80Det leid fram mot jol og hadde vore regn og snøbløyta eit bil; men so nokre dagar fyre helgi blenkte det upp atter og vart fint og godt ver. Dei gledde seg alt til godt skiføre og kjelkeføre i jola. Men enno var det berre mildt i ætti og snøen kram og tung. Men til aa laga snøballar og snøveltor av var han framifraa god, og dei var straks paa ferde innpaa den store aakeren austanfor husi og murka ihop den eine snøvelta digrare enn 81den andre. Dei vilde byggja hus og snøkarar. Men alt med dei dreiv paa med det, kom dei paa noko endaa betre. Dei hadde sét gutarne nedpaa andre garden laga ein snøbjørn ein gong, og so vilde dei gjera ein bjørn dei òg. Kvitebjørn maatte det daa helst vera, sidan han no vart kvit. Og naar dei fyrst fór med det, so vilde dei laga han so stor som raad var, helst so svær at ingen hadde sét maken til kvitebjørn. Daa kunde dei gjera han hol innvendes og faa seg et stort fint snøhus der med det same. Di meir dei tala um det, di gildare tenkte dei allting ut; og til jol maatte dei faa han ferdig, skulde det vera noko. So fekk dei seg nytt til jol dei med.
Dei tok paa med arbeide og var der og dreiv paa og bygde i kvar stundi dei hadde til overs. Vart dei valne paa fingrarne, so gjekk dei berre heim og vermde seg, og so til aa byggja att. Paal og Gunnar var storbyggmeistrar og stod med kvar si jarnskufl og skar snøstykki til, og dei andre tvo hjelpte til best dei kunde. Og bjørnen voks og voks, so det gjekk munaleg fram. Han kunde nok ikkje staa heilt fritt paa fire føter, naar han skulde vera so stor og vera hol innvendes; han laut staa nedpaa med heile bulen. Men dei laga greide føter i alle fire kantarne paa 82han; og hovud og hals og rygg og rumpa, det var alt som paa ein skikkeleg bjørn. Han fekk store svarte augo og naseboror av kol; kjeften stod paa vidt gap, og der laag ei diger tunga inni. Og han stod so høgt med hovude at dei maatte staa uppaa ein høg stabbe, daa dei skulde faa det til.
Um kvelden tridje dagen fyre jol stod bjørnen der fullferdig, og dei tykte daa sjølve at dei hadde gjort eit svært verk; dei hadde aldri gjort maken. Det var maaneskin um kveldarne, og daa dei kom heim i tune og saag bjørnen innpaa aakeren, stod han der skilleg som eit stort fælt livandes dyr. Dei vaksne maatte òg ut og sjaa paa han, og dei lét alle um at det var ein ryse stor bjørn. Kom det no berre frost-ver, so han klaka godt til og vart hard, so kunde han verta standande der frametter heile vinteren.
Det laga seg heilt som dei hadde ynskt denne gongen. Daa dei kom ut um morgonen um veslejolaftan, var det klaart og isende kaldt, og kvitebjørnen stod der som harde fjelle. No stod det berre att aa reida huse til innvendes, so dei kunde vera der i jola; for daa maatte dei bu der og ha det gildt inni bjørnen. Dei skar døri inn paa eine sida. So skrapa og sletta dei veggjerne og tetta 83godt til i alle glyfse; dei laga fine sæte av fjøler og kubbar langs med veggjerne og tok med seg halm og strøydde paa golve. Og til slutt fann dei seg ei breid fjøl til dør. Naar den var attlati, var dei reint som i ei stova, og der var so høgt under take so dei kunde staa mest beine.
So kom jola med all den hugnad og all den høgtid som det daa skulde vera. Dei hadde fyrst tenkt dei skulde sitja i bjørnen eit bil um sjølve jolaftanskvelden; men daa var det so mangt anna, so dei fekk ikkje tid. Dei maatte hengja ut kornband aat fuglarne og vera med daa dei vaksne skaut inn helgi; so var det aa lauga seg til jol og skifta klæde, og det var jolemat og joleljos og alt det andre. Bjørnen fekk staa for den han var daa uti maaneskine.
