Kvitebjørnen

av Rasmus Løland

II. Daa ho bestemor fall ifraa

17Det hadde teke til aa skrantast med henne bestemor frametter haustparten. Ho kom sjeldnare og sjeldnare ut og var ikkje uppe anna enn eit bil midt paa dagen. «D’er alderen som dreg paa,» sa ho, naar gutungarne kom innum til henne, og dei tenkte aldri paa at det kunde vera sers noko anna; for ho drøste og fortalde og var kvik liksom fyrr. Ho var no ein gong gamall, ho bestemor, og det var daa ikkje annleis enn det skulde vera at ho var kruslutt, tykte dei.

18Men etter snøen og vinteren hadde kome for aalvor, so vart det med eitt so reint smaatt med henne. Ho hadde ikkje plent noko so svært vondt, sa ho; men ho kunde ikkje koma seg or sengi heile dagarne, og ho hadde vorte so underleg liti der ho laag. Andlite var smalt og mest berre rukkor, nasa var kvass og tunn og augo liksom so store. Ho anda tungt, og det var strævsamt for henne aa tala. Og var det einkvan gongen midt paa dagen ho kunde drøsa som fyrr, so fortalde ho aldri noko um nøkken meir eller um huldrarne. Ho tala berre um Vaarherre og um englarne, og so bad ho dei vera snilde, og det tok ho so ofte upp atter, so dei visste kje rett kva dei skulde svara; for dei hadde daa slett ikkje tenkt paa aa gjera det som vondt var no meir hell fyrr.

Men enno tenkte dei ikkje at dette var meir hell ei rid som snart kunde gaa yver, og dei høyrde heller ikkje dei vaksne tala um noko anna. Han far austi-stova slo berre frampaa ein dag, at dei kanskje laut faa heim dokteren til henne. Men daa sa ho beint nei, det var ikkje dokter ho turvte, sa ho. So kom han Lamma-Lars tuslande til gards fram-paa dagen, og han lét òg um det, at det var ikkje dokter det no spurdest um. No galdt det at ho saag kor stor ein syndar 19ho var og skunda seg og umvende seg, sa han; for det var alltid so med det arme menneskje, sa ‘n, at ein gløymde aa gjera det, alt med den gode tidi var. – So vilde han inn og preika for henne, soleis som han preika for alle andre; for han gjorde kje anna, han Lamma-Lars, han fór kring alle gardar og grender og preika. Men daa sa ho nei ein gong til, ho bestemor. Det var vèl nok at han heldt seg til gudsorde, han Lars, sa ho; men ho for sin part hadde alltid halde seg til presten sjølv, naar ho turvte eit ord, og det vilde ho gjera no òg. Ho litte ikkje paa nokon annan; for det var no han som visste det best, spaadde ho – sa ho. Med det laut han Lars gaa, og han mulla heller hyntelege daa han fór burtetter tune; men det var der ingen som ansa noko paa, for han gjekk jamt og mulla med seg sjølv eller song salmevers, naar han var aaleine.

Men so snart han hadde gjenge, bad ho bestemor at dei maatte henta presten, og det gjorde dei trast dagen etter.

Det var so underlegt den dagen presten skulde koma, det var mest som ein sundag, endaa det var midt i vika. Gutarne i austre-stova hadde lote vaska seg og bytt klæde; dei maatte sjaa litegrand hamelege ut naar presten kom, sa mor deira. 20Daa gutarne i andre stova saag det, gjekk dei stad og vilde faa paa seg sundagstrøyorne dei òg, og det fekk dei.

So kom presten kjøyrandes; han hadde svart kaapa paa seg og høg hatt. Dei heldt seg so langt undan som raad var, naar dei skulde faa sjaa noko; for sjaa vilde dei nok òg fælt gjerne, og so kom dei seg upp i ein glugg uppi smalhuse og stakk hovude ut der alle saman. Daa saag dei so vidt at presten gjekk med brillor; men fyrr dei fekk sjaa noko meir, hadde han alt gjenge inn i bestemorstova, og døri gjekk att etter han. Der vart han verande lenge og vel, og so vaaga dei seg sistpaa heilt ned under vindaugo og lydde etter. Daa høyrde dei presten las og song og tala, so det var mest som naar ein var i kyrkja. Gunnar og Paal kunde sistpaa ikkje halda seg, dei kleiv upp paa muren og vilde glytta med eit halvt auga inn gjenom nedste hyrna paa nedste ruta; men so var det skilleg som dei høyrde presten kremta, og paa flòge tok dei upp aat smalhuse att og vaaga berre so vidt aa stikka nasorne upp i gluggen.

