Kjempe- og trollballadar

Norske mellomalderballadar

TSB E 140 Kappen Illugen


Innleiing

Kongsdottera, Helleliti, vart bergteken ei julenatt. Kongen leitta etter henne på skip, på hestar og i øydeskogen. Ei jonsoknatt var han ute på skipet, men han fekk ikkje kveikje bål fordi knusken var våt. Då vart han var ein heller der det lyste oppunder. Kongen ropte ut at den som torde hente Helleliti ut, skulle få henne. Ingen andre enn Illugen torde å prøve. Han tok av seg riddarkleda og tok på seg nokre filler før han klatra opp i berget. Då han kom opp, fekk han sjå ei gyger som rota i elden med nasen. Ho spurde om kva slags reivebarn det var som var ute så seint. Illugen sa at han ikkje var noko reivebarn, men han var komen for å hente kongsdottera ut frå berget. Gygra svara at han ikkje kunne få nokon ut, før han hadde sagt noko som var heilt sant. Han sa, som sant var, at ho hadde ein nase stor som eit nautefjøs.

I ei silkeseng fekk Illugen sjå ei vakker møy. «Du kan få ligge med henne i natt», sa gygra, «men i morgon skal du døy». Neste morgon kom ho med sverdet sitt for å drepe Illugen og drog han fram etter håret, men han såg henne i auga og lo. Då vart ho sint og bles i luren for å kalle på dei sju søstrene sine. Illugen hogg gygra i to, og etter det drap han alle trolla. Illugen fekk Helleliti.

Denne visa har henta stoffet sitt frå ei islandsk soge, Illuga saga Gríðarfóstra. Visa følgjer soga ganske tett, men visediktaren har forenkla handlinga og teke bort nokre av personane. Soga fortel at ein kong Åle hadde ei dotter som heitte Signe. Mor til Signe var død, og kongen hadde gifta seg med Grimhild. Signe vart gift med kong Eirik, men då Eirik døydde, flytte Signe heim til far sin med dottera Hilde. Det viste seg at dronning Grimhild var ei heks. Ho skapte stedotter si om til ei stygg gyger og sende både henne og Hilde til ein heller langt nord i Gandvik. Der sat ho og drap kvar mann som vart forelska i Hilde.

På den tida var Ring ein småkonge i Danmark, og han hadde ein son som heitte Sigurd. Tett ved kongsgarden budde det ein gut som heitte Illugen. Dei var gode vener, svor seg i fostbrorlag og for i viking. Etter at dei hadde herja på Orknøyane og i Skottland, kom dei ut i ein storm som sende dei nordover og inn i Gandvik. Dei hadde ikkje varme om bord, og Illugen gjekk i land for å få eld. Om kvelden kom han til ein heller, og der møtte han ei stygg gyger. Ho hadde skjegg og var skallete på hovudet, hendene var som ørneklør, og ho var så svart at golvet såg kvitt ut ved sidan av henne. Han spurte henne om å få låne eld, og det skulle han få. Så kom det fram ei møy så vakker at han aldri hadde sett noko så vakkert. Det var dotter hennar, og om han kunne seie tre sanningar, skulle han få ligge med jenta. Illugen vart forelska og ville straks seie dei tre sanningane: «Helleren din er det største og sterkaste hus eg har sett. Eg har aldri sett styggare kvinnfolk enn du, og for det tredje er dotter di vakrare enn deg». Med det svaret var gygra nøgd, og Illugen gjekk til sengs med dottera. Dei hadde ikkje lege der lenge før gygra kom og greip Illugen i håret, drog hovudet opp på sengestokken og sette kniven sin på strupa hans. «Korleis kunne du tru du kunne få kjele med dotter mi», sa ho, «du skal døy straks». Illugen sa at ho hadde lova han fred og ingen fare. Dessutan hadde han aldri vore redd, og han var ikkje redd no heller. «Lagnaden har sendt meg til helleren din, og ingen kan døy meir enn ein gong», sa Illugen. Gygra kasta han tilbake i senga, men etter at ho hadde truga han med kniven tre gonger utan at han vart redd, kom ho glad inn. Motet til Illugen hadde berga henne ut av ein stor trolldom. Gygra var kongsdottera Signe som hadde vore omskapt av Grimhild, og no hadde ho fått sin eigen skapnad igjen. Møya i senga var Hilde, dotter hennar. Illugen slo både Grimhild og dei sju søstrene hennar i hel. Sigurd kongsson gifta seg med Signe og arva riket etter far sin, og Illugen fekk Hilde.

