Kvitebjørnen

av Rasmus Løland

VII. Bekafanten og den store ormen

103Han Ola drengen i austre-stova hadde vore nedmed sjøen etter eit lass ein dag og var so fælt løynsk daa han kom att og raaka gutarne uti tune. No var det nok best dei agta seg ein grand, sa han; for no hadde dei snart ein gjest i vente som ikkje var til aa spela seg med. Dei stokk og trudde fyrst det kunde vera skulemeisteren som kom no i utide og vilde høyra leksorne, eller kanskje endaa lensmannen som var ute og fór att og vilde 104eitkvart ilt. Men han Ola berre log daa dei slo frampaa um det. Denne gongen var det nok den som meir var, sa han, og so fekk dei endeleg vita at det var ingen ringare hell bekafanten sjølv som var i kjømdi. Han sat i stova hjaa han Hans nedpaa grannegarden og gjorde i blekk og var so morsk og rolsleg og svart, so dei torde lite seia eit ord med han. Og i kveld hadde han sagt han vilde koma hit upp og faa hus her. «Og held de daa ikkje nasa vel ifraa han, so vil ikkje eg vera dykk,» sa ‘n Ola; meir vilde han ikkje seia, sa han.

Dei var reint kaldstøkte der dei stod. Ingen av dei hadde sét bekafanten; men dei hadde høyrt tale um han so lenge dei hugsa, og visste at fælare og spelegare fant fanst ikkje. Han var so svart som ein morianar, sa folk, og naar han tykte han ikkje var svart nok, so tok han ei skaal med bek som han hadde innunder trøya og smurde seg i andlite, sa dei; det var nok endaa difor dei kalla han bekafanten. Og ill var han, so du kunde tru han vilde bita og klora folk. Sume sa endaa at han tassa og reid paa ein tamd bjørn og berre sette han etter uti skogarne, naar han gjekk heim til folk. Og raaka han paa gjætslegutar aaleine uti markjerne, so var dei ikkje altfor 105trygge for live; for han skulde nok vera sli etter folkekjøt au, sa dei. Men dette kunde no aldri vera sant, lét han Gunnar, daa dei gjekk og drøste um det etterpaa; «for me bur daa i eit kristna land og hev so nyttelegt baade med prestar og lensmenner og futar, so det kann aldri gaa fyre seg,» sa han. Men difor kunde han vera faarleg nok, veit du. Dei fekk halda seg vel undan og attanfor dei vaksne, naar han kom. Men kor faarleg han var, so vilde dei nok svært gjerne faa sjaa han au, og di lenger det leid paa dagen, di meir forvitne vart dei og gjekk berre og glytte etter han nedi vegjerne. Lenge var der ingen ting aa sjaa; men heilt fram i kveldingi var det endeleg noko som røyvde seg langt nedi skogbryne nedanfor bøarne. Det gjekk fælande seint og var lenge berre som ein skugge i halvmyrkre; men sistpaa vart det til eit heilt stort ryte som gjekk der og svinga med ein stav. Daa skyna dei det maatte vera han sjølv, lel, bekafanten. Dei var fyrst nære paa aa springa radt inn i stovorne og gjøyma seg; men daa fekk dei ingen ting sjaa naar han steig til gards, og det vilde dei naude missa. So vart dei sistpaa samde um at dei skulde staa uppi smalhusgluggen, der dei stod den gongen presten kom. Der kunde dei sjaa han so godt og 106sjaa kva stova han gjekk aat, og teikna det til noko spelegt, so kunde dei berre slaa att luka for gluggen og ha den store jarnkroken attfyre innanpaa smalhusdøri. Daa kunde han aldri brjota seg inn, kor rispande galen han var.

Han kvarv burt eit bil, med’ han gjekk upp under bakkebrote nedanfor husi; men lenge var det ikkje fyrr han kom stigande fram for budi nedi tune, og hadde dei ikkje visst det var bekafanten fyrr, so maatte dei sjaa det no. Han var lang og fillutt, so det berre slong kring han, og bar paa ein stor fillesekk paa ryggen, og paa hovude hadde han ein høg svart hatt. Og i andlite… ja reint beksvart var han ikkje, so mykje dei kunde sjaa i halvmyrkre; – «han hev kanskje ikkje smurt seg med bek plent i dag,» kviskra han Andres. Men so mykje svart var han at alle kunde sjaa det var bekafant og halvheidning.

