Kvitebjørnen

av Rasmus Løland

IV. «Vaarblomsten»

46Det hadde vore skule nokre vikor ei tid fyre jol. Daa hadde skulemeisteren ein dag synt dei nokre smaa eigeleg vene blad som heitte Vaarblomsten. Der var mange bilæte i dei, og lesnaden var òg svært god og gild for born, sa han; der var morosame sogor og allslag anna som godt og gagnlegt var. Det var eit blad som dei alle skulde halda. Og tyktest dei ikkje ha raad til aa tinga det for i aar, so kunde dei faa heile aargangen for ifjor for halv pris, berre 47dei skreiv inn til byen. Han skulde gjerne skriva for dei og senda pengarne.

Han hadde ingen fred paa seg, han Paal, daa han hadde høyrt dette; han tykte han plent laut faa tak i Vaarblomsten. Dei tri andre gutarne var ikkje so spræke til aa lesa enno at dei brydde seg um aa ha meir enn leksorne og det dei las i skulen. Men han kunde alt lesa og skyna mest kva det var no, og det skulde vera so brennandes gildt aa faa lesa alle dei morosame forteljingarne i blade. Han hadde ikkje sjølv skillingar nok, og han vaaga ikkje aa be’ faren etter pengar; men han tok straks til aa slaa frampaa og gnaga um det med mori. – Aa, dei hadde vel anna aa gjera med pengarne hell kasta dei burt i vaarblomstrar, tykte ho; men sistpaa so lova ho likevel at ho skulde tala med faren um det, og ein sundagskveld dei alle sat inne og han var so godt i lag, so heldt ho ord og sa det. Og daa gjekk dei reint yver voni. Han tykte det var gildt at ungarne hadde hug til aa lesa, og lova mest med ein gong at dei skulde faa blade.

Dagen etter hadde Paal bladpengarne i lumma, daa han gjekk aat skulen, og den som var glad og byrg, det var han. Og skulemeisteren tykte kje heller det var lite, daa han tok imot dei 48og skreiv upp namne hans. «Du vert nok snart den klokaste i heile skulen, du», sa han, og det tykte han Paal sjølv òg der kunde vera noko i; for der var ingen annan som var so mykje til kar at han hadde løyst Vaarblomsten. Han var den einaste.

– Det vart noko lenge fyrr blade kom. Dei gjekk berre og venta fraa dag til dag, han og dei andre tri gutarne, og gjorde seg allslag tankar um kva der kunde staa i det. Der var no vel ein god mun med tigrar og tigerkattar, spaadde han Gunnar. Og krokodillar og løvor vona dei òg der maatte vera. Men visst var ingen ting fyrr dei fekk sjaa det.

Jau so endeleg ein morgon dei var komne aat skulen, gjekk skulemeisteren burt aat bokhylla og kremta so underlegt, og so tok han fram ein pakke og kom burt til Paal med. Det var Vaarblomsten for heile aare ifjor. Og utanpaa stod skrive med store sving: «Her Paul Olsen …» Han vart eldende raud berre han saag det. – Men det var ikkje verdt han tok upp pakken fyrr han var komen heim, sa skulemeisteren; dei kunde snart riva bladi sund eller sulka dei til for han, naar alle her fekk tak i dei og vilde sjaa. So torde Paal ikkje anna hell leggja pakken ned i nistetina 49si so lenge. Men drjugt var det aa venta alt til kvelds. Han kunde lite høyra etter eller samla tankarne paa nokon ting frametter heile dagen. Daa dei endeleg var ferdige, tok dei paa sprange uppetter, til dei kom upp for den fyrste haugen, og daa var det ikkje lenge bia fyrr dei fekk pakken upp og til aa sjaa.

Aa du, so fine bilæte! Paa det fyrste blade stod ei nauende vèn liti gjenta med ein fin blidsleg hund attmed seg, og paa det andre var der ein merakkeleg fin fugl; han hadde ei papirrimsa i nebben, og paa den stod det eit salmevers med svært fine bokstavar.

«Nei kvar kann han ha fenge tak i det?» undrast han Kolbein.

