Kjempe- og trollballadar

Norske mellomalderballadar

TSB E 162 Venill fruva og Drembedrosi


Innleiing

Kongen har mista dronninga si, og rir ut under Juskehei for å få seg ei ny. Han gifter seg med Drembedrosi, men ho er av trolleslekt, og han angrar snart på det giftet. Drembedrosi vil at kongsdottera, Venill fruva, skal gifte seg med jutulen, bror hennar. Venill vil ikkje gifte seg med ein jutul, men Drembedrosi trugar med at ho vil skape henne om til eit alintre utan lauv ut mot fjorden. Smådrengen høyrer det og seier at det hadde vore betre om Venill kunne få Gjur i Lie. Men Drembedrosi seier at i så tilfelle vil ho omskape Gjur til ein grå hest, og dersom Venill fruva ikkje vil bli jutulens møy, skal ho døy. Å døy så ung er for tungt for Venill, og ho går med på å gifte seg med jutulen.

Småtrolla pyntar henne til brur, men samstundes kjem kongen inn og spør kvifor Venill ikkje kjem for å fagne han. Smådrengen fortel at ho skal giftast med jutulen, og då riv Drembedrosi hovudet av smådrengen så blodet skvett.

Trolla tek Venill med seg inn i berget og drikk bryllaup i dagane to, men dei får ikkje eit ord av brura. Dei freistar henne med gull, og til slutt seier ho at brurehuset ikkje ser slik ut der ho kjem ifrå. Det burde dekkjast inne med rughalm og tekt utanpå med strå. Småtrolla fer ut for å byggje eit slikt brurehus. No seier Venill at ho skulle vere både glad og kåt om ho kunne få gå rundt og skjenkje. Ho skjenkjer så både brudgomen og alle trolla sovnar, og så set ho fyr på huset og ror heim.

Ho ber kongen om at han må slå Drembedrosi på kjeften, slik at ho ikkje kan omskape henne, og kongen slår dronninga på kjeften så ho dett daud til jorda.

«Dros» kan bety vørdeleg eller vakker kvinne, «Drembedrosi» kan tolkast som overmodig eller brikjande kvinne.

Sophus Bugge skreiv opp visa etter Torbjørg Gjermundsdotter Haugen frå Skafså, Hege Olsdotter Årmote frå Mo og Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr frå Mo.

Det er ikkje bevart melodi til denne visa.

Utsyn 29
CCF 43




Oppskrift A

TSB E 162: Venill fruva og Drembedrosi

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Torbjørg Gjermundsdotter Haugen, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge k, 25–33.

Ingen oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Drimbedrósi å Venil Frúva.

*

1. Kungen rí unde Juskeheii
han rie m{e}æd raue Permo,
fester han ‘a Drimbedrósi,
han flyt hæna heim ‘o Bergo.
– Kungen tregar han Giftarmåli så lengji. –

2. Úti stende Drimbedrósi
fagnar no hó sí Fær,
høyrer du dæ du Venil Frúva,
kvi æ’ du så iddi klædd?

3. Eg æ ung i Aldrom me,
eg helle meg inkje så skart’e,
dei kjæme flakkandes jennbåtanne,
å Belanne nokså svarte.

4. Dæ høyrer eg på deg Venil Fruva,
at du vi’ min Broren vande,
eg ska’ skapa deg i eitt Alintre,
på vidde Fjóren stande.

5. Eg ska skapa deg i eitt Alintre
på vidde Fjóren stande
du ska’ kje grøne Toppar bera,
inkje Løv på Jóri fadde.

6. Ti så svåra Smådrengjen,
han stó inkje langt ifrå:
Bære æ han Jurilie,
som Venil Fruva ska’ få.

7. Eg skapa han Jurilie
i ein Gangare grå,
han ska’ så lengje Gangaren vera,
som VerpeSamlarkommentar i reinskrifta: (n.) (Haug mæ kvist, som kastes sammen, f.Eks. ved vegskil) og = ags. wearp, twig, osier? på vigde Vollen står.