Um joledagen var det like eins for det fyrste. Det var so godt ver og godt føre og uraad aa sitja inne nokon stad daa. Dei var innpaa haugarne og saag paa folke som rodde til kyrkje, og var sidan ute og løypte paa dei nye skii sine og sprang og sulla heile dagen; og so inn og aat alt dei vann imillomaat; for det var kje kvar dagen jol. Men daa det leid til kvelds og alt vart stillt, og maanen tok til aa skina, var det ikkje lenge fyrr dei kom seg aat huse i kvitebjørnen. Dei 84var trøytte av aa laupa og springa no, og det var so høveleg tid til aa sitja der i god fred eit bil. Dei tok joleeple og joleneter med, og Paal og Gunnar hadde endaa kvar si liti lummeflaska med ein drope joleøl paa som dei kalla jolebrennevin.
Dei let vel att døri etter seg og tetta til med halm rundt ikring. Daa var der so døkt i stova at dei berre so vidt saag einannan. Men paa den sida som snudde mot maanen stod det ein bleik ljosje gjenom snøveggen. Det var som dei skulde sitja inni eit fjell og sjaa berre eit lite glim av dagen. So beit dei paa neter og drøste og smaka paa jolebrennevine og vart jamvel litegrand fulle, som ein skulde vera naar det var jol; og dei fraus ikkje det slag. Det var radt som dei skulde sitja heime i ei stova, lét dei, og dæ var daa ikkje so underlegt; for det var kje alle hus som hadde so dugeleg tjukke veggjer.
«Men d’er daa ikkje noko hus som dei andre husi, d’er ein kvitebjørn me sit i,» sa han vesle Andres.
«Ja, skulde han no taka til aa gaa, alt med me sit her,» sa han Kolbein. «Eg tykkjer mest eg kjenner han ledar paa seg, eg.»
Dei tagna og kjende etter, og daa var det skilleg som dei tykte det same alle saman – at 85kvitebjørnen gjekk. Berre stillt og fint, so dei so vidt gaadde det; men gjekk gjorde han nok likevel.
«Kvar vil han av?» sa ‘n Kolbein.
«Eg trur han tassar uppetter liderne og vil upp til fjells,» sa han Paal.
«Er han komen langt no?»
«Ja, no er han komen radt upp i brattaste urderne.»
Dei kjende etter att, og daa var det plent som dei vart lyfte uppetter fraa stein til stein. Og straks etter kjende han Paal at dei var komne heilt upp paa høgdi, sa han. Det var maaneskin innetter alle heidar og fjell, og snøen laag mange famnar djup. Men det gjorde kje noko for kvitebjørnen, han labba og gjekk i snøen som ingenting var; han var van’ med aa gaa i snøen fyrr, den kulten.
«Er det noko-slag ville dyr burti skogarne her?» sa ‘n Andres.
«Ja… jau det tassar med revar og bjørnar burti halli.»
«Vil dei taka paa kvitebjørnen?»
«Aa det vaagar dei aldri; ingen vaagar at taka paa kvitebjørnen, han er for stor og sterk; dei gjeng berre der og nasar og skygner etter han og er rædde.»
86Men kvitebjørnen hadde kje tid til aa hefta her og sjaa etter dette kræke, sa han Paal; han fór lenger og lenger nord yver alle dei høgste heidarne som fanst, og det gjekk forare og forare. Det gjekk sistpaa som ein vind fraa blaane til blaane.
«Kvar vil han daa av til slutt?» undrast dei andre.
Jau, sa han Paal, han hadde fenge hug til aa gjera ei ferd radt upp til nordpolshave og nordpolslandi, der som han høyrde heime fraa fyrst av; for alle kvitebjørnarne var komne derifraa.
«Men vert det ikkje fælt kaldt so langt nord?»
Aa, ikkje naar dei sat i eit so godt hus som dette.
«Er han snart komen aat have?»
Ja, no var han der alt og tok til aa symja utyver, sa ‘n Paal, og det gjekk so fort som det sværaste skip; for det var ingenting for kvitebjørnen aa symja yver det breidaste have.