Han hadde stogga og stod og glande ikring seg og harka og mulla med seg sjølv. Det var so rolslegt og høyra at dei krøkte seg radt ned for veggen og torde mest ikkje glytta upp. So høyrde dei det kom einkvan; det var ho Lisbet burti stova. Fanten gjekk burt og helsa paa henne med eit underlegt grovt maal, og spurde so om han kunde faa hus der med natti.

107Ja… ho saag paa han og drog noko paa det, men kunde kje seia nei heller, sidan det var so seint.

«Kvar helst er den karen ifraa… eg vil ikkje rett kjenna deg?» sa ho. Han svara ikkje eit steins ord, og det tykte dei ikkje var underlegt, gutarne; for alle maatte daa sjaa og skyna at dette var bekafanten og ingen annan. Men ho Lisbet hadde kje betre vit, ho spurde upp atter, og daa svara han so høgt og stutt at det var so det sokk atti: «Fraa Sverje!» sa han.

«Aa er du det,» sa ho Lisbet heller laagt; «ja so fær du gaa inn daa,» sa ho, og dermed so fylgde ho bekafanten inn burti gangdøri.

«Huff, at ho torer fylgja han inn aaleine; eg torde kje gaa inn um eg fekk ein dalar,» lét han Paal, han torde snaudt tala høgt enno, og det same tykte dei andre òg. Men rett lenge var det likevel ikkje fyrr dei vaaga seg ned aat bakdøri og inn i kjøken, og derfraa kom dei seg snart heilt inn i gangen og hadde augo inn i dørglytten og freista faa sjaa atti bekafanten for kvar gong ho Lisbet gjekk ut og inn. Men det var ikkje mykje dei fekk sjaa her heller. Han sat burti kraai attmed omnen og snudde ryggen mot ljose. Ingen av vaksne-kararne var komne inn enno, so han sat der reint aaleine naar ho Lisbet var utum 108døri, og daa var det ikkje til aa tenkja paa aa vaaga seg lenger. Men det vart fælande drjugt aa venta til kararne kom, og at han var so faarleg var nok ikkje fritt det lokka og drog, det òg. So var det sistpaa ikkje raad aa halda seg lenger, dei smaug inn gjenom døri attanfor stakkarne hennar Lisbet og stiltra seg burt i kraai paa andre sida, so dei kunde faa stira vel paa ‘n. Men dei stod paa sprange til aa fara ut att som gneistar, so snart han leda paa seg til noko faarlegt. – Men det var ikkje likt til at han ansa nokon ting. Han sat berre og saag beint nedfyre seg og skaut anden av og til; og hadde han sét fælsleg ut daa han var ute, so var han rett ikkje finare no i ljose. Han hadde langt og svart haar og skjegg og var rukkutt i andlite som ein gamall stuv, og i augnekrærne var han rand og rennande. Og paa eine sida hadde han ein bulk innunder fillorne, – det var vel bekskaali han hadde der.

Ho Lisbet hadde bore mat paa borde og bad han so setja seg burtaat. Han svara ingen ting, berre stauka burt til borde og til aa eta, og det slapp ein beda han tvo gongjer um; det gjekk som i ei glefsa. Dei tvo minste av gutarne freista sistpaa aa telja kor mange bit han tok; men det vart so mange at det var uraad aa halda tal paa dei. 109«Du hev vel fare vida og er kjend baade her og der du?» sa ho Lisbet, ho tykte ho laut seia eitkvart.

Aa ja, han for sin part hadde svolka gjenom sju stift, og daa maatte ein vel alltid sjaa eitkvart, sa bekafanten og var noko stuttmælt enno. Men etterkvart som han aat, var det som han kvikna til og vart meir lik hitt folkje, og daa so ho Lisbet kom med ein kopp heit kaffi til han, var det svært som han livna og blidkast upp. Han tok til aa fortelja um eit uver han hadde kome ut for ein stad han hadde fare, og det var ikkje noko morover. Det var so fælt at det bles ned tri kyrkjetaarn i eitt ras, og kaldt var det so folk og hestar mange stader stuppa daude paa vegjerne.

«Huff det var daa svære ting,» sa ho Lisbet; «men kva slag bygdelag var daa det i?» sa ho.

«I Sverje!» sa bekafanten.

«Det er nok mange leis i Sverje?» sa ho Lisbet.

«Ja,» sa bekafanten byrg; i Sverje der var det mangt og det baade av godt og av vondt. Det var soleis ikkje lenger sidan enn ifjor at nokre farkar tok seg fyre og slo i hel og røva ein baron.

