Kjempe- og trollballadar

Norske mellomalderballadar

TSB E 48 Hemnarsverdet


Innleiing

Det kjem ein framand og ordknapp mann til tinget. Han blir vel motteken, men vil ikkje ha noko å drikke. Den framande har eit alvorleg ærend, å leite etter mannen som ein gong tok livet av far hans. Ein mann spør kva han ville ta seg til om han verkeleg fann farens banemann, og får til svar at han ville gjere vel mot han på alle vis. Den same mannen seier då at det er han som er banemannen. Den framande talar til sverdet sitt og spør om det vil hjelpe han med å få hemn. Sverdet svarar at det er for veikt i tangen, det vil seie spissen som stikk inn i skaftet, og at det må smiast om og gjerast sterkare. Dette blir gjort, og den framande går inn i stova der banemannen og fleire andre held til. Han svingar sverdet og høgg i hel ikkje berre banemannen, men også dei andre i stova, jamvel barnet i vogga. Då ber den framande sverdet for Guds skuld om å stogge, sidan han ikkje sjølv kan styre det. Sverdet svarar at om han ikkje hadde nemnt Guds namn, ville han sjølv blitt drepen.

Det finst mellom tjue og tretti variantar av «Hemnarsverdet», alle frå Telemark og mange etter dei beste songarane. Landstad trykte balladen med tittelen «Mindre Alf» i Norske Folkeviser og gjer merksam på at «den er meget udbredt i Thelemarken og meddelt af Forskjellige» (Landstad [1853] 1968: 244). Av dei som kunne balladen, nemner han Olav Olsson Glosimot (1786–1858) frå Seljord, som også var kjelde for Olea Crøgers tekstoppskrift. Forutan Landstad og Crøger, har Sophus Bugge, Jørgen Moe og fleire skrive opp visa. Vi har dessutan ei melodioppskrift som Lindeman gjorde i 1861, etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland (1780–1865) frå Skafså (Ressem [utg.] 2013: 411).

Elles tek Landstad feil når han hevdar at stormannen Alv Erlingsson er hovudpersonen i visa, noko Svend Grundtvig også kritiserer han for (DgF I: 348–350). Tvert imot er hovudpersonen ein anonym person som representerer allmenne holdningar til blodhemn. Grundtvig vurderer «Hemnarsverdet» svært høgt og skriv at «denne Vise herefter vil blive regnet blant de ypperste Perler fra vor gamle Folkedigtnings rige Hav» (DgF I: 350).

Det talande og handlande sverdet spelar ei sentral rolle i balladen:

Og mindre Alf vendist at veggi,
han talað til bitterbrands eggi.

Birting, birting brande,
á, vil du no með meg stande
(Landstad [1853] 1968: 239).

Dei gamle nemningane bitterbrand = det kvasse sverdet og birting = lysing, skin, viser at vi har å gjere med ein gamal ballade. At sverdet meir eller mindre handlar av eiga kraft og drep vilt og for fote, er eit talande uttrykk for kor mykje skade blodhemnen kunne føre med seg. Berre Guds ord har kraft til å setje ein stoppar for denne villskapen.

Utsyn 47
DgF 25




Oppskrift A

TSB E 48: Hemnarsverdet

Oppskrift: 1840-åra av Olea Crøger etter Leiulf Halvorsson Gotenborg, Seljord, Telemark.

Orig. ms.: NFS M. B. Landstad 4, 1–3.

Oppgjeven tittel: Mindre Alf

*

1. Vi drukke Skaal om Skaal
– paa Dalebuthing –
Aa den drikker tveiHer er det eit lineskifte i oppskrifta. Som inkje vi.
– Saa moe gjæres min Gangar. –Omkvedet står på same lina som andre verselina. Dei er skilde åt med ein blyantstrek i oppskrifta.

2. Ind kaam der saa brægUnderstreka med blyantSamlarkommentar:Maaske af bregða isaafald: rask el for fregð? el brøgð – n listigt Kunstgreb. ein Mand
Faa i Ori dæ va han

3. Di tappa MjoRetta til Mjø med blyant i Sylvarskaal
men den tor han kje drikke af

4. De tappa MjoRetta til Mjø med blyant i Bølle
Aa den slog han i skølleUnderstreka med blyant.

5. Men haat æ Du for bræggjenUnderstreka med blyant. Mand
Saam inkje Mjøden drikke kan

6. Æg hæve rie aa rendt
Min goe graa Gangar den har æg sprængt

7. Æg hæve rie aa ronne
Min Faers Baneman hæv æg kje fonne

8. Up sto der ein gamal Mand
Haat ville Du da om Du honom fandt?

9. Aa æg vil væra hannem saa mjuk
Aa fygje hanem baat ind aa ut.

10. Aa æg vil væra hanem saa go
Aa tekkje af ham baat Hosur aa Skoe

11. Æg skaa gjevan en ennaa meire
Aa gjeva en Skjip mæ Greie

12. Up sto Mand i Kufta blaa
Her skaa Du Din Faers Banemand sjaa

13. Guten sæg vendte te Veggje
Aa tala te BitringUnderstreka med blyant ægjarr er skriven over ein annan, uleseleg bokstav.