Dei kjende paa nytt lag etter, og daa var det som dei tykte det vogga og rulla, daa kvitebjørnen sumde. – Men no var han alt komen yver og gjekk upp paa isstykki og steig i land i nordpolslandi, sa han Paal, og der var det so villt og fælt, so
87ingen hadde sét noko so fælt. Der fanst ikkje folk eller indianarar; der slong ikkje so mykje som ein klapperslangje; der var so kaldt at ikkje nokoslag kunde liva. Der var berre snø og isfjell paa isfjell rundt ikring paa alle kantar, og der var myrkt som natti; for soli kom aldri so langt nord um vinteren. Men langt langt imot nord, der var det noko som blenkte raudt i myrkre.
«Aa, d’er kanskje ei trollborg?» sa Kolbein og Andres og var mest fælne der dei sat.
Ja, sa ‘n Paal, det var ei borg som var av berre skinandes kopar, og der budde eit fælt troll som hadde tri hovud. Det hadde røva til seg ei fin jomfru og sat no der og vakta paa henne; og alle dei som hadde kome der og vilde berga henne, so hadde trolle teke og slege dei i hel og ete dei upp.
«Huff, er ikkje kvitebjørnen rædd?» sa ‘n Andres.
Aa slett ikkje. Nei, kvitebjørnen han lagga berre beint upp aat trollborgi, og so kom trolle ut og var so sinna, det stod berre og bles. Men so gjorde kje kvitebjørnen meir av det, han lyfte berre paa eine framlabben og slo av alle tri hovudi paa trolle, so dei trilta, og so tok han og hadde dei upp i ein sekk som han bar kring halsen. Daa vart ho so ubergeleg glad, jomfrua som var der, og so vilde ho setja seg paa ryggen 88paa kvitebjørnen med det same og faa rida heim att; for jomfruerne reid jamt paa kvitebjørnarne. Men han sa ho fekk venta so lenge, for han laut lenger, han. So tok han ut att og fór fraa blaane til blaane.
… «og so ser han noko langt burte som lyser som ein maane,» skaut han Gunnar inn.
Ja, det var ei borg av berre skinandes sylve, sa han Paal. Der budde det eit fælt troll som hadde seks hovud; det hadde òg røva seg ei jomfru og sat no der og gruffa og vakta paa henne. Og daa det fekk sjaa kvitebjørnen, so kom det ut og var so sinna, so det bura og belja …
«Men so lyfter kvitebjørnen berre paa eine labben og slær av alle hovudi, so dei triltar,» hjelpte han Gunnar til.
Ja, og so tok han og hadde dei upp i sekken under halsen sin. Og jomfrua som var der, ho vart no so fegi; men ho skulde sitja der enno og venta so lenge.
«Og so tek han ut fraa blaane til blaane att,» sa ‘n Gunnar.
«Og so ser han noko langt burte som gløser som sjølve soli,» sa han Kolbein.
«D’er ei trollborg av berre skinandes klaare gulle.»
89«Og der sit eit fælt troll med ni hovud som hev røva ei overhendig fin jomfru!» ropa han Andres. Men daa var han Paal aat aa verta furten. Ja naar dei visste alt saman so mykje betre sjølve, so turvte kje han fortelja meir, sa han. Nei, so tagde dei att daa, og han fekk halda paa og fortelja. Det gjekk daa soleis til, sa ‘n, at kvitebjørnen berre lyfte paa labben att og slo av alle dei ni hovudi, so dei tralt, og so henta han dei upp i sekken sin liksom andre jordeple. So vilde denne jomfrua òg sitja paa ryggen hans heim atter, men kvitebjørnen sa at det var kje vaagande, ho kunde detta av naar han laup attende yver blaanarne og have. «Men eg skal tala med nordanvinden og be’ han taka baade deg og dei tvo andre jomfruerne med, naar han blæs sudyver,» sa han; for nordanvinden hadde so store vengjer, og der kunde dei smjuga inn millom fjørerne og halda seg fast …
«Du, dei jomfruerne som er alle stader, kva slag folk er no det?» undrast han Kolbein.
Aa dei, sa ‘n Paal, jau det var eit slag fine gjentor som dei hadde til aa sitja i berg og verta tekne av troll, meir visste kje han heller; men ovende græske maatte dei vera, sidan alle troll var so slie og galne etter dei. – Ja so gjekk 90kvitebjørnen endaa eit stykke til og kom til nordanvinden, han budde der tett innmed atti nordpolen. Der var det daa so heskjeleg kaldt. Der hekk store isjøklar paa alt du tok i, og sputte fraus til is fyrr det kom ned paa marki. Og nordanvinden sjølv var graa og blaa av berre frost og hadde lange isjøklar i haar og skjegg, so det skrangla naar han leda paa seg.