«Jøss bevars!» sa ho Lisbet; «dei torte no vel aldri ta paa ein slik høg mann, veit eg?» sa ho.

110Daa laut bekafanten læ, og det var ein laatt so gutarne fekk radt ein kvekk i seg endaa ein gong; det skramla nedi halsen paa han som i ei tom tunna.

«Slike stor-karar? Jau er det fantar av rette slage, so sparer dei nok ikkje den som større er heller, dei,» sa han. «De hev vel høyrt gjete den gongen det var nokre som tok paa og vilde røva sjølve ein kongeleg prins?»

«Nei det var daa kje raad?» sa ho Lisbet; nei det hadde ho daa slett ikkje høyrt gjete fyrr.

Gutarne for sin part hadde kje heller so plent høyrt gjete dette fyrr. Dei vart so forvitne at dei vaaga seg heilt burt paa benken attmed borde og sat berre og einstirde paa bekafanten. Kor stygg ein fant han var, so høyrdest det daa ikkje ut til at han var nokon tosk til fant.

Jau, det var soleis, sa han, at prinsen var ute og kjøyrde ein dag og hadde berre eit par tenarar med seg; for han kom kje paa at det kunde vera noko aa ottast der i lande og rike hjaa hans eigen far, og det endaa tett attmed eit kongelegt slott. Men so var det nokre ulikjens karar daa som rotta seg i hop og la seg til aa gjæta paa han, daa han skulde gjenom ein liten trong dal med skog paa baae sidor; der vilde dei daa gjera eit dugelegt varp.

111«Aa ja, det var no vel ikkje berre triskillingar og fireskillingar han bar paa, den mannen,» sa ho Lisbet.

Nei det var det dei tenkte, dei au, sa bekafanten. Dei visste so mykje at slike karar aldri bar paa minder hell hundraddalarsetlar og tusunddalarsetlar i lumma. So laag dei der inni skogen paa eine sida, og med same prinsen kom var dei yver han som ulvar; tok fyrst og svimeslo dei tvo tenarane og tok so prinsen i strupen og ropa «pengarne ell’ live

«Nei hev du daa høyrt so fælt,» sa ho Lisbet og var reint forsigna.

Ja det kunde nok spøkt for mangt daa, sa bekafanten og la vegt paa kvart orde, – hadde det ikkje vore so vel laga at der var ein mann so nær attmed, so han fekk berga ‘n i tide. Og denne mannen… «Ja no er det ikkje so at eg for min part vil gjera meg til av noko-slag storverk,» sa bekafanten; men skulde han seia alt som det var, so laut han daa likevel nemna at denne mannen var ingen annan hell han sjølv. Han høvde nettupp til aa fara den vegen og hadde fenge auga paa desse travarne som gjekk der og lurde. So fekk han trast som ei mistru og stakk seg inn i skogen paa andre sida og lurde, han med. Og nett som 112farkarne ropa pengarne ell’ live, so fór han fram med revolvaren i vere – for det høvde seg so vel at han slarva og bar paa ein revolvar den dagen – og lova dei ei so nytteleg kula i skolten at dei var fegne dei kom seg derifraa og det snøgt.

«Aa du, aa du sa’n! men han vart no vel storfegjen, prinsen òg daa?» sa ho Lisbet.

Daa drog han berre paa smilen, bekafanten, og sa nokre løynlege ord um at det hadde nok ikkje vore nokon vande aa faa seg som ei liti dagløn den gongen. Men han vilde kje ein skilling ha; for dette gjorde han ikkje for løni. Han var nøgd naar han fekk takk for velgjort, sa han, og det veit du det vanta daa heller ikkje paa at han fekk.

«Ja du veit det var det mannslegaste aa taka det soleis,» sa ho Lisbet òg.

Ja! sa bekafanten byrglegt; det var nok av dei som tærde og gnog og tigga paa prinsar og kongar og vilde ha løn for allslag; men han for sin part var ikkje utav det slage at han vilde tæra paa andre, «so lenge eg med Guds hjelp kann forsyta meg sjølv,» sa han og tok like dugelege bit som fyrr. Men var det so at prinsen eller nokon annan høg mann turvte nokor hjelp av han ein gong til, so var det annleis; daa slo kje han seg undan, sa han.

