Kjempe- og trollballadar

Norske mellomalderballadar

TSB E 29 Roland og Magnus kongen


Innleiing

Kong Magnus gjev ordre til seks av riddarhovdingane sine. Dei skal vere heime og styre landet, mens han sjølv og dei andre seks riddarhovdingane dreg til heidninglandet. Heidningane nektar å betale skatt til kong Magnus, og det blir strid på Rusarvollen, der heidningane går til åtak på Roland og ein mindre del av hæren. Roland og hæren forsvarer seg godt, men heidningane er tallause, heidninghæren skyggjer for sola, og det ser ut til at dei kan få overtaket. Dei andre riddarhovdingane bed Roland blåse i krigsluren og tilkalle hjelp frå kong Magnus og hovudstyrken, men Roland vil ikkje det. Først når han høgg sund sverdet sitt, set han luren for munnen:

Roland sette lúren fer blóðga munne
blés han i með vreiðe,
dá rivnað jorð og jarir
og ljóðið ber af ivir heiðe
(Landstad [1853] 1968: 173).

Kongen høyrer lurblåsteren og kjem til hjelp, men då er Roland død. Nokre prøver å ta sverdet frå handa hans, men ingen maktar det, før kongen kjem. Roland synest å gje sverdet i kongens hand. Kong Magnus og hæren dreg heim med mykje gods og gull, men alle sørgjer over at Roland er død.

Det finst om lag femti oppskrifter av «Roland og Magnus kongen», dei alle fleste frå Telemark, men storparten er svært ufullstendige. Landstads trykte tekst i Norske Folkeviser gjev att heile visehandlinga, men jamvel den manglar innleiinga, forutan at enkelte strofer er feilplassert. Landstad skriv at han fann «Roland og Magnus kongen» i Seljord, i ei handskriven visebok, ein såkalla visefugg. Også Olea Crøger gjorde ei avskrift av den same fuggen, men med noko færre strofer. Saman med Hans Seeberg, huslærar hos Landstad, gjorde ho dessutan ei melodioppteikning av balladen etter ein ukjend Seljords-songar (Ressem 2014: 401–402). Viseboka tilhøyrde gardbrukaren Lavrans Gunleiksson Groven (1801–1842), som kunne fire kjempe- og trollviser i tillegg til «Roland og Magnus kongen». Dessverre finst ikkje viseboka lenger (Jonsson & Solberg 2011: 242–244).

«Roland og Magnus kongen» byggjer på tradisjonen om keisar Karl den store og Roland, ein greve frå Bretagne. Det vart dikta songar om bragdene deira, såkalla chansons de geste, og på 1200-talet vart fleire av desse omsette til norrønt og samla i ei soge om Karl den store og kjempene hans: Karlamagnús saga ok kappa hans. Denne soga ligg til grunn for balladen, som samlar seg om striden mellom kong Magnus’ hær og heidninghæren. Enkelte ord har halde seg, som Rúsarvollen, det vil seie Roncevaux i Pyreneane, der slaget mellom dei kristne og heidningane, det vil seie dei baskiske styrkane, stod. Språket i Landstads tekst er alderdommeleg og vitnar om at vi har å gjere med ein svært gamal ballade.

Striden ved Roncevaux er også skildra i ein færøysk ballade, som er langt meir innhalds- og detaljrik enn den norske visa. Det kan hengje saman med at den færøyske dansetradisjonen heldt minnet om den opphavlege teksten levande, eller også at den skriftlege bakgrunnen – soga – var meir framme i medvitet på Færøyane, der språket ikkje hadde endra seg så sterkt sidan mellomalderen som i Noreg (Vésteinn Ólason 1991: 122–130). Den færøyske visa om striden mellom Roland og heidningane ved Roncevaux byrjar med nokre strofer som kanskje nettopp er dei som manglar i Lavrans Grovens visefugg. Her er den første strofa, med omkvede:

Keisarin situr í gullstoli,
hann er maður hægstur,
tólv vóru nevndir kappar reystir,
enn var Rólant fremstur.
     Ríða teir út av Fraklandi
     við dýrum drós í sal,
     blás í hórnið Óluvant
     í Runsival
(CCF V: 91).