«Huff, d’er radt som eg kjenner kor kaldt det er,» sa han Andres og tok til aa blaasa seg i henderne, og han Kolbein laut snart gjera det same; det var so altfor kulse her i nordpolen.
Ja men no skulde det ikkje vera lenge fyrr det vart varmare, sa han Paal. No skulde kvitebjørnen taka sudyver att og fara alt til dei varme landi, der skulde han innum til kongen sjølv. For desse tri jomfruerne var nok sjølve kongen sine døtter, naar sant var, og no vilde kvitebjørnen seia det med kongen at han hadde løyst dei ut. – Ja so bad han nordanvinden daa um han vilde taka dei med seg sudyver, og det lova nordanvinden straks. Men i dag kunde han ikkje gjera det, sa han, for han var ikkje paa blaasteren no; han laut halda jol han òg i dag.
«Kva gjer han i jola, nordanvinden?» undrast 91han vesle Andres. «Sit han inne og les og syng i postilen og bøkerne?»
Aa det var vel so ymist med det, ottast han Paal; det var vel helst heidenskapen paa han; det var kje betre venta uppi nordpolen. Men han var en beinsam kar elles; han skulde koma med kongsdøtterne so snart han kunde etter helgi, sa ‘n. So sa kvitebjørnen farvel med han og tok ut so ubergelege sud yver land og hav att, og daa var det ikkje lenge fyrr det minka med froste …
«Aa, eg tykkjer d’er kje so lite kaldt enno, eg,» sa ‘n Kolbein og maatte blaasa seg i henderne att.
Ja du veit det guffa og bles alltid noko kaldslegt utpaa have. Men naar dei no berre kom i land. Ja, so saag dei atti eit stort svært land daa sunnanfor have, og der stod det eit overhendigt stort slott uppaa eit fjell. Det glima i alle vindaugo, og i alle taarn so gløste det. Der var det kongen budde. So steig daa kvitebjørnen i land der og riste vatne av seg, og so labba han upp til kongsgarden og saag inn gjenom porten til kongssalen. Og der var det fælslegt gildt, maa du tru. Det var forgylt kvar du saag og kva du tok i, so græskt var der; og uppetter salen stod der ei lang rad med allslag høge kongens folk paa 92kvaare sida. Nedst paa vinstre sida attmed døri var det no fyrst lensmannen …
«Aa, er du galen, dei hev daa vel ikkje slikt skrap som lensmann hjaa kongen sjølv?» sa han Kolbein.
Jau,» sa ‘n Paal, «lensmann hev dei der òg. Men du maa tru han er kje so høg i horni der som heime,» sa ‘n. Fyrsta daa han kom til kongsgarden, daa trudde han det fanst ikkje sværare kar hell som han var. Han gjekk berre og gjøyva og vilde stemna kven han hytta og høvde, baade greivar og riddarar, liksom han hadde gjort med folkje heime i bygdi. Men so var han so nauten ein dag, han vilde setja lensmanns-stemna paa kongen sjølv, og daa fekk han rett svida snuten sin, han òg. For kongen han sa berre det, han, at «d’er best de tek og hev han i spikertunna med det same,» sa kongen. So tok dei og hadde han i spikertunna trast; det var ei tunna som var sett med kvass spiker yver det heile innvendes. So trilta dei tunna, og lensmannen skreik naa so syndalege og bad for seg og lova at han aldri skulde gjera vondt meir. «Aa d’er kje verdt aa tru han for hardt,» sa greivarne og kongenskararne; «best me tyner han skikkelege, so me ein gong kann verta kvitt denne velsigna stemningi,» sa dei. Men daa 93sa han det, kongen, at det var kje plent verdt det heller; for kanskje det kunde vera likso godt aa ha ein skarve lensmann i kongsgarden au, sa’ n. «Han kann staa attar me døri og kvefsa som ei onnor bikkja og vakta paa at det ikkje kjem nokoslag fant og fark inn i kongssalen; daa gjer han vel alltid likt for maten,» sa han. Ja so slepte dei lensmannen ut or spikertunna daa. «Men vaagar du no so mykje som aa peika paa nokon til stemnings att,» sa kongen, «so er det verst for deg sjølv; for daa tek me straks og skjer tri breide raude reimar av ryggen din og strøyer pepar og salt i og so aat ormegarden med deg,» sa han, og han gjekk endaa burt paa staburstroppi etter ein brynestein og brynte tolekniven sin med det same; for kongarne bruka alltid so rakandes kvasse knivar, naar dei skar raude reimar. Men etter den dagen hadde lensmannen aldri tort stemna so mykje som ein katt eller ei mus i kongsgarden; han stod berre attar med døri og gjætte paa at det ikkje fekk koma inn noko-slag fant og fark …
«Slike som bekafanten kanskje.» sa ‘n Andres, «ell’ han Lamma-Lars …»
«Aa dei kjem no vel aldri so langt som til kongsgarden, slike traskar,» sa han Kolbein.