«Aa det kann vera eit himmelbrev han hev fenge hakka til seg eikorleis,» trudde han Gunnar. Men det var ikkje tid til aa gruna paa det no. Dei laut berre sjaa og sjaa. Der kom det eit par blidslege smaagjentor att med runde augo, og ein kross med tri salmevers paa. So kom det nokre fine smaagutar som sat attmed eit bord og las i kvar si salmebok. Og so… tenk so var det ei blidsleg liti gjenta att og ein hund.

«Dei mune ha svært mange av det slage aa skildra paa,» sa ‘n Gunnar; og svært like var dei òg alle.

50«Ja men hunden er daa mykje annleis her,» lét han Paal; «han hev høge øyro, so det maa visst vera ein smalahund».

Ja, kanskje det; men skulde det no ikkje snart koma andre dyr au? Dei jaga fraa blad til blad. Der kom nokre gutar som laag paa kne liksom dei bad, og so eit barn med blanke straalar ikring, og ein ny fugl som dala ned paa ein gravkross; der kom ein mann som stod med henderne ihoplagde og skyggla upp til himmels; der var englar med vengjer, og mangt anna, og so nokre karar som visst var profettar; for dei hadde blanke tunneband kring hovude som slike heilage karar alltid hadde. Men nokoslag løvor og tigrar og krig og alt slikt som hadde sta’e i den gamle bladboki kom ikkje. Dei hadde sistpaa fare gjenom alle bladi til endes og ikkje funne anna hell noko som so vidt kunde vera ein bjørn.

Dei var kje fri dei var noko dett med attpaa. Men der var daa svært mykje med fine bilæte, kor som var, baade med hundar og fuglar, sa han Paal, og noko anna kunde dei ikkje seia dei andre heller.

Dei la bladi fint ihop og kom seg paa heimvegen. Sidan um kveldarne tok dei Vaarblomstarne fram att og saag betre paa bilæti. Men rett lenge sat dei aldri ned dei, og um nokre 51dagar fekk Vaarblomsten liggja heilt i fred uppi hylla.

Men so var det lesnaden i blade. Han Paal var svært forviten paa den òg, han; men so lenge skulen varde vart det ikkje stort tid til aa lesa. Han vilde heller ikkje dei skulde ha det aa seia at han hefte seg burt med Vaarblomsten og gløymde leksorne. Men so slutta skulen for denne gongen ein av dagarne, og daa tok han straks til aa lesa i det nye blade.

Det fyrste stykke han raaka paa var ikkje alt so morosamt. Det var mest som eit stykke av ei preik i postilboki, med mange bibelord og vers. Men han laut lesa det til endes likevel, sidan det no stod i Vaarblomsten. – Det andre han tok paa med byrja betre; det var um ein missjonær som var uti heidninglandi og tala med dei svarte; men alt som det leid paa, so vart han so svær til aa drøsa at det var mest som ei teksterbok dette au. Daa kunde han ikkje for det, han Paal, han slutta midt nedi stykke; det fekk kje hjelpa um det stod i Vaarblomsten.

