Kjempe- og trollballadar

Norske mellomalderballadar

TSB E 102 Ivar Erlingsson


Innleiing

Ivar Erlingsson kjem ridande med mennene sine til ei høgætta enkje og ber om husly. Ho blir kalla Fru Gjertrud. Ivar og følgjet får god mottaking, og ho skjenkjer mykje mjød. Ivar tek henne med vald, men han vil ikkje tilby henne ekteskap. Grunnen er at han har lova mor si å ikkje feste noka enkje, seier han. Fru Gjertrud kastar då ei forheksing over Ivar: Han skal liggje sjuk i femten år, og ingen lækjar skal kunne gjere han frisk. Ivar rir heim til kongen, frenden sin, der sjukdomen straks kjem over han, og han blir sengeliggjande i «løyndeloftet». Fru Gjertrud føder ein son som veks meir på nokre månader enn andre barn veks på fleire år. Mora fortel ikkje kven far hans er.

På leikarvollen ertar kameratane han fordi han ikkje veit noko om far sin. Sonen går då med harde ord inn på mor si og trugar jamvel med å drepe henne. Ho må ut med namnet: Far hans er sjølvaste Ivar Erlingsson, den gildaste kjempekaren i landet, men han ligg sjuk utan von om å bli frisk. Samstundes gjev ho sonen namn: Galite, det vil seie den galne guten, som trugar med å drepe si eiga mor! Sonen spør om ho har nokon lækjedrikk som kan gjere faren frisk. Mora svarar at ho har det, men denne drikken har ho ikkje tenkt at Ivar Erlingsson skal nyte godt av. Sonen får likevel med seg eit horn med lækjedrikk og rir til kongsgarden, der faren ligg sjuk. Her må han slåst med den kjempesterke riddaren Raud. Etter at han har kasta denne «avringskjempa» av hesten med lansen sin, står vegen open til loftet der faren ligg. Faren drikk av hornet med lækjedrikk tre gonger, og då er han frisk att. Deretter dreg Galite til Trollebotnen og drep alle trolla, for dei har kravd kongen for skatt og må straffast for det. Så møter han faren til duell, og denne tvikampen går Galite sigrande ut av. Dermed er han i posisjon til å truge far sin til å gifte seg med mora.

Det finst mellom tjue og tretti variantar av denne balladen, alle frå Telemark. Fleire er fragmentariske. Bugge står for dei fleste tekstoppskriftene, medan Lindeman på si side gjorde fire melodioppskrifter. Landstad skreiv opp éi form av visa og trykte henne i Norske Folkeviser under tittelen «Ivar Erlingen og Riddarsonen». Han nemner songaren, som er «en gammel Kvinde, Gunnild Lid i Hvideseid». Landstads tekst er på heile 62 strofer og er utfylt med tillegg frå andre songarar (Landstad 1968: 157–168). Då Landstad i 1840-åra skreiv opp «Ivar Erlingsson» etter denne kvinna, budde ho på husmannsplassen Lid i Kviteseid, men ho var eigentleg frå Lårdal og av Ståleætta og heitte Gunhild Petersdotter Tvigyva (1784–1852). I 1821 flytte ho til Kviteseid. Ho song tre balladar for Landstad, alle kjempeviser. To av dei tok han med i Norske Folkeviser. Vi veit elles at Gunhild Petersdotter kunne mange fleire balladar enn dei Landstad skreiv opp. Visetradisjonen hennar vart førd vidare av andre songarar (Jonsson & Solberg 2011: 394–396). Kjende songarar som også kunne «Ivar Erlingsson», var Hæge Olsdotter Årmote frå Mo og Gunhild Kjetilsdotter Sundsli frå Fyresdal. I doktoravhandlinga Norske trollvisor og norrøne sogor gjengjev Knut Liestøl ein fyldig variant som Hans Ross skreiv opp etter Anbjørg Knutsdotter Vistadhaugen (1815–1888) frå Mo og gjev ein grundig jamførande analyse av motiva i balladen, jamført med det færøyske visestoffet om same emne (Liestøl 1915: 155–188).