I Danmark finst det variantar av visa frå slutten av 1500-talet, men alt tyder på at ho har vorte til i det vestnordiske området. Dei færøyske og norske variantane ligg nærmare den opphavlege soga.

I Noreg er visa berre dokumentert i Mo i Telemark, men dei fleste av oppskriftene er fullstendige.

Lindeman har skrive opp ein melodi etter Bendik Sveigdalen, og ein etter Tone Olsdatter Vistabakken, båe to frå Mo.

Utsyn 3
DgF 44
CCF 18




Oppskrift A

TSB E 140: Kappen Illugen

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Hæge Olsdotter Årmote, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 81–83 (reinskrift).

Oppgjeven tittel: Kappen Iddujen. I.

*

1. Kungen låg i havi nór
einom jonsoknott,
han fekk inkje út bjartan ellen,
fyr njóskje ha blivi rått.

2. Å kungen lå i havi nór
den jonsoknotti dýre,
[så]Klammene er sette til i oppskrifta såg han einom bjartan ellen
upp i fjøddo sjå gyvro.

3. Å Um tala danske konungjen
alt mæ så ein blí ein fagni:
«den som toreAlternativ lesemåte: kann hente me bjartan ellen,
han må mi dotteri hava».

4. Å stilt sat heile konungslýren
å ingjen tóre svara,
forudenfyutta kappen Iddujen,
han koss ‘kje vera gúten fælen.

5. Så fór en uto skarlaksklæo
å att i ein filleflangjiSamlarkommentar: En ussel Trøie, som Gjæterne bruge, kaldes i Tellem. «juringflangji.»:
«hoste góe æ’ mine klæi skorne
i troddehendar gange.»

6. Som Landst. V. 10; kun 3die Linie: der sat heile konungslýren; og i 4die Lin. der for dei; i 2den Linie kleiv.

7. Som Landst. V. 11, kun 3die Linie som i frgd. V. og sidste Linie: så mangein mann han grøtte.

8. Som Landst. V. 12; kun kom, sat, og sidste Linie: å raka ór snortar av elli.

9. Å de va gamle gyvremóri,
då reis ho upp frå elli;
de to sidste Lin. som Landst. V. 13 Lin. 3. 4, kun i 4. te meg for: så seint. Saa det alm. svar. Kaddi meg.

10. – – – – –
– – – –
«Å eg sku hente bjartan ellen
fyr Herbjønn på GrettiSamlarkommentar: Den samme som danske Kongen, sagde Hæge. Hun mente at Rimordet til Gretti skulde være útrette..

11. «Du fær inkji bjartan ellen
or min hedderen út,
fyr du seje meg foddogoje
[fyr]Klammene er sette til i oppskrifta.Alternativ lesemåte: ti addi dessi trjúg»Samlarkommentar: Hæge skjønte ei dette.,

12. Som Landst. V. 19; tryni med åbent ytryni m. aab. y;; i Linie 3 snarpe – Hause.
– – – – –
– – – –
– – – –

13. så kasta en seg uppi jomfrusængji
å der sov han så lengji.Samlarkommentar med blyant: (Ol. dær søve den Guten snjadde)

14. Så tók ho kappen Iddujen
å reiste’n uppå ende:
«eg sku’ lære deg unge dreng’e
ti’ sova så søtt mæ kvende.»

15. Så tók ho kappen Iddujen
å kasta’n [heilt]Klammene er sette til i oppskrifta.Alternativ lesemåte: ne på gov,
de va’ kappen Iddujen,
han add i augo lóg:

16. «Å høyr du kappen Iddujen,
eg kann inkji mæ deg bræle;»
så kasta ho en upp i jomfrusængji;
«du æ inkji gúten fælen».

17. Gyvri sette honn fyr munnen
å blésAlternativ lesemåte: túta ho í så hart;
de hørde Jórunn joklekåpa
nóra ivi hav.

18. [Å de va’]Klammene er sette til i oppskrifta. kappen Iddujen,
då blés han de skarpast’ han kunna,
han søkkt’a ne Jórunn joklekåpa
mitt utpå havsens bunnar.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

I Landstads Norske Folkeviser (1853) står balladen Bugge viser til på s. 22–28.