113Dei hadde sete med open munn og lydt etter, gutarne, og daa han tagna att eit bil, sat dei som paa gløder og kviskra. Det var gildt nok alt dette, at det hadde blese ned tri kyrkjetaarn i Sverje, og at ein baron vart ihelslegen og prinsen berga. Men naar han visste so mykje, so var det noko anna dei kunde ha endaa meir hug til aa faa vita noko um. Det var um der var mykje med negerslavar i Sverje, og løvor og tigrar og klapperslangar, liksom i Amerekka og andre framande land. Men dei vaaga ikkje rett sjølv aa spyrja han enno. So laut han Andres sistpaa burt og kviskra til mor si og be’ henne slaa frampaa um det. Ho berre log med det same og tok so til aa bera av borde, daa bekafanten endeleg var ferdig med maten. So sette han seg burt til omnen att og vermde seg godt og kveikte pipa si, og daa hadde ho endeleg vit til aa koma med det ho skulde spyrja um. Daa log han ein gong til og var komen so i godmøle at han blinka blidslegt jamvel burt til gutungarne; det var som han skyna det helst var dei som vilde faa vita um dette.

Nei, sa han, var det negerslavar dei spurde um, so kunde han berre seia at det slage hadde dei ikkje noko av i Sverje, og det turvte dei ikkje heller; for hjaa patronarne og greivarne der 114hadde dei nok av folk som var negrar nok fyrr der. Men var det klapperslangar dei spurde um, so kunde han seia at dei hadde havt i minsto ein av dei, og av den hadde dei fenge so nok at dei visst ikkje lysta paa meir paa eit heilt bil. Det kunde nok han fortelja um, sa han; for det høvde seg so løgje, at han hadde havt litetær aa gjera med den au, han.

«Nei koss var det daa med den?» sa ho Lisbet og fór til aa verta mest likso forviti som sjølve gutarne.

Jau, sa bekafanten, det var burti Stokholms by, der hadde dei naa alt det som stort var, baade kongelege slott og store gilde hus av alle slag. Og uppi utkanten paa byen, der hadde dei ein stor hage full med ville og fæle dyr som dei hadde i bur og gjekk og saag paa um sundagarne. Der var løvor og der var kamelar og giraffar og elefantar og allslag andre medskapningar. Men meir vil meir, som ein sa for eit gamalt ord, og so tykte dei ikkje endaa dei hadde nok med alt dette. Dei sytest ikkje dei var bestandige i Stokholm fyrr dei hadde fenge seg ein klapperslangje au til aa ha i eit bur og glaapa paa um sundagarne. Men nokon slik slangje var kje aa finna anna hell i Amerekka, og so sende dei tvo greivar og ein baron av stad 115med eit stort krigssjep etter ein klapperslangje; for dei fór ikkje med smaakrusling i Sverje, naar dei fyrst fór med det, sa han. Ja so kom dei seg yver have og langt inn i lande radt til Kalifornia, dessa kararne, og gjekk der og jagta etter klapperslangar baade lenge og vel. Og sistpaa so var dei so hepne dei fekk taka ein i ei snaara av kabellinor og fekk han inn i eit svært jarnbur som dei hadde med. So tok dei han paa railvayen til Njujork og fekk han ut paa krigssjepe og tok so seilasen heim att med han. Og du skulde sét paa staak i Stokholm den dagen dei kom med han. Um det so hadde vore ein konge, ell’ um du no sa ei kongeleg prinsessa, so kunde der ikkje vore meir folk nedpaa bryggjorne. Alle so vilde dei sjaa og bisna paa dette undere. So fekk dei bure og ormen upp paa ei svær kjerra og kjøyrde han upp gjenom byen av aat dyrehagen. Og sidan um dagarne var all byen upp og kika inn millom spilrorne og saag paa dette fæle trolle som laag der; han var paa tjukn som ein kar og vel so det, og so lang at han laag i svære bugter og kveilar. Og naar han vart sinna var det so det gneistra i augo hans og bura og brylla langt inni han. Men det log folk berre aat; for dei visste at han aldri kunde brjota av dei tjukke jarnstengerne og koma seg ut.

116«Huff daa,» sa ho Lisbet, «var det ikkje synd slikt, aa fara soleis aat med ein livandes skapning?» sa ho.

«Synd ja! det var just dæ det var!» sa bekafanten og la neven tungt i stolen. For kvar stod det i skrifterne og bibelen, at menneskje skulde fara soleis med ein umælandes slangje? sa han.