94Nei, koss det var med bekafanten det kunde kje han Paal heller seia noko visst um; men naar han tenkte seg rett um, so var det nok so at han Lamma-Lars hadde kome der traskandes ein gong liksom lensmannen.
«Nei kva vilde daa han der?»
Jau han var kje visare, han vilde preika for kongen sjølv og slo frampaa at han tykte han grov vel mykje i det verdslege, han òg.»
«Nei er du galen; kva sa kongen daa?»
Aa du veit han vart ikkje for blid; for ein konge maatte no ha det rette sopass nytteleg fyre seg fyrr han, at… Men han var ikkje den som fauk upp i sinne og bar seg, kann du vita, han som var konge. Han sa berre det at «du er no so svær til aa drøsa og umvenda paa adle folk, du Lars,» sa ‘n. «Men gakk no heller heim og umvend litetær paa deg sjølv, so det kann verta noko-lite munntòl paa deg og likare folk utav deg; so kann du koma att daa,» sa kongen, og med det laut han Lars gaa …
«Det var endaa godt han slapp med det, dei kunde teke og stappa han i spikertunna.»
«Ja du veit nok det, men han var god i seg, kongen, og straffa ikkje meir hell han var nøydd til, naar folk var uvyrdne.»
95«Men kom han daa att til kongen nokon gong, han Lamma-Lars?»
«Aa, kor kunde slikt koma att! nei han var nok ikkje havande hjaa kongen, um han so stod og treskte og umvende paa seg et heilt aar.»
«Men presten… hev han vore hjaa kongen?» undrast han Andres.
«Presten, – ja koss var det no?» sa ‘n Paal. Jau daa, han hadde nok vore innum der ein gong, han au.
«Han var vel blid daa, kongen?»
«Ja du kann vita det; han gjorde stort gjestebod paa han.»
«Aa; det var vel merakkeleg god mat daa?»
Ja, det var daa det; men elles so var det no alltid so-maata til god mat til kvardags òg hjaa kongen, at dei turvte kje setja kongsgarden paa ende for det um presten kom. Ja so sat dei lenge der attmed borde daa og goddrøste, og daa presten sidan skulde reisa att, so sa kongen det med han at «du fær preika det som rett er for folkje du,» sa ‘n; «for eg hev ikkje nokor tru paa desse Lamma-Larsadn og desse andre fromme kararne som lest preika, eg for min part,» sa han.
«Du kann vita han var sopass klok,» sa ‘n Gunnar.
Ja so lova han det daa, presten, at han skulde 96preika likast han kunde for folkje, og daa han gjekk heim, so fekk han so mange gilde gaavor med seg som han vann bera paa ryggen.
– Dei hadde kome noko burt ifraa kvitebjørnen og ferdi hans med dette. Men no hugsa han Paal seg og tok i att. Dei var komne til det at kvitebjørnen stod i porten og saag paa alle folki uppetter kongssalen. Det var fyrst lensmannen nedmed døri ja, som alt nemt var; so var det futen, og han var kje heller so fælt stor her. So var det amtmenner og kafteinar og greivar og allslag andre høge folk radt upp til kongen. Og paa den andre sida av salen var det fyrst klokkarane, so var der prestar og prostar og bispar, og so paven sjølv. Han stod der og grein og vilde nok helst vera den høgste av alle her; men det fekk han fint sitja ifraa, for den høgste av alle det var kongen sjølv. Han sat paa ein forgyllandes stol øvst uppe i salen og var so ovende drust og fin. Han hadde blank kruna paa hovude og ei svær kaapa ikring seg, og i belte hadde han ein tolekniv av berre gull og ei slira av sylver og sverd av blankaste staal.