14. «Bittring Bittring Strandt!
Aa vi Du mæ mæg stande»

[15.] «Ja gjønne skaa æg mæ Dæg stande
Va æg kje forsvag i Tange»

[16.] «Ni Pond Jøn aa ti Pond Staal
De maa Du i mit Fæste slaa.»

[17.] «Saa hogge Du tri Høg i Døra Ring,
Aa sea heile Huse ikring»

[18.] Han hoggje ivi Bor aa Benkje
Han hoggje den som skjenkte

[19.] Han hoggje ivi Bor aa Brikje
Han hoggje Kon Salemon den Rike

[20.] Om tala Baane i Vøgga laag:
«Du galne Gut! vi hogge Du saa?»

[21.] Aa Svære de ran af Balje
Aa ne ivi Baanearme.

[22.] Hjølp mæg naa Gud den Helligaand
Æg inkje mit Svære stille kan

[23.] Ha Du kje tekkje Gud i Dit Navn,
Æg ha skul blivi Din Banemand.

[24.] Haa Du kje nævnt den Helligaand god
Æg ha skult drukkje Dit Hjarteblo

*

Strofene er nummererte i oppskrifta, så nær som første strofa, og dessutan andre strofa, som i staden for tal har teiknet #. Strofe 15 har ikkje fått nummer, såleis at nummer 15–23 i oppskrifta er nummer 16–24 her.

På første sida står det (på tvers) ei verseline av ei oppteikning (av Liti Kjersti og Bergekongen) på siste sida av legget.

Det første omkvedet står også skrive i andre strofa.

Strofe 23 står på éi line på grunn av plassmangel. Av same grunn står strofe 24 skriven på tvers i høgremargen.

Strofe 24 har etteromkved: han moe gjerest min Gangar




Oppskrift B

TSB E 48: Hemnarsverdet

Oppskrift: 1847 av Jørgen Moe etter Bendik Ånundsson Sveigdalen/Felland, Skafså, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS J. Moe 10, 19g–19i.

Oppgjeven tittel: (Liten) Alfs Vise

*

1. Der gjæng ut saa døpp ein Mand
– Paa Dalebothing –
Alri Ore saa tala han
– Naa gjerest en mo min Gangar –

2. Gjæng han ut hel gjeng han in
Alt saa renner hanAlternativ lesemåte: en Taare paa Kind

3. Di tappa Mjø i Sylveskaal
Den slo Alf i Stykjer smaa

4. «Eg meine du tæke te tykje
Me du kan kje MjørenAlternativ lesemåte: Mjøden drikje»

5. Dei baare fram eit Sylvehaan
De slo Alf i Stykjir tolv

6. Mykjy hæv e rei aa myky rendten er skrive over lina for å tydeleggjara tekst med utflytande blekk på lina.
Min Fairs Bani hæv eg kje kjendt

7. Mykje hæv e rei aa ronni
Min Fairs Bani hæv e alri fonni

8. «Høtru du han ville
Om du han finne sille.»

9. «Eg sille væra honom saa mjuk
Eg sil leia han baade ind aa ut

10. Eg sille væra honom saa go
Eg sil tag’ a’ han baade Hosur aa Sko»

11. «Up sto Mannen i Kufta blaa
«Her ska du din Fairs Bane sjaa»

12. «Eg tikji du æ saa liten
Te draga dit Svær or Sliro.

13. Eg tikji du æ saa hæralut
Te hova drægji dit Svære ut.»

14. Alf han rendes te Vægji
Han talar te kvaassanAlternativ lesemåte: kvassan Eggji.

15. Han talar te Bitring Brandi
«Tøre du k me meg stande.»

16. «Eg tore fulle me deg stande
Va eg kje saa veik i Tangjen»

17. Alf han gjæng at Smie
Han læte paa Tangjen lægje

18. Femten Pund J[ø]nn aa ti Pund Staal
De læt han paa Tangjen slaa

19. «Naa æ eg kje veik i Tangjen
Naa tor’ eg me deg stande.»

