Kjempe- og trollballadar

Norske mellomalderballadar

TSB E 147 Steinfinn Fefinnsson


Innleiing

Steinfinn Fefinnsson kjem til ein bonde og spør om å få hus for natta og få turke skinnfellene som han hadde med seg. Bonden vil høyre nytt, og Steinfinn fortel at han er ute for å leite etter søstrene sine. Han hadde høyrt at dei skulle vere i skumeheiene. Bonden seier at om han hadde vore så flink med bogen som Steinfinn var, hadde han funne jentene for lenge sidan. Steinfinn kvesser pilene sine og rir opp til Nipesteinane. Der kjem den gamle gygremora fram for å skjere seg ei steik. Steinfinn spenner bogen sin og skyt henne først i auga og så i hjarta. Ein flokk med småtroll kjem ut for å hemne henne, men Steinfinn legg pilene på bogen sin og treffer femten troll i kvart skot. Når sola kjem opp, blir småtrolla til stein. Han går inn i berget, og der finn han søstrene sine. Jentene hadde vokse til kjemper inne i fjellet, men etter at dei hadde vore i kyrkja, fekk dei att sin normale storleik. Steinfinn går inn i fjellet og finn seg ei brur.

Denne visa fortel om ein helt som hentar jomfruer ut av berget, slik «Åsmund Frægdegjæva» (TSB E 145), «Hemingen» (TSB E 144) og «Hugaball» (TSB E146) gjer, men visa om Steinfinn Fefinnsson har ikkje henta emnet sitt frå desse visene eller frå eventyra. Knut Liestøl meinte at emnet var lånt frå ein episode i Orvar-Odds soge. Orvar-Odd hadde nokre makelaust gode piler som råka alt han skaut på. Han skyt på ei trollkjerring og treffer henne først i auga og så i hjarta.

I Norske Folkeviser trykte Landstad to variantar av denne visa. Hovudkjelda til A-teksten er Lavrans Gunnleiksson Groven i Seljord, men Landstad har også sett inn strofer frå ukjende songarar. Lavrans Groven døydde alt i 1842, og det kan tenkjast at Landstad ikkje hadde høyrt Groven synge, men at Landstad har fått bruke hans handskrivne visebok (visefugg), som dessverre ikkje er bevart.

Elles er visa berre dokumentert i Mo i Telemark. Sophus Bugge skreiv opp visa etter Hermod Larsson Dalen, Ingebjørg Targjeisdotter Sandvik og Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr. Seinare skreiv Moltke Moe opp etter Hæge Vetlesdotter Bjønnemyr og Rikard Berge etter Hallvard Gunnarsson Kalbast. Lindeman skreiv opp ein melodi etter Ingebjørg Targjeisdotter Sandvik.

I Afzelius’ Svenska folkets sago-häfder I, s. 33, står det ei vise om ein bogeskyttar som heiter Steffe. Visa har ein viss likskap med visa om Steinfinn Fefinnson, men Bengt R. Jonsson ville ikkje ta henne med i Sveriges medeltida ballader eller TSB-katalogen (Jonsson et al. 1978) fordi han meiner det er ei nyare omsetjing frå norsk.

Den svenske teksten er såpass ulik den norske at han ikkje kan kallast ei omsetjing, men det kan vere ei nyare omdikting.

Utsyn 6




Oppskrift A

TSB E 147: Steinfinn Fefinnsson

Oppskrift: Udatert av Magnus Brostrup Landstad etter Lavrans Gunleiksson Groven, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: NB Ms fol 1803c, 69–73.

Oppgjeven tittel: Stein-Fin Finson Fæfinson

*

1. In saa kom den Skomemand
baate tit aa traat
høire Du Steinfin Fæ-Finson
Du laaner mæg Huus inaat
– Dæ va Steinfin Fæ-Finson
som ætte sine Systarne leitar –

2. Te svara Steinfin Fæ-Finson
som Gud gav honom te Raae
vel sko æg laane dæg Huus inaat
kunna Du seie Tiind goe

3. Æg va mæg pa up paa den Skomeheie
heim te mæ Heimsens Ende.
borte bleiv baae mine Systarne tvei
mæg mone kje bære hende.

