Kvitebjørnen

av Rasmus Løland

III. Striden um himmerike

30SælabadsfolkeForfatternote: Sælabad, likferd. var reist att, og alt var kome i sitt gamle gjenge um dagarne. Det var berre i bestemorstova det var annleis hell fyrr. Men dei fór snart til aa verta van med det òg no. Naar ho bestemor ein gong var burte, so var ho.

Men so var det ein dag dei fekk høyra noko drøs um henne att, og det noko dei minst hadde venta. Han Lamma-Lars hadde halde bønemøte 31uti gardarne ein dag, og etterpaa hadde han sete inni stova burtpaa andre garden og preika og raadda med henne Marta der. Og daa hadde han baade ymta og sagt at ein kunde nok ikkje vera so altfor viss paa dette um bestemori, – um ho hadde fare vèl og kome paa den rette staden. Det var nok altfor uvisst um ho hadde gjort den rette umvendelsen og ruelsen og fornyelsen som ein maatte ha naar ein vilde fanga naaden, hadde han sagt. Det var nok helst sytelegt fyre at ho hadde grave i det verdslege til det siste. Han for sin part hadde nok freista aa koma i rette tidi og seia henne eit vekkjings ord. Men det var ikkje soleis vore at den gamle synderinden tyktest turva noko av det slage. Ho vilde berre godradla med presten. Men hadde ein ikkje anna aa lita paa enn det som ein slik kar fór med, naar dei tok imot han med gjestebodsmat og blide ord, so kunde det henda dei litte seg sjølv til dom og fekk svida for det paa pinens sted, hadde han sagt. Og mykje meir hadde han sagt. Ho Marta hadde sjølv vore burti kjøken i vestre stova og sagt alt.

Dei hadde ikkje paa lang tid vore so arge og sinna paa noko-slag, gutarne, som daa dei fekk høyra dette. Her hadde baade presten sjølv og ho Marta og Lisbet og alle vore so visse paa kvar 32det vart av henne bestemor, so ingen turvte so mykje som tvila paa det. Og so skulde den tosken…

«D’er kanskje han Lamma-Lars som hev vorte dørvaktar for himmerike no og set nabben for døri for dei han ikkje vil ha inn?» sa han Paal speande. «Eg tykkjer heller han kann takka til um han fær koma der sjølv, eg,» sa han.

«Aa, trur du Vaarherre ser seg syn med sovore,» sa han Gunnar og sputta karslegt, – han hadde høyrt ein av dei vaksne drengjerne seia dette ein dag.

«D’er kje ventandes, so stygg som han er,» sa han Kolbein og slo seg morsk, han òg.

«Nasa hans er som eit tryne paa ein gris,» sa han Paal.

«Og kjeften hans er som du skulde sjaa kjeften paa ei flundra,» sa han Gunnar og freista aa laga munnen etter ein flundrekjeft, so dei rett skulde faa sjaa kor fælt det var. Dei kappast um aa likna han ihop med det verste dei visste, og sistpaa lét han Gunnar um det, at var so tilForfatternote: var so til, dersom. du tok heile Lammalarsen og sette han attmed den stabben der burti tune, so var det ikkje godt seia kven som var mest lik folkje.

33«Og ein slik kar vil vita det betre hell presten!» sa han Paal arg. «Han maa vera glad han kann reinlesa skikkelege i ein huspostil, og presten han hev lese baade tredive og og femti bøker.»

«Ja, og d’er skil paa kven som er mest finast òg av dei tvo,» san vesle Andres.

«Drøs no ikkje toskutt, du,» sa han Gunnar, bror hans; «du vil daa ikkje likna i hop presten og han Lamma-Lars vel? Presten maa daa vera tjuge gongjer finare, og meir hell det òg.»

«Ja rett naar han stend paa preikestolen og hev kappen og kragen paa seg, daa er det ingen finare i heile kyrkja,» sa ‘n Kolbein.

«Nei, skulde der det vera?» sa han Gunnar. «Han er daa prest,» sa han.

«Det kunde vera klokkaren,» slo han Andres varsamt burtpaa.