Nei, ho for sin part vilde kje seia ho var so spræk i skrifterne, sa ho Lisbet; men ho spaadde daa likevel at der stod ikkje slikt.

Nei det kunde ho nok sverja trygt paa, lét bekafanten, og so kunde dei ikkje venta anna hell at det drog straffi yver seg. Og den fekk dei, so dei fekk hugsa det. Det gjekk soleis til at der var ein slark til kar burti Sverje, rett ein fant, um ein so stygt skulde seia. Han gjekk der og trudde han var slik ein svær kar, og snikte og søkte etter allslag høge embætte; han vilde verta baade kappelan og kafteidn. Men dei saag seg kje syn med aa gjera han til noko-slag, for dei visste han var kje tess til so mykje som aa vera fangefut. Men sjølv trudde han dei gjorde han æveleg urett, og so svor han at han skulde hemna seg, so dei skulde faa kjenna det alt fraa kongsslotte og ned til torgkjeringarne. Og det heldt han. For ei natt det var kolende myrkt og heile byen laag og 117sov og ikkje drøymde um vondt, so tok han seg ei stor fil og lurde seg upp aat dyrehagen og filte av tvo av stengerne i bure til klapperslangjen. So rømde han sin veg lukst or lande, og ormen han rende ut med ein gong, som venteleg var.

«Nei du seier daa kje det! men kva sa dei, daa dei no fekk sjaa det?» sa ho Lisbet; det fór til aa verta reint uhuglget aa høyra paa no.

Kva dei sa? jau det var vaktarane som fyrst saag det, og dei kunde fyrst ikkje seia eit einaste ord, dei stod der som svimeslegne av rædsel. So tok dei til aa leita som galne folk kringum i all dyrehagen, men ingen orm var aa finna. Dei laut springa og melda det til politie; men politie hadde kje sét nokon ting og visste kje raad til aa finna han; dei var berre so rædde so dei kjende seg kje, dei òg. So laut dei senda bod radt upp til kongen paa slotte daa og spyrja koss dei skulde fara aat med detteher, og han vart naa ikkje minder forsigna og forstøkt. «Skulde du høyrt paa so gale!» sa han. «Eg skulde endaa aldri drøst um det, hadde det vore dei forgiftige franske firførlorne og skrubbtussarne dei hadde toska til aa sleppa ut; ell’ um det hadde vore dei kongelege tigerkattarne, dei som eg fekk til forærings av kongen i Engeland,» sa ‘n, «endaa 118dei kann vera spelege nok dei au. Men klapperslangjen, klapperslangjen!» Han kunde kje seia meir, so for-idla tykte han det var, og han visste kje meir raad og furda han hell nokon annan. Han berre befalte det, at dei skulde stengja vel att alle portar og dører og gluggar paa slotte, so dei ikkje skulde faa denne utimeskapen inn der, og det gjorde dei paa stikke timen; for dei laut alle sjaa til aa berga seg sjølv no, so godt dei kunde. Og var dei rædde uppaa slotte, so kann du vita koss det var nedi byen hjaa folkje. Det hadde snart spreidt seg som elden i turre grase at klapperslangjen var laus, og um det hadde vore paa verdsens siste tider, so kunde dei visst ikkje vore stort meir skræmde. Ingen hadde sét han enno; men han kunde vera alle stader for det dei visste, og ingen kunde vera trygg for live lenger. Han kunde skjota fram som eit ljon og drepa ned dei fyrste han raaka; for ein fullvaksen klapperslangje rann so fort at han kunde kappast med ein hest. Folk laup inn i husi og stengde seg inne alle stader, og dei som ikkje kunde koma heim til seg sjølv, sprang inn hjaa framande folk og bad i Guds namn um dei maatte faa vera der. Kjøpmennerne stengde buderne sine, og apetikkarane og høkkertarne og alle andre som eit utsal hadde, so stengde dei med bolt og jarn. 119So visste dei ikkje onnor raad daa, politiarne, dei tok nokre av dei fæle blodhundarne uppi dyrehagen og slepte dei lause nedi byen; dei vilde sjaa um ikkje dei kunde finna ormen og faa tyna han. Men hadde det vore fælslegt fyrr, so var det no fyrsta det vart ti gongjer verre. For blodhundarne kjende trast paa seg at det var noko gale. Daa vart dei so rædde, dei òg, at dei tok til aa yla og tuta og sprang heile byen ikring som ei fæl ulveskreid, med halarne millom bakføterne. Og daa løvorne og kamelarne og giraffarne uppi dyrehagen høyrde det, so tok dei til aa brylla og svara inni buri sine, so du skulde aldri i di tid høyrt noko so rolslegt. Politimennerne var glade dei sistpaa fekk lokka blodhundarne inn i buri deira att, og daa torde dei ikkje lenger vera ute sjølve heller; dei var fegne dei kom seg innum dørerne uppi raadstova. Skulde nokon vaaga seg ut no, so maatte dei kjøyra i lukte vogner, og ikkje ein gong det var greidt; for klapperslangjen kunde snart koma og slaa seg kring hestarne, og daa sat dei der. Folk laut sistpaa berre ropa fraa det eine vindauga til det andre, naar dei skulde faa tala nokre ord med einannan. Og alt med dei sat der som dei skalv, so gjekk det den eine skrynja verre hell den andre kring byen. Ein stad skulde 120ormen vore framme og stukke i hel ein matros og ein stad ein liten gut, og ein stad skulde han endaa hogge burt i ei fin madam, sa dei …