Men so fann han endeleg eit som var mykje betre, og det las han upp for dei andre gutarne ein gong alle dei vaksne var ute. Det var um ei gjenta som heitte lille Mally. Ho var so nauende 52fatig, ho Mally; men ho var svært snild og skikkeleg. Ho las morgonbøni og kveldsbøni kvar dag og la alltid fint i hop henderne og las for maten. Det var det same um alle dei andre borni var ute og leika og sprang, ho gav seg likevel alltid tid til aa lesa for maten. – So skulde det vera slik ein gild fest paa skulen daa, og ho lille Mally fegna seg so svært og vilde so gjerne vera med og syngja alle dei vene salmerne um Jesus, som ho kunde so godt. Men so aatte ho ikkje skor som var gangandes i; det var berre fillorne dei ho hadde, og foreldri hadde ikkje raad til aa kjøpa nye skor aat lille Mally. So visste ho seg ingi raad daa, koss ho skulde faa seg nye skor, og ho var so svært usæl. Men so kom ho i rette stundi til aa tenkja paa den søde Jesus. Og so la ho seg paa kne og bad so brennandes til Jesus at ho maatte faa seg nye skor til skulefesten. Daa kjende ho seg so glad etterpaa og gjekk til mamma si. «No veit eg at eg fær skor til festen,» sa ho. «Jaso, kjære Mally mi, kvar fær du dei ifraa?» sa ho mamma. Jau, no hadde ho bede til Jesus, sa lille Mally, og daa visste ho at ho fekk. Daa smilte mamma tungt og sa ikkje noko; ho snudde seg berre burt. Men den som fekk staa til skamdar med vantrui si, det var ho mamma. For daa 53det leid mot kvelden kom det med eitt ein fremand mann og banka paa døri i den fatige stova og spurde etter lille Mally. Han bar paa ein liten pakke som ho skulde ha, og daa dei skulde tilsjaa, so var det eit par nye fine skor han kom med. Han var ein rik og gudfrygtig mann, og det var gjenge soleis til dette: best som han gjekk til kontore sitt i dag, var det kome yver han plent som ein styng at han maatte tenkja paa lille Mally og undra seg paa um ho hadde skor, so ho kunde koma paa skulefesten. For han tyktest hugsa at ho hadde havt fælt laake skor ein gong han hadde sét henne. So hadde han ikkje havt nokon ro ell’ fred paa seg fyrr han gjekk stad og kjøpte desse skorne aat Mally. – Daa saag lille Mally upp imot himmelen med dei himmelblaa augo sine og takka den søde Jesus – stod der – og ho mamma fekk taaror i augo. «Søte lille Mally, du er visare enn alle me andre,» sa ho. So fekk ho koma paa skulefesten, og alt var svært gildt. –

«Aa,» sa ‘n Kolbein, daa soga var ute, «soleis skulde dei fara aat, Pera-ungarne nedmed sjøen au, so dei kunde faa seg nye skor; for dei hev daa so ringe og holutte skor som det kann vera skor skapt,» sa ‘n.

54«Ja… berre det no hjelpte so snøgt,» sa han Paal og drog paa det.

«Kvifor skulde det ikkje hjelpa likso godt for dei?» vilde han Kolbein vita.

Han visste kje rett kva han skulde svara, han Paal. Aa seia at han ikkje trudde dette-her, vaaga han aldri; det visste han var stor synd. Men so hugsa han so snøgt paa at Pera-ungarne hadde lurt seg inn i eit naust nedmed sjøen no nys og gjort vondt. «Ja ja… dei fær no i minsto lata vera aa nasa og stela paa spekesild og baatspiker, dei som vil faa seg skor soleis,» sa han.

«Og Jesus er no vel ikkje plent nokon skomakar for allslag folk og pargas heller,» sa ‘n Gunnar, og det tykte dei alle, naar dei rett tenkte paa det.

– Etter denne soga um Mally fann Paal sidan ei um ein mann som heitte Olsen, og der gjekk det mest paa ein prikk like eins. Han var so bifatig, Olsen, og halt og krank attaat. Men han var svært from, stod der, og heldt seg til bibelen. So vart det so brestande kaldt um vinteren, og Olsen han aatte kje flisi med ved. Og kona hans ho klaga og kjærde seg og spurde koss dei no skulde berga seg. Daa peika Olsen berre burt paa bibelen og sa at der var rikdomen deira, og 55der stod kven dei skulde faa ved av. So la han seg ned og bad og heldt henderne i hop yver bibelen; og lenge var det ikkje daa fyrr det kom ein kar ruslandes med eit nyttelegt kol-lass aat han …

Ja ja, det var godt og vel nok for Olsen dette, dæ var det. Men nettupp so svært morosamt… Han la Vaarblomsten ifraa seg so lenge, han Paal, og fortalde kje noko med dei andre gutarne um denne soga.