Utsyn 75




Oppskrift A

TSB E 29: Roland og Magnus kongjen

Oppskrift: 1840-åra av Magnus Brostrup Landstad etter (visefugg hjå) Lavrans Gunleiksson Groven, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: NB Ms. fol. 1803 c, 89–95.

Oppgjeven tittel: Roland

*

1. Sex mine Sveinar heime væra
gjøime dæ Guld i Bolle
Dei are sex paa Hednings Laando
prøve dei Jønni kalle

2. Dei vonde up sit herligt Segel
høgt up i Segleraa
saa segler dei paa Hedningslaando
i Virkedajine tvaa.

3. Aarin aa saa Ankarine
fæste paa kvita Sanden.
Dæ va Magnus Kongjen
tro den fyste paa Lande.

4. Fram saa kjæme dæ Konnings LjoeSamlarkommentar, overstroken med blå penn: (Lærde? Baandet)
dæ klæt i Slire-Vende
Rolan leika mæ Luri sine
hor han vi sæg utvende.

5. Te saa svara Hedningen,
tyktesAlternativ lesemåte: tottes han væra fylkte:
Dæ æ Kappa ta Christne Laandi
dei skjine som hjelmen gjylte

6. Te saa svara Hedningen
han tos hava livt saa lænje
Dei hæve hingum?Her har Landstad vore usikker på lesninga i handskriftet. I utgåva kommenterer han det slik: Dette Ord er i Haandskriftet ulæseligt; der synes at staa hingum eller handgaupn eller noget Saadant. Christen Mands
som Skatten kons hæv fænjie

7. KunnaAlternativ lesemåte: Kónna me inkji Skatten ta dessa Lando faae kons
ta dessa Laando faae
saa skaa me up paa Rusarvodden
aa slaas uti Dagine tvaa

8. Dei sloges ut paa Rusarvodden
i Virke-Dagine tvaa,
saadaa falt HedningjenAlternativ lesemåte: Hedningæn fe Rolands Sværi
som Storren fe goan Jaa.

9. Dei sloges ut paa Rusarvodden
vore dei adde vreie
saa fælt HedningjenAlternativ lesemåte: Hedningæn fe Rolands Sværi
som Snioen han driv uti Heie.

10. Roland høggje trea Høgje,
ville han lift sine DrengirHer er Landstad usikker på lesemåten. I margen står det: (Dregir)?
saa høggje han sonde Sværi sit,
som han ha bure saa Længje

11. Dæ va Roland Konnungs-Frenden
tos væra stæd i Vaande,
«Gud, aa Gud, aa Maria Moir
dei dræge mæg Sværi ta Haande.»

12. «Ganje tvei ta addoe ut
aa takje mæ dikkon Makar,
sjaa om di kan Sværi Dvælge-Dvolg
ta Rolands Haandi taka.»

13. Atte kjæme smaa Drengjin
seie dei ifraa
me kon inkje Sværi Dvælge-Dvolg
ta Rolands Hanndo faae.

14. Denne strofa er merkt med ei klamme i venstremargen, men det er ikkje gjeve noka forklaring på dette. Roland sætte Luren fe bloute Mund,
blaase han i mæ Vreie,
daa revna Muur aa Marmorstein
i nie Døgrer aa Leie

15. Roland sætte Luren fe bloute Mund
blaaste han i mæ AndeHer ser det ut til at Landstad har vore usikker på lesemåten. I margen har han skrive: avle? Han har dessutan skrive alternative rim til denne og siste lina: Vondo og Laando.
daa revna Muur aa Marmorstein
Lioe dæ bær uti LandeJf. note til andre lina..

