7Daa dei kom ut um morgonen etterpaa, daa var det underlegt. Det hadde kome snø, som dei hadde tenkt, fyrste snøen for i aar. Og det var ikkje berre litegrand heller. Det hadde luffa ned um natti, so det var full vinter med ein gong. Dei laut moka store brauter millom husi, og det rauk og fauk daa dei sopa snøen ned av dørhellorne. Han laag tjukk uppaa alle tak og tekkjor, og endaa uppaa grindstolpar og gardsteg stod det høge stettar med snø.
8Men underlegast av alt var skogen uppetter alle bakkarne og liderne. Han stod der drivende kvit med snølav paa grein og kvist, so det var som han hadde fenge kvitt lauv paa ei einaste natt; eller som han var yverlesst med kvit blom. Og so tett og svær som han hadde vorte. Der som det igaar hadde sta’e berre ei og onnor bjørki, der var det no som ein heil villskog; og der det hadde vore tett med skog fyrr, var det no reint i eitt med topp i topp og grein i grein som ein tjukk aaker. Og øvst uppe stod dei gamle furorne som svære risar med kvite kaapor og hettor upp imot himmelsyni.
Dei hadde straks teke til aa tenkja paa kjelkarne sine fraa ifjor, gutarne, og tala um aa setja dei i stand. Men fyrst maatte dei ut og vada i all denne mjuke fine snøen og gaa upp aat snøskogen og sjaa han endaa betre. Dei skunda seg og fekk paa seg skor og vottar og fann seg kvar sin lang stav, og av stad bar det uppetter bakkarne.
Hadde han vore rar aa sjaa, skogen, daa dei stod heime, so var det endaa mykje underlegare daa dei kom upp i ‘n. Greinerne bøygde seg djupt ned under snøbyrdi, og mange av ungbjørkerne hekk radt ned paa marki med topparne. Det var som ein skulde gaa under svære kvelvingar og 9portar uppetter. Og kvar ein liten busk stod som ei kvit saata med snø.
Det hadde letta upp med vêre frametter morgonen, og best som det var glytte soli fram or skyerne og skjein yver all den kvite skogen. Aa! det var eit glim, so det gjorde mest vondt i augo. Dei sette i og song og hua og rulla seg i snøen; og støytte dei aldri so lite burt paa eit tre, so draus det med snø og stod i eitt ròk. Dei vart kvite som snømenner og fekk snø i augo og nedmed halsen, men det brydde dei seg ikkje um i dag.
«Eg undrast um det ikkje er soleis der er i dei ville landi, der som heidningarne er,» sa han Gunnar, den største av gutarne fraa vestre-stova; for nettupp soleis som bjørkerne og hatlarne stod og lavde i dag, stod palmetrei som var skildra i bladboki.
Jau, han tykte det same han Paal, den største av dei fraa andre stova. «Kanskje me snart raakar nokre svarte heidningar òg uppi skogen,» sa han.
«Huff, me maa kje gaa altfor langt,» sa han Kolbein, bror hans, og lest som han var fælen.
«Aa trur du me er rædd nokre skarve svarte heidningar?» sa han Paal og slo til ei bjørk so det rauk.
10«Men kvifor er dei alltid so svarte, heidningarne?» spurde han Kolbein.
«Aa, kann du undrast paa det?» sa han Gunnar. «Det er heidenskapen som er so fæl i dei, so dei kann ‘kje anna hell vera svarte. Du skulde høyrt kva han sa, han Palle, som preika missjonen nedpaa Træ. Det var mange som var so innbarka, so det beit mest ingen ting paa dei, sa han. Dei visste seg mest ingi raad, missjonsfolki, kor mykje dei stræva og bala med dei.»
«Det maa vera eit hardbale arbeid for dei som vaagar seg ut i missjonen,» sa han Kolbein.
«Ja, du kunde sjaa det paa han Randius, det, han som var her ifjor og hadde vore ute i heidninglandi so lenge,» sa han Paal. «Han var turr og brun som han skulde vore røykt.»
