I heile Europa, India, Austen og Afrika er det fortalt eventyr om ein bitte liten mann. I den internasjonale eventyrkatalogen står «Tom Thumb» som ein eigen eventyrtype, men dette er ikkje eit rettlina eventyr. Det er snarare ei rekkje sjølvstendige episodar som fortel kva ein slik liten mann kan kome ut for. Helten i visa om Lagje liten er også ein slik Tommeliten-figur, og variantane av visa kan også virke episodiske, men er likevel meir fast i forma enn eventyret.
Lagje er født om kvelden, men alt om morgonen drep han ein mann. Han går til Bjønnevald og byr seg til teneste, men Bjønnevald seier at han er for liten. Ei slik fornærming kan ikkje Lagje ha på seg, han skaffar seg både sverd, hest og båt, og så drep han Bjønnevald.
Dei norske variantane varierer ein del. Ein versjon let Lagje liten møte Vidrik Verlandsson. Han er helten i fleire nordiske balladar og ein av Diderik av Berns heltar. Han vart særleg kjend for kampen mot trollet Langbein Rise (TSB E 119). Lagje og Vidrik kjem opp i slagsmål, men sidan dei er like sterke, blir dei gode vener.
I ei anonym oppskrift av Lindeman frå 1863, går Lagje laus på kongen. Kongen byr han dotter si om han vil spare livet hans, men Lagje bryr seg ikkje om prinsessa. Han slår matfatet midt i fjeset på kongen og høgg av han både hovud og hand. Til slutt klatrar han opp i eit tre og slepp ein fjert som kunne kjennast i femten mils omkrins.
Denne visa kunne like godt vore plassert mellom skjemtevisene. Ho har ein burlesk humor som gjer henne til ein parodi på kjempevisene. Når ho likevel er plassert mellom kjempevisene, er det fordi den danske versjonen kallar den vesle mannen for Mimering, og i den danske visa om Kong Dideriks kjemper er Mimering Tand presentert som kong Dideriks minste kjempe (DgF 7 A, strofe 53).
Visa står i Kjempeviseboka, men det er berre éi oppskrift, som Moltke Moe gjorde etter Torbjørg Gunnarsdotter Ripilen, som viser påverknad av teksten i Kjempeviseboka.
I Danmark er visa berre funnen i ei oppskrift frå 1580. Denne teksten sette Anders Sørensen Vedel inn i «Hundreviseboka», som kom ut i 1591, og sidan kom visa også med i «Kjempeviseboka». På 1800-talet skreiv folkeminnesamlaren Evald Tang Kristensen opp nokre fragment av ei vise om «Bittemand». Desse fragmenta kan tyde på at det også har funnest ei vise i munnleg tradisjon i Jylland, men fragmenta er for få til å samanlikne med dei munnlege overleverte visene vi har i Noreg.
Dei fleste norske oppskriftene er frå Telemark, men to av dei melodiane Lindeman skreiv opp er etter Halvor Nielsen Braaten Holdalseje, Nordre Aurdal i Oppland og Peder Pedersen, Billingstad, Asker i Akershus. Etter Peder Pedersen skreiv Lindeman også opp ein tekst på ni strofer.
Gjentakingsstrofa
Balladane har ganske faste strofeformer. Dei er to- eller firelina, med omkved plassert etter strofa, eller også inne i den tolina strofa; men det finst også ei uvanleg strofeform som blir kalla «gjentakingsstrofe». Dette er ei vanleg, tolina strofe, men etter strofa og før omkvedet, tek ein oppatt andre halvparten av den første, og heile den andre lina i førre strofa.
Denne strofeforma er knapt brukt i Noreg, men nokre få viser i Kjempeviseboka (til dømes «Sankt Olavs kappsegling» (TSB B 12), og denne visa) har denne strofeforma. Torbjørg Gunnarsdotter Ripilen song denne visa nær opp til Peder Syvs tekst i Kjempeviseboka. Torbjørg er uklar på strofedelinga, men syng ikkje med gjentakingsstrofe.