Men nett fyrr dei skulde leggja seg um kvelden den same dagen, fann han noko anna som han var viss paa maatte vera gildt. Det var ei soga som hadde til yverskrift «Lille Ole,» og der var endaa bilæte i ho; ein stad var Ole inni ein eplehage, og ein annan stad laup han i veg med skjeisorne og skulde paa isen. – Han fekk ikkje tid til aa lesa stort noko av dette um kvelden; men straks um morgonen etterpaa stakk han Vaarblomstarne i lumma og fekk dei andre gutarne med seg burt paa smalhuslemen. Der kunde dei sitja so godt i fred, og der var varmt og godt aa vera og ljost attmed ei liti ruta i veggen. So skulde Paal lesa høgt um Ole og tolka alt ut og dei andre høyra paa.

Det byrja soleis at lille Ole voks upp i ein god heim og «nød en omhyggelig opdragelse,» stod 56der. Foreldri hans tok alltid Ole med aat bedehuse um sundagarne, og lærde han aa lesa i gode og uppbyggjelege bøker. Men han var likevel ikkje alltid som han skulde vera. Den vonde hugen og «verdens syndige begjærligheder,» stod der, sat i han vesle Ole au, og rett som det var let han seg lokka til det som gale var. Han stal sukker i skaape og freista aa ljuga det ifraa seg etterpaa og gjorde andre slike galne spikk. Daa var det ingi onnor raad, foreldri hans maatte tugta og refsa han, endaa dei elska lille Ole so hjartelege.

For kvar gong han Ole soleis hadde fenge ei refsing og var usæl, høvde det seg so løgje at der kom ein from mann inn i stova. Han tala alltid so mykje med guten og drog allslag gode lærdomar ut or det som hende. Og han fekk alltid Ole til aa lova dyrt at han aldri skulde gjera slike ustykke meir. Daa vart Ole glad og sæl att.

Ja so gjekk det godt ei heil tid daa med han Ole. Men so vart det hausten, og burti ein hage eit stykke ifraa var der so mykje med fine eple. Ole gjekk ofte framum der, og so «indgav djævelen ham den onde tanke,» stod der, at han skulde stela av desse epli. Lenge stod han imot freistingi; men sistpaa kunde han ikkje halda seg; han lurde seg ut i kveldingi ein dag og kom seg inn i hagen og 57trudde at ingen no skulde sjaa han. Men daa tok han i mist. Der var nok altfor mykje den som saag han; det var ein mann som sat innanfor eit vindauga i eit hus midtfyre. Og det var ingen mindre enn den fromme mannen som kom so ofte innum hjaa foreldri hans. «Han sad netop og forrettede sin aftenbøn,» stod der, «da han fornam en raslen i løvet ude i haven». Han fekk straks auga paa tjuven og saag kvast etter han.

«Men du merakkel!» sa han Gunnar, han kunde kje halda seg, «kvifor var han daa slik ein tosk, so han plent skulde gaa inn i hagen midtfor nasa paa den fromme karen? Kunde han ikkje lurt seg inn burti ei kraa?» sa ‘n.

Nei det skyna ikkje han Paal heller; det var altfor toskutt, dette.

«Ja men skulde der no vera ein from kar burti kraai òg?» sa han vesle Andres.

«Tosk, kva skulde nokon from mann der gjera?» spurde han Gunnar; «dei fromme kararne sit inne og les i bønebøkerne dei.»

«Aa, dei kann daa vel ikkje sitja inne stødt;… det kunde vera ein som hadde ei ærend for sjølveseg burti kraai,» slo han Andres frampaa.

«Ja for dei lyt daa vel gjera det dei òg stundom, um dei les aldri so mykje i bøkerne,» sa ‘n Kolbein.

58Ja det veit du; det laut dei full’, sa han Paal òg. Men daa skyna dei alle so mykje at det var ikkje komandes i ein slik hage som det krák med fromme folk i; det var eit bøle ein aldri skulde koma naame nær. Det gjekk daa som venteleg var for han Ole; best som han stod der og fumla og skulde faa epli i lummorne, so kom den fromme mannen kvepst yver han og «greb ham midt i hans frække forehavende,» stod der. Og daa kunde ein vita kva slag hus det vart. Mannen leidde han Ole heim til foreldri hans, og der fekk han fyrst dugeleg ris og so ei svær preik attpaa med vonom fleire bibelspraak i. Og det kunde han gjerne faa, tykte gutarne, naar han var so utifraa tosken til aa taka eple.