Hovudgrunnlaget for «Ivar Erlingsson» er den norrøne Ívens saga, omsett til norrønt frå fransk på 1200-talet, etter Chrétien de Troyes’ Yvain ou le Chevalier au Lion. Balladen følgjer ikkje sogeteksten i eitt og alt, og Liestøl meiner at visa er sett saman etter fleire soger. Såleis er forteljinga «om sjukdomsdrykken og lækjingi […] i mangt lik forteljingi um Mirmann i Mirmanns saga» (Liestøl 1915: 181).

Det finst eit gamlestev, kanskje ei tidlegare balladestrofe, om Ivar Erlingsson og Roland:

Der hev ingjen komi paa leikarvollo,
som hev vori Rolands makje,
ferutta han Ivar Erlingjen,
nær han va i sin beste bragje.

Stevet byggjer på ei av dei såkalla «Eufemiavisene», Herr Ivan Lejonriddaren. Herr Ivan er ein versroman som vart omsett til svensk etter initiativ av Håkon Vs dronning Eufemia (1303). Dei tilsvarande linjene i versromanen lyder:

Thet má ængin lifuandes tro
huru mykith folk han nidher slo;
huath man sigher aff Roland,
han giordhe ey mera met sinne hand
á Runzefal thá han var thær
æn herra Iwan giordhe hær
(Liestøl 1915: 176–177).

Til grunn for Herr Ivan ligg igjen Ívens saga, og altså bak den igjen Chrétiens Yvain. Også i den gammalfranske teksten finst den tilsvarande skildringa, så her kan ein verkeleg tale om lange linjer i litteraturen og tradisjonen:

Et veés comment il le faitVoyez comme il se bat
De l’espee, quant il la trait!avec son épée, quand il la tire!
Onques ne fist de DurendartJamais, avec Durendal, Roland ne fit
Rollant de Turs si grant essartun si grand massacre de Turcs
En Rainchevax në en Espaigneà Roncevaux, ni en Espagne
(Jonsson 1989: 112)(Hult (red.) 1994: 308–309).

(Sjå som han kjempar / med sverdet sitt, når han dreg det! / Aldri drap Roland med Dyrendal / så mange tyrkarar, / verken på Ronsarvollen eller i Spania).

Det store færøyske kvadet om Ívint Herintsson svarar til «Ivar Erlingsson». Det finst i tre lange oppskrifter.

Utsyn 102
CCF 108




Oppskrift A

TSB E 120: Ivar Erlingsson

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Gunhild Kjetilsdotter Sundsli, Moland, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge f, 80–88b

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Ivar Erningjen.

*

1. Dagjen lí å sólæ skrí
mi må inkje leng’e bíe
Ivar tala ti sine mennar
kot veg’e ska mi no ríe

2. Eg veit einó ekkja den
hó búr der sør under øy
hó gjev okkon maten å drykkjen
um mi våre fleir.

3. Hó gjev [okkon maten å drykkjen]
[um mi våre] fleire,
men høyre de I[var] ErungjenI reinskrifta er navnet retta til: Erningjen
begjerst inkji av æ meiri.