16. Dæ va Roland Konnungs-Frenden
blæs uti gjylte Haan,
daa revna Muur aa Marmorstein
aa Magnus Kongjens Taan«Taan» er sett i parentes og står med spørjeteikn.

17. Denne strofa har berre tre liner i denne oppskrifta. I utgåva (1853) har Landstad slik tekst: Deð var Magnus kongin / breste han i at gráte:Daa bræste Magnus Kongjen i graate:
hot bitdar Roland, Frenden min
naa høirer æg Luren laate.

18. Fram saa gjænge Magnus Kongjen
mæ saa stor ei Attraa
Roland rætte Svære fraa sæg
som han ville Kongjen dæ faae.

19. Fram saa gjænge Magnus Kongjen
mæ saa stor ei Træga,
Roland rætte Svære fraa sæg
som han ville Kongjen dæ gjæva.

Strofe 20 og 21 er markert med ei bølgete line i venstremargen.

20. Dei sloges ut paa Rusarvodden
Virkji-Dagjene tvaa
saa falt Hedningæn fe Dvælge-Dvolg
som Størren fe goan Jaa.

21. Dei sloges ut paa Rusarvodden,
vore dei adde vreie
saa fædde HedningjenAlternativ lesemåte: Hedningjæn fe Dvælge-Dvolg
som Snioen den driv uti Heie

22. Dei sloges ud paa Rusarvodden
vore dei adde moe,
Soli fæk inkje skjene bjartSamlarkommentar: (ɔ: klart)
saa støgje dæ Røikjen ta Bloe

23. Heimte saa kjæme han Magnus Kongjen
dei sætte sæg adde raue,
han ha fudde Skjæppe mæ Sylv aa Guld
daa va adde Hedningæn daue

24. «Qvi sitje di her aa faamar
drukne aa inkje kaate?
hæve de paa Soto legje
hellaa raske drengjine laatesSamlarkommentar: sætte til

25. «Du tar inkje Drotningen ondras paa kon
om me hæve Seieren fengje,
han hæve laates Roland Konungs Frænden
aa der te nyteSamlarkommentar: dygtige Drengjir.

26. Dæ va han den Magnus Kongjen
tæke sæg nye SindSamlarkommentar: ?
saa let seiler dei Kringle-Bori
kvore Gongje omkring

27. Dæ va han den Magnus Kongjen
tæke sæg nye Vælde
saa let seiler dei om Kringle-Bori
kvore Morgon aa Qvelle.

*

Berre første strofa er nummerert i oppskrifta, og ho står med nummer sju. Landstad kommenterer dette såleis i Norske Folkeviser (1853): «Jeg har fundet Visen i en gammel Visefugge, men da det første der forekommende Vers har Løbe-No. 7, maa man antage at Begyndelsen mangler» (s. 170). I denne utgåva blir strofene nummererte frå 1 til 27.

Under overskrifta står det: Brudstykker.

Etter oppskrifta står det, med svart penn: (Fra Laurantz Groven) Under denne parentesen er det tilføyd, med blå penn: af hans Visefugg.




Oppskrift B

TSB E 29: Roland og Magnus kongjen

Oppskrift: Udatert av Olav Talleivson Grasberg etter ukjend songar, ukjend stad.

Orig. ms.: NFS M. Moe 67, hefte 5, nr. 1

Ingen oppgjeven tittel.Tittel i reinskrifta: Vers om Roland og andre gamle Vers

*

1. Aa Roland Rei utpaa Ronsarvolden
i Jønne so va han Klæd
Aa Galite Ridarson vente Hesten sin
Han less naa vere ræd
– men de va naa Galite Riddarson
han Rie so glat i giennom borgin –