Oppskrift B

TSB E 140: Kappen Illugen

Oppskrift: 1856 av Sophus Bugge etter Gro Petersdotter Blikom, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 133–134 (reinskrift).

Oppgjeven tittel: Kappen Iddugjen II.

*

1. Líti så va’ ho Helelíti,
kom burt ei jólenott,
snøggare va’ dæn gývremóri
ti’ stela ‘e burt så skjótt.

2. Kungen let byggje langskípe
å mange hestar ringskó,
some sille på langskípe,
some på øyeskóg.

3. Som Landst. V. 3; kun i Lin. 3: kunna – få.

4. Som Landst. V. 4.–

5. Som Landst. V. 5; kun: jartans ellen; hedderen.

6. De va’ danske konungjen,
rópa han så hågt:
«dæn som vi’ hente meg jartans ellen,
dæn sku’ mí dotteri få.»

7. Alle lyfte på høian hatt,
men ingjen tór’ kongjen svara,Samlarkommentar: [fornald. sög. I, 61: Böðvarr lét slúta höttinn ok svarar öngu.]
bare han unge kappen Iddujen,
han totte ‘kje de te’ å spara.

8. Som Landst. V. 9 –

9. Som Landst. V. 10. –

10. Som Landst. V. 11.

11. Som Landst. V. 12; kun de to sidste Lin:
me dæn gamle gývremóri
ho raka sinunnSamlarkommentar: Saaledes meddelt uden Forklaring. elli.

12. Som Landst. V. 13. –

13. Som Landst. V. 14 –

14. Som Landst. V. 15; kun i 3die Linie jartans; og 4de: som her unde hedderen lýste.
– – – – – –

15. Så mindedes Landst. V. 18; kun i 2den Linie: blesa heve du bratt.

16. Landst. V. 20; kun i 2den Linie: huga møy.

17. Landst. V. 21; kun i 4de Linie: bare ei eistage nott. – så:

18. De va’ unge kappen Iddujen,
han la’ seg mæ støkkjen ne;
líti så va’ ho Helelíti
sprang ho veggjen te.

19. Så Landst. V. 22. –

20. Landst. V. 23; kun i 2den Lin. treiv – bór; og de 2 sidste Linier:
å de va’ unge kappen Iddujen,
alt de í augu ló.

21. Så Landst. V. 25; kun i 1te Linie lúen; i 2den Linie: av vreie og de 2 sidste Linier:
de svora i Jóron jøklekåpa
nór unde trøddeflæe.

22. Så Landst. V. 31; men de to første Lin. så:
der blei stúk í are haddir,
stúk å mykje brestar;
og i Lin. 3: syninne.

23. Så Landst. V. 33, men de to første Lin. så:
Så tek han dæn gamle gývremóri,
han gjere derav noko krakarSamlarkommentar: Gro forklarte dette Ord: lange smale Grene, som man hugger af og «nýter ihóp» og sætter om Høstakkene, mellem «høykjembunne»..Samlarkommentar: jvfr. Arw. No. 9, V. 15.

24. Så: Så tek han dæn gamle gyvremóri,
han kastar ‘a høgt ‘pi vé’:
«såså gjere me kungens karar,
når me slíte kungens klæi.»

25. De va’ unge kappen Iddujen,
han va’ slett inkje fælen;
han tóre hente‘ atte Helelíti
nór unde trøddeflæi

26. Så Landst. V. 34. –

*

Strofene frå 1 til 14 er nummererte i oppskrifta.

I Landstads Norske Folkeviser (1853) står balladen Bugge viser til på s. 22–28.




Oppskrift C

TSB E 140: Kappen Illugen

Oppskrift: 1889 og 1891 av Moltke Moe etter Torbjørg Gunnarsdotter Ripilen, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. Moe 25, 23–27 og 129–131.

Oppgjeven tittel: «Kappen Iddugjen»

*

1. LitæSamlarkommentar: æ og ę, mest det sidste va ho HægelitiHelelitæ
kåm bórt ei jolenått,
snøgg’e va den jyvremóeré
ti stela hænar bórt.

2. Her efter Torbjør et vers = Landstad v. 2

3. KongjenAlternativ lesemåte: Kungjen har leita på langskipi
den heile jonsokknòtt
han kunna ‘kje varmé få
førr (k)nósskjiSamlarkommentar: Hun sa snart nósskji, snart njósskji ha blivéAlternativ lesemåte: va for rått.