4. Lengji skjenkte ekkja den
brúne mjøiren på bór
alt ti Ivår Erungjen
mæ elskóvsore fór.

5. De høyre eg på deg dú unge dreng’e
at dú æ hugt på ekkje
tak biddjumobranden í dinom håndæ
å bjó deg so ti feste.

6. Ja de lova eg mói mi
då eg heimati fór
at eg sill ingjó frúva feste
mæ eg um låndæ fór.

7. De lova [eg mói mi]
eg hélt i hennes hånd
at [eg sill ingjó frúva] feste
mæ [eg um låndæ] slång.

8. Men de va Ivar E[rungj]en
han gjårest í håndó fim
å so tok han æ Jærtrú frúva
han rykkte æ uppi sengjæ ti seg

9. Dú ska minnast de Ivar E[rungjen]
at du meg mouig’e tók
no ska dú liggje úti 15 åre
sjúke í sterkan sott

10. Ja dú ska liggje 15 åre
[sjúke í sterkan] sott,
der ska aldri kome nokjen lækjare,
som kan finne deg noko ti bót

11. De va noko deretti
å de va månanne ní
de va hó Jærtrú frúva
hó fødde ein són so frí

12. De va h[o] J[ærtru] f[ruva]
[hó fødde ein són so] frí
hó kadda ‘en Galite riddarsónen
ette fairen sin

13. De va Galite riddarsónen
han vóks mei í månaer tvo
hell dei aire små bonnæ
dei veks í åtte år

14. De va G[alite] R[iddarsónen]
han gjekk útpå vodden å leika
alt mæ dei aire småbonnæ
han gjåre deires kinnæ so bleike.

15. Né so settest dei smådrengjínne
so vreie som dei våre
de va líkare dú spurde ette fai din
hell dú gjev okkon hoggjæ såre.

16. De va G[alite] R[iddarsónen]
han sveiper sitt hovu í skinn
å so gjenge han í høieloft
for Jærtrú frúva inn

17. Høyrer dú de mi kjære móder
hot eg deg spyrje må
kor hev dú gjort av fai min
kví stend eg í spott å hå

18. Galite sló han moi si
hó måtte unde hoggji lúte
Moi mi seg meg fainavni
dí leie arge púte

19. Mói [mi seg meg fai]navni,
de æ deg ingjen vandi,
anten de va då kjóv hell træl
hell trodd í aire lande.

20. De va inkje anten k[jóv] h[ell træl]
[hell trodd í aire] lande
men de va han Ivår E[rungjen]
den sterkaste kjempa í landi

21. Han fékk minnast dé I[vår] E[rungjen]
at han meg nouig’e tók
no hev han legje 15 åræ
sjuk útí sterkan sótt

22. Der hev aldri komi noken lækjare,
som hev kunn’ funni han noko ti bót

23. Men høyrer dú de mi kjære móder
kot eg deg spyrje møtti
hev du ingjen heilanbåjen
sóm kunne min fairen bøte.

24. Jau eg hev sakti h[eilanbåjen]
kven dú ville kjóse
men den ska då slett alli kome
din sæle fairen ti bóte

25. Men de va G[alite] R[iddarsónen]
han tok på mæ sveitti,
han sló sunde 15 låskistur
han ville ‘kje ette lyklanne leite

26. Han vålde út ein han vålde út tvo
han tók den han líka best
å de æ so vondt ti sveinanne gange
den sóm kan ‘kje søile sjav sin hest.

27. De va G[alite] R[iddarsón]en
han salar sin gangari grå
so ríe han seg uppå land,
der hass kjære fairen låg.

28. Galite kom seg uppå land,
han såg seg út so víe
kvor æ I[vår] E[rungjen]
æ han her å finne.

29. Te so svora den líten smådreng
alt bådi mæ sorg å kvíe
Ivår ligg’e í sinom sengjæ
han kjem inkje ofte víe.

30. Høyrer de I[vår] E[rungjen]
her ska dú få ein drykk
å drikk derav dú unge dreng
so veks deg meire styrk.

31. Den fyste drykk han av honni drakk
den drakk han alt mæ tréji
då snúdde han seg í si seng,
de kunne inkje bet’e vere.

32. [Den] aire [drykk han av honni] drakk
då drakk han alt mæ hå
då reis han upp å klædde seg
som han ha legji 15 år.

33. Kor ska me gjere av guten den
som kann inkje beste brandi
take av honom skiringsnavni
å kadde han sottSamlarkommentar: (så har jeg skrevet). i lande.