Eit lite bil etter kom ho mor austi-stova ut or bestemorstova og ropa paa dei og fekk auga paa dei uppi gluggen. «De skal koma inn her, presten 21vil tala med dykk,» ropa ho. Dei stokk so dei bleikna, og hadde mest hug til aa røma paa skogen og gjøyma seg, – no skulde du sjaa han hadde vorte galen for dei gjekk og glytte! Men fyrr dei fekk umraa’ seg til nokon ting, kom presten sjølv ut i døri og vitta paa dei. Daa laut dei fram, det var ikkje raad anna, og det gav seg trast med otten daa dei kom ned til han; for han saag berre blid ut, og dei hugsa med eitt kor snild han hadde vore den gongen paa eksamen i sumar.Forfatternote: Dette er fortalt um i «Nashorne.»

Det var so fint og stillt i bestemorstova i dag, daa dei kom inn, kvit duk paa borde og nytt aaklæde paa sengi, og der laag ho bestemor og var so underleg bleik og still. Og presten han var so høgtidsam i syne og i maale, mest som naar dei hadde sét han paa preikestolen. Han klappa dei alle paa hovude og hugsa kva dei heitte fraa den gongen i sumar, og han skrepte yver at dei hadde vakse so svært sidan daa. «De er snart vaksne karar alle,» sa han. «Men no kjem nok bestemor dykkar snart til aa fara ifraa dykk og taka paa ei lang ferd,» sa ‘n. Dei glande og skyna ikkje, – ho ut paa ferd som ikkje ein gong kunde 22koma or sengi? «Men d’er ikkje so faarlegt for henne aa reisa burt, ho er so godt ferdig,» sa presten, og dei saag at ho bestemor kom paa graaten. Daa var det med ein gong som dei skyna alt, og dei kunde kje for det, dei kom paa graaten dei òg. Men so klappa presten dei att og sa at dette skulde dei ikkje graata for; no fekk ho det berre so mykje betre hell fyrr, sa han. «Og no skal de hugsa alt det gode ho hev sagt dykk og lært dykk, og ha gagn av det frametter aari. Daa fær ho gleda av dykk, naar ho ser ned til dykk fraa himmerike,» sa han. Ingen av dei orka aa svara noko; men presten skyna nok likevel at dei meinte ja, dei vilde hugsa det.

So vilde ho bestemor at dei skulde koma burt til henne; men ho var so trøytt og avgjevi no, so ho kunde kje seia stort noko; ho berre strauk dei tvo minste yver henderne; so let ho att augo og dei gjekk stillt ut atter.

Det var mest som dei ikkje vaaga aa tala høgt sidan um dagen, etter presten var reist, og det var like eins um dagarne etterpaa. Alle visste no at ho bestemor ikkje kunde ha lenge att. Ho hadde med ein gong fjomnast reint burt. Kvar dagen kunde vera den siste. Ho maatte ha det so stillt at ho torde mest ikkje det kom nokon inn, anna 23enn dei som saag til henne; og stor hugnaden var det ikkje aa koma der; ho laag berre og stunde og anka seg.

Tridje dagen etter presten hadde vore der, var ho reint maallaus, og daa gutarne stod upp um morgonen etterpaa, fekk dei vita at det no var yver; ho hadde anda ut um natti. No laag ho paa likstraa i stova si, og fram paa dagen tok dei og bar henne burt aat den gamle budi burti tune og la henne der.

Det var mest som dei ikkje kunde tru det i fyrste lage. Der stod bestemorstova som fyrr, og naar ein kom inn stod krakkarne der og borde og omnen og sengi og alt saman som fyrr. Det var mest som ein maatte sjaa etter um ho ikkje sat der sjølv òg, i den gamle stolen attmed omnen. Men ho sat der ikkje. Ho laag burti budi og var lik.