8. Dæ va’ no ho Venil Fruva,
ho va no skjot i Die‘i
brenner ho upp dæ vígde verpi,
så Logjen dæn leika vie.

9. Eg æ ung i Aldrom me,
eg fere så traue ti døy,
eg vi helle unde Juskeheie
ver’ unge Jotuls Møy.

10. Dæ va’ no dei Småtroddi,
dei va’ sjót i Rå,
dei førde Venil i Brúreklæi,
uttapå Skinne grå.

11. Dei førde V[enil] i Br[úreklæi]
uttap[å] Sk[inne] grå,
så tok dei fat på Jennbåtanne,
dei ródde inní Bergje blå.

12. Dæ va’ no dei Småtroddi
dei tok hæna Venil mæ Velli,
heimte kom hennes sæle Fairen
i dæ sama Kvelli.

13. Dæ va hennes sæle Fairen,
han inn igjenom Dynni steig,
hor æ no mi sæle Dotteri
som plagar fagne meg heim?

14. Ti så svåra Smådrengjen,
han sto inkje langt ífrå:
Venil fór unde Juskeheii,
vera unge Jotuls Mål.

15. Ho vrei Hovui av Smådrengjen,
så Blói dæ spratt på Skinn,
dæ ska’ du hava du vøsålsskadden,
som lýge for Herren min.

16. Ho tok seg ein liten Båt,
hó rodde seg ut fyr Sjå,
ho vill’ feskjenen Feskjen
fyr sin Sæle Fairen få

17. Hó rodde seg i ein liten Båt,
hó rodde seg ut på Hav,
Gud lat inkje Ulykka vera næri,
hó ródde seg i Kav.

18. Dei drakk unde Juskeheii
væl i Dagar två,
dei kunna alli Ori
av Brúremunnen få.

19. Dæ va unge Jotul,
han gjenge fyr sin Moder at stå:
me kan alli Ori
av Bruremunnen få.

20. Du tak tolv Merker røde Gull
du renn dæn i ei Skål,
å drikk så ti di unge Brúr,
så aukar væl hennes Mål.

21. Han tok [tolv Merker røde Gull]
[han rente dæn i ei Skål!]
[å drakk så ti si unge Brúr,]
så auka då hennes Mål

22. Um så tala dæn unge Bruri
i Benkjen dær ho sat:
Dei brukar kje såsså Brurehuse,
dær eg æ’ ætta ifrå

23. Så brúkar me Brúrehúse
dær eg æ ætta ifrå,
inna på rent mæ Rughåme
ovapå tekt mæ Tak.

24. Sóme fór av at Skógjen hogge
å sóme av å flette Tak,
så gjóre dei upp dæ Brurehuse
bådi væl å snart.

25. Dæ va no ho Venil Fruva,
ho gjenge fyr VenilFeil for: Jotul å stå,
no sill’ eg vera bå gla å kåte,
måtte eg skjenkje no.

26. Dæ va’ unge Jotul,
klappa hæna på hvide Kinn,
eg flutter deg ‘kji under Juskeheii
at du sille vera Skjenkjaren min.

27. dæ va Um så tala hass gamle Móiri,
hó sat på ein røde Gullstól,
ha må ‘kje klappe líti Kinn,
dæn som inkje hev Handehóv.

28. Dæ va no ho Venil Fruva
hon skjenkte dæn Mjøen, ho bar,
fyste sovna Brúgomen
å sea adde dei dær va’.

29. Fyste sette ho Ellen i dæn eine Krói
sea i dæn are,
så tok ho mæ seg Smådrengjen sin,
hó skunda seg snart av Gari.

30. Smådrengjen set ho i fremre stavnen,
seg sjóv fyr Årinn å ró,
så sveinelause fór Venil Frúva
igjenom dæn myrke Fjór.

31. Um så tala Småtroddi,
på Nesi dær dei sat:
Kvi fere Venil så sveinelause
igjenom dæ myrke Hav.

32. Dí fer eg så sveinelause
igjenom dæ myrke Hav,
tie Troddi tyttuge
dei førde meg hit ein Dag.

33. Dæ va no ho Venil Fruva,
ho inn igjenom Dynni steig,
dæ va hennes sæle Fairen,
han upp mot hæna reis.

34. Dæ va hennes sæle Fairen,
han fedder Tårer på Kinn,
Gu gjeve du ha’kje kasta Hovugulli,
å tekji atte kvíte Lin

35. Ti så svåra Smådrengjen,
han sto inkje langt ifrå
Venil æ ei Møy så klare,
som då ho for hærifrå

36. Høyrer du dæ min sæle Fairen,
hott eg no bee deg:
slå du di Droning på Kjeften,
så fyorskapar ho inkje meg

37. Han slo ti si Droning på Kjeften
så ho datt dø ti Jór,
upp reis unge Venil Fruva
så hjarteleg ho ló.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Etter strofe 20 er to verseliner av strofe 25 skrivne inn og så streka over. Her er det eit tilvisingsteikn frå neste side, der strofe 21 er skriven inn, etter strofe 22. Forkortingane i strofe 21 er skrivne inn etter reinskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge II, 168–172. I reinskrifta er det sett til kommentarar og variantar med blyant. Etter første strofa er det med blyant antyda ei slik strofe:

[Fester han ‘a Drimbedrósi]
[han flyt hæna heim] í borgjir
aukar han si sæle dotteri
sútir å mykji sorgjir.