So gjekk det paa nytt lag godt eit heilt bil frametter, og han Ole var sers skikkeleg og gjekk kvar sundag paa ein sundagsskule. Det var ein skule «hvor fromme mænd underviste og talte formanende og kjærligt og fromt til de smaa børn,» stod der. Det fall nok stundom noko stridt for han Ole aa gaa dit, naar vere var fint og han saag mange andre gutar springa ute og moroa seg. Den vonde hugen hans lokka og drog. Men han stod manneleg imot alle freistingar og gjekk fint paa sundagsskulen, og alle rosa han for han var so utifraa 59snild og from ein gut. Og han Ole lova med seg at han alltid vilde vera soleis.

Men eitt er aa lova og noko anna aa halda. Daa det hadde gjenge ei tid, kom det so ovende fin ein sundag att. Det var blenkjande fin is paa ei elv tett attmed, og daa han Ole var paa vegen til sundagsskulen, saag han store flokkar med gutar som var der og rende paa skjeisor. Daa kunde han ikkje staa imot. Han lurde seg heim som ein tjuv etter skjeisor og tok paa laupe ned mot elvi; han fekk heller ljuga og seia han hadde vore paa skulen, tenkte han, var so dei spurde etter. Men daa, best som han smatt nedum eit hyrna, stod der, – «lød der pludselig en advarende røst bag ham, der raabte: Ole!» Og daa ‘n Ole sku’ sjaa, so var det den fromme karen att som hadde sta’e der og nasa og lurt og sét han. Du kann vita det var han. Og det nytta lite for han Ole aa negta noko, naar han stod der med skjeisorne i neven. «Ved du ikke hvilken stor synd du nu staar i begreb med at begaa mod Jesus, som du skal høre om paa søndagsskolen?» spurde den fromme mannen og var so fælt aalvorsam. Daa kunde Ole ingen ting svara, han berre «græd», stod der.

«Nei men skulde du høyrt paa slik ei bløyra!» 60sa han Gunnar og var reint arg der han sat. «Kunde han ikkje heller spurt kva det skakka Jesus at han gjekk paa isen?»

Men han Ole hadde kje so mykje til vit, han berre dreiv paa og «græd», han, og so maatte han fint vera med heim til foreldri og faa si straff att. Han slapp nok for ris denne gongen; men han fekk det som ikkje betre var. Han maatte fyrst sitja innestengd eit langt bil og lesa i ei svært gagnleg bok, og sidan kom den fromme mannen og tok han med ut paa ein lang «spadseretur», stod der, og «underholdt ham med opbyggelige betragtninger» heile tidi.

«Aa du arme makk, du Ole!» sa ‘n Gunnar. «Eg vilde kje vore Ole, eg!»

«Ikkje eg heller!» lét dei andre.

«Men kva-slag folk kann det vera desse fromme mennerne som er alle stader?» undrast han Kolbein.

«Aa du veit daa det; d’er slike som les mykje og gjeng i bønemøte og preikar mykje,» sa han Paal.

«Aa kanskje dei er mest som han Lamma-Lars daa?»

«Nei er du galen,» sa ‘n Paal, «dei maa daa vera noko likare.» Men daa dei tenkte seg betre 61um, baade han og dei andre, laut dei mest tru det var noko i dette, kor som var; der var visst ikkje so lite av Lamma-Lars-arti i dei folki. For dei tala stødt liksom han og hadde alltid slik svær hug til aa gjera paa tverke for alle gutar som vilde ha litegrand moro.