4. In saa kom den Skomemand
baatte faaen aa ny
høire Du dæ Steinfin Finson
kvi spør Du ætter di

5. Du tæk deg fyri i Virke-Vikun
i Virke-Vikun tvaa
let dei kvasse Pilun
i MjøddoSamlarkommentar i margen: odden slipe aa slaa.

6. Du læg dæg uponde Saates Halsen
uponde saa brat ein Bakkji,
Saate han knæggjar han GSkrimslune seer
men daa maa Du Steinfin vakne.

7. Denne strofa står skriven i høgremargen utanfor neste strofe. Steinfin tæke sæg inkje ana fe
paa Virkevikune tri
hel han skjerper up Piline sine
han gjær baate slipar aa gnie

8. Steinfin han va fyrysynt
han turt kje smie længje
saa reiser han paa den Skome-Heie
alt heim te Heimsens Ende

9. Han lae sæg uponde Sotes-Halsen
uponde saa brat ein Bakkje
Sote han knæggjar han Skrimslune seer
men daa monne Steinfin vakne.

10. Om saa tala den Skome-SjessaSamlarkommentar: Jyvri?
tæk ho te aa momre:
Gak ut Sjessa skjær mæg Steikje
fe no tæk æg te hongre

11. Ut saa kom den Skome-Sjessa
ville Steikje sjæra
Steinfin tænkte mæ sjaven sæg
æg sko faae dæg anna gjæra

12. Dæ va Steinfin Fæfinson
han tok te dei Piline bjarte
saa skaut han te den Skome-Sjessa
saa Odden sto i hennars Hjarte

13. Ut saa kom dei andre Smaatrolli
tok dei te aa fæle
hot tru okkons Moiri felar
ho sparkar ti Jora mæ Hælar

14. Te saa svara dei andre Smaatrolli
Dei kun’ kje hugse ret:
Her æ skøtne dei JøklepilineSamlarkommentar: Iistapper
nora onde Heie slet.

15. Dæ va Steinfin Steinf Fæfinson
han læt inkje Piline trote
saa lokka han alle dei Bergetrolli
uti Dagjen ljose.

Samlarkommentar: mangler her et Vers

16. Snille æ dei mine Systane tvo
aa snilt saa hæve di vaxi
heimat monne de bæra mæg
alt uppaa dikkons Axlir

17. Vexten hæve me fængje
men Styrkjen felar kon adde
men fant me Jutulens Huske-Tein
saa snægt skulle Vexten falle.

18. Saa fant de Jutulens Husketein
dei stak uti Steinfins Særk,
ha han hat Vexten fe alle dei
uti Avlen va han dei stærk.

19. Systæne gjænge te Kjyrkje
tækje mæ den christeleg Tru
Steinfin han reiser Bergjo nor
aa hæntar si unge Brur.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

I høgremargen mellom strofe 8 og 9, og 9 og 10, er det skrive inn strofer som det seinare er sette strekar over. Strofa mellom strofe 9 og 10 er markert som variant til strofe 9.

Mellom 8 og 9: Steinfin ville løine sæg
(mæ en sovna ei liti Beite)
saa løinde en sæg i Skjær Æggje
længst i villande Heie.

Mellom 9 og 10: Steinfin ligge onde Soteshalsen
Soten Senje saknar
saa knæggja Soten i Skræmslo
Daa monne St[einfin] vakne.

Etter oppskrifta står det: (Ved Lavrantz Groven)




Oppskrift B

TSB E 147: Steinfinn Fefinnsson

Oppskrift: Udatert av Sophus Bugge etter Ingebjørg Targjeisdotter Sandvik, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge I, 149–151 (reinskrift).

Oppgjeven tittel: Steinfim Fefimsonen. II.

*

1. Å dæ va’n Steinfim Fefimsonen,
han kom seg så seint um kvelli:
«kjære bóndi, du låner meg hús í nott,
å turkar upp míne fellir!»
– Hæra vil ingjen dansen framføre. –

2. «Å eg sko’ låne deg hús í nott
å turke upp díne fellir;
å ha’ du noko nýe tíend
å segja meg um kvelli?»