Mja … sa han Gunnar, du veit han laut noko vera, klokkaren òg, naar han kom fram i kordøri og sa amen, so alt folkje saag paa han. Men for presten stod han no pál, kor som var; for han var daa ikkje anna hell klokkar, og paa prest og klokkar laut det alltid vera noko skil.

– Dei hadde kome litegrand burt fraa han Lamma-Lars med dette; men so tok han Gunnar atti og ynskte berre han maatte koma til gards att 34med det fyrste, den karen, so skulde han snart … Han visste fyrst ikkje rett kva han daa skulde gjera; men etterkvart som dei gjekk der og arga seg, var det ikkje lenge fyrr dei hadde vorte samde um korleis dei daa skulde taka imot han.

Dei hadde alle dagar havt so fælt hug til aa læ aat han Lars, naar han kom der. Han gjekk jamt og bar paa smaabøker som han selde, attaat at han preika, og han sette seg ofte til aa syngja vers or desse bøkerne sine, so folk skulde faa høyra kor eigeleg vene dei var. Daa hadde han so mange ljod og læte, so det var stundom mest som ein skulde høyra eit lamm blekta; det var nok difor dei hadde funne paa aa kalla han Lamma-Lars òg. Det var kje greidt aa halda seg daa og ikkje læ. Men var det noko som alltid hadde vore spelegt,Forfatternote: spelegt, faarlegt. so var det aa læ aat han Lamma-Lars. Log dei aat den som fór med guds-orde, so log dei aat gudsorde sjølv daa, sa foreldri deira, og det hadde sta’e slik støkk av han at det var svært. Men no lova dei med seg, at dei skulde bry seg skitt um aa vera rædd han lenger, eller rædd det som foreldri sa. Dei skulde læ aat han alt dei berre vann, naar han no kom att ein gong til. 35So kunde han ha det aa jorta paa eit bil; og maata so var det aat han.

Dei tok til aa ha augo med seg kvar gong dei saag atti ein framandkar nedi vegjerne sidan um dagarne, um det kunde vera likt til han Lamma-Lars. Det var lenge berre andre folk og ikkje han. Men so ein dag kom han Kolbein fljugande burt aat hi stova til Gunnar og Andres og kunde fortelja at han Lars no var komen; han sat inne burti stova og rødde med mor hans. Dei skunda seg ut og var snart samla burti tune alle fire. Men dei kunde kje gaa beint inn og læ aat han. Dei fekk gjæta paa naar han kom ut og skulde gaa burt til andre stova eller andre garden. Daa kunde dei berre staa burtmed smalhus-hyrna der og læ og skyrpa naar han fór framum. Dei gjekk dit burt og gav seg til aa venta, og daa kom dei paa noko endaa betre. Her kunde dei staa og kasta snø òg etter han. Det var mildver og kram snø um dagen og nettupp so godt aa laga snøballar. Dei skunda seg og knefta i hop ei heil mengd med ballar og la upp i ei festning, so dei kunde ha dei godt ferdige til han kom. Og alt i eitt var dei burtfyre hitt hyrna og spæja etter han. Men staven hans stod enno stødt attmed døri, og han sjølv var ikkje aa sjaa.

36«Det var daa skile-paa til preiking det munne vera med han i dag,» sa han Gunnar; «han ra’r visst or seg alt det vesle han kann denne gongen.»

«Ja eg spaar han er komen paa tralten no,» sa han Paal òg.

«D’er verst for den som skal høyra paa alt,» sa han Kolbein, han tenkte paa mor si.

«Aa ho er daa vakse menneskje, mor di, so ho maa no alltid noko tròtta,»Forfatternote: tròtta, tola. sa han Gunnar. Men jau-menn vart det kaldlege drjugt til slutt, kor som var. Dei var reint blaafrosne og valne paa henderne der dei stod og klabba med snøen.