2. Roland Rei ivi Ronseval hei
aa Spurd Ette gutane sine
Ser du noko gutar mæ blaat upslag
so æ de vel gutane mine

3. De sloges ut paa Rusarvolden
alt utti Dagane Tvaa
aa so Felle Hedningan fe Roland Svære
som storren fæ goan Liaa

4. Di Sloges ut Paa Rusarvollun
aa bloe de Sprutte so vie
gruste seg guten som hoji Fek
han totte di mone so Svie

5. Di sloges ut paa Rusar vollun
aa bloe de Sprute so vie
Kari ho strouk mæ silkje vippa
so Saara de sil inkje svie

6. De Sloges ut paa Rusarvolunn
aa alle so vorte di vreie
so Falt der Hedningar fe Roland svære
som snojen den driv utti Heio

7. Di Sloges ut Paa Rusarvolun
aa alle so vorte di moe
so Falt der Hedningar fe Roland Svære
som storen fe goan jaa

8. Eg kon inkje hugse den Di sloges ut paa Paa Rusarvollun
eg konakje hugse denSamlarkommentar i reinskrifta: næsten dan Rette
aa Fram so kom Joraand Joklekaapa
Fram Ette HeiannAlternativ lesemåte i reinskrifta: heió slette

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Reinskrift ved Sophus Bugge: NFS S. Bugge IV, 89–90. Språket er normalisert noko i reinskrifta.

Etter strofene frå denne visa står det fire strofer frå andre viser, utan noka markering mellom. Desse fire strofene er tekne med i reinskrifta som nummer 9–12. Den første er frå Unge Herredag vinn over Gautlandskongen (TSB E 41). Denne strofa har Bugge skrive opp i ein kladd, aleine og mesta likelydande, etter Tor Hovdekleiv (NFS S. Bugge g, 55). Dette namnet står også i klammer i margen i reinskrifta. Den andre strofa er frå Sigurd Svein (TSB E 50). Også her står det Tor Hovdekleiv. Kviteseid i margen, men det finst inga anna oppskrift etter han av denne visa. Til slutt står det eit par gamlestev.




Oppskrift C

TSB E 29: Roland og Magnus kongjen

Oppskrift: 1867 av Sophus Bugge etter Ådne Olsson Auversækre, Høydalsmo, Lårdal, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge c, 73–80.

Ingen oppgjeven tittel.

*

1. Seks mine sveinar heime vera
gjøyme de gulli balde
dei andre seks på heidningslande
røyne de jønni kalle.

2. So hissa dei upp de silkjesegl
høgast í seglerå
so segla dei på heidningslande
í virkevikunne tvo

3. Dei kasta deires anker
på den kvítan sand
de va han Magnus kungjen
han trødde den fyste på land.

4. Fram so kom de Gónnulsljóe
dé klætt útí slírevende
Róland leika mæ lúri sine
hore han vi seg útvende.

5. Te so svara den hedningen
han tottes d vera fylkt’e
de eræ komneSamlarkommentar: (sic) oto kristnelandi
dei skine som hjelmen gylte.

6. Te so sv[ara] h[edningen]
han hatóttes ha livt so lengje
de æ’ no kristenmanns
som skatten kons hev fengji

7. Kunna me inkje skatten kons
av dessom lande få
so sko me upp på Runsarvollen
å slåst úti daganne tvo.

8. Dei slógest út på Runsarvollen
í daganne tvo å trí
då falt hedningjen for Rólans svære
som storren for góan jå.

9. Dei [slógest út på Runsar]vollen,,
vore dei alle vreie,
då [falt hedningen for Rolands] svære,
so snójen drív útí heie.

10. Dei [slógest út på Runsar]vollen
mæ trøytte mennar å móe
sóli fekk inkje skine bjart
for røykjen av manneblóe.

11. Der kom so mange blåmenn fram
at dei skygde for sól
då frygta alle jemninganne
ba Róland blåse í honn.

12. Róland svara mæ vreie
av hånom rann bló å skóm
eg sko hogge so stóre hogg
at de sko spyrjast te dómmen.

13. Róland hoggje de trée hoggje
han ville ha lívt sine drengjer
då hoggje han sundt svære sitt
som han ha bori so lengje

14. De va R[oland] kungjens frænden
han tóttest vera stedd í vånde
Gud å Gud å Maria mór
i draga meg svære ótó hånde.

15. Gangje no tvæ tå alle út
å tak mæ dikkon makar
sjå um dé kan svære DvelgedolgSamlarkommentar: (udtalt med vanskelighed)
av Rólands håndi taka.