Her et efter Torbjørs udsagn et vers ganske som Landstad vers 4.

Verset som Moe omtalar er skrive inn i venstremargen, såleis:

4. De eine va nósskje, de are tøndre
de tre’e va flinti hare
de fjore va bå’ jønn å stål
som sille fy varmen råde.

5. Kongjen [har leita på langskipi]
den jonsoknotti dýre
so blei han var’e den bjartansellen
nór uti heddéren lýse.

6. Kongjen han tala ti adde si’Alternativ lesemåte: menn
hass tala den va sá:
«Kann dé hente mé bjartansellen
so må dé mi’ dótteré få.»

7. Dei lutte adde onder hattane
á ingjen tóre svara,
men ønge kappen Iddhugjen
han va’kji uten fælen.

8. Denne strofa står merkt som «5aa» (strofe 7 her er nr. 5 i oppskrifta), skriven inn med mindre skrift mellom strofe 7 og 11.Så han’n av seg riddarklæi
å på seg ein fille flangji:
«Hòste gó æ mine klæi
i troddehåndé gange»

9. Denne stofa står merkt som «5a» i venstremargen.Å de va ónge K[appen] Idd[ugje]
klive han bergje blå:
onde sto adde kongjens karar
Hossi kann du fóte feste
óndrast der uppå.

10. Denne stofa står merkt som «5b» i venstremargen. [Å de va ónge Kappen Iddugje]
[klive han bergje blå:]
Hòssé kann du fótefesti
i slette bergji få.

11. Å inn kåm k[appen] Idd[ugjen]
de va so seint om kvelli,
å der sat gamle gjyvremóire
ho gróv mæ si’ nasar i elli

12. Å der sat [gamle gjyvremóire]
[ho gróv mæ si’ nasar i elli]
«Hott æ de fyr eitt kågabån
som kågar so seint um kvelli?»

13. «Vi du kadde meg kågabån,
so må du ‘ti vóndí leite,
men unge k[appen] Idd[ugjen]
dæ lyster guten heite.»

14. Denne strofa står skriven på s. 27 i handskriftet med tilvising hit.Eg æ send ti bergji inn
eg skò demi bòeAlternativ lesemåte: bòi framføre,
eg skå hente den bjartansellen
å få iAlternativ lesemåte: att ei supandesAlternativ lesemåte: sópande røre

15. Denne strofa er skriven på s. 129 med tilvising hit.«Du fær inkji bjartansellen
av min heddérenAlternativ lesemåte: heddéré út,
fyrr du seie meg sannheité
av adde dinóm truirAlternativ lesemåte: tru

16. Denne strofa er også skriven på s. 129 med mindre variasjon og med tilvising hit.«Nòsé Kjeften hev du som nautefjósi,
kjæften som bikkjetrøni,
mineAlternativ lesemåte: méne ougo æ snarpe i hausen
å dineAlternativ lesemåte: déne som fú på sveiniAlternativ lesemåte: sviniSamlarkommentar på s. 129: (lød næsten som sveini, diftongisk)

17. Denne strofa er skriven på s. 130 med tilvising hit.NosiAlternativ lesemåte: Nosè hev du som noutefjósi,
i blésa æ du bratt,
eg seie deg eitt av minóm óri truir,
eg sei kvòrt óri sannt.»

18. «Eg høyrer dæ på drængjen,
at du æ huga møy,
i nått so skå du sova mæ ‘æ
(men) imòrgó skå du døy.»

19. Å dæ va noAlternativ lesemåte: Ti so svòra ho Hælelitæ
ho upp i sængji låg:
«Dæ æ no so liti hugleggje
berre etter ett’ ei einaste nott.»

20. Denne strofa er skriven på s. 130 med tilvising hit.Dæ va kappen Iddugjen
han la seg på stokkjen né
å dæ va Helelite,
ho sprangg veggjen te.

21. Denne strofa er skriven på s. 130 med tilvising hit.Å dæ va tilegt um morgóen,
mæ sama dæ fór ti gry,
då kòm gamle gjyvremóiré
mæ kvasse sòksæ séAlternativ lesemåte: si.

22. Denne strofa er skriven på s. 130 med tilvising hit.Ho tók ‘en i hass gule lokkar,
ho kasta ‘en ni på góv
å dæ va K[appen] I[ddugjen]
han hæna upp i ougó lóg.