Jau der høyrde dei endeleg noko kremta, og daa dei glytte fram for utkiks-hyrna, so var det han Lars sjølv. Dei fór attende til festningi og stod kurende stille, – det skulde helst koma yver han som ei raas fyrr han visste eit skapt ord av. So … der er han! Det susa i lufti av fire digre snøkulor, og i same blinken smatt dei attum hyrna; det var mest moro aa vera usedde for det fyrste. Men ingen av ballarne hadde raama; dei fór berre tett framum hovude hans. Han stogga og glande stygt attende, men han kunde ingen ting sjaa og tok snart til aa gaa att. Daa kom det fire kulor 37til, og denne gongen raama det tvo midt i ryggen paa han. Dei freista aa smetta attfyre og løyna seg denne gongen òg, men han hadde alt sét atti dei, og daa var dei likesæle um kor mykje han saag. Dei gjekk heilt fram og kasta etter han alt dei vann og log høgt attaat. Han tok til aa fikta med armarne og ropa og krøkte seg undan; men dei var so uppøste no, so dei ansa ingen ting. Dei tykte dei laut gjeva han noko att for dei hadde lote venta so lenge, attaat for alt det andre.

«Hurra! der hev du ruelsen!» ropa han Paal, han raama han i ryggen med ein stor blaut ball, so det berre klaska etter.

«Og der hev du fornyelsen attpaa!» ropa han Gunnar, han raama nettupp paa rette staden beint nedanfor ryggen. Dei kom so paa laatten med same at dei var aat aa detta i koll. Daa tok han Lamma-Lars til slutt flòge attende og fekk endaa ein ball i nakken daa han fór attum hyrna. Dei høyrde han enno ropa og bera seg burti tune, og so fór han inn burti stova der han var komen ifraa.

Dei vart standande og bles seg i nevarne og saag paa einannan etterpaa, og vart med ein gong so underleg dett med.Forfatternote: dett med, «slukøret.» Dei unte han nok dette; 38men kva vilde det no verta av naar han hadde sete der-burte og besa or seg? Dei smaug stillt inn i smalhuse og glytte ut gluggen, og dei hadde kje vore der lenge fyrr dei tykte det var tryggast aa smjuga heilt upp paa smalhuslemen og gjøyma seg betre og berre glytta ut gjenom ei rivja. Daa kom mor til Paal og Kolbein ut og ropa hardt paa dei. Dei laag stille som myser; men ho munde alt ha sét eitkvart burti smalhuse; for ho kom beint dit og saag etter dei og ropa at dei skulde koma ned. «Eg høyrer dykk nok, fantetravar!» sa ho. Daa var det ikkje onnor furda,Forfatternote: furda, raad, utveg. dei laut krusla seg fram og ned.

«Tykkjer de slikt er likt folkje! Vil de tyna skikkelegt folk, de, eller kva er det de tenkjer paa?» ropa ho og var so vond at ho tok Paal og Kolbein i nakken og risste dei; og ris lova ho dei, so dei aldri skulde gløyma det, so snart far deira kom heim. «Men no skal de gaa inn og be’ han Lars fint um tilgjeving, ellaa so skal eg faa dykk inn paa ein annan maate eg!» sa ho og tok ein stor paak som laag der; for dette var ei skam for all bygdi, og det skulde rett sjaa fint ut um han no skulde gaa av garde med slikt. Han 39Kolbein tok alt til graaten, og dei tvo gutarne fraa andre stova vilde taka paa flòge og berga sitt eige skinn so godt dei kunde. Men so gjekk det so uheppe til at ho Lisbet, mor deira, kom ut paa dørhella burti hi stova nett med same dei kom ut or smalhuse, og so kom ho burt til dei og fekk vita alt. Og ho vart ikkje mindre vond; ho lova gutungarne sine same retten som dei tvo andre og vèl so det. «Men no er det best de gjeng inn og bed for dykk hjaa han Lars, de òg,» sa ho, og ho vilde sjølv vera med inn og høyra paa det.

So bar det inn med heile flokken. Der stod han Lars burtmed vindauga og turka seg uppi augo; han hadde nok grete, var det likt til, og han var so hiren og hengjen, so det var syndalegt aa sjaa. Og han sukka og stunde, daa han saag dei fire syndarane koma.

