Kjempe- og trollballadar

Norske mellomalderballadar

TSB E 160 Jutulen og stolt Øli


Innleiing

Ei ung jente er aleine heime når det kjem ein jutul til henne. Ho vil ikkje sleppe han inn, og stengjer døra. Jutulen påstår at han er «kongins son af Engelland» (Landstad [1853] 1968: 347), men det trur ikkje jenta på. Og når ho bed han syngje ein salme som skulle ha vore i bruk hos Englands-kongen, vrir han seg unna og seier at salmen har han gløymt. Derimot er han god til å stille harpa og spele på henne, seier han. Han set i gang med det grove spelet sitt, noko som fører til at både stolar og bord i stova stuper over ende. Deretter prøver han å kome seg inn gjennom ljoren i taket, men jenta kastar brød og svovel på varmen og bergar seg. Dermed må jutulen gje seg, og han dreg heim til mor si. Han får inga god mottaking der, for mora synest han er ein stakkar som ikkje slektar på far sin, då han braut seg inn til henne.

Det finst eit tjuetals tekstvariantar av «Jutulen og stolt Øli», alle frå Telemark. Sophus Bugge har skrive opp dei fleste. Vi får inntrykk av at denne balladen var særleg populær i Aust-Telemark. Såleis kunne Torstein Reiarsson Gvåle frå Tuddal (1800–1889) «Jutulen og stolt Øli». Han kunne elles mange andre viser som han for det meste hadde lært av mora, og var i stand til å halde det gåande med song i timesvis, i gjestebod og lag (Jonsson & Solberg 2011: 187–189). Vi har to melodioppskrifter av «Jutulen og stolt Øli», den eldste frå 1840-åra, etter Olea Crøger (Ressem [utg.] 2014: 565–566). Landstad trykte balladen i Norske Folkeviser. I merknadene gjer han merksam på den relativt tydelege språkskilnaden mellom vest-telemål og aust-telemål og skriv at han «har ikke troet at burde gjengive den særegne Udtale som der finder Sted» (Landstad [1853] 1968: 346) – det vil seie i Aust-Telemark.

«Jutulen og stolt Øli» finst også på færøysk. Her blir det poengtert at jenta er aleine heime medan dei andre er i kyrkja. Dessutan maktar ikkje den færøyske jutulen å slå harpestrengene ein gong, men må ty til ei naudløgn om at strengene er frosne i det kalde veret:

Fólkið alt í kirkju gekk inn,
heima sat hon moyggin ein.

[…]

«Hví stendur tú so leingi,
hví slært tú ikki hørpustreingir?»

«Kalt veður, fellur á drív,
frystir eru streingir mín.

Kalt veður fellur á
frystir eru streingir smá»
(CCF VI: 193–194).

Gjennom framstillinga av den tafatte og uheldige jutul-friaren, grensar «Jutulen og stolt Øli» til det komiske. Men folk tok overnaturlege makter på alvor. Landstad kan fortelje om ei gamal kvinne han hadde kjent, som ein gong nesten let seg freiste av ein underjordisk mann. Det var på hengjande håret at det gjekk gale – «men da hun fik gjort sig et Kors af Arvesölv, saadant som havde gaaet i Arv i niende Led, og bar dette paa sit Bryst, blev hun ham omsider kvit» (Landstad [1853] 1968: 347). Stolt Øli gjer bruk av andre råder. Det kan vere tale om vigd vatn, eller også om brød og svovel:

Stolt Öli hon fann pá ei goðan ráð,
ho lette brauð i varmen og svoveltráð
(Landstad [1853] 1968: 348).

Arvesølv, brød, svovel og tjøre var kraftfulle verneråder i den gamle trolldomsmedisinen (Reichborn.Kjennerud 1933: 92–93).

Utsyn 12
CCF 165




Oppskrift A

TSB E 160: Jutulen og stolt Øli

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Torstein Reiarsson Gvåle, Tuddal, Hjartdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge i, 250–253 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Jutulen å møyi

*

1. Dæ va’ den hellige jółetí,
at fołkje de skulle te kyrkja Samlarkommentar: Slæb[ende] T[one]
– So ille błei hó svikjen mæ rónó. –

2. Stolts Signelill såg seg su me lí,
Der såg hó jutulen på jønnskóren skrí.

3. St[olts] S[ignelill] hó fann på ei’so sløgan rå,
hó smellde att dynnenn, a skreidde lokunn på.

4. Jutulen klappa på dynnenn me fingenn små,
statt upp st[olts] S[ignelill] skrei lokunn ífrå.

5. Ingen so har eg stemvna lagt,
o ingen so lukkar eg inn um natt.

6. Inkje so lukkar eg deg no inn,
førr dú fær kve fe meg din fagerSamlarkommentar: (sic) óttesang

7. «Eg ha liggje so lengje í sótt o í tvang,
at eg ha forgłømmt min fager óttesang.

8. Men eg kann på gullhorpa både stille o slå,
de ska’ gløa deg í hjarta, dú lýe derpå.

9. JutulenAlternativ lesemåte: Jukulen han begynna på horpa, han sló,
der dansa inn í stugó både stóla o bół.

10. St[olts] S[ignelill] fann på sitt sløgan rå,
hó brende kjyri ó svoåveltrå

11. Jukulen han uppå jåren sprang,
den svarte bjønnfellen etti ‘en slång

(Rente hjem til Moder sin)

12. Han ha att dem míli sjú,
dem tók han í stigji ní.Samlarkommentar: (?)

(Han bad sin Moder lukke han ind)

13. «Ikkje so lukkar eg deg no inn,
førr dú har mæ deg di’ fager rósenskinn.

