Rolv Gangar ligg ute med langskipet sitt ei julenatt. Det er iskaldt, og han greier ikkje å kveikje varme, for knusket er rått. Då ser han at det ryk frå ein heller og bestemmer seg for å søkje ly der, anten det er troll eller menneske som held til på staden. Men då trollkjerringa som bur under helleren vil sluke han, må han rømme sin veg.
Det finst eit titals variantar av denne balladen, alle frå Telemark, men ingen av dei legg fram noka fullstendig handling. Landstad, som trykte ein tekst på seks strofer i Norske Folkeviser, «maa beklage, at vi ikke har kunnet erholde mere af dette Kvad, en disse faa Vers» (Landstad [1853] 1968: 43–44). I merknadene til visa peikar Landstad elles på at «Rolv Gangar» i Telemarks-tradisjonen er blitt forveksla med ein annan balladehelt, Steinfinn Fefinnsson. Om han finst det ei eiga vise, TSB E 147.
I dei færøyske formene av «Rolv Gangar» ser vi mykje meir av det som ein gong må ha vore innhaldet i den norske balladen. To norske brør byggjer eit skip, tek med seg «inn unga Gongurólv» som styrmann og legg til havs. Dei segler langt mot nord til Trollebotnen, der det er fullt av troll. Ein diger rise drep alle som vågar å gå i land, og berre dei to brørne og Rolv kjem seg unna. Dei får også med seg ei mengd gull frå Trollebotnen. Dei tre karane forlet skipet og legg i veg til fots over isen. Etter kvart døyr brørne av kulde, men Rolv går vidare, no med tre gullbører på ryggen. Endeleg ser han eld brenne i ei fjellhole, og han går inn i hola. Der finn han ei kvinne som viser seg å vere søster hans, og som held til i helleren saman med ein diger rise. Til å byrje med held ho broren unna risen, og seinare får ho risen til å love at han ikkje skal gjere Rolv nokon skade. Rolv held til i fjellhola i lang tid.
Når han endeleg skal av stad, overtalar søstera risen til å bere både han og ei gullkiste med seg over havet. Dei kjem til eit land fullt av jomfruer. Rolv narrar risen til å sjå mot aust, og i det same renn sola og gjer risen til stein. I jomfrulandet ligg Rolv tre netter med ei av dei vakre jomfruene, men først den tredje natta mister ho jomfrudomen. Deretter kallar ho på ein diger fugl, og fuglen ber Rolv på ryggen til Trondheim, der han møter att søster si. Ho har med seg ein ung gut som er hennar og Rolv sitt barn. Rolv går fram for kong Olav, fortel kva han har opplevd og tilstår at han har lege med søster si. Deretter døyr han.
Av referatet går det fram at den færøyske «Rolv Gangar» er ein ballade med fleire eventyrtrekk, og ei minst like variert og fantasifull og frodig handling som den vi finn i mange undereventyr. Den korte norske visa inneheld sjølvsagt berre litt av dette, nærmare bestemt delhandlinga der Rolv kjem fram til fjellhola og ser det brenne eld. Hos Landstad heiter det:
Um talað Rolf Gangar
han ság under helleren rjúke:
anten deð er troll hell kristen mann,
sá vil eg der under krúpe
(Landstad [1853] 1968: 43).
Tilsvarande heiter det i dei færøyske viseformene:
Rólvur hugsar við sjálvum sær:
«Eg kann ei úti standa,
hvørt her byggja fólk ella trøll,
eg fari her inn at ganga»
(CCF I: 591).
Når Rolv Gangar kjem til Trondheim, fortel han som nemnt til kong Olav alt han har opplevd på dei lange og vidløftige reisene sine:
Stundum havi eg við grunnið farið,
stundum uppi við ský,
hvør í míni fótspor stígur,
han lær ikki allan tið
(CCF I: 594).
Som vi ser er dette ei Draumkvede-strofe. Knut Liestøl peikar på at denne – og andre Draumkvede-strofer i «Rolv Gangar» – truleg vart lånte frå «Draumkvedet» før «Rolv Gangar» kom inn i den færøyske balladetradisjonen, og ikkje at «Draumkvedet» nødvendigvis har vore kjent på Færøyane. Det er all grunn til å rekne med at «Rolv Gangar» er norsk opphavleg, og «the stanzas may have come to the Faroes with the song» (Liestøl 1946: 45). I færøyske viseformer heiter risen Rosmar langi. Nammet Rosmer har gått over i danske utformingar av balladen. Det er avleidd av norrønt rosmhvalr (m) = kvalross, jf. nynorsk rossmål. Dei danske viseformene av «Rolv Gangar», som Ibsen kjende frå Vedels utgåve, fungerer som under- og intertekst i dramaet Rosmersholm (1886).
Utsyn 9
CCF 29
DgF 41
SMB 219
TSB E 148: Rolv Gangar
Oppskrift: Udatert av Jørgen Moe etter ukjend songar, ukjend stad.
Orig. ms.: NFS J. Moe 6, 17.
Ingen oppgjeven tittel.