Ja, no hadde han nok sét og røynt mykje i si tid, byrja han og var so fælt aalvorsam i maale; og han visste nok det at Guds børn alle dagar skulde lida stor tort og forfylgjing av verdens børn, sa han. Men at det skulde koma so langt at jamvel smaa børn forherda seg i hjarta og stod upp og hædde dei truande for evangelium – sa ‘n Lars – det hadde han daa likevel ikkje trutt fyrr han hadde sét det no i dag. For han hadde nok 40høyrt kva-slag bespottelige ord dei hadde bruka. Dei skulde nok ikkje koma ifraa det! sa han og turka seg upp-i augo att og var sinna, so han var skakk i syne.

Det var uhugleg stillt ein augneblink etterpaa, og so spurde mor til Paal og Kolbein kva dei hadde aa svara til dette. Ingen av dei kunde seia eit ord. Det lyddest so mykje verre og alvorsamare dette enn dei hadde tenkt, og dei vaaga ikkje aa nemna kvifor dei hadde gjort det. Det var so leidt aa seia det her, so dei vaksne høyrde det, og dei var ikkje ein gong so visse paa um dei hadde vore i sin gode rett no lenger.

«Kva seier de til dette?» spurde ho upp atter og tok Paal i nakken, han var den eldste av dei. Han tagde enno; men so tok ho berre etter eit ris som ho alt hadde teke inn. «Kanskje det kann faa deg til aa ha upp kjeften!» sa ho. Daa kunde han ikkje bera det lenger, han kasta seg ende ned yver ein stol og hikstegret. «Jau det var det som han Lamma-Lars hadde sagt!» stunde han.

«Vil du bruka unamn paa folk du!» kvesste ho i og riste han; «men kva hev daa han Lars sagt som kann skakka deg eller dykk allesaman?»

«Det var det um henne bestemor,» hiksta han, og ut laut det daa: han Lars hadde sagt at ho 41kunde kje ha kome aat himmerike, og det vilde dei gjeva han att for.

Det var kje fritt det kniste burti kraai attmed hylla etterpaa; det var ho Helga, tenestgjenta, som sat der. Og ho mor austi-stova slepte take i nakken paa han Paal.

So? … men kven hadde daa høyrt at han Lars hadde sagt slikt? spurde ho, og dei høyrde straks at ho var litegrand annleis i maale enn fyrr.

«Det hev ho Marta burti garden høyrt!» ropa han Paal og gjorde seg modig, og dei andre gutarne vaaga no aa seia det same; dei hadde alle høyrt henne Marta seia det, daa ho sat burti kjøken, og ho laug ikkje.

«Jaso … er det slikt drøs du fer med kring stovorne, Lars?» sa ho mor austi-stova og var heller laagmælt.

Han hadde vorte kaldlege snuffen der han stod, han Lars, og tok fyrst til aa mulla og kremta, liksom han vilde koma ifraa det. Men daa sa ho det, ho Lisbet, at dei turvte kje kjava um dette. «Ho Marta sit nettupp burti stova hjaa meg. Me kann berre faa henne hit og høyra kva du hev sagt,» sa ho. Dei styrde straks henne Helga av stad etter henne Marta, og det var ikkje lenge bia fyrr dei kom att baae tvo. So fekk ho Marta 42greida paa alt og skulde vitna kva slag rødor han Lars hadde fare med.

«Ja, eg vil no helst vera utanfor, eg, det kjem ikkje meg ved,» sa ho; men so mykje torde ho no likevel seia, der ho ein syndar stod, at han Lars hadde slege frampaa baade um det som gutarne hermde og um ein grand meir.

«Jaso … d’er svære ord du lyser daa, Lars,» sa mor til Paal og Kolbein og fór til aa verta bleik. «Eg visste kje betre enn at det var ein større mann som hadde eit lite ord med um himmerike,» sa ho.

«Og me skulde vel heller sjaa til aa faa oss ei liti kraa der sjølve, og ikkje ha det so annvint med aa stengja andre folk ute,» sa ho Lisbet.