Med litt modernisert ortografi er opninga av Kjempevisebokas versjon med gjentakingsstrofe slik:
1. Mimering var den minste mann
Som født var på Karl kongens land
– mine skjønneste jomfruer –
2. – den minste mann
Som født var på Karl kongens land
Før han ble til verden båren
Da vore hans kleder til ham skåren
– mine skjønneste jomfruer –
3. – Til verden båren
Da vore hans kleder til ham skåren
Før han nam at gange
Da bant han sverd ved side
– mine skjønneste jomfruer –
Gjentakingsstrofa kan høyrast som eit virvar, men strofeforma finst i mange av reformasjonstidas danske visebøker. Ein har gjetta på at visa har vore framført av to forsongarar. Den første skal ha sunge strofa, den andre gjentakinga, og koret har sunge omkvedet; men vi har ikkje konkrete opplysningar om korleis dette vart sunge.
Utsyn 72
Landstad 90
DgF 14
TSB E 61: Lagje liten
Oppskrift: 1863 av Ludvig Mathias Lindeman etter Halvor Gunnarsson Tørnes, Drangedal, Telemark.
Orig. ms.: NB Mus ms 6851:577, nr. 12 (kladd), jamført med NB Mus ms 6853:577, nr. 12 (reinskrift, berre første strofa).
Oppgjeven tittel: Liten
*
1. Aa Liten han kom seg te Kongens Gaard,
aa ute sto Kongen mæ alle sine Mænd;
– For Liten gjør ilde, gjør aldrig vel. –
2. God Dagen Konge, god Dagen I Mænd
kan du ikke behøve en liten Smaadreng
3. Du syns mig for liten, du syns mig for ung
du kan ikke bære mi Kappe saa tung.
4. Aa Liten tok Kongen aa bøig han te Jor
nu ska du faa finde at Liten æ god
5. Aa kjære min Liten du spare mit Liv
du ska faa min Datter min vene Viv
6. Aa Skid i di Dotter og Skid i dig siøl
men du ska faa følge meg paa Kjæmpehus ind.
7. Dei kjæmpast i Dage dei kjæmpast i to
men ingen af dei kunne bøigast te Jor.
8. Aa Liten og Kongen skuld ha seg lit Spis
aa Liten tok Madfate slog i hans Fjes
9. Aa va no dæ paa Kjæmpevis
at du skuld ta Matfate og slaa i mit Fjæs!
10. Aa liten han trækt ud sit gyllande Sværd Brand
saa hug han af Kongen hans venstre Haand baade Hoved og Haand
11. Aa Liten han kløv sig op i ein Pil
han slæpt ut en Fjert som flaug femten Mil.
*
Strofene er nummererte i oppskrifta slik det er attgjeve her, men dei er oppskrivne i slik rekkjefølgd: 1–2, 7–10, 5–6, 4, 11. Første strofa står til melodioppskrifta.
TSB E 61: Lagje Liten
Oppskrift: 1873 av Ludvig Mathias Lindeman etter Peder Pedersen, Billingstad, Asker, Akershus.
Orig. ms.: NB Mus Ms 2456/1873:203, nr. 2.
Ingen oppgjeven tittel.
*
1. Tommeliten var fød før Toppen gol
– saa liten han va –
han slog ihjæl Manden før Sola oprand
– For liten gior ilde og aldrig væl –
2. Og liten han gik sig paa Sjøens Kant
Og alle Baadsmænden til hannem lo
3. Og liten tog Baadsmand ved gule Lok
saa slængte han Baadsmand i Master-top
4. Tommeliten op i Steinstua smat
og slog til Muren saa Porten flaug op.
5. Ja ut kom een ja ut kom to
Ja ut kom ‘n Torer med Hammarn stor.