34. va dú inkje min sæle fairen
so ville væl branden bíte

35. De va I[vår] E[rungjen]
tok sønnen úti sitt fang
lovet være Gud i himmerík
at eg slík ein són’e fann

36. De va G[alite] R[iddarsónen]
han rister uppå sin knív
anten ska du no mói mi ækte
hellå ska de koste ditt lív.

37. De va I[vår] E[rungjen]
han talar alt for slétt
eg vi have [Jærtrú] frúva
eg blí alli bæri gift

*

Strofene er unummererte i manuskriptet. Over orda «moi» og «fai» er det skrive ein boge for å markere diftong.

Reinskrift i anna hand med rettingar av Bugge: NFS S. Bugge VII, 28–34. I reinskrifta er «Erungjen» retta til «Erningjen».




Oppskrift B

TSB E 102: Ivar Erlingsson

Oppskrift: 1864 av Sophus Bugge etter Torbjørg Larsdotter Gotland/Haugen, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge e, 30–37

Oppgjeven tittel: Iven Erningjen

*

1. Eg veit einom ekkja eg
som búr so hågtAlternativ lesemåte: høgt i heii
hó tóre væl gjeva kon øl å mat,
óm me vøre mange fleire.
– De va Íven Erningjen
han rie so glatt ígjenom borgjen –

2. Hó tóre [væl gjeva kon øl å] mat
óm [me vøre mange] fleire,
men passe deg Íven Erningjen
dú byss ‘kje av ekkja meiri.

3. So blídeleg skjenkjer hó Jærtrú frúva
mjø ivi breian bór
ho skjenkjer Íven Erningjen
í elskóvsór hó fór.

4. De hev eg lova moiSamlarkommentar: (åb.) miSamlarkommentar: (aab.)
den tí eg heimati fór
at eg sill engjóSamlarkommentar: i (aab.) ekkje feste,
so víe eg kring lånde drog.

5. De hev eg [lova moi mi]!
då eg hélt í hennes hånd
at eg [sill engjó ekkje]feste
so víe eg dróg íkring lånd.

6. De sko dú herr Íven finne
fyrr dú tók meg mæ valli,
dú sko få liggje i 15 åre
skjúke í sterke halle

7. Dú sko [få liggje i 15]åre
[skjúke í sterke] sótt
so alli der den lækjen sko koma
som deg kann vinne bót.

8. De dú ber undi belti ditt
de æ’ gúten snjadd’e
so gjeve eg deg mitt góe svær
som eg tók av rysen í fjøddi.

9. De va’ nó hó J[ærtrú] frúva
tók mót de mæ båi håndi
so sett hó de í hovdegjåre
der eige de tóngt å stande.

10. Í[ven] kjenner på sjave seg
at sótte mónn hånom fange
Í[ven] talar tí síne hoffdrengjir
nó ví me av gari gange

11. Í[ven kjenner på sjave] seg
[at] s[ótte] på hånom skríe
Í[ven talar ti sine hof]drengjir
[nó vi me av gari] ríe.

12. Kóngen han stend í høieloftssvalir
han sér seg út so víe
nó sér eg Í[ven] E[rningjen]
í mineSamlarkommentar: (aab) hoddó ríe

13. Nó sér eg Í[ven] frændi min
eg meine hånom einkvort fange
den eine leier í beisl å tygyl
dei tvo útí søylen kalle

14. Høyrer dú de dú kóngen
dú æ’ min næste frændi
legg dú meg at løynde lofti
so ingjenAlternativ lesemåte: engjen mann meg kjenner

15. Legg [dú meg at løynde] lofti,
so [ingjen mann meg] kjenner,
kjeme der noken å spyr etti meg
so seg eg æ av lande gjengen

16. Stilt so sat no Jærtrú frúva
í dei månanne tvåSamlarkommentar: (sic) gammelt
innti de lei uti stundó dei
at hó fødde so líten ein són’e

17. So let’e hó at kyrkja bera
sæle sónen sin
hó kadder en jónkar riddarsónen
etti sæle fairenOver «ai» er det ein boge sin

18. Mei voks J[ónkar] R[iddarsónen]
í dei daganne två
hell adde hineSamlarkommentar: (aab.) småbonne
dei voks í åtte år.

19. Mei [voks Jónkar Riddar]sonen
í [dei daganne] trí,
[hell adde hine småbonne]
[dei voks í] åre ní.

20. Jónkar gjenge på leikvodden
han kastar sopp av hendi
der røyna etti der lítiSamlarkommentar: (sic) kom
der styrmarSamlarkommentar: (sic) kji mykjy kvendi.