Han Lars stod fyrst berre og kremta enno, og so tok han til som han vilde koma ifraa det med preik og bibelspraak. Men daa vart ho kvass, ho Marta, og hogg rett nyttelegt i. «Du kann no lesa nett so mykje du vil, Lars, baade or apostlarne og Sebbedæus og profettarne,» sa ho, «men det du sa, det sa du, det højrde eg!» sa ho.

Daa rette han Lars seg heilt upp, og dei kunde sjaa kor det taut i han av sinne. Ja, det han hadde sagt det var daa ikkje meir enn som kvar 43ein truande kunde seia og staa ved, og hvilket kunde bevises ved skrifterne, sa han; og so tok han til aa preika um umvendelsen daa, og um ruelsen og naaden i Kristo og alt det andre han stødt fór med, og han sa til slutt mest alt det same som han hadde sagt med henne Marta.

«Ja, ja, Lars,» sa ho mor austi-stova, daa han endeleg tagna. «Eg skal ikkje svara deg noko paa alt dette; eg undrast berre paa at du kann sjaa deg syn med aa koma inn i eit so syndigt hus som dette.» Ho var eldende raud, og so sa ho ikkje eit ord meir med han.

Daa fumla han Lars og tok hatten sin og kom seg aat døri og berre mulla noko um at han riste støvet av føterne sine. Og det kunde han gjerne gjera, det var ikkje finare føterne han hadde, tykte dei fire gutarne. Dei hadde turka taarorne og gløymt all otte, sidan det hadde teke ei so ovgod vending, og so snart han Lars var ute, smatt dei ut bakdøri og sprang alt dei vann burt aat smalhushyrna att. Dei visste vèl at dei slapp for aa høyra eit vondt ord for dette no meir, og dei var so modige og kipne attpaa at dei tykte dei gjerne kunde gjeva han Lamma-Lars endaa ein snøball paa kaupe, naar han kom framum der. Og det fekk han, baade ein og tvo. Daa rømde han ikkje 44attende; han berre heldt seg for øyro og tofla og laup utetter til andre garden alt han vann. So kunde han gaa. Dei kasta resten av snøballarne i veggen og var so byrge heile dagen sidan at dei aldri hadde kjent seg slikt til karar fyrr.

*

Det vart drøs um dette kring alle gardarne etterpaa, som venteleg var; der han Lars kom fekk dei full’ vita um det. Alle dei som vekte og heilage var, vart vonde og arge; men alle dei andre log, og daa han Truls nedmed sjøen, snikkaren, fekk høyra det, tykte han det var so godt gjort at han lova han skulde gjera nye ski aat dei til jol. «No er det likt til at ungarne lyt gjera det som dei vaksne ikkje hev mannskapen til,» skulde han ha sagt. Og han heldt det han hadde lova. Straks fyre jol kom han ein dag ruslandes med ski aat dei alle, og det dei som fine var. Slik mann som han Truls fanst ikkje. Og daa fortalde han med det same at han hadde drøst med sjølve presten um detteher um ‘n Lars. «Eg slo frampaa um det daa eg skjussa presten sist,» sa han. «Han læst nok som han hyrpte paa nasa fyrsta, presten, og sa det var stygt at smaagutar fann paa slike fantestrikor. 45Men daa eg kom til det um dei blaute snøballarne som raama so godt paa rette staden» – sa ‘n Truls – «daa var det ingi raad, han laut læ presten òg.» – Daa skyna dei at dei turvte kje ottast noko vondt av presten heller for dette, naar han kom att ein annan gong. Og sidan høyrde dei ikkje so mykje som eit ord um at ho bestemor ikkje var i himmerike, der som ho med retten skulde vera.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kvitebjørnen

Kvitebjørnen ble utgitt i 1906 og er en oppfølger til Det store nashorne fra 1900. Boken inneholder ni mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene har god fantasi og leken er gjerne inspirert av det de har lest om i eventyrsamlinger og tidsskrifter som «Vaarblomsten. Ugeblad for Børn og Ungdom».

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1906 (nb.no)

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.