Ho Lisbet burti stova, mor til Gunnar og Andres, og ho Marta burtantil andre garden kom sidan um dagen og var med dei andre kvinnfolki og stelte med like’. Dei vaska det og hadde nye fine klæde paa det. Og dei drøste mykje, konorne, og gret ibland. Gutarne laut glytta inn rett som det var og sjaa; men dei kom slett ikkje paa nokon graat no liksom den dagen presten tala med dei. 24Det var berre so fælt underlegt at det var ho bestemor som no laag der. Augo laag so djupt innsokne, og skallen hadde vorte so stor, og nasa var kvass som ein fuglenebb. Men so visste dei òg at det ikkje var ho bestemor retteleg, dette. Det var berre som ein hám etter henne. Ho sjølv som hadde livt, var burte. Dei hugsa det som presten hadde sagt, at ho snart kom til aa fara til himmerike, og no maatte ho vel alt vera der; lenger vegen kunde det vel ikkje vera. Og dei høyrde henne Marta seia det same. Ho hadde no livt so skikkelege, bestemori, og vore so god med bedarane og fare so vislegt aat baade med folk og med fe, so ho maatte no koma paa den gode staden, so sant nokon kom der, sa ho. Det var ikkje det slag for mykje um Vaarherre tok imot henne; «eg vil ikkje vaarkynnaForfatternote: vaarkynna, tykkja synd um. han, naar han fær so-maata skipelege folk til seg,» sa ho. Og dei tykte det, gutarne, at det var rett sagt alt det ho Marta sa.

– Dei hadde ikkje kome seg til med noko-slag moro alle desse dagarne, sidan presten var hjaa bestemori; men i kveld var dei uppi bakkarne med kjelkarne sine att og aka eit bil. Det var plent 25som det var minder vondt og uhuglegt no daa ho var heilt burte, enn daa ho laag der so sjuk og anka seg. No hadde ho det daa ikkje vondt lenger.

Det var blenkjande klaar og skir himmel um kvelden og tett med stjernor. Dei sette seg til aa kvila paa kjelkarne sine uppaa eit bakkebròt eit bil og saag paa stjernehimmelen. Der stod nordstjerna, og der stod sjustjernorne og vangen som alltid. Der stod ein krins som saag ut som ein stor latinsk a, og der stod so mange hundrad andre krinsar; dei laga seg sistpaa til underlege andlit og dyr og bilæte, naar ein saag lenge paa dei. Vinterbrauti gjekk som eit bleikt skimt av maaneskin gjenom stjernemengdi tvert yver heile kvelven, og langt nedmed fjelli i sud stod den stjerna som var større og blankare hell alle dei andre, næst etter kveldstjerna. Det skulde vera ei uhorveleg stor sol, sa han Paal, han hadde høyrt far sin seia det; ho var berre so endelaust langt ifraa, so ho vart liti for oss. Og like eins var det nok med alle dei andre tusund stjernorne paa himmelen, sa dei som visste det; det var alt saman soler som var so umaateleg langt ifraa, mange tusund gongjer lenger hell herifraa og til Amerika.

26«Du, det maa vera ljost og blankt der-ute, der som alle desse solerne er,» sa han Gunnar.

«Ja …; er det der himmerike er?» vaaga han vesle Andres seg til aa spyrja.

Ja det var ikkje so godt aa seia, sa han Paal; men ein stad laut det daa vera, – kann-henda det helst var uppyver den kvite vinterbrauti.

«Ho kann vera som eit atterskin fraa sjølve det rette himmerike,» slo han Gunnar frampaa.

«Koss kann det vera i himmerike … hev dei vengjer alle som er der?» undrast han Andres; han hugsa alle dei som stod med vengjer paa himmelbreve uti budi hjaa Olas-folkje.

«Aa, kva skulde dei plent med vengjer» spurde han Gunnar, bror hans. «Trur du dei ikkje hev anna aa gjera der enn fara flaksa som andre kraakor og traster, du? Nei, d’er nok noko anna der,» sa han. Men korleis der daa i grunnen var, det kunde korkje han eller dei andre gjera seg rett nokon tanke um. Dei sat sistpaa og tagde alle fire. Ingen nemde bestemori, men alle tenkte paa henne. Og det same kunde det vera òg, um dei ikkje visste noko meir um himmerike, naar dei berre visste at ho var der.