21. Dei samla seg ihop adde dei
so mange som dei våre
de æ bæri å vite fairsnavniOver «ai» er det ein boge
hell gjeva kon hoggjé såre

22. De va J[ónkar] R[iddarsonen]
han aksla kåpa blå
so gjenge’n seg at steistoga
inn for sin moder å stå.

23. De va J[ónkar] R[iddarsonen]
han rister på syllbúdde knív
Å seie dú meg ‘kji fairsnavniOver «ai» er det ein boge
so sko’ de koste ditt lív

24. Dú sko seia fáirsnavni
eg vi ‘kji vera ti skamme
antel de æ kjóv hell mann
hell træl hell troddi lange.

25. Eg sko seia deg fairsnavni
de æ ‘kji meg ti skamme
de æ I[ven] E[rningjen]
den ypperste riddar i landi.

26. De fékk han herr I[ven] finne
fyr han tók meg mæ valli
no heve en legje i 15 åre
sjúk’e í sterke halli

27. No [heve en legje i 15] åre
[sjúk’e i sterke] sótt
so alli der den lækje hev komi
som han hev vónni bót.

28. De va J[ónkar] R[iddarsonen]
han rister på sylvbúddiOver «lv» står det: (sic) knív
lækjer ‘kji dú atte fa’i min
so sko’ de koste ditt lív

29. De va J[ónkar] R[iddarsonen]
då tók en ti å sveitte
15 kistur ó låsanne brout
han ville ‘kji etti N lyklanne leite

30. Kóngen han stende í høienloftssvalir
han ser seg úti so víe
nó sér eg einóm avringskjempa
í míneSamlarkommentar: (aab) haddó ríe.

*

Strofene er unummererte i manuskriptet.

Over teksten står det: Torbjør Larsdótter fra Mo (har lært det af Turi Mon).

Reinskrift i anna hand med rettingar og tillegg av Sophus Bugge: NFS S. Bugge VII, 89–95.




Oppskrift C

TSB E 102: Ivar Erlingsson

Oppskrift: 1890 av Moltke Moe etter Hæge Eivindsdotter Leirbrekke, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 25, 181–189

Oppgjeven tittel: Iven Ærningjen

*

1. Eg veit einom ekkja den
som bur so langt nor i heió,
ho tór gjeva kònn øl å mat
um mi våre mykje fleire,

2. HóRetta frå: Eg tóre gjeva konn øl å mat,
um mi kåme seint um kvelli,
høyre du I[ven] Ærningjen,
begjær ‘kji av ekkja meiri.

3. So lystig skjænkjer ho Jærtru fruva
øl ivi brede bór,
alt ti ‘ó I[ven] Ærningsónen,
mæ elskugsór hó fór.

4. «Å høyrer du I[ven] Ærningjen,
lat inkje hugen breste,
kaste no skjolle å sværi ditt
å gjev so deg ti feste.»

5. «Nei detti lova eg moi mine,
den ti eg tok ‘a i hòndæ
at eg sille ingjo ekkja feste,
so rie eg dóg ikring lònde.»

6. «Men no sko du Iven få minnast dæ,
at du tok meg mæ válliSamlarkommentar: Enstavelses tonelag.
no sko du liggje femtan år
å sjuk’ i sterke halli.»Samlarkommentar: Enstavelses tonelag.

7. No sko du [liggje femtan år]
å sjuk [i sterke] sótt,
alli sko den lækjare kòma
som deg kan vinna bót.

8. «Dæ du ber ondi belti ditt,
dæ æ guten snjadde,
no vi eg gjeva ‘en sværi mitt,
eg tók av rysen i fjøddi!»