*
1. De va no han Gangar-Rolf
Han fraus paa sina Føtar
De æ mykje værre før Eljstein
Der klaknar i Hjerterøtar
2. Om saa tala han Gangar-Rolf
Han saag onde Hedderen ruke
Anten d’æ Trol el kristen Mand
Vi me derinonde krupe
*
Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.
I venstremargen står det: Sangeren tror, Intet mangler
TSB E 148: Rolv Gangar
Oppskrift: udatert av Magnus Brostrup Landstad etter ukjend songar, ukjend stad.
Orig. ms.: NFS M. B. Landstad 4, 22–23.
Oppgjeven tittel (med blyant): Rolf Gangar
*
1. Dæ va Stejnfin Fefinson,
han flakka frammæ laando
dej drog af iniRetta frå: Ini Elvartokij
dæ klaka i Tollevaando.
– Dæ va Stejfin Fefinson
Redas fe Piline Trotte –
2. Stæjnfin laag paa Langskip
dæ va ein Jolenaat
daa fek dej inkje Varme up
fe Noskije ha blive Raadt.
3. Omtala Stenjfin Fefinson
han Frous paa sine Føttar
endaa var fe Eljestejn
dær klaka i Hjarterøttar.
4. omtala Stejnfin Fefinson
han saag den Hedderen Rjuke
anten der æ Trold hel christen Man
saa vi eg der ini krupe.
5. Stejnfin drog te Hedderen
som han saag dæ Ruke
saa møtte han den Skomagyvri
ho ville honom sluke
6. Stejnfin Rømde te snekja si
aa Rodde Norom Lande
saa fan der ein stillehamn
der va slet injen Vaande.
7. Stejnfin tok seg kje anna fyri
i Virke Vikun 3
hel han skjerp‹er› Pilin sine
han gjere bere slipar gnier
8. Steinfin tala te sine Mend
vi dæ meg nokon fyje
no vi eg tala mæ Skomegyvri
a‹n›ten ho gruttar hel griner.
9. Stejnfin spente Bogen sin
aa lai Piline Bjarte
saa skout han te den Skomegyvri
saa oddanne sto i hjarta.
10. Ut saa kom dej smaa trolli
gjore seg af eit gama
hottru dæ felar kons sæle Moer
mæ ho fær inkji Kjeften i sama.
11. Inatte sprong dej smaatrolli
daa toke dej te fæle
hottru fæ fellas kons sæle moer
ho bankar saa tiit mæ hæle.
*
Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta. Omkvedet står til slutt i oppskrifta.
Etter siste strofa står det: ende for mig
Ein finn att variantar av strofe 7 og 9–11 i balladen om Steinfinn Fefinnsson (TSB E 147; jf. Landstad 1853, 33–39).
TSB E 148: Rolv Gangar
Oppskrift: 1913 av Rikard Berge etter Halvor Gunnarsson Kalbast, Mo, Telemark.
Orig. ms.: TGM R. Berge CCXLIV, 99–100 (reinskrift).
Rolv Gangar.
*
1. Det var Rolv Gangar,
han flakkad fram med laando,
so drogo dei av inn i elvartakji,
det klaka i tollevando.
– Rolv Gangar, ræddast for pilinne trote. –
2. Rolv Gangar laag paa longskjipi
det var um ei jolenatt,
han fekk ‘ki varmi kveidkje
for njoskji had’ vorti raat
3. Um talad Rolv Gangar,
han fryse paa sine føtar:
enddaa verre fer elljestein,
det klakar i hjarterøtar.
4. Um talad Rolv Gangar
han saag under helleren rjuke;
«anten det er troll, ell kristen mann,
so vi eg derundi krupe.»
5. Rolv han reiste at helleren
som han saag det rjuke;
møtte han der den skome gjyvre,
hon vill honom sluke
6. Rolv, han rømde at snekkja,
og rodde seg nor mæ lande,
der fann han seg ei bæri legu
der var slet ingja vande.
*
Strofene er nummererte i oppskrifta.
Etter oppskrifta står det: Slut. (11/2-13. ups)
Oppskrifta er nær identisk med teksten i Landstads Norske Folkeviser (1853, s. 43–44).
Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Kjempe- og trollballadane skildrar meir enn andre balladar kamp og strid. Nokre er relativt realistiske og skildrar dramatiske konfliktar mellom sterke menn. Ære, makt og rikdom er sentrale verdiar, og helten går bokstavleg tala over lik for å leve opp til forventningane som blir stilte til han. Kvinnene står på sidelina i desse visene.
Trolla dukkar rimelegvis opp i dei eigentlege trollballadane. Slike viser minner ein heil del om undereventyr, både når det gjeld handling og tematikk, gjerne ved at ei kongsdotter er teken i berg. Så blir det heltens oppgåve å drepe trollet og fri ut kongsdottera, noko han alltid greier med glans.
Fleire av kjempe- og trollballadane byggjer på motiv i den norrøne litteraturen, ikkje minst fornaldersogene. Alle desse visene har norsk/vestnordisk opphav.
Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.