Oppskrift B

TSB E 162: Venill fruva og Drembedrosi

Oppskrift: 1857 av Sophus Bugge etter Hæge Olsdotter Årmote, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge IV, 267 (reinskrift).

Oppgjeven tittel: Venill frúva.

*

I V. 4: aleimtré.I kladden står det: (En let dæ gange for di væri, en hev kaupt de). Dette står det ingenting om i reinskrifta, og det er uklart kva meininga er.

I V. 6: Júri Lí.

V. 7. Hæge paastod, at «verpi på vígde vodden» skulde være Kirken.

For V. 8 flgd.

De va’ då hó Venil frúva,
hó vå gjenta traue,Samlarkommentar: («= trúgji»)
hó brende upp verp’e på vígde vodden,
hjelpte Júri Lí ó naui.

desuden flgd.

So lengje sko’ ‘en Júri Lí
gangaren vera,
so lengje som lindi unde borgeveggji
den kjem alli hera.Samlarkommentar: [så havde Hæge hørt, men syntes selv, at det var meningsløst.]

De va’ då hó Venil frúva,
hó va’ gjenta góe,
hó brende upp den hegningslindi,Alternativ lesemåte: heggn –
unde borgeveggji stó.Samlarkommentar: Endnu kalder man en Træ, som man sparer og reder om, Hegningstré.]

V. 20. Hæge forstod dette saa: Naar Bruden fik Guld nok, vilde hennes Sorg vige og hun vilde da tale.

For V. 24 flgd.

Sóme gjekk at skógji hoggji,
sóme dróge ti,
so bygde dei upp brúrehúsi
på eitt liti bil.

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta. Oppsettet her følgjer oppskrifta.

Bugge brukar oppskrifta etter Torbjørg Haugen (jf. oppskrift A) som referanse. Hæge kunne truleg meir, men Bugge noterte berre avvik i høve til Torbjørg.

Reinskrifta er brukt som tekstgrunnlag her, av di kladden (NFS S. Bugge a, 294–295) manglar tilvisingane til Torbjørg Haugen og er nokså sparsommeleg med opplysningar som er fyldigare forklart i reinskrifta.




Oppskrift C

TSB E 162: Venill fruva og Drembedrosi

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge d, 229 (strofe 2–5) og 296 (strofe 1).

Ingen oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Vénill frúva og Drimbedrósi

*

1. De høyrer eg på deg Vénil frúva
dú vi’ min bróeren forakte
so kjæme jønnbåtanne flakkandes
å bélanne allstøtt svarte.

2. hó tók seg ein líten båt
å roddeAlternativ lesemåte: vi’ róe for å rodde seg útpå fjór,
ville fiske (seg) upp ein fagran fiskAlternativ lesemåte: fagran fiskjen
fyr sæle faeren sin.

3. . . . . . . .
. . . . . . . .
Gud lat inkje údøgre vera
at Vénil sill’ låtast då,Strofa er sett opp slik i reinskrifta; i kladden står berre dei siste to verselinene.

4. Dei bygde Alternativ lesemåte: So bygde dei (upp)Parentesane er sette til i oppskrifta. de brúdehús
bådi væl å snart
inní va’ de avAlternativ lesemåte: rúghåm’e
å uttapå tekt mæ tak

5. De va’ då hó Vénil frúva
hó skjenkte å hó bar,
ti adde småtrodde
dei sovna no der dei sat

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift: NFS S. Bugge VI, 34–35.

Strofene står i forskjellige delar av kladden, men er samla i éi oppskrift i reinskrifta; men mellom første og andre strofa er det i reinskrifta sett inn tre stjerner for å skilje den eine delen frå den andre.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kjempe- og trollballadar

Kjempe- og trollballadane skildrar meir enn andre balladar kamp og strid. Nokre er relativt realistiske og skildrar dramatiske konfliktar mellom sterke menn. Ære, makt og rikdom er sentrale verdiar, og helten går bokstavleg tala over lik for å leve opp til forventningane som blir stilte til han. Kvinnene står på sidelina i desse visene.

Trolla dukkar rimelegvis opp i dei eigentlege trollballadane. Slike viser minner ein heil del om undereventyr, både når det gjeld handling og tematikk, gjerne ved at ei kongsdotter er teken i berg. Så blir det heltens oppgåve å drepe trollet og fri ut kongsdottera, noko han alltid greier med glans.

Fleire av kjempe- og trollballadane byggjer på motiv i den norrøne litteraturen, ikkje minst fornaldersogene. Alle desse visene har norsk/vestnordisk opphav.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.