9. Å dæ va då ho J[ærtru] fruva
ho tók mot mæ båe hòndó,
ho sette dæ i hovdegjåri,
dér lige dæ tongt at stande.Samlarkommentar: («Dæ va tongt å taka mot dæ»)

10. Iven kjende på sjave seg,
at sotti món på ‘en skrie,
I[ven] tala ti sine mennar:
«Me vi av gariSamlarkommentar: Enstavelses tonelag. rie!»

11. «I[ven] kjende [på sjave] seg,
at sótti [món på ‘en] fange,
I[ven] tala [ti sine mennar:]
«Me vi av gáriSamlarkommentar: Enstavelses tonelag. gange!»

12. Kongjen stænde på høiloftssvàle,
han ser seg ut så vie:
Hér ser eg ein af avingskjempune,
ati mine hoddir rie.

13. «Eg ser han Iven frende min,
dæ må honom einkvòrt fange,
eg ser ein i tygjylen leie
å tvó i søylen halle.»

14. «Høyrer du dæ du danske kongjen,
hot eg béa vi deg:
fyg du meg uppi løynde lofti,
so ingjen mann meg ser.

15. Legg du meg uppi løynde lofti,
so ingjen mann meg ser,
spyre dæ nokon etter meg,
segg, eg fer ikring lònde vie.»

16. Dæ va no inkje fystfullt derette
dei månane t
fyrr ho J[ærtru] fruva
ho fødde so liten ein són.

17. So lét ho ti kjyrkja bera
sæle sónen sin,
ho kadda ‘en Junkar Riddarsónen
ette sæle fai sin.

18. Mei so voks J[unkar] R[iddarsonen]
uti månanne ni,
hell dei are smådrængjine
uti are ni.

19. Dæ va no J[unkar] R[iddarsonen]
han leikar mæ híne smådrængjir,
dér blånar,ette dér liti kjæm
dér styrmer slett inkje kvende.

20. Å né so sætte smågutaneAlternativ lesemåte: småkniktane seg,
å adde bleiv på ‘en vreie:
«Dæ va beté sin fa’ren vita,
hell gjeva kon hoggje fleire.»

21. No so sette [smågutane] seg,
so mange som dei våre.
«Dæ va bete [sin fa’ren vita]
hell gjeva konn hoggji såre.»

22. Å de var no J[unkar] R[iddarsonen]
han gjekk mægjæng mæ hònd onde kinn,
gjekk en seg i steistóga
ti Jærtru fruva inn.

23. «Å du sko seia meg faisnavni,
eg vi ‘kji i blygslir gange,
anten dæ æ kjóv hell mann
hell tròdd hell træl i lande.»

24. Å dæ va då ‘en J[unkar] R[iddarsonen]
blænkjer mæ syllbudde kniv:
«Seier du meg ‘kji fairsnavni,
so sko dæ kosteditt liv!»

25. De va no då ho J[ærtru] fruva,
ho måtte ti béa fy seg’:
«Galita Gute kaddar eg degSamlarkommentar: den?,
som drepa vi moi sé!»

26. Å dæ va [ho Jærtru fruva]
ho va so snegg i evni:
«Hér æ so mange av dei glipegarpane,
dei kunne deg fy Galita nevne!»

Dæ va
27. «Eg sko seia deg fairsnavni
dæ æ meg ingjen vandi,
han heitter I[ven] Ærningjen,
den gjævaste riddar i landi.»

28. «Å dæ va då G[alita] R[iddarsonen]
han blænkjer så syllbudde kniv:
«Lækjer du inkje fa’i min,
so sko dæ koste ditt liv!»

29. Å [dæ va då Galite Riddarsonen]
han gjekk seg i høiande loft,
femtem kistur ó låsane braKan òg tolkast som o.ut
han vill ‘kji ette lyklane leite.