Ja so steig kvitebjørnen inn gjenom porten, daa han hadde sét alt dette; han vilde upp til kongen og drøsa med han. Men ikkje fyrr hadde 97han trøtt innum dørstokken, so kom lensmannen som ein kvefs og treiv han i øyra og vilde jaga han ut att. «Me skal ikkje ha noko til kvitebjørnar her hjaa kongen,» sa han; «veit du kje eg er lensmann?» sa ‘n. Men kvitebjørnen gjorde kje so mykje som sjaa paa ledi, han berre letta paa labben og gav lensmannen ein knuff – der spratt han heilt burt i veggen og slo seg so han gret. So kom futen nevandes og vilde taka ‘n; men kvitebjørnen berre letta paa labben att, han – der laa futen òg i veggen, og naseblod so slo han seg. Daa vaaga ingen av dei andre aa lyfta ein finger til aa meinka han. Berre paven grein noko stygt, men kvitebjørnen saag ikkje etter han heller. Ja so labba han alt upp til kongen daa og letta paa framlabben og sa goddag.
«Men vert ikkje kongen rædd naar det kjem slik ein fæl kvitebjørn upp til han?» sa han Kolbein.
Aa nei daa, kongen var ikkje rædd noko-slag. Han riste berre bjørnen i labben og sa goddag att og takk for sist. «Er det den bjørnen som er ute og fer?» sa han. «D’er daa det», sa kvitebjørnen. «Her kjem eg med ein sekk full med trollhovud til deg,» sa han. «Eg hev slege i hel alle dei tri trolli som hev røva til seg døtterne 98dine, og no er dei berga og kjem snart heim att til deg.» – «Aa haa, og det vil du faa meg til aa tru!» sa kongen; «nei det fær nok ingen tyna dei trolli, dei hev slege i hel og ete upp kvar den kjempa og riddaren som hev vaaga seg ut imot dei og vilde berga døtterne mine. Du hev vel berre vore burti ormegarden og henta desse hovudi upp i sekken din der,» sa han; for burti ormegarden der slengde dei allslag kalvehovud og trollhovud og anna slaps som dei vilde verta kvitt i kongsgarden. – «Ja vil du ikkje tru, so berre venta litegrand, so skal du faa sjaa,» sa kvitebjørnen. Ja so venta dei eit lite bil, og best som det var so høyrde dei det dura og duna som eit torebrak. So tok det til aa blaasa so fælskelege, det riste og skok i heile kongsgarden og bles inn gjenom døri og gluggarne, so det rauk i heile salen. Kongen laut berre sitja og blaahalda seg i stolen sin, paven stod og krøkte seg i hop som ein makk og haka seg fast i ein krakk, og alle dei andre kongsfolki laut leggja seg flate paa golve, so dei ikkje skulde blaasa av. Men lensmannen og futen var lettare hell dei andre og stod midt i vinden attmed døri, dei fauk til vers som du skulde sjaa gamle taknevrar og ryggskinn. Og so kom han inn gjenom døri, nordanvinden, for det var 99han som kom med slikt braak. Han hadde dei tri kongsdøtterne paa ryggen og fór som ein gufs upp til kongen og sette dei av der. «Her hev du dei,» sa ‘n, og dermed so føykte han ut døri og fór sudyver have att som eit torebrak; han hadde kje tid til aa hefta eller drøsa med nokon no daa han var paa blaasteren.
«Huff, ja eg kjenner d’er iskaldt av han,» sa ‘n Andres og hustra endaa meir enn fyrr.
«Ja men no fer han sin veg att, høyrer du,» sa ‘n Paal. – Ja so sprang kongsdøtterne burt til far sin og var so fegne at dei visste mest ikkje um seg; og dei var so fine, det var mest som du skulde sjaa englarne i bøkerne.
«Hev dei vengjer?» undrast han Kolbein.