Der var endaa eit heilt langt stykke um han Ole; men dei tykte kje det var stort noko aa lesa paa lenger. Dei vilde heller gaa ut og springa i snøen og aka paa kjelkarne. Han Paal fór berre som snøggast nedetter stykke og vilde sjaa koss det enda, og det fekk han vita i dei siste linorne. Der stod at han Ole til slutt, etter alle freistingarne han hadde vore i, voks upp og vart «et meget fromt medlem af menigheden.» Kunde tru det …

– – Dei vart mindre og mindre forhuga paa Vaarblomsten etter detteher. Han Paal berre saag i han so av og til, og daa var det berre same slage alt saman, tykte han. Men daa han sistpaa slett ikkje lenger venta eller trudde det, fann han likevel noko gildt i Vaarblomsten, i eit av bladi mest uti enden paa aargangen. Det var um ein indianar som heitte Black Feet. – Denne Black Feet’en var ein fæl herjar. Daa han var ung hadde han vore hjaa dei kvite ei tid og gjenge 62i skule og skulde verta kristen; men so hadde han rømt ei natt og fare langt langt inn i dei ville fjelli. Der bygde han seg ei hytta og slo seg til og livde eit villt liv, stod der, og gløymde alt det gode han hadde lært hjaa dei kvite. Han livde av kjøte av bøflar og bjørnar som han veida i fjelli og skogarne; han klædde seg i dyreskinn og prydde seg med fjører av dei ville fuglarne. Og stødt laag han i strid med dei andre indianarane. – Naar dei raude mennerne fellte ein fiende, flaadde dei skinne av hovude hans og tok med seg. Desse hovudflaattarne kalla dei skalpar og hengde dei i belte sitt, og di fleire slike dei kunde samla, di gildare og gjævare tykte dei det var. Black Feet hadde òg fæl hug paa aa samla skalpar. Men han tykte kje det var noko aa ha skalpar berre av indianarar. Han var kje nøgd utan han fekk taka skalpar av pale man, det var utlagt dei kvite, stod der. Han gjekk ofte paa lur etter kvite ferdafolk i mange dagar. Men dei varde seg alltid so godt at han ikkje enno hadde fenge tak paa nokon av dei.

Soleis hadde Black Feet livt lenge og vel uti dei store ville fjelli. So vilde han ein dag ut paa ei ny røvarferd, og han lova daa og svor ved den store aandi at han denne gongen ikkje skulde snu 63heim atter fyrr det flagra ein skalp av ein pale man i belte hans. Han tok bogen sin paa ryggen og hengde den kvasse skalpkniven i belte, og i handi svinga han ei svær tung tomahawk, det var utlagt klubba. So fór den raude mannen paa lettan fot burt yver høge blaa fjell; ørnefjørerne flagra i haare hans, og augo glødde av vill stridshug. Han fór gjenom tronge djuv og gil og kom ned i ein dal. Der rann den blaa elvi nedi botnen, og her og der stupte ho ned i skumande fossar, stod der. Digre kjempetre som visst var tusund av aar gamle, voks uppetter dei stupbratte liderne. Store ville blomar voks millom steinarne. Høgt uppi blaae lufti kring dei snøkvite fjelltindarne krinsa den gløgge ørni, og nedi elvi sprang store fiskar og leika seg. Alt her var urørt og utrøtt; det var som der aldri skulde vore folk fyrr, og det hadde der visst ikkje vore heller, utan det var ein einsleg indianar som hadde lurt seg fram paa dei løynlege stigar. – Men Black Feet saag ikkje paa alt dette store og paradisiske ikring seg, stod der. Han berre sneik seg fram som ein vill panter, til han kom fram til ei liti grøn fin eng nedmed elvi. Der la han seg til aa kvila eit bil fyrr han fór lenger. – –

64– Der stod ikkje meir i dette nummere av «Vaarblomsten»; men der skulde koma meir i det næste. Paal kunde kje finna det næste daa med same; han gjøymde ikkje lenger bladi so fint paa ein stad som fyrr, og det var eit og anna han laut hefta med fyrr han fekk leita det upp. Men trast fram paa dagen hadde han funne alle dei nummer som soga stod i og fekk dei andre gutarne med seg upp paa smalhuslemen att. Dette var so makelaust gildt at dei laut faa høyra det alle. Han fortalde fyrst alt det han hadde lese i det fyrste blade um Black Feet, og at han no laag og kvilde paa den grøne engi nedi den djupe dalen. So tok han til aa lesa att.