16. Atte kjæme små drengjinne
dei seie tidend frå
me kann inkje svære Dvelgedolg
av Rólands håndi taka.

17. Han sette lúren for blógga munne
han blæse í mæ avle
de rivna jór å jareríkje
å ljói ber av gare.

18. Han [sette lúren for blógga] munne,
blæs han [i mæ] vreie
deå [rivna jór å] marmórstein
í níe døgrir av leie.

19. De va R[oland] kungens frænden
han blés útí gylte honn
han blés sine augur ór haus
so hart hånom hedninganne trengde.

20. [De va Roland kungens frænden]
[han blés útí gylte honn]
[han blés sine augur ór haus]
at Magnus kungjen de hørde

21. Heimatte vender han [Magnus] kungjen
mæ so stór ei trega
R[oland] rekte svære frå seg
som han ville kungjen de gjeva.

22. Heimatte [vender han Magnus] kungjen,
[mæ so stór ei] attrå,
R[oland] [rekte svære frå] seg
[som han ville kungjen de] få.

23. Dei slógest úte på Rónsarvollen
í daganne tvo å trea
då falt hedningen for DvelgedvolgSamlarkommentar: (sic),
som storre for góan jå.

24. De va no dei kungjens hofmenn
dei sette seg alle róue
dei hae kón skipeSamlarkommentar: (sic) mæ sylv å gull
d men då va adde hedningann daue.

25. Kví site dé her so móe
drukne å inkje kåte
hava dé på sóttó legji
hell hev raske drengjinne låtes.

26. De tar no inkje undras
mæ me site so móe
han hev låtes R[oland] kóngensfrænden
å derte nýte drengjir

27. De va han Magnus kóngjen
han teke seg nýe velle
so spilar dei í kringlebóri
kvor morgó å kvelli

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.

Over oppskrifta står det: (Vistnok fra Landstad; se navnlig Ldst. str. 6). I tredje lina i strofe 6 hjå Landstad (lik strofe 6 i oppskrift A her) er det ei lakune: Du heve … kristen manns Hjå Ådne har dette blitt: de æ’ no kristen manns (i strofe 6 i denne oppskrifta).

Oppskrifta er svært lik teksten hjå Landstad (s. 169–176), men det er òg skilnader, spesielt frå strofe 17 og utetter. Strofene er dels ombytte, dels samanslegne i høve til Landstad. Strofe 20 er skriven inn med berre éi line med eit operom over i kladden, utan teikn til forkortingar. Her har vi vald å fylle ut etter førre strofa i oppskrifta.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kjempe- og trollballadar

Kjempe- og trollballadane skildrar meir enn andre balladar kamp og strid. Nokre er relativt realistiske og skildrar dramatiske konfliktar mellom sterke menn. Ære, makt og rikdom er sentrale verdiar, og helten går bokstavleg tala over lik for å leve opp til forventningane som blir stilte til han. Kvinnene står på sidelina i desse visene.

Trolla dukkar rimelegvis opp i dei eigentlege trollballadane. Slike viser minner ein heil del om undereventyr, både når det gjeld handling og tematikk, gjerne ved at ei kongsdotter er teken i berg. Så blir det heltens oppgåve å drepe trollet og fri ut kongsdottera, noko han alltid greier med glans.

Fleire av kjempe- og trollballadane byggjer på motiv i den norrøne litteraturen, ikkje minst fornaldersogene. Alle desse visene har norsk/vestnordisk opphav.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.