14. «Hó brende so mykje ta de rósarann,
at eg brende meg på fóten, eg slapp ikkje fram

15. Hó [brende so mykje] ta de túkumo,
eg br[ende meg på] fóten der som eg stó.

16. So la’ hó ti honom unde kinn:
«Tvy so vore deg skarve nóken din!

17. So gjóre ‘kje faer din, han beila te meg,
han braut av dem jønnlokunn tøłv,
so steig han seg inn på haddanegøłv.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Bugge markerer tjukk l med understreking.

Reinskrift: NFS S. Bugge V, 228–230. I reinskrifta har Bugge skrive til variantar frå 1874, då Torstein song for Bugge andre gongen.

I reinskrifta skriv Bugge: [Tostein kjendte P. Syvs Visebog] (Tostein Reiarson Gvaale, Tuddal. Moderen (hun var syngjarmeistare) var fra Saudland.) (hørt paa ny 1874, da var han 74 Aar.) [de fleste Viser lærte af Moderen]




Oppskrift B

TSB E 160: Jutulen og stolt Øli

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Vrål Gunleiksson Veakos, Fyresdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge m, 81–82 (kladd)

Ingen oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Jutulen å Møyi. II.

*

1. Dæ va’ no ei Joleti
– myrk va’ houm Notti, då dei fóre, –
alle ville te Kyrkja ríe
– Dær va’ Nott å ingjen Dag, då dei framkome. –

2. Dær va’ kje heimi hott eitt líti vív,
Jutulsonen skunda seg dit.

3. Dær blei [Brak å dær blei Brest,]
[Jutulsonen i Fjøddi gjekk.]

4. Gjenta gjenom Vindauga såg,
såg hó Gråfellen i Bakkjen låg.

5. Ho vigsla å ho sopa Góv,
hó Vigslevatne kring seg sló.

6. Hó sló mæ Ròkk, hó sló mæ Tein,
hó sló han på sitt Skinn å Bein.

7. Dær blei Brak å der blei Brest,
Jutulsonen ói Fjøddi gjekk.

8. Vælkomen heimat Sonen min
å hor æ de vive du flýter mæ deg.

9. Ho vigsla [å ho sopa Góv,]
hó Vigsle[vatne kring seg sló.]

10. Hó sló [mæ Ròkk, hó sló mæ Tein,]
hó sló [meg på] mitt [Skinn å Bein.]

11. Tvý, tvý, tvý, kjær Sonen min,
så fór ikkje Fai din.

12. Så fór ikkje Fai din,
på Stogutakje gjekk han inn.

Hó sló han på sitt Skinn å Bein,

*

Reinskrift: NFS S. Bugge II, 128.

Strofene er ikkje nummererte i kladden. Rekkjefølgda på strofene er usikker i kladden og er sett til etter reinskrifta.




Oppskrift C

TSB E 160: Jutulen og stolt Øli

Oppskrift: 1916 av Rikard Berge etter Knut Johannesson Dale, Tinn, Telemark.

Orig. ms.: TGM R. Berge CCLXXX, 5–6.

Oppgjeven tittel: Jutulen aa Øli

*

1. Hòtt æ de fe nokko vesalt oveSamlarkommentar: [ell: o ve]
som æ sò tile ute i den djupe sne.
– Sò ille ha’ dei sviki mæ dei runo. –

2. Dæ æ kje nokko vesalt o ve
d’æ kaangens søn av Engellann vi’ beile ti de’.

3. Aa æ du kaangens søn av Engellann
sò vil e’ høyre din faders ottesang.

4. Men e’ heve ligji i sott aa i band
só e’ heve głøymt min faders o[ttesang]

5. Men e’ kann gullhòrpa stille o slaa
du głæas i hjarta du høyre derpaa.

6. Jutúlen den gullhòrpa slo
i stògo si sty stuppa de stoła aa boł.

7. Jutùlen uppaa jaarén sprang
den stygge bjønnefellen ikring ‘n slang.

8. Stòlt Øli ho fant no paa godan raa
ho kasta bròu paa varmin aa svaaveltraa.

9. Aa heimatt sò ha’e ‘n dem milin’ ti
dem stega han i stegan tri

10. Han pikka paa dynni mæ fingrann smaa
Kjære mor statt opp aa skrei lòko ifraa.

11. Aa slettes ikkje sò lukka e’ de’ inn
fyrr du hevé mæ de’ dæ fagraste kjinn.

12. Stòlt Øli ho fann paa sløgan raa
ho kasta bròu paa varmin aa svaaveltraa.

13. Aa ty sò vòri de’ din fæłing du æ
só gjorde ikkje fa’ din han beila te me’

14. Han braut naa upp dem jønnlòkunn tòll;
sò steig han inn paa gjallarigòlv.

15. Jutulen ne-ette bakkjen rann,
den stygge bjønnefellen ikring honom slang.

*

Strofene er nummererte i oppskrifta.

Etter oppskrifta står det: (God tone). Han paastend han hev lært ho etter Landstad.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kjempe- og trollballadar

Kjempe- og trollballadane skildrar meir enn andre balladar kamp og strid. Nokre er relativt realistiske og skildrar dramatiske konfliktar mellom sterke menn. Ære, makt og rikdom er sentrale verdiar, og helten går bokstavleg tala over lik for å leve opp til forventningane som blir stilte til han. Kvinnene står på sidelina i desse visene.

Trolla dukkar rimelegvis opp i dei eigentlege trollballadane. Slike viser minner ein heil del om undereventyr, både når det gjeld handling og tematikk, gjerne ved at ei kongsdotter er teken i berg. Så blir det heltens oppgåve å drepe trollet og fri ut kongsdottera, noko han alltid greier med glans.

Fleire av kjempe- og trollballadane byggjer på motiv i den norrøne litteraturen, ikkje minst fornaldersogene. Alle desse visene har norsk/vestnordisk opphav.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.