Ja… jau, dei hadde nok namne til vengjer òg som dei veifta med naar dei skulde upp ei tropp. Og kongen han vart no so glad, daa han saag dei, han visste lite kva fot han skulde trø paa; og han gjekk burt til kvitebjørnen og nevetakka han og spurde kva løn han skulde hava. «Du skal faa um det so er halve mitt land og halve mit rike,» sa han. Men kvitebjørnen skulde inkje hava, sa ‘n; han var berre glad han kunde gjera kongen ei beina. Men no maatte han av stad og koma seg paa heimvegen, sa han. 100So baud han farvel daa, og baade kongen og alle kongsfolki fylgde han radt aat døri daa han gjekk …
«Men alle dei trollhovudi han ber paa, kva vil han daa gjera med dei?» spurde han Gunnar.
Dei ja, det var sant. Jau, daa han var komen ut, so rusla han burt til ormegarden med dei. Der var so høgt gjerde ikring at det ikkje kunde koma ufjukande yver, og ingen torde lata upp døri til garden; for daa valt det ut med orm. Dei laut kasta maten inn til ormarne paa ei fjøl som dei vippa upp og ned som eit vindespel. Men kvitebjørnen gjorde kje meir av det, han trykte døri upp med labben, og alle ormarne kom imot han som dei vilde eta han livandes upp; det var hoggormar og klappers-ormar og snaakar og slevor og firføtlor i ei mylska. Men kvitebjørnen tok og slengde dei attende med labben, so dei berre laag og vreid seg og bles. So hivde han alle trollhovudi inn til dei, og ormarne tok og slevja dei i seg fyrr dei enno kom ned paa marki …
«Men skal han ikkje heim att no ein gong?» sa Andres og Kolbein, dei fekk det meir og meir annvint med aa blaasa seg i henderne, og jamvel Paal og Gunnar fór til aa verta vanmælte.
101Jau, daa han hadde slege att døri til ormegarden, so tok han ut yver land og sjø att, so det huska etter, og so kom han sud yver fjelli, der som han hadde gjenge daa han fór nordetter. Der var det maaneskin og snø som fyrr, og revarne og bjørnarne gjekk og tassa og glymde etter han. So kom han fram paa fjelli, so han saag hit ned, og so gjorde han berre eit hopp, – hufs, so stod han der paa aakeren att, og dei sat i huse inni han …
*
Dei sat ein augneblink og tagde etterpaa alle fire; det var skilleg som dei skulde vore med paa heile denne lange ferdi, og som dei enno kjende kor det hadde gjenge skjott. So reiste dei paa seg, og daa kjende dei med eitt at dei hadde frose seg reint stive der dei sat; det hjelpte nok ikkje at snøhuse hadde tjukke veggjer. Dei grov seg ut best dei vann og var reint som fortumla etter ferdi enno. Det var som fjelli og husi heime og alt saman stod paa bakvende leidi, og maaneskine flimra og skar i augo etter dei hadde sete so lenge inni myrkre. Og daa dei saag paa kvitebjørnen sjølv, so stod han der skilleg som han skulde ha sprunge. Men so tok kulden dei, so dei 102skalv i alle lemer, og dei tvo minste gutarne kom paa graaten. Dei skunda seg heim og kom seg inn aat varme omnen, og kvitebjørnen stod etter og glodde ut i maaneskine.
*
Dei hadde det morosamt i bjørnen av og til sidan òg; men so gildt som denne kvelden i jola vart det likevel ikkje fleire gongjer. Og han kom heller ikkje til aa staa so ovende lenge som dei hadde tenkt. Det la til med bløytever ei tid etter jol att, og so kom det ein fæl nordvest-storm ein dag. Døri til snøbuse bles ned; so fekk vinden tak og reiv yver ende heile kvitebjørnen. Han laag der i mange stykke daa dei kom der. Daa var det ikkje raad til aa faa han upp atter. Men alt til langt fram imot vaaren laag der ein stor snødunge og synte kvar den store kvitebjørnen hadde sta’e.
Boken er utgitt av bokselskap.no
Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi. Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.
Kvitebjørnen ble utgitt i 1906 og er en oppfølger til Det store nashorne fra 1900. Boken inneholder ni mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene har god fantasi og leken er gjerne inspirert av det de har lest om i eventyrsamlinger og tidsskrifter som «Vaarblomsten. Ugeblad for Børn og Ungdom».
Se faksimiler av førsteutgaven fra 1906 (nb.no)
Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.
Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.