«Nei d’er daa kje raad… ei fin madam òg!» sa ho Lisbet, ho hadde slept bundingi ned i fange og sat berre og lydde paa; og gutungarne hadde sistpaa vaaga seg tett burt til bekafanten og sat der so forvitne at dei mest ikkje kjende seg.

«Ja,» sa han, «han gjorde nok ikkje forskjel paa folk, den karen. Fekk han løst til aa hakka burt i ei madam, so maa du tru han sparde kje, og fekk han hugen paa aa taka ein simpel mann, so gjorde han dæ, der var kje pardon ell’ mannamun der. Men ingen kunde vita kva som sant var, det var berre fæle gysjor.»

«Men koss i Guds namn vart det daa ei berging?» spurde ho Lisbet.

Ja, sa bekafanten og skaut anden, det kunde ein nok spyrja um, ja. Han for sin part var ikkje ein gong i byen daa nettupp, han var hjaa ein mann utpaa landsbygdi og grov og arbeidde for sitt brød som han var van. Men det var ikkje lenge fyrr det spurdest der òg kor ille det stod til inni byen. Daa skyna han trast det, sa han, at her hjelpte det korkje med byrsor og kanonor ell’ med sverd og med staal. Det maatte hardare lut 121til her. Skulde dei faa live av dette styggebeiste, so skyna han det fanst ikkje anna som hjelpte hell den tiduble forgiften. Det var eit slag forgift som dei laga soleis at dei tok av alle dei pulver og allslag sterke dropar og balsam som fanst paa apetikke og koka det i hop til ei einaste surpa; daa vart det so ilt at det var ferdigt til aa taka live av folk berre dei anda i seg røyken av det. Men det var ikkje sagt dei hadde so plent greida paa dette inni byen. So tenkte han med seg daa, at her var det ikkje tid til aa tenkja paa si eigi maklegheit. Her laut den sjaa til aa hjelpa som hjelpa kunde, so sant det fanst raad. So gjekk han upp til husbonden, – det var endaa ein baron, sa ‘n – og bad so fint onskylla um han maatte kje faa skofta so mykje som ein halv dag, han hadde ei ærend inn til byen, sa ‘n. Jau so fekk han daa det, og av stad tok han, alt det reimarne heldt. Han vaaga seg inn i utkanten paa byen og tæpa seg fram til det fyrste apetikke han kunde finna og banka paa døri. Fyrst svara dei ikkje meir hell steinen innanfor, dei trudde visst det var klapperslangjen som var der og ripa med tennerne. Men sistpaa var det so mykje han høyrde det lét i apetikkaren. Han ropa daa inn og sa kva han vilde, og dei vaaga so vidt aa sleppa han inn gjenom 122dørglytten. So fann dei seg ei stor gryta, han og apetikkaren, og til aa salpa og koka den tiduble forgiften; og det gjorde dei so nyttelegt at det brende i fingergumarne berre dei heldt i tvaara og rørde. Daa det var gjort, fann dei seg ein lang staur og sette ein jarnpigg i enden paa ‘n, og den smurde dei inn med forgift so tjukt som det vilde hanga paa. Kunde dei daa berre faa stikka klapperslangjen med den, so skulde han vera feig um han hadde tri liv, so-maata til sterkt var det.

