Kvitebjørnen

av Rasmus Løland

V. Kongsdotteri i fjelle det blaa

71Jau, det var daa gildt aa lesa, likevel. Straks etter dei var ferdige med «Vaarblomsten» kom eldste bror hans Paal ein dag heim med ei bok fraa boksamlingi. Det var berre ei gamall og sliti graa-lefsa, og det fanst ikkje det som heitte bilæte i ho. Han Paal brydde seg fyrst aldri til aa sjaa i denne boki ein gong. Men so saag han at broren ofte log med seg sjølv, naar han sat og las laagt i ho um kveldarne. Daa vart han 72forviten og fann ho ned or hylla ein dag og tok til aa lesa. Og daa kunde det henda det var bok! Det fyrste stykke han raaka paa var um ein gut som skulde berga kongsdotteri ut or fjelle, og aldri hadde han lese noko so svært som alt det den guten gjorde og alt det han kom ut for. Og daa han kom til det næste stykke, so var det ikkje verre. Det var um ein gut som var hjaa eit troll og fekk narra det so fælskelege. Og det tridje og det fjorde… heile boki. Det var um risar og um kongar og kongsdøtter, det var um Espen Oskelabben og fæle stykmøder og sante Per og allslag andre underlege folk; og so um hinmannen sjølv ikkje minst, og her fekk me sjaa kva kar han var. Han var so nauten og godtruen, so dei kunde narra han mest kor gale dei vilde, og ein gong var det ein smed som fekk han inn i ein jarnpung og hadde so nær slege han snupt i hel. Han kunde aldri vera so faarleg som dei let daa, dei som preika. Det var berre leidt at smeden ikkje fekk gjera radt av med han, so me kunde vorte kvitt han for godt, den rakkjen.

– Han las so ofte han kunde koma seg til, og for kvar gong han hadde funne noko rett gildt, fortalde han det med dei andre gutarne. Og dei var ikkje minder forvitne. Dei vilde berre faa 73høyra meir og meir. Dei fekk jamvel hug til aa lesa um alt dette sjølve. So lurde dei seg til aa ta boki med burt paa smalhuslemen og sat og las der. Men daa hadde det so nær gjenge gale. Dei vaksne hadde alt lenge tykt at han Paal var svært strid til aa hengja yver denne boki og hefta seg burt med ho, og so fekk mor hans vita at dei endaatil sat ute og las; det var han Kolbein, den tosken, som hadde besa um det. Daa hadde ho so nær teke og læst inne heile boki saman med Vaarblomstarne. Det munde vera eit snodigt gudsord det stod i den boki, med di ungarne hadde vorte so spelege hekne, sa ho; for ho saag ikkje anna hell at baade salmeboki og Aandelige hviletimer og dei andre gode bøkerne fekk liggja fint i fred i hylla. Han svara ikkje noko, han Paal; det var aldri verdt aa lata dei vaksne faa nasa uppi for mykje. Han berre plystra og leita etter vottarne sine burtmed omnen og lest som han aldri saag paa ledi etter den skarve boki. Daa gjorde ho ikkje meir av det, ho sette boki upp i hylla att.

Etter den dagen vaaga han ikkje aa lesa stort so dei vaksne saag det; men so ofte det lét seg gjera stal han boki med seg ut og sat og las kvar det kunde høva. Og daa han hadde lese 74alle sogorne til endes, var det mest likso gildt aa lesa dei upp atter, og for dei andre likso gildt aa høyra dei ein gong til. Dei livde reint som i ein eventyrheim so lenge dette varde, og naar dei var ute og moroa seg, tok dei snart til aa vera baade oskelabbar og kongar og troll sjølve.

Ein dag burti løda hadde dei det svært gildt. Han Paal hadde fortalt eitkvart, og so fekk dei auga paa den gamle kjetta hans Per nedi-stova; ho sat paa golve uppi korn-rome og guvde og halvsov. No visste dei det or denne boki, at ei kjetta kunde vera mangt, ho. Det kunde gjerne vera ei forgjord kongsdotter for alt det dei visste. So skulde han Gunnar vera troll og ta og setja henne i eit blaatt berg. Der stod ei stor tunna bortpaa golve, den skulde vera berg; der sette han kjetta varlegt uppi og la eit laak yver, og sjølv sette han seg framfyre fjelle og vakta paa henne og gjorde seg ei svær lang nasa av halm og hengde paa seg. Og han skulde ha tvo gode hjelpesmenner med seg. Paa den eine sida skulde han vesle Andres liggja og vera einhørning, og paa den andre sida han Kolbein og vera lindorm.

«Ja ja, det lyt no vel helst vera som ein lindorm-unge daa,» slo han Paal frampaa; for det 75skulde vel liksom vera noko meir til tøyg og lengd paa ein vaksen lindorm. Men daa vart han snurten, han Kolbein. Fekk han ikkje vera anna hell ein lindorm-unge, naar han Andres var ein skikkeleg einhørning, so vilde han ikkje vera nokoslag; so kunde dei vera forutan lindorm og sjaa kor godt det var, sa han. Nei so fekk han vera ein vaksen-lindorm lenge nok daa, og det var endaa godt dei fekk blidka han med det. Han fann seg ein gamall rivetinde og heldt millom tennerne, det var ei fæl eitertonn; og han Andres sat og heldt ein lang stav rett fram for nasa, det var det fæle horne aat einhørningen.

Men so var det han Paal, han skulde koma og vara Oskelabben og berga kongsdotteri, og kunde han gjera det, so skulde han faa baade henne og halve kongerike; det var ein stor moksterslede nedi laaven som var halve rike.