3. Som Landst. B. 3; Lin. 2: eg veit inki bet å segja; L. 3: sanningi.

4. «Å eg æ kjend’e på skómeheiar
å væl utí kvor dæn runni;
menOrdet er sett i skarpe klammer. ha’ eg vori så tamd’e mæ bogjen som du,
eg ha’ dei au långe sill’ funni.

5. Å du gjenge deg Steinfim Fefimsonen
nór unde nípestein;
fy sunna så teke dú kvíldinne,
fy nóra så fær du eiSamlarkommentar: Gyvren, sagde Ingebjør..

6. Å du gjenge deg Steinfim Fefimsonen
nór unde hestebarki;
så neggjar Sóten skrymtinn’ en sér,
men då må du Steinfim vakne.»

7. Å dæ va’n Steinfim Fefimsonen,
gjekk seg nór unde nípestein,
fy sunna så tók en kvíldinne,
fy nóra så fekk ‘en ei.

8. Å dæ va’n Steinfim Fefimsonen,
la’ seg unde hestebarki;
så neggja Sóten, skrymtinn’ en såg,
men då måtte Steinfim vakne.

9. Å út kom gamle gyvremóiri,
hó ville på steiki sjå,
men Steinfim tenkte mæ sjave seg:
«du kjeme væl her ti’ måti.»

10. Å út kom gamle gyvremóiri,
hó ville på steiki skjera;
Steinfim tenkte mæ sjave seg:
«ti måten så kjeme du hera.»

11. Som Landst. B V. 11; L. 2: han la’ då ti å skaut; i L. 4: gran (eft. Ingebj. = grand).

12. «Å kalt ær her på skómeheiar,
når vinden dæn stend av nari,
å kvasse så æ’ dei jokletindar,
som fýk av honom skavli.»

13. Å dæ va’n Steinfim Fefimsonen,
han la’ på píle bjarte,
så skaut en dæn gamle gyvremóiri,
så odden stó í hjarta.

14. Å út kom adde småtroddi,
dei gjóre seg derav gama:
«men hoss trú dæ bere ti móir okkos,
hó ær inkje no, som ho plagar.»

15. L. 1 og 3 som i V. 14; L. 2: dei fóre då ti å fæle; Lin. 4: hó bankar så hart mæ hælo.»

16. Å út kom adde småtroddi,
dei kraup utí kvorjom holte,
Steinfim ha’ inkje minde fy seg,
hell femten í kvorjom skoti.

17. Som Landst. B. 17; Lin. 3: men hot trú; upp (for no); L. 4: dessi.

18. Å de va’n Steinfim Fefimsonen,
han leiddest då å skjóte:
«men takje no de dæn véne brúri,
som leikar på fimom fóto!»

19. Å så lengje sprang dei småtroddi
å ville dæn brúri taka,
alt ti dei blei í kampesteine,
stende júpt ni dalar.

20. Å så lengje sprang dei småtroddi,
ti sóli skjein í augo;
då blei dei í kampesteine,
stende júpt ni haugo.

21. Å dæ va’n Steinfim Fefimsonen,
han sveiper sitt hovu í skinn,
så gjenge han seg í bergi nór
ti síne tvo systanne inn.

22. «Å no hava de vori í bergi nór
berre nokle dagar,
å no må de meg í ermo bera
heratt ivi skómedalar.

23. Å no hava de vori í bergi nór
berre månan ein,
men no må de meg í ermo bera
heratt ivi skómeheiar.»

24. «Ja vokstren dæn havea me fengi,
å styrkjen dæn turve me adde,
men fann me rysens husketein’eSamlarkommentar: jvfr. Juskehei ??,
så sille snart vokstren fadde.»

25. «Så fann dei rysens husketein’e
å la’ dæn í Steinfims serk,
då fekk Steinfim deires vokstre,
men alli så bleiv han sterk.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.




Oppskrift C

TSB E 147: Steinfinn Fefinsson

Oppskrift: 1913 av Rikard Berge etter Halvor Gunnarsson Kalbast, Mo, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCXLIV, 95–99.