20. Han haag i Dyr aa i Duraring
Saa gjæk han seg i Stuga in.

21. Han haag ivi Bor aa Bænkjer
Han slap inkje den som skjænkte

22. Han haag ivi Bord aa BrikjirSamlarkommentar: Bjælker
Der slap ‘kje anten Fatik hel Rike

23. Om tala Baane i Vaagga laag
«Galen Guten, kvi fær du saa?»

24. «Tig du, tig du liti Kjind
Du ska vær’ seiste gjesten min»

25. Svære otor Haando skrei
Af neri den Baanereiv

26. Svære skrei otor Sliro
Sle’tte me Baanesio

27. «Styre deg naa baat Gud aa Mand
Eg deg inkje styre kan»

28. «Hev du kje hat Gud i detta Ord
Saa ha’ eg sil’ drukje dit Hjarteblo.

29. Hev du kje hat Gu ti Monni
Saa ha e silt igjenom deg ronni.»

*

Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.




Oppskrift C

TSB E 48: Hemnarsverdet

Oppskrift: 1863 av Sophus Bugge etter Jorunn Knutsdotter Bjønnemyr, Mo, Telemark.

Orig. ms.: NFS S. Bugge d, 278–281 (kladd).

Ingen oppgjeven tittelTittel i reinskrifta: Hævnersværdet.

*

1. Der kom inn so lekkSamlarkommentar: (staut?) en mann
– På Dalebúting. –
få óri tala han
– Ti móan s gjere gjeres min gangarAlternativ lesemåte i reinskrifta: móas gjere min gangar med kjelda (Gro Gunnarsdotter Haugjen. Fyresdal)

2. Dei sendte hånom en boddi
deiSamlarkommentar: [saa skrevet] sló en sund í skroddi.

3. [Dei sendte hånom] ei måla skål,
d[en sló en sund] í lytunne två.

4. [Dei sendte hånom] ei sylvarskål,
den gat inkje mannen drikke av.

5. Hot æ de mannen hev tekji ti tykkji
mæ en inkje kann drikke.

6. Eg hev rii å runni
å inkje min fairsbanen funne.

7. Hot trú dú hånom ville
óm du nó hånom kunn’ finne.

8. Eg si’ vera hånom so mjúk
eg si’ fýgje’n både inn å ut.

9. [Eg si’ vera hånom so] gó,
[eg si’] draga av han både hóser å skó

10. Upp reis då den blåkufta mann í benkjen sat
her ska’ dú då din faers banen sjå.

11. Líten han snúdde at veggji
han talar mæ skakkeAlternativ lesemåte: skarpe eggjir.

12. Eg si’ fulli mæ deg stande
ha’ eg ‘kje so veik en tangji.

13. Líten han gjeng at smiddje
so lét en tangjen påleggje

14. Tíe pund jønn å toll pund stål,
de lete han på tangjen slå.

15. Då en ha de sværi gj{t}rt
da h{æ}ørde han de í mannebló.

16. Líten kom í stoga inn,
der bliknar adde plómekinn.

17. Líten han hoggji ivi bór å benkjer
han hoggji fyste ti den som skjenkte.

18. L[iten han hoggji ivi bór å] bríkjer,
han skóna ‘kje anten fatik hell ríke.

19. Um tala båni í vogga låg
galen gúten kví fere han so

20. Tig , tig du no líte kindDenne verselina er skriven inn i kladden med seinare hand.
du sko då blí allerkjærasten min

21. Sværi de mónde skríe
av nérí bånesíe

22. Sværi de ótó nevenskjeió rann
av neri bånereivar.

23. Stidd deg gud å den hellig ånd
eg deg inkje stidde kann

24. Ha du ‘kje havt gud í munni
só ha eg silt igjænom deg runni.

25. [Ha du ‘kje havt] gud í dette ór,
[só ha eg silt] drukkji ditt hjartebló.

*

Strofene er ikkje nummererte i kladden.

Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kjempe- og trollballadar

Kjempe- og trollballadane skildrar meir enn andre balladar kamp og strid. Nokre er relativt realistiske og skildrar dramatiske konfliktar mellom sterke menn. Ære, makt og rikdom er sentrale verdiar, og helten går bokstavleg tala over lik for å leve opp til forventningane som blir stilte til han. Kvinnene står på sidelina i desse visene.

Trolla dukkar rimelegvis opp i dei eigentlege trollballadane. Slike viser minner ein heil del om undereventyr, både når det gjeld handling og tematikk, gjerne ved at ei kongsdotter er teken i berg. Så blir det heltens oppgåve å drepe trollet og fri ut kongsdottera, noko han alltid greier med glans.

Fleire av kjempe- og trollballadane byggjer på motiv i den norrøne litteraturen, ikkje minst fornaldersogene. Alle desse visene har norsk/vestnordisk opphav.

Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.

Les mer..

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.