Ja, so kom han seg ut att daa med dette spjote, sa bekafanten, og til aa sjaa etter slangjen, og underlegare hell det var i byen den dagen skulde du aldri sét. Han kunde gaa gata upp og gata ned og saag ikkje kræke til folk ute; dei sat berre uppi alle glasi og stirde og var forstøkte paa han som torde vera ute. Og ikkje var det mange politiarne aa koma ut for hell’ den dagen, sa han og laut læ berre han tenkte paa det. Dei kom rett ikkje og nappa folk burt i armekrikarne og spurde um dei vilde vera med og gjera ein sving paa raadstova. Nei menn gjorde dei ei! Dei hadde nok med aa sitja skjelva uppi raadstove-svaalerne sjølve i dag, kararne. Soleis rusla han daa burtetter heile Kongensgata og Dronningensgata og Prinsegatorne, og derifraa tok han ein sving upp i Hertugsbakken 123og Baronskrokarne og kom sistpaa heilt ned til Greivens plass, sa ‘n.

«Du aa du, det var daa kje husmannsgator det!» sa ho Lisbet.

Nei! sa bekafanten, dei fór ikkje med aa ha gator som heitte Strandgadaa og Smørsmoje i Sverje, sa han; for det var stort i Sverje. Men enno so hadde han korkje høyrt ell’ sét noko til klapperslangen, og daa var det ikkje fritt anna han fór til aa verta forsigna daa. Men daa han hadde gjenge eit stykke til og fór og sveika burti Patronskrokarne, daa var det med eitt som han kjende ein underleg styng paa seg, og han skyna med ein gong kva det var. Og daa var det ikkje til aa seia at han kjende seg altfor høg, der han gjekk, – det var slett ikkje verdt aa fara med skrøyt ell’ store ord, sa han. Det var best aa halda seg til sanningi, soleis som hans vis alltid var. Det var daa ikkje annleis enn at han fekk skjelven baade i kneledarne og henderne; for ein klapperslangje var no ein gong ein klapperslangje. «Eg freista nok aa lesa som eit fadervaar au,» sa ‘n, «og eit par bibelord som eg kunde slumpa til aa hugsa att av barnelærdomen; men eg vil ikkje seia det var mykje korkje med andagten ell’ med ettertanken den gongen.» Men so tenkte han med seg at det var ein heil by det 124galdt um aa berga; no laut han vera ein grand modig, um han aldri hadde vore det fyrr. So steig han lenger inn gjenom smogi og heldt spjote høgt i vere. Og daa… best som det var… det fræste og æste innunder eit hus, og ut gjenom eit hol i muren stod det som eld og gloande loge fraa tvo fæle augo. Og um det hadde vore ein ljoneld, so kunde det ikkje fare med fælare fart hell som slangjen no rende ut. Men daa fekk han seg med det same eit so dugelegt stikk i snuten av spjote at det berre bura i han. Han slo nokre bugter og krokar paa seg, og dermed so laag han stokkdaud paa flekken. Der laag daa han …

«Aa du store tid!» sa ho Lisbet. «Ja daa vart det no vel som ei gleda paa folkje òg daa?»

«Ja,» sa bekafanten og smilte og var nøgd med seg sjølv attpaa; «det var rett so dei krak ut or husi att daa, og slik gleda hadde det nok ikkje vore kvar dagen. Det var reint som ein stor fest. So fekk dei ormen upp paa ei stor kjerra og draska upp aat dyrehagen med han, og der kveikte dei upp eit overhendig stort baal og brende han upp; dei vilde kje sjaa so mykje som hamen att av han. Og so mykje folk som der var samla og saag paa, skulde du heller ikkje ofte sjaa paa ein stad. Var det ikkje yver tretti tusund, so var det daa slett 125ikkje under. Og endaa same dagen gav kongen ut ei ny lov og sette straff paa live for kvar den som fordrista seg til aa føra fleire klappersormar inn i Sverje: «for den u-tveieskapen,» skreiv kongen, «den hev me daa havt nok av naa.»

«Nei enn alt det her er!» sa ho Lisbet attpaa, daa bekafanten heldt upp. «Men koss’n var det no, du maatte no vel faa litegrand baade takk og løn for dette?» sa ho.