23. Denne strofa er skriven på s. 130 med tilvising hit.Å dæ va gamle gyvremoiré
ho tók ti av græi,Samlarkommentar: (tostavelseSamlarkommentar: Ondskab; «detta gjóre’n berre av græi», for at gjøre ondt.
ho kasta Iddugjen upp i sængji
«Rékjist dé so båe!»

24. Så sette ho luren for blóggarmunnen
å tútar i så vrei’i,
dæ svòrar tiAlternativ lesemåte: æ Jórònd Jóklekåpa
langt nór i heiann.Alternativ lesemåte: under vidde heiann

25. Så tok han atte den sama luren
han tuta vénast han kunna
åAlternativ lesemåte: han søkte tene Jórond Jóklekåpa
mæ adde si sjau {o}unggar.

26. Der bleiv brak i den are haddé
å stuk’e å mykji bresti,
soAlternativ lesemåte: kåm hennes systar sjau
å adde mæAlternativ lesemåte: hae renggskodde hestar.

27. Denne strofa er skriven på s. 130 med tilvising hit.So tók han den gamle gyvremoiré
kastar ‘æ hågt upp i væi:Samlarkommentar: enstavelsesSamlarkommentar: oprindelig heite der, siger Torbjør: hiskar’æ (Alternativ lesemåte: hívar ‘æ) hågt upp i væi.
«Detta gjér’e kunggens karar,
for dei slite kunggens kiSamlarkommentar: tostavelses

28. Denne strofa er skriven på s. 130 med tilvising hit.So tók han den gamle gyvremoiré,
han gjore derav noko krakarSamlarkommentar: Hot dæ æ, veit eg ‘kji; me kallar dæ å kraka høystakkane, når me set dei upp.»Samlarkommentar: (cfr. gln. kraka hey upp, se Fritzner) dette udtryk bruges endnu i Mo. (1891).:Samlarkommentar:Jfr. Arw. I, 106.
innmæ stó hennes yngste són’e,
han tóre inkji tala.

29. Å de va K[appen] I[ddugjen]
så hoggji han ti av avli
så hoggji han ti dę elsti troddi
å kløyvde dę alt nir iAlternativ lesemåte: néat navli.

30. So drap ‘en adde i bergji va
so tok ‘n ‘æ Hælelitæ
sò tok ‘n mæ seg den bjartansellenAlternativ lesemåte: bjærtanssellen
å reiste mæ henneAlternativ lesemåte: hæna på skjipi.

31. «Vælkòmen K[appen] I[ddugjen]
du æ ‘kji som are drængjer,
no må du sòva mæ Hælelit?Alternativ lesemåte: Helelit?
båd{e}i væl å længj{e}i.»

*

Strofene er nummererte i oppskrifta, men dei innskotne strofene har fått eigne nummer her. Difor er nummereringa annleis her enn i oppskrifta.

Torbjørg song balladen for Moltke Moe igjen i 1891, og då hugsa ho fleire strofer. Dei nye strofene står på s. 129–131 i handskriftet. Desse strofene er sette til etter dei tilvisingane Moe har notert. Moe har truleg også notert variantar frå 1891 i oppskrifta frå 1889.

Etter oppskrifta frå 1889 skriv Moe: «Hadde gløymt fleire vers, som ho kåm etti mæ.»

Etter oppskrifta frå 1891 skriv Moe: Hun kvad snart bjartans- og snart bjærtans-ellen, men mente tilslut, at det rettest skulde hede: bjæarklans ellen. Hun vidste ikke, hvad det betydde.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kjempe- og trollballadar

Kjempe- og trollballadane skildrar meir enn andre balladar kamp og strid. Nokre er relativt realistiske og skildrar dramatiske konfliktar mellom sterke menn. Ære, makt og rikdom er sentrale verdiar, og helten går bokstavleg tala over lik for å leve opp til forventningane som blir stilte til han. Kvinnene står på sidelina i desse visene.

Trolla dukkar rimelegvis opp i dei eigentlege trollballadane. Slike viser minner ein heil del om undereventyr, både når det gjeld handling og tematikk, gjerne ved at ei kongsdotter er teken i berg. Så blir det heltens oppgåve å drepe trollet og fri ut kongsdottera, noko han alltid greier med glans.

Fleire av kjempe- og trollballadane byggjer på motiv i den norrøne litteraturen, ikkje minst fornaldersogene. Alle desse visene har norsk/vestnordisk opphav.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.