30. Dæ va då [Galite Riddarsonen]
han rister på syllbudde svær:
«Ha’ du kji vóri mo’i mé,
so ha’ du dæ vóri vær!»

Når ‘en ha’ leita ivi femtan kistur, så fann ‘en «jyvsehònni» dæ som ‘en lika best.

31. Kongen stænd i høieloftssvòlé
han ser seg ut so vie:
«Eg ser hér ein af avringskjempa
i mine hòddir rie.

32. a) Rouen renner leikarvodden,
han va i jønni klædde,
G[alita] vende folen sin,
då låst ‘en vera rædd’e.Strofa er skriven inn etter strofe 34.

33. b) Hér hev alli vori den avringskjempa,
som Rouen min hev stai,
sia han I[ven] Ærningjen,
når’en va i sin beste bragji.Strofa er skriven inn etter strofe 31.

34. c) Her [hev alli vori den avringskjempa,]
som Rouen min hev bròte stòng,
si’ en I[ven] Ærningjen,
når ‘en dróg so vitt ikring lònd.»

35. «Høyre du dæ, du danske Kongjen,
hot eg béa deg må,
fyg no meg upp i løynde lofti,
han Iven vil eg sjå.»

Samlarkommentar etter strofa: (Hæge tror at G. spende upp dynni, men har glemt ordlægningen af verset)

36. Inn kåm G[alita] R[iddarsonen]
han sto mæ hònn i héndi:
«Dæ æ so liten mann døm’e
å røyne sin styrk’e på kvendi»

37. Eg ték eitt honn av belti mitt,
dér æ i ein danske drykk,
du drikk derav I[ven] Ærningjen,
ti mei vekser din styrk.»

38. Den fyste drykk ‘en derav drakk,
han bleiv i bråi bæri,
I[ven] rauddest i sinne sængji,
han ha légji i 15 ‹…› åri.Alternativ lesemåte: åré.

39. Den are drykk ‘en derav drakk
han bleiv [i bråi bæri,]
Iven reis upp å klædde seg,
ha’ légji i 15 åri.Alternativ lesemåte: åre.

40. Den tré’e drykkjen derav drakk
han bleiv i lyter bæri,
Iven reis upp å klædde seg
han studde seg på sværi.I margen ved dei to siste verselinene har Moe skrive: (usikker!)

41. Men tala danske kongjen
alt onde skarlakjens skinn:
«Eg sko gjeva deg gull å jór,
fyr du lækte frænde min!»

42. «Hav du sjav ditt rige gull
å so di grøne jór;
men eg vi råe fy dei tíendé,
som kjæm fy kongjens bór.»

43. Inn kjem liten smådrængjen,
talar eitt ór so bratt,
«Her kjem eitt trodd ó troddebotten
som vi krevja kongjen skatt’e!»

*

Strofene er nummererte av samlaren.

Etter siste strofe har Moe skrive: I slutningen er Hæge meget usikker, hun har hørt alt, næsten som i Bugge II, hun reciterede helt eller delvis Bugge vers 68, 71, 72, 73, 75, 76, men tildels i anden forbindelse.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kjempe- og trollballadar

Kjempe- og trollballadane skildrar meir enn andre balladar kamp og strid. Nokre er relativt realistiske og skildrar dramatiske konfliktar mellom sterke menn. Ære, makt og rikdom er sentrale verdiar, og helten går bokstavleg tala over lik for å leve opp til forventningane som blir stilte til han. Kvinnene står på sidelina i desse visene.

Trolla dukkar rimelegvis opp i dei eigentlege trollballadane. Slike viser minner ein heil del om undereventyr, både når det gjeld handling og tematikk, gjerne ved at ei kongsdotter er teken i berg. Så blir det heltens oppgåve å drepe trollet og fri ut kongsdottera, noko han alltid greier med glans.

Fleire av kjempe- og trollballadane byggjer på motiv i den norrøne litteraturen, ikkje minst fornaldersogene. Alle desse visene har norsk/vestnordisk opphav.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.