«Men koss-tru ber dei seg aat, naar dei skal faa heidenskapen ut or dei svarte?» undrast han vesle Andres, bror hans Gunnar.
«Aa du veit dei maa preika svært for dei og lesa for dei or allslag store bøker,» sa han Paal.
«Ja hjelpte det berre med det!» sa han Gunnar. «Nei, det maa nok hardare lut til paa slike folk. Dei lyt nok baade dengja og banka dei fyrst, til heidenskapen mjuknar litegrand. Daa kann det vera so vidt dei fer til aa lyda paa preikorne og læsteren.»
11«Uh, eg vilde kje vera heidning, eg!» let han Kolbein.
«Nei, men kvifor skal dei daa vera so stride?» sa han Gunnar. «Kunde dei ikkje umvenda seg med godom, toskarne, so slapp ein treskja soleis paa dei.»
«Ja men naar dei er heidningar, so veit dei kje betre og kann ikkje hjelpa det,» sa han Paal, han var den klokaste av dei og den beste til aa lesa.
«Naar dei daa til slutt vert umvende, so vert dei vel kvite daa liksom andre folk?» spurde han Kolbein.
Ja, det var kje so godt seia, sa han Paal; for du veit heidenskapen sat fælskeleg lenge i.
«Men ungarne deira maa daa verta kvite?» meinte han Andres.
«Ja det maa vel dra seg i lengdi,» trudde han Paal òg.
«Ja du kann daa vita det!» lét han Gunnar. «Det hev daa vore heidningar her i lande òg ein gong; men det finst ingen svart no lenger.»
Det kunde vera slike som bekafanten, sa han Kolbein; men etter det dei hadde høyrt, so skulde ikkje ein gong han vera reint kolsvart.
– Dei hadde kome upp i ein dal langs med ein bekk, og det vart tettare hell tett med skog 12og snølauv. Det var berre so vidt dei saag smaa flekkar av himmelen beint uppyver seg. Daa fekk dei auga paa ein stor underleg almestuv uppmed bekken. Han var knututt og svart av mose uppetter leggen, og uppi kruna stod greinerne og bøygde seg djupt ned til alle kantar under snøen. Det var som ein skulde sjaa fjørerne som stod ut or haare paa indianarhovdingarne i bladboki.
«Der hev me kanskje alt ein av dei svarte heidningarne,» slo han Kolbein frampaa.
Dei tykte mest det kunde vera likt til dess, dei andre òg. Men var det ein heidning, so tykte han det, han Gunnar, at dei kunde kje lata han staa der reint i fred. «Me fær prøva med litegrand missjon paa ‘n,» sa han. Dei kom seg upp til stuven og saag betre paa han, og daa skyna dei trast so mykje at det kunde kje muna stort med lesing for slik ein fæl ryse. Det var nok ein av dei som ein maatte mykja med dugelegt bank fyrst. So gav dei seg til at hamra og slaa med stavarne paa stuven, so det dunde etter. Men det var ikkje likt til at det gjorde stort utav seg; for heidningen stod der so strid at han ikkje ein gong vilde sleppa snøen ned or haarfjørerne sine.
«Hev du sét paa slik ein stridpave!» sa ‘n Gunnar. «Men no skal han ikkje sleppa um han 13er verre hell ein suli-kaffert.» Dei hamra og slo att, so dei sistpaa hadde flengt mosen av uppetter heile leggen, og daa tok snøen endeleg til aa losna uppi greinerne.
«Jau no gjeng det til graats med han,» sa han Kolbein, og dei var samde um at han hadde mjukna mykje no.
«Men det spørst endaa korleis han er innvendes,» sa han Gunnar.
Ja, for det hjelpte lite um dei lest vera skikkelege utanpaa, naar dei var like heidenske inni, sa han Paal òg. «Sjaa paa farisæarane,» sa han, «dei lest vera so fine og blanke utanpaa, so det var svært; du kunde tru dei vare jamgo’ baade med prest og klokkar. Men du maa tru dei var kje for fine inni.»