Aa, sa bekafanten, det var nok baade ein og hin som spurde etter han daa ja og kunde unt han litegrand. Tok han ikkje reint i mist, so var det nok spurlag etter han fraa sjølve det kongelege slotte. Men han hadde alltid havt dæ i seg, han for sin part, sa han, at han ikkje lika aa koma altfor mykje ut for folkeaugo og verta kytt av. Og han var heller ikkje soleis klædd plent daa, at han tykte det høvde aa koma upp millom folk som var altfor mykje yver hans stand, sa ‘n. Han hadde laupe av stad i svarte arbeidsklæde og svart paa nevarne som han var; for det var anna aa gjera daa hell aa tenkja paa beste-dressen; han hadde kje ein gong gjeve seg tid til aa hiva paa seg den nye fine frakkjen sin som han alltid gjekk med naar han vaanka i store byar. So heldt han seg berre undan daa og smaug seg ut or folkehopen, 126og dermed so strauk han beint heim att paa lande og tok til aa arbeida hjaa baronen som fyrr. Og slikt som dette gjorde ein daa heller ikkje for løni, ein fekk vera glad naar ein berre kunde hjelpa folkje, sa han og rette seg upp og saug paa pipa si.

Dette svara ho ikkje noko paa, ho Lisbet; ho berre saag litegrand burt paa fillorne hans. Men gutarne var reint arge der dei sat; for dette var daa aa gjera seg altfor snild. Han kunde daa sagta teke imot nokre tusund dalar av kongen sjølv um ikkje anna, tykte dei.

Vaksne-kararne hadde kome inn, alt med bekafanten fortalde slutten av soga si, og dei tykte òg at dette var svært til storverk. Dei gav han baade joleøl og dram attpaa, og daa fekk dei høyra so mykje anna baade fraa Sverike og fraa andre land og rike, at dei visst aldri hadde høyrt so mykje paa ein gong. For han hadde høvt til aa ferdast noko kvar stad og sét vonom meir, bekafanten, naar han fyrst vilde upp med det. – Daa dei tvo gutarne fraa andre stova endeleg maatte koma seg heim langt fram paa kvelden, var dei øre og fælne, so dei mest ikkje torde gaa yver tune; det var som dei saag hovud og sprælar av klappersormar burti alle fjos-svaalerne og under stabure.

127– Um morgonen etterpaa var bekafanten seint uppe, og daa var han still og tagall att, liksom han skulde gaa og gruvla paa allslag underlege løyndomar. Men dei var ikkje det slag rædde han no, gutarne. Dei stod og saag etter han, daa han gjekk og stava seg utetter snøbrauti, og slepte han ikkje or augo fyrr han kvarv burt uppi skogbryne. Daa var dei visse paa eitt, og det var at folk maatte vera fæle til at tala ilt og ljuga paa bekafanten. Ein mann som han kunde aldri vera speleg korkje for gjætslegutar eller andre, og dei kunde heller ikkje lenger tru paa dette med bjørnen han reid paa, eller bekskaali som han smurde seg or.

«Det kunde likso godt vera ein stor pengepung det han bar paa innunder trøya,» sa ‘n Andres.

«Ja,» sa han Gunnar òg; «for ein lyt no seia at bekafanten ikkje er nokon mêls fant; ein maa no helst rekna han millom dei likaste,» sa ‘n, og det tykte dei alle fire. Det var i grunnen ein bra fant, den bekafanten.

Boken er utgitt av bokselskap.no

Last ned

Last ned hele boken til mobil/nettbrett i .epub-format eller som .mobi.
Du kan også skrive ut boken som .pdf eller html.

Om Kvitebjørnen

Kvitebjørnen ble utgitt i 1906 og er en oppfølger til Det store nashorne fra 1900. Boken inneholder ni mer eller mindre frittstående fortellinger om fire gutter: Paal og Kolbein «fraa aust i stova» og Gunnar og Andres «fraa vest i stova». De fire vennene har god fantasi og leken er gjerne inspirert av det de har lest om i eventyrsamlinger og tidsskrifter som «Vaarblomsten. Ugeblad for Børn og Ungdom».

Se faksimiler av førsteutgaven fra 1906 (nb.no)

Les mer..

Om Rasmus Løland

Rasmus Løland er i dag mest kjent for sine barnefortellinger, som Paa sjølvstyr (1892), Det store nashorne (1900) og Kvitebjørnen (1906). Han regnes for en av våre beste barnebokforfattere.

Les mer..

Faksimiler

For denne boken finnes det også faksimiler tilgjengelig:

Del boken

Tips dine venner om denne boken!

Del på Twitter
Del på Facebook

Gå ikke glipp av ett eneste ord.

Fyll ut e-posten din under så vi kan varsle deg når nye verk publiseres.