Oppgjeven tittel: Steinfinn Fefinnsonen.

*

1. Det var einom komu manne
kom so seint um kvelli:
«vill du laane meg hus i not
og turke minom felli?
– Heran vil engjen dansen fremføre. –

2. «Eg skal laane deg hus i not
og turke dinom felli,
heve du nokon ny tidend
fortelgje meg om kvelli

3. Meg er no stolne burt systanne tvo
det er ‘ki bæri seia
men det er meg for sanning sagt,
dei er upp i skomeheian.

4. Kunnig er eg paa heido nor
kringum kvorjum rinde,
kunna eg so væl mæ boga som du,
eg sill dem fulla finne.

5. Du legg deg under folahalsi
og sjaa hosi det mun falle,
naar folen kneggjar, som skrømtine ser
daa maa du Steinfinn vakne.

6. Du legg der under folahalsi,
og ser deg ut so vide,
naar folen kneggjar, som skrømtine ser
so maa du hasteleg’e ride.

7. Det var Steinfinn Fefinnsonen
han gjenge at nibbesteini,
sunnanfor fekk ‘n kvildine,
for nordan hadde’n heidi

8. Steinfinn ligg under sótehalsi
han søtran sengji saknar
folen kneggjar i skrømslengji
og da monne Steinfinn vakna.

9. Ut so kom den gamle gjyvre mori
vilde paa steikji skjera,
Steinfinn tenkte med sjaven seg:
du bidar væl fulla hera!

10. Ut so kom den gamle mori
vilde paa steikji blaase,
Steinfinn han tenkte med sjaven seg:
du kjeme fulla ti maate!

11. Det var Steinfinn Fefinnsonen,
han seg av armo skaut,
skaut han den gamle gjyvre mori
at granine i augo rauk.

12. Det var Steinfinn Fefinnsonen,
daa for han ti skjóte,
det totte den gamle gjyvre mori
som hagli or skjydi rjote.

13. Ja, kalt er de paa Skomeheian
naar vinden fjukar av hard,
kvasse er dei jokkletennan
som fjuker av kvor snjoskavli.

14. Det var Steinfinn Fefinnsonen,
han leiddest ‘ki at skjote,
skaut han ti den gamle gjyvre mori
hon maatti til jordi rjote.

15. Ut so kom dei smaatrolli
gjorde seg av eit gama;
«hot tru okkos mor fattast
hon fær ikkji kjeften saman.»

16. Ut so kom dei smaatrolli
toko dei ti aa fæle:
«Hot tru okkons moyr fattast
hon sparkar so med hæli»

17. Det var Steinfinn Fefinsonen
tok han ti aa leidast;
«aa tru hon kom no den klare sol
upp paa dei Skomeheian.»

18. Det var Steinfinn Fefinnsonen,
han saag seg berjom imoto:
«de taka no den vene bruri
hon løyper paa fine foto.»

19. Some dei flaug ut i flintestein
og some i kampen graa,
«det vill eg for sanning seia
dei stende her ut med aa.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta. Berge har hoppa over nr. 19, så nr. 19 her er nr. 20 hjå Berge.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kjempe- og trollballadar

Kjempe- og trollballadane skildrar meir enn andre balladar kamp og strid. Nokre er relativt realistiske og skildrar dramatiske konfliktar mellom sterke menn. Ære, makt og rikdom er sentrale verdiar, og helten går bokstavleg tala over lik for å leve opp til forventningane som blir stilte til han. Kvinnene står på sidelina i desse visene.

Trolla dukkar rimelegvis opp i dei eigentlege trollballadane. Slike viser minner ein heil del om undereventyr, både når det gjeld handling og tematikk, gjerne ved at ei kongsdotter er teken i berg. Så blir det heltens oppgåve å drepe trollet og fri ut kongsdottera, noko han alltid greier med glans.

Fleire av kjempe- og trollballadane byggjer på motiv i den norrøne litteraturen, ikkje minst fornaldersogene. Alle desse visene har norsk/vestnordisk opphav.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.