Soli fór alt til aa laagna burtyver dei skybøge fjelltindarne, stod der, daa Black Feet vakna. Han sprang upp med eit villt hopp og svinga med toma hawka si, liksom han vilde prøva dei ustyrlege krefterne sine. So spæja han med kvasse ørneaugo ikring seg til alle kantar og tok til aa gaa burtetter ein smal skogstig som var trakka upp av villdyri. Daa var det med eitt som han høyrde noko. Han stogga snøgt og heldt anden og lydde. No høyrde han det var stig som nærma seg; men skogen var so tett at det var uraad aa sjaa meir enn nokre stig framfyre seg …

65«Aa, no skal du sjaa d’er ei løva som kjem tassande,» sa han Gunnar.

«Ja, berre det no ikkje er ein klapperslangje som klattar med sprælen,» sa ‘n Kolbein, han visste det var i Amerika han var, denne fæle ormen. Dei var so hippne og forvitne at dei sat med open munn og blanke augo, daa han Paal las lenger. – Der var ein liten krok paa vegen nokre stig framanfor, stod der. Black Feet smaug still som ein skugge dit burt og stod med tomahawka i vere og venta, ferdig til aa slaa til som eit ljon. So kom stigi fram til svingen, «og da» – stod der – «stod den vilde, mordbegjærlige Black Feet pludselig ansigt til ansigt med en from missjonær» …

Han vart so forbina, han Paal, daa han kom til dette, at han stogga upp midt i lesingi, og dei andre sat òg berre og glande.

«Men du rygd, var der daa fromme folk der au?» sa han Gunnar, han var reint laag i maale.

Ja, det saag nok ut til dess, ja… «en som havde vovet sig ind paa dette vilde, frygtindgydende gebet for at omvende de arme hedninger,» stod der.

«Men det skal no vel ikkje verta lenge bia fyrr han misser skalpen sin, den karen som vaagar 66slikt,» spaadde han Gunnar. Men nei; daa missjonæren fekk auga paa Black Feet, stogga han snøgt upp og stirde stivt paa han, stod der, og daa var det med ein gong som indianaren vart klumsa. Han let tomahawka siga ned og rørde seg ikkje av flekken. So ropa missjonæren eit underlegt indianskt ord og sprang burt og treiv Black Feet i handi, og han, indianaren, stod enno like still. Og so kom det for ein dag koss dette hadde seg. Det var hjaa denne missjonæren Black Feet hadde gjenge i skule eit bil den gongen for lenge sidan. No kjende dei einannan att baae tvo, og indianaren vart so teken daa den gamle læraren hans saag han i augo, at han gløymde all villskapen sin. So tok den fromme missjonæren til aa tala med han og minna han um det han hadde lært i gamle dagar, og det vart ei hardla lang røda med mange bibelord; han tala jamvel um ruelsen.

«Men han maa no vel til slutt røma sin veg att, Black Feet, naar han fær tenkt seg um,» vona han Gunnar enno. Men nei, ikkje ein gong so mykje til mannskap hadde han att i seg no. Han fylgde den fromme missjonæren heim til ei hytta i skogen. Der sette han seg attmed føterne hans og fekk høyra endaa mykje meir lærdom or 67bøkerne. Daa vart han sistpaa so klekt at han gjekk radt til sørgs og umvende seg og vart sidan «en from ordets prædikant,» stod der.

– Dei var reint lavøyrde der dei sat, gutarne. Og dette som hadde byrja so svært… Der var endaa eit heilt blad um Black Feet og alt det han preika for dei andre indianarane; men han Paal la det ifraa seg og brydde seg ikkje so mykje som aa sjaa paa det. I lengste lage hadde han freista aa halda paa Vaarblomsten og finna noko godt i han, sidan det no var han som hadde fenge ‘n; men no glapp det for han òg.

«Eg tykkjer helst det kunde vera lesnad for han Lamma-Lars dette-her, eg,» sa han. Dei tykte det same alle, og det var plent som dei hadde tykt det lenge; dei hadde berre ikkje tort seia det.

