143Det leid meir og meir fram mot vaaren, og soli skjein varmare for kvar dagen. Nedpaa alle bøarne og sletterne laag det nok enno tjukt med snø; men uppi fjelli og bakkarne fór han til aa minka. Fyrst var det berre ei liti strima med berr mark tett under fjellveggjerne og under ufser og store steinar. Men det var ikkje lenge fyrr dei auka og drog seg nedetter; og naar soli skjein paa det beste midt paa dagen, losna klakefossarne uppi fjelli og rasa ned, so det dunde etter. Fyrr ein 144rett visste orde av var alle bakkarne og urderne taana, so det laag att berre ei liti fonn her og der.
Daa var dei ikkje seine, gutarne, til aa koma seg av stad upp aat urderne um dagarne, so ofte dei hadde tid. Det var alt so varmt der-uppe, og stod so livande god ein vaar-ange av jordi og av mose og fjorgamalt lauv, og det var som det anga av sjølve trei, endaa dei ikkje hadde nokon bladknupp enno. Paa hatlen fór kromen til aa gulna, selja stod der med smaa fine grøngule palmor i topparne; og i bjørkerne uppunder fjelli fór safti alt til aa stiga upp. Naar dei bora eit hol inn i borken og veden, dropa det ut som eit klaart vatn, det var so søtt og godt aa smaka paa. Dei kalla det bjørkja. So tappa dei bjørkja kvar dag og samla ho i smaa flaskor. Og naar det var rett varmt paa steinarne, vaaga dei seg alt til aa gaa berrføtte eit lite bil.
Men ein stad der-uppe hadde kje soli enno raadt med vinteren. Det var uppi fossen der storebekken rann utfyre. Fossen stupte fyrst fraa høgdi og ned i ei stor skaar midt i fjelle, og so derifraa og ned i urdi nedanunder. Der hadde laga seg store digre isfossar i vinter. No var klaken i den nedste fossen nedrasa og burte for ei god tid 145sidan liksom i alle andre fossar. Men i den øvste stod enno ein svær stett med klake radt fraa skaari og upp til trømen av øvste fjelle. Dei hadde berre venta fraa dag til dag at han skulde fara, den òg, so det kunde verta eit dugelegt ras utav. Men nei, han vart standande der som han slett ikkje vilde tidna upp i aar. Det tedde kje att paa han, anten det var sol eller regn. Han stod der berre som ein overhendig stor kar i kvit prestekjole og blenkte mot det svarte fjelle.
Dei tykte sistpaa dei laut upp og sjaa koss det hadde seg med denne fossen. So fann dei seg ein dag kvar sin lang stav til aa slaa og støyta i klaken med, og av stad bar det.
Hadde han sét røseleg ut, isfossen, daa dei stod heime, so var det ingenting mot daa dei kom upp til han. Fjelle var innholt attanfor, so han stod eit heilt stykke ut ifraa, og han var so fælskeleg stor og høg og tjukk. Men han var nok ikkje so sterk som han ruvde til, kor som var; for daa dei skulde til aa sjaa, so fossa bekken ned inni han og hadde ete han reint hól. Det var berre som ei skurn att av han. Dei vaaga fyrst slett ikkje aa gaa burt-aat ‘n; han kunde vera trudd til aa detta ned i kvar stundi. Dei berre kasta steinar burt paa han og vilde sjaa um han 146ikkje skulde rulla. Nei, det gjorde ingen ting paa han; det berre dunde etter.
«Aa, han er nok ikkje so halt som han hinkar til endaa, den karen,» sa han Gunnar, og so vaaga han og Paal seg sistpaa radt burt i skaari og støytte og slo paa isfossen med stavarne. Men det gjorde kje heller noko av seg. Daa torde dei tvo minste òg gaa burtaat han, og so gjekk dei rundt og saag vel paa han paa alle kantar. Paa øvre sida var der ei stor opning, so ein kunde gaa beint inni han; men der var slikt ròk og driv med vatn innanfor, so det var uraad og koma der.
So maatte dei sistpaa gaa att og lata isfossen staa som han var. Men daa dei rusla nedetter vegjerne, kom dei til aa undrast paa um det likevel ikkje skulde vera ei raad aa faa han til aa rulla. Naar dei no hadde øksar med og hogg ei stor skora inn i han paa nedre sida, og sette ei dugeleg handspak inn i ein klove paa øvre sida og braut paa. Og so fælande løgje det skulde vera aa sjaa han rumla utfyre og slaa seg i tusund fillor!
Dei kunde ikkje faa dette or tankarne utetter heile kvelden eller um morgonen etterpaa. Det kunde vera faarlegt, det visste dei nok, og dei vaksne vilde nok aldri sleppa dei av paa slikt. Men dei var daa ikkje nautnare enn at dei kunde 147sjaa seg fyre og røma undan naar det galdt. Dei hadde vaaga det som verre var, dei. – Det var ikkje lenge fyrr dei fann seg tvo øksar og ein lang paak og lurde seg av stad.
Han stod der like svær i dag òg, iskallen, og denne gongen fekk dei endefara han endaa betre. Bekken var berre liten enno so tidleg paa dagen, fyrr snøen tok til aa braana. Det sikla berre ein liten sprut med vatn ned inni klaken. So kunde dei gaa radt inn i det hole rome. Det var som aa koma inn i eit underlegt høgt taarn med sylvblanke veggjer. Paa den sida som snudde mot soli gløste det i isen, og det dropa og sikla og tikla alle stader. Det var som ein skulde høyra det tikka fraa ei mengd med klokkor som ein ikkje saag. So underlegt eit hus hadde dei ikkje vore i sidan i jola, daa dei var i kvitebjørnen.