«Ja d’er slike skarvar dei lyt halda indremissjonen paa,» sa han Gunnar; for indremissjonen det var den som heldt seg til det innvendes det, sa ‘n. Og han turvte nok altfor mykje noko indremissjon denne svarte rysen òg.
Dei fekk auga paa eit rundt hol straks uppaa leggen paa stuven. Gunnar kleiv upp og kika inn, og der saag det ikkje for fjelgt ut, lét han. Der var kolende svart av berre det som vondt var. So sette dei stavarne inn i hole og vilde freista 14aa brjota det større, og dei fekk snart laust eit stort stykke halvroten trøskeved. Daa ljosna det godt upp inni stuven. Dei kasta inn ein dunge med snø attpaa, og dei tykte daa at heidningen hadde fenge nytteleg med upplysning i seg. Men dei gav han endaa nokre rapp attpaa; for det var aldri verdt og spara paa dengjingi.
– Soli hadde høgna meir og meir, alt med dei hadde stulla med dette, og daa dei skulde sjaa til, so hadde det alt fare til aa verta annleis nedetter skogen. Det draup av kvist og grein; snøen klumpa seg i hop og datt ned, so det var klask i klask, og den eine bjørki etter den andre retta seg upp atter og sprikte med snaude greiner. Og snøen nedpaa marki fór òg til aa kramast og blotna for soli. Det var nok ingen rett vintersnø enno. Dei skyna det var best dei kom seg heim att fyrr han blotna endaa meir. Men fort gjekk det ikkje med dei nedetter bakkarne; for snøen hadde no vorte so ovende god aa laga snøballar og snøveltor av. Dei rulla kvar si velta nedetter, og det hadde snart vorte til svære knøyse, so dei berre so vidt orka rikka dei. So fekk dei lempa dei ut yver ein bakke, so dei fór som eit fælt ras nedetter og slo seg i fillor. Dette 15var so gildt at dei laut upp etter nye veltor gong paa gong. Men so vart dei valne paa henderne og vaate og laut slutta, og daa dei sistpaa kom heim aat husi var dei ikkje mykje kipne av seg. Dei var trøytte og leide og svoltne; og Gunnar og Paal, dei tvo største, var heller ikkje altfor rolege i seg. Det hadde drege etter med dei, at det kanskje ikkje var som det skulde vera med den missjonen dei hadde fare med. Dei hugsa koss det gjekk den gongen dei kniste aat han Lamma-Lars, daa han song og preika missjonen uti Marta-stova; det var berre so vidt dei slapp rise etterpaa. Og dei hugsa han Truls nedmed sjøen; han vilde vera klokare hell han Lamma-Lars og sa litegrand imot han den gongen dei hadde missjonsmøte hjaa han Per. Men sidan gjekk dei berre og ølmde og tala ilt um han, alle dei som vekte og skikkelege folk skulde vera. Han Lamma-Lars hadde endaa slege paa at det var kje visst kva-slag stygg mann han Truls stod i kunnskapen med. Men kva vilde dei daa seia, fekk dei vita um dette? Otten sat sistpaa i dei som ein vond styng. Einaste raadi var at dei kunde faa dylja det vel ned. Dei tok dei tvo minste med seg attum husi og truga dei til aa tegja og lova 16dei ris so det sveid var so dei vaaga aa besa. Og sjølve kjende dei med seg at det var nok best dei ikkje drøste for mykje um heidningar og missjon no paa lenge. – Daa vaaga dei seg inn til husar og skifte klæde, og det kunde nok turvast; for det var kje langt ifraa at dei var skjortevaate.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Kvitebjørnen ble utgitt i 1906 og er en oppfølger til Det store nashorne fra 1900. Boken inneholder ni mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene har god fantasi og leken er gjerne inspirert av det de har lest om i eventyrsamlinger og tidsskrifter som «Vaarblomsten. Ugeblad for Børn og Ungdom».
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1906 (nb.no)
Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.