*

27So vart det skiping til likferds um dagarne. Dei bryggja og baka og steikte. Gutarne burtistova, der som ho bestemor hadde høyrt til, fekk det annsamt med aa springa ærend og bera inn ved; og alt som tidast kom dei tvo fraa andre stova og hjelpte til. Og so var det jamt ein bit god mat aa faa. Det var so dei snaudt fekk tid til aa hugsa paa henne som burte var, anna enn um kveldarne etter det var myrkt. Men daa var det alltid noko kaldslegt aa tenkja paa denne livlause hámen som laag der aaleine i myrkre burti budi. Dei vilde ikkje vera ved at dei fælte no meir enn elles; men det var likevel ikkje gildt aa koma utum døri aaleine, og knast det i ei dør eller ein vegg, so sat dei med støkken i seg lenge etterpaa.

Men so kom likferdsdagen, og daa maatte dei tenkja paa bestemori heile dagen att. Det hadde aldri vore likferd paa garden fyrr i den tidi dei hugsa, og det var so mykje større og underlegare alt saman enn dei hadde tenkt. Fraa alle gardarne ikring kom folk i flokk og fylgje; dei var alle svartklædde og helsa so aalvorsamt paa einannan og tala liksom so laagt. Dei vart sessa kring lange bord i store-stova og i bestemorstova. Der stod heile haugar med allslag gjestebodsmat, og han 28Alv kjø’meisteren song og las for maten. So samla dei seg alle burti budi kring like’; det laag no i ei svart kista og var so fint tilstelt, og paa kor sida paa hovude brann eit ljos. Og so tok fire mann til aa syngja ei liksalma, so det ljoma ut yver all garden.

Paal og Kolbein stod attmed mor si fremst i flokken. Ho gret og turka seg i augo, og det var ikkje lenge fyrr han Kolbein òg fór til aa sutra og vilde gaa til graats. Han Paal lika ikkje dette og nugga burt i bror sin. Han saag det var berre kvinnfolki som gret; far hans og dei andre vaksne kararne stod aalvorsame og heldt seg, og det tykte han dei skulde gjera alle som karfolk var. Men fyrr han visste nokon ting av, var han so full i halsen, og det flimra so for augo; han laut skunda seg og snu seg burt, so ingen skulde gaa’ noko. Det var den songen som var so underleg aa høyra. So høyrde han dei skulde leggja laake paa kista. Han snudde seg fram att og laut sjaa bestemori for siste gongen; men han saag henne berre som gjenom ei skodd, og det var like eins daa dei bar ut kista og sette ho paa ein slede uti garden.

So gjekk dei fire syngjarane fyre nedetter vegjerne, so kom hesten som drog likkista, og heile fylgje etter. Dei kom snart i fylgje att, alle 29dei fire gutarne, og heldt seg so nær etter kista som raad var; dei vilde gjerne sjaa ho so lenge dei kunde. Men det var ikkje rett lenge dei fekk vera med. Det var langt til kyrkjegarden og kaldt aa sitja i baaten utetter heile fjorden, so dei kunde kje faa vera med heilt fram. Dei laut stogga og snu daa dei var komne midtvegjes ned til sjøs. So gjekk dei fram paa ein høg haug og saag paa fylgje som fór nedetter. Det var sistpaa som ei lang svart skreid som hekk i hop og bugta seg som ein orm frametter den kvite snøbrauti, og liksongen ljoma, so det svara i alle fjelli. Og soli skjein so raudt og bjart i alle haugar og snøbakkar; det glødde i klakefossarne innetter fjelli og blenkte nedi fjorden. So kvarv likkista attfyre ein haug nedmed sjøen og heile fylgje etter; det var det aller siste dei saag av bestemori. Dei var so tekne av altsaman at dei vart standande eit heilt bil og berre stirde nedetter og høyrde etter songen. So tusla dei endeleg paa heimvegen att. Dei visste at det no var god mat aa faa heime, og det skulde vera godt aa koma inn i varme stova etter dei hadde sta’e her i vinden so lenge. Men dei gjekk likevel berre seint uppetter. Det var so mangt dei laut tenkja paa i dag.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kvitebjørnen

Kvitebjørnen ble utgitt i 1906 og er en oppfølger til Det store nashorne fra 1900. Boken inneholder ni mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene har god fantasi og leken er gjerne inspirert av det de har lest om i eventyrsamlinger og tidsskrifter som «Vaarblomsten. Ugeblad for Børn og Ungdom».

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1906 (nb.no)

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.