Men so var det korleis dei skulde faa løysa han. Dei saag vèl etter paa nedre sida og fann snart ein stad som dei trudde det skulde gjera mest av seg naar dei hogg; og paa øvre sida var det lett aa finna ei rivja til aa setja vaagi inn i. So tok Paal og Gunnar til aa hogga i klaken, so det fauk etter.
Dei hadde kje halde paa lenge fyrr dei kjende seg utrygge og gjekk upp paa øvre sida. Der stod 148dei tvo minste og venta, og so gav dei seg alle til aa brjota med vaagi. Naar dei no saag han losna, skulde dei spretta undan alt dei vann. Men isfossen stod like fast enno, og det same gjorde han sidan kvar gong dei var uppe og braut. Det gjorde kje so mykje som skalv eller knast i han. Daa gløymde dei sistpaa reint aa vera varsame. Dei vart arge paa denne tverkroken som aldri kunde gjeva seg, og dreiv paa og hogg so dei sveitta; og rett som det var slo dei med øksehamrarne uppetter isveggen. Daa kom det med eitt ein underleg dun, liksom det brotna noko, dei kunde kje rett høyra kvar det var. Dei stokk so dei bleikna og spratt upp paa øvre sida. Isfossen saag ut som han stod like stød enno, men det var likevel som dei kjende paa seg at det tok til aa lida med han no. Dei hengde seg i vaagi att og braut alle paa ein gong. «Haali, haali… opp!» – dei song som naar dei vaksne drog spiror. Enno stod han, men med dei stod og glande paa dette kom det ein ny smell, endaa hardare enn den fyrste. Daa vart dei so rædde at dei sprang langt undan og visste lenge ikkje um dei torde vaaga meir. Men det var daa altfor leidt aa gaa ifraa han no, daa dei hadde kome so langt. Dei stillte seg burtaat att og til aa dra i vaagi. Daa 149gjekk det sistpaa som ein støyt gjenom heile det svære ryte, det knaka og knast og ramla ned isstykke inni han. Hu… røm! dei flaug paa hender og føter burtetter berge, og vèl var det at dei var so snare; for daa dei saag attende, seig heile isfossen i koll til denne sida og gjekk i skrukk i berge, og so var det eit himmels rás med isstykke ut yver horge fossen ned-under; det dunde verre hell eit torebrak. Dei stod berre og blaaheldt seg i buskarne og heldt anden og kjende mest ikkje der dei stod. Slik syn hadde dei aldri sét fyrr. Det var so dei skalv lenge etterpaa.
Daa det endeleg var stillna av att, saag dei det stod folk uti tune heime og glande hit upp, dei hadde vel høyrt brake. Dei skyna kva slag skjennepreikor det vilde verta, var so dei vaksne no saag dei her; men som vèl var laag dei godt løynde i buskarne, og dei vart liggjande stille som kattar til dei saag dei der-nede gjekk inn att. So fann dei øksarne og kom seg nedetter skaararne og vilde sjaa koss det saag ut ned-under fossen.
Der saag fælt ut. Det var slege greiner av tréi rundt paa alle kantar, og der laag isstykke som digre steinar langt nedetter urderne; men det meste av klakefossen hadde slege seg sund i knas, so det saag ut mest som blaut snø.
150Det var som dei ikkje fyrr no, daa otten og spaningi var yver, skyna rett kva slag ov-verk og vaagespel dei hadde gjort. Dei stirde uppetter fjelle og skyna mest ikkje at dei hadde vaaga det. Men no var det gjort, og det var plent som dei hadde hjelpt vaaren til aa vinna yver vinteren i eit stort knipetak. No vart det nok snart til vatn heile slapse og var burte um eit par dagar. Og fossen draus no ned i lause lufti att som han alltid gjorde um sumrarne.
Dei vart sitjande paa isstykki eit langt bil og drøste og skrøytte og kjende seg mykje til karar. So rusla dei ut-under fjelldrage og leita etter sniglehus og fine steinar og kva som kunde høva. Kolbein og Andres gjekk for seg sjølv burtunder ei liti ufs. So tok dei til aa ropa paa dei tvo andre. Paal og Gunnar vart mest skræmde og trudde det kunde vera ein orm dei saag. Dei visste han var tidleg ute um vaaren uppi solbakkarne. Men daa dei kom fram var det eit heilt anna vaarbod dei fekk sjaa. Tenk der stod ein utsprotten kvitveis atti mosen tett innunder berge… skinande kvit som ei liti stjerna, og tirlande gul inni. Og rundt ikring stod det nokre knuppar som snart vilde springa ut. Dette var fyrste vaarblomen og det fyrste visse vaarteikne. 151Dei laag paa kne og stirde og torde mest ikkje koma nær han. Denne blomen maatte ingen riva upp; han skulde faa bløma i fred her i livdekraai si til dei andre kvitveisarne kom etter.
Det var som vaar i all lufti daa dei saag seg ikring etterpaa. Soli stod nettupp paa det høgste um dagen, og det giddra som av vaar yver snøen nedpaa bøarne og yver husi, yver alle skogar og markjer utanfor og yver fjorden og fjelli paa andre sida. Og dei kjende seg so underleg glade og lette, det var som det lyfte i dei der dei stod og saag utyver. Vinteren kunde vera vel nok, men so god som vaaren, naar han kom med knupp og gras og lauv og blom… nei, nei, ingen ting var som vaaren, so gildt og so ljost og livande. Han var den beste av alle aarsens tider.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Kvitebjørnen ble utgitt i 1906 og er en oppfølger til Det store nashorne fra 1900. Boken inneholder ni mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene har god fantasi og leken er gjerne inspirert av det de har lest om i eventyrsamlinger og tidsskrifter som «Vaarblomsten. Ugeblad for Børn og Ungdom».
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1906 (nb.no)
Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.