6. Tommeliten han gik sig paa grønen Vold
der mødte han Danerkongen med Kjæmper tolv.
7. Og hør du Danerkonge hvad jeg vil sig dig
Og vil du ha nogen Standdreng uti mig
8. Du er altfor liten saa liten du er
Du er ikke god te bære min Kappe blaa tung
9. Og liten han vredes ved disse Ord
han slog til Kongen saa han drev imot Jord.
*
Strofene er ikkje nummererte i oppskrifta.
Over oppskrifta står det: Tommeliten o.s.v.
Første strofa står til melodioppskrifta. Dei andre strofene står i eit eige teksttillegg. I melodioppskrifta er omkveda skrivne inn separat.
TSB E 61: Lagje liten
Oppskrift: 1891 av Moltke Moe etter Torbjørg Gunnarsdotter Ripilen, Mo, Telemark.
Orig. ms.: NFS M. Moe 27, 21–22.
Ingen oppgjeven tittel.
*
1. Mémmréngg va den minsti mann,
sóm va fødd i kångg Sværiks land.
2. Fyrr’en bleiv ti værden bòren,
då va klǣi ti’en skòrne.
3. Fyrr ‘en lærdeRetta frå: lá at gangge,
ville’n ha brynja tròngje.
4. Fyrr’en lærde å rie,
ville’n hava sværi mæ sie.
5. Dæ va Vidrik Vælandssòn
han reiste seg framti mæ lide,
so trefte ‘n lisle Mémmréngg
han bar sværi ved síden.
6. «Å dæ va bét’, at du heimi sát,
at du vokta ditt fé undi lide,
hell at du vi yppe det hårde strid kiv
at du vi onde meg stride.
7. Å dæ va bét’e, du heimi sát
å krøb under tórden den stinde,Samlarkommentar: hun skjønner det ikke Tilsvarande verseline i Kjempeviseboka (1764, s. 69): og krybe under Torne saa stinde
din fader han stó meg énkjí eitt hogg,
du stænd meg selv halt mindri.
(No æ dæ mykji burti, mæn enden æ rektig nò:)
8. Å dæ va V[idrik] V[ælandssòn]
han ville’kji svǣri på M[émmréngg] øye,
so la’en ti ‘en mæ nytte næven,
so heilen skvòtt langgt nór i heiar.
(Detti æ nettupp sluten, dæ).
*
Strofene er nummererte i oppskrifta.
Over oppskrifta står det: (Torbjør Ripilen)
Mellom strofe 4 og 5 har Moe markert eit skile.
Dei fire første strofene svarer til dei fire første strofene av Kjempeviseboka (1764) nr. XVIII (Mimmering Tandt, s. 100–101). Strofe 6 og 7 svarer til strofe 16 og 18 av nr. XI (Ulf van Jern, s. 66–72), jamfør Ulv van Jern i denne utgåva (TSB E 37).
Boken er utgitt av Nasjonalbiblioteket
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Kjempe- og trollballadane skildrar meir enn andre balladar kamp og strid. Nokre er relativt realistiske og skildrar dramatiske konfliktar mellom sterke menn. Ære, makt og rikdom er sentrale verdiar, og helten går bokstavleg tala over lik for å leve opp til forventningane som blir stilte til han. Kvinnene står på sidelina i desse visene.
Trolla dukkar rimelegvis opp i dei eigentlege trollballadane. Slike viser minner ein heil del om undereventyr, både når det gjeld handling og tematikk, gjerne ved at ei kongsdotter er teken i berg. Så blir det heltens oppgåve å drepe trollet og fri ut kongsdottera, noko han alltid greier med glans.
Fleire av kjempe- og trollballadane byggjer på motiv i den norrøne litteraturen, ikkje minst fornaldersogene. Alle desse visene har norsk/vestnordisk opphav.
Mange av desse balladane har tidlegare vore publisert enkeltvis, men er no samla i denne boka.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.