– – Det var sundag og fint ver um dagen, og dei hadde snart gløymt heile «Vaarblomsten», daa dei hadde vore ute og sprunge og moroa seg eit bil. Men daa han Paal kom inn i stova frampaa dagen, fekk han hugsa ‘n att, og det paa ein maate han minst hadde venta. Mor hans hadde sett seg til aa lesa i nokre av dei bladi som laag att inne, og ho hadde vorte reint uppi vere for Vaarblomsten. Nei tenk var det slikt eit fint og 68gildt blad! sa ho. Her var baade aandelege vers og skikkeleg aandeleg lesnad som borni kunde ha godt av. «Lat meg no sjaa de les trottig i det, so pengarne ikkje er kasta burt til inkjesvetta,» sa ho.

Han vart reint skræmd der han stod. No skulde du berre sjaa dei skulde faa Vaarblomsten yver seg som ei onnor postilbok som dei maatte sitja og lesa i um sundagarne! – Han sa ingen ting, berre kom seg ut att. Men skulde det verta noko-slag møda med Vaarblomsten, so skyna han straks det var best dei hadde so lite av han som raad var. Han hadde gjenge ifraa ein slump av bladi burt-paa smalhuslemen, og dei var det daa klokast aa gjera ein utveg med i tide. Han gjekk burt og samla dei i hop og reiv dei av paa midten og kasta dei ned i ei myrk kraa i smalestallen. Dei vaksne hadde vel ikkje plent talt bladi, so dei kunde gaa’ noko um desse kom burt.

Men ikkje fyrr var kan komen inn att sidan um dagen, fyrr han fekk anna aa høyra. Det var reint som han var uheppa skyld i dag. Mor hans hadde kome til aa lesa paa ei soga um ein drukkenbolt som saag hinmannen og umvende seg, og so var ho ikkje god til aa finna dei bladi som resten stod i.

69«Kvar hev du gjort av dei andre Vaarblomstarne?» sa ho.

«Dei andre… skulde det vera fleire?» sa han og gjorde seg tosken.

«Du ser daa det,» sa ho; «desse bladi gjeng berre til nummer 30, og det skulde vera yver 50 i alt.»

Mja… Sanningi var det uraad aa seia, og beint fram ljuga var likso ille. Han laut daa sjaa til aa berga seg so godt han kunde. Dei hadde nok havt nokre av bladi burtpaa smalhuslemen, sa ‘n, og so hadde det gjenge so sneplege til at dei munde ha flagsa seg ned i stallen ei-leis og vorte nedtrakka av sauerne.

«Nei skulde du høyrt paa aatferd!» ropa ho og var etandes vond. «Er det soleis du fer aat med bladi du fær pengar til, du? Eg skal klaga dig for far din, so snart han kjem inn att,» let ho, og det gjorde ho òg. Og han vart endaa meir vond. Det var berre so vidt han ikkje gjekk etter ris. Og so tok han alle dei Vaarblomstarne som var att og la dei inn i skaape paa veggen og læste dei vel inne. Dei skulde kje so mykje som faa sjaa dei meir, naar dei ikkje passa betre paa dei, let han. «Eg hadde tenkt so smaatt paa aa tinga blade aat dykk for heile komande aare òg,» 70sa han; men no skulde dei fint faa vera med inkje; so kunde dei sjølve ha skaden og ha det so godt.

Han sa ingen ting, han Paal, og minst av alt vaaga han aa læ. Men daa han hadde kome seg vel ut att og var aaleine, kunde han ikkje for det, han laut læ uppi høgd. Jau menn var det ei fæl straff det, at han ikkje skulde faa lesa i Vaarblomsten lenger! Og eit heilt bil skulde dei faa venta fyrr han bad um aa faa dei blomstrarne ut or skaape att. Det maatte vera den dagen han vart lik han Lamma-Lars det, og det spaadde han skulde ikkje verta so snøgt.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kvitebjørnen

Kvitebjørnen ble utgitt i 1906 og er en oppfølger til Det store nashorne fra 1900. Boken inneholder ni mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene har god fantasi og leken er gjerne inspirert av det de har lest om i eventyrsamlinger og tidsskrifter som «Vaarblomsten. Ugeblad for Børn og Ungdom».

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1906 (nb.no)

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.