Ja so tok han i vegen daa og gjekk langt og lenge yver svære heidar kringum i korn-rome; der var tomt og godt rom til aa ferdast no, etter dei nys hadde treskt upp og lagt halmen upp paa skukkarne. Daa han hadde no gjenge fælskelege langt, kom han til ei eldende gamall kjering; det var ein sopelime som laag der som var kjering. «Aa goe, gjev meg ein bite mat», sa ho, for no 76hadde ho sta’e her i hundrad aar og ikkje smaka saadi; ho vilde tjaksa sund namne ved, og so hadde ho so sneplege fenge nasa fast i ein klove og ikkje visst nokor furda til aa koma laus att, sa ho. Ja det var nok han Paal som laut seia sjølve ordi, men han skyna godt det var dette ho meinte, ho kunde berre ikkje faa upp maale. So var Oskelabben snild, han, og hjelpte henne laus og gav henne ein kakebit av nistematen sin; – det var ei næver han sette burt millom kvisterne paa limen som var mat. Daa gnog ho og aat og vart so fælande glad og lova at ho skulde gjera han ei beina att.

«Naar du no kjem fram til einhørningen og lindormen», sa ho – han Paal maatte enno hjelpa litegrand til med ordi – «so gjer du ikkje vera rædd um dei ølmer stygt paa deg. Du skal berre seia pink, pank, pynk, so sovnar dei», sa ho; for det var tri kaldlege trollord, dette. «Og naar du kjem til trolle sjølv, so skal du berre gjeva deg i goddrøs med det og ljuga nyttelegt for det og lokka det av leidi, so fær du nok kongsdotteri», sa ho. – So bad Oskelabben velfara daa og gjekk att, og um eit bil so kom han fram til fjelle og raaka dei tvo fæle dyri; og dei vart no so eitrandes vonde. Einhørningen støytte etter han med 77horne sitt, og lindormen laag berre og kvæste og hogg etter han med eitertonni. Men so sa Oskelabben berre dei tri ordi han, og trast so seig dei ned og sovna og raut, soleis som einhørningar og lindormar skal gjera. Det grodde jamvel mose paa augo og andliti deira; det var agner og halm dei la uppaa seg som var mose. So kom han til trolle, og det var so olmt, so det stod berre og bura og belja. «Kva er det for ein sæling som kjem heran og trakkar paa mine grunnar?» sa det.

«Aa eg vil berre goddrøsa med deg eit bil», sa Oskelabben.

«Aa vil du det», sa trolle og var trast litegrand vislegare.

«Ja, eg veit um meir gull og sylv, eg, hell som du veit um», sa guten.

«Gjer du det», sa trolle.

«Ja kom berre her, so skal du faa sjaa», sa Oskelabben. Ja so var trolle godtrue liksom alle troll, og var med heilt burt aat veggen. Der laag det ei stor ruva som hønsi hadde lagt etter seg.

«Dette her er berre skinandes gullpengar og sylvpengar og glimresteinar», sa Oskelabben, og so var trolle ikkje klokare, det trudde trast han sa sant. Det la seg ned paa kne og olbogar og 78stakk nasa heilt ned i dungen og tok til aa telja pengarne; for trolli hadde det alltid so annvint med aa telja pengar. Men daa var han ikkje sein, Oskelabben, han fór burt til fjelle og reiv laake av og treiv kongsdotteri. Ho stokk, so ho gjorde baade bles og hogg, daa han kom med slik ofse; men han let seg ikkje skræma av noko-slag; han heldt henne fast med baae henderne og tok paa tanandes laupe heimetter til kongerike. Men daa kunde det henda at trolle fauk upp. «Kven er det som torer røva mi vene jomfru»! ropa det og bura av sinne og kom laupandes etter. Og so vakna einhørningen og lindormen og reiv mosen or augo og kom takandes, dei òg. Dei fekk springa paa tverke for Oskelabben, so han ikkje slapp ned aat laaven med ein gong. Han laut laupa burt aat den andre veggen og kom seg upp i ein halmdunge, og der hadde dei so nær ringa han inn og teke han. Men so gjorde han eit fælt hopp og kom seg fram imillom dei, og i nokre sprang var han nedi laaven og heime i kongsgarden. Daa hadde nasa paa trolle vorte so skakk, so ho hekk og slang burtunder eine øyra; lindormen hadde mist eitertonni si, og einhørningen hadde det gjenge endaa verre med. Han hadde rent mot veggen med horne, so han so nær hadde 79støytt seg naseblod. Hadde det ikkje vore det at han var einhørning, so var det ikkje ein gong visst um han ikkje hadde kome paa graaten; men han visste det høvde seg ille for einhørningar aa graata, og so heldt han seg.

So hadde Oskelabben vunne halve rike daa, det hadde han; men kongsdotteri hadde han mindre av. Ho hadde vorte so rædd alt dette braake daa dei var uppi halmdungen, at ho hadde sett i og remja og slite seg laus. Det siste dei saag henne fór ho som ein elding inn gjenom eit hol nedi laaven. Og Oskelabben hadde fenge ei rispa av kloi hennar paa eine handi, so det sila og blødde. Men løyst henne or berge, det hadde han, og det var det fremste; for det var difor me hadde oskelabbar at dei skulde løysa kongsdøtter or berg.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kvitebjørnen

Kvitebjørnen ble utgitt i 1906 og er en oppfølger til Det store nashorne fra 1900. Boken inneholder ni mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene har god fantasi og leken er gjerne inspirert av det de har lest om i eventyrsamlinger og tidsskrifter som «Vaarblomsten. Ugeblad for Børn og Ungdom».

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1906 (nb.no)

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Følg Bokselskap i sosiale medier

Instagram      Facebook
Bluesky          X

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.