikkje minst fornaldersogene. Alle desse visene har norsk/vestnordisk opphav.
Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.